Velkomen til MiniKonrad – løpsmønstring i Velledalen
Postet av Atle Jomar Hole den 27. Apr 2025
MiniKonrad er for born i alderen 0-16 år, korte løyper og premie til ALLE.
Velledalen IL arrangerer kvart år Konradløpa. Ei tredelt tilskiping med desse løpa:
- PåskeKonrad
- MiniKonrad
- Konradløpet – også kalla hovudløpet.
Men i dag, 27. april, er det altså MiniKonrad som står på plakaten, med Velledalen grendahus som base. Her skjer påmelding, her finn ein toalett, her er det kafé, og her kan ein dusje om nokon føler ein treng det. Og her får utøvarane premien sin.
TIDSSKJEMA FOR MINIKONRAD, 27.APRIL 2025:
15.30: Påmelding frå dette tidspunkt i vestibyla Velledalen grendahus
16.30: Start årsklasse 2020 – 2025, inga tidtaking, ca 400 meter
16.55: Start årsklasse 2015 – 2019, inga tidtaking, ca 750 meter
17.15: Start årsklasse 2009 -2014. Tidtaking, ca 750 meter
Open kafé frå ca 15.30 Startkontingent kr 100,- per deltakar. Tre for 250,- Saft og premie til alle etter løpet. Gratis perkering!
Ver ute i god tid!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025