Nyttårsmaraton, 10 km: Frode og Jone delte 5.plassen

Postet av Atle Jomar Hole den 30. Des 2024

 

Jone er nykonfirmert, Frode har passert 50. Begge noterte 41.32 på mila i Ålesund

 

Velledalen IL hadde med to av 33 fullførande deltakarar under Nyttårsmaratonet sitt milløp. Begge kom inn på tida 41.32 som heldt til klassesigrar både for Jone Schmidt Breivik (M 14-15) og Frode Mauren (M 50-54). Flott levert av begge!

 

Her er resultatlista for dei 10 beste uansett klasse,

10 km Nyttårsmaraton Ålesund 2024 (29.des):

  1. Marius Remøy, Herøy Dykkerklubb, 38.26
  2. Kristian Kleiveland, Spjelkavik IL, 39.02
  3. Eivind Hurvenes, Smellen LK, 39.12
  4. Frithjof Storås Austigard, Norddal IL, 40.59
  5. Jone Schmidt Breivik, Velledalen IL/ Jaktevika Tinderangling, 41.32
  6. Frode Mauren, Velledalen IL, 41.32
  7. Harald Nilsen, Bergen, 44.46
  8. Johan Rørvik Godø, Godøy IL, 47.48
  9. Sigbjørn Hoel, Ålesund, 48.30
  10. Celine Kormeseth-Rødal, Trondheim, 52.30 (beste kvinne)

 

Her ser vi at ei handfull VIL-kvinner kunne teke bestetida mellom kvinnene om dei hadde mønstra til start. Velledalen IL hadde med tolv deltakarar i Ålesund, alle menn.

 

Strava-kommentarar:

Jone:

  • Nyttårsmaraton 2024, tid 10 km: 41.32 (ny pers). Klarte å kødde med et kvart me gps-en når ej sku lagre aktiviteten.

 

Frode:

  • I vinterform for tida og vanskelig å holde tempo, beina vil bare ikke. 10 ganske behagelige km da.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.