Fin innsats av Olav Brunstad i Stenfjellrunden
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Feb 2025
Vart nummer fire i klasse M 70-74 år på tida 3.44.04
Olav gjekk lengste løypa på kring 42,5 kilometer. Altså eit maratonløp i lengde. Rennet hadde eit kortare alternativ, men dei klart fleste av dei kring 500 påmelde gjekk lengste løypa.
Olav vart altså nummer fire i klasse M 70-74 på tida 3.44.04. Klassevinnar vart Per Solbakken, Lillehammer Skiklubb, på tida 2.32.12.
Rennet sin totalvinnar, Henning Lie, Vang Skiløperforening, brukte 1.51.18. Beste kvinne, Maren Engeskaug Nielsen, Team Kaffebryggeriet Driv, kom inn på 2.05.25.
Så vidt vi veit vart Olav Brunstad med dette fyrstemann som representerte Velledalen IL i skirenn i året 2025 – gratulerer!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025