Årskavalkade 2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Des 2009
JANUAR:
Kenneth Fet deltok – som den fyrste frå VIL – i Norgescuprenn for junior i Trøndelag. VIL vart meldt inn i Frivillighetsregisteret. Æresmedlem Fridtjof Drabløs vart 90 år. Hilde Riksheim Tandstad vart KM-vinnar på 800 meter innandørs i Tingvollhallen. Lars Inge Sæther laga ny statistikk for Konradløpet. Hilde Riksheim Tandstad vart fyrste utøvar frå VIL som deltok i Ungdoms-NM i innandørsfriidrett, då ho vart nummer 11 både i lengdehopp og på 800 meter.
Les meir Her
Kenneth opna med sjuandeplass
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Des 2009
Kenneth Fet sesongopna med sjuandeplass under Romjulsrennet i Molde tredje juledag.
Kjenner vi Kenneth rett er han ikkje heilt nøgd med debuten. Olav Erling Aaland frå Sunnylven IL vart klassevinnar med 24.15, føre stordalingen Geir Marius Øie med 24.24. Kenneth fekk sluttida 26.39, i rennet som gjekk over ti kilometer fristil.
Uansett godt å vere i gang, og no tyder alt på at vi får skiføre også på heimleg grunn.
Romjulsmarsj samla 140
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2009
Trimgruppa i Velledalen IL sviktar ikkje. Romjulsmarsjen 2. juledag samla nesten like mykje folk som "fyrstegongsstempelet" for 30 år sidan.
I historieboka til VIL står det at 147 personar deltok i 1979. Vi tapte altså med knapp margin i 2009 (140 deltok), men ikkje om vi tek omsyn til folketalet. Det var nemleg høgare for 30 år sidan
Årets marsj gjekk under stort sett gode forhold. Opphaldsvêr, om lag null grader, men litt småglatt kunne det vere på sidevegane. Men til å vere på hardaste vinteren kan ein ikkje klage.
Trimgruppa varta opp med god mat og kaffi for dei som ville ha det. Det vart elles vist bilete frå idrettsåret 2009. Som vanleg samla marsjen god oppslutning frå Straumgjerde, i tillegg til dei innfødde.
Bilete ligg i album.
Idrettsstipend til Kenneth og Hilde.
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Des 2009
Under Miniidrettsgallaen i Velledalen grendahus vart det delt ut to idrettsstipend. Til langrennsløparen Kenneth Fet og friidrettsjenta Hilde Riksheim Tandstad
Begge av "sportsleg opphav" og begge av 1992-årgang. Dei to 17-åringane satsar seriøst i to krevjande idrettsgreiner. Difor er VIL glade for å kunne støtte opp om satsinga. For Hilde er UM (ungdomsmeisterskap) i Molde det store målet i 2010. Kenneth har som mål å halde fylgje med dei beste i klassa på kretsnivå. Greier han det, kan det bli både junior-NM og Norgescuprenn i løpet av vinteren.
Hilde(to gonger) og Kenneth har begge blitt kåra til "Årets Utøvar" i VIL og begge har sikra klubben sin KM-titlar. Kenneth i 2006 og Hilde (to gonger) i 2009.
Vi ynskjer lukke til med 2010-sesongen.
Olaf Øien og Hilde R. Tandstad ”Årets Utøvar 2009”
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Des 2009
Juryen fann det rettast å gi den høgthengande prisen "Årets Utøvar" i VIL til to personar for idrettsåret 2009, nemleg langdistanseutøvaren Olaf Øien (66) og friidrettstenåringen Hilde R. Tandstad (17)
Juryen Terje Aurdal, Einar Fet og Atle Hole hadde inga enkel oppgåve. Det var mange kandidatar i eit aktivt år på ski og friidrettsfronten. Når juryen landa på dei to dei gjorde var det mellom anna på bakgrunn av fylgjande resultat.
Olaf Øien sin sterkaste prestasjoni idrettsåret vi snart har lagt bak oss var nok 7.plassen i klasse 65-69 år i Birkebeinerløpet. Elles vart han nummer tre i same klasse i Geiranger halvmaraton. I motbakkeløpet "Mefjellet Opp" vart han klassevinnar.
Hilde kunne skilte med to KM-titlar. Fyrst 800 meter innandørs i Tingvoll, seinare under KM i mangekamp i Molde. Særleg sigeren i sjukamp var ein sterk prestasjon der ho avgjorde med ein sterk 800 meter. Elles har ho delteke i ei rekkje stemne. Mest løp som 800 og 1500 meter, men også i tekniske øvingar som kule og lengdehopp. Mot slutten av sesongen prøvde ho seg med stort hell på 400 meter og kom inn på 63-talet i sitt fyrste forsøk på øvinga.
Kanskje 400 meter vert hennar sterkaste grein i framtida….?
Juryen meinte at Nils Terje Skylstad var den som kom nærast desse to sist sesong. Sverre Gunnar Brunstad, som har gjort fleire knallsterke resultat, har representert Lørenskog. Av den grunn var han uaktuell.
2.juledag går vi Romjulsmarsj
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Des 2009
Romjulsmarsjen er saman med Fjellsæterrunden det nolevande VIL-arrangementet med lengst fartstid.
Kor lang fartstid romjulsmarsjen har røper vi ikkje her, då det vert spørsmål om dette
under julekalenderen i morgon. Opplegget er som det har vore i lang tid.
Start frå Velledalen grendahus (registrering) mellom 11.00 og 13.00, eller ein går frå Straumgjerde eller andre utgangspunkt om det er høveleg lengde. Så kan ein gå Brunstadgarden rundt, Hjorthol rundt eller til/frå Straumgjerde.
Som vanleg serverer trimgruppa julefrukost til dei som treng påfyll av energi.
Og det vert premiering av trimbøkene og ein siste sjanse til å få kjøpt Årboka 2009.
Miniidrettsgallaen” – Odd Kåre Fet heidra
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2009
Odd Kåre Fet er ein trufast idrettsmerketakar og vart heidra for dette under "Miniidrettsgallaen" i Velledalen grendahus nyleg.
Odd Kåre Fet har teke idrettsmerke 41 gonger, men fekk heider for å ha passert 40. Med det ligg han på tredjeplass på idrettslaget sin "adelskalender" over idrettsmerketakarar. Dei fire på topp er:
46 gonger Paul Halstein Hole
44 gonger Grete Fet
41 gonger Odd Kåre Fet
38 gonger Ragnhild Aurdal Fet
Vi merker oss at f
etfolket er sterke på idrettsmerketaking. Ekteparet Grete og Odd Kåre Fet har 85 positive idrettsmerkeprøver til saman. Ein ramsterk prestasjon.
Elles har Arild Lade teke prøvene 25 gonger og skal ha miniatyrstatuetten, medan Kari Solaas skal ha idrettskruset etter 20 vellukka prøver.
Kulturminneåret mot slutten – historisk foto
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2009
Vi er inne i siste dagane av kulturminneåret og presenterer her eit foto frå Paul Hole sin 80 års dag.
Der vart det sagt at Paul Hole er eit kulturminne. Fordi han i 1949 vart den fyrste kretsmeisteren i Velledalen IL, då han dette året vann
KM 1500 meter i klassa for juniorar. Det er altså 60 år sidan. Idrettslaget vart skipa i 1906, så det tok med andre ord 43 år før laget fekk sin fyrste KM-vinnar.
Jenta til høgre på biletet er Hilde Riksheim Tandstad. Ho er Velledalen IL sin siste KM-vinnar. Men ho er vår fyrste som vinn KM-tittel i sjukamp. Det ligg i ordet at ho må meistre sju ulike greiner; nemleg 100 meter hekk, kulestøt, lengdehopp, 200 meter, spydkast, høgdehopp og 800 meter. Ei særdeles krevjande idrettsgrein og ein høgthengande KM-tittel.
Med andre ord; to historiske personar. Hilde fekk æra av å overrekkje Paul 80 års presang på vegne av Velledalen IL på jubileumsdagen.
Miniidrettsgalla i grendahuskjellaren
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Des 2009
Sundag 20 desember klokka 1930 vert det ”idrettsgalla” i lite format i grendahuskjellaren. Ei rekkje premiar og utmerkingar for året 2009 skal delast ut.
Odd Kåre Fet er idrettsmerkejubilant og skal heidrast for det. 14 personar skal premierast for flest poeng på dei ulike trimpostane. Geir Helge Grebstad, som sette ny rekord med 3248 poeng får premie for samanlagttriumfen.
Vidare vert det delt ut idrettsstipend til to unge utøvarar, og den høgthengande prisen ”Årets utøvar” skal delast ut. Ein pris Bård Erstad fekk i fjor.
Elles har vi ei overrasking til våre vaksne aktive, og det kan kome uventa prisutdelingar.
Det vert ei fjørlett servering, det er viktig å ikkje ete seg så hardt opp FØR den søte juletid, og det vert vist foto frå ulike arrangement i idrettsåret 2009.
Ingen tok på seg leiarvervet i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Des 2009
Ingen tok på seg vervet som leiar i Velledalen IL etter Atle Hole då laget heldt årsmøte i kveld. Det vert nytt årsmøte den 27. januar.
Då håper ein å få ny leiar på plass, samstundes som reknskapen skal opp til godkjenning.
Elles var det eit fredeleg årsmøte som gav attvald så og seie over heile lina. Unntaket var at Susanne Hole vart ny idrettsskuleleiar etter Gunn Tove Brochmann Skylstad. Nils Terje Skylstad held fram som leiar i trimgruppa, ei gruppe der det vart attval over heile lina.
I langrennsgruppa og friidrettsgruppa er folket på plass, men begge desse gruppene skal konstituere seg sjølve.
Det gjekk vidare fram av årsmeldinga at laget har 231 betalande medlemar, det same som i 2008. Laget har 44 medlemar i aldersgruppa 13-19 år, noko som er ny rekord. Det vart lagt fram fyldige årsmeldingar frå Hovudstyret, gruppene og idrettsskuestyret. Desse årsmeldingane kjem på nettet om kort tid
Atle Hole går av som leiar i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2009
Etter åtte og eit halvt år som samanhangande leiar i VIL har han varsla valkomitéen om at han ikkje tek attval under årsmøtet måndag.
Dermed er det duka for leiarskifte i VIL. I skrivande stund er det uvisst om valkomitéen har nokon ny kandidat klar. Uansett må laget ha eit ekstraordinært årsmøte på nyåret, då reknskapen for 2009 skal opp til godkjenning om lag i månadsskiftet januar/februar.
Atle Hole vart fyrste gong leiar i VIL som 21-åring, hausten 1977. Han sat då som leiar i åra 78, 79, 80 og 81. Så hadde han kring 20 års pause før han tok over roret att under eit forseinka årsmøte i 2001. Nokre timar gratisarbeid har det blitt desse 12,5 åra.
Rykta seier elles at valkomitéen har det meste på plass, men dersom nokon er sugne på eit verv er sikkert laget meir enn takksame for det. Gi i så fall melding til Helen Longva Fet. Velledalen IL har i dag desse gruppene i drift: Trim, friidrett, langrenn og idrettsskule – i tillegg til eit hovudstyre.
Endelege trimpostresultat
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2009
Etter at vi la resultata ut "til høyring" på www.velledalen.netkom det inn nokre protestar. Dei har trimgruppa no teke til fylgje. Dermed vart det nokre små endringar på lista.
Dei offisielle resultata for perioden oktober 2008-oktober 2009 ser slik ut:
3248 poeng Geir Helge Grebstad (ny årsrekord)
1856 poeng Marianne Urke
1786 poeng Inger Riksheim
1749 poeng Arnhild Linga
1685 poeng Astrup Kristoffersen
1654 poeng
Kjell Magnar Berli
1374 poeng Magnus Ødegård
1295 poeng Renathe Riksheim Oldeide
1246 poeng Ivar Arne Flo
1205 poeng Nils Terje Skylstad
Totalt 14999 registreringar i trimåret
Registrer spelekortet ditt på Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Des 2009
Året er snart omme. Det same er debutåret for ordninga med grasrotandel. Ei ordning som gjer at fem prosent av det ein spelar tippar for, går direkte til det laget spelaren tilgodeser.
Pr. 8.desember har Velledalen IL 55 spelarar som har registrert spelekortet sitt på laget. Totalt har VIL fått inn 12512 kroner på ordninga i 2009. Og det kan bli ganske mange fleire kroner
Ordninga er slik at den har tilbakeverkande kraft. Går ein person på Joker laurdag 12 desember – ein som tidlegare ikkje har registrert kortet sitt på noko lag – og registrerer kortet sitt på Velledalen IL, vil VIL få fem prosent av alt mannen har tippa for i heile 2009. Difor er det viktig å registrere seg før årsskiftet. Tippar du med uregistrert kort, vert pengane (5 prosent) ståande på Norsk Tipping sin konto – til glede for Lars Sponheim
VIL har ei eksklsiv gåve til alle som har spelekort registrert på laget. Gjer vel og meld frå til Atle Hole, og du vil få ei overrasking til jul.
Velledalingar skal få dreis på damefotballen
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Des 2009
Etter å ha halde seg til trenarar frå meir sentrale strok at bygda, satsar no FK Sykkylven på utkantane i håp om å få skikk på damefotballen.
Sist sesong enda FKS sine damer bak vesle Sunnylven på tabellen. Det kan sjølvsagt ikkje bygda med lange tradisjonar innan kvinnefotball – og kring 7500 innbyggjarar –
vere nøgde med.
Odd Jostein Drotninghaug i FKS melder til nettsida at no kjem nye kostar inn på trenarsida. Magne Nilsen og Monica Hole vert hovudtrenarar. Og dei får hjelp av ikkje mindre enn tre assistentar, nemleg Jan Halvard Holmøy, Tor Ove Myrseth og Arve Garli.
Herrelaget til FKS er framleis trenarlause etter at Robert Sogge og Geir "Wolves" Erstad gav seg etter èin sesong
Uslåeleg rekord?
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2009
Ordet uslåeleg vart brukt i 2002 då Liv Skogvold gjekk til ny rekord med 2629 poeng. Difor står vi i beit for dekkande ord dette året når Geir Helge Grebstad gjer seg fortent til 3248 poeng.
Dette er sjokktal. Dei er enno ikkje kommenterte frå trimgruppa. Truleg vert dei det i gruppeårsmeldinga som kjem om kort tid.
I idrettsverda er det heilt vanleg å dopteste personar som gjer prestasjonar i overkant av
fatteevna til eit normalt menneske. Slik vi forstår gruppa er alle formalitetar – unnateke urinprøve – i orden med Grebstad sine 3248 poeng. Liv Skogvold sine fantastiske 2629 i 2002 heldt i sju år. Kor lenge Geir Helge Grebstad sit på trona skal vi ikkje spå, neppe til dommedag, men kanskje i 7x7 år……?
Rekordtrimmaren er son av Annlaug og Johan S. Grebstad. Han er bror av dalen sin einaste faste politikar på kommunestyrenivå (Kristin Grebstad) og han har ein eldre bror som jobbar i Hole Maskiner. Han er med andre ord nær knytt til dalen. Han er sambuar, har eitt barn og har - med litt færre turar - heilt klart kapasitet til å produsere fleire. Han bur på Hjorthol og var ved siste lokalval ein av svært få i Velledalen som gjekk til val på FRP sitt partiprogram. Han driv eige firma innan hagebruk og brukar mykje tid på fjellet. Mellom anna til sportshandel i spann med karar med ei langt meir vaklande tru på Velledalen enn han sjølv.
Grebstad sitt vinnarprogram for trimåret ser slik ut:
200 turar til Regndalen,
8
til Vellesætra,
7
til Brunstadsætra,
4 på Koppen,
4 på Holetindane og
2 til skogsvegen Hjorthol
Det betyr at han samla 3000 poeng i Regndalen og 248 på dei andre postane
TOPP-10-Lista vert då slik:
3248 poeng: Geir Helge Grebstad
1856 poeng: Marianne Urke
1749 poeng: Arnhild Linga
1695 poeng: Inger Riksheim
1685 poeng: Astrup Kristoffersen
1654 poeng: Kjell Magnar Berli
1374 poeng: Magnus Ødegård
1295 poeng: Renathe R. Oldeide
1246 poeng: Ivar Arne Flo
1205 poeng: Nils Terje Skylstad
Fantastiske 14999 trimbokregistreringar
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2009
Trimgruppeleiaren i VIL, Nils Terje Skylstad, er sær tilfreds når han kan melde om rekordoppslutning på dei 13 trimpostane siste året.
Eigentleg er det klar ny deltakarrekord, men ettersom det kom ein ny post i mars 2009 (i Straumgjerde), kan ein ikkje heilt samanlikne tala. Og den sist tilkomne posten har vore godt besøkt. I trimåret vi no er inne i vert denne posten med heile sesongen, så då er det god muleg at 15 000 registreringar vert passert.
Men postar kan lide motsett lagnad. Dei kan bli tekne av kartet. Trimgruppeleiaren har sjølv signalisert dette gjennom sitt gule kort til posten i skogsvegen på Drabløs. Der var det reine ord for pengane:
-
Posten vert fjerna om det ikkje vert rydda skog i området før neste utplassering (oktober 2010).
Retting trimpostresultat – Marianne opp på 2.plass
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Des 2009
Stine, Marianne og Arnt i innspurten av Konradløpet 2008
Idrettslaget sin trimstatistikk hadde diverre gløymt ti turar i Regndalen for Marianne Urke. No er feilen retta opp med det resultat at dama spratt opp frå tredje- til andreplass.
Det betyr igjen at Marianne skubbar Arnhild Linga ned på tredjeplass. Arnhild som ligg stødig i tetsjiktet kvart einaste år. Denne gongen stogga ho på 1749 poeng. Ein poengsum ho fekk etter flittige turar til Velle- og Brunstadsætra (124 turar begge stader), ti turar på Myrdalsfjellet, fem i Regndalen og sju på Holetindane. Samla gav det 1749 poeng
Vi skreiv sist at Marianne hadde 1706 poeng. Ti turar i Regndalen gir 150 poeng, som vi altså promte plussar på. Dermed kjem ho opp i fine 1856 poeng. Topp-10 lista er nesten fullbyrda, og ser slik ut:
1………………………………….
2. Marianne Urke
1856 poeng
3. Arnhild Linga
1749
4. Inger Riksheim
1695
5. Astrup Kristoffersen
1685
6. Kjell Magnar Berli
1654
7. Magnus Ødegård
1374
8. Renarthe R. Oldeide
1295
9. Ivar Arne Flo
1246
10. Nils T. Skylstad
1205
Det kom nettopp inn melding frå Erstad, ved Astrup Kristoffersen, om at våre resultat ikkje stemte med hans notatar. Vi hadde to turar for lite på Brunstadsætra pluss at det mangla ein tur på Koppen. Dermed måtte vi plusse på 18 poeng, silk at Astrup stoppa på 1685. D
et gjorde ikkje endringar på lista, men Astrup kraup heilt opp i ryggen på nummer fire, Inger Riksheim.
No har han kjøpt seg truger, så det spissar seg til…
GOD HELG til alle glade turvandrarar!
Trimpostresultat – butikkMarianne på tredjeplass
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Des 2009
I dag ropar vi 3x3 hurra for Marianne Urke. Med 1706 poeng kneip ho tredjeplassen i samandraget dette året.
Marianne er for spesialist å rekne på turmåla Brunstad- og Vellesætra. 167 turar til Brunstadsætra og 144 til Vellesætra gjorde susen. I tillegg spedde ho på med ein 30-poengar til Holetindane.
1.
2.
3. Marianne Urke
1706
4. Inger Riksheim
1695
5. Astrup Kristoffersen
1667
6. Kjell Magnar Berli
1654
7. Magnus Ødegård
1374
8. Renathe R. Oldeide
1295
9. Ivar Arne Flo
1246
10. Nils Terje Skylstad
1205
Bronse til velledalsjenter
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2009
Sist helg vart det arrangert futsal-KM i Blindheimshallen for klasse J 19. Her tok fleire velledalsjenter del, anten på laget til FK Sykkylven eller Stranda IL
Velledalingane på FK Sykkylven gjorde ein fin figur, men laget deira nådde ikkje heilt opp denne gongen.
Då gjekk det betre for Christina Holmberg og Ellen Marie Hole som har gjort strandarar av seg. I semifinalen tapte dei 3-1 mot Hødd 1, etter at det stod uavgjort til det stod att to minutt av kampen. (Hødd 1 vart seinare KM-vinnar). I bronsefinalen vann Stranda 4-2 over Hødd 3. Dette markerte slutten på ein lang sesong der Christina og Ellen har vore med og henta tre trofé til strandarane sitt premieskåp.
Trimpostresultat – fjerdeplassen på samanlagtlista klar
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Nov 2009
Fire av personane på topp-10 lista er ikkje busette i Velledalen. Den beste av desse fire finn vi på fjerdeplass.
1695 poeng er ein sterk poengsum, men dette året held det altså berre til fjerdeplass. Med 235 turar til Brune i Straumgjerde og fem turar på Koppen, kan vi i dag gratulere Inger Anne Riksheim – både med fjerdeplassen og som beste ikkje-velledaling. Inger var berre elleve poeng frå tredjeplassen. Kven som tok den vert ikkje avslørt i denne omgang.
1.
2.
3.
4. Inger Riksheim
1695
5. Astrup Kristoffersen
1667
6. Kjell Magnar Berli
1654
7. Magnus Ødegård
1374
8. Renathe R. Oldeide
1295
9. Ivar Arne Flo
1246
10. Nils Terje Skylstad
1205
Trimpostresultat – jamnt midt på lista
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Nov 2009
Plussar vi 13 poeng på poengsummen til Kjell Magnar Berli finn vi manne på femteplass på lista.
Astrup Kristoffersen kneip femteplassen med 1667 poeng. Grunnlaget har han lagt med 220 turar i Riksheimdalen. Det åleine gir 1540 poeng. Men Astrup har vore innom postar som Holetindane, Regndalen, Vellesætra, Brunstadsætra og Holemarka.
Vi gratulerer Astrup med ein sterk sesong!!
1.
2.
3.
4.
5. Astrup Kristoffersen
1667
6. Kjell Magnar Berli
1654
7. Magnus Ødegård
1374
8. Renathe R. Oldeide
1295
9. Ivar Arne Flo
1246
10. Nils Terje Skylstad
1205
Trimpostresultat – ny mann på sjetteplass
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Nov 2009
Sjølv om det er trim/mosjon vi snakkar om er det gledelg når nye "stjerner" dukkar opp.
Kjell Magnar Berli er kanskje største overraskinga inne på topp-10 lista. Han har hatt Vellesætra som spesialitet (161 turar dit). Men han har òg vore på Holetindane, i Regndalen, på Koppen, Brunstadsætra, skogsvegen Hjorthol og sætreelva i Holemarka. Med 1654 poeng totalt var Kjell Magnar under 100 poeng bak andreplassen totalt dette året. Gratulerer!!
1.
2.
3.
4.
5.
6. Kjell Magnar Berli
1654 poeng
7. Magnus Ødegård
1374
8. Renathe R. Oldeide
1295
9. Ivar Arne Flo
1246
10. Nils Terje Skylstad
1205
Månadsrekord i kveld
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Nov 2009
I kveld vert det sett ny månadsrekord på idrettslaget si nettside.
Den gamle rekorden var på 1359 frå mai 2009. Den vert etter alle solemerker sletta i kveld, og med fire dagar igjen av månaden er det grunn til å tru at den nye rekorden vil bli i nærleiken av 1500.
Truleg er det all trimstatistikken vi har hatt i november som har pirra lesarane våre litt ekstra.
Om eit par dagar vert det også rekord på hovudsida, som for fyrste gong vil passere 6000 månadsbesøk
Trimpostsamandrag – superveteran nummer sju
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Nov 2009
Eldstemann på topp-10-lista finn vi på sjuandeplass med fine 1374 poeng.
Mannen det er snakk om er Magnus Ødegård. Grunnlaget for den fine plasseringa er lagt gjennom turar til Brunstad- og Vellesætra. 133 turar til Brunstadsætra og 120 til Vellesætra seier dei turre tala. I tillegg har han ein einsleg slengjar til skogsvegen Hjorthol
Vi gratulerer Magnus med sterk sjuandeplass og som eldstemann på topp-10-lista!
Trimpostresultat – nummer åtte samanlagt
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2009
Personen på åttandeplass har 180 turar i Riksheimdalen pluss fem turar på Vellesætra å slå i bordet med i inneverande trimsesong.
Det vert ei solid dose mosjon som trimgruppa i VIL seier er verdt 1295 poeng. Personen bak tala er Renathe Riksheim Oldeide. I fjor toppa ho posten i Riksheimdalen, i år vart det andreplass bak Astrup Kristoffersen. VIL gratulerer med sterk åttandeplass i det knallharde selskapet!
Takk for innsatsen!
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Nov 2009
Styret i Velledalen IL takkar alle medlemane sin for innsatsen under Førjulsmessa. Som vanleg vart det eit pent overskot.
Alle utgiftspostar er ikkje klare enno, men det ser ut som arrangørane sit att med ein netto mellom 50 000-60 000 kroner til deling. Dette skriv seg frå standleige, basarbøker, tombola og matsal.
Talet på besøkande har nok vore større ved tidlegare messer. Mellom anna var det eit par konkurrerande arrangement sundag ettermiddag. Denne dagen løvde kjøkkenpersonalet kaker, noko som tidlegare har vore uvanleg.
Utstillarane sitt sal veit vi lite om. Somme var bra nøgde, andre ikkje. Per Rich Hunstad har delteke på 16 av 17 messer, medan andre var debutantar. Slik som eksempelvis Petter Melchior frå Norddal.
VIL takkar alle utkommanderte, alle som leverte kaker, tombolavinstar, kjøpte lodd i basarbøker eller andre gode gjerningar. Flott innsats over heile lina!
I tillegg var salet av Ullmaxprodukt godt. Vi har bra utval på lager, eller vi skaffar. Ting i god tid før jul – hyperaktuelle julegåver.
FØRJULSMESSE 2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2009
1.
Juleduk til salongbord: Fam. Jan Arvid Berge
2.
Strikka
jakke: Per B. Hole- Drabløs
3.
Strikka barnegenser str. 2 år: Leif Dahl
4.
Dukke med kle: Ragnhild
Berge
5.
Kasserolle frå B.S.Aure: Karoline Svindseth Fet
6.
Ullmax Ullfrottè trøye + bukse L:Hanna Olin Bakken
7.
Bilvask Hydro : Steinar Olsen
8.
”Matpakke”( spekepølser): Elsa Sandø Welle
9.
Ullmax Merino trøya + bukse XS: Sveinung Vemøy
10.
Ul
lmax Micro trøya + bukse M: Magnhild og Tor Astad Løchen
11.
VRF- overtrekksdress str. 164: Olve Hole Bjørneseth
12.
Gevinst Hydro: Ragnhild Skinnes
13.
Gevinst Hydro: Janita Rasmussen
Takk for støtta.
VRF
VIL
”Klubben i mitt hjerte” – sterk plassering for Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Nov 2009
Velledalen IL kom på 15 plass på landsplan og vart tredje beste klubb frå Møre og Romsdal under kåringa av "Klubben i mitt hjerte" i 2009.
Velledalen IL deltok i klassa for fleiridrettslag under 500 medlemar. Resultata frå Møre og Romsdal vart slik i denne klassa:
1. Valldal IL
107 stemmer
2. Dimna IL
103
3. Velledalen IL
90
4. Norborg IL
89
5. Ørskog IL
58
6. Harøy IL
52
7. Rollon Spkl.
44
8. Lepsøy IL
40
9. Sunnylven IL 38
10. IL Molde-Olymp
63 lag frå Møre og Romsdal fekk stemmer i denne klassa.
Nok ein gong var det Velledalen IL som gjorde det best frå Sykkylven kommune. Nest best vart FK Sykkylven med 41 stemmer og 9. plass i fylket i klassa for spesialidrettslag over 100 medlemar.
Vi nemner at vår gode nabo, Stranda IL, vart best i fylket i klassa for fleiridrettslag med over 500 medlemar med 176 stemmer. Hødd IL kom på andreplass med 170. Sykkylven IL vart nummer 29 i denne klassa med fattige 5 stemmer.
Andre klubbar frå Sykkylven kommune:
Hundeidvik IL
20 stemmer
Sykkylven motocrossklubb 10 stemmer
VRF
9 stemmer
Sykkylven klatreklubb 2 stemmer
Sykkylven sykkelklubb 1 stemme
Ikornnes IL 1 stemme
Velledalen IL takkar alle som har stemt fram klubben til eit godt resultat. Med 90 stemmer fekk Velledalen IL temmeleg nøyaktige like mange stemmer som alle dei andre laga til saman. Patriotismen lenge leve!!
Trimpostresultat – nummer ni samanlagt
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Nov 2009
Frå Nils Skylstad sin tiandeplass måtte vi plusse på 41 poeng for å kome opp på niandeplassen.
Der fann vi ein veteran. Hans fulle namn er Ivar Arne Flo. Han har spesialisert seg på Riksheimdalen. Heile 178 turar hadde han dit sist trimsesong. Det gir sterke 1246 poeng. I fylgje resultatlista har ikkje utøvaren på niandeplass vore innom andre postar enn Riksheimdalen. Men dit har han altså vore særs trottig.
Gratulerer Ivar, med flott niandeplass denne sesongen !
Førjulsmessa – hugs levering av vinstar til tombola
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2009
Vi minner om levering av vinstar til tombola. Seks stk pr. familie skal leverast i Velledalen grendahus fredag 20.november i tidsrommet 1900-2100
Elles ser det ut til å bli ei snøfri helg, slik at ingen treng kvi seg for å ta ut. Siste dagane har det kome fleire telfonar frå utstillarar som vil delta. Einaste vi har hatt å tilby desse er ei venteliste.
Dei to arrangørlage ynskjer alle velkomen til svær tombola, gode tilbod hjå utstillarane og masse gode kaker. Ta gjerne både laurdags-og sundagskaffien din i grendahuset.
Og kjøp gjerne nokre av julegåvene dine denne helga. Gjer utstillarane det bra, kjem dei att ved eit seinare høve, noko som er viktig for oss som skal arrangere.
Dette året kolliderer vi med Vestborgmessa på Stranda laurdag og med messe på Sjøholt både laurdag og sundag. Men heldigvis har vi ikkje hatt problem med å få utstillarar. Eit godt teikn.
Til slutt minner vi om basarbøkene våre. Som vanleg er den gjevaste vinsten ein flott brodert juleduk frå Skjalvor Karlsen. Du bør sikre deg at du er representert på den trekningen (sundag ca klokka 1730).
Trimpostresultat – nummer ti på samanlagtlista
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2009
Ja då går vi på samanlagtlista der vi skal presentere dei ti beste, og vi byrjar med plass nummer ti som gjekk til ein ikkje ukjend mann.
Nivået dette året var høgt. Skyhøgt må vi nesten seie. 1205 poeng hadde personen som kapra
plass nummer ti, etter denne aktiviteten siste året:
1 tur skogsvegen Drabløs
1 tur Brune Straumgjerde
2 turar til dammen Riksheimdalen
2 turar på Koppen
3 turar skogsvegen Hjorthol
3 turar på Vellesætra
5 turar i Regndalen
8 turar til Brunstadsætra
20 turar på Holetindane
26 turar på Myrdalsfjellet
84 turar til Sætreelva i Holemarka
Vi gratulerer trimgruppeleiar Nils Terje Skylstad med 10. plassen
IDRETTSKULE
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2009
No startar idrettskulen på att.
Vi vil starte med symjing på tirsdagane. Første dag vil verte tirsdag 24.11.2009. på Grendahuset.
Elevane vil verte delt i to puljer.
Kl. 17.30-18.30: Elevar frå 2.-3. og 4. klasse.
Kl. 18.30-19.30: Elevar frå 5.-6. og 7. klasse.
Instruktør for begge puljene vil verte Gunn Tove Brochmann Skylstad.
Vi tek sikte på å ha idrettskule
fram t.o.m. 15.12. Dvs fire gonger før jul. Etter jul vil det verte meir symjing, og andre aktivitetar. Det vil kome nytt skriv om dette.
FORELDREVAKTER: Vi treng foreldrevakter til symjinga. Dei som kan tenke seg dette, kan ta kontakt med Gunn Tove på tlf. 91806923.
Vi vonar det er mange som vil vere med på idrettskule i år også.
Helsing frå styret i idrettskulen.
PS. Viss det er foreldre som vil vere i symjehallen og vente på borna, vil det vert høve til å ta badstu m. dusj for kr. 20,-
”Gamle” VRF-slitarar heidra i FK Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Nov 2009
FK Sykkylven har nyleg halde eit samkome for å markere avslutningen på 2009-sesongen. Der vart tre trufaste slitarar som har lært "laget" i VRF heidra.
Sverre Roger Langhaug og Odd Jostein Drotninghaug vart æresmedlemar i den nokså ferske klubben (skipa 2002). Astrid Sogge fekk Børt Erik Erstad sin minnepris.
Vi gratulerer i same rennet Hanna Bakken med KM-tittel i Futsal, klasse J14. Dette er eit lag som er samansett av spelarar frå heile bygda, trena av Ronny Utgård frå Hundeidvika, og som deltok i Futsal-KM under namnet Sykkylven.
Hanna var einaste spelaren frå Velledalen under KM. Godt jobba!
Samlingshelg for Kenneth og Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Nov 2009
Skisesongen nærmar seg med raske steg. Kenneth Fet trimmar for tida forma på Sjusjøen. Hilde har UM-samling på heimebane, i Storhallen.
Langrennssamlinga til Kenneth går frå 11.-15.november. Sjusjøen har snø, så langrennsløparane vil venteleg få godt utbyte av samlinga. Og no er det vel berre eit tidsspørsmål før snøen kjem dalande også lokalt.
Friidrettsfolket ser fram mot Ungdomsmeisterskapet (UM) som skal arrangerast i Molde neste år. Dette er som eit NM å rekne, og vert eit stort løft for Møre og Romsdal Friidrettskrets. Denne helga held kretsen samling i Sykkylven Storhall for utøvarar som vil kjempe om plassar til UM neste sesong. Ei stormønstring der det nok er ei oppleving berre å få delta.
Nils – kongen av Holetindane
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2009
Så er vi komne fram til siste – og mest krevjande post – Holetindane. Totalt finn vi dette trimåret 91 noteringar på posten, nest minst i antal (Høgsætra mindre med 89).
Nils Terje Skylstad har gjort det til ein vane med minst 15 turar til denne toppen i løpet av ein sesong. I år stoppa han på 20. Med 30 poeng pr. tur hentar Nils 600 poeng på denne toppen dette året.
Topp-5-lista for Holetindane ser slik ut:
1. Nils Terje Skylstad
20 turar
2. Arnhild Linga
7
3. Geir H. Grebstad
4
3. Kjell Magnar Berli
4
5. Astrid H. Ringdal
3
Om kort tid byrjar vi legge ut topp 10-lista samanlagt. Då startar vi med nummer ti, går så vidare til nummer ni, nummer åtte, nummer sju o.s.v. Nivået i år er høgt, så ein må ha godt med poeng for å kome på denne lista.
Sterkt KM av Brunstadekspressen
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2009
Frå Akershus vert det meldt at Brunstadekspressen (Sverre Gunnar Brunstad) har vunne KM i Halvmaraton i klasse M 40.
Sverre Gunnar kom inn på tida 1.20.49. Med den tida vart han klassevinnar, og han vart nummer tre totalt i klasse menn senior. Dermed vart det gull og bronse i same løp. Sterkt!!
Det vert meldt at dette var siste viktige løpet i dette kalenderåret. 10. januar 2010 har Brunstadekspressen planer om å stille opp i eit 30 kilometer langt "fjelløp" i Hong Kong. Dette kan bli ei kraftprøve for brunstadmannen ettersom løpet har ei samla høgdemeterstigning på 2000 meter.
”Klubben I Mitt Hjerte” – ny kåring i gang
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Nov 2009
Koldabakkane Grand Prix 2009
Så er Dagbladet på nytt i gang med kåringa av "Klubben I Mitt Hjerte". Nytt linken og stem Velledalen IL fram til ei ny god plassering.
Både i 2008 og 2007 var Velledalen IL beste klubben frå Sykkylven kommune i denne kåringa. Du kan stemme frå datamaskina di, men berre EI stemme frå KVAR maskin pr.dag. Men hugs: DU KAN STEMME KVAR EINASTE DAG FRAM TIL 20 NOVEMBER.
Her er det berre å gå knallhardt ut. Idrettslaga er delte i ulike klasser etter medlemstal og aktivitet. Målet er å sanke fleire stemmer og få ei betre plassering enn i 2008. Då vart vi nummer 22 (delt med Norborg) med 106 stemmer i klassa for fleiridrettslag under 500 medlemar.
Her er linken
Myrdalsfjellet – Elling sin herlege revansje
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Nov 2009
I fjor vart han snytt på målstreken på trimposten i Holemarka. Difor er det ei glede – på sjølvaste farsdagen – å kunne gratulere Elling Hole som den trottigaste på Myrdalsfjellet.
Det kan sjå ut som Elling har justert opplegget sitt ein smule denne sesongen. Han har framleis pøst på med korte turar til posten i Holemarka (der han vart nummer to med 148 turar). Men i tillegg har han kombinert med lengre turar, eksempelvis til Myrdalsfjellet.
Den som trur Elling har hatt ein totalt problemfri sesong må tru om att. Han vart ein periode sett heilt ut av spel på grunn av virus på balansenerven.
-
Noko svineri av ein sjukdom, slo Elling fast for ei tid sidan.
Lista over dei argaste på Myrdalsfjellet ser slik ut:
1. Elling Hole
41 turar
2. Liv Skogvold
29
3. Marit Hole
28
3.Kåre P. Grimstad
28
5 Nils T. Skylstad
26
Den perfekte farsdagsgåva
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Nov 2009
Det er kaldt i vêret, men kva gjer det når Velledalen IL har store lager av Ullmaxprodukt.
Kontakt Elisabeth Urke (990 01 433) eller Atle Hole (70 25 07 49), så får du gåvetips til far. Rikt utval i sokkar, huer, t-skjoter og undertøysett. Du tingar og vi leverer.
Farsdagstilbod: Coolmax Sock Basic – fire par for kr 149,-
Micro Set – bukse og trøye med lang erm – kr 199,-
Sætreelva Holemarka – veteranposten
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Nov 2009
1896 noteringar fekk trimgruppa på denne posten som går i lett terreng etter god skogsveg. Og det er den eldre garde på Hole som er flittigaste brukarane.
I fjor kniva Ingrid Hole beinhardt mot ektemannen Elling om tittelen. I år vart det lettare. Kanskje har dei ordna opp seg i mellom med ein skriftleg avtale.
Elles er alder inga hindring på denne posten. 129 turar på 86-åringen Oddmund Skylstad og 112 turar på Kjellaug Ulset (også ho godt over 80) viser det. Oddmund hadde nok hatt langt fleire om han ikkje hadde vore sett ut av spel på grunn av sjukdom i deler av året
Resultat:
1. Ingrid Hole
177 turar
2. Elling Hole
148
3. Oddmund Skylstad
129
4. Kjellaug Ulset
112
4. Susann Osnes
112
Retting skogsvegen Hjorthol
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Nov 2009
Somme har truleg alt oppdaga det. Vi hadde gløymt Ingrid Brudevoll på topp-5-lista. Ingrid skulle stå på 3.plass med fine 129 turar. Vi beklagar tabben.
Skogsvegen Hjorthol – knappe 1000 noteringar
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Nov 2009
Absolutt inga bombe på toppen av denne trimpostlista. Anita Hjorthol toppar som ho pla gjere, og nådde nesten 200 turar før Nils skifta bok
denne sesongen.
Det er dei middelaldrande damene som i fyrste rekkje set preg på denne posten ved å ta dei tre fyrste plassane. I alt vart det registrert 994 noteringar på posten. Resultata vart slik:
1. Anita Hjorthol
194 turar
2. Hanne oline Ulset
134
3. Elisabeth Urke
83
4. Svein Hjorthol
46
5. Annlaug Grebstad
24
5. Jarle Vanebo
24
Koppen – turmål for dei som likar stigning
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Nov 2009
Dei fleste som har registrert seg i trimboka på Koppen har gått frå Velledalen. Og då er turen bratt, både oppover og nedatt.
372 noteringar fekk trimgruppa i boka si på Koppen. Og den aller ivrigaste var Ingvild Leichty. Også ho ny på toppen av ei liste, noko vi set pris på. Alltid kjekt at nye menneske markerer seg. Lista over dei fem beste ser slik ut:
1. Ingvild Leichty
46 turar
2. Anita Hjorthol
38
3. Åge Vanebo
21
4. Svein Hjorthol
20
5. Mari Leichty
8
Friidrettstrening – Sykkylven Storhall
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Nov 2009
For tida held eit knippe friidrettsinteresserte trening i Sykkylven Storhall kvar torsdag.
Diverre er treningstida seint på kveld, men det er vanskeleg å sleppe til i hallen på meir gunstige tider. Treninga startar klokka 21.30.
Der er god plass til fleire aktive, vert det meldt.
Knappe 2000 på Vellesætra – overrasking på toppen
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2009
1846 personar skreiv namnet sitt i trimboka på Vellesætra siste trimåret.
Nivået er som vanleg høgt på denne
posten, og det ser ikkje ut til at anleggsarbeidet med Brunstad Kraft har lagt nokon dempar på turgleda. Brunstad- og Vellesætra har vore ein sikker kvinnebastion tidlegare. I år derimot, fekk vi ein ung, mannleg vinnar på Vellesætra, noko vi trur alle set pris på. Gratulerer Kjell Magnar!
Topp-5- lista på Vellesætra ser slik ut:
161 turar
Kjell Magnar Berli
144 Marianne Urke
124 Arnhild Linga
120 Magnus Ødegård
114 Torhild Skogvold
Brunstadsætra – den best besøkte trimposten
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Okt 2009
Med 3087 noteringar er Brunstadsætra den best besøkte trimposten.
Medan mannfolka dominerer i Regndalen, er kvinnedominansen nesten like stor på Brunstadsætra. Einaste "hane"mellom dei fem på topp er veteranen Magnus Ødegård. Ein tur til Brunstadsætra gir fire trimpoeng, så ein må vere flittig for å nå opp i totalsamandraget. Her er namna på dei ivrigaste vandrarane i siste trimår:
1. Linda Kristin Øye
200 turar
2. Inger Anne Brunstad 178
3. Marianne Urke
167
4. Magnus Ødegård
133
5. Arnhild Linga
124
764 noteringar i Regndalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Okt 2009
Regndalen er så definitivt mannfolksposten mellom idrettslaget sine 13 trimpostar.
Vi har dekning for å seie det, ettersom Regndalen er einaste post utan kvinnfolk inne på topp-5-lista.
Når eit menneske i løpet av èin trimsesong går 200 turar til Regndalen – slik Geir Helge Grebstad har gjort – reknar vi med mannen er dritlei av staden. Med 200 turar var Geir Helge eit "hav" før nummer to på lista, Rune Nilsen.
Mannfolka som har brukt mest tid i Regndalen i siste trimår har vore:
1. Geir Helge Grebstad
200 turar
2. Rune Nilsen
26
3. Harald Velle
17
4. Sindre Aurdal Alnes
15
5. Arnt Gunnar Brunstad
13
Høgsætra – den gløymde trimposten
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Okt 2009
Høgsætra ved Fet er den dårlegaste besøkte trimposten. 89 noteringar for heile sesongen er lite. Talet for Brunstadsætra er til samanlikning 3087.
Høgsætra sin posisjon som trimpost har ikkje styrka seg gjennom trimåret som er avslutta. Men no er ny trimbok på plass, og det er alltid eit håp om at langt fleire vil legge ein tur til "den gløymde posten" i inneverande trimår.
Som venta er det Fetfolket som toppar statistikken, og Høgsætra er einaste posten med delt fyrsteplass. Her er resultata:
1. Kenneth Fet
10 turar
1. Ole Jostein Fet
10
3. Helen Lonva Fet
6
4. Anette Fet
4
Skogsvegen Fet – Høgt nivå
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Okt 2009
Turen til skogsvegen på Fet gir ikkje mange trimpoeng, men ein må gå mange turar om ein vil kome på topp-5-lista.
1350 noteringar totalt på posten. Naturleg nok er det innbyggjarane på Fet som dominerer lista. Dei fire damene på topp har eit snitt på farleg nær 200 turar. Med andre ord; her må ein vere trottig skal ein nå opp.
Ragnhild Aurdal Fet toppar med 215 turar. Berre Astrup Kristofferen (Riksheimdalen) har fleire (220). Vi har med dette gleda av å kunngjere dei kvassaste vandrarane til turmålet Skogsvegen Fet:
1. Ragnhild A. Fet
215 turar
2. Grete Fet
196
3. Turid B. Fet
192
4. Astrid L. Drabløs
187
5. Kenneth Fet
108
Skogsvegen Drabløs – trimpost for fall…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Okt 2009
-Her kan det nemnast at Skogsvegen Drabløs står i fare for å misse status som trimpost, heiter det i rapporten frå trimgruppa.
Ein av trimmarane som har vore innom posten har skreve fylgjande i trimboka:
-For ei pasmark denne vegen er!
-Det kan eg skrive under på. Til neste haust vert det ikkje lagt ut ny trimbok her, om ikkje dei ansvarlege på Drabløs ryddar vegen, skriv sindige Nils Terje Skylstad i sin rapport
Totalt 224 noteringar på posten som enkelte har hatt problem med å finne. R
esultata for trimået vart slik:
1. Annlaug Lervåg
101 turar
2. Jonna Welle
27
3. Petter Hole-Drabløs
17
4. Ellen Standal
8
5. Tormod Strømmegjerde 7
Trimpostresultat – Brune Straumgjerde
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Okt 2009
Denne trimposten kom i tilgang i løpet av sesongen. Stor utfart, men mangelfull bokføring gjer at posten har fått denne merknaden:
-Dei to beste er klare, men så blir det vansklegare (mykje arbeid) å telje seg fram til dei neste på lista. Her er mange aktuelle kandidatar som kjempar om dei neste plassane, men ingen av dei har skreve antal turar dei har (bak namnet sitt). Førebels får plassane stå ledige.
1. Inger Riksheim
235 turar
2. Solveig Olsen
158
3.
4
5
Vi er no i gang med ny sesong i ny bok. For å lette arbeidet for trimgruppa må vi hugse:
Bak namnet ditt fører du opp antal turar du har på trimposten i den aktuelle sesongen.
Trimpostresultat : Dammen Riksheimdalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Okt 2009
På denne sida vil vi dei næraste dagane legge ut trimpostresultat. Vi startar med Dammen, Riksheimdalen
I utgangspunket legg vi ut topp-5 på kvar post. I spesielle høve kan fleire få namnet sitt på "prent". Resultata er henta frå trimgruppa sin statistikk. Eventuelle feil skal meldast til trimgruppa, ved Nils Terje Skylstad, tlf 70 25 06 44
Topp-5 Riksheimdalen – antal noteringar i trimåret 1892
Astrup Kristoffersen 220 turar
Renathe Riksheim Oldeide 180
Ivar Flo 178
Hildegunn Eikemo Flo 85
Anne-Lise Erstad 67
Og vi nemner at superveteranen Anna Haugen, på langt over 90 år, hadde 60 noteringar i trimboka dette året. Det gir Særdeles Flott i karakterboka.
Velledalsjenter best i FK Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2009
Fotballsesongen (seriespelet) er over. FK Sykkylven sitt damelag vart nummer fire i 3.div kvinner med to velledalingar som frontfigurar.
Vi siktar Ingjerd Weiberg-Aurdal og Maria Fet Holmøy. Ingjerd vart toppscorar med 14 mål, dobbelt så mykje som nummer to på lista. Maria fann nettet fem gonger frå sin midtbaneposisjon, men er nok ein sterk kandidat til "Årets spelar" på damelaget. Hardaste utfordrar vil vi tru er Ingjerd. 14 mål i dameserien av ein fyrsteårs junior er uansett ein feiande flott prestasjon.
Med innsatsen i årets sesong er FK Sykkylven sjette beste seniorkvinneklubb på Sunnmøre, bak Fortuna, Hødd, Volda, Herd og Sunnylven. Og det er framgang!
Herrefotballen er eit sorgens kapittel, men vi registrerer at utflytt velledaling, Frode Linga, gjorde fem mål og innflytt, Jan Halvard Holmøy, tre denne sesongen. Med femteplass i nest høgaste kretsserie gjorde seniorfotballen i Sykkylven kommune i år sin svakaste prestasjon etter andre verdskrig, så her kan det berre gå ein veg…?
FK Sykkylven 2 greidde så vidt tosifra poengtal i lavaste kretsserie (5. divisjon). Her er det verdt å merke seg at Kvamsøy, med 250 innbyggjarar !!, greidde nær det doble – rett nok i ei anna avdeling.
Kanonsesong for trimpostane
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2009
Trimbøkenen på dei 13 trimpostane er no samla inn og nye bøker komne på plass. Trimgeneral, Nils Skylstad, fintel poeng om dagen og er smørblid.
Og det har han god grunn til.
-
Sjølv om vi held unna den nye posten i Straumgjerde har vi over 12 000 registreringar. Den gamle rekorden var i underkant av 10 000, seier Nils og legg til:
-
Før var det svært når nokon nådde 100 turar ved eit turmål. No er den tida forbi, ved mange av postane må ein ha 200, eller meir, for å vere i toppen
Nils røper at Brunstadsætra har vore beste turmålet siste året med over 3000 noteringar. Før han kjem med eit lite hjartesukk til storbrukarane av siste turmålet til idrettslaget i Straumgjerde.
-
Alle bør gjere slik Inger Riksheim har gjort i år. Skriv antal turar du har gjort bak namnet ditt. Hvis ikkje dette blir gjort er det nærast ei umenneskeleg oppgåve og telje poeng for kvar einskild person.
Nettsida vil kome med resultat frå dei ulike postane i nær framtid. For å halde på spenninga ei stund, tek vi berre eitt turmål i slengen. Så følg med!
Snipsøyrvatnet rundt – Nils klassevinnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Okt 2009
Sist helg vart Snipsøyrvatnet rundt arrangert på Hareid. Nils Terje Skylstad var einaste representant frå Velledalen IL.
"Hau-hynen", som Knut-Ole ville ha sagt, gjorde det skarpt. Totalt tok han ein fjerdeplass mellom dei kring 30 deltakarane, med ei sluttid på 49.48 i det drygt 12 km lange løpet. Og han var best av løparane over 50 år. Totalvinnar vart Joar Moldskred frå Dimna IL med tida 46.52.
Resultata frå klassa til Nils (50-54 år) vart slik:
Nils Terje Skylstad, Velledalen IL
49.48
Odd Arne Giske, Giske IL
50.13
Odd Elvanes, Hareid IL
51.15
Erling Vågeskar, Hasundgot IL
54.59
Stig Grimstad, Hødd IL
1.03.01
Sterke langløp av Brunstadekspressen
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2009
Sverre Gunnar Brunstad har delteke i Göteborg Maraton og NM terrengløp på Jessheim, begge stader med bravur.
På maratondistansen
i Sverige kom han inn på den fine tida 2.53.42. det heldt til andreplass i klasse M 40 og ein flott sjuandeplass totalt.
Under NM i terrengløp tok han ein sterk tredjeplass i klasse 40-44 år
Elles melder Brunstadekspressen frå Austlandet om relativt få konkurransar sist sommar, men at han ser fram til ein fin treningsvinter.
Eit ynskje vi lett kan slutte oss til.
Langrenn – lovande testløp av Kenneth
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2009
Dei beste langrennsløparane i kretsen hadde sist veke barmarkssamling i Valldal. Og særs gledeleg sett med VIL-auge; Kenneth Fet viste styrke.
Samlinga gjekk over fire dagar med i alt åtte treningsøkter. Utøvarane fekk såleis rikt høve til å bryne seg mot kvarandre.
For Kenneth sin del vart det ei positiv samling. Under rulleskitestløpet over 15 kilometer – halvparten klassisk og halvparten fristil, gjorde 17-åringen det godt. Runar Korsnes (Emblem) vart best, men han er fleire år eldre enn Kenneth, som vart nummer fire totalt. Og han fylgde dei to beste i klassa (Olav Erling Aaland og Geir Marius Øie)
så godt som heilt til mål.
-Det er betydelege treningsmengder som ligg bak framgangen. Sist månad var han oppe i 60 timar. Snart kjem overgangen frå barmark til snø, og alt tyder på at det vert ein spennande sesong, opplyser manager Pål Rune Fet til nettsida
Hilde vart historisk – vann KM i sjukamp
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Sep 2009
Hilde Riksheim Tandstad låg på fjerdeplass etter fyrste dag av KM i sjukamp i Molde. Då var målet pallplass, ettersom ho låg om lag 150 poeng bak jenta på andreplass.
Men siste dag, med øvingane lengde, spyd og 800 meter på programmet, gjekk veldig bra. Ho vann spyd og gjorde det solid i lengde, men ho var likevel langt bak leiaren, Siv Krakeli Sneen før 800 meteren. Her opna ho med ein sterk 71 runde og sprengde feltet tidleg. Det gjekk tyngre mot slutten, men ho vann 800 meteren på 2.34 under vanskelege forhold. Og då ho slo sin hardaste konkurrent med 37,5 sekund på denne distansen, heldt det til totalsiger, 29 poeng før nordmørsjenta Siv Krakeli Sneen. Maria Ringstad frå Dimna vart nummer tre, ei jente Hilde slo på 800 meter for fyrste gong når det galdt som mest.
Vi gratulerer stort.
Hilde er den fyrste i VIL-historia, 103 år, som blir KM-vinnar i mangekamp. Dermed vart ho dobbelt historisk i helga. Den fyrste som har representert klubben i mangekamp for kvinner og den fyrste som går til topps.
Tour de Sykkylven – SIL vann vellukka ”prøveklut”.
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Sep 2009
Fire lag (68 utøvarar) gjennomførte den 57 kilometer lange stafetten Tour de Sykkylven i dag. Sykkylven IL sitt lag vann føre Sykkylven Sykkelklubb, Velledalen IL og Team Expert
Utøvarane vart prøvde i fem ulike greiner under dei 17 etappane, nemleg løp, sykling, hesteskokasting, rulleski og fotball. Manager Knut Arne Hjelseth hadde tromma saman eit sterkt lag for SIL, som hadde god kontroll i kampen om å bli best.
Velledalen IL sitt lag gjorde ein god figur, og var det laget som nytta flest veteranar, med Olaf Øien som sprek eldstemann.
Mykje må rettast på frå arrangørhald før ein satsar sterkare, men skal ein dømme etter tilbakemeldingane har stafetten livets rett. Terje Aurdal i VIL opplyser til nettsida at det no vert evalueringsmøte, og at det er viktig at deltakarar kjem med innspel til Sykkelklubben eller VIL. Innspel både om kva dei likte og mislikte.
Sikkert er det i alle fall at samtlege deltakarar var fulle av entusiasme og innsatsvilje. Vêrgudane spela ikkje akkurat på lag med arrangørane, men alle lag fann vegen til mål og det er ikkje meldt om skader på løparar som sykla eller sprang i sleipt terreng
Resultat Tour de Sykkylven 2009
1. Sykkylven IL
2.16.32
2. Sykk. sykkelklubb
2.25.55
3. Velledalen IL
2.36.40
4. Team Expert
2.48.22
Fleire bilete i album.
Hilde vert historisk
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Sep 2009
Laurdag og sundag deltek Hilde Riksheim Tandstad i KM –sjukamp i Molde. Noko ingen har gjort før henne som representant for Velledalen IL.
Hilde skal gjennom fire øvingar laurdag og tre sundag. Laurdagsprogrammet ser slik ut: 100 meter hekk, 200meter, kule og høgdehopp. Sundag står favorittøvingane lengde og 800 meter på programmet, i tillegg til spydkast
Vi ynskjer Hilde lukke til og kjem med resultat frå det historiske stemnet i løpet av Helga.
Tour de Sykkylven – Velledalen sitt lag
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Sep 2009
1.
Ellen Marie Hole
2.
Ragnhild Berge
3.
jan Halvard Holmøy
4.
Nils Skylstad
5.
Eldrid Myhre
6.
Ole Johnny Myrseth
7.
Olaf Øien
8.
Svein Nakken
9.
Kenneth Fet
10.
Ole Peder Holmberg
11.
Ester Sætre
12.
Bjørn Nordtømme
13.
Simon Skylstad
14.
Gunn Tove Brochmann Skylstad
15.
Thomas Østrem
16.
Nina Hovdenakk
17.
Kristin Kalvatn
Starten går klokka 11.00 frå Dalemyra stadion
Kontakt følgebilen (918 66 226) for oppdatering om leiarlaget sin posisjon i stafetten.
Fire lag, det vil seie 68 utøvarar er påmelde – flott!
Premieutdeling i grendahuskjellaren like etter siste lag er kome i mål.
Birkebeinerløpet 2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Sep 2009
Olaf Øien vart nr. 7 i M65-69 med tida 1.44.18
Rolf Haxthow vart nr. 146 i M50-54 med tida 1.44.29
Nancy Eggen vart nr. 58 i K40-44 med tida 1.48.46
Dei to første representerer Velledalen IL, medan Nancy representere Sykkylven IL.
I tillegg vart utflytta sykkylving, Frode Hoprekstad nr. 399 i M40-44 med tida 1.50.34
Helsing servicemann til dei tre førstnemnde.
Geir Olav Øien, Eidsdal
INNBYDING TIL TOUR DE SYKKYLVEN
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Sep 2009
Velledalen IL og Sykkylven sykkelklubb inviterer ditt lag til å delta i ein annaleis stafett.
Tour de Sykkylven er ein stafett der fleire idrettar er representert, alder og kjønn varierer.
Start blir i Velledalen på Dalemyra stadion ved Velledalen skule
laurdag 26. september kl 11.00
Tour`n er på om lag 57 km fordelt på 17 etappar.
Løypa/ traseen går opp Velledalen på gamlevegen (Brunstad) og til Myrdalsætra, så kjem vi inn på fylkesvegen frå Stranda til Fjellseterskifte og opp mot Fjellsetra, vidare innover sætrevegen om Drabløsstølen til austenden av Nysetervatnet, her kjem vi inn på vegen frå Fausa og fylgjer denne nedover Fasteindalen til Ramstaddalen og ut til kommunesenteret Aure, så over Sykkylvsbrua og Sørstranda (om Riksheim) til Straumgjerde. Vidare på sørsida av Fetvatnet til Fet og gamlevegen (om Drabløs) til Dalemyra stadion.
Startkontingent kr 500 per lag.
Påmelding innan onsdag 23. september
Påmelding og informasjon:
Atle Hole
91743761 - 70250749
atlehole@online.no
Terje Aurdal
91866226 – 70253345
tausport@portalen.no
Vel møtt!
Meir info om Tour de Sykkylven finn du i ute i margen: Tour de Sykkylven( etapper og løypekart)
UK Tour de Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Sep 2009
Velledalen IL skal sjølvsagt stille lag i Tour de Sykkylven laurdag 26. september. Nokon må ta ut dei 17 personane som skal tilbakelegge dei 57 kilometerane.
UK står for Uttakingskomité. Dei tre personane som får den store ære er:
Svein Arne Nakken (leiar)
Pål Rune Fet (medlem)
Inger Anne Riksheim (medlem)
Vi legg ut meir (løypekart og etappar) om Tour de Sykkylven seinare i kveld.
Vi gratulerer
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Sep 2009
Komande helg er det Sommar-NM i skiskyting i Vik i Sogn. Ein utflytta velledaling har levert profileringsartiklar til arrangementet.
Det er firmaet Holmberg, med ikkje ukjende Morten Holmberg som adm.dir. vi snakkar om. For øvrig same firma Velledalen IL brukar.
Heile det norske stjernegalleriet med Ole Einar Bjørndalen i spissen vert på plass i Vik. Du finn meir om arrangementet på : nm2009vik.no
Over 23 000 i aktivitetsmidlar i 2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Sep 2009
Kultur- og kirkedepartementet har tildelt Sykkylven kommune kr 310 207,- i aktivitetsmidlar for born og ungdom i 2009.
Målsettinga med tilskotsordninga er å bidra til aktivitet og deltaking i medlemsbaserte foreiningar som driv idrett og fysisk aktivitet for born og ungdom. Målgrupper er born (6-12 år) og ungdom (13-19 år). NIF vil også prioritere stønad til idrettsskular og andre varierte idrettstilbod til barn og ungdom, samt til idrettslag som har spesielle trenar- og leiarutdanningstiltak
Alle lag i Sykkylven har fått eit grunnbeløp på kr 1000,-. Det er gitt skjønstilskot til Velledalen sin idrettsskule, VRF sin fotballskule og SIL sin fotballskule og Barn i løypa.
Summar til lag:
Velledalen IL: kr. 23 130,-
VRF. kr. 27 245,-
Sykkylven IL: kr 145 232,-(mest)
Sykkylven
Sykkelklubb: kr 4 720,- (minst)
Den er den høgste summen VIL nokon gong har fått, men så har aldri heller den totale potten til fordeling vore større.
Mangla fire centimeter på bronse
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Sep 2009
Hilde Riksheim Tandstad deltok i friidretts-KM for senior i Ulsteinvik laurdag. Ho vart nummer fire i lengde med eit bestehopp på 4,59 meter.
Dermed mangla ho fire centimeter på bronsemedaljen. Dei som hugsar tilbake til laurdag så var vêret ufyseleg. Slik var det òg under KM. Vanskelege forhold med vind og regn, og altfor kaldt til skikkelege gode prestasjonar. Men fjerdeplass i senior-KM for Hilde er absolutt bra. Hennar nye favorittøving, 400 meter, stod ikkje på programmet under KM.
Trimnytt
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Sep 2009
Det vert meldt frå trimgruppa at trimbøkene vert skifta ut i veke 41 (5.-11. oktober)
Trimgruppeleiar, Nils Terje Skylstad, skriv at med litt planlegging kan ein unngå å bli ståande med 98 eller 99 turar. Eller bli slått av kona/mannen/ naboen med èin tur.
Idrettsmerkeprøver vil bli arrangerte så snart vêret blir høveleg.
Så hald forma ved like !
Flott Alperittinnsats av Per Steinar og Bård
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Sep 2009
Alperittet er 42 kilometer langt. Terrengrittet har start og mål i sentrum. Særleg fyrste del av rittet er tøft, då syklistane syklar opp fjellet før dei bryt av med lettare terreng ved Hevsdalsheimen.
-Opninga var altfor hard så eg måtte sleppe teten tidleg, sa Per Steinar Linga til nettsida etter målpassering. Men Per Steinar jobba hardt opp fjellet. Etterkvart køyrde han seg opp i gruppa som kjempa om tredjeplassen i rittet. Her vart det spurt i sentrumsgatene, og Per Steinar tok ein flott fjerdeplass totalt med tida 1.30.17. Han vart med denne tida nummer to i største klassa, 20-39 år.
Bård Per Erstad er kjend som ein hardhaus i motbakkar. Opp fjellet ”sat” han fint i ryggen på damevinnaren Lise Grønbukt frå Flora CK. Rittet sin klart eldste deltakar tok det litt rolegare i unnabakkane, men kom likevel inn på fine 1.58.14. Det heldt til sjuandeplass i klasse 50+ . No er det slik at ein ikkje kan vente at personar i siste del av 60-åra skal konkurrere på lik line med 50-åringar, så neste år bør nok arrangøren legge inn ei ekstra klasse for dei eldste.
For dei som ikkje er klar over det, minner vi om at Bård vart hjarteoperert så seint som i desember 2008
Gratulerer med flott innsats til begge Per-ane.
Trimbingo i Regndalen utsett
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2009
Trimgruppa i Velledalen IL opplyser at den tillyste trimbingturen til Regndalen fyrstkomande sundag er avlyst/utsett.
Grunnen er todelt opplyser Nils Terje Skylstad i trimgruppa.
-
Mykje regn siste tida har gjort at det er blautt og sleipt ute i terrenget. I tillegg var fleire av medlemane i gruppa opptekne med andre gjeremål den aktuelle dagen (6.september).
I tilfelle det blir ny tur seinare vert dette kunngjort gjennom flygeblad og www.velledalen.net.
Grasrotpengar og antal spelarar i andre periode
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2009
Norsk Tipping har no betalt ut 5 prosenten (grasrotandelen) for månadane juni, juli og august.
Som alle veit er dette eit opplegg der du kan registrere spelekortet ditt i Norsk Tipping på det laget du sjølv vil. Kravet er at laget må vere registrert i Frivillighetsregisteret. Fem prosent av tippeinnsatsen din sender Norsk Tipping til laget spelekortet ditt er registrert på.
Vi tek med summane dei ulike laga har fått. Talet i parantes fortel antal registrerte spelarar i kvart lag.
Velledalen IL
kr 3238,-
(45)
VRF
kr 2236,-
(21)
Velled skulek. kr 332,-
(13)
Velledalskoret
kr 323,-
(7)
Normalt sett har desse sommarmånadane lavast tippeinnsats. Difor er det grunn til å tru dei ulike laga vil få større summar i klubbkassene no når vi går inn i den mørke årstida.
Hilde prøver 7-kamp
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Sep 2009
Siste helga i september vert utan tvil minnerik for Hilde Riksheim Tandstad. Då har ho nemleg planar om å debutere i sjukamp i Molde.
Øvingane i sjukamp er som fylgjer: 100 meter hekk, 200 meter, lengdesprang, høgdehopp, kulestøt, spydkast og 800 meter som siste øving. Nettsida skal fylgje opp denne hendinga.
Eigentleg er det modig gjort berre å prøve.
For at Hilde skal stå godt rusta har VIL kjøpt inn to spyd, eitt på 400 gram for yngre kastarar og eitt på 600 gram (som er vekta på det Hilde skal bruke).
Ettersom dette skjer same helga som prøveløpet i Tour de Sykkylven (stafett på 57 kilometer med Sykkylven Sykkelklubb og VIL som arr.), er det klart vi ikkje får med Hilde på VIL-laget her.
Fotoet er henta frå Ørstaleikane, der Hilde nyleg gjorde ei særs god tid i debutløpet på 400 meter (63.97). Kanskje er det nettopp denne distansen den allsidige idrettsjenta meistrar aller best.
Retting Fetvatnet rundt
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2009
Vi gjer merksam på at vi har justert nokre tider mellom løparar som sprang rundt F
etvatnet sundag.
Då starten vart framskunda i fem minutt, resulterte det i at nokre løparar kom for seint til start. I den fyrste resultatlista vart ikkje tidene til Sveinung Grebstad og Odd Lennart Lien justerte. Det er no gjort med det resultat at Lien vart nummer tre og Grebstad nummer fem. Begge gjekk èin plass fram--slett ikkje verst. Meld frå om fleire tider er feil.
Kjøp Ullmax gjennom idrettslaget
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2009
Det blir kaldare i vëret. Kanskje har alt gikta byrja ”jage” i rauaballane dine
Velledalen IL har for tida eit bra lager av Ullmax-produkt. Treng du noko kontakt
Elisabeth Urke eller Atle Hole. Prisane er førebels som før.
Ullmax melder i brev til idrettslaget at det komande sesong kjem ”9 nyheter” med satsing på barn og dame. Med andre ord ein spennande sesong.
Ullmax-produkt eigner seg godt til gåver. Veit du om ein jubilant som har det meste, så kjøp Ullmax. Uansett om vedkomande ser ”stimpen” ut eller ikkje
Per Steinar nummer 76 i Birkebeinerrittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2009
Så vidt vi veit var Per Steinar Linga einaste velledaling som heiv seg på trøene og sykla Birkebeinerrittet frå Rena til Lillehammer.
Det gjorde han svært så bra under vanskelege forhold. Mange av deltakarane fekk seg ufriviljuge gjørmebad undervegs. Så langt veit vi lite om Per Steinar sine uhell, men i resultatlista står han som nummer 76 i klasse 35-39 år med tida 3.30.40. Ei god tid under dei rådande forholda. Totalvinnaren, ein sveitser, sykla i mål i overkant av tre timar og to minutt
Kenneth og Nils raskast rundt Fetvatnet
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Aug 2009
Vêret var mest så ringt det kan verte, men likevel mønstra knappe 50 personar opp med startnummer i fjerde utgåva av Fetvatnet rundt. Takka vere naustet til Ole Jostein Fet kom dei fleste av funksjonærane truleg frå arrangementet med helsa i behald.
Det skapte litt trøbbel for enkelte at arrangøren lett alle starte samstundes klokka 13.00. Nokre av løparane vart dermed i seinaste laget til start. Mellom anna Odd Lennart Lien sprang litt raskare enn det resultatlista viser.
Kenneth Fet kom inn som raskaste syklist med tida 15.55. Løyperekorden er til samanlikning på 13.50 (Ole Johan Risa under gode forhold). Nils Skylstad leverte eit sterkt løp med tida
29.33, som ikkje er langt bak strandaren Anders Astad Sve sin løyperekord på 29.12 frå 2007. Robert Sogge er ein allsidig idrettsmann og tok andreplassen med 30.11 Eva Arntzen var raskaste syklist mellom damene (18.49), Elisabeth Overvoll Hole (Stranda) raskaste løpar (36.28).
Men farta er ikkje så viktig i Fetvatnet Rundt. Diverre gjekk vi glipp av mykje av det sosiale opplegget denne gongen. Alle ungane vart premiert, og det vart trekt premiar på startnummer. Her vann:
Ståle Eikrem
Bård Erstad
Bastian Weiberg-Aurdal
Robert Sogge
Turid Krüger
Jan Halvard Holmøy
Nina Eklund
Bilete ligg i album
Resultat
1
Nils Terje Skylstad
29.33
2
Robert Sogge
30.11
3
Odd Lennert Lien
36.28
4
Elisabeth Overvoll Hole
36.42
5
Sveinung Grebstad
37.35
6
Hilde Tandstad
38.53
7
Christina Holmberg
45.28
8
Bjarte Barstad
47.27
9
Ole Peder Holmberg
10
Per Vidar Lien
11
Per Gunnar Holmberg
Resultat SYKKEL:
1 Kenneth Fet 15.55
2 Bård Erstad 16.22
3 Svein Arne Nakken 17.33
4 Jan Halvard Holmøy 17.45
5 Eva Arntzen 18.49
6 Marius Kvingedal 19.52
7 Bastian Weiberg-Aurdal 22.22
8 Annlaug Lervåg 25.45
9 Bjørnar Lade 26.25
10 Kurt Lade 26.30
11 Karthrine Lauvstad 28.12
11 Ellen Marie Hole 28.12
13 Henrik Bjørnestad 29.21
13 August Bjørnestad 29.21
13 Per Inge Bjørnestad 29.21
13 Cecilie Bay Welle 29.21
17 Jens Hjortdal 30.07
18 Emma Holmberg 30.29
19 Nina Eklund 30.31
20 Peter Lauvstad 36.08
21 Ole Bastian Verpesdal 36.42
22 Anne Britt Leivdal 38.04
23 Sofie Verpesdal 38.06
24 Dagfinn Verpesdal 38.07
25 Magnus Verpesdal 38.37
26 Jeanette Melum 40.20
27 Mette Ulvestad 40.55
Ørstaleikane
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Aug 2009
Sterke resultat av Hilde Riksheim Tandstad i Ørstaleikane. 800 m tid 2.28.82 (1.plass), kule 6,48m (1.plass) og 400m 63.97 (2.plass)
Merk datoen 26. september
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2009
Då ser eit nytt idrettsamarbeid dagens lys. Det er Sykkylven Sykkelklubb og Velledalen IL som skal samarbeide om det tidlegare ”Ramstaddalsløpet” – no som stafett.
Stafetten blir på 17 etappar med start og mål på Dalemyra. Dei fleste etappane går som springing og sykling, men det vert òg etappe på rulleski, hesteskokasting er fletta inn i ein etappe og like eins presisjonsskyting med fotball. Kortaste springeetappen er på 200 meter, lengste sykkeletappen på kring 12 kilometer. Det er venta ei vinnartid på om lag tre timar.
Også løypa er litt endra i høve til tidlegare år. Den går mellom anna inn Holemarka og opp på Myrdalen, vidare går den på motsett side av Nysætervatnet i høve til tidlegare og på motsett side ned Grebstaddalen (Haugsetsida).
Bård og Per Steinar i Sykkylvsrittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2009
Då eg vart 66 (i mars 2009) fyrst då tok livet til......
Eit drygt halvår etter han vart hjarteoperert ved Feiring-klinikken var Bård Per Erstad (66) tilbake som konkurranseidrettsmann i det 66 kilometer lange Sykkylvsrittet.
Imponerande av Bård som var eldste deltakar av dei 39 startande. Han heldt god fart, men vi har diverre ikkje tida hans.
Per Steinar Linga gjorde ein fin figur dagen etter Istadrittet. Han tok rittet som fin trening før Birkebeinerrittet som går komande helg. Fyrste helga i september er han på plass under Alperittet med start og målgang i Stranda sentrum.
Fetvatnet Rundt utsett
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Aug 2009
Fetvatnet Rundt vert likevel ikkje arrangert 23 august. Dette fordi det då vil kollidere med Sykkylvsrittet på sykkel. Ny dato vert sundag 30. august
Dermed får alle ei ekstra veke til trening. Opplegget vert som før, fritt val mellom sykling eller løp/gang. Start/ mål vert på Fet, det vert premie til alle born og arrangementet har ei sosial ramme med grilling, kaffi og kaker. Parken til Pål og Turid vert open, og med bra vêr er det ikkje umuleg at somme vil bløyte stortåa i vatnet. Fetvatnet Rundt er eit typisk familearrangement. Her er ingen for god, ingen for dårleg.
NM-bronse til Henrik
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Aug 2009
Henrik Johan Fjærestad Holmberg gjorde det ikkje uventa skarpt i junior-NM i friidrett sist helg. Best gjorde han det på 200 meter der han tok bronsemedaljen.
Han noterte den glimrande tida 22.24, men det var litt for mykje medvind i Bodø til at tida kunne godkjennast.
Men Henrik deltok i fleire øvingar. I høgde, hans tidlegare favorittdisiplin, vart han nummer seks med 1.90 (meter). Han tok fjerdeplass i lengde med fine 6.36. Han deltok òg på 100 meter utan å nå finalen.
Systera til Henrik, Anna Maria, deltok på 400 meter
Fetvatnet Rundt nærmar seg
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2009
Alle store og små mosjonistar bør merke seg datoen 23.august. Då vert syklande, gåande og joggande invitert til mosjonsmønstringa Fetvatnet Rundt.
Distansen er ikkje avskrekkande. Temmeleg nøyaktig åtte kilometer. Start og mål på Fet. Siste åra har syklistane vore i klart fleirtal.
Opplegget har ein klar sosial profil med sal av grillmat, kaffi og kaker i Pål og Turid Fet sitt idylliske parkanlegg ved Fetvatnet. Dei tøffaste plar ta eit bad etter endt dyst.
Vi kjem tilbake med meir fakta om dette arrangementet etter VIL-styremøtet komande sundag.
Hilde persa på 1500 meter i kretscupen
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Aug 2009
Kretscupen i friidrett for 2009-sesongen vart avslutta sist helg (Midsund). Hilde Riksheim Tandstad deltok i lengde, 800 meter og 1500 meter.
Tidsmessig gjorde Hilde det best på 1500 meter. På denne distansen persa ho med nær åtte sekund. Ho fekk sluttida 5.13, som heldt til 5.plass på distansen.
På 800 meteren vart Hilde nummer fire med tida 2.31, eit halvt sekund bak Maria Ringstad på tredjeplass. Maria Vattøy frå Dimna IL vann begge løpa.
I lengdehopp hadde ikkje Hilde sin beste dag, men kvalifiserte seg likevel mellom dei åtte som fekk tre ekstra hopp. Dei hoppa stod ho over for å spare seg til 800 meteren.
Totalt vart Hilde nummer fire i ”kvinner senior – lange løp”. Her tel i alt fire løp. Hilde fullførte tre – og altså med ein sterk fjerdeplass som resultat, noko som gav gåvekort frå G-sport i premie.
Samanlagt vann Tingvoll FIK Kretscupen 2009 med 425 poeng. Denne klubben ville nok gjerne hatt Hilde på laget sitt, ettersom ho gjekk på skule der i 2008/2009. Heldigvis for VIL gjorde ikkje Hilde det. Vi takkar Hilde for åleine å ha samla 27 kretscuppoeng til Velledalen IL. Det heldt til 11. plass mellom alle klubbane !
Sykkylven IL samla totalt 17 poeng.
- Det er langt fram, men viss vi mobiliserer og får med nokre fleire utøvarar til neste år kan det bli bra, seier Hilde Riksheim Tandstad i ein kommentar i etterkant av årets kretscup.
Nils nummer fire i Fanaråken Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Aug 2009
Nils Terje Skylstad gjorde ein ny sterk prestasjon i helga då han vart nummer fire i klasse 50-54 år i Fanaråken Opp med tida 1.22.35
Det er ikkje mange skulelærarar som tek skulestarten like seriøst som Nils Terje.
Formmessig er han i ei særklasse. Tre harde motbakkeløp har han lagt bak seg siste tida som oppkøyring til skulestarten. Fyrst vart kan klassevinnar i Eggenipa Opp i Breim, før han tok fjerdeplass både i Saudehornet Opp i Ørsta og Fanaråken Opp i går.
Fanaråken Opp har start ved Turtagrø, 868 meter over havet. Mål er ved Fanaråkhytta som ligg 2068 meter over havet. Løpet er 8,6 kilometer langt med ei stigning på 1200 meter.
Vinnar i går vart ein ung mann frå Kenya, Richard Bartale, med tida 57.16
Vi tek med dei beste tidene frå klassa til Nils, 50-54 år:
1. Olav Terum, Aurland
1.12.17
2. Lars Sverdrup-Thygeson, Asker
1.17.19
3. Arne Johannessen, Politiets Fellesforbund
1.20.18
4. Nils Terje Skylstad, Velledalen IL
1.22.35
15 løparar deltok
Vi merkar oss at ”kjendisen” Arne Johannessen er i god form for tida. Men så har òg politifolk hatt rik anledning til å trene siste tida.
Glimrande Henrik!
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Aug 2009
Vi har tidlegare meldt om 7.plass i senior-NM i høgdehopp for Henrik Johan Holmberg. Men han gjorde det enno betre på sprinten.
I tillegg til høgde deltok Henrik både på 100 meter og 200 meter. På 100 meteren takka han for seg i forsøksheatet med 11.35
Men landets raskaste høgdehoppar (?) tok sin beste NM-plassering på 200 meter. Forsøksheatet gjorde han unna på 22.53. Det gjekk litt seinare i finalen, men resultatet vart ein glimrande 6.plass for utøvaren som er heilt fersk i seniorklassa.
Heile Velledalen gratulerer !
Nils klassevinnar i Eggenipa Opp i Breim
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Aug 2009
Det er nok å velje i for dei som likar motbakkeløp. Nyleg arrangerte Breimsbygda IL sitt løp som ber namnet Eggenipa Opp. Nils Terje Skylstad var der.
Trimgruppeleiaraen var ikkje snauare enn at han vann klasse 50- 54 år med tida 1.07.50. På andreplass i denne klassa kom Dag Arne Eide, Eidsfossen sykkel, med 1.08.38.
Totalvinnar vart Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve, med 50.56
I dameklassa sette May Britt Buer, Harding IL, ny rekord med 1.00.02
Komande helg deltek Nils i Fanarokken Opp, eit løp som plar samle mange deltakarar.
Henrik Johan nummer sju i NM
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Aug 2009
Vi har fått melding om at Henrik Johan Holmberg, som representerer Vik IL i Sogn, tok ein høgst respektabel sjuandeplass i NM i høgde med resultatet 1.95
Vi snakkar her om senior-NM som vart arrangert på Lillehammer sist helg. For dei som ikkje veit det: Aina Petrine Holmberg er tanta hans, Reidun Holmberg er farmora, John Holmberg er farfaren og
faren er ”utvandra” Morten Holmberg.
Nummer tre i Norway Cup
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Aug 2009
Christina Holmberg og Ellen Marie Hole kunne i natt stige av spelarbussen som to stolte høner i Stranda sentrum etter 3. plass i klasse J 16 under Norway Cup – verdas største fotballturnering. Stor pokal og bronsemedaljar under premieutdelinga på Ekebergsletta markerte slutten på ei fantastisk fotballveke.
Puljespel:
Stranda-Surnadal
2-3
Stranda – Søfteland
2-0
Stranda- Hvittingfoss
6-2
Dermed vart det andreplass i pulja, poenget bak Surnadal.
A-sluttspel:
Stranda – Haugar 3-1
Stranda – Tjalg 2-0
Stranda – Kårvåg/Havørn 0-0 (3-1 på straffespark)
Stranda- Skjetten 1-0 (kvartfinale)
Stranda – Åsane 0-2 (semifinale)
Lyn – Åsane 1-1 (finale). Lyn vinnar på straffespark
Det er ikkje fyrste gongen samarbeid mellom Stranda og Velledalen (VRF) gir suksess. I 1990 tok VRF sølv i G 16 med fire strandarar på laget
Nils nummer fire i klasse 50-54 år opp Saudehornet
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Aug 2009
Nils Terje Skylstad var åleine om å representere Velledalen IL under Saudehornet Opp i Ørsta laurdag. Den snart 52 år gamle læraren tok ein flott fjerdeplass.
Kraftprøva i Ørsta har ei total stigning på kring 1300 meter. To kenyanarar kom fyrst til toppen. Bestemann John Sompol noterte streke 48.55 som vinnartid.
Men vi held oss til klasse 50-54 år der Nils deltok . Resultata vart slik:
1.05.40 Olav Krakset
1.09.03 Geir Sandal
1.11.20 Arild Bjørdal
1.12.57 Nils terje Skylstad
1.13.27 Dee Cunningham
1.15.49 Ottar Sætre
1.17.37 Einar Strand
1.21.40 Svein Jarle Slenes
1.28.48 Odd Mangne Vinjevoll
1.43.54 Vidar Magne Sandal
Sterk jordbærdilt av Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Aug 2009
Hilde Riksheim Tandstad tok fjerdeplassen mellom damene i Jordbærdilten i Valldal for ei dryg veke sidan. Avstanden framover var ikkje stor.
Dameklassa vart vunnen av Synne Korbrekke frå Rustad IL (Oslo). Ho brukte 13.12 på den vel tre kilometer lange løypa med start og mål i sentrum. Som vi ser av resultatlista er det kort veg for Hilde fram til tredje- og andreplassen.
Resultat.
13.12 Synne Korsbrekke
13.37 Anniken Hjellbakk Hole
13.39 Anne Kristin Bredeli
13.46 Hilde Riksheim Tandstad
13.52 Elisabeth Overvoll Hole
14.00 Ann Kristin Hoel
14.15 Siv Kristin Tafjord
14.43 Oda Røyset
14.46 Kjersti Hoel
16.04 Hilde Henriksen
21.03 Vilde Øvstedal Roset
Som vi ser av namna er dei fleste i toppen av lista langrennsløparar
Velledalingar til Norway Cup
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2009
Komande helg startar fotballturneringa Norway Cup. Åtte fotballspelarar frå Velledalen skal delta.
FK Sykkylven stiller med eitt 11-ar lag og eitt 7-ar lag både i G 16 og J 16. Gutetroppen tel 24 aktive, mellom dei Robin Urke Brunstad, Bengt Hole Alnes, Hermann Bjørneseth og Espen Lade.
I J 16-troppa finn vi Anette Akselvoll Lade og Iselin Fet.
Stranda IL stiller tre lag, G 14, G 16 og J 16.
Velledalingane Christina Holmberg og Ellen Marie Hole spelar på Stranda sitt jentelag som skal møte Surnadal i fyrste kamp.
Olaf klassevinar i Mefjellet Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jul 2009
Valldal IL arrangerte i dag Mefjellet Opp, tøft motbakkeløp med start 1 meter over havet i Fjørå og målgang i drygt 1100 meters høgde. Distansen er om lag 7000 meter.
Velledalen IL var representert ved Olaf Øien i klasse 65-69 år og Stian Mork i klasse 23-34 år. Olaf kryssa mållina på 1.14.18, ei tid som heldt til klassesiger 1 minutt og 46 sekund føre Ole Magnar Øvrebust frå Stordal.
Stian, som har fleire ”kraftprøver” bak seg siste tida, vart nummer fem av ti deltakarar med tida 1.05.46. Begge godt nøgde med prestasjonane, sjølv om Olaf ikkje likar grusveg og klaga litt på lite trening siste tida.
Hans Martin Gjedrem, Valldal IL, vart totalvinnar med tida 47.02. Beste kvinne vart Elisabeth Hildenes frå Eid IL med 1.01.10.
Kort om løpet: Etter starten går løypa stort sett etter asfalt opp til Hauge. Derifrå etter skogsveg (grus) opp til Nysætra. Resten av løypa går etter sti. Eit fint løp, passe bratt, og med mosjonsklasse utan prestasjonsjag. Det er òg muleg å starte frå Hauge. Då er distansen på 7000 meter om lag halvert
Steffen på Hellesylt
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2009
Steffen Velle ligg her på andreplass med startnummer 222. Like bak kjem Joakim Jørgensen (221) og Robin Jørgensen (220)
Steffen Velle gjorde ein fin figur under Hellesyltløpet laurdag, der han deltok saman med Jørgensen-brødrene, Robin og Joakim. Robin vart nummer tre i guteklassa, med Joakimto plasser lenger bak. Diverre fekk ikkje arrangøren med seg tida til Steffen. Truleg vart han nummer åtte i ei klasse som talde 25 løparar. Flott innsats.
Marianne ”ruler” Vellesætra
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jul 2009
Lav skodde, sauer på sætrevollen, fred, ro og stille prega Vellesætra då www.velledalen.net sjekka trimboka fredag 10. juli
Vi hadde høyrt rykta, men såg det no ved sjølvsyn, at Marianne Urke vert vanskeleg å tukte i kampen om topplassen på Vellesætra dette året. Av dei fem på topp fann vi tre damer fyrst, så ei luke, før eit par mannfolk.
Toppane på Vellesætra pr. 10.juli klokka 20.00
114 turar: Marianne Urke
90 turar: Torhild H. Skogvold
82 turar: Arnhild Linga
67 turar: Kjell Magnar Berli
65 turar: Magnus Ødegård
Dei tre damene på topp kan neppe nokon rokke ved når Nils i oktober set opp topp-5 for trimåret 2008/2009. Men vi registrerer det vi kan kalle eit gledeleg ”comeback” av Magnus Ødegård – ein av dei trottigaste for ein del år tilbake.
Og ikkje minst gledeleg med ein ungdom inne mellom dei fem på topp. Sterk fjerdeplass av Kjell Magnar Berli er slikt som vert lagt merke til, og sett pris på. Stå på, Kjell Magnar!
Kort om turen for dei som ikkje har vore der. Heile turen er mellom 2-3 kilometer frå Brunstad, alt i motbakke, siste del brattast. Anleggsarbeid gjer at landskapet er opna opp og store deler av turen går på heller grov pukkstein. Reknar ein 30 minutt gange (utan pause) frå Brunstad kjem ein langt. Fullt muleg med overgangstur til Brunstadsætra. På den måten får ein med to trimpostar på same tur.
Prøv Vellesætra – vi garanterer mosjon for hjartet ditt, kroppen din, og turen opp går gjennom det landskapet i dalen som har endra seg klart mest siste året. God tur!
Brunstadsætra – populært turmål
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jul 2009
Fyrste boka som vart plassert ut er fullteikna, men trimgruppeleiar Nils har sjølvsagt fått ei ny bok på plass.
Alt tyder på at Brunstadsætra kan bli det mest populære turmålet i 2009. Trimposten som gir fire poeng vert av mange nytta som ein kjapp avstikkar frå kvardagen sitt stress og mas. Ein kveldstur tur retur Brunstadsætra er gjort på under timen. Sjølv dei formsvake greier dette. Men opningsbakken er bratt, så start forsiktig om anginaen ligg på lur.
Brunstadsætra er i fyrste rekkje damene sin arena. Denne trimposten har damene dominert opp gjennom åra, og det er ikkje noko unntak dette året heller. Torsdag 9. juli var dette trioen som kjempa om å bli ”Dronning av Brunstadsætra 2009:
100 turar: Marianne Urke
99 turar: Inger Anne Brunstad
89 turar: Linda Øye
Komande laurdag syter trimgruppa var brennheit grill og god stemning på sætra. Då er det 20 års jubileum for grillkvelden på Brunstadsætra.
Vi veit du kjem – hugs å skrive namnet ditt i boka.
Sætreelva i Holemarka – veteranane sin post
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2009
I fjor toppa Ingrid Hole denne posten, èi notering føre ektemannen Elling. Ingrid har skumle hensikter også i år er det likt til. I alle fall har ho lagt seg i tet.
I fjor vann Ingrid med èi fattig notering etter at Elling vart finta ut av trimbokhentar Nils. Då Elling kom og skulle tangere Ingrid sitt tal, hadde trimgeneralen vore der og skifta bok. Elling fekk ikkje teke den langspurten han hadde potensiale til å ta. Same feilen gjer han neppe i år.
Boka vart sjekka den 8.juli. Ingrid hadde 127 turar mot Elling sine 124. Nærast desse kom Oddmund Skylstad med 96. Sterkt, med tanke på at 85-åringen (grunna sjukdom) hadde sin siste tur 30.mai.
Lista mellom dei skarpaste:
127: Ingrid Hole
124: Elling Hole
96: Oddmund Skylstad
74: Kjellaug Ulset
61: Lovise Skylstad
57: Asbjørg Lade
56: Susan Osnes
53: Nils Skylstad
Som vi ser er det veteranane som dominerer. Av dei åtte på topp er Susan Osnes åleine om å vere under 50 år. Sætreelva i Holemarka gir fattige 2 poeng pr. tur. Difor er ikkje dette det turmålet vi tilrår for dei som jaktar samanlagtsigeren. Går ein frå Holegarden er turen 4,5 kilometer (tur/retur). Frå La drygt halvparten. Ein flott tur etter nygrøfta skogsveg der joggesko er meir enn godt nok fotty. God tur!
Brennheit grill i 20 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2009
I 1989 arrangerte Velledalen IL grillkveld på Brunstadsætra for fyrste gong. Komande laurdag er det 20 års jubileum når grillkveld nummer 21 vert arrangert av trimgruppa.
Vëret er sjølvsagt avgjerande på eit slikt utandørsarrangement. Det har vore så ymse desse 20 åra, men gjennomgåande kan ein ikkje klage. Det har vorte tradisjon at arrangementet finn stad same helga som fellesferien startar.
Som vanleg vert bakkane opp til sætra gjort lettare med trimbingo. Grillmaten plar vere av god klasse, like eins kaffien og kakene. Om trimgruppa har planar om noko ekstra 20 år etter starten er uvisst, men musikk til maten har vore fast og populært innslag siste åra.
Idrettslaget reknar med rekord, både når det gjeld frammøte og appetitt.
Kåre Petter flittigast på Myrdalsfjellet
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2009
Om tre månader (ca) avsluttar trimgruppa trimåret med skifte av bøker på dei ulike postane. Nettsida vil i tida framover sjå litt på stoda. Og vi starta med Myrdalsfjellet.
Datoen var 5 juli. Posten har vore bra besøkt, men uråd å finne for dei som ikkje visste der låg ei trimbok på toppen. Boka var nemleg så innelødd med stein at den var heilt usynleg. Men for dei som veit der ligg ei bok er det greitt, og det veit tydelegvis velledalingane, eller folk med opphav i Velledalen. Slike var i stort fleirtal når vi bladde litt gjennom sidene.
Flest turar den aktuelle datoen hadde Kåre Petter Grimstad og hunden Tass med 20. Like bak fann vi trimgruppeleiar Nils Skylstad med 18. Desse to ”heilårsgangarane”hadde fleire vinterturar bak seg. Like bak jakta eit kobbel damer med 10-15 turar.
Konklusjon:
Ettersom ingen hadde meir enn 20 turar er det heilt ope kven som vert årets trimmar på Myrdalsfjellet. Kåre Petter Grimstad er tittelforsvarar frå 2008, og ligg i posisjon til å forsvare denne. Men mykje kan endre seg på knappe 100 dagar – i ferien vil kanskje somme ta natta i bruk..?
Halmstrået – 3 pluss 1 i Lotto
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2009
Tippelaget ”Halmstrået” var denne helga nær smågevinst i Lotto. 4 pluss tillegggstal held, men vi måtte nøye oss med 3 pluss tilleggstal.
For at aksjonærane skal halde seg oppdatert tek vi med Lottotala vi har inne. Dei gjeld i tre veker til (til og med 25. juli). Rekkene ser slik ut:
2-6-8-16-21-23-29
12-15-21-22-26-30-33
8-10-13-20-22-27-30
2-4-6-17-21-24-30
13-20 –25- 29-32-33-34
4-8-9-12-15-28-34
1-3-4-14-20-30-34
10-12-15-20-25-31-32
7-9-17-21-27-29-31
2-3-12-14-18-29-34
Seigliva ”halmstrå”
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jul 2009
Tippelaget Halmstrået er enno ikkje avvikla. Vi trudde det kanskje vart slutten no sist helg, men oddstippinga gjekk inn med 522 kroner så vi held oss enno med spelepengar.
I Lotto vart det levert inn ein femvekerskupong. Den gjekk inn med tre rette. Vi har altså fire veker igjen. Lottotippinga har vore elendig- heilt utan premie til denne tid, men det er trass alt her vi kan gjere dei store pengane.
På oddsen vart det tippa seks kampar (innsats 200 kroner). Fem av kampane gjekk inn. Den siste vart spela i går Lillestrøm-Start (3-2). Totalt 522 kroner i premie, eller rettare sagt ein netto på 322 kroner.
Lottotala på den nye kupongen kjem på nettsida til helga.
Konrad Extrem 2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jun 2009
Bilete frå turen opp til toppen Koppen ligg no i album.
Arve Rindal suveren i Konrad Extrem
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jun 2009
I sterk varme, men elles under gode forhold, var det fyrste Konrad Extrem arrangert sundag. Arve Rindal frå Eid IL sprang frå botnen av Hjorthol skogsveg til Koppen på 17.15
Knappe 40 løparar fullførte prøveløpet Konrad Extrem. 18 av desse i konkurranseklassa.
Nærast Rindal kom syklisten Per Steinar Linga med tida 19.33. Ettersom løpet talde som bygdameisterskap i motbakkeløp kan Per Steinar no smykke seg med denne tittelen.
Nancy Eggen vart beste kvinne med tida 24.11. Ho var seks sekund raskare enn Elisabeth Overvoll Hole som vann kvinner under 20 år. Eldste løpar var Karstein Sørland frå Emblem. 80-åringen brukte 44 minutt på turen.
Samtlege i konkurranseklassa vart premiert. I klassa tur/trim vart det trekt premiar på startnummer. Røde Kors var på plass, men heldigvis var det ingen som fekk problem i den sterke varmen. Arrangøren fekk positive tilbakemeldingar på løypetraséen og arrangementet.
Resultat Konrad Extrem 2009
Kvinner under 20 år:
Elisabeth Overvoll Hole, Stranda
24.17
Christina Holmberg, Velledalen
30.24
Kvinner 30-39 år:
Ingvild Leichty, Velledalen
26.16
Kvinner 40-49 år: Nancy Eggen
24.11
Menn under 20 år:
1.Olav Ekornes Håskjold
21.55
Kenneth Fet, Velledalen
21.55
Menn 20-29 år:
Arve Rindal, Eid IL 17.15
Jo Andre Tandstad
23.02
Menn 30-39 år:
Per Steinar Linga, Velledalen IL 19.33
Stian Mork, velledalen IL
23.48
Haavard Haaskjold, Trott, 37.04
Menn 40-49 år:
Svein Arne Nakken, Velledalen IL
22.25
Bjørn Arve Brune, Stranda IL
24.17
Bjarte Barstad
28.20
Menn 50-59 år:
Svein Helge Hjorthol, Velledalen IL
27.13
Asbjørn Tandstad, Velledalen IL
28. 04
Menn 80-89 år: Karstein
Sørland, Emblem IL 44.01
Her er den klare vinnar på tur mot toppen.
”Bø-Sverre” i maraton-NM
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2009
Sverre Gunnar under Folkerennet 2009. Kanskje han la grunnlaget her?
Sverre Gunnar Brunstad vart nummer tre i NM i maraton i klasse 40-44 år med tida 2.50.09
NM vart arrangert i Tromsø. Deltakinga var ikkje spesielt god med totalt 38 løparar i herreklassa. Totalvinnar vart Ronny Hognestad frå Sandnes IL med tida 2.32.16. Tida til Sverre Gunnar heldt til niandeplass uansett klasse. Ein flott prestasjon av velledalingen som no representerer Lørenskog FIL.
Konrad Extrem i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jun 2009
Konradløpa i Velledalen utvidar konseptet med eit Konrad Extrem komande sundag (sjå annonse). Løpet startar i botnen av Hjorthol skogsveg – like ved riksvegen – og endar på fjellet Koppen kring 540 meter over havet. Løypa er kring 2000 meter lang med ein høgdeskilnad på om lag 430 meter. Konrad brukte denne løypa som treningstur når han var i 70-åra og fyrste del av 80-åra. Ofte kom han ned att og kryssa riksvegen når folk i dalen reiste utover på arbeid i halv sju tida om morgonen.
Løpet har to klasser. Tur/trim for dei som vil gi seg god tid. Her er det inga tidtaking, men det er påmeldingsregistrering og premiar trekte på startnummer.
Konkurranseklassa har fellesstart. Fyrstedel av løypa går etter skogsveg, brattaste delen etter sti. I konkurranseklassa er det tidtaking med premiering i alle klasser. Løpet tel og som bygdameisterskap i motbakkeløp.
Årets arrangement er ei prøve på om dette er liv laga. Det er venta at vinnartida vil ligge under 20 minutt. Harald Hjorthol (97), eldste personen i Velledalen, gjorde ein litt kortare variant av turen på 15 minutt i 1926 (eller der omkring). Men det var ein meir ”rett opp trasé” frå fremste del av Hjorthol.
Dette løpet startar på ettermiddagstid fordi då står ikkje sola rett på og det vert litt svalare. Løypa er bratt. Det er skumlare i nedoverbakke enn oppover. Arrangøren meiner at born under ti år ikkje må delta åleine, men vere i fylgje med vaksne.
Velkomen til Konrad Extrem, og test gjerne ut løypa i dagane fram til helga.
Konrad Extrem
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jun 2009
Tur/Trim
:Start kl.15.00-16.00 – startkontingent kr 50,- pr. pers – inga tidtaking
Konkurranse:
Fellesstart kl. 16.00 – startkontingent 100,-pr.pers – tidtaking
Premiering i begge klasser – Drikkestasjonar
Påmelding før start den 28.juni, eller til e-post:s-tands@online.no(hugs klasse og f.år)
arr. Velledaeln IL
Ikkje God Helse-midlar til VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jun 2009
I mars søkte Velledalen IL på God Helse-midlar vedkomande dei sporslege lavterskeltilboda Konradløpet, Det Store Folkerennet og Fetvatnet Rundt. I dag fekk vi avslag.
Det var Sykkylven kommune ved Lars Petter Vemøy som oppfordra VIL til å søkje. Ein fyldig søknad med foto frå dei aktuelle arrangementa vart sendt inn innan fristen som var 15.mars. Vi trudde vi hadde ei god sak. Aktivitetstilbod der ingen er for god, ingen for dårleg, og der alle aldersgrupper kan delta.
Fylket skriv fylgjande i avslaget:
” Av budsjettmessige årsaker finn vi dessverre ikkje å kunne prioritere tilskot til Dykkar prosjekt. Vedtaket kan påklagast innan tre veker etter at det er motteke. Klagen må grunngjevast og sendast skriftleg til Møre og Romsdal fylke, kulturavdelinga.”
Vi får invitere sakshandsamar Svein Neerland, eller nokon andre av toppane i Molde, til desse arrangementa. Kanskje vi då stiller sterkare ved neste korsveg.
Friske takter av herr Holmberg
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jun 2009
Vi har tidlegare omtala Henrik Johan Holmberg på denne sida. Halv velledaling og allsidig
friidrettsutøvar
Nyleg deltok han i Tyrvingleikane, og gjorde det skarpt. Det vart ny pers på 400 meter med tida 50.81 (9.plass i seniorklassa), han sprang 200 meter på 22.88 (5.plass) og han hoppa 1.85 i høgde (3.plass).
Dei som kjenner faren veit at han og var rimeleg kjapp i sin ungdom – men ikkje fullt like rask og spenstig som sonen. Eller…- var det berre slik at han ikkje tok ut potensialet sitt..?
Sterk 800 meter av Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jun 2009
Hilde Riksheim Tandstad gjorde ein sterk 800 meter under kretscupen i Molde sist laurdag
Ho kom inn på
tida 2.29, som er ny personleg rekord. Tida heldt til andreplass av åtte deltakarar i seniorklassa. Dermed sikra ho verdfulle kretscuppoeng til Velledalen IL
Dagen etter starta Hilde på 3000 meter. Den måtte ho diverre bryte, på grunn av skaden ho har slite med den siste tida.
Hilde skriv i ein kommentar at målet no er å bli heilt restituert før det vert aktuelt med fleire konkurransar.
800 deltok i Geiranger – flott innsats av dei lokale
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2009
Velledalen IL
var representert med tre utøvarar i Geiranger. Det var ungguten Kenneth Fet på sykkel og veteranane Olaf Øien og Rolf Haxthow i halvmaraton.
Men det deltok fleire med band til Velledalen, som Per Steinar Linga, Bente Johnsen og Ole Johnny Myrseth
Resultat, sykkel:
Kvinner 30-39 år: Bente Johnsen 4.14.10
Menn 17-19 år: 9. Kenneth Fet 1.35 16 (flott debut)
Menn 30-39 år: 3. Per Steinar Linga 1.17.49
32. Ole Johnny Myrseth 1.43.14 (77 fullførte i denne klassa)
Resultat løp:
Menn 50-54 år: 8. Rolf Haxthow 2.30.52 (med glimrande sluttspurt)
Menn 65-69 år: 3. Olaf Øien 2.31.18 (same plassering som i fjor)
-
Dette er det hardaste løpet av alle eg har hatt her inne, sa Olaf Øien rett etter målpassering. Og han har delteke ofte.
Vi beklager at vi ikkje greidde få foto av Per Steinar Linga. Han var truleg for rask. Av syklistane frå Sykkylven var det berre Ole Johan Risa som var raskare. Elles gratulerer vi Nancy Eggen (løp) og Anne Lindvik (sykkel) med klassesigrar, og Vegard Kaland vinnar i miniton.
Fleire bilete ligg i album på idrettslag si side.
Klart for den årlege seigpininga i Geiranger.
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jun 2009
Laurdag 13.juni er det klart for den årlege seigpining i Geiranger for mosjonistar og dei som er litt tøffare enn mosjonistar.
Ja, for du kan kome langt som mosjonist. Ta eksempelvis Geirangermarsjen med fire ulike løypelengder. Du kan starte frå sentrum og gå til toppen av Dalsnibba (nær 1500 meter) – ei strekning på 21 kilometer, eller du kan ta kortaste alternativ – frå Djupvasshytta til Dalsnibba (ca 5 km).
Eller ein kan delta i Miniton (4,2 km) – som er ein tidel av eit maratonløp. I Geiranger er det start i sentrum og mål ved Flydalsjuvet.
Men rosina i pølsa er sjølvsagt NM i motbakkeløp og uoffisielt NM i motbakkesykling
Fleire lokale heltar stiller til start. Fremste kortet frå Velledalen er nok tvillaust Per Steinar Linga på sykkel. Sist helg sykla han Bergen-Voss, og han kjem ikkje til å bruke stort meir enn kvarteret over ein time på stigningen frå fjorden til toppen av Dalsnibba.
Skiløparen vår, Kenneth Fet (17) er debutant på sykkel. Vi trur Kenneth greier turen fint – skal vi tippe han til topps på 1 time og 39 minutt.
Olaf Øien representerer VIL, og han skal springe. Han vert nok mellom dei eldste som deltek. Løypa kjenner han godt etter fleire sterke løp tidlegare. Olaf har fleire topp-3 plasseringar i klassa, noko vi trur han greier i år òg
Ole Johnny Myrseth som går langrenn for VIL skal sykle – det gjer han for Huindeidvik IL
Og Bente Johnsen, som tidlegare budde i Velledalen, er klar for si tredje oppstigning. I fjor melde ho seg på Førjulsmessa nærast i medvitslaus tilstand då Nibberittet var langt framskrede. Skjer det same i år…? det er uvisst om ho stiller for Ekornes BIL eller for Nordlandslefsas Venner
Elles blir ei heil røys av sykkylvingar i Geiranger. Samla er det venta 1000 deltakarar på marsj, miniton, nibberitt og halvmarton. Det er meldt kaldt vêr, dermed vert det heilt sikkert ikkje rekord i antal sveittedråpar
Følg med, www.velledalen.netfylgjer pinslene på nært hald.
10 000 seint i kveld?
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2009
Seint i kveld eller tidleg i morgon vil VIL-sida passere 10 000 treff.
Gi oss gjerne eit hint om du vert besøkande nummer 10 000. vi set pris på å høyre frå deg. Elles må folk gjerne kome med synspunkt på sykkylvsfotballen. På langt nær alle sider ved den er sett under lupa førebels.
Somme trur det er Sykkylvsdagane som er det store denne helga, men det er faktisk i Geiranger store hendingar finn stad, med dobbel-NM i bakkane opp mot Dalsnibba.
Vi kjem med eiga sak om dette i kveld.
Tippelaget Halmstrået lukta på Lottopremie
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jun 2009
Sist helg vart det ikkje levert tipping av tippelaget Halmstrået, men laget har inne ein femvekers Lottokupong.
Så langt har vi ikkje vunne i Lotto, men det var i alle fall det næraste vi har vore, ettersom vi enda på 3 rette pluss eitt tilleggstal. Men det er ikkje godt nok til å vinne heldigvis har vi eit par sjansar att.
Komande helg prøver vi langoddstipping igjen. Det er i denne ”greina” vi har halde oss med spelepengar.
Vi nemner til slutt at fyrste utbetaling frå grasrotandelen er i hamn. Det vart 3190 kroner for mars, april og mai. 36 spelekort er pr. dato registrerte på VIL. Tusen takk til alle som har VIL som sitt grasrotlag.
Ny bronse og femteplass til Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mai 2009
Hilde Riksheim Tandstad vart nummer tre i lengde og nummer fem på 200 meter under andre dag av friidretts-KM på Midsund.
Sjølv om ho berre var 12 cm frå gull, hadde ikkje Hilde fullklaff under lengdehoppkonkurransen. Denne planken er ikkje alltid så lett å treffe når det gjeld som mest.
200 meter er for sprint å rekne, så her hadde ikkje Hilde dei store ambisjonane.
Men to bronsemedaljar og ein femteplass er absolutt respektable prestasjonar i eit KM.
Om fjorten dagar er det Kretscup, og då håper vi VIL vert representer med fleire enn Hilde.
KM-medalje til Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mai 2009
Hilde Riksheim Tandstad vart i dag nummer tre i KM 1500 meter. I morgon kjempar ho om nye medaljar då ho deltek i lengdehopp og 200 meter.
Det var Dimna IL sin sterke løpsduo, Maria Ringstad og Maria Vattøy, som to dei to fyrste plassane i 1500 meter løpet. Vi kjem tilbake med ei oppsummering i morgon, når Hilde er ferdig med KM-helga på Midsund, der ho er einaste deltakar frå VIL.
HALV VELLEDALING OVER 1.90 I HØGDE
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mai 2009
Nyleg vart det arrangert høgdegalla med eit rekordstort publikum i Vik i Sogn. Brede Ellingsen vann med 2.15. Ein ”halv” velledaling kom på andreplass med 1.90.
Henrik Johan Holmberg er son til Morten Holmberg og
ein svært habil idrettsmann. Han svinga seg over 1.90 på heimebane på Vikøyri, og kneip med det andreplassen før fleire jamngode konkurrentar.
-
Målet er å passere 2 meters grensa i løpet av sesongen, fortel visemanager og far, Morten Holmberg, til velledalen.net.
Henrik Johan er òg ein habil fotballspelar, der han spelar for Vik IL i 3. divisjon Sogn og Fjordane - med spenst og stor fart som sine største aktivum.
Ny nettrekord i kveld
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mai 2009
Nettsida til Velledalen IL vil truleg sette ny nettrekord i kveld
Rekorden frå jaunar 2009 lyder på 1108 besøk. Klokka 20.00 i kveld stod vi på 1103 månadsbesøk. Vi minner om at vi har ei heil veke att av mai, så før månaden er omme vert det nok snakk om ei knusing av den gamle rekorden.
Konradløpet skal ha mykje av æra, men òg under Bygdameisterskapen i motbakkeløp steig besøkstala på sida kraftig. All aktivitet skaper auka trafikk på nettsida har det vist seg.
Også hovudsida vil etter alle solemerke notere ny månadsrekord. Vi kjem tilbake med endelege tal 1.juni.
Koldabakken Grand Prix – høgt nivå
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2009
16 deltakarar trassa regnvêret og møtte til start i Koldabakken Grand Prix – bygdameisterskap i motbakkeløp sprint.
Alle 16 gjorde ein framifrå innsats, frå Pernille Linga som den yngste til Paul Hole (snart 80) som den eldste. Tidsmessig var det tre mann som skilde seg ut, Eivind Fet, Per Steinar Linga og Jo Andre Tandstad. Alle tre utøvarar på høgt nivå innan sine idrettsgreiner, men ingen av dei aktive som motbakkeløparar. Eivind er mest kjend for sine prestasjonar i fotball og alpint, Per Steinar er syklist og Jo Andre bordtennisspelar. Eivind og Per Steinar fekk begge tida 1.35 opp den kring 350 meter lange bakken. Jo Andre kom inn på 1.42
Mari Leichty vart beste kvinne med fine 2.13. Gode tider også av Nina Ulstein og Inger Riksheim
I ungdomsklassa hadde Ole Peder Holmberg best tid med 2.14. Vi merka oss at han slo far sin, Per Gunnar, med fire sekund.
I klassa 10 år og yngre (utan tidtaking) deltok fire utøvarar, alle jenter. Eit skuffande lavt tal og særdeles BLEIKT av gutane. Og når eit bygdameisterskap vert annonsert i Sykkylvsbladet, skulle ein tru at andre deler av bygda enn Velledalen burde stille til start. Det var ikkje tilfelle denne gongen i barne- og ungdomsklassa.
Alt i alt ei vellukka motbakkemønstring. Neste gong er det Konrad Extreme som står på programmet, med start frå Hjorthol sundag 28. juni i normal tid.
Resultat:
10 år og yngre (utan tidtaking)
Pernille Linga
Sofie Skylstad Hole
Lene K. Hole
Emma Holmberg
Ungdomsklasse:
Ole Peder Holmberg
2.14
Sondre Brochmann Skylstad 2.35
Ove Magnus Ødegård 2.49
Kvinneklasse:
1. Mari Leichty
2.13
2. Nina Ulstein
2.30
3. Inger Riksheim
2.36
Herreklasse:
1. Eivind Fet og Per Steinar Linga, begge
1.35
3. Jo Andre Tandstad
1.42
4. Per Gunnar Holmberg
2.18
5. Alf Petter Bøe
2.32
6. Kai Skylstad
2.58
7. Paul Hole 5.19
Bilete frå motbakkeløpet ligg i album.
Koldabakken Grand Prix
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mai 2009
Ope bygdameisterskap i motbakkeløp – sprint
Vert arrangert på Hole torsdag 21.mai – start klokka 16.00
PÅMELDING: Ved start frå klokka 15.00
DISTANSE: Ca 400 meter
UNDERLAG: Gras/sti
STARTKONTINGENT: Kr. 40,- pr person
PREMIERING: Alle vert premiert
Løpet vert avvikla med enkeltstart (30 sekund mellom kvar løpar). Unge som gamle kan delta. Inga tidtaking for løparar ti år og yngre. Startpunktet ligg 200 meter frå garden til Nils Skylstad på Hole. Parkering på Hole
Utflytta velledaling avgjorde lokaloppgjer
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mai 2009
900 tilskodarar såg Stranda kjempe om viktige 4.divisjonspoeng mot nabo FK Sykkylven 16. mai. Frode Linga vart matchvinnar nær tre minutt på overtid.
Stranda leia både 2-0 og 3-1. FKS reduserte i det 82 minutt, men kampen såg ut til å ebbe ut med 3-2 siger til heimelaget. To minutt på overtid fekk Olav Arne Nordstrand hårtustane på eit langt frisparklegg slik at det stod 3-3.
Stranda kasta så alle mann ukritisk i angrep. Dei VILLE vinne denne kampen. FKS braut angrepet, kontra perfekt, slik Frode Linga kom åleine mot keeper Bjørdal. Linga var kald om meistra manndomsprøva til stor jubel frå dei blåkvite sine sympatisørar.
Seigliva halmstrå
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mai 2009
Tippelaget ”Halmstrået” tok pause sist helg, for å ha penger til å teste den nye tippebutikken Joker Velledalen. 16. mai vart det tippa Lotto og Langodds.
Vi leverte ein ferdigutfylt femvekerskupong i Lotto. Den gav tre rette i går. For at aksjonærane skal få fylgje med ser tala slik ut (gjeld fire veker til)
1-3-13-22-26-28-32
8-18-21-23-24-26-31
3-11-16-25-26-30-31
8-9-10-13-16-21-25
2-9-17-18-24-25-34
4-8-9-14-19-22-28
1-2-4-20-26-29-31
2-7-17-20-27-31-33
1-2-12-13-18-27-30
2-3-4-9-12-13-25
Så tippa vi langodds. Der er ”Halmstrået” sterke. Vi kombinerte ein kupong med kvinnefotball (Røa- Kolbotn), tysk-, engelsk- og norsk herrefotball. Dei fem kampane med herrefotball glei rett inn, medan Røa svikta.
Dermed har vi bevist at det er fullt ut mogleg å vinne med Marianne og Torill på Jokerbutikken. 305 kroner glei elegant inn på spelekortet til tippelaget.
Tippelaget Halmstået er heller lite med 46 aksjar totalt. Største aksjonæren sit på ti aksjar og bur på Grebstad. Det skulle i utgangspunktet tippast for 90 posent av innkomen aksjekapital. Det er no på det næraste gjort (300 kroner att)
Men dersom vinnarpotten vart mindre enn 100 kroner pr. aksje, skulle det tippast for pengane i staden for utbetaling til aksjonærane. Ein vinnarpott på
1432 kroner så langt, betyr at desse går til vidare tipping. Desse satsar vi på å bruke dei neste fire vekene (då lottokupongen går ut) og så får vi gjere ny status då.
Ope bygdameisterskap – motbakkeløp sprint
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mai 2009
Kristi Himmelfartsdag (21.mai) arrangerer Velledalen IL ope bygdameisterskap i motbakkeløp, kort løype.
Løypa er ikkje stort meir enn 400 meter lang, men det er motbakke heile vegen. Løpet vert arrangert på Hole. Der ligg Koldabakken, på garden til Nils Terje Skylstad. Startpunket ligg om lag 200 meter frå Nils sitt bustadhus, retning innover mot Holemarka.
Nokre fakta:
Påmelding:
Før start
Start:
Klokka 16.00
Startkontingent:
Kr 40,-
Premiering:
Alle vert premiert
Klasser:
Ope for alle (0-90 år)
Tidtaking;
Alle over ti år
Dersom godt vêr kan det bli bålbrenning og grilling i målområdet. Ta i så fall med grillmat.
Underlaget er gras/sti. Småsleipt hvis regn.
VIL- friidrett
Ingen frivilleg avtale
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mai 2009
Det er no klart at det ikkje blir nokon frivilleg avtale mellom grunneigarane på Drabløs og Sykkylven kommune med omsyn til lysløype for langrenn i Ladalen.
Kommunen gav fyrst eit tilbod på fem kroner pr. løypemeter (1910) pr år. Dette vart ikkje godteke. Kommunen plussa på tilbodet til 8 kroner pr. løypemeter, noko som ville utgjort ei årsleige på 15 280 kroner pr.år.
Heller ikkje dette vart godteke. I staden kom det forslag til avtale frå Drabløs grunneigarlag i etterkant av eit møte i grunneigarlaget i april. Der kravde dei 100 kroner pr. løypemeter pr. år. Denne prisen skulle indeksregulerast, og ei planlagt tidtakarbu var ikkje inne i avtalen. Dette ville bety ein grunnleigepris pr. år på 191 000 kroner for sjølve løypa.
Det er liten grunn til å tru kommunen sine menn og kvinner spratt i taket av eit slikt tilbod.
Kostbare vedtak
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mai 2009
Vi har tidlegare meldt at Sykkylven kommune har godkjent riving av eit eldre garderobebygg på Dalemyra i Velledalen.
Totalt var brevet på sju liner. Nokre lange og nokre korte. I tillegg fire standardliner om at vedtaket kunne klagast skriftleg innan 3 veker jf. Forvaltingslova paragraf 28.
Nokre få dagar etter idrettslaget fekk brevet med vedtaket kom rekninga. Den lydde på 1270 kroner. Eller om lag ei dagsløn for ein kommunebyråkrat.
Det er ved slike høve ein kunne ynskt at Velledalen var ei eiga kommune.
Sponsorstøtte Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2009
Velledalen IL takkar alle som støtta årets Konradløp med gåvepremiar
EKORNES
AMATEC
B.S.AURE – INTERSPORT
B:S:AURE – JERNIA
MORTEN HOLMBERG
MEGA, SYKKYLVEN
JOKER VELLEDALEN
MØRE TRAFO
VELLEDALEN MØBLER
KRONA PÅ VERKET
Ø.URI & SØNN
FET SNIKKARVERKSTAD
TINDEMAT
HOLMBERGS GARTNERI
BRØVOLL OG
HJORTHOL GRUNNEIGARLAG
VELLEDALEN HELSELAG
TREN, SYKKYLVEN
DESTINASJON GEIRANGERFJORD
HOLE GRUNNEIGARLAG
Dersom premiesjef Håkon Fedt, eller andre,
veit om firma som har gitt gåver, men ikkje kome på lista, så ver venleg
og meld frå slik at alle kjem med.
Hadde du tenkt å gi men gløymde det, tek vi framleis mot med tanke på Konrad Ekstrem, som vert arrangert sundag 28. juni.
Norsk tipping – Grasrotandelen etter 2 mnd.
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2009
Snart er det tippestart i Joker Velledalen
(14.mai). Då vil det venteleg vekse raskare på
kontoane til laga som er registrerte som mottakarar av ”grasrotpengar”i vårt område.
Etter to månader ser statistikken slik ut:
Velledalen IL - 1897 kroner
– 20 spelarar
VRF – 1461 kroner – 13 spelarar
Velledalen skulekorps – 1287 kroner – 1 spelar
Velledalskoret – ingen tilgjengeleg statistikk.
Konradløpet - Fantastiske Adrian
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2009
Fleire unggutar vart lagt merke til under årets Konradløp. Nokre av dei imponerte stort. Aller mest Adrian Hatlestad, som vart nummer tre totalt med tida 16.10. Dermed vart han beste sykkylving i løpet dersom vi reknar Sverre Gunnar Brunstad som utflytta.
Oppsiktsvekkande sterkt, fordi tida hadde gitt siger så seint som i 2008. Adrian er nemleg ikkje gamle karen. Neste sundag (10.mai) står han konfirmant. Sett i det lys er prestasjonen ramsterk. Rett nok er det bratte bakkar på Lyshol, men guten må ha gjort noko meir enn kika på dei, for å nå det nivået han heldt
i tidsrommet 05.00-05.16 natt til 1.mai 2009.
Difor ringde vi faren, Hans Jakob Hatlestad, i von om å finne svaret.
-
Han spring på tredemølle og spelar fotball på fleire lag,
syklar ein god del, driv med styrketrening og spring på fjellet i tillegg
-
Ingenting anna ?
-
Nei, ikkje så eg veit om
-
Stemmer det at det var fyrste deltakinga i Konradløpet for Adrian?
-
Ja, han var debutant.
Om unggutane har fått eit løft av å ”gå for presten” skal vere usagt, men vi registrerer at ein annan konfirmant, Thomas Strøm Grebstad, også har hatt ein formidabel framgang. Han hadde tidlegare ei bestetid på 21.56 frå 2006. I år kom han inn på sterke16.41. Og ein tredje (konfirmant), Lars Fredrik Lund, kom inn mellom dei 20 beste. Han vart nummer 16 med tida 18.53. I same rennet tek vi med at ei av dei som jobbar med konfirmantane, Monica Breivik Orre, kom inn på sterke 21.49.
Ole Robert Strømme, Torfinn Aamodt, Olav Håskjold og Kenneth Fet er alle unge gutar som fekk sjå 16-talet. Heilt tydeleg at fleire legg bak seg solide treningsdosar. Vår eigen Kenneth Fet ”persa” med nøyaktig eitt og eit halvt minutt, prov godt nok på at idrettslina ved Stranda vidaregåande skule ikkje er å kimse av.
Gløymast må heller ikkje purunge Vegard Kaland, konfirmant i 2010, som sprang på 17.04. Eit høgoktanløp av guten med ei rekkje KM-titlar i langrenn. Også Robin Jørgensen er ein kar for framtida, med 19.48 som barneskuleelev.
Arrangøren var stolte av dei friske unggutane i 2009. Kanskje bør bygda tenkje tanken på å tromme saman eit lag til Holmenkollstafetten igjen….?
Atle Hole
Bilete frå Minikonrad og Konradløpet 2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2009
Bilete frå Minikonrad ligg i eiga album. I album for Konradløpet ligg det nokre bilete, men det vil kome fleire.
Rekordane fall i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2009
30.april: Minikonrad samla 88 deltakarar i alderen 3-15 år
1.mai klokka 05 00 melde 376 personar i alderen tre til over 80 år seg til start i det åttande Konradløpet. Dermed solid deltakarrekord på 464 personar, 42 meir enn den gamle rekorden frå 2007.
Men fleire rekordar fall. Knut Lium frå Land FIK kom inn på tida 15.07. Nærast kom Sverre Gunnar Brunstad, opphavleg brunstadmann som no representerer Lørenskog. Han fekk tida 15.17. Altså begge under Nils Skylstad sin gamle rekord på 15.29
Hilde Riksheim Tandstad, med Magne Wullum som trenar, vart best av kvinnene med tida 19.00, som er 14 sekund bak hennar eigen løyperekord. Vidare sette Daryl Matthews frå Australia ny utlendingsrekord med tida 18.12
Resultat Konradløpet 2009:
1. Knut Lium
15.07 (ny rekord)
2. Sverre G. Brunstad
15.17
3. Adrian Hatlestad
16.10
4. Nils Terje Skylstad
16.13
5.Ole Robert Strømme
16.23
6. Torfinn Aamodt
16.30
7. Kenneth Fet
16.37
8. Thomas S Grebstad
16.41
9. Olav Håskjold
16.45
10. Per Inge Bjørnestad
16.53
11. Vegard Kaland
17.04
12. Fridtjof Fredriksen
17.12
13. Jo André Tandstad
17.20
14. Daryl Matthews
18.12 (ny utlendingsrekord)
15. Olaf Øien
18.15
16. Lars Fredrik Lund
18.53
17. Robin Urke Brunstad
18.54
18. Rolf Haxthow
18.58
19. Hilde R. Tandstad
19.00 (beste kvinne)
20. Odd Lennart Lien
19.01
21. Svein Arne Nakken
19.12
22. Terje Aurdal
19.19
23. Leif Erling Løvoll
19.22
24. Nancy Eggen
19.26
25. Bjørn Vanebo
19.31
26. Sveinung Grebstad
19.38
27. Thomas Østrem
19.41
28. Oddbjørn Brunstad
19.47
29. Robin Jørgensen
19.48
30. Eldar Høidal
19.49
31. Ragnfrid Aamodt
20.06
32. Lodve Brastad
20.08
33. Elisabeth O. Hole
20.20 (beste strandar)
34. Robert Sve
20.24
35. Ronny Olsen
20.37
36. Konrad Lillebø
20.38 (beste Konrad)
37. Ole Peder Holmberg
20.47
38. Christina Holmberg
20.55
39. Karina B. Fet
20.58
40. Steinar Fet
21.26
41. Fadel Traore
21.32
42. Bjarte Brastad
21.35
43. Odd Kvammen
21.48
44. Monica Breivik Orre
21.49
45. Inge Johansen
21.50
46. Irrfe Renz Bagol
21.51
47. Håkon Tandstad
21.58
47. Jon Runar Drotninghaug 21.58
49. Dag Ruben Ødegård
22.04
50. Per Gunnar Holmberg
22.08
51. Bastian Weiberg-Aurdal
22.16
51. Victor Scattergood
22.16
53. Lars Inge Sæther
22.18
54. Asbjørn Tandstad
22.24
54. Asgeir Tandstad
22.24
56. Nikolai Ekornes
22.30
57. Inger Anne Riksheim
22.37
58. Øivind Lundberg
22.38
59. Bengt Hole Alnes
22.41
60. Maxim Gerashschenko
22.42
61. Magnus Hatlestad
22.43
62. Kim André Midtlid
22.46
63. Nam Thi Nguyen
22.54
64. Oddvar Rønneberg
22.55
65. Per Vidar Lien
22.56
66. Nikolay Korsedal
23.16
67. Even Andersen
23.38
68. Bendik Hole Alnes
23.39
68.Elisabeth Scattergood
23.39
70. Bjørn Inge Drabløs
23.45
71. Arnt Åge Jørgensen
24.18
72. Håvard Eliassen
24.20
73. Trine Strøm Grebstad
24.30
74. Erlend Lade Sæther
24.40
75. Edward Scattergood
24.45
76. Daniel Wootton
24.51
77. Kjersti Ulset Lade
24.54
78. Anne Kari Aamodt
25.09
79. Jonas Hatlestad
25.13
80. Gunnar Skogvold
25.15 (startnummer 80)
81. Eldrid Myhre
25.21
82. Jarle Konrad Fausa
25.47
83. Daniel Hole
25.48
84. Ingunn Hole Hunnes
25.49
85. Eldbjørg Tandstad
25.50
86. Espen Strøm Grebstad
26.04
87. Simon Skylstad Hole
26.23
88. Anette Fet
26.27
89. Torhild Skogvold
26.40
90. Karl Egil Brunstad
26.44
91. Kari Hjorthol
26.54
92. Magnus Korsedal
27.05
93. Eivind Grebstad
27.16
94. Per Svein Tandstad
27.28
95. Oliver Øye Giskemo
27.31
96. Anette Fredly
27.38
96. Lena Christine Svindseth
27.38
98. Iselin Hervåg
27.46
99. Julia Eggen
27.47
100. Anette Akselvoll Lade
28.00
101. Julianne Bøe
29.09
101. Ståle Eikrem
29.09
103. Pauline Roald
29.50
103. Angelica Bathia
29.50
103. Jens Peter Riksem
29.50
106. Victoria Bøe
29.57
Ny deltakarrekord for Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2009
Minikonrad vart i kveld arrangert for tredje gong, med 88 deltakarar i alderen 3-15 år.
Og med 340 påmelde i Hovudløpet til no, er det kalart det vert ny deltakarrekord totalt. Den gamle var på 422 frå 2007.
Erfaringsmessig veit vi at det kjem folk og melder seg like før start. Så det endelege talet har vi ikkje før i morgon.
I Minikonrad var deltakinga klart størst mellom dei yngste, som sprang utan tidtaking.
Her er resultata for gruppa fødde i tidsrommet 1993-1998
1. Bengt Hole Alnes (1993)
4.02
2. Robin Urke Brunstad (1993)
4.03
3. Robin Jørgensen (?)
4.12
4.Gunnar Skogvold (1993)
4.35
5. Kim André Midtlid (1997)
4.36
6.. Dag Ruben Ødegård (?)
4.38
7.. Simon Skylstad Hole (1998)
4.39
8. Nikolay Korsedal (1998)
4.45
9. Anna Hole (1996)
4.58
10. Kanutte Erstad Sørgård (1998)
5.01
11. Magnus Korsedal (1998)
5.07
12. Mikael Brunstad (1998)
5.22
Konradløpet – Knip Velledalen skule vandrepokalen?
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Apr 2009
For elevane ved Velledalen skule er det knytt ekstra spenning til årets Konradløp. Den store vandrepokalen kan vinnast til odel og eige.
Velledalen skule er åleine om å ha to napp i pokalen, som har vore med sidan starten i 2002
Her er lista over tidlegare vinnarar:
2002: Hjellegjerde
2003: Sykkylven Kommune
2004: Velledalen Skule
2005: Ekornes
2006: Hole Maskiner
2007: Velledalen Skule
2008:
Pokalen vert delt ut eitt år på etterskot. Dette fordi mange melder seg på seint kvelden før, eller om morgonen løpsdagen. Dermed er det vanskeleg å ha kontroll over listene før ein har studert dei nærare. Difor er pokalen heile tida eitt år på etterskot.
Tippelaget ”Halmstrået” har passert 1000
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2009
Denne helga vart det nye 292 kroner på Langoddsen på VIL sitt tippelag.
Dermed har vi tippa inn 1083 kroner hittil – alt på langoddsen. Faktisk har vi vunne ein liten skjerv kvar einaste veke, i motsetning til i Lotto. Det er 46 aksjar, kvar på 100 kroner i omløp, noko som betyr at kvar aksje står i drygt 23 kroner. Vi har enno litt å tippe for, så det er framleis håp.
Tippelaget Halmstrået – tipping veke 17
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2009
Tippelaget går inn i si femte veke. Lottoen har vore fisko, men på langoddsen har vi hanka inn småpremiar, slik at det før denne helga står 791 kroner på vinnarkontoen.
Femvekerskupongen i Lotto hadde si sis
te trekning i går. Tala vår slo ikkje inn denne gongen heller. Det må vurderast om det skal satsast vidare i Lotto
På Langoddsen har vi denne helga spelar på desse kampane. Alle kampane borsett frå Bodø/Glimt – Brann (måndag) vert spela sundag 26. april. Satsinga på totalt 400 kroner er slik:
26 (B) – 53 (H) – 61 (B) – 63 (H)- 67 (H) – 69 (B)
innsats 200 kroner
9 (H) – 57 (H) – 59 (H) – 72 (H) – 102 (B)
innsats 100 kroner
11 (H) – 25 (H) – 27 (B) – 36 (H) – 55 (H)
innsats 100 kroner
KM-sølv til Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2009
Hilde Riksheim Tandstad viste gode takter under KM-terrengløp (2000 meter) i Molde i dag. Hilde vart nummer to med tida 8.13, om lag 20 sekund bak vinnaren Gunnhild Bugge (sterk langrennsløpar) frå Eidsvåg IL.
Grunna stemnekollisjonar var ikkje deltakinga stor. Velledalen IL var faktisk einaste sunnmørsklubb som var representert! Årsaka ligg i stemnekollisjonar
med Valderløpet og Dimnaløpet same helg som KM.
-Eg slo nokre av dei eldre jentene i feltet vårt, og gjorde eit jamt over godt løp. Føtene var stive og eg hadde kraftig gangsperre allereie før løpet, truleg grunna fire timar gym dagen før løpet (mellom anna Hallingdans). Men eg kjenner at forma er på veg, så no blir det nokre harde økter før eg skal samle overskot til Konradløpet, seier Hilde til www.velledalen.net
Konradbombe frå rekneskapslag i Stryn
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2009
-Deltakinga i fjor gav meirsmak. I år stiller eg med heile kollegiet i Stryn Rekneskapslag, skriv Erik Ivar Ulvedal i ein e-post til arrangøren.
Og takk skal du ha Erik Ivar !
Stryn Rekneskapslag har ti tilsette, men har meldt på 15 deltakarar – 11menn og fire kvinner. Dei stiller med andre ord med 150 prosent!!
Vi får stelle godt med stryningane når dei kjem, samstundes som vi takkar vår skapar for at ikkje Ekornes-konsernet stiller med ein like høg prosent. Om så var hadde nokon kvar fått sveittebrot.
Hilde spring KM i dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2009
KM i terrengløp vert arrangert i Molde i dag. Hilde Riksheim Tandstad er einaste utøvar frå
vårt lag.
Hilde spring i klasse 16-17 år der distansen er 2000 meter. Ho fortel til nettsida at ho nyleg har lagt ein sjukdomsperiode bak seg. Difor er ho usikker på forma, sjølv om ho har trena godt siste tida.
Vi ynskjer Hilde alt godt i dagens løp. Uansett vert det ei fin gjennomkøyring med tanke på Konradløpet 1. mai. Der er Hilde rekordhalder mellom jentene (18.46). Med full klaff senkar ho den og vert 750 kroner rikare – det er nemleg potten for ny rekord både for menn
og kvinner.
Hole grunneigarlag sponsar Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2009
Hole grunneigarlag er det fyrste grunneigarlaget som går inn og sponsar Konradløpet. Laget har gitt arrangøren melding om at betalar bestemannspremiane i dame- og herreklassa.
Grunneigarlaget var raske med tilbakemeldinga til idrettslaget i denne saka. Ettersom deler av løpet går på Holegrunn fann vi det naturleg å sponse, og vi reknar med at Brunstad og Brøvoll/Hjorthol vil gjere det same, heiter det frå Styret i Hole grunneigarlag.
Velledalen IL sin premiesjef, Håkon Fedt, melder til nettsida at bedrifter og privatpersonar gjerne må melde seg som sponsorar. Utgiftene ved eit slikt arrangement er store. Frukosten som er gratis for deltakarane er ikkje gratis for VIL, det skal annonserast, kjøpast premiar og betalast husleige.
Premiar kan leverast anten ved stemnekontoret på Brunstad eller i grendahuset torsdag 30.april. Mat til frukosten eller pengegåver i grendahuset torsdagskvelden (30.april).
Konradløpet 2009 sine største sponsorar så langt er Ekornes og Hole Maskiner. Velledalsfirmaet betalar kostnaden med startnummera
Idrettsskulen sin tur til Stordal
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Apr 2009
Ut ifrå det man kan lese på portalen til Stordalshallen hadde idrettsskulen det kjekt på tur til Stordal sist helg.
Kan dykk lese her
Tippelaget ”Halmstrået” halter vidare, veke 16
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2009
Tippelaget ”Halmstrået” har satt i hop to langoddstips med kampar i dag på den eine og den andre i morgo. Vi har satsa 300 kroner denne veka, med håp om at premiepotten vil auke monaleg. Elles ligg femvekerskupongen med Lotto inne i si fjerde veke.
Langoddstips:
Kamp 30-38-39-46-48 (alle H). Tre av kampane må inn for å gi premie
Kamp 102-103-104-107-109-111 (alle H). Minst tre rette for premie
Vi melder frå om resultatet når kampane er ferdig på sundag.
Konradløpet nærmar seg
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2009
Nokre lette joggeturar no vil gjere susen ettersom Konradløpet nærmar seg.
Vi minner om programmet:
30.april: MINIKONRAD (årsklasse 1999-2009 utan tidtaking, 1993-1998 med tidtaking)
Påmelding ved start. Alle blir premiert
1.mai: KONRADLØPET – ope for alle – start klokka 05.00
gratis frukost til alle
28. juni KONRAD X-TREM (Hjorthol til Koppen). Motbakkeløp
I fylgje VIL sin statistikk skal 81 utøvarar i år ha Konradmedaljen i sølv for tre års deltaking, medan 46 utøvarar skal ha Konradmedaljen i gull for seks års deltaking
Idrettsskulen til Stordal – siste påmeldingssjanse
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2009
Velledalen idrettsskule avsluttar sesongen 2008/2009 med tur til Stordal komande helg
Leiar i idrettsskulen, Gunn Tove Brochmann Skylstad, melder til nettsida at 25 born har meldt seg på. Men det er plass til fleire, så etternølarar bør no gripe sjansen
- Absolutt siste frist er onsdag 15. april klokka 22.00. Målet er at vi skal vere på plass i Stordal klokka 11.00 laurdag. Det er lagt opp til ei rad ulike aktivitetear, fellesmåltid og overnatting. Eigendelen for turen er kroner 350 pr.unge, opplyser idrettsskuleleiaren
Bygdameisterskap langrenn 2.påskedag
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2009
Velledalen IL arrangerte bygdameisterskap i langrenn 2.påskedag. På grunn av lite snø vart rennet arrangert på Fjellsætra. Deltakinga må kunne kallast svak med berre 11 deltakarar
-
Safta og premieringa heldt høgt nivå, vert det meldt frå rennet som hadde om lag èin funksjonær for kvar deltakar. Desse tok del:
Utan tidtaking:
Sivert Nakken (6)
Andreas Nakken (6)
Markus Tandstad (6)
Kristoffer Tandstad (7)
Lene K. Hole (10)
Herrar, 9 km:
Berth Wilhelmsen (1944)
28.51
Fridtjof Fredriksen (1966)
31.50
Lars Einar Riksheim (1956)
33.17
Asbjørn Tandstad (1950)
38.17
Ivar Hopen (1950) 42.11
Damer, 6 km:
Astrid Aurdal Hausvik (1943)
36.49
Resultat Det Store Folkerennet – lang løype
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2009
Kenneth Fet 33.08
Berth Wilhelmsen 33.54
Asbjørn Tandstad 43.55
Roger Malvin Hole 45.15
Anette Fet 49.08
Pål Rune Fet 49.09
Oda Alette Hole 51.55
Elling Hole
53.43
Jens Christian Hole 53.44
Magne Nilsen
54.04
Kristian Andersen 56.42
Einar Fet
56.43
Åsmund Andersen 56.43
Mathilde Hole 57.15
Kjell Tore Gundersen 57.45
Magne Åkernes
58.10
Aud Jorid K. Hole 1.00.28
Martinius Skuseth
1.02.04
Per Gunnar Holmberg 1.03.03
Oskar Hole
1.06.16
Astrup Kristoffersen 1.10.22
Vetle Sortevik
1.13.54
Robert Hammer 1.15.00
Andreas Hammer 1.15.00
Sondre Åkernes Måseidvåg 1.16.10
Gunnar Skogvold 1.16.30
Jan Ove Skogvold 1.16.50
Odd Arne Måseidvåg 1.17.56
Randi Åkernes Måseidvåg 1.19.47
Sunniva Åkernes Måseidvåg 1.20.07
Ole Peder Holmberg 1.22.03
Anders Gundersen 1.23.10
Tipping: AaFK tapte, ”Halmstrået” vann
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Apr 2009
Tippelaget ”Halmstrået” slit med å få inn dei store vinstane, men tippa inn nokre kroner denne helga òg.
Lottotala som ligg inne på ein femvekerskupong har hittil ikkje slått inn. Men dei gjeld for to helger til. Langoddstipping er sikrare. Kupongen med hovudsakleg engelske kampar feila stygt. Her gjekk berre èin av seks kampar inn.
Andre kupongen gjekk betre. Her hadde vi AaFK-tap mot Odd. Enno er ikkje Hamkam-Alta spelt (vert spelt tysdag). Vinn heimelaget vert vinsten denne helga på 193 kroner. Taper Hamkam, eller spelar uavgjort, må vi nøye oss med fattige 68 kroner.
Bygdameisterskap langrenn – flytta til Stranda
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2009
På grunn av lite snø på ”heimebane” er bygdameisterskapet
i langrenn 2.påskedag
flytta til lysløypa i Hevsdalen.
Rennet går i klassisk stil og vert arrangert av Velledalen IL. Her er nokre stikkord:
PÅMELDING: Ved start før klokka 14.00
START: Frå 14.00 og utover
STARTKONTINGENT: Kr 50,-
PREMIERING: Alle vert premiert
Klasser: Alle klasser
Inga tidtaking under 11 år
Tippelaget ”Halmstrået” sine påsketips
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2009
Tippelaget ”Halmstrået” har sopa i hop to langoddstips med kampar no i siste del av påska. Vi har satsa 2x 200 kroner denne veka, med håp om at premiepotten vil auke monaleg. Elles ligg femvekerskupongen med Lotto inne i si tredje veke.
Langoddstips:
Kamp 3 – 6 – 32 – 35 – 41 – 47 (alle H). Tre av kampane må inn for å gi premie
Kamp 72 – 73 – 76 – 107 – 114 – 117 (alle H). Minst tre rette for premie
Vi melder frå om resultatet når kampane er ferdig
Det Store Folkerennet – Kristen ”dagens heldiggris”
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2009
Det Store Folkerennet har ei rad ulike premiar.
”Dagens heldiggris” er ein pengepremie ( 10 prosent av startkontingenten, men max 1000 kroner) som vert trekt mellom alle deltakarane. Vinnar i 2009 vart Kristen Tandstad frå Straumgjerde. Premie til løparen med beste kostymet,.gjekk til Gunn Tove Brochmann Skylstad, sjølv om ho aller helst skulle fullført løpet i klesdrakta ho bar.
Neste år kan det bli utvida premiering, eksempelvis til kortaste/ lengste ”pitstop” på matstasjonen.
Eit framifrå ”pitstop”
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2009
Under Det Store Folkerennet i 2008 fekk Elling Hole ikkje registrert tid i rennet rundt Nysætervatnet på grunn av ei mistyding ved start. Synd, tykte alle partar. I år ville nettsida i dalen fylgje han litt tettare som ein slags kompensasjon.
Han såg roleg, men konsentrert ut ved start. Denne gongen i parstart med yngste sonen, pedagogisk leiar i ein barnehage Jens Christian.
I heller lett terreng fram mot matstasjonen ved ”Andorfura” hadde Jens fått luke på Elling. Ei normal utvikling tenkte reportasjeteamet. Jens tok det heller roleg ved ”matabordet”,han kunne tenkje seg å eksprimentere litt. Han hadde høyrt at kaffi og cola skulle vere bra, men kanskje ein kombinasjon av saft og blodmat kunne gi han ”kveiken” tilbake i ein litt vaklevoren kropp på grunn av bakglatte ski. Elling på si side hadde truleg spesialavtale med personellet på stasjonen, for før Jens fekk sukk for seg, såg han faren gli ut i løypa. Her var det berre å kaste seg på stavane og gløyme alt som hadde stått i innbydinga om tung servering.
Men like etter, der terrenget byrja stige oppover frå matstasjonen hende det noko. Nede frå stasjonen kunne ein høyre ei lett skraping i Elling si gearkasse, etterfylgd av ein blåleg røyk. Med det blåtte auge kunne dei sjå at det vart luke mellom far og son. Denne makta ikkje Jens tette, sjølv ikkje i lett lende inn mot mål.
Dit kom Elling uforskamma sprek. At han bomma på målseglet – sjølv om det var stort – er ein liten detalj han må trene meir på til neste år. Seglet var ikkje berre stort, det var òg tungt ”befengt” med Ekornesreklame. Difor skal ein ikkje heilt sjå vekk frå at Elling sin målgang kan vere ei lydlaus
- men for han viktig - markering mot Ekornes-nedlegginga på Stranda.
For Jens vart rennet ei dyrekjøpt erfaring. No har slekta samtaleemne ved alle samkomer fram til jul – minst. Men litt lærte han òg. Dette med å få i seg rette typen ”fuel” er truleg undervurdert. Kanskje kan han snu opplevinga til noko positivt ved å ”nistire” på Formel-1 det næraste året. Ikkje alle ”pitstop” er like vellukka, akkurat den lærdomen drog Jens Christian Hole av far sin, Elling Hole, langfredag
2009.
Påskeaftan 2009
Atle Hole
Det Store Folkerennet – ny deltakarrekord
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Apr 2009
Tredje utgåva av Det Store Folkerennet vart arrangert langfredag. Slett ikkje godt vêr frå morgonen av, og lite folk i starten. Men etterkvart kom dei, og ikkje minst hyttefolket på fjellet slutta godt opp om rennet
Under Det Store Folkerennet er det slik at livet på matstasjonen er viktigare enn farta i løypa. Likevel nemner vi at Kenneth Fet (17) gjekk lang løype på 33.08. Nest raskast var evigunge Berth David Wilhelmsen med sterke 33.54. Anette Fet var raskaste jente med tida 49.08.
Mest gledeleg var at deltakarrekorden frå i fjor (177) måtte gi tapt. Denne gongen stoppa deltakinga på 208. Vi tør ikkje tenkje på kor høgt deltakartalet hadde vorte i godvêr, eller om folk frå sentrumskrinsane hadde slutta opp om rennet. Denne gongen kom det eksempelvis langt fleire frå stadar som Ålesund, Langevåg, Hornindal og Nittedal enn frå strekningen Ørsneset-Tynes.
Leiar i VIL-langrenn, Svein Arne Nakken, var godt nøgd etter rennet
-Takk til alle som stod på og gjorde ein jobb slik at vi fekk gjennomført rennet, dette inkludert Skisenteret sine folk. Bygdameisterskapen 2.påskedag må vi diverre flytte til Stranda på grunn av lite snø. Rennet går i klasssik stil med start klokka 14.00. Påmelding frå klokka 13.00
Bilete frå rennet vil bli lagt ut i album i løpet av kvelden.
Uavgjort for Sogndal – 189 kroner til ”Halmstrået”
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2009
Som før skreve gjekk siste oddskampen til tippelaget ”Halmstrået” i går kveld
Sogningane pressa hardt mot slutten men måtte nøye seg med 2-2 på heimebane mot Hønefoss. Dermed vart det 189 kroner på tippelaget i denne runden, mot 212 i den forrige. Totalt 401 kroner, alt på oddstipping. Hadde Sogndal vunne ville premien denne runden vorte på 499 kroner.
Dersom ikkje ”spåkjerringa” - som hittil har tippa -
viser betre takter neste helg, ja, så går det med henne som det gjekk med Dede.
Folkerennet 2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2009
Lavterskelrenn der alle kan delta.
Langfredag 10 april
Fjellsætra
Løypelengder, to alternativ
1)
Langløype ,ca 10 km
2)
Kort løype , ca 3 km
Startkontingent: kr. 50,- pr pers. Familiepris kr. 150,-
Premiering:
Alle born vert premiert
Premiar trekt på startnummer mellom
vaksne
Kostymepremie
”Dagens heldiggris”( pengepremie)
Start: I tidsrommet 11.00-13.00
Inga tidtaking i kort løype,
frivillig i lang
Påmelding: Ved start renndagen
Matstasjon: I begge løyper.
Tyngst servering i lang løype.
Arr. Velledalen IL
Ny tippevinst for Halmstrået
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2009
Sist helg vart det tippa Lotto, Fotballtipping og Oddstipping (fotball). Og det gjekk slik:
Lotto: Ingen vinst
Fotballtipping: 8 rette laurdagskupongen, 8 rette sundagskupongen
Odds: Her gjekk det betre på ein av kupongane, men siste kampen vert spelt tysdag (Sogndal-Hønefoss). Dersom
Sogndal vinn kampen vinn vi 499 kroner. Dersom Sogndal spelar uavgjort eller taper vinn vi 189 kroner. Med andre ord; vi kryssar fingrar for Sogndal.
Så litt meir om Grasrotandelen. Dersom du eksempelvis registrerer spelekortet ditt på Velledalen IL vil VIL få 5 prosent av det du tippar for. Vi presiserer at pengane
ikkje går av
tipparen si lomme. Denne ordninga går no inn i si sjette veke. Så langt har 16 personar registrert spelekortet sitt på VIL, 12 på VRF og 1 på Velledalen skulekorps.
På Norsk Tipping sine sider kan ein finne kor mykje kvart lag tenar på ordninga. Pr i dag ser det slik ut:
VIL: 1163 kroner
VRF: 1037 kroner
Korpset 456 kroner
Det betyr at det i denne perioden er tippa for over 50 000 kroner av desse personane. Spennande rekning med tanke på at Joker Velledalen snart vert tippekommisjonær. Det er grunn til å tru at tippeinnsatsen då vil stige.
Eksempelvis har korpset sin einslege tippar tippa for over 9000 kroner denne perioden
for at korpset skal sitje att med 456 kroner. Idrettslaget sine tipparar er dei som satsar minst. Knappe 1500 kroner, vert snittinnsatsen til dei 16 VIL-tipparane i perioden 1.mars-5.april.
For Velledalen IL er dette kjærkome kroner. Ikkje minst ettersom idrettsskuleleiar Gunn Tove Brochmann Skylstad nyleg fekk hakeslepp på grunn av prisstigning ved idrettsskulen sitt skiopplegg på Fjellsætra
Tippelaget ”Halmstrået” – nye sjansar i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Apr 2009
Lotto – 5 vekers kupong, der tala er: 1-2-18-20-23-25-28-29-30
Oddstipping laurdag, kampnummer: 49 – 50 – 51 – 52 – 53 – 92 (alle med Heimesiger)
Odds sundag, kampnummer: 39(B) – 71(B) – 102(H) – 105(H) – 112(H) – 117(H)
Fotballtipping,
Laurdagskupong
Sundagskupong
1. H
1. H
2. HUB
2. HB
3. H
3. U
4. HUB
4. H
5. H
5. HB
6. H
6. U
7. H
7. H
8. HUB
8. HB
9 HUB
9.H
10. H
10. HB
11. H
11. HU
12. H
12. UB
81 rekkjer
64 rekkjer.
Innsats denne veke: 145 kroner på fotballtipping, 400 på oddstipping, 144 i Lotto.
VIL YNSKJER GOD HELG TIL ALLE AKSJONÆRAR!
Inga prissemje mellom kommunen og grunneigarane
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2009
Sykkylven kommune sitt pristilbod til grunneigarane frå Dravlaus vedkomande lysløype i Ladalen var ikkje akseptert.
Det er venta at kommunen kjem med eit nytt – og siste – tilbod i nær framtid. Vert det òg forkasta, vert truleg eit skjønn neste ”post” for partane. I verste fall kan saka ende med oreigning.
Etter det nettsida har grunn til å tru ligg det årlege tilbodet på bruk av grunnen i intervallet 20 000-30 000 kroner.
Fin andreplass i sunnnmørstafetten
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2009
Velledalen IL sine langrennsløparar har hatt ein fin sesong og tok andreplassen under Sunnmørsstafetten som vart arrangert i Volda sist helg.
Med på laget var Ole Johnny Myrseth, Kenneth Fet og Stian Mork. Ole Johnny gjekk fyrste etappe som gjekk i klassisk stil. Junioren Kenneth Fet gjorde ein sterk andreetappe i fristil, før Stian Mork avslutta i same stilart.
Vår sterkaste løpar denne sesongen, Kristian Moe, stod over, medan rutinerte Svein Arne Nakken er sett ut av spel på grunn av skade. Sesongen går no mot slutten, men vi trur karane våre vil markere seg sterk både under Det Store Folkerennet langfredag og under bygdameisterskapen 2. påskedag.
Grasrotkroner – takk til støttespelarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2009
Fyrste månaden med tippeordninga ”grasrotandelen” er no over, og Velledalen IL har passert 1000 kroner
For å vere heilt nøyaktig har 14 spelarar så langt registrert spelekortet sitt på Velledalen IL, noko som har gitt laget 1076 kroner (pr. torsdag kveld). Stor, stor takk til dei 14 som har støtta oss på denne måten! Held vi oss på dette nivået gjennom heile året vil støtta på årsbasis utgjere om lag 12 000 kroner. Ein bra sum, som eksempelvis er tre gonger høgare enn den årlege kommunale støtta.
Vi nemner òg at VRF har 856 kroner frå ni spelarar, medan Velledalen skulekorps har 359 kroner frå sin einslege spelar. Flott at tipparane støttar dei lokale laga. Og det er grunn til å tru at fleire vil gjere det når Jokerbutikken vert tippekomisjonær den 14 mai 2009
Hole Maskiner sponsar Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2009
Maskinentreprenørfirmaet Hole Maskiner vert sponsor på startnummera under Konradløpet i 2009.
Firmaet har også tidlegare støtta VIL på same måten, og dei er kjende for god oppslutning mellom dei tilsette under løpet. Rykta seier at dei fleste i bedrifta for tida går rundt med skritteljar, og at ein intern konkurranse er i gang.
VIL reknar med å få positiv respons også frå andre i dalen når dei om kort tid vert spurt om støtte til premiar og mat til frukosten i grendahuset (som er gratis)
KLUBBRENN I LANGRENN
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mar 2009
Idrettsskulen og langrennsgruppa i Velledalen IL inviterer med dette alle born og unge i Tandstad og Velledalen skulekrins til klubbrenn i langrenn.
Ta med deg mor, far syskjen og andre og kom!
Kven kan delta? Rennet er ope for alle i skulepliktig alder (1.-10. klasse)
Stad:
Fjellsætra, på myra nedanfor parkeringsplassen til skitrekket.
Dato:
31. mars (tysdag)
Klokka:
18.00
Stilart:
Fristil (sjølvvald stilart, klassisk eller skøyting)
Distanse:
ca. 1km
Startkontingent:
kr 30,- (NB! Ta med nøyaktig beløp slik at vi slepp veksling...)
Premiering:
Saft og premiar til alle
PS! Skiskulen opnar ikkje før etter at klubbrennet er ferdig (ca. kl. 18.45-19.00)
Vi oppmodar alle idrettsskuleelevane til å delta i klubbrennet!
Straumgjerde 26. mars 2009
For VIL, langrennsgruppa
For VIL, idrettsskulen
Svein Arne Nakken
Gunn Tove B. Skylstad
gruppeleiar
leiar for idrettsskulen
Halmstrået lever – vann i tippeopninga
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mar 2009
Lottotala var ikkje på vår side. To rette er i minste laget, men det kjem nye sjansar då vi har inne ein femvekerskupong. Vekesinnsats: 144 kroner
Det gjekk betre med oddstippinga. Kupongen med seks kampar gjekk inn med tre, som gav ein premie på
kroner 66,50. Vidare vann vi på ein av dei to kupongane der det var tippa fem kampar. Her gjekk fire av fem inn, men lav odds gjorde at premien vart så vidt lav som kroner 145,50.
vekeinnsats oddstipping: 400 kroner.
Samla vinst i veke 13 vart dermed kroner 212.
Antal aksjar har vi ikkje heilt klart enno, ettersom nokon kan ha betalt inn i går utan at det har kome fram til kasseraren. Truleg ligg talet mellom 50-70. Dermed ligg aksjeverdien hittil truleg i overkant av tre kroner.
Tippelaget Halmstrået – satsing veke 13
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mar 2009
Tjo hei, alle saman, då er vi i gang.
Vi opna tippelaget med ei lett satsing denne helga –Lotto og Oddstipping
I Lotto har vi inne ein femvekers kupong med lukketala til VIL-styret. Dei tippetala er:
1 – 2 – 18 – 20 – 23 – 25 – 28 – 29 – 30 (altså ni tal)
På Langoddsen har vi denne veka satsa for 400 kroner. Ein kupong til 200 kroner med desse kampane:
50(H) – 53(H) – 56(H) – 57(H) –60(H) – 62(H)
Så to 100 kroners med fylgjande kampar:
70(H) – 104(H) – 107(H) –110(H) –111(H)
92(H)- 94(H) – 96(H) – 98(B) –102(H)
Vi gjer merksam på at det enno kan kjøpast aksjar, eksempelvis på JOKER Velledalen, men dette gjeld berre fram til kampstart i dag, det vil seie klokka 16.00. Har du ikkje kjøpt då, er enno eit halmstrå borte.
Får ikkje heite ”Sunnmørsalpane ski- og snowboardklubb”
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mar 2009
Under idrettslaget sitt ekstraordinære årsmøte i februar vart det vedteke at snowboard skulle inn som undergruppe i VIL. Men namnet ”Sunnmørsalpane ski- og snowboardklubb” kan ikkje godtakast med mindre dette er eit nytt idrettslag, skriv Møre og Romsdal idrettskrets.
”Dersom årsmøtet har vedtatt å opprette en gruppe så gir navnet ingen knytninger til Velledalen IL og følger dermed ikke vedtatt praksis for organisering av grupper.
Grupper i idrettslag kan ikke ha andre navn utover idrettslagets eget navn pluss navnet på den aktiviteten gruppen skal drive.
Konsekvens:
Dersom dette er en gruppe så SKAL navnet være: Velledalen IL – snowboard”, skriv idrettskretsen sin administrative leiar, Geir H. Moholt.
Slik står saka, og VIL må vente på vidare innspel frå snøbrettgruppa, der Bente Hole er leiar. Ho er for tida i Amerika og kjem ikkje heim før etter påske
Folkerenn og Bygdameisterskap
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mar 2009
Velledalen IL arrangerer to langrenn i påska. Det Store Folkerennet vert arrangert 10.april (langfredag), medan bygdameisterskapen vert arrangert 13. april (2.påskedag)
Difor er det all grunn til å halde forma ved like. Om snøforholda tillet det, vert det to løypelengder under Det Store Folkerennet. Rundt Sætrevatnet for dei minste og rundt Nysætervatnet for dei som kjenner seg sterke nok til ein slik tur. I begge løypene vert det matstasjon og vi minner om rennet sitt motto: Det Store Folkerennet – der livet på matstasjonen er like viktig som farta i løypa
Bygdameisterskapen vert arrangert anna kvart år av SIL og VIL. I år er det vår tur. Rennet går i klassisk stil og det er å håpe at rett mange stiller til start. Meir om renna seinare.
Jenter på kretslag
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mar 2009
Sunnmøre fotballkrets sin kretslag, årgang 1993, skal komande sundag spele kamp mot nabokretsen i nord, Romsdal/Nordmøre. På gutane sitt kretslag er ikkje Sykkylven representert, faktisk ingen frå indre Sunnmøre i det heile.
På jentesida er situasjonen betre. Her er Martine Urke Torset og Ellen Hole mellom dei uttekne. Martine spelar for Blindheim IL, Ellen for Stranda IL. Begge kampane går på Emblem si kunstgrasbane på sundag.
Storaksjonær til ”Halmstrået”
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mar 2009
Velledalen IL sitt tippelag har fått inn ein storaksjonær. Ein kar med postnummer 6230 har tinga heile ti aksjar.
- Det ser bra ut. Folk har tru på spåkjerringa vår. Mislukkast ho vert ho omgåande sjalta ut og nye får sjansen, seier leiar i VIL, Atle Hole, til nettsida. Han presiserer at alle i hovudstyret kan kontaktast med omsyn til tippeaksjar, ein kan ordne seg på Joker Velledalen, eller ein kan betale inn på VIL sin konto 4045 10 23537 merka ”tipping” . (Hugs namnet ditt)
Spåkjerringa prøvetippa – vann 97 kroner
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mar 2009
Som dei fleste sikkert har fått med seg startar Velledalen IL opp med tippelag neste helg (28.mars). Vi har før meldt at ei lokal spåkjerring er hyra inn til tippinga. Dette er ikkje rett, då det no vert presisert at ho ikkje er LOKAL.
I går prøvetippa ho ein oddskupong med innsats 200 kroner. Den kom ut med 97 kroner i premie, noko spåkjerringa kommenterte slik:
-
Eg kan betre, men det er eit sikkert prov på potensialet i meg. Styrken min ligg nemleg i Lotto-tippinga, og det er her ein finn dei høge premiane. Alt neste helg vil eg vise meg frå mi beste side, smiler kjerringa som må innfri for å behalde jobben som VIL-tippar.
Ynskjer du bli aksjonær kan du kontakte: Linn Tove Akselvoll, Ove Inge Skylstad, Anne Britt Hammer, Geir Helge Grebstad, Elisabeth Urke Hjorthol eller Atle Hole.
Eller du kan skaffe deg aksje ved Joker Velledalen, eller rett og slett betale inn til idrettslaget sin konto 4045.10.23537 og merke innbetalinga med namn og ”tipping”.
Siste sjanse laurdag 28.mars – aksjepris kr 100,-
Birkebeinerrennet – Kristian raskast av våre
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mar 2009
Bilete er tatt etter Fjellsæterrunden 09
Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer (54 km) vart arrangert
i dag med ny deltakarrekord. Om alle påmelde starta, la over 14500 løparar ut frå Tingstadjordet på Rena i dag tidleg. Velledalen IL var i år representert med med rekordmange løparar, trass i at veteranen Svein Nakken stod over etter operasjon i ei hand.
Av våre gjekk Kristian Moe raskast med 3.18.59 i klasse 30-34 år. Det heldt til 84.plass. Vidare honnør til Stian Mork og Ole Johnny Myrseth som også greidde merkekrava i sine klasser. Under fylgjer uoffisielle tider for våre løparar
25-29 år: Marius Flemsæter 4.17.51
30-34 år: Kristian Moe 3.18.59
Stian Mork
3.38.57
Ole Johnny Myrseth
3.43.20
50-54 år: Rolf Haxthow
4.47.14
55-59 år: Terje Aurdal
4.11.17
Kan hende fleire løparar representerte VIL, det blir sjekka opp i løpet av kvelden.
Berth David Wilhelmsen vart nummer 8 i klasse 65-69 år med tida 3.30.14
Knut Anders Hatlen frå Stranda vart nummer 5 i klasse 25-29 år med 2.52.44
Idrettsskuletur til Stordal
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mar 2009
Velledalen IL sin idrettsskule skal på overnattingstur til Stordal fyrste helga etter påske. Dei skal dei ha det kjekt med aktivitetar som klatring, skyting og trampolinehopping. Heile turen har ei kostnadsramme på kring 20 000 kroner. Styret i VIL har bestemt at eigendelen som må betalast pr. unge vert 350 kroner. Resten betalar idrettslaget.
Rekord på dametrim
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mar 2009
Dersom du har lagt merke til at damerompene i dalen har vorte eit snev strammare siste tida kan det vere ein rett observasjon. I alle fall vert det meldt frå påliteleg hald at 18 damer møtte på trimmen tysdag 17.mars. dette er ny årsrekord.
Trist melding
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mar 2009
Sundag kveld miste John Arne Hagen livet på Haramsøya då han vart påkøyrd av ein bil. John Arne var ein dyktig og sympatisk fotballspelar på HaNo sitt herrelag over ein lang tidsbolk. Han har spela mange kampar på Dalemyra og scora mål for klubben sin der. Vi lyser fred over minnet til ein kjær idrettsven.
Bli med i tippelaget vårt
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mar 2009
Velledalen IL sitt styre bestemte i kveld at det skal startast opp med tippelag, med laurdag 28. mars som fyrste innsatsdato. Kast deg med, her vert det feite summar å hente.
Pris pr. aksje: Kr. 100,- (du kjøper så mange du vil)
Innbetaling: Til VIL sin konto 4045 10 23537 – merk innbetalinga ”tipping”, og hugs namnet ditt.
Av innkomen sum går 90 prosent til tipping, 10 prosent til administrasjon.
Utbytte: Av eventuelle vinstar går 60 prosent til aksjonnærane, 40 prosent til laget. Dersom utbytte pr aksjonnær ved avslutta tipping er under kr 100,- går heile aksjeutbyttet til vidare tipping.
Det vart bestemt at det skal satsast ”breitt”, det vil seie både Lotto , Odds og andre former for tipping. Ettersom Snåsamannen no er litt på hell, vil VIL nytte ei lokal spåkjerring i jakta på dei rette tala/resultata. Ein vil kvar helg verte oppdatert via nettsida om tips og avkastning.
Sats ein hundrelapp eller to du òg !
Fyrste hundrelappen inne
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mar 2009
Ordninga med grasrotandel har eksistert i to veker no, og heldigvis dryp det pengar på vårt lag òg.
Ordninga er slik at kvar tippar kan gi 5 % av innsatsen til eit frivillig lag, så sant laget er registrert i Frivillighetsregsiteret i Brønnøysund. Norsk tipping har statistikk på det meste, og sundag 15.mars kunne ein av den lese at Velledalen IL stod registrert med 99 kroner. Held vi denne trenden gjennom heile året vil vi få ca 200,- pr.månad, eller 2400,- pr år. Gode pengar, men vi skal klare meir enn som så. Tipp i veg, folkens!!
Søkt om God Helse midlar 2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mar 2009
Det er etablert ei tilskotsordning til førebyggjande helsearbeid gjennom auka fysisk aktivitet. Ordninga er i regi av Helsedirektoratet, og Velledalen IL har søkt.
Søknadsfristen gjekk ut 15.mars, og ordninga vert formidla gjennom God Helse partnerskapet i Møre og Romsdal. Midlane skal fordelast til lokale lag og foreiningar som driv aktivitetsfremjande arbeid med den inaktive delen av folket som målgruppe. Med andre ord lavterskel fysisk aktivitet.
Akkurat på dette feltet reknar VIL seg som sterke, med arrangement som Konradløpet, Folkerennet, Fetvatnet Rundt, Romjulsmarsj med fleire. Søknaden er i alle fall sendt, og vi venter i spenning på resultatet.
Skumringstur på ski
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mar 2009
Det var ikkje det heilt store frammøte, men tur blei det. 11 personar la av stad på ski kl. 18.00 frå Drabløsstølskiftet, med det som mål å finne ein fin bålplass. Det fann vi og humøret var på topp.
Bilder frå turen ligg i album i margen på denne sida.
Jan nummer ni i VM
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mar 2009
Veteran-VM i skihopping vart nyleg arrangert i Ruhpolding i Tyskland. Velledalen IL var representert med Jan Ringseth
Diverre fekk ikkje Jan den beste oppladningen til denne konkurransen ettersom han skada i tida før. Trass lite hopptrening gjorde han ein god figur med 9.plass i 40 meters bakken i klasse 60-64 år. Slett ikkje dårleg.
Trimgruppa med skumringstur
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mar 2009
Trimgruppa i Velledalen IL går nye vegar for å få folk ut på ski. Sundag 15 mars arrangerer gruppa skumringstur for store og små.
Frammøtet ved Gamlestølen (Dravlausstølsskiftet), med oppstart klokka 17.30 Turen går innover mot Storhaugen, der det er meininga å ha bål og ei matykt. Trimgruppa si melding til potensielle deltakarar er klar: Ta med mat, noko varmt å drikke og ei vedskie eller to til bålet. Utanom dette kjem ein langt med godt humør.
Velledalslag i russecup
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2009
Sykkylvsrussen arrangerte i helga russecup i fotball for 3. og 4. klasse i grunnskulen. Velledalen var representert
med eit blandingslag med fem gutar og to jenter. Dei var godt nøgde med innsatsen etter
tre uavgjorte kampar og eitt tap
Resultat
Velledalen – Jarnes 1
0-0
Velledalen – Jarnes 2
1-1 (målscorar Bjørnar Akselvoll Lade)
Velledalen – Jarnes 3
0-4
Velledalen – Tandstad
0-0
Ti av deltakarane i cupen vart trekte ut til å få køyretur med ein russebil ved eit seinare høve. Diverre (eller heldigvis, alt etter korleis ein ser det) var ingen av velledalingane heldige med trekningen denne gongen.
Resultat Ingalåmi
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2009
Vi har før meldt at kvartetten Bjørg Frøystad Hole, Anita Lindis Hjorthol, Eldrid Myhre og Laila Ødegård skulle gå Ingalåmi ved Lillehammer denne helga. Dette rennet har to moglege distansar, 15 kilometer eller 30 kilometer
Etter det vi veit hadde Eldrid planar om å gå lengste distansen, men vi fann diverre ikkje henne på lista. Men på lista over 15 kilometer står fylgjande.
K 50-59 år:
111. Bjørg Frøystad Hole 1.29.27
280. Anita Lindis Hjorthol 1.55.32
Klasse utan tidtaking:
27. Laila Ødegård, Jar, 1.23.34.
Framifrå jobba, damer!
Dalen formeleg kriblar etter foto frå hendinga !
Idrett i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2009
Som tidlegare meldt skal nokre velledalsfruer gå Ingalåmi veg Lillehammer. Truleg ein sunnare form for kvinnedag enn den fleirtalet legg bak seg.
Elles går turlangrennet Heiåna sundag, arrangert av Engesetdal IL. Dette er einaste turlangrennet som er att på Sunnmøre ved sida av Fjellsæterrunden.
I Storhallen er det Russecup i fotball, der elevane frå 3. og 4. klasse ved Velledalen skule stiller eit reint velledalslag
Grasrotandelen – støtt Velledalen IL !!
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2009
Dei fleste har sikkert høyrt om grasrotandelen – ei ny ordning der alle tipparar gjennom spelekortet sitt kan gi 5 % av innsatsen (summen ein tippar for) til eit frivilleg lag. Kravet er at laget må vere registrert i Frivillighetsregisteret i Brønnøysund. Denne ordninga tok til å gjelde frå 1.mars 2009.
Velledalen IL har no formalitetane i orden. Det er mange gode formål innan bygda vår, men vi håper mange set pris på VIL sitt arbeid. Vis det ved å gi din grasrotandel til VIL!!
På førehand takk!
Halve velledalingar overalt
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2009
Oda Flaten Lødemel-
Etter at nettsida siste tida har sett fokus på fenomenet ”halve” velledalingar, aular slike fram overalt. Til og med i Sykkylven Storhall i dag, der det vart arrangert stemne i RG, var slike i aksjon. Og dei markerte seg på ein særs positiv måte.
Henrikke Hovland- "halv" velledaling
Jettebra i Vasaloppet
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2009
Rask oppdatering frå Vasaloppet, der VIL-løparane gjorde ein glimrande innsats.
Som før meldt vart Kristian Moe sjuk, slik at våre menn var Stian Mork og Svein Arne Nakken. Slik vart resultata:
1. Daniel Tynell, Sverige 4.10.55
657. Stian Mork, VIL
5.08.42 (ny VIL-rekord i Vasaloppet)
803. Svein Nakken, VIL
5.14.12 (ti minutt raskare enn i fjor)
Vi seier berre; godt jobba, karar!
Det kjem meir frå løpet seinare.
Sjukdom i Vasalopptroppen
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Feb 2009
Siste nytt frå gjengen som skal til Vasaloppet. Kristian Moe har vorte sjuk og vart ikkje med på turen
Svein Nakken derimot, vart med trass tommelskaden, men det er i skrivande stund uvisst om han går rennet. Dermed vert deltakarane frå Sykkylven: Stian Mork (VIL), Fridtjof Fredriksen (SIL) og kanskje Svein Nakken (VIL). Svein skal truleg opererast tysdag, vert det meldt til nettsida på ein god telefon frå Magerholm.
Heller ikkje Knut Anders Hatlen (Stranda IL) stiller. Også han råka av sjukdom.
Svein Hjorthol vinnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Feb 2009
Denne veka hadde vi midtvekekonkurranse for å prise vinterferien. Skal ein dømme etter rette svar var konkurransen vanskeleg.
Men Svein Hjorthol tok den heller rett. Rett svar var Einar Fet og Anna Lisa Drabløs, høvesvis far til Eivind Fet og mor til Jens Fredrik Langlo. Premien var gratis deltaking og servering i Det Store Folkerennet. Gratulerer!
Vasaloppet til helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2009
Tre løparar frå Velledalen IL har meldt seg på det 89 kilometer lange Vasaloppet frå Sälen til Mora i Sverige. Rennet vert arrangert komande helg.
Men diverre vert det berre to som stiller til start. Svein Arne Nakken, innhavar av VIL-rekorden (5.24.42), har drege på seg ein skade som gjer renndeltaking uaktuelt.
Men Stian Mork og Kristian Moe deltek. Stian debuterte i fjor med 5.44.25, noko som heldt til plassering nummer 1352 av kring 15 000 deltakarar. Kristian er debutant i dette rennet. Han har gjort eit kraftfylt comeback denne sesongen og kan vere kapabel til å overta VIL-rekorden. Dei reiser saman med Fridtjof Fredrikson frå SIL. Han har gått rennet fleire gonger tidlegare og kan gi VIL-karane kamp om tittelen ”Best frå Sykkylven”.
Vi ynskjer trioen lukke til!!
Idrettsskulen
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Feb 2009
Ingen idrettsskule i dag, tysdag 24.02 på grunn av vinterfeire, meldar styret i idrettsskulen.
Barnas Fjellsæterrunde
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2009
Dette rennet samla 56 deltakarar. Eit bra tal med tanke på ruskevêr og manglande annonsering. Mange av deltakarane
var ikkje heimehøyrande i Sykkylven.
Frå vårt lag deltok desse:
Simon Skylstad Hole
Sofie Skylstad Hole
Sivert Nakken
Andreas Nakken
Bjørnar Akselvoll Lade
Sigrid Ulset Lade
Kristin Hovdenakk Kalvatn
Sofie Hovdenakk Kalvatn
Jens Hjortdal
Johanne Hjortdal
Lagkonkurranse – Fjellsæterrunden
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2009
Under Fjellsæterrunden vert det kvart år delt ut lagpremie til beste tremannslag i herreklassa og beste kvinnetrio. Under rennet i 2009 hadde vi ingen kvinnetrio frå same klubb, men fem tremannslag. Velledalen IL var åleine om å stille seks løparar, dermed hadde vi to lag
Her er resultata:
1. Sunnylven IL
3.31.00
(Ø. Hole1.10.07, R. Hole 1.14.24, H.K.Stadheim 1.06.29)
2. Velledalen IL
3.33.26
( S. Mork 1.09.49, K. Moe 1.09.22, K. Fet 1.14.15)
3. Velledalen IL - 2
4.02.07
( Nakken 1.17.48, Myrseth 1.17.36, Flemsæter 1.26.43)
4 Stranda IL
4.03.29
( E. Helsem 1.19.06, T. Loe 1.21.37, O.J. Lillestøl 1.22.46)
5 Rolls Royce
4.53.47
( Eidsvik 1.27.41, Almestad 1.38.33, Stormyr 1.47.33)
I 2008 greidde VIL 4.plassen så her er det framgang.
Flotte prestasjonar under Fjellsæterrunden
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Feb 2009
Løparane frå Velledalen IL gjorde det skarpt under Fjellsæterrunden som vart arrangert under våte forhold i dag. Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL, vann rennet på 1.06.29.
Men på dei to neste plassane kom Kristian Moe (1.09.22) og Stian Mork 1.09.49. Dei vann dermed kvar si klasse, Stian klasse 26-30 år og Kristian klasse 31-35 år. I sistnemnde klasse tok Ole Johhny Myrseth ein fin andreplass med 1.17.36. Marius Flemsæter vart nummer tre i klasse 26-30 år med tida 1.26.43
Kenneth Fet gjekk renn i Valldal laurdag (andreplass der), og tok ny andreplass under Fjellsæterrunden i klasse yngre junior. Tida til Kenneth vart 1.14.15.
Svein Arne Nakken imponerte under Holmenkollen Skimaraton, men var ikkje like heldig i dag. Han kom på tredjeplass i klasse 41-45 år med tida 1.17.48
I klasse bedrift herrar hadde Terje Aurdal, Tau sport (medlem i VIL) bestetid med 43.31,
Torild Hole kryssa mållina på 1.10.50 som einaste deltakar i bedriftsklasse kvinner.
I kampen om tremannspokalen gjorde VIL ein sterk figur med andreplass bak Sunnylven IL. Dei tre på VIL-laget var Kristian Moe, Stian Mork og Kenneth Fet. Dei hadde ei samla tid som var to minutt og 26 sekund bak Sunnylven IL sin trio.
48 deltakarar fullførde i konkurranseklassene (medrekna bedrift), og åtte av desse
representerte vart lag, som gjorde av vi hadde største troppa i rennet . Det er vi faktisk litt stolte av.
I tillegg deltok mange frå VIL i Barnas Fjellsæterrunde. Diverre har vi ikkje bilete av på langt nær alle. Men innsatsen var god i rennet som samla 55 deltakarar.
Tøffe tak i Alperittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Feb 2009
Velledalen IL var godt representert under Alperittet. Våre kom alle heilskinna til mål. Langt verre gjekk det med VIL sin tidlegare alpinist Geir Arne Fet.
Geir skulle svinge unna ein konkurrent som låg i løypa. Det makta han ikkje. I staden flaug han gjennom lufta i svært høg fart. I den brutale landinga slo han
foten av med to opne beinbrot like i overkant av skoen.
Om det gjekk ille med Geir, gjekk det betre med broren Eivind. Han starta i Open klasse (slalåmski), og kom i mål på tida 7.38 ei tid berre Petter Andre Aursnes makta kopiere. Altså delt fyrsteplass til Eivind og best tid i rennet som samla 200 deltakarar. Det høyrer med til soga at arrangøren sende med Eivind ei handlevogn frå Kiwi stappfull av varer som gåve til den uheldige broren. Fint gjort av arrangøren!
TELEMARK
Herrar over 40 år:
6. Knut Kalvatn
10.49
9. Jon Hjortdal
13.18
SNØBRETT DAMER
7. Bente Hole
15.18
8. Kristin Støylen 16.38
Kjempebra at to frå den nye snowboardklubben deltok
Også Michael Uhlar, fast inventar i VIL sin herretrim, frå Tsjekkia deltok på snøbrett. Han brukte 11.46 på den 6200 meter lange løypa med eit fall på over 1200 meter..
Sjå foto frå Alperittet. Ligg i album
Fjellsæterrunden sundag
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2009
Programmet ser slik ut:
10.30-12.30: Start Trimklasse (ca 10 km) – påmelding ved start
13.00: Start Bedriftsklasse (ca 15 km) – påmelding til Atle Moldestad seinast fredag
13.00: Start Konkurranseklasser (ca 28 km) – påmelding til Moldestad innan fredag
13.05: Start Barnas Fjellsæterrunde (ca 3 km) – påmelding renndagen, alle premiert
Garderobe og premieutdeling på Tandstad skule
Drikkekonteiner
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Feb 2009
Har nokon i Velledalen to drikkekonteinerar ståande ein eller anna stad. Type militær, grøn farge. Arrangøren av Fjellsæterrunden (sundag 22.februar) treng dei, så om dei finst i ein velledalsheim/Straumgjerdeområdet ver grei og kontakt Pål Rune Fet eller Svein Arne Nakken.
Kven sponsar i år ….?
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Feb 2009
Det nærmar seg nytt Konradløp – det åttande i rekkja. Og spørsmålet VIL stiller er: Kven vil ha logoen sin på startnummera dette året…?
Som dei fleste sikkert veit vert det brukt eingongsstartnummer under Konradløpet. Vi har hatt ulike sponsorar, som Vellda, Elano og Hole Maskiner. Eit par år har VIL sjølve betalt startnummera, som i 2008 då laget trykte www.velledalen.netpå heile startnummerserien. Ei slik almisse er det ikkje aktuelt å gi dette året.
Men vi har ledig reklameplass til den som vil betale. Er du interessert så gi melding til Atle Hole eller sekretær Ove Skylstad. Få arrangement gir betre valuta for reklamepengane enn nettopp Konradløpet.
Resultat Holmenkollen Skimaraton
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Feb 2009
Svein Arne Nakken var einsleg svale frå Velledalen IL under Holmenkollen Skimaraton (42 km) som vart arrangert frå Vang skistadion, Gåsbu. Her er resultata til nokre lokale løparar:
Svein Arne Nakken 2.20.59
nr 21 i klasse 40-44 år
Knut Anders Hatlen 2.03.33
nr 14 i eliteklassa
Fridtjof Fredrikson
2.32.45
nr 52 i klasse 40-44 år
Berth Wilhelmsen
2.31.39
nr 2 i klasse 60-64 år
Svein vart premiert og dokumenterte god form før Fjellsæterrunden om ei veke.
Kveldsmaten
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Feb 2009
Idrettslaget inviterte til gratis kveldsmat torsdag kveld. Dette blei ei sosialt og triveleg samkome for alle frammøte. Det var nokre av dei yngre som meinte at dette burde vert arrangert kvar veke.
Jan til hopp-NM for veteranar.
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Feb 2009
Det største på idrettsfronten denne helga der Velledalen IL er representert, er hopp-NM for veteranar i Stryn. Her stiller Velledalen IL sin einaste hoppar, Jan Ringseth. Jan har siste tida vore plaga med ei dårleg hofte, men truleg ikkje verre enn at han ”luftar” hoppskiene i helga. SIL vert representert ved Arnt Kato Eidem.
Svein Arne går skimaraton
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Feb 2009
Komande laurdag stiller Svein Arne Nakken til start i det som før heitte Holmenkollmarsjen – no Holmenkollen Skimaraton. Svein har gått dette rennet ei rekkje gonger tidlegare. Vi får tru det vert ei fin gjennomkøyring før Fjellsæterrunden, som vert arrangert sundag 22. februar
Lagkamp friidrett: Velledalen IL nummer 12
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Feb 2009
Kvar sesong arrangerer Møre og Romsdal Friidrettskrets lagkamp i Kretscupen. Utøvarane
hentar poeng i ulike øvingar alt etter plassering. For 2008 ser lista for dei beste slik ut:
Tingvoll IL
422,5 poeng
Dimna IL
392 poeng
Ålesund FIK 311 poeng
Velledalen IL er plassert på ein heiderleg 12.plass (Takk Hilde!) med 15 poeng, solid føre Sykkylven IL som kapra sju poeng gjennom sesongen.
Kanskje kan vi hente fleire poeng i 2009..?
Gode prestasjonar i Skardilten
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2009
Velledalen IL var representert med kvartetten Stian Mork, Marius Flemsæter, Kristian Moe og Ole Johnny Myrseth under det 40 kilometer lange rennet Skardilten i Molde laurdag.
Knut Anders Hatlen frå Stranda vart rennvinnar med tida 1.47.59.
Alle fire representantane frå vårt lag gjorde ein god figur, og skaffa seg gjennom dette rennet betre seeding til eksempelvis Birkebeinerrennet.
Resultat, 26-30 år:
3. Stian Mork 2.06.31
7. Marius Flemsæter 2.20.14
(9 løparar fullførde)
31-35 år:
4. Kristian Moe 2.01.53
8. Ole J. Myrseth 2.18.37 (16 løparar fullførde)
Vi nemner at evigunge Berth David Wilhelmsen vann klasse 61-65 år på tida 2.12.21
Det nærmer seg Fjellsæterrunden (22. februar). Alt tyder på at VIL
dette året vil ha eit langt sterkare tremannslag enn i fjor, då vi greidde fjerdeplassen. Utanom dei fire i Molde har laget Svein Arne Nakken og Kenneth Fet i bakhand.
Skiperiode i idrettsskulen – start tysdag 10. februar
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2009
Idrettsskuleleiar, Gunn Tove B. Skylstad, har sendt ut nytt skriv i samband med at idrettsskulen
no flyttar aktiviteten fram på fjellet. Det vart også skifte av dag, frå onsdag til tysdag. Sykkylven Aktiv, ved Egil Tandstad og Bjørn Inge Drabløs, er ansvarlege for opplegget.
FRAMMØTE: Klokka 18.00
2. og 3. klasse: Må ha langrennski/turski – skal vere i minitrekket
4.-5.-6.- og 7. klasse får velge mellom carving, telemark eller snowboard
VIKTIG:
Det kostar å leige instruktørar, så det er viktig at dei som melder seg på møter.
Dersom nokon har langrennski/turski som dei kan tenkje seg å låne ut/ selje, så kontakt Gunn Tove eller andre i idrettsskulestyret
For spørsmål kontakt gjerne Gunn Tove på telefon eller e-post: gtbs@start.no
Tlf: 918 06 923
Hei, eg heiter Øyvind!
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2009
Eg bur i Molde og representerer MOI. Eg vil gjerne sende ei helsing til farmor og farfar i Straumgjerde, Solbjørg og Ove Straumsheim.
Laurdag var eg på Stavsengfjellet der eg deltok i hopp og kombinert. I hopprennet hoppa eg 12 og 12,5 meter. Stod i begge, stilkarakterar på om lag 13. Bror min han Håvard deltok òg, men berre i hopp. Han strekte seg til 8,5 meter i begge omgangar. Men han er no berre åtte år. På bilete er eg nesten ferdig med det kombinerte langrennet. Løypa var to kilometer lang. Eg brukte 10.09. Langrennet var ganske slitsomt
Beste helsing
Øyvind Straumsheim
skihoppar
Velledalsjenter med ny fotballtriumf
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2009
I klasse jenter under 16 år vann laget Podêmos frå Stranda. På dette laget spelar velledalsjentene Christina Holmberg og Ellen Hole. Dette vart deira andre fotballtriumf i 2009, ettersom laget deira i januar vann Platina Players Cup i Giskehallen. Under Vestborgcup vann Podêmos 3-0 i finalen over laget Søkølven. På dette laget gjorde Anette Akselvoll Lade ein god figur.
På gutesida kom dei beste lokale spelarane til kvartfinalen. Bengt Hole Alnes og Rune Hole spela nemleg begge på laget Lonesome Asiater IL, eit lag som rauk ut mot eit strandalag.
Laget Stilongs vann den mest prestisjetunge klassa (gutar over 16 år).
-Leit fram Splitkein-skia dine, Per !
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Feb 2009
Denne oppfordringa kom frå Arnt Kato Eidem (57), retta mot sin tidlegare konkurrent frå Velledalen, Per Henning Hole.
-
Det er enno ikkje for seint. Neste helg er det NM for veteranar i Stryn så det er berre å leite fram skia, meinte sykkylvshopparen, som varma opp med fleire gode hopp i Fjellbakken på Stavsengfjellet. I sjølve rennet i 50-meters bakken noterte Arnt Kato 42,5 meter i 1.omgang til 15,5 – 15,0 – 14,5 i stil. I andre omgang auka han til 44,5 meter med nøyaktig same stil. Dermed vann han klasse 50-59 år med 173,6 poeng.
VIL sin einaste hoppar, Jan Ringseth, slit for tida med ei dårleg hofte, men etter planen stiller han i NM. Vi ynskjer dei to veteranane alt godt under NM.
Vi tek med at rennet i Fjellbakken hadde med hopparar frå Ellingsøya i guteklassa, men ingen frå Sykkylven kommune. Det kallar vi eit aldri så lite tankekors.
Ungdomssatsing
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Feb 2009
Under VIL sitt ekstraordinære årsmøte vart det bestemt at Sunnmørsalpane Ski-og Snowboardklubb skal få bli ei undergruppe under Velledalen IL. Det er Bente Hole som har gått i bresjen for å blåse nytt liv i snøbrettklubben, som var ganske aktive for ein del år tilbake. Og ungdomane ligg ikkje på latsida. Eit nytt styre er alt klart, og ser slik ut:
Bente Hole, leiar
Kristin Støylen, kreativ ansvarleg
Mathias Kalstad, medlemskontakt
Ole-Severin Eliassen, dugnadsansvarleg
Anna Hole, juniorkontakt
-Forvent mange nye medlemar til VIL i næraste framtid, seier leiar Bente Hole til idrettslaget si nettside.
10 000 kroner frå Ekornes
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2009
Velledalen IL har i dag fått melding frå Ekornes om at laget vil få 10 000 kroner i sponsorstøtte for 2009. Dette er same summen som i 2008.
VIL er djupt takksame for støtta som vil gå til innkjøp av utstyr til idrettsskulen, mellom anna står bålpanne og lavo på ynskjelista. Vi har òg fått melding om at vi kan få låne eit ”oppblåsbart” start/mål-segl ved større arrangement. Midt i blinken for eksempelvis Folkerennet, Minikonrad, Konradløpet og Fetvatnet Rundt.
Stian og Terje i Tyskland
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2009
Terje etter Vasalopet 2007
König Ludwig Lauf er eit 50 kilometer langt langrenn i klassisk stil i Tyskland. Årets renn vart arrangert sist sundag med ei rad ”kjendisar” på startstreken. Vi nemner Stian Mork, Terje Aurdal, Ole Johan Lillestøl og Alf Pilskog (snusar på medlemskap i VIL) som nokre av dei fremste. Rennet gjekk i minusgrader med skarpt føre i ei heller flat løype, vert det meldt etter heimkomsten.
Resultat:
Nr. 139 Stian Mork 2.34.00 (nr. 35 i klassa)
Nr. 320 Terje Aurdal 2.53.42 (nr. 17 i 55-59 år)
Nr. 331 Ole J. Lillestøl 2.54.33 (nr. 19 i 55-59 år)
Nr. 916 Alf Pilskog
4.02.19 (nr. 74 i klasse 61-65 år)
I alt 1208 løparar fullførde
Resultat:
Nr. 139 Stian Mork 2.34.00 (nr. 35 i klassa)
Nr. 320 Terje Aurdal 2.53.42 (nr. 17 i 55-59 år)
Nr. 331 Ole J. Lillestøl 2.54.33 (nr. 19 i 55-59 år)
Nr. 916 Alf Pilskog
4.02.19 (nr. 74 i klasse 61-65 år)
I alt 1208 løparar fullførde
Resultat:
Nr. 139 Stian Mork 2.34.00 (nr. 35 i klassa)
Nr. 320 Terje Aurdal 2.53.42 (nr. 17 i 55-59 år)
Nr. 331 Ole J. Lillestøl 2.54.33 (nr. 19 i 55-59 år)
Nr. 916 Alf Pilskog
4.02.19 (nr. 74 i klasse 61-65 år)
I alt 1208 løparar fullførde
Fjellsæterrennet 2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Feb 2009
Bjørnar Lade var einaste deltakar frå Velledalen i Fjellsæterrennet 2009. Han trivast med ski på og er ikkje redd for farta i bakken.
Flott NM-debut av Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Feb 2009
Laurdag deltok Hilde Riksheim Tandstad i Ungdomsmeisterskapen i friidrett i Stangehallen i øvingane lengdehopp og 800 meter. Ein relativt hektisk konkurranse, med kort tid mellom dei to greinene.
Ho opna i lengdegropa der alle deltakarane fekk tre hopp. Deretter fekk dei beste tre nye sjansar. Hilde traff godt på eitt av sine hopp, som målte 4,63 meter. Det var berre sju cm bak persen, men ikkje godt nok til tre nye hopp i det harde selskapet. Men verdt å merke seg at hoppet var 15 cm lenger enn bestehoppet hennar frå KM i Tingvollhallen.
På 800 meteren vart Hilde nummer fire i sitt forsøksheat, med ei tid på om lag 2.40. og med det var NM-eventyret over for denne gongen. Vi håper det gav meirsmak for Hilde, som er den fyrste frå VIL i laget si 102-årige historie som prøver seg på dette nivået.
To ”halve velledalingar” frå Vik IL var òg påmelde. Men diverre sette ein strekk stoppar for deltakinga til Henrik Johan Holmberg, som stadig vekk snusar på 2-meteren i høgdehopp. Systra, Anna Maria, som skulle ha delteke i same klasse som Hilde på 800 meter, fekk influensa og måtte halde seg heime av den grunn.
Idrettsskulen (eldste gruppe) til Moa
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jan 2009
Onsdag den 4.februar tek eldste gruppa i idrettsskulen (6. og 7. klasse) turen til Moa symjehall. VIL betalar for badetimen, medan
den enkelte elev må betale ferga + pizza etterpå.
Susanne Langelo Hole (tlf 915 99 112) er ansvarleg under turen, men ser gjerne at éin eller fleire av foreldra blir med (kontakt Susanne)
Frammøte:
Frå Velledalen skule klokka 16.20
Frå Tandstad skule klokka 16.25
(ferga går 16.50)
Systematisert deltakar-data for Konradløpa.
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2009
Har samla og systematisert deltakar-data for Konradløpa.
Her kan du søke på deltakarar og sjå deltaking og resultat.
Kan søke på enten fornavn, etternavn eller begge deler. Kan også søke på delar av navnet.
her finn du den
http://213.184.217.241:8082/konrad/konrad.php
Konstituering av nytt styre 2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jan 2009
Atle Hole, leiar
Geir Helge Grebstad, nestleiar
Elisabeth Urke Hjorthol, kasserar
Ove Inge Skylstad, sekretær
Anne Britt Hammer, styremedlem
Vara til styret: Linn Tove Akselvoll, Mette Ulvestad, Marit Hole
Gruppeleiarar:
Nils Terje Skylstad, trim
Svein Arne Nakken, langrenn
Håkon Fedt, friidrett
Gunn Tove Skylstad, idrettsskule
Kristian med come back
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jan 2009
Kristian Moe er tilbake i langrennsløypa etter nokre kvileår. Før dei som ikkje kjenner karen, kan vi nemne at han er mannen som har gått raskast av alle sykkylvingar i Birkebeinerrennet.
Kristian opplyser at han denne sesongen heilt sikkert skal gå Skardilten (Molde), Fjellsæterrunden og Birkebeinerrennet. Dermed vil VIL få eit sterkt tremannslag under Fjellsæterrunden den 22. februar. Marius Flemsæter skal òg gå ”Birken”. Ein fin tilvekst for det stadig veksande skimiljøet mellom dei vaksne i laget vårt.
Skirenn i Tyskland
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jan 2009
Det er god aktivitet i VIL for tida. Sundag har vi tre solide karar i Tyskland, som deltakarar i König Ludwig Lauf, eit 50 kilometer langt skirenn i klassisk stil. Dei tre er Terje Aurdal, Alf Pilskog og Stian Mork
Stort & Smått
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jan 2009
Hilde til ungdomsmeisterskapen.
Komande helg vert ungdomsmeisterskapen (NM for yngre) arrangert i Stange i Hedmark. Så vidt vi veit har Velledalen IL aldri tidlegare vore representert her. Men til helga skjer det. Hilde Riksheim Tandstad deltek i lengdehopp og 800 meter. Hilde går vidaregåande skule på Tingvoll, og ho reiser saman med Tingvoll-gjengen. Les meir Her
Lov å lure.
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jan 2009
Menneska er ulike – også lokalpolitikarane. Og det finst alltid gode og mindre gode saker ein kan slost for. Vi merkar oss at fleirtalet i Sykkylven kommunestyre meiner alkoholservering på Fjellsætra på dag- og kveldstid er ei god sak.
Så god at dei vil ha det. Vi undrar oss på om desse personane vil ligge på knea sine og rydde krattskog når ei verkeleg god sak kjem på sakskartet. Vi tenkjer på den etterlengta lysløypa. Beint fram eit helsefremjande tiltak for born, vaksne og eldre. Eit anlegg som vil vere ei sælebot for det breie lag av folket i langt større omfang enn eksempelvis kunstgrasbana – for ikkje å snakke om ein skjenkestad i eit idrettsanlegg.
No må politikarane vise handlekraft i staden for å toe sine hender og stampe i sirup til langt oppå knea for den gode saka., med mindre dei ynskjer at politikarforakta skal bli sterkare enn den alt er.
Hilde til ungdomsmeisterskapen
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jan 2009
Hilde til ungdomsmeisterskapen.
Komande helg vert ungdomsmeisterskapen (NM for yngre) arrangert i Stange i Hedmark. Så vidt vi veit har Velledalen IL aldri tidlegare vore representert her. Men til helga skjer det. Hilde Riksheim Tandstad deltek i lengdehopp og 800 meter. Hilde går vidaregåande skule på Tingvoll, og ho reiser saman med Tingvoll-gjengen.
-
Eg har ikkje så store forventningar i høve til plasseringar, men håper å prestere opp mot mitt beste – og vel så det, seier Hilde som siste tida har vore plaga med beinhinnene til Stort&Smått.
Nettsida www.velledalen.netvil fylgje opp innsatsen til Hilde i helga.
Helseproblem stoppa Kenneth
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2009
Kenneth Fet gjorde sitt beste renn for sesongen sist helg, men under KM i klassisk stil i Isfjorden i dag gjekk det tyngre.
Siste veka har Kenneth hangla helsemessig, så det var heilt til det siste uvisst om han ville starte. Starta gjorde han, men det gjekk tungt frå start til mål. Han kom inn drygt to minutt bak KM-vinnar Geir Marius Øie frå Stordal IL. Sist helg var Kenneth ni sekund bak Øie i klasse G17.
Vi gratulerer Sondre Brunstad Fet, med opphav frå Velledalen, med KM-tittel i klasse G 12 år fristil. Ein flott prestasjon av guten som representerer Sykkylven IL. Vi kan nemne at far til Sondre, Steinar Kasparson Fet, vart KM-vinnar på 60 meter i klasse G 13 år for nokså nær 30 år sidan. Vi har høyrt den før, historia om eplet og stammen.
Gnistrande skiføre
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2009
Ei god helg for skifolket. Passe kaldt, godt preparerte løyper og gnistrande skiføre.
To av dei vi traff ute i løypa bar etternamnet Fet. Og som alle veit; Fetfolket er generelt skiglade menneske. På biletet ser vi Einar Fet (64) med sonesonen Evander Ulstein Fet sovande i pulken. Ikkje lenge etter kom farmor Inger i fin stil, men denne gongen gjekk ho glipp av fotograferinga. Truleg var ho like glad.
Denne trioen hadde seg ein flott skitur på sykkylvssnø, medan ein anna Fitjamann/gut, sveitta i langrennsløypene i Isfjorden. Der var det KM-langrenn i klasssik stil. Vi kjem tilbake til Kenneth sin innsats der så snart vi får inn resultata.
Ekstraordinært årsmøte i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jan 2009
Velledalen IL held ekstraordinært årsmøte,
Velledalen grendahus tysdag 3.februar klokka 20.00. Sakliste:
1)
Reknskap for 2008
2)
Årsmelding for friidrettsgruppa
3)
Ny gruppe i VIL (snøbrett)..?
Tilbod om badstove til foreldre (17.00-20.00)
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jan 2009
Kvar onsdag framover har idrettsskulen symjing med tre ulike grupper. Dette strekker seg frå tidsrommet 1700-2000. Kvar gruppe har 60 minutt til disposisjon i vatnet. Dette betyr litt venting for foreldre eller andre sjåførar. For desse vert det no gjeve tilbod om ventetid i badstova- mot betaling av kr 30,-
Idrettsleiar Gunn Tove B. Skylstad seier til nettsida at ho håper foreldra vil nytte seg av dette gode tilbodet.
-
Men kle dykk sømeleg, for hugs dette vert eit tilbod både for kvinner og menn, sluttar idrettskuleleiaren.
Årsbeste på lokal snø av Kenneth.
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jan 2009
Kenneth Fet vart nummer fem i klasse 17 år i Sykkylvssprinten som vart avvikla i Hevsdalen i dag. Men det var rekordjamnt. Fattige ni sekund skilde Kenneth Pålson frå andreplassen.
Oppløftande for Kenneth
Herer resultata for G 17:
1. Lars Lyche
MOI
26.04
2. Geir Marius Øie, Stordal
26.26
3. Ole Sæterbø, Surnadal IL,
26.31
3. Olav Erling Aaland, Sunnylven IL
26.31
5. Kenneth Fet, Velledalen, IL
26.35
6. Morten Nerem, Emblem IL
26.39
7. Øyvind Hole, Sunnylven IL
27.03.
8. Håkon Støren Gussiås, MOI
27.19
Vi nemner at Sondre Brunstad Fet, med begge foreldra frå Velledalen, kom på delt andreplass i klasse G 12 under rennet på Stavsengfjellet laurdag, medan han vann same klasse i dag.
Framifrå !!
Hilde KM-vinnar på 800 meter
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jan 2009
Velledalen IL var representert med Hilde Riksheim Tandstad (16) og Ellen Marie Hole (15) under innandørs-KM i friidrett i Tingvoll på Nordmøre i dag. Begge gjorde ein flott figur, med KM-tittel til Hilde på 800 meter som høgdepunket.
Deltakinga var god med over 100 deltakarar. Våre to representantar starta begge i 40 meter sprint og lengdehopp, i tillegg til 800 meter for Hilde sin del.
Vi kjem tilbake med dei endelege resultata når dei ligg føre, men nemner at våre hamna midt på treet av ni deltakarar i lengde, med 4.41 på Ellen og 4.48 på Hilde.
Ellen kom til finalen på 40 meter der ho vart nummer fire, men nest best av 93-årgangen.
Senterpartiet frå politikk til idrett…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2009
Nettsida gjorde det ein kan kalle
funn i eit kjellarlokale i Velledalen i kveld. Der fann vi Velledalen sin einaste faste kommunestyrerepresentant i brennheit slagveksling med sin private instruktør. At Senterpartiet no synest satse på boksing i staden for politikk er kanskje ikkje så unaturleg etter tumultane i partiet siste tida. Diverre har ikkje nettsida fått tak i leiar Torild Hole, men bileta lyg ikkje. Det er all grunn til å tru partiet vil nytte kampsport i den komande valkampen i von om å slå seg over sperregrensa.
Eller kan det vere slik at idrettsskulen i Velledalen skal ha boksing som aktivitet i nær framtid, og at Kristin Grebstad skal vere instruktør der….? I alle fall var det idrettsskuleleiar Gunn Tove Brochmann Skylstad som heldt med treningslokal, og det var òg ho som finpussa på Grebstad sin enno noko uferdige teknikk. Spørsmåla er mange, svara førebels få.
Uansett, nettsida ventar i spenning på korleis dette heng saman. Tips oss dersom du veit om andre kjellaraktivitetar som vert utøvd i mørke vinterkveldar. Velledalen har det meste, men vi veit lite om det.
Æresmedlem Fridtjof fyller 90
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2009
Fridtjof Drabløs fyller 90 år i dag. Han er æresmedlem i Velledalen IL, der han i yngre år både deltok som aktiv og administrativt. Han har vore leiar i laget, og elles hatt ei rad andre tillitsverv. Spesielt i samband med ulike arrangement stod han sentralt. Eksempelvis under storrenna i Brunstadbakken i 1962 og 1965. Fridtjof fylgjer framleis nøye med, og det var han som i samband med laget sitt 100 års jubileum i 2006 tok initiativ til kjøp av hjartestartar. Som i dag er trygt plassert i Velledalen grendahus og heldigvis sjeldan i bruk. Vi gratulerer ein god idrettsven med 90 års dagen.
Hilde og Ellen til KM
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2009
Sundag vert innandørs-KM i friidrett arrangert i Tingvollhallen på Nordmøre.
Velledalen IL vert der representert med Hilde Riksheim Tandstad og Ellen Marie Hole
Hilde (16) stiller i øvingane 40 meter, lengde og 800 meter, Ellen (15) i 40 meter og lengde.
VIL inn i Frivillighetsregisteret
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2009
Om knappe sju veker (1.mars) vert ei heilt ny finansieringsordning sett i drift.
Berre dei idrettslaga som er registrert i Frivillighetsregisteret vil få del i desse pengane. Den einskilde spelar hjå Norsk Tipping kan då knyte ein lokal frivilleg organisasjon til spelarkortet sitt. Norsk Tipping betaler då 5 % av innsatsen til spelaren til organisasjonen.
Brønnøysundregisteret er pliktige til å kontrollere alle innkomne registreringar før ein vert godkjend i Frivillighetsregisteret. Dette er tidkrevjande.
VIL har kome langt på veg med dette arbeidet. Om kort tid vert papira sendt, og vi håper at rett mange vil knyte spelarkortet sitt til Velledalen IL når ordninga kjem i gang 1.mars.
Kenneth i Norgescup
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jan 2009
Kenneth Fet debuterte i Norgescupen i langrenn i Trøndelag sist helg.
På sprinten vart Kenneth nummer 72 av 131 løparar i prologen med tida 3.52.41. Best av sunnmøringane vart Geir Marius Øie frå Stordal IL med 58 plass. Andreas Foldal frå Hovdebygda vart nummer 63. Det var tett mellom løparane på den korte distansen.
På 10 kilometer klassisk gjekk det litt tråare for Kenneth. Han vart her nummer 100 med tida 29.23, om lag fire minutt bak vinnaren. Alt i alt ei nyttig erfaring å få bryne seg mot landets beste i klasse 17 år.
Komande helg er det Sparebanken Møre Cup på sunnmørsk snø med Stordal IL og Sykkylven IL som arrangørar.
Motbakkekongen er død
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jan 2009
Landets klart beste motbakkeløpar, Jon Tvedt, er død berre 42 år gamal.
Jon Tvedt var saman med bror sin og ein kamerat då han brått vart dårleg under ein treningstur på Gullfjellet ved Bergen i går. Det var dårleg vêr i området og det tok timar før hjelpa nådde fram. Tvedt døydde av utmattelse og nedkjøling.
Tvedt har delteke i stort sett alle motbakkeløp på Nordvestlandet, og har ved ei rekkje høve stått på same startstrek som VIL sine ivrige motbakkeløparar Håkon Fedt, Olaf Øien, Rolf Haxthow og Nils Skylstad. Tvedt hadde i alt 14 NM-gull i orientering og friidrett.
Han fekk aldri det 15. Det skulle han etter planen kjempa om i Geiranger til sommaren.
Vi lyser fred over Jon Tvedt sitt minne.
Viktig melding til alle kvinner
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jan 2009
I dag har vi eit positivt nyhende å melde, spesielt for alle kvinner.
Tysdag 13januar (på Bjørn Asle Lade sin fødselsdag – hugs gratulasjonar til han) vert det starta opp med dametrim i Velledalen grendahus. Instruktør vert Monica Hole. Alle som ynskjer justere form og figur i postitiv lei er hjarteleg velkomne.
Altså: Tysdag 13 januar klokka 20.00 er Velledalen grendahus staden.
Sportshandelen.no
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jan 2009
Ja, det er namnet på firmaet som har teke over drifta av skiutleiga på Fjellsætra.
Men dei fire velledalskarane, André Brudevoll, Geir Helge Grebstad, Jens Peter Brunstad og Sindre Hjorthol driv meir enn skiutleige.
Dei driv òg sal. Du kan kjøpe deg nytt utstyr- anten det er slalåm, langrenn eller brett
Dei har hjelmar, stavar, ullkle, huer, vottar og elles det som høyrer med. Til og med ei Velledalen IL-hue til 100 kroner får du kjøpt her. Med logo både til VIL og sportshandelen.no på.
Eller dei kan rett og slett preparere skiene dine slik at du får maksimal gli i bakken elle løypa. Det kostar 150 kroner, men det er det vel verdt. Prøv Sportshandelen. no du også!!
Ny skimote…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jan 2009
Det er stadig nytt å hente på skifronten. Sjå berre på skia på biletet.
Vi presiserer at det er undersida av ski du ser. Dette paret stod ”parkert” utanfor varmestova på Fjellsætra laurdag. Om det er eigaren det er bilete av under skia skal vere usagt. I så fall ganske praktisk, og absolutt ei nyvinning som burde vere til inspirasjon for både menn og kvinner i Velledalen
Innandørs-KM i friidrett
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2009
Sundag 18.januar vert det arrangert innandørs-KM i friidrett på Nordmøre (Tingvoll). Ein kan prøve seg i fylgjande øvingar: 40 meter sprint, 40 meter hekk, lengde, høgde, kule og 800 meter. Yngste årsklasse er 11 år (blir 11 år i 2009).
Alle som ynskjer delta må melde seg til Håkon Fedt eller Atle Hole seinast 13.januar (påmeldingsfristen er 14.jan)
Meir frå årsmøtet
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2009
Det meste viktige frå VIL-årsmøtet 5. januar stod å lese i Stort & Smått. Men ikkje namna på revisorane og den nye valkomitéen. Dei får du her:
Revisorar:
Annlaug Grebstad og Sølvi Sæther
Valkomité:
Helen Fet (leiar), Anita Hole, Knut Kalvatn og Kurt Lade.
Nærmar seg lysløype..?
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jan 2009
Vi saksar frå årsmeldinga til langrennsgruppa i VIL:
” Lysløypa er tenkt plassert på sørsida av Nysætervatnet frå myra nedanfor parkeringsplassen ved skitrekket, og innover langs vatnet. Tur-retur vil løypa bli ca. 4,2 km. Løypa skal stette krava som må til for å kunne få tippemidlar. Planarbeidet er ferdigstilt. Fleire synfaringar saman med alle involverte partar har vore gjennomførte og alle påklagingar og klagefristar er passerte
I skrivande stund ligg saka i kommunen. Det er kommunen sine folk som skal ta saka vidare med sikte på å inngå vtalar med dei ulike grunneigarane slik at ein kan få frigitt grunn. Etter dette kan anleggsarbeidet ta til. Vonleg til komande skisesong”.
Spreke over tid
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jan 2009
For å greie krava til idrettsmerke slepp ein vere supersprek, men ein må vere i rimeleg god form i høve til eigen alder. VIL har arrangert slike prøver i lang tid. Kvart år gjennomfører 10-20 personar. I år var det berre ni, seks menn og tre kvinner, det betyr at vi bør ha ein auke neste år. Her er lista for sesongen 2008:
45.gong: Paul Hole
43.gong: Grete Fet
40.gong: Odd Kåre Fet
37.gong: Ragnhild Fet
24.gong: Arild Lade
23.gong: Nils Terje Skystad
20.gong: Svein Helge Hjorthol
19.gong: Kari Solaas
5.gong: Per Gunnar Holmberg
Vi gratulerer Odd Kåre Fet med 40-års merket, Svein Helge Hjorthol med idrettskruset og Per Gunnar Holmberg med sølvmerket. Og Paul Hole som går i sitt 80. år, toppar lista med 45 gonger. Sprekt !
Stort og smått nr 01,2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2009
Bård årets utøvar.
Bård Erstad vart kåra til årets idrettsutøvar for 2008 under Velledalen IL sitt årsmøte 5. januar. Bård har siste året delteke i langrenn og sykling. Sterkaste prestasjonen gjorde han under Nibberittet i Geiranger der han vart nummer fire av 18 deltakarar i klassa. Han sykla dei 21 kilometerane med ei stigning på 1500 høgdemeter på 1.47.12. elles gjekk han Fjellsæterrunden og han sykla Ekornesrittet og temporittet som var ein del av Sykkylvsrittet.
Les meir her
Idrettsskulen - 2.termin.
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jan 2009
Frå onsdag 7.januar fram til og med onsdag 4. februar er det SYMJING som står på programmet. Deretter vert det ski på fjellet, med oppstart rett etter vinterferien.
Arena for symjedelen vert bassenget i Velledalen grendahus. Frammøte slik:
1700:
Alle elevar i 2. og 3. klasse – instruktør Gunn Tove B. Skylstad
1800:
Alle elevar i 4. og 5. klasse – instruktør Gunn Tove
1900:
Alle elevar i 6. og 7. klasse – instruktør Susanne L. Hole
VIKTIG!!
Forfall må meldast
VIL vil gjerne ha e-post adressa til alle som har slik. Dermed vil de få tilsendt den informasjonen laget sender ut. Send den gjerne til: atlehole@online.no
Kontaktpersonar vedkomande symjeundervisninga:
Gunn Tove tlf 918 06 923 – e-post: gtbs@start.no
Susanne tlf 915 99 112
Bård ”årets utøvar”
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2009
Bård Per Erstad vart kåra til årets idrettsutøvar 2008 under årsmøtet i Velledalen IL i kveld.
Bård vert 66 år i mars, og ”først da tar livet til” heiter det i ein ikkje ukjend song. Om det vert slik for Bård er ikkje godt å seie, men sjansen er der etter at han hausten 2008 ”røska opp” i tette årar på Feiringklinikken. Og dei var ikkje lite tette heller. Tre av dei mest sentrale var høvesvis 99 prosent, 90 prosent og 75 prosent tette. Han ville ikkje overlevd eit infarkt fekk han vite.
Tidlegare dette året gjekk Bård Fjellsæterrunden (tid 1.33.47), han vann klasse 60-69 år i Ekornesrittet (tid 2.00.42), han vart klassevinnar i Sykkylvsrittet sitt temporitt og han vart nummer fire av 18 deltakarar i Nibberittet. Denne perioden trena han godt, ytte godt, men kjende seg likevel ikkje spesielt pigg. Alvoret i situasjonen skjøna han fyrst då han fekk problem med å halde kona Grethe på kveldstur.
Juryen var dette året samansett av Einar Fet, Terje Aurdal og Atle Hole. Dei hadde ingen lett jobb. Fire ungdomar og elleve veteranutøvarar var vurderte som kandidatar til prisen. Svein Arne Nakkken var Bård sin hardaste konkurrent til tittelen dette året i fylgje juryen. Han hadde sterke skiresultat i Vasaloppet, Birkebeineren og Holmenkollen Skimaraton å vise til.
Vi gratulerer Bård med tittelen!
Siste års vinnarar:
2007: Nils Terje Skylstad og Hilde Riksheim Tandstad
2006: Kenneth Fet
2005: Sverre Gunnar Brunstad
Platina Players Cup
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jan 2009
Ej forventa at du legg ut på www.velledalen.netat ej å Christina vann Platina Players Cup.
Slik heiter det i ei melding frå Ellen Marie Hole. Saman med Christina Holmberg spelar dei to 15-åringane frå Velledalen på Stranda IL sitt jentelag (fotball). I dag var dei i Giskehallen der Valder arrangerte Platina Players Cup. Strandarane fekk ein god start med 4-1 over Hødd 2, 3-0 over Herd og 9-0 over Valder 3 i puljespelet. I kvartfinalen senka dei Ravn med 2-0, før Spjelkavik måtte bite i det sure eplet i semifinalen (4-2). Finalen mot Hødd 1 stod 1-1 etter speleforlenging. Dermed vart det straffesparkkonkurranse. Denne vann Stranda 4-3, og det var ingen ringare enn keeper! Christina Holmberg som scora det avgjerande målet. Ellen laga seks mål i turneringa, så velledalingane markerte seg positivt i Giskehallen.
God sesongstart av Kenneth
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jan 2009
Kenneth Fet sesongopna i dag under Vestlandsmeisterskapen i klassisk sprint som Markane IL arrangerte i Nordfjord. Kenneth var ikkje heilt nøgd med prologen, men kom sterkt tilbake i B-finalen. Den vann han, og dermed vart det 7.plass totalt. Kenneth vart nest beste sunnmøring i klasse 17 år, berre Geir Marius Øie frå Stordal IL var betre med sjetteplass.
Neste helg debuterer Kenneth i Norgescupen i Trøndelag. Her skal Kenneth bryne seg mot dei beste i landet. Øvingane er 10 km klassisk og klassisk sprint, med Strindheim IL som arrangør