Nærmar seg trekning av basarbøkene
Postet av Atle Jomar Hole den 10. Des 2024

Trekninga finn stad sundag 15. desember – du kan enno kjøpe lodd
Er du seint ute med julegåvene dine kan du krysse fingrane for at du vinn i denne trekninga. Her er mykje gildt å vinne. Gåvekort frå kunstnarane Solveig Hopland og Myriam Van Wunsel. Vidare gåvekort frå Holmbergs Gartneri, Nærbutikken Velledalen og Gardskjøkkenet. Eller kanskje to gåvekort på januar-trening hos FunkFit Sykkylven passar betre like etter jul. Varm vinterjakke og Velledalen IL si klubbjakke er mellom vinstane, det same er ei strikka barnejakke. Du kan vinne ikkje mindre enn to strikkaputer, herrevottar og damevottar. Dei som vinn spletet «Fantasi» veit kva dei har å gjere i jula. Gratis deltaking i Konradløpet inkludert frukost vil vere ei glede å vinne for mange, eit mareritt for andre. Vidare har vi eit par gode vintersokkar gjeve av ein utstillar under Førjulsmessa, og vi trekkjer to t-skjorter av typen som ligg ved saka.
VIPPS TIL 562576 og vi skriv deg inn i boka.
Har du ikkje VIPPS så kontakt Henning Tandstad eller Ann-Helen Hole
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025