Komande helg: Frå Sørestrandmila til løp for psykisk helse
Postet av Atle Jomar Hole den 26. Mai 2025
VIL-løparane vil kjempe på mange ulike frontar komande helg.
Velledalen IL si nettside veit ikkje alt, men vi skal i alle fall presentere noko av det VIL-utøvarane skal vere med på komande helg:
31.mai: FARSUNDMILA:
Stormønstring i Farsund med barneløp, stafett 5X4 km, 5 km, 10 km, halvmaraton og heilmaraton. I skrivande stund med 560 påmelde. Mellom desse Sivert og Andreas Mosby Nakken. Begge spring halvmaratom
31.mai: MOLDE 7 TOPPAR:
Her er det valfritt om ein vil stille i løpet over 7 toppar eller 3 toppar. Begge distansane har trimklasse. Påmeldinga måndag kveld viste 360 deltakarar, og det vert nok fleire. Frå Velledalen IL står Frank Andersen, Alastair Brunton og Ole Martin Korsnes på listene.
31.mai: SØRESTRANDMILA:
Velledalen IL sitt eige løp med distansane 3 km, 5 km og 10 km. I Sigbjørn Anton Lerstad sine kontroll-målte, flate løyper. Dei to kortaste distansane går nesten utan høgdemeter. Lite påmelding hittil – fattige seks personar – men vi trur i alle fall eit tjuetals løparar vil teste løypene og det nye tidtakar-systemet. Løpet har start/mål frå industriområdet i Straumgjerde. Påmelding gjennom EQ-timing.
31.mai: Løpet for Psykisk Helse:
Viktigaste løpet denne helga vert arrangert med hovudbase frå Ytre Kulen 27 (heimen til Hilmar Kråkenes). Då skal Hilmar jogge 7 km kvar time frå klokka 06.00 – til og med klokka 20.00 – totalt 105 km. Det skal han gjere saman med ganske mange andre. Her kan dei som vil vere med på heile, eller deler av turen. I 2024 deltok 60 personar, og ein kan jogge, gå eller sykle. Joggefarta vert ein stad mellom 05.30 og 06.30 på kilometeren. Målet er å skape openheit rundt psykisk helse og samle folk til fysisk aktivitet og felleskap. Det er mogleg å støtte tiltaket økonomisk gjennom betaling til spleis eller bankkonto (noko nettsida kjem tilbake til). Pengane som vert samla inn, går til arbeid med ungdom i lokalmiljøet. Eit drivande godt tiltak alle løparvener av Hilmar bør støtte opp om!
Truleg finst det fleire løp komande helg der VIL-utøvarar skal i aksjon. Vi set pris på tips om arrangement og foto – og gjerne rapportar om deltaking – uansett fart og resultat.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025