3600 grasrotkroner til klubbkassa i januar
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Feb 2025
Stor takk til 98 givarar!
Velledalen IL gjekk inn i året 2025 med 100 grasrotgivarar. Vi går ut med 98, etter å ha vore oppe i 101 midt i månaden. Stor takk til alle desse for eit bidrag til klubbdrifta på 3600 kroner i januar 2025. Faktisk den høgaste summen laget har hatt inn sidan juli 2022. Januar 2024 gav til samanlikning 2961 kroner.
Anten ein sit i hovudstyret, ulike gruppestyre, deltek i laget sin Idrettsskule, på sirkeltrening eller andre treningar, er medlem i laget (inkludert dei som reknar seg som berre støttemedlem), er dette ein fin måte å støtte laget på. Og det gjeld sjølvsagt i høgste grad våre mange aktive, som vi veit er flike på området. Snittet per givar i januar ligg i området 35-40 kroner per givar (7 prosent av tippeinnsatsen), men samla vert det ein fin sum.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025