Barnas Fjellsæterrunde utsett

    Postet av Atle Jomar Hole den 13. Feb 2025

     

    Var terminfesta til sundag 16.februar – utsett til snøforholda betrar seg.

     

    Hittil har alle renn i den lokale langrennscupen fått ein mørk lagnad. Dette gjeld også Barnas Fjellsæterrunde, terminfesta til sundag 16.februar.

     

    Svein Nakken , leiar i Velledalen IL langrenn, opplyser at skifolket har hatt møte. Han seier fylgjande til Velledalen IL si nettside:

    • Den vanleg traséen rundt Sætrevatnet er uråd å bruke. Vi kunne greitt eit arrangement i lysløypa, om vi berre brukte den. Men sidan svært små born plar delta, og forholda i lysløypa er knallharde med særdeles stor fart i unnakøyringane, har vi funne det rett å vente med arrangementet til det kjem meir snø. Før eller seinare vil den kome.
    • Det tredje cuprennet, terminfesta til laurdag 22.februar, vil bli arrangert så sant forholda i lysløypa tillet det.

     


    Kommentarer

    Logg inn for å skrive en kommentar.