Konradnytt – smånytt hovudløpet og MiniKonrad
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Apr 2025
Godt under fire veker til hovudløpet (1.mai), tre veker til MiniKonrad (27.april).
- Merk at MiniKonrad vert arrangert på ettermiddagen sundag 27.april. Påmelding før start løpsdagen frå klokka 15.30.
- MiniKonrad vert i år arrangert for 17.gong, med fyrste start klokka 16.30 (årsklassene 2020-2025). Alle vert premierte.
- Startkontingent kr 100 per deltakar – rabatt ved tre eller fleire born. Korte løyper. Inga tidtaking for to yngste felta.
- Base for MiniKonrad er Velledalen Grendahus med god tilgang på toalett. Sal av mat og drikke til gunstig pris.
- Hovudløpet vert arrangert 1.mai med start frå Brunstad klokka 05.15 (ferje Magerholm 04.20).
Påmeldinga godt i gjenge. I skrivande stund 44 påmelde, 29,5 prosent av desse er kvinner.
Ser vi på topp-3 kvinner/menn i 2024 er berre 1 av 6 påmelde hittil.
8 utøvarar er kvalifiserte til 20 års premie om dei stiller i år. 3 av desse er påmelde.
- Gratis deltaking til alle som heiter Konrad som føre-eller mellomnamn, og alle over 90 år.
- Eldste kvinne som har fullført Konradløpet er Kjellaug Ulset (90) og eldste mann Tomas Tandstad (91).
- Stemnekontor for hovudløpet vert i Velledalen Grendahus 30.april i tidsrommet 17.30-20.00 Løpsmorgonen før start vert stemnekontoret flytta til Nærbutikkken si kaféavdeling (Brunstad).
- Løpsdagen før start vert det toalett i Velledalen Bedehus, også Nærbutikken sitt toalett like ved start vert tilgjengeleg.
- Etter løpet vert det frukost i Velledalen Grendahus, premieutdeling og lett underhaldning. Trekning av hovudpremie mellom alle startande.
- PÅMELDING:
- Bruk linken: https://konrad.satli.net (liken kjem av seg sjølv om du skriv «påmelding konradløpet»)
- Melding til 901 62 279 – eller e-post: alf.petter.boe@icloud.com
- Melding til 917 43 761 – eller e-post: atlehole@online.no
NB Diverre er det ein tendens til at fleire og fleire dryger med påmeldinga. Altfor mange melder seg ikkje på før siste kveld, eller same morgon som løpet går. Problemet for arrangøren er at då har toget gått med omsyn til å handle inn/ justere handelen med omsyn til frukosten. Tenk litt på det – Meld deg på tidleg, ingen betalar noko som helst før henting av startnummer.
Velledalen IL ynskjer store og små hjarteleg velkomne til MiniKonrad/Konradløpet 2025!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Lervåg over heile fjøla i skogsvegen Drabløs
07.04.2025

Klubbrekord på 10 km av Constantin
07.04.2025

Sterke VIL-veteranar i Atlanterhavsløpet
06.04.2025

Espen 2.33.39 under maraton-trening i Bergen
06.04.2025

Andreas sprang Campus-løpet i Ålesund
06.04.2025