FURUSJØEN RUNDT:
Postet av Atle Jomar Hole den 13. Feb 2025

Dette er eit turlangrenn på Kvamsfjellet i Gudbrandsdalen, arrangert laurdag 15.februar. Her stiller Fridtjof Fredriksen (Velledalen IL) og Geir Verpeide (Stranda IL) til start i hovudrennet. Irene Mork deltek i den noko kortare trimutgåva av rennet. Ein skal ikkje sjå heilt vekk frå at andre lokale løparar kan stille til start. Rennet tel som seedingsrenn til større renn som Birken og Vasaloppet. Langrennsleiaren i Velledalen IL har mange deltakingar bak seg rundt Furusjøen, men i år vert det treningshelg med base i Lillehammer i staden for startnummer på brystkassa.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025