Dobbel veteran-siger på Hareid
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Feb 2025
Bjørn Arve Brune og Eldar Sindre Valkvæ vart begge klassevinnarar.
Siste løpet i Vinterkarusellen på Hareid – Grimstadvatnet Rundt - vart arrangert sist laurdag. Startfeltet talde 15 kvinner og 28 menn. I tillegg deltok 16 born i Miniutgåva av løpet. Beste herretid fekk vi av norsk-amerikanaren, Bjørn Sether Wastvedt, med tida 25.23. Han var 28 sekund føre heimeløparen, Henrik Holstad. Beste kvinne vart Birgitte Kvalsvik på tida 32.11
Våre to gjorde det slik:
M 60-64:
- Bjørn Arve Brune, Velledalen IL, 34.59
M 65-69:
- Eldar Sindre Valkvæ, Velledalen IL, 35.13
- Odd Elvanes, Hareid IL, 35.47
Bjørn Arve Brune vart samanlagtvinnar i klasse M 60-64 med 30 poeng etter tre løp
Eldar Sindre deltok berre i siste løpet av karusellen.
Det er å håpe at Velledalen IL kan stille med litt fleire løparar i neste karusell, som startar opp i november 2025.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025