Telenor/Fjellsætercup 26.januar også AVLYST
Postet av Atle Jomar Hole den 23. Jan 2025
I fylgje vêrprognosane vil ikkje forholda bli betre til helga.
Langrennsleiar i Velledalen IL, Svein Arne Nakken, seier til VIL-Nett at heller ikkje 1.rennet i Telenor/Fjellsætercup sundag 26.januar let seg gjennomføre.
- Beklageleg, men vi rår ikkje over vêr og føre. Det er meldt store mengder regn dagen før rennet, laurdag 25.januar.
- Dermed vert det avlysing, og på noverande tidspunkt er det usikkert om rennet vert arrangert seinare i sesongen.
Nakken seier at ein lyt prøve å gjennomføre renn for renn etter den oppsette planen, og at ein kjem tilbake til lagnaden til renn to i cupen neste veke.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025