10 km på Vartdal enda slik
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Mai 2025
Tre VIL-løparar sprang 10 km på Vartdal. Det gjekk slik:
Velledalen IL hadde med Alf Petter Bøe, Frank Andersen og Frode Mauren på distansen over 10 km. Frank og Frode starta i fremste line, Alf Petter la seg bakerst frå start. Og med ein skade-kjenning i bagasjen gjekk det som det nesten måtte gå for friidrettsleiar Bøe. Alt etter eit par kilometer var han i «sjakk», og eit par kilometer seinare i «matt». Bøfjordingen kom såleis spasserande mot mål, men slo om til jogg for syns skuld dei siste meterane. Av ein eller anna grunn sette arrangørane DNS bak namnet hans, noko som altså er feil. Truleg er ikkje Alf Petter konkurransedyktig på denne sida av fellesferien, med mindre nokon kan yte han særdeles god pleie
Frode Mauren leverte eit solid milløp. Resultat M 50-54:
- Kristian Nedregård, Ålesund, 35.18
- Frode Mauren, Velledalen IL, 40.06
- Ludvig With, Ålesundsløpene, 44.06
- Stig Helland, Folkestad IL, 47.06
- Are Brautaset, Barstadvik, 56.10
Frank Andersen har hatt formidabel framgang siste året. Resultat M 35-39:
- Espen Øverås Thalberg, Ålesund 42.58
- Frank Andersen, Velledalen IL, 45.00
- Remi André Hauge, Dimna IL, 47.26
- Per Magnus Sandsmark, Håvoll IL, 54.43
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025