Fellestrening løp: Roleg langtur på sundag
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Feb 2025
Sju menn deltok denne gongen.
Kjekt at ganske mange løparar deltek på fellestreningane. I tillegg trenar ganske mange langrenn denne tida av året. Deltakarane på fellestreninga sist sundag var:
Robin Jørgensen
Frank Andersen
Alastair Brunton
Stian Hole
Per Inge Bjørnestad
Alf Petter Bøe
Bjørn Arve Brune
Komande laurdag stiller VIL ein fin tropp i Fremmerholen (Ålesund) der 4.løpet i Vinterkarusellen vert arrangert. Distansane er som vanleg valfritt 5 km eller 10 km. Start klokka 14.00.
Hittil denne sesongen er det berre menn som har konkurrert for Velledalen IL, men komande helg både trur og håper vi, at vi også skal ha med kvinne-deltaking.
Friidrettsleiar Bøe melder at etter løpet, ja, då er alle VIL-utøvarar velkomne til sosial samling på Milano, Spjelkavika.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025