«Sjølvdisiplin-prisen» til Bjørn Arve Brune
Postet av Atle Jomar Hole den 2. Jan 2025
Kjempesesong gav pris for sjølvdisiplin til Bjørn Arve.
Etter han fekk kurert skaden frå Valderløpet, har Bjørn Arve Brune hatt ein framifrå sesong. Mellom anna er han Velledalen IL sin einaste KM-vinnar på halvmaraton i 2024. Bjørn Arve har reist ganske så mykje i samband med løp. Såleis har han overnatta på hotell både i Oslo og Valencia (og sikkert andre stadar) siste året. Det har tvillaust sin sjarm, men somme tider kostar det kanskje meir enn det smakar. For utøvarar av Velledalen IL byr av og til høvet seg til å smake på «alternative overnattingar», som meir tenderer opp mot eit liv som uteliggar.
Uansett, under Hytteplanmila overnatta Bjørn Arve i bilen natta før løpet. Løpet gjekk godt. Han leverte framifrå, anna kan ein ikkje seie om åttande plass under NM landevegsløp klasse M 60-64. Fattige fire sekund bak 6.plassen.
Rett etter målkomst denne laurdag ettermiddagen, sette Bjørn Arve seg i bilen. Han køyrde strake veg heim til Stranda, dit han kom tidleg på natta. Morgonen etter møtte han til trening i regi av friidrettsleiar Bøe med fylgje. «Menyen» der var to rundar rundt Fetvatnet.
Det er vel slikt ein kallar sjølvdisiplin…..??
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025