Vil du låne vottane mine…..?

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2017

Per- Gunnar Holmberg var
ikkje i Ålesund som meteorolog. Han var der som «langar». Privat drikkelangar
til Alf Petter Bøe.
 Den jobben må han hatt klaff med, sidan AP vann
klasse 50-54 år, halvmaraton, med god margin.

Det var kaldt i Ålesund
30.desember 2017. Fleire minusgrader i deler av løypa. Likevel observerte vi
fleire utøvarar i det vi i gamle dagar kalla kortbukse. I dag veit mange av den
yngre garde ikkje kva ei kortbukse er. Det heiter visst nok «shorts», har vi
lært. Uansett namn, mest ekstrem i påkledninga var Odd Gunnar Tveit (sjå foto).

Sørlendingen var det vi
vil kalle ekstremt leddkledd. Då mannen passerte Per-Gunnar Holmberg sin post, tykte
gartnaren, meteorologen og langaren frå
Velledalen – godhjarta som han er - synd i mannen frå Birkenes IL. I alle fall røska Per-Gunnar av seg vottane
og ropte:


 -  Vil du låne
vottane mine……?

Det høyrer med til soga at
tilbodet vart høfleg avslått. Mannen som vann klasse 50-54 år på heilmaraton
ymta forsiktig frampå:


 -  Nei, eg har vore
like lettkledd i verre vêr enn dette, og kome bra frå det.

Uansett antrekk:

Odd Gunnar Tveit sprang
rundt på denne måten i 42 195 meter i Ålesund laurdag.

Odd Gunnar Tveit var ute i
3 timar 29 minutt og 18 sekund – nesten utan klede.

Odd Gunnar Tveit vart nest
best av alle på heilmaraton og vann klasse 50-54 år.

Odd Gunnar Tveit var ikkje
heilt i lodd på oppløpet, til liks med mange andre. Då vi ikkje hadde med
vater, kan vi ikkje kome med eksakt tal for unormal helling. Elles lytefri.

Odd Gunnar Tveit kan med
rette bere tittelen HARDHAUS.

Team Bøe har bestemt fylgjande:

På grunn av Odd Gunnar
Tveit sin imponerande oppvisning i Ålesund, er Odd Gunnar med etternamn Tveit,
kvalifisert til gratis deltaking i Konradløpet 2018 (1.mai med start 05.00).
Også der kan temperaturen kome ned mot null grader i heldige augneblikk, om det
måtte trigge sørlendingen. Startkontingenten vert i sin heilskap betalt av Team
Bøe.




Nyttårsmaraton i Ålesund

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Des 2017

Denne gongen vart
Nyttårsmaraton i Ålesund eit vintermaraton. Underlaget varierte, men i hovudsak
gjekk løpet på snødekt veg. Somme brukte piggar, andre ikkje. Mest uheldig var
Olaf Einar Øien i sitt siste løp i klasse 70-74 år. Ikkje lenge før mål gjekk
han over ende, og slo seg såpass kraftig at han måtte bryte.

Debutanten Sivert Mosby
Nakken (14) tok seg greitt til mål.


 -  Sliten, men godt
fornøgd og ei stor erfaring rikare, heiter det i ei melding frå faren,
langrennsleiar Svein Arne Nakken.

Sivert passerte halvvegs
på 1.01.38, men fekk smake distansen kraftig mot slutten. 2.26.50 burde vere ei
grei tid å slå ved neste korsveg på same distanse.

Rutinerte Alf Petter Bøe vann klasse 50-54 år med solid margin. Her
fullførte heile åtte mann, og kjekt at Bjørn Arve Brune (Stranda) og Fridtjof
Fredriksen (Sykkylven) kom nærast Velledalen IL sin friidrettsleiar, som
framleis representerer Rindal IL. Jamt og solid arbeid av herr Bøe gjennom
drygt 90 minutt, vart løna med premie som klassevinnar og 12.beste tid av 75
fullførande på distansen.

Årets Nyttårsmaraton hadde
105 påmelde, kring 20 av desse på heil maraton. Are Uran var raskast på lengste
distansen (kring 3.18), medan Olger Pedersen, Dimna IL, gjorde unna halvmaraton
på 1.16.08 – svært sterkt forholda teke i betraktning.

RESULTAT HALVMARATON:

M 14-15 år:


 1.
  


 Gaute Skar-Hovde, Skar-Hovde Runners, 1.53.42


 2.
  


 Sivert Mosby Nakken, Velledalen IL, 2.26.50

PS: Birgit og Harry Hovde
er besteforeldre til vinnaren.

M 50-54 år:


 1.
  


 Alf Petter Bøe, Rindal IL, 1.30.26


 2.
  


 Bjørn Arve Brune, Stranda, 1.34.16


 3.
  


 Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 1.39.53


 4.
  


 Pål Lampert, Romerike Runners Team, 1.43.36


 5.
  


 Oddbjørn Vad, Stordal IL, 1.43.53


 6.
  


 Thomas Andersson, Gursken, 1.45.37


 7.
  


 Geir Thunsetvedt, Wurth, 1.54.24


 8.
  


 Bjørn Syversbråten, Hemsedal, 2.17.21

M 70-74 år:


 1.
  


 Atle Nytun, Ålesund, 1.52.08

Olaf Øien måtte bryte
etter eit fall kort før mål




Nyttårsmaraton i Ålesund 30. desember

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Des 2017

Velledalen IL vert
representert med ein debutant og ein veteran under Nyttårsmaraton i Ålesund
laurdag 30.desember. 18 timar før halvmaratonstart var deltakartalet kome opp i
65 - 15 på heil maraton, 50 på halv.

Olaf Einar Øien har gjort
eit utal løp på halvmaraton gjennom ei lang aktiv karriere. I morgon gjer han
sitt siste i klasse 70-74 år. Når kalenderen bikkar over på 2018, bikkar Olaf
over i klasse 75-79 år.

I motsett ende av aldersskalaen opererer
Sivert Mosby Nakken. Han spring i klasse 14-15år. Modig gjort av 14-åringen å
debutere på halvmaraton. Kjem Sivert seg til mål i morgon, er han ganske
sikkert den yngste som har fullført ein halvmaraton for Velledalen IL.

Av andre påmelde nemner vi
Fridtjof Fredriksen (SIL) og Bjørn Arve Brune frå Stranda i klasse 50-54 år. I
denne klassa er det også venta at Alf Petter Bøe stiller for Rindal IL.

I fjor samla
nyttårsmaraton i Ålesund 111 deltakarar. Så mange vert det neppe dette året,
men Velledalen IL har altså ein 14-åring og ein 74-åring mellom dei startande.

Vi håper deltakarane våre
får ei fin oppleving!




Olaf Einar Øien på «likes-toppen» i 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Des 2017

Fem på topp hittil i 2017:

189 likes: «Du greidde
det, Olaf»! - 11.juni (sak frå
Nibbeløpet 2017)

113 likes: «Sprek
butikk-sjef på Nærbutikken» - 9.okt (frå Henning Tandstad si delt i
Ramstaddalsløpet).

102 likes: VIL-deltaking i
New York maraton – 5 nov. (Førehandsomtale av Torild sitt løp)

99 likes: «9.aug ropar vi
av full hals; heia Karsten»! – 8.aug (Før Karsten Warholm sin VM-finale)

84 likes: «Ros til russen»
- 2.mai (Skryt til russen i samband med Konradløpet).

«Likes-prisen» er ein av
prisane som vert delte ut under Idrettsgallaen. Om ikkje Olaf vert slegen siste
dagane, vert det altså pris på han. Saka om Olaf handlar om at 74-åringen
sprang sitt 24. Nibbeløp av 24 mulege i Geiranger sist sommar. Komande vår/sommar
blir det jubileum – både i alder og løp (75+25 = 100).

Tidlegare vinnarar av «Likes-prisen»:

2015: «Gladsak frå
Geiranger – betre seint enn aldri». Prisvinnar Elise Stette - 259 likes.

2016: «I dag hyller vi
Svein Arne Nakken». Prisvinnar Svein Arne Nakken – 139 likes

2017:….???




Vellukka Romjulsmarsj og akekveld

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2017

Eldrid og Asle Myhre hadde med seg bornborn og var mellom dei som heldt høgast fart. Kjekt å sjå at sparken framleis kan tene som framkomstmiddel.
Gruppa gjekk nemleg
offensivt ut og arrangerte den 38. Romjulsmarsjen på dagtid og akekveld på Hole
på kveldstid. Romjulsmarsjen gjekk under snøvêr det meste av tida, medan
nedbøren hadde dabba av då akarane var klare med sin aktivitet.

Romjulsmarsjen samla bra
med folk. 80 i talet, noko som er betre enn dei to siste åra. Vi merka oss at
to av Velledalen IL sine fremste menn frå friidrottsbana i siste halvdel av
1940-talet, Torleiv og Paul Hole, begge var på plass. I ein alder av 87 og 88
år. Elles varma somme opp til den tilstundane akekvelden og kom på spark. Eit
usikkert framkomstmiddel då sandstrøarar kan slå til når ein minst anar det.


Elles var marsjen også eit populært
treffpunkt for dei firebeinte, og personar som ikkje bur i dalen til vanleg.
Som vanleg sytte trimgruppa for fin og rimeleg servering.

Under akekvelden vart 52
personar registrerte. Her var det fleire uhøgtidlege konkurransar. Mellom anna
på tid frå Knutgarden og ned til krysset i Øyane. Eller ein kunne ta turen til
Brunstad og tilbake med spark – på idealtid.

Om nokon har foto frå akekvelden, så send
gjerne til VIL-Nettsida: atlehole@online.no




Endeleg vinter – bli med ut og nyt den!

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2017

Les meir her
Vi som bur i låglandet i
Sykkylven har lært oss – meir og meir med åra – at vinter er ferskvare. Den må
nytast medan vi har den. Og det treng slett ikkje vere så lenge.

Difor håper vi folk
sluttar sterkt opp om Anita Mosby Nakken sitt tiltak. Ein sosial «happening»
for dei som vert med.




1.juledagshelsing frå Bruna trimpost

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2017

Bruna trimpost 1.juledag
klokka 20.00:


 -  Grindløa pynta
til jul, bålpanna klar til bruk, fin vinterstemning – velkomen til alle, heiter
det i meldinga som tikka inn i kveldinga 1.juledag.

Stoda på posten, altså 25.12 klokka 20.00, låg ved:

98 turar: Inger Riksheim

66 turar: Solveig Olsen

66 turar: Kjell Olsen

36 turar: Ingunn Hunnes

33 turar: Unni Østro

31 turar: Anne Merete
Hjorthol

31 turar: Anita Johansen

Det vert òg meldt at
Robert Kalvatn sesongdebuterte etter bokskiftet i oktober denne kvelden. Det er
venta at han vil ha klatra på listene når neste rapport ligg føre




Trimpostane: 60-og 70-åringane «ruler» stort!

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2017

I går presenterte VIL-Nett
topp-10 trimpostar for 2017. Samanlagtstillinga for dei ti personane som har
samla flest poeng i løpet av året. Det er ikkje sikkert du la merke til det ved
fyrste augekast, men faktum er at alle ti personane på lista er i 60- eller
70-åra.

Truleg har det ikkje hendt
før at to tiår har gjort reint bord. Men
denne gongen skilde det berre 16 år mellom eldstemann, Elling Ivar Hole på 76,
til yngste kvinne, Inger Anne Riksheim(60).

I fjor hadde trass alt denne lista to «ungdomsalibi»
i Geir Olav Drabløs og Linda Kristin Øye. Desse to vart i år erstatta av
Odd-Kåre Fet og Anita Hjorthol. Det betyr at snittalderen på topp-10 lista er
vesentleg oppjustert. Uoffisielt utrekna til 68,2 år for 2017!

Kva viser så dette…? Jau, det
viser at i nedslagsfeltet vårt finst det eit knippe menneske som brukar desse
trimpostane som ledd i bygginga av sitt eige velvere og fysiske form. Dei er komen
i ein alder der dei har tid til å gå, og dei går. Og hugs at det dreier seg om
langt fleire enn dei ti beste poengsankarane. Inne på topp-5 på enkeltpostane,
fann vi namn som Margit Fet (88) og Kjellaug Ulset (straks 90) dette året. Og
mange andre. Eigentleg ein heil generasjon

Så kan vi sitje og minnast
tilbake på trimpostane sitt startår for kåring av samanlagt-vinnarar. Det var i
1991. Då vann ein spebygd 15-åring (Per Steinar Linga)! Året etter var det
andre enden av alders-skalaen som viste seg fram, med Konrad Brunstad (då 82
år) som vinnar.

No derimot, er det nærast utenkjeleg med
tenåringar inne på topp-10 samanlagt. Og vi hadde heller ingen tenåringar inne
på topp-5 enkeltpostar. No er det 60- og 70-åringane som «ruler». Og dei gjer
det tungt. Vi mistenkjer dei for å halde stand i åra som kjem. Og vit at
Velledalen IL er stolte av innsatsen dykkar – faktisk særdeles stolte!!




Romjulsmarsj for 38.gong 2.juledag

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Des 2017

arkivfoto
 Berre Fjellsæterrunden av
VIL sine faste arrangement har like lang fartstid. Men medan skirennet fleire
gonger har meldt pass på grunn av lite snø, har Romjulsmarsjen vore fast med
eitt einaste unntak – stoppa av orkan og straumbrot.

Årets marsj vert difor den
38. i rekkja. Dei beste åra har marsjen hatt kring 230 deltakarar, siste åra
har tala vore under 100. Arrangementet har ein klar sosial profil med
Velledalen grendahus som base og registreringsstad. Trimgruppa plar syte for
fint pynta lokale og servering til gunstige prisar.

Dette året satsar
trimgruppa også på aktivitet på kveldstid, med utgangspunkt i Hole-øyane. Her
vert det ake-kveld om forholda skulle ligge til rett. Sviktar snøen må ein
bruke føtene. Pålpanna skal syte for forfriskningar.

Sjå trimgruppa sine skriv
i samband med arrangementa 2.juledag.

 her




Inger Anne best for sjette gong

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Des 2017

Nærbutikken sin Henning Tandstad er særdeles stolt av naboen sin. Ein triumf til så tronar ho på trimpost-toppen åleine.
Dermed tek Inger steget
opp på sida av Synnøve Kristoffersen som også har vore best seks gonger.
Arnhild Linga har fire.
 Inger sine
vinnarår:

2010: 3978 poeng

2013: 3208 poeng

2014: 3018 poeng

2015: 4022 poeng

2016: 3485 poeng

2017: 3414 poeng

Faktisk har Inger høgare
poengsum som besteresultat enn dei seks vinnar-åra. I 2011 sette Vigdis Fure årsrekord
med 4809 poeng. Då vart Inger nummer to med kring 4200 poeng.

Inger sine turar frå oktober 2016 til oktober 2017:

1 tur Brunstadsætra

1 tur Brunstadkølen

3 turar Koppen

10 turar Riksheimdalen

470 turar Bruna

Fullstendig samanlagt-liste for sesongen oktober 2016
til oktober 2017:


 1.
  

 Inger Riksheim 3414 poeng – 485 turar


 2.
  


 Solveig Olsen 2477 poeng – 351 turar


 3.
  


 Ivar Arne Flo 1946 poeng – 278 turar


 4.
  


 Arnhild Linga 1660 poeng – 220 turar


 5.
  


 Ingrid Brudevoll 1650 poeng – 318 turar


 6.
  


 Grethe Fet 1583 poeng – 389 turar


 7.
  


 Elling Hole 1580 poeng – 229 turar


 8.
  


 Odd-Kåre Fet 1547 poeng – 371 turar


 9.
  


 Kjell Olsen 1519 poeng – 212 turar


 10.
  


 Anita Hjorthol 1449 poeng – 288 turar

Like ved: Alf Petter Bøe
1442 poeng – 231 turar

Som vi ser vann Inger med 937 poeng denne sesongen. Folk som veit kor
tøft det er å skaffe seg 937 poeng, vil vi tru skjønar denne prestasjonen best…
Alternativ framlegging; Inger var 93 turar på Høgsætra + 1 tur på Vellesætra
betre enn sin hardaste konkurrent. Rimeleg suveren, med andre ord. GOD JUL til
alle trufaste brukarar av VIL sine 14 trimpostar!




Testløp i Oslo-avdelinga

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2017

arkiv foto
På grunn av sjukdom samla
løpet berre tre deltakarar, men tidene vitnar om høg kvalitet. Njål Torillson
Tyssing og Nikolai Handle Jensen sprang begge godt ned på 17-talet. Ca 17.35 på
Njål og Nikolai knappe ti sekund bak vert det meldt. Einaste kvinne i løpet var
Anette Heimli Jokstad, som brukte 20.30.

Overført til Konradløpet
vil det seie at både Njål og Nikolai hadde fått sett 15-talet, medan Anette
hadde vore på lavt 18. Og hugs; dette var trening, så trioen har meir inne.




Holmenkollstafetten 2018 går 5.mai

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2017

arkivfoto
Velledalen IL –friidrett melder
truleg på lag i romjula. Tidleg vil mange synast, men grunnen får du her:

Påmelding før 1.januar
kostar kr 3 100,-

Påmelding før 1.mars
kostar kr 3 350,-

Påmelding etter 1. mars
kostar kr 3 850,-

Prisane gjeld for alle
lag, uansett kva klasse ein melder seg på. Velledalen IL har siste har delteke
i klasse A1 – miksa lag med fleirtal menn.

Etappane. Klasse A1 har start på St.Hanshaugen og har
desse etappane:


 1.
  


 St. Hanshaugen – Louisegate 1100 meter


 2.
  


 Louisegate – Wolffs gate 1070 meter


 3.
  

 Wolffs gate – Wilh. Færdens vei 600 meter


 4.
  

 Wilh. Færdens vei – Forskningsveien 1910 meter


 5.
  

 Forskningsveien – Vinderen 1260 meter


 6.
  

 Vinderen – Slemdal 1240 meter


 7.
  

 Slemdal – Besserud 1790 meter


 8.
  

 Besserud – Gressbanen 1810 meter


 9.
  

 Gressbanen – Holmendammen 630 meter


 10.
  

 Holmendammen – Monolittveien 2840 meter


 11.
  

 Monolittveien – Nordraaksgate 1530 meter


 12.
  

 Nordraaksgate – Arno Bergs pl. 370 meter


 13.
  

 Arno Bergs pl. – Camilla Colletts vei 1080 meter


 14.
  

 Camilla Colletts vei – Bislettgata 720 meter


 15.
  

 Bislettgata – mål på Bislett stadion 500 meter

Her er det berre å legge
seg i trening. Vi reknar med at Oslo-avdelinga tek dei tyngste taka reint
sportsleg.

PS. Verdt å merke seg: Med
3000 lag til 3350 kr i startkontingent, vil arrangøren ha 50 000 kroner
over 10 millionar i startpengar.




Solveig Olsen på sikker 2.plass

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Des 2017

Vi veit ikkje om det er
tilfeldig eller god planlegging….. Men faktum er at Solveig Olsen fekk
registrert 351 turar i 2016, og nøyaktig same tal i 2017. I 2016 gav hennar 351
turar 2440 poeng. I år auka ho poengsummen på same turtal til 2477 poeng.

Solveig er mellom
spesialistane på Bruna trimpost med 333 turar dit, men som ektemannen, Kjell,
har ho vore på alle postane denne sesongen.
  Her er Nils Terje Skylstad sine
  registreringar på Solveig Olsen i tidsrommet oktober 2016 til oktober
2017:

1 tur skogsvegen Hjorthol

1 tur sætreelva Holemarka

1 tur skogsvegen Fet

1 tur Brunstadsætra

1 tur Vellesætra

1 tur Høgsætra

1 tur Myrdalsfjellet

1 tur Regndalen

1 tur Brunstadkølen

1 tur Holetindane

2 turar Koppen

2 turar Riksheimdalen

4 turar skogsvegen Drabløs

333 turar Bruna trimpost

Samanlagtlista for sesongen – minus vinnaren - ser slik ut:

2. Solveig Olsen 2477
poeng – 351 turar

3. Ivar Arne Flo 1946
poeng – 278 turar

4. Arnhild Linga 1660
poeng – 220 turar

5. Ingrid Brudevoll 1650
poeng – 318 turar

6. Grethe R. Fet 1583 poeng – 389 turar

7. Elling Hole 1580 poeng – 229 turar

8. Odd-Kåre Fet 1547 poeng – 371 turar

9. Kjell Olsen 1519 poeng – 212 turar

10. Anita Hjorthol 1449 poeng – 288 turar

Like ved: Alf Petter Bøe 1442 poeng – 231 turar




Team DnB – Steffen og Stian

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Des 2017

Pussig, men Sykkylven
kommune har vorte ein «U-land» når det gjeld skisport. Pussige fordi folk i
bygda vår er mellom dei privilegerte, på den måten at det få stadar ligg så
godt til rette som her. Ingen av idrettslaga i Sykkylven kommune var
representerte i Valldal.

Men, vi fann i alle fall
ein utøvar med slekt i Sykkylven, nemleg Steffen Mork i klasse G 9 år. Hugsar
du Stian Mork….? To gonger KM-vinnar for Velledalen IL på 1990-talet. Han er
far til Steffen.

Det var berre to gutar i
klass G 9 år denne fine ski-laurdagen i Valldal. Steffen Mork og Joen Ytredal
Schreijer. Sistnemnde frå Stranda, son til dyrlege Niek og Unni Ytredal.
Bestemora heiter Coby Ytredal, fleire gonger verdsmeister for veteranar.
Steffen og Joen gjekk nesten like fort. Fire sekund skilde.

Hurra for Steffen Mork!

Ein kvikking av ein gut
som etter alle solemerke vil bli ein god langrennsløpar.

Måtte skisporten i bygda
vår finne att seg sjølv. Faktisk har vi tradisjonar på feltet som bør takast i
vare!




Delt 2. plass til Espen i Volda.

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Des 2017

Foto topp-3: Bjørg Iren Strøm
Espen Strøm Grebstad
representerte VIL-friidrett på imponerande vis. Delt 2.plass med «hardingen»
Are Uran frå Nordmøre – og berre ti sekund bak vinnaren Einar Orten Trovåg – er
godt levert.

Elles legg vi merke til at
onkel til Espen, Jan Kåre Strøm, vann klasse 50-59 år på ei flott tid.
Konradløpet bør stå på Jan Kåre si ynskjeliste for 2018. Eit løp der han
faktisk til og med kan risikere å møte jamaldringar frå skuletida i Velledalen
med startnummer på brystet.

Resultat frå Volda:

23.29: Einar Orten Trovåg,
Hareid IL

23.39: Espen Strøm
Grebstad, Velledalen IL

23.39: Are Uran, Havørn

24.11: Jan Kristian
Korsnes, O2-Snapparane

24.35: Steffen Andre
Kråkenes, Brattvåg

27.00: Jan Kåre Strøm,
Sotra Sportsklubb

27.57: Sindre Burås,
Sylte, Volda

29.13: Marcus Kemp
Vedeler, Nordfjordnissane

30.51: Ivar Humberset,
Volda

31.39: Egil Arne Standal,
Volda Løpelag

33.35: Ulf Magne Eikås,
Stryn

35.13: Harald Krøvel,
Volda Løpelag

38.24: Inge Aswbjørn
Haugen, Hornindal IL

38.59: Per Ernst Lundberg,
3H




Ivar hoppa frå 5.plass i fjor til 3.plass i år.

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Des 2017

arkivfoto
Ivar Arne Flo er
spesialist. Han er den av utøvarane på topp-10 som har vore på færrast turmål.
Berre to av dei, Bruna og Riksheimdalen. Men i Riksheimdalen er han spesialist
i ordets rette forstand. 276 turar dit dreg poeng og gir helsebot året rundt.
Som vanleg held Ivar seg i nærleiken av slektningen Arnhild på lista.
 I fjor enda han
på plassen bak, i år på plassen føre. Vi kan røpe at Ivar er den einaste over
70 år, som er inne på topp-5 samanlagt. Sprekt gjort!

Ivar Flo sine poenggivande turar sesongen 2016/2017:

2 turar Bruna trimpost

276 turar Riksheimdalen

Lista over topp-10 nærmar seg fullføring, berre to
namn manglar:

3. Ivar Arne Flo 1946
poeng – 278 turar

4. Arnhild Linga 1660
poeng – 220 turar

5. Ingrid Brudevoll 1650
poeng – 318 turar

6. Grethe R Fet 1583 poeng
– 389 turar

7. Elling Hole 1580 poeng - 229 turar

8. Odd-Kåre Fet 1547 poeng
– 371 turar

9. Kjell Olsen 1519 poeng - 212 turar

10. Anita Hjorthol 1449
poeng – 288 turar

Like ved: Alf Petter Bøe
1442 poeng – 231 turar




Sluttutbetaling spelemidlar 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Des 2017

Som alle veit er karta
ferdige og tekne i bruk. «Jomfruløpet» var til og med KM mellomdistanse for
Møre og Romsdal i mai månad. Med særs god deltaking.

Det var gjeve tilsegn om
69 000 kroner i spelemidlar på kartarbeidet. Tidlegare er 59 000 betalt
ut. Sluttkostnaden på kartet over Myrdalen/Holenakken vart på 129 910 kroner,
noko lågare enn godkjend kostnad i høve søknaden.

I eit skriv til Sykkylven
kommune skriv Møre og Romsdal fylkeskommune mellom anna:


 -  Kulturavdelinga
vil med det første overføre 10 000 kroner
til Sykkylven kommune for vidare utbetaling.

Dermed er prosjektet vel i
hamn. Raskt og effektivt utført, etter godt arbeid av o-gruppa i VIL og deira
gode hjelparar.




4534 kroner i utstyrsmidlar frå o-forbundet.

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Des 2017

Potten, «Utstyrsmidlar
2017», som vart delt på 53 klubbar, var på 280 910 kroner. Dette er pengar
som kjem frå Kulturdepartementet. I år rakk dette til å dekke kring 23 prosent
av kostnaden på det utstyret dei aktuelle klubbane hadde kjøpt.

I Velledalen IL sin søknad
står mellom anna fylgjande:


 -  Vi har kjøpt utlånsbrikker til nybegynnere og «come-back-løpere».
Løperen passer selv på brikken, og leverer tilbake til klubben om man legger
opp.

Den totale utgifta på Velledalen IL sine brikker var 19 593 kroner. Som
altså gir ei utbetaling på 4 534 gilde kroner (23 prosent).


 Frå leiar i o-gruppa, Pernille Ibsen Lervåg, får vi
meldt at dei vil kjøpe inn fleire løpe-brikker for desse pengane.




Årets Førjulsmesse gav rekordresultat

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Des 2017

Den 25. Førjulsmessa gav
rekordresultat. Både for brutto omsetning og netto-resultat. Nyleg kunne
kasserar Vibeke Skinnes Hauge presentere rett så fine tal, då rekneskapen vart
lagt fram for arrangørlaga (Velledalen Skulekorps, VRF og VIL).

Nettoen etter messa 18. og
19. november vart på kring 93 000 kroner. Som er ny rekord.
Inntektskjeldene for laga skriv seg frå standleige, tombola, basarbøker og sal
av mat og kaffi. For fyrste gong vart det selt mat og kaffi for over 50 000
kroner under Førjulsmessa. Mat og kaffi-salet har sjølvsagt også ei minusside,
så alt er ikkje netto her. Men uansett fine tal, og nok ein gong STOR TAKK til
alle store og små bidragsytarar!




Skitnesundag-konkurransen.

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Des 2017

Ei av dei spenstige
kvinnene på dette fotoet (av Kondis) har «likes-rekorden» på Velledalen IL Facebook.
Er det startnummer 169, 170, 171 eller 172 som har rekorden…? Veit du det
ikkje, så tipp – sjansen er 25 prosent. Få lotteri har slike vinnarsjansar!

Send svaret ditt innan
utgangen av skitne-sundag til:

E-post: atlehole@online.no

Melding: 917 43 761

NB: FLOTT PREMIE TIL
VINNAREN – TREKT MELLOM DEI RETTE SVARA




Arnhild held koken

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Des 2017

Det skilde ti poeng mellom
Ingrid Brudevoll på femte plass og Arnhild Linga på fjerde. Sagt på ein annan
måte, så utgjer det ein einsleg tur til Koppen, Myrdalsfjellet eller Høgsætra.

Sannsynlegvis har ingen
fleire topp-10 plasseringar samanlagt enn Arnhild Linga. Ho går jamt og trutt
og er inne på lista kvart einaste år. Fire gonger har ho vore best, i 1999,
2000, 2001 og 2004. Berre Synnøve Kristoffersen og Inger Riksheim har fleire. I år vart altså Arnhild nummer fire, som i
fjor.

Arnhild Linga sitt trimpost-rulleblad for 2016/2017
ser slik ut:

2 turar til Myrdalsfjellet

8 turar til Holetindane

17 turar til Brunstadkølen

96 turar til Vellesætra

97 turar til Brunstadsætra

Når berre «pallplassane» manglar, ser topp-10 for året
2016/2017 slik ut:

4. Arnhild Linga 1660
poeng – 220 turar

5. Ingrid Brudevoll 1650
poeng – 318 turar

6. Grethe Fet 1583 poeng - 389 turar

7. Elling Hole 1580 poeng - 229 turar

8. Odd-Kåre Fet 1547 poeng
– 371 turar

9. Kjell Olsen 1519 poeng - 212 turar

10. Anita Hjorthol 1449
poeng - 288 turar

Like ved: Alf Petter Bøe
1442 poeng – 231 turar




Lange løp og gode gjerningar

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Des 2017

arkivfoto
Gløymde heilt å melde inn at eg var å sprang Halvmaraton i
Lisboa søndag for 10 dagar sidan. Elisabeth var på seminar to dagar, så då
nytta vi sjansen til ei langhelg i Lisboa. Ein framifrå by, som eg verkeleg kan
tilrå reiseglade i Velledalen IL. Løpet gjekk ikkje so voldtsomt bra,men det
var artig å prøve eit arrangement i utlandet. Løypa var paddeflatt, men eg
sleit litt med motvind og enno meir med litt lite trening siste månaden. Kom
difor i mål på ca. 1.22. Etterpå feira eg hardt med Fanta og Lion-sjokolade, og
spanderte bussbilletten tilbake til sentrum på ein tyskar som hadde gløymt
pengane sine (ca. 2 euro).




Held seg i form med innebandy

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2017

FOTO: Svein Arne Nakken)
Ta i så fall kontakt med Thorbjørn Hopland, og
høyr om gruppa har plass til deg. Både kvinner og menn er velkomne i eit
sosialt- og humørfylt miljø.

 Innebandy
er dessutan ein rimeleg aktivitet




Ei av dei sprekare damene i dalen fyller 40

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2017

FOTO: Konradløpet 2017
I dag er det jubileum i
Hjortdalsvegen 3 i Velledalen. Inger Anne Brunstad fyller 40 år. Ei
stillfarande kvinne vil mange meine – med sportsleg talent, legg vi til for
Velledalen IL si rekning.

Vi veit ikkje, men tvilar
på om det finst 40-åringar i Velledalen med høgare kilometerstand enn Inger
Anne. Dama går nemleg mykje. Ikkje berre på trimpostane. Få, om nokon, har
fleire turar «rundt Brunstadgarden» med barnevogn. I all slags vêr vert ho
observert. Åleine eller saman med likesinna (Anne Britt).

Av trimpostane er
Brunstadsætra i særklasse det mest nytta turmålet. Denne posten har ho vunne
fleire gonger, og er alltid i øvre sjikt.

At Inger Anne spring, er
derimot eit særsyn. Dei færraste har sett henne gjere dette, men ho MÅ ha gjort
det. I Konradløpet. Om Lars Inge sin statistikk er rett, har ho 10 deltakingar
i løpet. Tidene og utviklinga i dette løpet siste åra, er oppsiktsvekkjande. Provet
på det, og at ho umogleg kunne ha gått, får du her:


 ·
  

 Som 33-åring (i
2011) sette ho ny personleg rekord med
tida 24.00


 ·
  

 Året etter, som
34-åring, nok ein personleg rekord med 23.42


 ·
  

 Så vart det nokre
kvileår, før ho som 38-åring (i 2016) fleska til med ny personleg rekord på
23.32


 ·
  

 Og 1.mai i år,
som 39-åring, dunka ho til med ny bestetid igjen, 23.06!

Det er mange i VIL som
håper dei i framtida litt oftare får sjå ei springane utgåve av Inger Anne. At
dama har talent er tvillaust. Konrad Brunstad tok ikkje laust før han var godt over
70. Måtte Inger Anne gjere det same minst 30 år tidlegare!

Veteranklasse 40-44 år
ventar på deg!

På vegne av idrettsvener i Velledalen IL

Alex Hooley




Sterk trimpost-sesong av Ingrid

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Des 2017

Ingrid Brudevoll vart
nummer ni i fjor med 1587 poeng. Dette året auka ho til 1650 poeng, noko som
betalte seg med opprykk fire plassar, til ein flott 5.plass. Ingrid delte elles
1.plassen i skogsvegen Hjorthol med nabo Anita Hjorthol, begge med 161 turar.
Men det er ikkje på denne posten Ingrid har henta størstedelen av poenga sine.
Nei, det er på Koppen og Myrdalsfjellet, som ein vil sjå av lista nedanfor.

Tur-portefylgja til Ingrid Brudevoll siste året:

10 turar sætreelva i
Holemarka

16 turar Vellesætra

19 turar Brunstadsætra

56 turar Koppen

56 turar Myrdalsfjellet

161 turar skogsvegen
Hjorthol

Samanlagt-lista over trimpoeng i sesongen oktober 2016
til oktober 2017:

5. Ingrid Brudevoll 1650
poeng – 318 turar

6. Grethe Ramstad Fet 1583
poeng – 389 turar

7. Elling Hole 1580 poeng - 229 turar

8. Odd-Kåre Fet 1547 poeng
– 371 turar

9. Kjell Olsen 1519 poeng - 212 turar

10 Anita Hjorthol 1449
poeng – 288 turar

Like ved: Alf P. Bøe 1442
poeng – 231 turar




Idrettsminne i høve John Birger Johansen sin 70 års dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2017

John Johansen står som nr. 3 bak f.v. Dette fotoet er teke ca 8 år før det omtala kanonskotet på Siffen
 Vi har leita opp eit klipp
frå seriestarten frå nivå 3 i norsk fotball, våren 1979. Denne måndagen lydde
overskrifta slik i Sunnmørsposten: VRF-smell mot SIF:



 1-0

  





 frå 32 meter i det 88.minutt

Vidare står det i teksten:



 - 




 Historien gjentar seg: I fjor gikk VRF opp til 3.div
med 1-0 mot Langevåg, etter en fin dupper fra Per Hole fra 18 meter.



 - 




 I år innledet VRF sesongen med å ta begge poenga ved
ei kule av innbytter John Johansen. Det var snaue to minutt igjen av matchen.
Johansen fikk snappe ballen, forserte, og lade opp til storsmellen. Han la
rista, kroppen og sjela bak ei salve, som med litt støtte av et vindkast,
havnet i heimeburets vinkel.

Dette var i gode gamle
dagar. SIF var seriefavoritt dette året. Med vår kjære Frank Suorza som trenar.
Dette var som alt nemnt i teksten sesongen etter VRF rykte opp med 1-0 borte
mot Langevåg i siste kamp. Eit VRF-lag som i 78-sesongen hadde seks spelande
trenarar. Og eit lag som heldt nullen bakover i 12 av 18 seriekampar. Eit
VRF-lag som toppa tabellen ein gong i løpet av sesongen; nemleg etter siste
serierunde!

For å vinne ein fotballkamp
må ein løyse skot. John Johansen likte skyte. Han var mellom dei som skaut oftast
på VRF. Han trefte ikkje alltid. Men denne vårdagen på «Siffen» trefte han – og
han trefte meir enn godt.

VRF møtte seriefavorittane med fem mann i
forsvar og innsats. Karar som Kjetil Osvold, Jarle Ødegård og Jan Aasen surna
utover i kampen. Osvold, som seinare vart landslagsspelar og scora mot
Argentina, kom med fylgjande melding til VRF-spelarane ei ykt ut i 2.omgang:



 - 




 Har det vært okseslipp inne på Straumgjerde i dag…?

Og trenar Frank Suorza var
ikkje nådig etter kampen. Til Sunnmøre Arbeideravis uttalar han fylgjande:



 - 




 Sovende spillere vinner ikke! Spillere som går rundt
på banen og sover gjennom en hel omgang, har ingen mulighet til å vinne
3.divisjon, og skal vi følgje opp våre ambisjoner må det legges langt mer innsats
i spillet. Han la ikke skjul på at han var skuffet over sitt lags spill i
1.omgang.

For oss som var på Siffen denne dagen:

Takk for eit flott idrettsminne John – og gratulerer med 70 års dagen

Atle Hole


  




Flott og velsmakande servering

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2017

Ofte vert det enkle
løysingar når idrettslag skal servere mat under ulike samkomer. Denne gongen
hadde O-gruppa gjort ein vri. Tenk dykk, det var kjemisk fritt for kaker og
søtsaker denne kvelden. I staden vart det servert det vi velledalingar kallar
god, gamaldags betasuppe. Den smakte suverent, og det var så mykje av den at
nokre viste teikn til oveting, og faktisk måtte stå over det fyrste innandørs
O-løpet i Velledalen grendahus. Full honnør til suppekokarane!

Ei ri etter suppa hadde
funne sin plass i tarmsystemet, vart det servert fruktspyd og kaffi.

Somme tykte denne kvelden
var så gild at laget burde hatt ei slik samkome kvar månad. «Hansken» er med
dette kasta, ei av dei andre gruppene i laget bør vere potensielle mottakarar.

Men fyrst er det
Romjulsmarsj 2.juledag, og det er slett ikkje så verst det heller. Fyrste gong
arrangert i 1979, og avlyst berre èin gong, då var det straumlaust etter sterk
vind/orkan.




Premie til Mateusz og Emil

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2017

Internasjonal samkome.
  Under sist Idrettsgalla gav Velledalen IL gratis
start til to innflyttarar til Sykkylven, nemleg Mateusz Balon (Polen) og Stijn de
Smedt (Belgia). Begge gjorde ein fin figur i løpet, begge melde seg inn i VIL
etterpå og begge var på plass under O-festen.

Stijn var raskast av dei to under
Konradløpet, medan Mateusz har vorte hekta på O-løp. Så hardt hekta at han
laurdag fekk premie som den VIL-utøvaren med flest startar sist sesong. Premie
vart det også på Emil, sonen som fylgjer faren på dei fleste løpa.

Under den trivelege
samkoma sist laurdag møtte det personar med opphav frå minst fem nasjonar.
Noreg, Danmark og Slovakia, utanom alt nemnde Polen og Belgia. Kjekt at
O-gruppa si «breie» jobbing gir resultat.




Fortent heider til Janne og Merete.

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2017

Velledalen IL er stolte av O- gasellene sine. F.v:Merete, Janne og Pernille.
O-gruppa i Velledalen IL
har i 2017 hatt Pernille Ibsen Lervåg som leiar. I tillegg har Janne Tomtum,
Merete Masdal og Bernt Are Lervåg vore medlemar. Denne kvartetten arrangerte
ein framifrå O-fest for 65 frammøtte i Velledalen grendahus laurdag 9.desember.
Programmet var i høgste grad allsidig, det skal seiast. Obligatorisk helseplikt
på alle, lett obligatorisk rørsle-trim, storslagen presentasjon av O-sesongen i
ord og bilete, servering av grønnsak/kjøttsuppe, fruktspyd og saft/kaffi,
premieutdeling, takketalar og innandørs o-løp. Heilt klart ei kreativ gruppe alle i VIL kan vere stolte av.

Leiar Pernille takka
Merete Masdal og Janne Tomtum for stor innsats i gruppa. I tillegg til gode ord
fekk dei kvar sitt eksemplar av den temmeleg ferske O-boka for 2017. Denne boka
inneheld såkalla distriktssider. Og sida til Møre og Romsdal handla i sin
heilskap om Velledalen IL. Ei ære, og eit nytt prov på godt arbeid, på same
måten som tildelinga under O-Forbundet si samleg nyleg, der Velledalen IL vart
kåra til «Årets Gaselleklubb».




Oppsummering futsal-EM kvinner

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Des 2017

Her er resultata til det
norske laget:

Belgia – Noreg 3-2

Catalonia (Spania) – Noreg
0-12

Russland – Noreg 7-0

Det norske laget kom på
tredje plass etter ein siger og to tap, Målskilnad 14-10. Russland vart vinnar,
etter siger i alle sine kampar. Det norske laget heldt Russland til 0-0 ved
halvtid, men sprakk i andre omgang. Vår lokale spelar, Ellen Marie Hole, stod
for to av dei norske måla.




Andre løpet i vinterkarusellen i Ålesund

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Des 2017

arkivfoto
Forholda var ikkje av
beste merket då andre løpet i vinterkarusellen i Ålesund vart arrangert laurdag
9.desember. Distansane var som vanleg – valfritt 5 eller 10 kilometer, der alle
våre sprang fem. Deltakinga var ikkje den beste, men drygt 30 er akseptabelt i
den søte førjulstid.

Her er tidene til dei
lokale heltane:

5 km 50-54 år:


 1.
  


 Bjørn Arve Brune, Stranda, 19.51


 2.
  

 Svein Arne Nakken, VIL – friidrett, 22.10


 3.
  


 Frode Hoprekstad, Sykkylven IL, 22.49


 4.
  


 Jan Aaland, Fiskarstrand, 26.19

10 km 50-54 år:


 1.
  


 Fridtjof Fredriksen , Sykkylven IL, 44.51

5 km M 14-15 år:


 1.
  

 Andreas Mosby Nakken, VIL – friidrett 23.49


 2.
  

 Sivert Mosby Nakken, VIL – friidrett 24.18

Beste tid 5 km herrar:
Kristian Nedregård, Spjelkavik & Omegn FIK, 17.30

Beste tid 5 km kvinner:
May Evy Nesheim, 23.13

Beste tid 10 km herrar:
Marcus Megrund, Valder IL, 33.48

Beste tid 10 km kvinner:
Janne Elise Vatnaland, Spirit Stavanger FIK, 39.37




Grethe hoppa frå 10. til 6.plass

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Des 2017

arkivfoto
Grethe Ramstad Fet, har
som Kjell Olsen og ektemannen Odd-Kåre Fet, vore innom alle 14 postane i
trimåret som strekkjer seg frå oktober 2016 til oktober 2017. Og ho er vinnar
av trimposten i skogsvegen Fet med den nette sum av 341 turar.
  Vi ser nærare på Grethe sitt
  trimpost-rulleblad:

1 tur skogsvegen Hjorthol

1 tur sætreelva i
Holemarka

1 tur i Riksheimdalen

1 tur Høgsætra Fet

1 tur Koppen

1 tur Myrdalsfjellet

1 tur Regndalen

1 tur Brunstadkølen

1 tur Holetindane

2 turar Bruna trimpost

3 turar Vellesætra

5 turar Brunstadsætra

29 turar skogsvegen
Drabløs

341 turar skogsvegen Fet

Truleg har Grethe gått
etter same skjema som året før. I alle fal er ho jamnast av dei som kom med på
lista både i 2016 og 2017. Ho hadde 1576 poeng i 2016, og auka altså til 1583 i
2017. Då er det stabilt – eller sagt på annan måte; 1 Vellesæter-tur i auke.

Nedre del av samanlagtlista for siste trimpost-år ser
slik ut:

6. Grethe Ramstad Fet 1583
poeng – 389 turar

7. Elling Hole 1580 poeng - 229 turar

8. Odd-Kåre Fet 1547 poeng
– 371 turar

9. Kjell Olsen 1519 poeng - 212 turar

10. Anita Hjorthol 1449
poeng – 288 turar

Like ved: Alf Petter Bøe
1442 poeng

Legg merke til at det er vaksen
alder på personane frå 6.-10.plass, med snittalder på kring 70 år. Elling er
eldst med sine 76 år, Anita yngst med 61.

Skal tru kven som vart
nummer fem…..?




Futsal EM

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Des 2017

Organiseringa rundt EM for kvinner og U21 har dessverre vore sterkt prega av uroen i Spania og Catalonia. Lloret de Mare som er vertsby liknar for tida mest ein spøkelsesby der alt av hotell, restaurantar og andre attraksjonar er stengt. Temperaturen her varierer frå 4 grader til 15 midt på dag.

Med i EM er Russland, Belgia, Noreg og Catalonia. Så diverre blir det få landskampar, men Russland og Belgia held eit bra nivå. Catalonia er eit sorgens kapittel. Eigentleg skulle vi måndag spele opningskamp mot Catalonia, men kampen vart utsett på grunn av at Catalonia berre hadde tre spelarar klare ved kampstart. Vi fekk tilbud om å ta sigeren, men sidan vi ynskjer å få spelt mest mulig futsal medan vi er her, gjekk vi med på å utsette kampen. Catalonia har til no fått bank av Russland 39-0 og Belgia 35-0.

I dag skal vi spele ein cupkamp mot eit russisk klubblag, som altså blir som ein treningskamp for oss å rekne og ikkje ein EM-kamp.

Kampen mot Belgia vart i stor grad avgjort på grunn av reglementet brukt i denne turneringa. Vi spelar med originale futsal-reglar frå 1930, med blant anna innkast, hjørnekast og lovleg med sklitaklingar. Å stå tøft i rygg derimot viste seg å vere lite populært blant dommarane, og vi fekk raskt fem frispark mot oss. Dette resulterte i at kvart frispark til Belgia resten av omgangen vart straffespark, noko dei utnytta godt. Vi fekk omstilt oss godt til 2.omg, laga færre frispark og vi køyrde kampen. Dessverre utan utelling, og kampen enda med 3-2 siger til Belgia.

Etter kampen mot Belgia i går reiste vi til Barcelona, der vi fekk med oss Campions League-kampen Barcelona-Sporting CP. Ikkje ein storkamp, men kjekt å få oppleve stemninga på stadioen!

   




15 788 i momsrefusjon for 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Des 2017

Dette er ein fin slant for
Velledalen IL, sjølv om det berre er småpengar i høve til dei store idrettslaga
på Sunnmøre. Mest får Brattvåg IL med staute 422 682, medan Blindheim IL
får 401 389 kroner. I Sykkylven toppar ikkje uventa Sykkylven IL med 249 772
kroner. Vår gode nabo, Velledalen & Ringen Fotballag, får kring 1/3 av det
VIL får, med 4 980 kroner.

Tala er henta frå Smp.no




Særdeles kjekk e-post

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2017

Anette Heimli Jokstad (t.h) og Nikolai Handle Jensen nr tre frå høgre
E-postar kjem tikkande inn
heile tida. Somme er kjekkare å få enn andre. Og den vi her skal referere til,
faktisk mellom dei kjekkaste vi har fått knytt til lagsarbeid. Høyr berre her:


 -  Jeg og min
samboer trener fast med Team-Njål i Oslo. Det har vi gjort siden i fjor vinter,
og vi var så he
 ldige at vi fikk lov å løpe Holmenkollstafetten for VIL også. Etter å
ha snakket med andre Velledalen IL-medlemmer på Team-Njål, så fikk vi vite at
vi kunne bli medlemmer til tross for at vi ikke kommer fra Velledalen.


 -  Hvis dere er åpne for flere Oslofans, så blir vi
gjerne medlemmer fra januar 2018. Navna våres er Anette Heimli Jokstad og
Nikolai Handle Jensen.

Hjarteleg velkomen til
Anette og Nikolai!

Og meir enn godt jobba av
Oslo-avdelinga vår, som tydelegvis har framsnakka Velledalen IL.

Som Anette skriv, fekk ho
og Nikolai «snust» på Velledalen IL under Holmenkollstafetten 2017, og
etappe-tidene der viste at det er to særdeles dyktige utøvarar som no sluttar
seg til oss.

Og sjølvsagt er de
velkomne til den vesle perla vår på Sunnmøre når det måtte høve. Vi har ein
flott fjellheim som kan utforskast, og Nikolai med sitt stilige etternamn, er
nærast forplikta til å stikke innom den lokale Nærbutikken for å handle. VIL
spanderer gratis kaffi og kaker berre så de veit det!




Elling (76) har starta klatringa

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2017

Arkivfoto
Elling er mellom dei som
løftar seg med stigande alder. 8.plass som 75-åring vart til 7.plass som
76-åring i trimåret 2016/2017. Og han mangla berre tre poeng på sjetteplassen.

Poengmessig sleppte han seg ørlite ned. 1596 poeng i fjor, mot 1580 i
år.
 Turmåla er i all hovudsak dei same,
med Myrdalsfjellet og Holemarka som spesialfelt.

Vidare kan vi røpe at
Elling Hole er den eldste inne på topp-10-lista samanlagt dette året med sine
76 år. Odd-Kåre Fet fylgjer hakk i hæl med 75. Vaksne, spreke gutar!!

Elling Hole har fylgjande «tur-rulleblad» for oktober
2016 til oktober 2017:

1 tur
Brunstadsætra

88 turar sætreelva i Holemarka

140 turar Myrdalsfjellet

Samanlagtliste over dei største poengsankarane så
langt:

7. Elling Hole 1580 poeng - 229 turar

8. Odd-Kåre Fet 1547 poeng
– 371 turar

9. Kjell Olsen 1519 poeng - 212 turar

10. Anita Hjorthol 1449
poeng – 288 turar

Like ved: Alf Petter Bøe
1442 poeng – 231 turar

Hadde Elling auka
doseringa til Brunstadsætra til fattige to turar, hadde 6.plassen vore hans.
Men det gjorde han altså ikkje. Namnet på den sjette-plasserte utøvaren får du
neste gong.




FUTSAL-EM: Norge-Belgia 2-3 (2-3)

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Des 2017

Belgia gjekk tidleg opp i 1-0
mot eit norsk lag som la seg lågt i bana. Men to fine kontringsmål snudde
kampen til 2-1 i norsk favør. No er reglane i internasjonal futsal ganske ulike
dei norske, noko som gjorde at norske debutantar drog på seg tre straffespark i
siste del av omgangen. Reglane seier at etter fem frisprak mot – uansett kvar
det er på bana – vert alle etterfylgjande frispark gjort om til straffespark
frå ni meter. Belgia fekk tre slike og sette to av dei i nota. Norge fekk eitt,
som vart redda av Belgia sin målvakt.

I andre omgang la Belgia
seg lågare med laget, og skapte lite offensivt. Norge hadde mest av spelet, og
ein megasjanse til 3-3 mot slutten av kampen, men ein forsvarar redda på
streken bak utspela keeper.

Velledalen IL sin spelande
representant, Ellen Marie Hole, har sendt fylgjande korte melding til VIL-Nett:


 -  Veldig kjipt! Dei
datt som fluger og frisparka avgjorde!

I kveld er det norske
laget på Camp Nou, der dei skal sjå Barcelona – Sporting Lisboa i Champions
League. Truleg ei større oppleving enn å vinne 2-1 i spelemål over Belgia.




Trimpostane: 75-åring tok 8.plassen

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Des 2017

Til liks med Kjell Olsen,
har Odd-Kåre Fet vore innom alle 14 postane siste året. Men favoritt-turen går
til enden av skogsvegen på Fet – ein tur han gjer så godt som dagleg om han er
heime. Totalt har han gjort 371 turar, som betyr at turgåing nærast er lagt inn
i «kosthaldet».

Slik ser turrekkja til Odd-Kåre Fet ut i sesongen
2016/2017:

1 tur skogsvegen Hjorthol

1 tur sætreelva i
Holemarka

1 tur i Riksheimdalen

1 tur til Høgsætra

1 tur til Koppen

1 tur til Regndalen

1 tur til Brunstadkølen

1 tur til Holetindane

2 turar til Myrdalsfjellet

2 turar til Bruna trimpost

3 turar til Vellesætra

4 turar til Brunstadsætra

14 turar til skogsvegen
Drabløs

338 turar til skogsvegen Fet

Plassrangering samanlagt sesongen 2016/2017:

8. Odd-Kåre Fet 1547 poeng – 371 turar

9. Kjell Olsen 1519 poeng – 212 turar

10. Anita Hjorthol 1449
poeng – 288 turar

11. Alf Petter Bøe 1442 poeng
– 231 turar

Då er det berre å vente på
plass nummer sju




På plass i Spania – opnar mot Belgia

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Des 2017

I tillegg til kampen mot
Belgia, skal Noreg spele mot Tsjekkia, Russland og Spania fram til 8. desember.
Heimreise vert laurdag 9.desember, medan det sundag 10.desember ventar to nye
kampar i Futsal-serien (1.div) i Oslo.

Under generalprøva før EM
sist helg, møtte OSI- laget Koll. Før tre minutt var spelt leia Koll 2-0, der
den tidlegare landslagsspelaren frå Ålesund, Leni Larsen Kaurin, scora det
siste målet. Men OSI kom tilbake, og reduserte til 1-2 ved Malin Vik Malnes
seinare i omgangen.

I andre omgang viste OSI at dei var det
best trena laget. Trass fleire store sjansar, treff i stolpe og tverrliggar,
måtte laget nøye seg med Ellen Marie Hole si 2-2 scoring etter hjørnespark.

Koll sin sisteskanse, tidlegare
landslagsspiss Ragnhild Guldbrandsen, var kampens store spelar med fleire
match-avgjerande redningar.




Kjell Olsen nummer ni med 1519 poeng

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Des 2017

I 2016 var Kjell nummer seks med 256 turar og 1792 poeng. I år nøgde
han seg med 212 turar og 1519 poeng, som altså heldt til plass nummer ni på
samanlagtlista.
 Fire av utøvarane på
topp-10 har vore på alle 14 postane. Kjell er mellom desse.
  Slik ser Kjell Olsen sin
  trimpostmeny ut for sesongen 2016/2017:


 ·
  

 1 tur skogsvegen
Drabløs


 ·
  

 1 tur skogsvegen
Hjorthol


 ·
  

 1 tur sætreelva i
Holemarka


 ·
  

 1 tur skogsvegen
Fet


 ·
  

 1 tur
Brunstadsætra


 ·
  

 1 tur Vellesætra


 ·
  

 1 tur
Riksheimdalen


 ·
  

 198 turar Bruna


 ·
  

 1 tur Høgsætra


 ·
  

 2 turar Koppen


 ·
  

 1 tur
Myrdalsfjellet


 ·
  

 1 tur Regndalen


 ·
  

 1 tur
Brunstadkølen


 ·
  

 1 tur Holetindane

Samla vert dette 212 turar
og 1519 poeng.

Samanlagtresultat trimpostane 2017:

9. Kjell Olsen 15 19 poeng – 212 turar

10. Anita Hjorthol 1449
poeng – 288 turar

Like ved: Alf Petter Bøe
1442 poeng – 231 turar

Så er det bere å vente i
spenning til personen på 8.plass vert
presentert.




Topp-10 trimpostar 2017: Anita på 10.plass

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Des 2017

arkivfoto
Vil ein ha plass på VIL si
eksklusive samanlagt-liste over dei ivrigaste poengsankarane for sesongen må
ein vere trottig. Dama på 10.plass, Anita Hjorthol, kan slå i bordet med 1449
poeng etter 288 turar siste året. Statistikk-føraren har notert fylgjande turar
på Anita:


 ·
  

 1 tur sætreelva i
Holemarka


 ·
  

 3 turar
Brunstadsætra


 ·
  

 9 turar
Myrdalsfjellet


 ·
  

 39 turar
Vellesætra


 ·
  

 75 turar Koppen


 ·
  

 161 turar
skogsvegen Hjorthol

Dette gir gilde 1449 poeng
og siste plassen på topp-10 samanlagt i 2017. Gratulerer Anita!!

Alf Petter Bøe tok den
sure 11.plassen med 1442 poeng. Sagt på ein annan måte; 1 «Vallasæter-tur» bak
Anita.

Framover mot jul vert dei øvrige personane
på topp-10 samanlagt gjort kjende.

PS: Ver grei og meld feil
til VIL sin trimpostgeneral, Nils Terje Skylstad.




Bislett 24-timars - Inge Asbjørn var der

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Nov 2017

Ja, mistanken din er rett.
Her gjeld det å leggje bak seg så mange meter ein kan på 24 timar. Ikkje mykje
å trakte etter for vanlege folk. Men uansett, over 150 menn og kvinner mønstra
til start. Bergensaren Bjørn Tore Kronen Taranger, BFG Bergen Løpeklubb, sprang
lengst med fine 256 443 meter. Odd Edøy i klasse 60-64 år, frå Sunndal
Friidrett, var best frå Møre og Romsdal med 170 578 meter. Inge Asbjørn
Haugen, Hornindal IL, noterte 130 494 meter.

Det må vere noko i det;
ukrut forgår ikkje lett!

Beste kvinne heitte Anna
og kom frå Sverige. 231 832 meter i løpet av 24 timar kling slett ikkje
verst




16 794 noteringar på trimpostane sist sesong

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Nov 2017

Her kjem tala for SAMLA BESØK på VIL sine 14
trimpostar siste fem år:

2017: 16 794

2016: 17 071

2015: 16 097

2014: 17 956

2013: 14 818

Ser ein på tala for siste fem år var årets
sesong midt på treet. Men vi finn grunn til å gratulere spesielt dei fire postane:
Myrdalsfjellet, Koppen, skogsvegen Fet og skogsvegen Drabløs. Eller rettare; vi
gratulerer utøvarane som har vore trottige på desse postane slik at dei i år har
fått sine beste resultat i siste femårsbolk.

I motsett ende finn vi Regndalen og
Brunstadkølen, som i 2017 har hatt sine svakaste resultat i siste femårsbolk.




Bruna trimpost i Straumgjerde held koken

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Nov 2017

I dag ropar vi eit HURRA
for Straumgjerde og alle trufaste brukarar av Bruna
  trimpost. Siste året er det
notert 4 231 signeringar der – storfint! Inger Riksheim står åleine for
470 av desse. Ein prestasjon som kostar tid og krev trott. Som alle veit er det
365 dagar i eit normalår. Då er 470 turar i løpet av eitt år staut kost.

Resultat Bruna
  trimpost 2017:

470 turar: Inger Riksheim

333 turar: Solveig Olsen

198 turar: Kjell Olsen

185 turar: Eli-Mette
Tandstad

158 turar: Anita H
Johansen

Bruna
  Straumgjerde siste fem år:

2017: 4 231 noteringar

2016: 4 144 noteringar

2015: 4 482 noteringar

2014: 4 108 noteringar

2013: 3 999 noteringar

Rangering mellom dei 14 postane i 2017:



 1.

  




 Bruna
  Straumgjerde – 4 231 noteringar (Inger
Riksheim)



 2.

  





 Brunstadsætra – 3 179 noteringar (Susann Osnes)



 3.

  





 Riksheimdalen – 1 467 noteringar (Ivar Arne Flo)



 4.

  





 Vellesætra – 1 377 noteringar (Torhild H.
Skogvold)



 5.

  





  Sætreelva i
Holemarka – 1 185 noteringar (Nils Terje Skylstad)



 6.

  





 Skogsvegen Fet – 1 154 noteringar (Grethe Ramstad
Fet)



 7.

  




 Skogsvegen Hjorthol – 950 noteringar (Anita
Hjorthol/Ingrid Brudevoll)



 8.

  




 Myrdalsfjellet – 906 noteringar (Elling Ivar Hole)



 9.

  





 Koppen – 778 noteringar (Dag Erik Myhre)



 10.

  





 Skogsvegen Drabløs – 769 noteringar (Annlaug Lervåg)



 11.

  





 Regndalen – 330 noteringar (Erika Weiberg-Aurdal)



 12.

  





 Brunstadkølen – 219 noteringar (Linda Kristin Øye)



 13.

  





 Høgsætra Fet – 128 noteringar (Alf Petter Bøe)



 14.

  





 Holetindane – 121 noteringar (Nils Terje Skylstad)

KVINNER – MENN 8-6

Etter at mannfolka vann flest trimpostar i 2016, slo kvinnene tilbake
og vann 8-6 i 2017.

GRATULERER!
  




Bli med på lokal O-fest!

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2017

Velkommen til o-gruppa sin
sesongavslutningsfest 2017!

Lørdag 9.desember kl. 17-19 inviterer
o-gruppa på en sosial og hyggelig kveld hvor vi viser bilder fra 2016 og 2017,
og serverer god grønnsakssuppe og fruktspyd til dessert. Vi forsøker oss med et
lite eksperiment……INGEN KAKE!! Vi håper at du kommer likevel!
 J

Dette arrangementet er for ALLE; de som
har vært med på o-løp, o-arrangementer, skole-o, speider-o, sirkeltrening og
ikke minst de som IKKE har vært med, men som kanskje har lyst til å være med på
et eller annet kjekt i 2018. Arrangementet er for VIL-medlemmer og
ikke-VIL-medlemmer, og alle i VIL som ikke er med på o-løp er hjertelig
velkommen. Kort oppsummert: alle er hjertelig velkommen!

O-gruppa har nettopp fått tildelt 10.000
kr fra forbundet for vår innsats i 2017; og de pengene har vi lyst til å bruke
på DEG! Hva har du lyst til å være med på i 2018?? Klubbtur kanskje? Har du
tips og ideer til oss i styret?

Ta turen til Velledalen lørdag 9.desember.
Kanskje en tur i svømmehallen først og middag på grendahuset med oss etterpå?
Maten er gratis, og vi gleder oss veldig til at du kommer og er sammen med oss
denne kvelden.

Vi vil prøve å få til et lite innendørs
o-løp på grendahuset og alle barn får en liten premie.

Kom, kom; så blir vi så glade
 J

Hilsen fra Merete, Janne og Pernille

PS: De i VIL som ikke er i o-gruppa på
Facebook kan melde seg på ved å sende en melding til Pernille på 41087093,
gjerne dagen innen
 J




Nok eit solid løp av Espen

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2017

Foto: Bjørg I Strøm
 Sist laurdag vart den 68.
utgåva av Rotevatnet Rundt arrangert i Volda. Espen Strøm Grebstad var einaste
utøvar frå Velledalen IL. Ålesund FIK sin Håkon Stavik var i ei eiga klasse, og
kom i mål heile tre minutt og fem sekund føre nest beste løpar, Martin Hauge
Nilsen, ein trufast gjest i vårt eige Konradløp.

Som det går fram av tidene
var Espen hakk i hæl på sterke løparar som Einar Orten Trovåg og Are Uran, noko
som lovar godt .

Her er lista over topp-7 uansett klasse



 1.

  





 Håkon Stavik, Ålesund FIK, 19.30 (ny løyperekord)



 2.

  





 Martin Hauge-Nilsen, Kondis, 22.35



 3.

  





 Einar Orten Trovåg, Hareid IL, 22.56



 4.

  





 Are Uran, Havørn, 23.00



 5.

  




 Espen Strøm Grebstad, Velledalen IL, 23.01



 6.

  





 Bjørn Ole Vassbotn, Volda T&IL, 23.13



 7.

  





 Steffen André Kråkenes, Brattvåg, 23.45

Det neste – og siste - løpet i Rotevatnet Rundt 2017, vert arrangert laurdag 16. desember med start
klokka 12.00.




Susann best av sterk trio på Brunstadsætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2017

Biltete frå Velledalen.net
Brunstadsætra trimpost vart
i 2017 (som vanleg) nest best besøkt av Velledalen IL sine 14 trimpostar. 3179
noteringar på posten er tal VIL set pris på. Trioen Susann Osnes, Inger Anne
Brunstad og Frode Værøy stod i ei eiga klasse, som lesarane vil sjå av tala.
827 turar hadde desse tre til saman. Vi har tidlegare denne sesongen gratulert
Erika Weiberg-Aurdal, Alf Petter Bøe og Dag Erik Myhre som nye trimpostvinnarar
av året. I dag føyer vi til Susann Osnes på denne eksklusive lista. Gratulerer!

Topp-5 Brunstadsætra trimpost 2017:

301 turar: Susann Osnes

266 turar: Inger Anne
Brunstad

260: Frode Værøy

97: Arnhild Linga

90: Arnt Gunnar Brunstad

Brunstadsætra trimpost siste fem år:

2017: 3 179 noteringar

2016: 3 026

2015: 2 866

2014: 3 431

2013: 2 460

Rangering mellom VIL sine 14 trimpostar i 2017:

2. Brunstadsætra – 3 179
signeringar (Susann Osnes)

3. Riksheimdalen – 1 467
signeringar (Ivar Arne Flo)

4. Vellesætra – 1 377
signeringar (Torhild Skogvold)

5. Sætreelva i Holemarka - 1 185 signeringar (Nils Terje Skylstad)

6. Skogsvegen Fet – 1 154
signeringar ( Grethe Ramstad Fet)

7. Skogsvegen Hjorthol – 950
signeringar (Anita Hjorthol/Ingrid Brudevoll)

8. Myrdalsfjellet – 906 signeringar
(Elling Hole)

9. Koppen – 778 signeringar
(Dag Erik Myhre)

10. Skogsvegen Drabløs - 769 signeringar ( Annlaug Lervåg)

11. Regndalen – 330 signeringar
(Erika Weiberg-Aurdal)

12. Brunstadkølen – 219 signeringar
(Linda K. Øye)

13. Høgsætra Fet – 128 signeringar
(Alf Petter Bøe)

14. Holetindane – 121 signeringar
(Nils Terje Skylstad)

KVINNER – MENN 7-6

No har vel dei fleste ei
aning om at mannfolka har tapt, eller kjem det ei bombe frå posten i
Straumgjerde…..?




Siste finpuss før futsal-EM mot Koll

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2017

VIL-medlem, Ellen Marie
Hole, fortel frå Oslo at det er ein spent gjeng som no gjer dei siste
førebuingane.


 -  Vi spelar vår
femte kamp i futsal-serien i Oslo mot Koll laurdag. Dei var gode i fjor og vil
gi oss hard motstand, trur Ellen.

Hittil har OSI vore sterke
og vunne alle fire kampane i serien. To av dei 1-0, dei to andre med
kalassiffer.


 -  Det mest
imponerande er at vi har klart fire seriekampar utan å sleppe inn baklengsmål, utan å ha fast kvinne mellom stengene, meiner
Ellen.

Vinn OSI mot Koll har laget
skaffa seg ei fin luke på dei hardaste konkurrentane alt etter fem kampar.

Historiske.

I alt 15 personar skal vere med til Spania. Utanom trenar, lagleiar og
fysioterapeut, skal tolv spelarar vere med. Dette er fyrste gongen Noreg er
representert i eit internasjonalt meisterskap på kvinnesida. Det er såleis ei
historisk hending dei er med på. Minuset er at dei må koste alt sjølve, sidan
Futsal-forbundet ikkje har økonomi til å satse på kvinner!!

Her er namna på spelarane som skal i aksjon:


 ·
  

 Anna Haaland Aano
– Stavanger


 ·
  

 Caroline Kallevig
– Skien


 ·
  

 Kaja Haugen - Bergen


 ·
  

 Ellen Marie Hole
– Sykkylven


 ·
  

 Mari Sivertsen
Mathisen – Trondheim


 ·
  

 Nina Aaskjellerud
Tungen – Lillehammer


 ·
  

 Malin Vik Malnes
– Henningsvær


 ·
  

 Gina Ellingsen - Tromsø


 ·
  

 Ida Thorsen
Innleggen – Skien


 ·
  

 Martine Flakk - Namsos


 ·
  

 Guro Jakobsen - Grytøy


 ·
  

 Linn-Ida
Ellingsen – Tromsø.

Du kan lese meir om
futsal-landslaget HER




Ny triumf for Ivar Flo i Riksheimdalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2017

Dei tre toppane på lista
er såkalla «gjengangarar», men kjekt med litt nytt, friskt blod lenger nede.
Ynskjer spesielt Dagfinn Ostnes velkomen på lista. I tidlegare tider sympatisk
fotballspelar på Herd. Og ikkje akkurat få kampar heller, som vil seie mange
duellar mot VRF opp gjennom åra. Korleis dei enda skal vi ikkje dvele ved her.
I alle fall kjekt at han likar seg i Riksheimdalen!

Resultat frå Riksheimdalen trimpost 2017:

276 turar: Ivar Arne Flo

114 turar: Renathe R.
Oldeide

86 turar: Torill-Anne Lie Aurvåg

81 turar: Dagfinn Ostnes

70 turar: Jens Petter Riksem

Riksheimdalen trimpost siste fem år:

2017: 1467 noteringar

2016: 1680 noteringar

2015: 1629 noteringar

2014: 1958 noteringar

2013: 1759 noteringar

Rangering mellom postane i 2017
 :

3. Dammen Riksheimdalen - 1467 noteringar (Ivar Arne Flo)

4. Vellesætra – 1377
noteringar (Torhild Skogvold)

5. Sætreelva i Holemarka - 1185 noteringar (Nils Terje Skylstad)

6. Skogsvegen Fet – 1154 noteringar (Grethe Fet)

7. Skogsvegen Hjorthol – 950 noteringar ( Anita Hjorthol/ Ingrid
Brudevoll)

8. Myrdalsfjellet – 906 noteringar (Elling Ivar Hole)

9. Koppen – 778 noteringar (Dag Erik Myhre)

10. Skogsvegen Drabløs – 769 noteringar (Annlaug Lervåg)

11. Regndalen – 330 noteringar (Erika Weiberg- Aurdal)

12. Brunstadkølen – 219
noteringar (Linda Øye)

13. Høgsætra Fet – 128
noteringar (Alf Petter Bøe)

14. Holetindane – 121
noteringar (Nils Terje Skylstad)

KVINNER – MENN 6-6




Torhild med full kontroll på Vellesætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Nov 2017

Torhild Skogvold var i
føringa på Vellesætra trimpost stort sett gjennom heile sesongen. Ho gav seg på
talet 121, medan hardaste konkurrent, Geir Olav Drabløs, stoppa på nøyaktig 100.
Før det kom tre A-ar i tur og orden, nemleg Arnhild, Alf Petter og Anita.

Her er topp-5 Vellesætra trimpost 2017:

121 turar: Torhild Skogvold

100 turar: Geir Olav
Drabløs

96 turar: Arnhild Linga

77 turar: Alf Petter Bøe

39 turar: Anita Hjorthol

   

Vellesætra trimpost siste fem år:

2017: 1377 noteringar

2016: 1591 noteringar

2015: 1310 noteringar

2014: 1544 noteringar

2013: 1186 noteringar

Rangering mellom postane i 2017:

4. Vellesætra – 1377 noteringar
(Torhild Skogvold)

5. Sætreelva i Holemarka - 1185 noteringar (Nils Terje Skylstad)

6. Skogsvegen Fet – 1154 noteringar (Grethe Fet)

7. Skogsvegen Hjorthol – 950 noteringar (Ingrid Brudevoll/Anita
Hjorthol)

8. Myrdalsfjellet – 906 noteringar (Elling Hole)

9. Koppen – 778 noteringar (Dag Erik Myhre)

10. Skogsvegen Drabløs – 769 noteringar (Annlaug Lervåg)

11. Regndalen – 330 noteringar (Erika Weiberg-Aurdal)

12. Brunstadkølen -219
noteringar (Linda Kristin Øye)

13. Høgsætra Fet – 128 noteringar
(Alf Petter Bøe)

14. Holetindane – 121 noteringar
(Nils Terje Skylstad

Kvinner – Menn 6-5




Basarbok-vinnarar

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Nov 2017

1.





 Ekornes-stol:
Fam Anders Brunstad

 2.





 Jentebunad
6 år: Ingunn Tandstad

 3.





 Kaffimaskin:
Stine Inger Hammer

 4.





 Blender:
Hanna Tandstad Skogvold

 5.





 Klubbvest
V.I.L: Eldar Høidal

 6.





 Disco
Robot: Odd-Kåre Fet

 7.





 Elektrisk
vindauge-vaskar: Bengt Hole Alnes

 8.





 Koppesett:
Petter Harald Sætre

 9.





 Pyntepute:
Pål Rune Lødemel

 10.





 Gåvekort
Felleskjøpet: Astrid Lovise Berge

 11.





 Tova
Ullsokkar: Karin Skrede

 12.





 Kasse
Tennbrikettar: Karl Johan Brudevoll

 13.





 Lakseside:
Tilde Oline Høidal


Rett trekning vert
stadfesta av: Alf Petter Bøe og Atle Hole




Stor takk til alle Førjulsmesse-hjelparar

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Nov 2017

Som vi før har skrive
hadde Velledalen IL 92 ulike personar i sving med store eller små oppdrag under
messa. I tillegg hadde Velledalen Skulekorps og VRF sine stabar i aksjon, slik
at det truleg var minst 150 personar som var med å losa det heile i hamn.

Velledalen IL takkar sine
folk for plikttru levering av kaker og tombolavinstar, og for alle andre
oppgåver frå vakthald til opp- og nedrigging. Ei spesiell takk til innkjøpssjef
Marit Hole, utstillar-ansvarleg Elisabeth Sjøli for deira store innsats.

Vi takkar VRF og Veledalen
Skulekorps for samarbeidet, og Nærmat Velledalen for mykje god PR. Alt tyder på
at Hennning Tandstad vert den mest vellukka kjøpmannen Velledalen nokon gong
har hatt.

Og sjølvsagt stor takk til
alle handlande. Det at det store fleirtalet av utstillarar reiser nøgde heim,
er umåteleg viktig. I så måte har vi eit godt ord på oss, og difor nærast «slæst»
somme av dei om å få kome tilbake. Stoppar handelen, døyr Førjulsmessa!




Heim som gaselle og med 10 000 blanke kroner

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Nov 2017

Vi har før meldt at
Velledalen IL ved o-gruppa, vart kåra til «Årets Gaselleklubb» under
Kompetansehelga til Norsk Orientering. Men prisen var meir enn diplom og
heiderleg omtale. Mykje meir. 10 000 kroner fylgde òg med.

Dei andre prisvinnarane
var Wing OK, Østmarka OK, Halden SK og Kristiansand OK. Klubbar på nivå 1 og 2
i landet. Diverre har mange ikkje fått med seg kor stort det er, at o-grupppa i
Velledalen IL får pris i FORBUNDSREGI i selskap med nasjonale toppklubbar.

Difor gjer vi på VIL-Nett
ei samanlikning til noko meir kjent, nemleg fotball. Dette er som om Norges
Fotballforbund på ei av sine samlingar hadde delt ut prisar til Rosenborg,
Strømsgodset, Bodø/Glimt, Mjøndalen og FK Sykkylven. Nemleg fire klubbar frå
nivå 1 og 2, pluss lokale FK Sykkylven.

Ganske utenkjeleg at noko
slikt kunne hendt i fotball – i helga skjedde faktisk dette i orientering. Det
ligg innsats bak slike prisar. Innsats utanom det vanlege!

les meir her




Lysløypa ventar på deg

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2017

Svein Arne Nakken har
sendt VIL-Nett foto frå lysløypa i Ladalen. Her kan ein sjå at det er snø nok,
og at Berth David «Koivisto» Wilhelmsen er mellom dei som har leita fram skia.


 -  Gode forhold i
lysløypa, skriv langrennsleiaren i ein knapp kommentar.

Og med klubbmeteorolog
Holmberg sine meldingar for desember, ser det lovande ut for skiaktivitetar
fram mot jul.

Les kva Holmberg melder:

I
førre langtidsvermeldinga,som i skrivande stund er nær ved å feile (det er like
før ein må til med snømåking), vart prognosar for juleveret etterlyst.

Desember
vert svært kald. Det ser ut for at det vert kuldegrader i mesteparten av
desember. I periodar er det svært sannsynleg at kuldegradene vert
tosifra. Det ser ut til å verte relativt lite nedbør i desember, men mest
truleg vil det kome litt turr snø, slik at vi ikkje får altfor djup tele.
Slik eg ser det, vil det verte noko snø i første halvdel av månaden, og
han vert liggande i alle fall til over Jul.

Sjølv
om eg ikkje har noko med veret i høgare strok å gjere, så kan eg bortimot love
at langrennsentusiastar får boltre seg så mykje dei vil i løypene i
Fjellsæterområdet.

Klubbmeteorologen




- Dette har du fortent, Pernille!

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Nov 2017

Det
er mest ikkje til å tru. Velledalen IL
er representert med o-gruppeleiar, Pernille Ibsen Lervåg, og Mari
Skjøstad under Kompetansehelga til Norsk Orientering på Gardermoen. At Pernille
vart ropt fram mot slutten av fyrste dag, for å ta mot «Gaselle-prisen», var
overraskande - men fortent. Saman med
Merete Masdal, Janne Tomtum og ektemannen, Bernt Are, har o-gruppa jobba målmedvite
og tøft. Frå fyrste dag med entusiasme, tolmod og iver i fin blanding. Steg for
steg har dei bygt. Med god hjelp frå dei som har kome mykje lenger enn oss,
Emblem IL. Faktisk mange personar derifrå. Vi håper naboklubben på andre sida
av fjorden ser at dei har aksjar i denne prisen. Og at dei på ein slik dag er
stolte av den rause hjelpa dei har ytt oss.

I
kveld delte Norsk Orientering ut prisar til fire «stormakter» i norsk
orientering – og Velledalen IL. Vi er stolte av o-gruppa vår og alle medlemane
der. Og vi er stolte av deg, Pernille! Utan deg hadde vi vore fattigare - og
prislause. På vegne av mange:

  GRATULERER
OG TAKK!!

Her er prisane som vart delte ut:



 ·

  




 Wing OK frå
Trondheim fekk prisen som «Årets tur-o arrangør»



 ·

  




 Østmarka OK fekk «Rekrutteringsprisen»



 ·

  




 Eva Jurenikova,
klubbtrenar i Halden SK, vart «Årets Trenar»



 ·

  




 Marianne Andersen
frå Kristiansand OK vart «Årets Forbilde»



 ·

  




 Velledalen IL vart kåra til «Årets Gaselle»

Les meir her


  




90-åring med 100 trimpost-turar

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Nov 2017

arkivfoto
For få dagar sidan melde
vi om ein 88-åring inne på topp-5 i skogsvegen Fet. Det var Margit Fet som var
nummer fem der. I dag kjem resultat frå trimposten ved sætreelva i Holemarka,
der Kjellaug Ulset vart nummer to med akkurat 100 turar. Rett og slett
imponerande!! Kjellaug vert 90 år om ganske så kort tid, utan at vi skal røpe
datoen her og no. Postvinnar vart Nils Terje Skylstad.

Resultat frå trimposten ved sætreelva i Holemarka
2017:

119 turar: Nils Terje Skylstad

100 turar: Kjellaug Ulset

88 turar: Elling Hole

55 turar: Ove Inge Skylstad

50 turar: Ann-Helen Hole

Holemarka trimpost siste fem år:

2017: 1185 noteringar

2016: 1184 noteringar

2015: 1280 noteringar

2014: 1940 noteringar

2013: 1528 noteringar

Rekkefylgja mellom dei ulike postane i 2017:

5. Sætreelva i Holemarka - 1185 noteringar (Nils Terje Skylstad

6. Skogsvegen Fet – 1154 noteringar (Grethe Fet)

7. Skogsvegen Hjorthol – 950 noteringar (Anita Hjorthol/Ingrid
Brudevoll)

8. Myrdalsfjellet – 906 noteringar (Elling Hole)

9. Koppen – 778 noteringar (Dag Erik Myhre)

10. Skogsvegen Drabløs – 769 noteringar
(Annlaug Lervåg)

11. Regndalen – 330 noteringar (Erika Weiberg-Aurdal)

12. Brunstadkølen – 219 noteringar
(Linda Kristin Øye)

13. Høgsætra Fet – 128 noteringar
(Alf Petter Bøe)

14. Holetindane – 121 noteringar
(Nils Terje Skylstad)

KVINNER – MENN 5-5




Norsk Orientering med Kompetansehelg

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Nov 2017

Komande helg skjer det
meir enn Førjulsmesse. Norsk Orientering har nemleg nær 200 påmelde til
Kompetansehelga på Gardermoen. Mellom desse altså Pernille og Mari frå VIL.

Og dei skal ikkje berre
lytte. Siste dagane har Pernille vore i hektisk aktivitet. Ikkje rart, sidan ho
skal medverke under eitt av seminara. Det gjeld seminar D:
  Rekruttere, beholde og
  utvikle
barn og ungdom – Gode modeller i orientering.

Under denne fana står det
vidare å lese i programmet:

Å starte ny O-gruppe og nå nye mennesker


 ·
  

 Erfaringer,
gleder og utfordringer v/Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL o-gruppe

For Velledalen IL er dette stort. Faktisk av det største som har hendt
i laget. Difor vil vi tru leiar Ove Skylstad er ein stolt hane om dagen. Vi kan
garantere at dette er fyrste gong i laget si 111-årige historie at laget vert
brukt som førelesarar på Forbundsnivå i norsk idrett.
 Såleis fell det heilt naturleg å gratulere o-gruppa
med det ærefulle oppdraget.

Sidan vi veit at denne
presentasjonen er god, kan vi love at klubbmedlemane skal få høve til å sjå den – anten under
Idrettsgallaen i januar, eller tidlegare. Dette vil sjølvsagt verte høgtideleg
kunngjort.

Velledalen IL er stolte av
o-gruppa si, og hardt, kontinuerleg arbeid har betalt seg. G

ratulerer til Pernille,
Merete, Janne og Bernt Are!!




Skogsvegen Fet: 88-åring inne på topp-5

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Nov 2017

Skogsvegen Fet er ein
underleg trimpost. For femte år på rad med over 1000 noteringar. Men ser ein bak
tala, viser det seg at posten har 3 STORBRUKARAR!

Desse tre har siste året
962 av 1154 signeringar !

Posten har berre 128
noteringar utanom kvintetten på topp-5

Elles honnør til 88 år
gamle Margit Fet, bygdameister i alpint i 1951, som kneip 5.plassen på posten
med 37 turar.

Skogsvegen Fet, topp-5, 2017:

341 turar: Grethe Ramstad
Fet

338 turar: Odd-Kåre Fet

283 turar: Astrid L.
Drabløs

47 turar: Alf Petter Bøe

37 turar: Margit Fet

Skogsvegen Fet siste fem år:

2017: 1154 turar

2016: 1088 turar

2015: 1015 turar

2014: 1095 turar

2013: 1117 turar

Rangeringa mellom dei ulike postane i 2017:

6. Skogsvegen Fet - 1154 noteringar (Grethe
Ramstad Fet)

7. Skogsvegen Hjorthol - 950 noteringar (Anita Hjorthol/Ingrid
Brudevoll)

8. Myrdalsfjellet – 906 noteringar (Elling
Ivar Hole)

9. Koppen – 778 noteringar (Dag Erik Myhre)

10. Skogsvegen Drabløs - 769 noteringar (Annlaug Lervåg)

11. Regndalen – 330 noteringar
(Erika Weiberg Aurdal)

12. Brunstadkølen – 219 noteringar
( Linda Kristin Øye)

13. Høgsætra Fet -128
noteringar (Alf Petter Bøe)

14. Holetindane – 121 noteringar
(Nils Terje Skylstad)

KVINNER – MENN 5-4




Fem av 46 representerte VIL i vinterkarusellen

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2017

Fyrste løpet i
vinterkarusellen i Ålesund vart avvikla laurdag 11. november. Stranda var
representert med Bjørn Arve Brune som vann fem kilometer klasse 50-54 år på
20.10. Fridtjof Fredriksen (Sykkylven IL) brukte i overkant av 44 minutt på
sitt milløp i same klasse.

Alle våre sprang fem
kilometer. Raskast var Espen Strøm Grebstad som kom inn på fine 18.31, som tilsvarar
ei Konradløp-fart på kring 16.30. Nest best i klasse 16-17 år, og fjerde best
totalt er flott levert. Svein Nakken er stø på km-tider på ca 4.30. Denne
gongen vart sluttida 22.21, berre slegen av Bjørn Arve Brune i klasse 50-54 år.
Sivert Nakken pressa seg godt ned på 25-talet, medan tvillingbroren Andreas
bikka så vidt 27 minutt denne gongen. Dei to var åleine i klasse 14-15 år. Olaf Øien var best i klasse 70-74 år med tida
27.53.

Elles litt synd at dei to
B-ane Bøe og Bjørnestad ikkje kunne stille. Det var nemleg solid kvalitet i 10
km-feltet, med fleire løparar i området 36-38 minutt. I alle fall Alf Petter
reknar vi med er tilbake ved neste karusell-løp.

Les frå kondis her




Stem på klubben i mitt hjerte 11.-24.november

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2017

Idrettslaget er grunnsteinen i arbeidet med å skape god aktivitet, positive
miljøer, idrettsglede og fellesskap i lokalmiljøene. Under kampanjeperioden for
Klubben i mitt hjerte kan alle som ønsker å takke sitt idrettslag, stemme på -
og jobbe for - at klubben vinner flere hjerter og kanskje også en pengepremie
som kommer godt med.


Alle idrettslag i Norge kan stemme på sin favorittklubb og vinne flotte
pengepremier.


Totalt skal 500.000 kroner deles ut!

Kampanjen starter lørdag 11. november og varer fram til fredag 24. november kl
12.00.


Marit Bjørgen og Henrik Christiansen er ambassadører for årets kampanje.


Om klubben i mitt hjerte

Dersom din klubb klarer å få 50 stemmer i løpet av én dag, er klubben med i
trekningen av dagspremien på 10.000 kroner fra Sparebank 1. Totalt deles det ut
30 dagspremier á 10.000 kroner og to hovedpremier på 50.000 kroner.


Av erfaring ser vi at de klubbene som evner å spre ordet i sosiale medier og
engasjere utøvere, trenere, venner og foreldre har størst sjanse for å vinne
både dagspremier og sammenlagt.


Egen SPLEIS-kampanje

Alle som stemmer på klubbenimitthjerte.no
kan også opprette en SPLEIS og samtidig delta om en ekstrapremie.


Les om reglementet på www.klubbenimitthjerte.no
hvor idrettslag også kan laste ned annonsemateriale.


Norges idrettsforbund, Sparebank 1, Dagbladet og P4 ønsker alle lykke til med
årets kampanje!




Arbeidslistene til Førjulsmessa er klare

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2017

Velledalen IL si
funksjonærliste til Førjulsmessa 18. og 19. november ligg no ute på nettet. Ei
ganske så omfattande sak med 92 ulike namn. Går alle leveransar i boks vil
desse personane syte for 34 kaker og 500 tombola-vinstar til messa. Elles er
opp-og nedrigging i grendahuset VIL sitt ansvar. Like eins PR og annonsering,
rulling av 1000 vinnarlodd til tombolaen, rulling av 5000 blanke lodd, pluss vakthald i grendahuset
laurdag kveld og natt til sundag. I tillegg har Velledalen IL innkjøpssjefen
som skal syte for at utstillarar og publikum får det dei treng av mat og
drikke. Den største oppgåva av alle, ber tittelen «Utstillarkontakt», og ligg
også til VIL.

Denne oppgåva har Liv/Atle
Hole hatt i 24 år, men har under 2017-messa fått avløysing av Elisabeth Sjøli. No er det ho som bestemmer
kvar utstillarane skal plasserast, og korleis dei skal trakterast frå fyrste
kontakt lenge før messa, til dei går ut av dørene i Velledalen grendahus ved
messeslutt.

Velledalen skulekorps og
VRF er med som hjelparlag. Dei to laga skal levere 30 kaker og 500
tombolavinstar til saman. VRF har messekasseraren i Vibeke Skinnes Hauge – eit viktig
verv. Elles er kjøkkenet deira tumleplass, med ansvar for alt mat- og drikkesal.
Skulekorpset har tombola som sitt fagfelt. Mykje arbeid med tombola-rigging
både laurdag og sundag. I tillegg har korpset regien over basarbøkene i
Velledalen. Her er god organisering i dagane FØR messa viktig for loddsalet,
noko vi såg i fjor.

Vi ynskjer GOD HELG til
alle bidragsytarar

Og

Velkomen til Førjulsmesse
nummer 25!!

PS: VRF garanterer god
kaffi og kakene plar halde høg kvalitet.

Arbeidsliste her




Ingrid og Anita delte prisen

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2017

Det har hendt tidlegare,
men det er ikkje ofte vi har delt 1. plass på trimpostane. Men denne gongen
vart det slik i skogsvegen på Hjorthol. Ein post som siste åra har veksla
mellom over/ under 1000 noteringar anna kvart år.

Anita Hjorthol og Ingrid
Brudevoll er av dei visse travarane på denne posten. Såleis inga bombe at dei
tronar øvst. Kjekt at VIL-leiar knappe 50 år attende i tid, Jan Lade, tok
tredjeplassen. Christian Stasezat på plassen bak gjer at posten som tidlegare
har hatt polsk vinnar, tryggar posisjonen som den mest internasjonale.

Topp-5 skogsvegen Hjorthol
2017:

161 turar: Ingrid Brudevoll

161 turar: Anita Hjorthol

78 turar: Jan Lade

50 turar: Christian Stasezat

49 turar: Svein Helge Hjorthol

Statistikkføraren har lagt
ved fylgjande kommentar vedkomande nr.4 på lista: «Usikker på skrivemåten.
Sjølv med 50 noteringar er etternamnet vanskeleg å tyde klart» .

Skogsvegen Hjorthol siste fem
år:

2017: 950 noteringar

2016: 1021 noteringar

2015: 968 noteringar

2014: 1159 noteringar

2013: 781 noteringar

Rangering mellom postane i
2017:

7. Skogsvegen Hjorthol – 950 – noteringar (Ingrid Brudevoll/Anita
Hjorthol)

8. Myrdalsfjellet – 906 noteringar (Elling Hole)

9. Koppen – 778 noteringar
(Dag Erik Myhre)

10. Skogsvegen Drabløs - 769 noteringar (Annlaug Lervåg)

11. Regndalen – 330 noteringar
(Erika Weiberg-Aurdal)

12. Brunstadkølen – 219 noteringar
(Linda Kristin Øye)

13. Høgsætra Fet – 128 noteringar
(Alf Petter Bøe

14. Holetindane – 121 noteringar
(Nils Terje Skylstad)

KVINNER-MENN 4-4




3 x Nakken i vinterkarusellen

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2017

arkivfoto
Ålesund vinterkarusell har
som før valfri distanse, fem eller ti kilometer. Arrangøren ventar kring 50
deltakarar. Ganske nøyaktig eitt døgn før start var 26 utøvarar påmelde. Mellom
desse tre blad Nakken, førebels som dei einaste frå Velledalen IL


 ·
  

 Svein Arne Nakken
spring 5 km i klasse 50-54 år


 ·
  

 Andreas Nakken, 5
km, klasse 14-15 år


 ·
  

 Sivert
Nakken, 5 km, klasse 14-15 år

Fridtjof Fredriksen var
mellom dei påmelde. Han spring 10 km i klasse 50-54 år.

Elles kan friidrettsleiar,
Bøe, melde om akillestrøbbel for Per Inge Bjørnestad og andre gjeremål sjølv,
som betyr at ingen av dei to karane stiller. Det er påmelding heilt fram til
start, så her er det berre å hive seg med.




Bjørn Arve klassevinnar på Hareid

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2017

Deltakinga var god då
vinterløpa opna med Grimstadvatnet Rundt sist helg. Det 7,8 km lange løpet
gjekk under våte forhold med 7-8 varmegrader i lufta vart det meldt. Ingen av
VIL sine løps-ess deltok, men vi vil denne gongen skryte litt av ein strandar.
Greitt å gjere sidan vi har lesarar der.

Deltakinga var skrinn også
frå indre fjordstrok, men Bjørn Arve Brune var der. Og han var i form. Vi tek
med
  resultata frå klasse 50-54 år:


 1.
  

 Bjørn Arve Brune, Stranda, 31.28


 2.
  


 Inge-Jonny Hide, Kleven, 32.12


 3.
  


 Asle Johansen, Larsnes, 32.19


 4.
  


 Ulf Magne Eikås, Stryn, 38.25

Held herr Brune fram i
denne farta, skal ein ikkje sjå vekk frå at friidrettsleiar Bøe i Velledalen IL
kan kome til å «kjøpe» han over fjellet til jul.

Raskaste herre i løpet var
Andreas Vangsnes frå Ålesund FIK på 26.18, medan Ingrid Festø, Gular, gjorde
28.59 som raskaste kvinne.




Jostein og Robert gir seg

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2017

Det er Sunnmørsposten som
meldar at Jostein og Robert gir seg som A-trenarar i FK Sykkylven i 4.div. Det
betyr at nye «kostar» får sjansen på trenarsida, og at dei to avtroppande
herrane får meir fritid. Vesentleg meir!

Vi har mistanke om at vi
veit kva Robert vil bruke denne til – om føtene held. Mannen har i alle fall
talent for lange, uthaldande løp. Han er heller ikkje ueffen som syklist. Vi
håper sjå han i aksjon under Konradløpet 2018, og om han vil kan han vere
høgaktuelle for ein stafett-etappe på VIL sitt lag under Holmenkollstafetten i
mai neste år.

Kva med Jostein Linga og
hans fritid.…? Vel, kanskje han kan satse trimpostar…? Sikkert er det at både
mora, Arnhild, og broren, Per Steinar, har vore samanlagtvinnar ar på VIL sine
trimpostar. Arnhild til og med mange gonger. Yngstebroren, Frode, gjorde eit
stunt i 2016 og vart postvinnar på Brunstadkølen

Så dette burde ligge lett
for Jostein.
 Du er hjarteleg velkomen på
VIL sine trimpostar, og kanskje kan ei topp-5 plassering vere ein høveleg start….?

PS. For ikkje å skreme
Jostein nemner vi at 3 turar til Høgsætra, 3 turar til Holetindane eller 6
turar til Regndalen hadde halde til ei topp-5 plassering i 2017




Myrdalsfjellet: Elling Ivar framleis «kongen»

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Nov 2017

Elling Hole held stø kurs
på trimposten Myrdalsfjellet. 132 signeringar i 2016, vart til 140 i 2017.
Mannen vert eldre, men doseringane aukar. Slike «gutar» kan vi like! Bak han
jagar fire kvinner. Uttrykket «jagar» vert kanskje feil, sidan Elling har
fleire turar enn dei fire til saman. 140 på Elling, 139 totalt på dei fire
øvrige på topp-5. Alltid kjekt med nye namn, og på denne posten helsar vi
Monica Hole Bjørneseth inn som ny.

Her er tala frå Myrdalsfjellet trimpost 2017:

140 turar: Elling Hole

56 turar: Ingrid Brudevoll

41 turar: Bjørg Frøystad Hole

22 turar: Eldrid Myhre

20 turar: Monica Hole Bjørneseth

Myrdalsfjellet trimpost siste fem år:

2017: 906 turar

2016: 849 turar

2015: 752 turar

2014: 496 turar

2013: 536 turar

Som ein ser har denne
posten hatt ei flott utvikling

Postrangering 2017:

8. Myrdalsfjellet – 906 noteringar (Elling
Ivar Hole)

9. Koppen – 778 noteringar (Dag Erik Myhre)

10. Skogsvegen Drabløs - 769 noteringar (Annlaug Lervåg)

11. Regndalen – 330 noteringar
(Erika Weiberg- Aurdal)

12. Brunstadkølen – 219 noteringar
(Linda Kristin Øye)

13. Høgsætra Fet – 128 noteringar
(Alf Petter Bøe)

14. Holetindane – 121 noteringar
(Nils Terje Skylstad)

KVINNER – MENN 3-4




Team Njål

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Nov 2017

Ellen Marie Hole, Sigurd Schmidt, Anders Wigdahl, Njål Tyssing, Nikolai Jensen, Per Olav Sætre, Anette Jokstad.
Nøgd gjeng etter gjennomført intervalløkt inne på Bislett.
Eliten sprang 7*1100m, medan resten av feltet nøgde seg med 6*1100m.




Torild mellom over 50 000 fullførande i New York

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2017

Det er mest ikkje til å
tru. Tala varierer litt, men alle stader står det å lese om over 50 000 fullførande
i New York. Mellom seks og sju gonger folketalet i Sykkylven kommune! Det blir
litt skoslitasje i løpet av ein dag – hadde vel vore eit eldorado for skoseljar
Terje Aurdal der!

Vi reknar med somme har
lese på VIL facebook kva Torild skriv der. Ei hard prøve, men ho var godt nøgd
med tida. Det har ho god grunn til. Løypa er hardare enn i Roma, dama er to år
eldre, og treninga har ikkje vorte intensivert. Difor er 6.58.45 i New York i
2017, eit hakk sterkare enn 6.48 i Roma i 2015. Men for Torild var hovudmålet å
få oppleve det klimakset ei målline-kryssing etter 42 195 meter kan vere. Faktisk er
det ikkje mange i Sykkylven som har gjort det. Av VIL-medlemar truleg berre
Ivar Arne Flo, Einar Magne Fet, Njål Torillson Tyssing og Sverre Gunnar
Brunstad – i tillegg til Torild. Har VIL-Nett rett i at Torild er einaste
kvinne som har fullført heilmaraton etter asfalt/brustein….?

Vi veit sjølvsagt at Christina og Emma
Holmberg har gjort hardare «stunt», og Radka Vosicka like eins. Men enn så
lenge har Torild klubbrekorden på heilmaraton for kvinner.

Slik var passeringstidene:

10 km: 1.31.07

20 km : 3.09.28

Halvvegs: 3.20.17

30 km: 4.50.13

40 km: 6.36.03

Mål: 6.58.45 – med denne tida hadde Torild over 1000
løparar bak seg.

Geoffrey Kamworor frå
Kenya vart beste herreløpar på 2.10.53, medan det vart ein populær heimesiger
til Shalane Flanagan (2.26.53) mellom kvinnene. Tider som provar at dette ikkje
er eit lett maratonløp.




Retting Koppen trimpost

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2017

Det er mykje tal å halde
orden på når trimturane skal summerast og topp-5 setjast opp. Difor KAN det bli
feil. Men hugs det er aldri vond vilje som ligg bak. Finn nokon feil på listene
så ver grei og meld frå til Nils Terje Skylstad eller Atle Hole. Sistnemnde
publiserer resultata på nettsida.

Ved Koppen trimpost hadde
namnet til Ingrid Brudevoll falle ut av lista. Ho har 56 turar dit, har vi fått
melding om. Godt nok til sterk 3.plass på lista, og vi sender ei orsaking til
Ingrid.

Her er korrekt topp-5 Koppen trimpost 2017:

84 turar: Dag Erik Myhre

75 turar: Anita Hjorthol

56 turar: Ingrid Brudevoll

40 turar: Åge Vanebo

22 turar: Svein Hjorthol

Og dermed vart det heller
ikkje rett når vi skreiv at Koppen var mannfolka sin sterkaste post, med fire
inne på topp-5. Rett skal vere tre menn inne på topp-5.




Nykomar best på populære Koppen

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Nov 2017

arkivfoto
Koppen har vorte eit
populært turmål. Posten hadde ni noteringar meir enn trimposten i skogsvegen
Drabløs. Posten er elles den mest mannsdominerte posten. Anita Hjorthol er
einaste kvinne inne på topp-5. Særdeles gledeleg med ein ung vinnar - gratulerer til Dag Erik!

Koppen trimpost sesongen 2017:

84 turar: Dag Erik Myhre

75 turar: Anita Hjorthol

40 turar: Åge Vanebo

22 turar: Svein Hjorthol

19 turar: Jan Lade.

Koppen trimpost siste fem år:

2017: 778 noteringar

2016: 708 noteringar

2015: 414 noteringar

2014: 409 noteringar

2013: 257 noteringar

Fine tal! Besøket har
tredobla seg siste fem åra

Rangering mellom postane i 2017:

9. Koppen – 778 noteringar (Dag Erik Myhre)

10. Skogsvegen Drabløs - 769 noteringar (Annlaug Lervåg)

11. Regndalen – 330 noteringar
(Erika Weiberg-Aurdal

12. Brunstadkølen – 219 noteringar
(Linda K. Øye)

13. Høgsætra Fet – 128 noteringar
(Alf Petter Bøe)

14. Holetindane – 121 noteringar
(Nils Terje Skylstad)

KVINNER – MENN 3-3




Skogsvegen Drabløs: Annlaug Lervåg i særklasse

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Nov 2017

Medan trimpostane på Brunstadkølen og Regndalen i 2017 har hatt sine
svakaste resultat i løpet av siste femårsperiode, er det stikk motsett med
trimposten i skogsvegen Drabløs. Den har levert

sitt STERKASTE resultat i same
periode.

Som før når ingen opp
mot Annlaug Lervåg på denne posten. Men vi merkar oss med glede at «langvegsfarande»,
Liv Skogvold, er inne på topp-5. Familien Lervåg har tre namn inne på liste, og
dersom juniorane i familien har 26 noteringar til saman, sit familien med
fleirtalet (over 50 prosent) av noteringane. Sterkt levert!!

Her er topp-5 skogsvegen
Drabløs:

260 turar: Annlaug Lervåg

73 turar: Pernille Ibsen Lervåg

29 turar: Grethe Fet

26 turar: Liv Skogvold og Jens Birger Lervåg

Skogsvegen Drabløs siste fem
år:

2017: 769 noteringar

2016: 627 noteringar

2015: 432 noteringar

2014: 353 noteringar

2013: 315 noteringar

Dette er ei glimrande
rekkje, med stigning i besøkstalet kvart einaste år!

Ingen andre av VIL sine 14
postar har det. Krevjande å fylgje opp i 2018, men 769 noteringar er altså
talet å slå.

Rangering mellom trimpostane etter besøk:

10. Skogsvegen Drabløs - 769 noteringar (Annlaug Lervåg)

11. Regndalen – 330 noteringar
(Erika Weiberg-Aurdal)

12. Brunstadkølen – 219 noteringar
(Linda K. Øye)

13. Høgsætra Fet – 128 noteringar
(Alf Petter Bøe)

14. Holetindane – 121 noteringar
(Nils Terje Skylstad)

KVINNER –MENN 3-2




Erika toppa lista i Regndalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Nov 2017

330 noteringar hamna i
trimboka i Regndalen siste året. Til samanlikning var talet 967 i glansåret
2014. Elles held Regndalen posisjonen som «ungdomsposten», med lavaste
snittalder på personane inne på topp-5. I den grad ein kan snakke om
sensasjonar i denne «bransjen», må det vere at tanta til Erika, Anne Guri
Weiberg-Aurdal, greidde smyge seg inn på delt 5.plass. Ho er i tillegg den
klart eldste på topp-5 lista.

REGNDALEN TRIMPOST 2017:

35 turar: Erika Weiberg-Aurdal

11 turar: Elias Urke
Brunstad

10 turar: Pernille Ibsen
Lervåg

8 turar: Stephen Aure

6 turar: Thomas Gjørvad Alnes og Anne Guri
Weiberg-Aurdal

REGNDALEN SISTE FEM ÅR:

2017: 330 noteringar

2016: 483 noteringar

2015: 433 noteringar

2014: 967 noteringar

2013: 348 noteringar

Dermed er det lik trend
for Brunstadkølen og Regndalen, med 2017 som det svakaste året av dei siste
fem.

Postane målt opp mot kvarandre året 2017:

11. Regndalen – 330 noteringar
(Erika Weiberg-Aurdal)

12. Brunstadkølen – 219 noteringar
(Linda Kristin Øye)

13. Høgsætra Fet – 128 noteringar
Alf petter Bøe)

14. Holetindane – 121 noteringar
(Nils Terje Skylstad)

KVINNER – MENN 2-2




VIL-deltaking i New York maraton

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Nov 2017

Der er ho langt frå
åleine, med ein stad mellom 40 000-50 000 i feltet. Løpet startar
ikkje før ca 16.00 norsk tid, så ingen må vente på tekst og foto frå New York
tidleg på dag.

Men i alle fall; ha Torild
i tankane sundag ettermiddag og kveld, for dette er ei tøff prøve for ei tøff
dame.

Og lurer du på kor langt
eit maratonløp er….?

Svaret er 42 195 meter.

Med andre ord ein vaksen
sundagstur i godt selskap.




Team Njål på Bislett

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Nov 2017

Rapporten frå hovudstaden
fortel at åtte utøvarar deltok på treninga, seks av desse på VIL sitt lag i
HK-stafetten 2017. Tre karar (Njål, Anders og Nikolai Jensen) og tre kvinner
(Hilde, Ellen og Anette Jokstad).


 -  Ei kjekk trening
vert det meldt frå Oslo.

5 X 1100 meter for
fleirtalet, 6 X 1100 meter for dei sprekaste.

Det kan synast som Team
Njål held litt høgare doseringar enn Team Bøe akkurat no, men det spørst
korleis det går når Team Njål får smaken på winerbrøda til Henning Tandstad på
Nærbutikken. Team Bøe si siste trening denne veka hadde fylgjande program: 1 X
35 minutt jogg, deretter 1 X 60 minutt kaffi & winerbrød – fire deltakarar.




Takk til hjartegode Elsa og Svanhild !

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Nov 2017

Bilete frå velledalen.net
18. og 19. november vert
Førjulsmesse nummer 25 arrangert i Velledalen grendahus. Medlemane i VIL veit
kva dei har i vente når det gjeld levering av kaker og tombolavinstar. 30 kaker
og 500 tombolavinstar fell på VIL. Det same til saman på VRF og Velledalen
skulekorps. I tillegg skal VIL levere halvparten av vinstane på basarbøkene, og
det er her Elsa Welle og Svanhild Brunstad kjem inn i biletet.

I haust kom nemleg desse
to damene med ei gåve til Velledalen IL. Ein flott barnebunad med skjorte, som
ein eller anna heldig person kan ta med heim den 19. november.

Elsa
og Svanhild er kjende som særdeles godhjarta kvinner som hjelper til på ymse
felt. Mest kjende er dei kanskje for innsatsen for Velledalen Bedehus, men det
finst vel knapt ein organisasjon i dalen desse to ikkje har omtanke for. Også i
Velledalsseminaret var dei sentrale med iherdig kjøkkenteneste. Og sjølvsagt;
når folk kunne melde seg til frivilleg kjøkkenteneste i samband med MiniKonrad,
kven andre enn Elsa og Svanhild stod i fyrste rekkje.

Takk til Elsa og Svanhild,
to herlege pensjonistar, for storslegen gåve!

Men viktigare enn gåva, er
eigenskapen at de ser alle. Prisverdig i seg sjølv!




Brunstadkølen: Endeleg Linda Øye sin tur

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Nov 2017

arkivfoto
Linda Kristin Øye slo altså tilbake etter fjorårets andreplass.
 Nok ein gong med ein Linga som hardaste utfordrar, nemleg Arnhild.

Her er resultata for Brunstadkølen 2017:

25 turar: Linda Kristin Øye

17 turar: Arnhild Linga

12 turar: Arnt Brunstad

8 turar: Nils Terje Skylstad

7 turar: Veronika Ulriksen

Brunstadkølen trimpost siste fem år:

2017: 219 turar

2016: 403 turar

2015: 270 turar

2014: 243 turar

2013: 225 turar

Som ein ser ingen stor
sesong for denne trimposten. Ikkje langt unna ei halvering av 2016-besøket.

Stoda mellom postane:

12. Brunstadkølen – 219 noteringar
(Linda Kristin Øye)

13. Høgsætra Fet – 128 noteringar
(Alf Petter Bøe)

14. Holetindane – 121 noteringar
(Nils Terje Skylstad)

PS. Meld feil til Nils
Terje Skylstad




Snølaust i november

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2017

arkivfoto
I skrivande stund er det
1.november. Datoen som i ei årrekkje har markert startskotet for produksjonen
av juleblomar i Holmbergs gartneri. Men ikkje i 2017. No går Per-Gunnar
Holmberg og tvinnar fingrar og veit ikkje kva han skal finne på. Lønsemda i
slik produksjon er vekke, og å produsere for tap er rett og slett
meiningslaust.

Nei, då er det betre å
kome med ei vêrmelding for november.


 -  Men meldinga mi
gjeld berre i låglandet, det er Berth Wilhelmsen som skal melde vêret på
fjellet, presiserer Per-Gunnar.


 -  Og korleis vert
det i låglandet ?


 -  Dersom nokon
ventar på snø må eg skuffe dei. I lågare strok vert det heilt og fullt fritt
for snømåking i november.


 -  Og julevêret?


 -  Det tek eg
seinare.

Vi kjem til å sakne
desember-ljoset frå Holmbergs gartneri. Juleblomane også. Nok eit prov på at
verda ikkje går i rett lei på alle felt.




Nærbutikk-Henning spring Skåla Opp i 2018

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2017

Skåla Opp i Nordfjord er
kanskje det mest populære motbakkeløpet i landet. Det plar ikkje gå mange
dagane etter påmeldings-slepp før det er fullteikna. Mange hamnar på venteliste
og lever i uvissa om det vert deltaking.

Ein av dei som var tidleg
ute med påmeldinga var Nærbutikk-sjef i Velledalen, Henning Tandstad. Og målet
for løpet i 2018 er klart.


 -  I 2017 var eg
debutant i løpet. Likevel hadde eg krefter att mot slutten og kom i mål på litt
over to timar. Eit naturleg mål for 2018 vil vere ei tid UNDER to timar.


 -  Og eg har meldt
med på for Velledalen IL, sjølv om eg ikkje har betalt kontingent enno, fortel
han under Team Bøe sitt kaffi-drøs i kafe-avdelinga onsdag føremiddag.

Og det set heilt sikkert Velledalen
IL pris på. Unge menn på Henning Tandstad sin alder er nemleg mangelvare i
laget.




Alf Petter Bøe flittigast på Høgsætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Okt 2017

arkivfoto
Alf Petter Bøe med opphav
i Bøfjorden har hatt ein god sesong på alle frontar. Skulle fyrst ein normøring
vinne ein trimpost, var det inga bombe at det nettopp vart Alf Petter. Mannen
som konkurrerer flittig for Rindal IL, er friidrettsleiar i Velledalen IL og
har si eiga treningsgruppe, Team Bøe. Ei gruppering som er gode på jogging,
drøs og kaffidrikking i Nærbutikken, men som elles lever etter generalsekretær
i legeforeininga, Geir Riise, sitt postulat: «Du kan ikkje drikke deg til sunn
helse!»

Men aller størst framgang har herr Bøe hatt
på O-fronten, der han ikkje har sprunge seg bort ein einaste gong i 2017. Det
er både han og damene i O-gruppa stolte av.

Her er stoda på trimposten HØGSÆTRA i 2017:

25 turar: Alf Petter Bøe

10 turar: Geir Olav
Drabløs

7 turar: Per Svein Fet

5 turar: Anita Nakken

3 turar: Pernille Lervåg

Høgsætra sist fem sesongar:

2017: 128

2016: 104

2015: 119

2014: 144

2013: 185

Ikkje avskrekkande høge
tal, men det skal seiast at turen er bratt. Så bratt at folk med slarkete kne
bør finne seg andre turmål.

Postplassering 2017:

13: Høgsætra – 128 noteringar
(Alf Petter Bøe)

14: Holetindane – 121 noteringar
(Nils Terje Skylstad)

Så får lesarane våre vente i uvissa om kva post
som tok 12.plassen.




Futsal-sterke VIL-medlemar i Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Okt 2017

Bilete frå OSI facebook
I hovudstaden er
innandørsserien i futsal i full gang. Oslostudentane sitt idrettslag (OSI),
skal som tidlegare prenta, representere kongeriket Noreg under futsal-EM i
Spania fyrste helga i desember. Dit skal Ellen Marie Hole vere med som spelar
og Anders Wigdahl som trenar, begge medlemar av VIL.

Resultat frå OSI sine kampar hittil:

OSI – Veitvet 8-0

OSI- Vålerenga 1-0

OSI – Grei 11-0

OSI – Bækkelaget 1-0

Dei to siste kampane gjekk
sist helg, medan laget no har knappe fire veker pause før neste kamp.


 -  Det har gått
svært bra hittil. Mest imponerande er det at vi står utan baklengsmål etter
fire kampar. Særleg på bakgrunn av at vi ikkje har fast målmann, fortel Ellen,
som scora to mål mot Grei og vart matchvinnar mot Bækkelaget.




60-åring tok Holetindane

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Okt 2017

121 noteringar er
registrert på Holetindane trimpost frå oktober 2016 til oktober 2017. Dette er
vesentleg mindre enn året før, men stort sett på line med det vi kan kalle eit «normalår».
At Nils Terje Skylstad har flest turar til posten, må òg omtalast som eit
normalår.

Her er resultata for Holetindane trimpost 2017:

19 turar: Nils Terje Skylstad

13 turar: Bjarte Hole

8 turar: Arnhild Linga

4 turar: Linda Kristin Øye

3 turar: Nancy Eggen, Anne Grethe Linga, Alf
Petter Bøe og Per-Gunnar Holmberg.

Holetindane siste fem år:

2017: 121 noteringar

2016: 163 noteringar

2015: 127 noteringar

2014: 109 noteringar

2013: 122 noteringar

Som ein ser var 2016 eit
ekstra godt år. Elles miste posten truleg nokre noteringar då trimboka ein
periode ikkje var tilgjengeleg på grunn av store snøskavlar ved varden.

Store gratulasjonar til
Nils Terje, som både går flittig sjølv, og organiserer eit stort
folkehelsetiltak. Takk Nils!




Planlegging av Konradløpet 2018

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Okt 2017

arkivfotoles her




Njål i kanonform – denne gong på halvmaraton

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Okt 2017

arkivfoto
Njål Torillson Tyssing er
i kanonform for tida. Tidlegare denne hausten har han persa på heilmaraton og
10 km. Denne helga reiste han til Lørenskog og sprang halvmaraton – med stor
suksess. Tida 1.18.07 var ny personleg rekord med godt over to minutt, det var
1. plass i klasse 35-39 år, og totalt nummer åtte av alle mannfolka på
distansen.

Nesten synd at sesongen er
over, Njål!!

Les Njål sin rapport frå
løpet og kom gjerne med kommentarar.

Som følge av flott ver på Austlandet på laurdag, så benytta
eg muligheita til å springe Lørenskog Halvmaraton. Referat som følger:

Lørenskog Halvmaraton

Som følge av flott ver, benytta eg muligheita til å prøve å
settte årsbeste på halvmaraton for 2017. Eg var sterk i trua på at dette kunne
gå, særleg sidan det også var mitt første halvmaraton for 2017. Sekundært mål
var å prøve å forbetre personlig rekord på ca. 1.20.20. Eg var ikkje like sterk
i trua på dette målet, men større under har skjedd før litt lengre sør i
Europa/Asia.

Løpet eg hadde sett meg ut i finveret, var Lørenskog
Halvmaraton. Ikkje overraskande ligg dette løpet på Lørenskog. Ein spring ei
kort sløyfe og fire rundar i ei kjapp og oversiktleg løype i nærleiken av AHUS.
Velledalen var som vanleg godt representert. Underteikna var på plass, og den
berømte Brunstadekspressen med kone blei også observert i løypa.

Starten gjekk utanfor eit kjøpesenter. Ein svært gammal
mann fyrte laus med ein svær pistol. Truleg av type startpistol. Eg blei
sopass skremt av dette at eg lag meg i rygg på ei gruppe som sprang fort.
Faktisk so fort at eg slapp feltet etter eg var utanfor skothald frå nevnte
eldre herremann.

Resten av løpet sprang eg stort sett åleine. Såg litt folk
føre meg, men klarte ikkje å hente dei igjen før siste 2 km. Då innsåg eg til
gjengjeld at målet om sub 80 min på halvmaraton var innanfor rekkevidde med god
margin. Gleden var difor nokså stor då eg klokka inn på 1.18.07 og ingen mann
med startpistol var å sjå i umiddelbar nærleik. Også kjekt med ny personleg
rekord.

Plassering blei nr 7 av 153 mannfolk, og faktisk nr 1 i
den svært lite prestisjefylte klassa Menn 35-39. Dette er det første gong eg har
blitt nr 1 i noko sidan eg vann SVISS-cup i 1997 (multitalentet Raymond
Elveland vann dei foregåande åra, men han hadde før vinteren 97 lagt opp
skikarriera, og satsa på fotball og kvinnfolk).




Æresmedlem med overstått gullbryllaup

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Okt 2017

I fylgje Sykkylvsbladet
stod Johan S Grebstad brudgom 28.oktober 1967. Bruda reiste han ikkje langt for
å hente, berre ein svipptur nedom Brauta. Han fann den utkåra, Annlaug, i
Bøtel-garden. Ei strekning så kort at den greitt kunne leggjast bak seg til
fots – uansett vêr og vind.

På denne tida var mannen
med kallenamnet «Bolla», best kjend som sideback (av og til stoppar) på VRF. I
tillegg har han hatt ei rad ulike verv i Velledalen IL. Men kanskje mest kjend
totalt sett, er han for innsatsen på Dalemyra gjennom mange tiår. Enkelte år
faktisk i tospann med bor til bruda, på folkemunne, «Bøtel-Per».

Bruda er heller ikkje
heilt ukjend i Velledalen IL, med minst eit par år i hovudstyret bak seg kring
1980. Ho er elles av hesteskokastar-ætt, og er såleis ein av attraksjonane som
vert vist i Oddgeir Bruaset sin hesteskokastar-film frå 1982.

50 års ekteskap er langt
frå ei sjølvfylgje i våre dagar. I einskilde miljø vert det rekna som bort i
mot uoppnåeleg. Difor er det på sin plass med STOR GRATULASJON til
gullbrudeparet Annlaug og Johan S Grebstad frå Velledalen IL.

Vi har hekta på eit lite
Idrettsminne frå indre fjordstrok, som fortel litt om Bolla sine banemeister-gen. Les det Her




Over 60 nye VIL-medlemar hittil i år.

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Okt 2017

VIL nærmar seg ti ulike
nasjonar i medlemsmassa. Alle er sjølvsagt ikkje like aktive, men stadig vekk
er aktørar med utanlandsk opphav i sportsleg aksjon for Velledalen IL. Og det
er snakk om rause personar. Fleire av dei med familiemedlemskap og enkelte
betalar til og med meir enn dei skal: «medlemskap pluss litt til», er ord som
har fylgt med giroen.

Over 60 nye medlemar
hittil i 2017 er FANTASTISK! Dei aller fleste er rekruttert gjennom O-gruppa,
som også har rydda opp i medlemsregisteret siste tida. Takk til Pernille og
Merete! Sjølvsagt fell det også medlemar frå, som naturleg er, men totalrekneskapen
er overveldande positiv.

Det er enno ikkje for
seint å bli med i laget i 2017. Kontingent kan betalast til:

Kontonummer: 4045 10 23537

Vipps til: 41087093

PS: Dei aktuelle summane
finn du på frontsida




Alfred ventar på ny sesong

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Okt 2017

O-gruppa har lagt ein
hektisk sesong bak seg, med stor aktivitet i alle ledd. No ser dei fram mot
2018. Kartverket vert stadig utvida til å gjelde nye område, nye klede er på
plass sponsa av Sparebanken Møre, medan kompass og brikker er sponsa av
Sykkylven Energi.

Ikkje rart Alfred Masdal ser med forventing
fram mot 2018 – her er nemleg alt på stell til ny sesong!




To milløp same helg

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Okt 2017

bilete frå arr.
VIL har ei sterk avdeling
på Austlandet. Vi har tidlegare meldt at fire VIL-løparar sprang Hytteplanmila
sist laurdag. Ein av desse, Anders Wigdahl, tok seg like godt eit nytt mil-løp
dagen etter.

Då vart Bygdøy-mila
arrangert også det eit løp med ovstor deltaking etter sunnmørsk målestokk.
Anders kom inn på tida 39.17, og vart med det nummer 17 av 137 fullførande i
klasse 23-34 år. Absolutt ein pen prestasjon i ei tyngre løype enn
Hytteplanmila.

I tillegg til mil-løpet
har arrangementet på Bygdøy kortare alternativ som 3 og 6 km, i tillegg til ein
kortversjon på kring 500 meter for dei yngste. Nokon som byrjar glede seg til
Konradløpa…?




Idrettsmerkefredag: Herlege veteranar!

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2017

arkivfoto
 Åtte personar greidde
krava sist fredag. To personar hadde gjort unna prøvene før den tid.

VIL-Nett får meldt at
andre som vil prøve seg er hjarteleg velkomne. Tidspunkt for prøvetaking kan
avtalast med Bjørg Sølvi F røystad Hole. Ver ikkje redd for å ta kontakt.

Desse personane har
merkeprøvene i hamn hittil i 2017:



 ·

  




 Paul Hole – snart
88 år



 ·

  




 Ingebjørg Hole - også over 80



 ·

  




 Odd-Kåre Fet - passert 75



 ·

  




 Grethe Fet – over
70



 ·

  




 Ragnhild Fet - truleg rundt 70



 ·

  




 Arild Lade – over
70



 ·

  




 Bjørg Frøystad
Hole – 62



 ·

  




 Nils Terje
Skylstad – nyslegen 60-åring



 ·

  




 Monica Hole – «ungdom»
på vel 40



 ·

  




 Lene Katrine Hole – «babe» på 18 år


Krava er høgst overkomelege. Sender med dette ei
utfordring til dei spreke damene som onsdags-trimmar med Janne. Dei var 17 stk
sist, alle truleg potensielle merketakarar




Olaf og Alf kasta glans over Snipsøyrvatnet

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2017

arkivfoto
Gamle, heiderskronte
Snipsøyrvatnet Rundt (Hareid kommune) vart arrangert for 38. gong laurdag.
Deltakinga langt frå som i «good old days», men 39 deltakarar deltok i det 12,5
km lange løpet. Mellom dei 39 var friidrettsleiar i VIL, Alf Petter Bøe, og
superveteranen vår, Olaf Einar Øien (74).

Alf Petter heldt fram den
gode trenden frå veteran-NM i Vik i Sogn, og vann klasse 50-54 år på solide
48.17. Olaf Einar vart berre slegen av Peder Rindal frå Måndalen i klasse 70+,
og fekk tida 1.09.31 på andreplass


Avslutningsvis nemner vi
at Marcus Megrund, Valder IL, hadde beste herretid på 43.15, medan Audhild
Bakken Rognstad, NTNUI, hadde beste kvinnetid på 53.46




Hytteplanmila: Njål såg 34-talet – fleire sterke VIL-tider.

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2017

arkivfoto
Hytteplanmila har gjennom
åra vunne seg eit godt rykte. Mange vil dit, til ei løype som har fått ord på
seg som «lettsprunga». Men den er kontrollmålt til 10 km, så alt er på stell.

Slik gjekk det med våre:

NJÅL TORILLSON TYSSING

15.plass i klasse 35-39 år
– nummer 123 av 1397 startande menn

Tid: 34.57 – 17.27 på
fyrste 5-ar, 17.30 på andre. Jamn som ei klokke.

Njål hadde tidleg blinka
seg ut dette løpet med ei tid på 34-talet som mål. Det heldt akkurat

ANDERS WIGDAHL

131.plass i klasse 23-34
år

Tid: 37.56 – 18.50 på
fyrste 5-ar, 19.06 på den andre

Gjekk fire sekund under
eige mål som var 38 minutt. Spring Bygdøy-mila i dag i ein tøff
treningsperiode.

HILDE TANDSTAD

77.plass i klasse 23-34 år
– nummer 209 av 819 startande kvinner

Tid: 46.17 – fyrste 5-ar
på 21.59. Då lag alt til rette for ei tid på lavt 44-tal for Hilde som ikkje er
kjend for å sprengopne. Men eit ukjend «problem» melde seg og gjorde at andre
5-ar vart tung. Hilde kjem sterkt tilbake ganske så snart, håper vi.

ELLEN MARIE HOLE

48.plass i klasse 23-34 år
– nummer 125 av 819 startande kvinner

Tid: 44.02 – fyrste 5-ar
på 22.16, andre på 21.46. Gjorde come back etter ein tung periode med mangel på
vitaminer, jern og blod. Overraska positivt og er tydeleg tilbake i godt slag.
Sprang siste 5-ar 30 sekund raskare enn den fyrste

Bestetida i løpet hadde
Okubamichael Fissehatsion, Tjalve IK, på 29.03, medan Karoline Bjerkeli Grøvdal
gjorde 31.25 som beste kvinne.

PS.
  Vi
reknar med det kjem rapport i ei eller anna form frå nokon av deltakarane.
Uansett, fire flotte representantar for Velledalen IL.




Ny utgåve av O-boka er klar

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Okt 2017

Sjå kva Marit Sylte
Lundanes skriv om boka, og korleis du kan skaffe deg eit eksemplar. Flott
julegåve til alle elskarar av O-sport!

"
 O-gruppa
i Emblem står for salget av O-boka i Møre og Romsdal.
 Årets utgave vil komme hit i løpet av neste uke og
den koster kr 440,- Den er bygd etter samme lest som tidligere, Jeg har hørt
rykter om flott reportasje fra Velledalen, med bilde av tre spreke damer++!
Ellers er det mange kart og bilder (bl.a av Hovedløpsdeltakerne våre),
reportasjer fra NM, Vm og jr.Vm ++. Jeg har fått noen bestillinger, men regner
med det er flere som er interesserte

  


  :)

Jeg må ha bestilling senest søndag, gjerne på sms til 99224802, mail:

   malundan@online.no

  eller på Facebook."




Friidrettsleiaren takkar for opphaldet i Vik

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2017

Friidrettsleiar i Velledalen IL, Alf Petter Bøe, har bedenettsida sende ei takk til Ragnhild, Henrik Johan og Morten for framifrå pleie under opphaldet i Vik. Fotoet som fylgjer med takka er teke av Morten Holmberg, og syner friidrettsleiaren vår på veg inn mot bronsemedalje. AP ligg like bak sunnfjordingen, Kjell Øygard, frå hesteskokastar-bygda Jølster.




Hytteplanmila – storløp på Austlandet

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2017

arkivfoto
Hytteplanmila er populær.
Det viser også deltakartalet. Då VIL-Nett sjekka stoda, tre dagar før løpet som
er 21.oktober, hadde 1106 kvinner og 1719 menn meldt seg på. Det er kraftige
deltakartal!

Kanskje finst det fleire,
men vi fann i alle fall fire utøvarar som skal representere Velledalen IL –friidrett
på lista. Her er namna:


 ·
  

 Startnummer 1380:
Njål Torillson Tyssing


 ·
  

 Startnummer 1465:
Hilde Tandstad


 ·
  

 Startnummer 2165:
Anders Wigdahl


 ·
  

 Startnummer 2355:
Ellen Marie Hole

Vi ynskjer kvartetten
lukke til, og håper Njål vil få sjå 34-talet. I så fall glitrande bra!




Snipsøyrvatnet Rundt laurdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2017

arkivfoto
Snipsøyrvatnet Rundt på Hareid
har lange tradisjonar. Løpet den 21. oktober 2017 vert det 38. i rekkja.
Starten finn stad ved Bigset skule, mållina på Bjåstad.

Velledalen IL vert nok representert i
løpet, men uvisst med kor mange. Meld frå til Alf Petter (901 62 279) om
du vil delta, slik at det kan organiserast
samkøyring.




Er medlemskontingenten for 2017 ordna….?

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2017

Er du mellom dei som enno
ikkje har ordna opp, er dette inga krise. Men les kva Idrettsskulen/O-gruppa
skriv om korleis dette kan ordnast.

VEDKOMANDE BETALING FOR
IDRETTSSKULEN 2017/2018:

Det koster 200 kr pr barn pr år å gå på Idrettsskulen, og dette
inkluderer medlemskap i Velledalen IL.

Dette kan innbetales på to måter; enten ved overføring til idrettslagets
konto: 4045 10 23537 eller via Vipps til Pernille Lervåg (41087093). Uansett
innbetalingsmetode må barnets navn og fødselsdato oppgis + postnummer.

Om noen ønsker melde inn søsken (100 kr) er det veldig hyggelig det.
Man kan sikkert lure på om det spiller noen rolle for idrettslaget med 100 kr
fra eller til, men svaret til det er både ja og nei. De 100 kr i seg selv
spiller liten rolle, men vi får en god del midler pr barn fra Norges
Idrettsforbund (derfor er vi mest opptatt av at ungene blir meldt inn) I
tillegg må vi, når vi søker om midler her og der, dokumentere antall medlemmer
(oftest med fokus på barn og unge), og da ser det helt klart best ut om vi har
en grei lang liste.

SISTE OPPFORDRING:

  kjekt om så
mange som mulig kan ta i bruk løsningen www.minidrett.no
og legge til Velledalen IL der. På MinIdrett kan man samle alle medlemskap for
hele familien veldig oversiktlig og greit, og man kan få faktura for medlemskap
direkte der, og holde oversikten selv på hva man har betalt og ikke betalt osv.

Mvh

Idrettsskulen

O-gruppa

PS:

Hvis noen lurer på om de har betalt medlemsavgiften til Velledalen IL i
2017 er det bare å ta kontakt, da vi i disse dager holder på å gå gjennom og
oppdatere medlemslistene

Merete Masdal – 906 29 734

 Pernille Ibsen Lervåg – 410

87 093




Kampen om NM-bronsen i Vik

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Okt 2017

arkivfoto
Alf Petter Bøe fekk smaken
på NM terrengløp på heimebane i Rindal i 2016. Då vart det ikkje medalje i 45-49
år. I år hadde han rykt opp som yngste årsklasse i klasse 50-54 år. Håpet om
medalje levde då han reiste til Vik i Sogn og vart innlosjert hos Morten og
Ragnhild.

Distansen i Vik for Alf
Petter sin del var 6000 meter. Svein Glomnes og Bjørn Harald Bongom viste seg
snøgt i sterkaste laget, men bronsehåpet levde. Kampen stod mellom AP, Kjell
Erling Mundal (Fjærland IL) og Arvid Brudevoll (veit ikkje om karen som
representerer Vik IL har noko med Brøvoll å gjere).

Løpet vart gjennomført med
tre rundar i ei løype på to kilometer.
 Etter to kilometer var Alf
Petter nummer fem, knappe 20 sekund bak tredjeplassen. Ved fyrste mellomtid på
andre runde (ganske nøyaktig halve distansen) hadde avstanden auka til 23
sekund til Brudevoll og 20 sekund til Mundal. Håpet om medalje var i ferd med å
ebbe ut….

SNUDDE.
  Men
herifrå og inn til mål vart løpet ei solskinshistorie for friidrettsleiaren
vår. På neste mellomtid, berre nokre hundre meter seinare, var avstanden til
bronse kutta ned til 17 sekund. Ved passering to rundar var han enno nærare.
Brudevoll frå Vik IL slokna, men Mundal frå Fjærland var seig. Men 200 meter
før mål sette Alf Petter inn angrepet. «Motoren» vart rusa opp til
brestepunktet, så sjalta AP ned, blinka ut og gjekk forbi. Inn mot mål heldt
han flat pedal heile vegen – i frykt for at sogningane kunne kome tilbake.
Frykta var grunnlaus – sjå resultata!

NM TERRENGLØP VIK I SOGN LAURDAG 14. OKTOBER

MENN 50-54 ÅR (6 km):


 1.
  

 Svein Glomnes, FIK Aks-77, 21.24 (har bror i Valldal)


 2.
  


 Bjørn Harald Bongom, Varegg Friidrett, 22.44


 3.
  

 Alf Petter Bøe, Rindal IL, 23.59


 4.
  


 Kjell Erling Mundal, Fjærland IL, 24.07


 5.
  


 Arvid Brudevoll, Vik IL, 24.26

PS: Klasse 60-64 år vart
vunne på 27.36. Det hadde du stiva Nils Terje Skylstad! Og klasse 45-49 år
hadde berre ein deltakar, vinnartid 40.53 på 10 km. Gjekk du glipp av eit
NM-gull her, Per Inge…?




Roger Malvin i framgang

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Okt 2017

arkivfoto
Nøklevann Rundt er eitt av
mange store løp på Austlandet. Løypa er 9,63 kilometer, går i kupert og
krevjande terreng, og vert tidsmessig rekna som ein «hard tiar».

Roger Malvin Hole deltok i
løpet i 2016. Tida vart då 45.01, som heldt til 15.plass av 45 fullførande i
klasse 50-54 år.
 Men 2016 var året der Roger sleit tungt med akilles-problem.
 Noko som hemma han både i trening og konkurransar.

No er
skadeproblema eit tilbakelagt stadium, som gjer at «Hol-hynen» har fått trena
betre. Resultatlista lyg heller ikkje. I helga leverte Roger 43.39. Det er
imponerande eitt minutt og 22 sekund raskare enn i 2016, av ein mann i ein
alder der årleg tilbakegang er meir naturleg enn framgang.

Roger fekk betalt for
framgangen også på resultatlista. Denne gongen vart det 11.plass av 46
fullførande i klasse 50-54 år. Og av dei 498 mannfolka som tok seg til mål - dei aller fleste yngre enn Velledalen IL sin mann – vart Roger nummer 151.

Vi gratulerer Roger Malvin
Hole med ei sportsleg oppmuntrande helg!




FK Sykkylven står i 4.div

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Okt 2017

Men FKS sin kamp mot Godøy kan spele ei viktig rolle i botnstriden. Før siste runde er det klart at Norborg rykkjer ned med sine 13 poeng. Langevåg på 19 poeng må slå Skarbøvik borte for å ha håp om å passere Godøy på 21. Langevåg kan altså berre stå om dei får hjelp av FK Sykkylven. I dårlegaste fall taper FKS, medan Langevåg vinn. Då vil FKS likevel stå med sine 23 poeng mot Langevåg sine 22 på nedrykk.

Så ei lita historie frå Leiv Alnes sine målmannsdagar i VRF. Då spela VRF ein tidleg vår treningskamp mot Godøy. Vel heimkomen etter kampen ville han Alnes-Lars (som var frå Godøya) vite korleis dette gjekk:
 -  Øss tapte 3-2, men der var slik vind at det var mest ikkje råd å spele fotball, sa Leiv.
 -  Bles ikkje det på dei då, var Alnes-Lars sin syrlege kommentar.

PS. Stranda bergar seg truleg frå nedrykk til lågaste kretsserie, då laget møter svake ÅVK i siste runde i 5.div. Det er verdt å merke seg at VRF i sitt 50 årige liv spela tre sesongar i nest lågaste kretsserie (som Stranda gjer no), men vart aldri dårlegare enn nummer tre i denne divisjonen. Stranda er med andre ord no dårlegare enn VRF nokon gong var! Og herrefotballen i Sunnylven IL ligg på is. Vår Herre må vite at det er dårlege tider for seniorfotballen på indre Sunnmøre for tida!




Alf Petter spring NM i Sogn

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Okt 2017

Alf Petter Bøe vert med dette andre VIL-medlem med NM-deltaking denne sesongen. Som dei fleste hugsar var Pernille Ibsen Lervåg nær finaleplass i O-NM tidlegare denne hausten. Alf Petter spring i klasse 50-54 år denne gongen. Då han deltok i tilsvarande NM i Rindal i fjor, var han siste års 45-49 år. Då vart det 4.plass på Alf Petter. Laurdag kryssar vi fingrar for ein NM-medalje. Han kan greie det, og resultata vil kome på nettsida.

Vik i Sogn er bustadkommunen til Morten Holmberg, oppflaska på Brøvoll i Velledalen. Både han – og ikkje minst «kona» Ragnhild Fjærestad – har nok fleire fingrar med i arrangementet. Dette er nemleg eit stort arrangement med klassar frå 15 år opp til dei høgaste veteranklassane. Diverre er deltakinga lita frå «fiffen» på Austlandet. Små bygder som Vik er ikkje lett å finne fram til for store klubbar som BUL, Tjalve og Vidar – for å nemne nokre av dei «feitaste». Det er trass alt ikkje orientering det dreier seg om denne gongen. Men Alf Petter er der, han er komen vel fram og har inspisert løypa. Og meldinga tilbake til gamleleiaren i VIL - som har sitt moderlege opphav nettopp frå Vik i Sogn – lyder som fylgjer:
 -  Har vært og tatt et overblikk sammen med Morten. Vil skille ja, bratt motbakke på et jorde for eksempel.
Der skulle du ha vøri du også, Per Inge Bjørnestad!!

Lukke til Alf Petter!
Og like eins til arrangørane Henrik Johan, Morten og Ragnhild!
Dette blir stas!




VIL-medlemar held koken i Adidas Run

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2017

Vêret var ikkje det beste med regn og så vidt plussgrader. Instruktøren kunne denne gongen by på ei økt der han hadde blanda inn teknikk/løpsdrill, styrke, spenst og kondisjon. Trass «heimebane» (Slottsparken) deltok ingen frå kongefamilien, vert det meldt frå hovudstaden






Lukke til Ragnhild og Morten!

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2017

Les om hendinga HER

  
  




Internasjonal hjelp i Ramstaddalsløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Okt 2017

Diverre er det slik at få
melder seg på av eiga maskin til gruppeleiarane Svein Arne Nakken og Alf Petter
Bøe for deltaking i Ramstaddalsløpet. Særleg velledalingane var bleike denne
gongen. Men avviklinga gjekk likevel greitt, denne gongen takka vere hjelp frå
nasjonar som Danmark, Tsjekkia og Slovakia.

Dansken Stanny Pedersen utmerka
seg som ein av heller få som stilte i shorts på ein små- kald dag. Frå same
nasjon deltok Kitte Kaas Ibsen. Henne ser de på biletet, i det ho får pinnen av
May Lisbeth Aurdal. Ho er for øvrig kona til mannen som har ordførar-rekorden i
Konradløpet, og Jan Kåre tok sporty ein etappe også i årets Ramstaddalsløp.

Etappen frå grensa mellom
Lade og Drotninghaug, til skitrekket i Ladalen, vart sprunge av Radka Vosicka
(Tsjekkia) og Jan Rakottyai (Slovakia). To av Velledalen IL sine ivrigaste
utøvarar, som dagen før gjorde sine saker godt under Østremssetra Opp på Emblem.
I Ladalen leverte Radka pinnen vidare til Iben Olin Lervåg. Ho var saman med
Knut Klokk yngst på laget denne gongen med sine to år.

Som ein skjønar, i Ramstaddalsløpet har vi
plass til ALLE!




Sprek butikksjef på Nærbutikken

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Okt 2017

Handel med kolonialvarer har lange tradisjonar i
Velledalen. Men butikksjefar som spring etter landevegen må reknast som «ferskvare».
Henning Tandstad er truleg sprekaste mannen som nokon gong har drive handel i
Velledalen. Og det seier seg sjølv; når mannen har fullført Skåla Opp med glans
i konkurranseklassa, kosta det han få kaloriar å ta nokre kilometer for
Velledalen IL i Ramstaddalsløpet .

Det skal du få
betalt for Henning!

VIL-Nett oppfordar alle sine lesarar om trottig stikke
innom Nærbutikken. Ikkje minst bør Velledalen sin beste kafe frekventerast
jamnleg. Kaffien der er glimrande, og bakarvarene finn ein i butikkhyllene.

Vi nemner at Henning fekk stafettpinnen av æresmedlem
Paul Hole (snart 88) i området ved Storsvingen, og veksla med noverande
trimpostdronning – tidlegare skidronning Inger Riksheim - om lag ved Solberg.




Opprykk for AP og Gyls i Østremssetra Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Okt 2017

Terje Gautvik frå Molde
Olymp vart kåra til vinnar i klasse 50-54 år med den sterke tida 27.27. Men det
viste seg at Gautvik var hamna i feil klasse. Han skulle vere vinnar i klasse
55-59 år. Dermed vart resultatlista for klasse 50-54 år endra, men opprykk som
resultat for samtlege utøvarar. Mest gunstig for Alf Petter Bøe, som sigla opp
som klassevinnar.

Her er den rette resultatlista, klasse 50-54 år, Østremssetra
Opp 2017:


 1.
  


 Alf Petter Bøe, Rindal IL 28.05


 2.
  


 Bjørn Arve Brune, Stranda IL 30.24


 3.
  


 Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 31.46


 4.
  


 John Walderhaug, Wenaas Nordic, 32.17


 5.
  


 Svein Arne Nakken, Velledalen IL, 32.38


 6.
  


 Erling Vartdal, Emblem IL, 33.54

Den endelege oppsummeringa viser då:
  To
klassesigrar til VIL-medlemar, Alf Petter Bøe og Radka Vosicka. Plass nummer
to til Per Inge og Olaf, femte plass til Svein og sjuande plass til Jan.
Framifrå flott innsats!




Sensasjonell framgang for Radka

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Okt 2017

arkivfoto
Vi skrur tida eitt år
tilbake. Til Østremssetra Opp 2016 Den gongen var Tonje Brande beste kvinne på
30.34, medan Radka Vosicka var sjette best på 34.55.

I 2017 var Tonje Brande
nok ein gong beste kvinne. Denne gongen på 30.41. Men Radka, du har jammen
trena godt! Nest best av alle kvinner på tida 31.37. På eitt år har avstanden
til Tonje Brande skrumpa frå 4 minutt og 21 sekund til 57 sekund. Treninga har
betalt seg, og det kraftig!

Slik gjekk det med dei andre frå Velledalen IL:


 ·
  

 70-74 år: Olaf
Einar Øien nummer to på tida 45.08


 ·
  

 50-54 år: Sterk
2.plass til friidrettsleiar Alf Petter Bøe som representerer Rindal IL, på tida
28.05. Svein Arne Nakken vart nummer seks på tida 32.38


 ·
  

 45-49 år: Nytt
godt løp av Per Inge Bjørnestad. Andreplass i klassa på tida 27.06, som er åtte
sekund svakare enn i 2016. Per Inge hadde åttande beste herretid av 63
utøvarar.


 ·
  

 35-39 år: Jan
Rakottyai avslutta sin fyrste sesong som aktiv løpar med flott 7.plass på tida
34.29


 ·
  

 35-39 år kvinner:
Radka Vosicka klassevinnar eitt minutt og to sekund føre Britt Elin Farstad,
Godøy IL.

79 løparar fullførte det
5,5 km lange løpet med ein høgdeskilnad på 350 meter. I morgon vert alle
VIL-løparane å sjå under Ramstaddalsløpet. Start der er 09.30.

PS: Vi nemner også at
Bjørn Arve Brune frå Stranda vart nummer tre i klasse 50-54 år på 30.24 og at
Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, vart nummer fire på tida 31.46.




Ramstaddalsløpet 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Okt 2017

Takk til alle som stiller opp og gjer sitt til at
løpet kan gjennomførast.

Etappeoppsettet vert som følgjer (
  dette kan
   kun
bytast internt).

Anita
Mosby Nakken køyrer følgjebilen og kan nåast på tlf.nr.
 98 82 34 98
 for å få
opplysning om stafettpinnen sin posisjon. NB!!!! Ring, IKKJE send melding.
Dette er VIKTIG!!!

NB! Dårleg dekning i Fasteindalen og i
Andestad-stranda

  Vi har sett opp fylgjande passeringstider, frå
tidlegare år, som ei rettesnor for å vere på
   

  rett plass til rett tid

(R
  ing og oppdater deg når tidene nærmar seg)
 :

Start
ved Velledalen Symjehall kl. 09.30
– Dravlausstøls-skiftet kl.
10.15 –

Fausaskiftet
kl. 10.40 – Krysset Fasteindalen/Løseth kl. 11.03 –
Aure skule kl. 12.00 –

Straumgjerde
kl. 12.45 – Fetbrua kl. 13.05 – Mål
Velledalen Symjehall kl. 13.20

NB! Vi ber deltakarane om å vere ute i god tid ved dei
ulike vekslingane!!!!

Sjåføren på følgjebilen ordnar med stafettpinne,
stoppeklokke og er ansvarleg for tidtakinga.

  Løparane må sjølve ha med seg
refleksvest dersom dette er ynskjeleg
   

1. etp. Symjehallen – 100 m etter
«Tregardssvingen» 300m Paul
Hole

2. etp. 100 m etter «Tregardssvingen.» – Gml.
Holegarasja 2,6km Henning
Tandstad

3. etp. Gamle Holegarasja – Start 60-sona på
Drotn.haug 2,5km Vegard
Tandstad

4. etp. Start 60-sona på Drotninghaug - Fjellsæterstova 3,5km Radka
Vosicka / Jan Rak.

5. etp. Fjellsæterstova – Skogaløe m/kvitt
tak i Fast.dalen 6,0km Team
Lervåg / Aurdal

6. etp. Skogaløe m/kvitt tak i Fast.dalen - Løvollkrysset 10,6km Team Anita M. Nakken

7. etp. Løvollkrysset – Fe-rist ved Andestad
badeplass 3,6km Team Alf Petter Bøe

8. etp. Fe-rist ved Andestad badepl. –
Helikopterplassen 4,9km Team Cecilie
Welle Bay

9. etp. Helikopterplassen - Ekornes-Vestlandske 1,2km Olaf
Einar Øien

10. etp. Ekornes-Vestlandske
– 300 m forbi Ikornnes rundkøyr. 1,9km Team
Merete Masdal

11. etp. 300 m forbi Ikornnes
rundkøyr. – Riksheimbrua 3,6km Team
Nakken / Bøe

12. etp. Riksheimbrua - Straumgjerde gml. posthus 3,3km Team
Odd Kåre Fet

13. etp. Straumgjerde gml.
posthus – Kari-garden 5,6km Team
Odd Kåre Fet

14. etp. Gml. Dravlaus
barnehage – MÅL Symjehallen 1,4km Team
Atle Hole




Østremssetra Opp på Emblem i dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Okt 2017

Østremssetra Opp er eit
motbakkeløp på 5,5 km med 350 meters høgdeskilnad. Løpet vert arrangert av
langrennsgruppa i Emblem IL, og alt overskot hamnar prisverdig i «kassa» til
haustens TV-aksjon, med UNICEF som årets mottakar.

I dag tidleg stod over 50
namn på påmeldingslista. Truleg vert det vesentleg fleire når statskotet smell
klokka 15.00. Gledeleg mange med medlemskap i Velledalen IL er å finne på
start:


 ·
  

 Olaf Einar Øien,
klasse 70-74 år


 ·
  

 Alf Petter Bøe,
klasse 50-54 år


 ·
  

 Svein Arne
Nakken, klasse 50-54 år


 ·
  

 Radka Vosicka,
klasse 35-39 år


 ·
  

 Jan Rakottyai,
klasse 35-39 år


 ·
  

 Per Inge
Bjørnestad, klasse 45-49 år

Fleire av desse vil hevde
seg godt. Vi nemner elles at Fridtjof Fredriksen (Sykkylven IL) og Bjørn Arve
Brune (Stranda IL) også er påmelde i klasse 50-54 år.

Resultat frå løpet vil
kome på nettsida.




Kviler aldri

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Okt 2017

Ja, dei driv seg tøft,
medlemane i VIL si O-gruppe. Sundag deltok dei i løp på Emblem med flotte
resultat. Kvelden etter hadde dei eit opplegg for elevar frå Sykkylven
vidaregåande skule, etter «Fjellsæter-kartet». Denne kvelden spela vêrgudane på
lag.

Det gjorde dei ikkje kvelden etter, då nye
elevar var i aksjon i same området. Vi har ikkje fått opplyst om det openberra
seg klokkeklare talent i løpet av dei to kveldane……? Men litt om bruken av kart
og kompass

Totalt var framimot 80
elevar gjennom opplegget. Pernille var o-gruppa sin representant på måndag,
Janne på tysdag. Dette er framifrå PR for O-sporten, og vi kan ikkje anna enn
rose dei aktive damene + Bernt Are, som gjennom sesongen har hatt ei rad
tilretteleggingar for idretten sin for barnehagar, speidargrupper, grunnskular
og vidaregåande skular.

SUSANDE FLOTT JOBBA AV
HEILE GRUPPA!

PS: Og det er faktisk lov
å gi dei ros på VIL FACEBOOK!




Nytt storløp av Njål i Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Okt 2017

arkivfoto
Den tidlegare
europameisteren, romsdalingen Johan Bugge, vann løpet ganske så suverent på
tida 14.30. Njål imponerte med 4.plass i klasse 35-39 år med tida 18.41.
Nedanfor kan du lese Njål sin rapport frå løpet.D

  en brattaste bakken i
Oslo er ikkje like bratt som gangvegen frå Ikornnes kyrkje til Ikornnes
stadion. Men han er bratt nok, og kanskje viktigast, lang nok for å arrangere
eit svært bra motbakkeløp i Oslo. Løpet i Oslos Brattaste går opp Wyllerløypa
frå Sørkedalen og nesten opp til Tryvannstårnet på toppen av Holmenkollåsen.
Området er for øvrig mest kjent som tilhaldsstad for Oslorussen i mai månad
kvart år, og mykje tåke når det skal arrangerast eit årleg hopprenn litt lengre
nede i Holmenkollåsen.Saman med 2210 øvrige
deltakarar stod eg laurdag 30. september nede ved start. Løypa er 2.7 km lang
og har 407 meter høgdeforskjell mellom start og mål. Eg stilte meg optimistik
nok i gruppa for antatt sluttid på 18-20 min. Noko som seinare viste seg å vere
nokså fornuftig. Starten gjekk og det var
berre å gå fort oppover dei bratte kneikene i byjinga. Haldt nokså greitt tempo
utan å bli for sur i låra. Slik gjekk vel eigentleg heile løpet. Såg knappast
noko anna enn ned i grusen. Vel i mål på 18 min og 41 sek og på 58. plass
(vinnaren sprang på 14 min og 30 sek). Ny pers for meg med eitt minutt. Neste mål er framleis
Hytteplanmila 21. oktober og eit forsøk på å springe under 35 min (og kanskje
bli blant dei 100 beste). Foreløpig er eg ikkje so veldig optimistisk, men
håper å få til nokre brutale økter denne veka og neste veke i håp om at
storforma kjem.




Prima innsats i O-løpet «Fjellgeita»

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Okt 2017

Vi reknar med det kjem ein
rapport frå O-gruppa, men noterer oss at det vart ein rein VIL-duell i
herreløypa over fire km. Det skilde her berre fire sekund mellom Mateusz og
Lars Even.

Pernille var åtte sekund
bak vinnaren i kvinneløypa på seks kilometer, medan Janne var godt under
minuttet bak vinnaren på fire kilometer.

All honnør også til våre
sju unge utøvarar i kortaste løypa.

Kos dykk med resultatlista! her




Klubbklede til sterkt rabatterte prisar

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Okt 2017

Alle medlemar i VIL kan
kjøpe klubbklede til sterkt rabatterte prisar. Her kjem er oversikt over kva vi
har på lager.

JAKKER: MEDLEMSPRIS KR 600,-

1 stk: 8-10 år

2 stk: 10-12 år

1 stk: 12-14 år

1 stk: M

3 stk: XL

1 stk: XXL

1 stk: XXL

VEST: MEDLEMSPRIS KR 450,-

1 stk: L

1 stk: S

BUKSE: MEDLEMSPRIS KR 450,-.

1 stk: XXL

2 stk: M

2 stk: S

KLUBBHUE: MEDLEMSPRIS KR 200,-

1 stk: Str. 56

PANNEBAND: MEDLEMSPRIS KR
150,-

1 stk: str 56

2 stk: str 58

LØPSTIGHTS LANG: Kr 300,-

1 stk: XL

LØPSTIGHTS KORT: Kr 250,-

2 stk: 160

2 stk: Large

Er du interessert så kontakt Atle Hole: 917 43 761 – atlehole@online.no

Som ein ser er det ikkje
mange produkt i kvar storleik, men absolutt sjanse til eit godkjøp. Medlemskap
kan ordnast på dagen, så la det ikkje stå på det. Klubbjakkene kostar 1500
kroner i full pris…. Berre så det er nemnt




Odd-Kåre har passert 75 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Sep 2017

Odd-Kåre har «grifla» med
mangt i mykje i livet, men her skal vi berre ta føre oss det sportsleg, og det
som i hovudsak er knytt til Velledalen IL.

Men vi kjem ikkje unna
fotballen. Det var her Odd-Kåre brukte sine beste år på ei aktiv karriere. Som høgreback
på VRF. Gul trøye med eit 2-tal på ei brei ryggtavle. Med motto om at ein
skulle setje seg i respekt i fyrste taklinga. Då hadde ein taket på
motstandaren, meinte mannen som var elska av heimepublikum, men hata av
motstandaren. På 1970-talet fanst det ikkje betre sundagstidtrøyte for vaksne
menn enn kamp mellom VRF og Sykkylven IL. Der Odd-Kåre Fet spela høgreback for
VRF og Arnold Lyshol venstreback for SIL. Då møttest dei to herrane til «treffningar»
om lag ved midtstreken. Fleire gonger i løpet av ein kamp. Vi seier ikkje anna
enn at begge dei to nemnde herrane blødde for drakta

Odd-Kåre er i dag medlem i
friidrettsgruppa i Velledalen IL, og han representerer VIL i Sykkylven
Idrettsråd. Saman med Marit Hole har Odd-Kåre dei siste åra vore ansvarlege for
premieinnsamlinga til Konradløpet. Ein stor jobb, og som alle har sett; det
vantar ingen verdens ting.

Anten det gjeld Idrettsmerkeprøver,
Konradløpet eller turar til skogsvegen Fet; Odd Kåre er stabil og uthaldande.
Høyr berre her:


 ·
  

 Han har 16
deltakingar av 16 moglege i Konradløpet. Han har såleis alle utmerkingar dette
løpet kan gi han, også Konradmedaljen i gull.


 ·
  

 Han tek dette
året idrettsmerke for 49 gong. Berre Paul Hole og ikkje ukjende Grete Fet har
passert 50. Går alt etter planen vert Odd-Kåre og Grete einaste ekteparet der
begge har passert 50 positive prøver i 2018.


 ·
  

 Han går årleg
over 300 turar til trimposten i skogsvegen Fet. Kvart år kjempar han i toppen,
men som regel dreg kona det lengste strået. Her mistenkjer vi Odd-Kåre for å
vere «gentleman».

Nemnast må det også at
Odd-Kåre er ein av dei som mobiliserer mange deltakarar til stafett-dugnaden
Ramstaddalsløpet.

Ein slitar - i ordets
rette forstand - fyller 75 år.

Det fell heilt naturleg at
Velledalen IL er mellom gratulantane

Godt blese hittil,
Odd-Kåre, og måtte du ha mange gilde år i vente!

For Velledalen IL

Atle Hole




Idrettsskulen syklar vidare

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Sep 2017

Heile fylgjet talde 19
personar. 15 elevar ved idrettsskulen + leiar + tre personar frå «foreldrestaben».
Vêret var av beste merke, så alt låg til rette for suksess. Og det blei det.


 -  Fekk ikkje bruk
for plaster, så då må vi kalle det ein vellukka sykkeltur, melder
idrettsskuleleiar Julie Brochman.

Ved Veslesanden vart det
tid til sykling og anna leik.

Komande torsdag vert
sykkelbolken avslutta med same turen (Veslesanden). Då skal det både grillast
og kosast, sidan dette vert siste idrettsskule-samkome før haustferien.




Velledalen IL godt representert i Fjellgeita

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Sep 2017

O-sesongen er snart i mål.
 Ein
aktiv og god sesong, der O-gruppa har trylla fram stor breidde. Maaange har
vore flinke og delteke i løp. Det set vi pris på

Torsdag kveld hadde 44 utøvarar meldt seg
på «Fjellgeita». 13 av desse representerer Velledalen IL. Flott – kva anna kan
vi seie, når vi er nest største klubb i deltaking. Berre Emblem IL er større
med 27 påmelde torsdag kveld

Her kjem ei oversikt over
VIL sine løparar og kva klasse dei stiller i:


 ·
  

 Fjellkillingen nybegynner:
  Emil Balon, Jonas Drabløs, Oda Drabløs, Simon
Drabløs, Evander Ulstein Fet, Laurits Pileberg Valderhaug og Olai Pileberg
Valderhaug.


 ·
  

 Damer 4 km:

Torild Hole, Merete Masdal og Janne Tomtum.


 ·
  

 Herrar 4 km:

Mateusz Balon, Lars Even Hatlemark.


 ·
  

 Damer 6 km:

Pernille Ibsen Lervåg.

Hell og lykke til alle som
skal i aksjon. Resultata kjem på nettsida i løpet av helga




O-arrangement i Velledalen onsdag 27.sep kl. 17:30

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Sep 2017

Ta
med pølser til å grille på bålet, eller ta med kveldsmaten og en termos med
kaffi. Det er meldt fint vær og vi gleder oss til å se deg uansett om du har
lyst å gå/springe o-løp eller bare kose deg ved bålet.

Det
blir en småtroll-løype rundt på uteområdet til barnehagen; her skal de minste
finne Disney-figurer og lage et lite stempel på et ark. De litt større barn kan
gå en runde ned på sykkelbanen og rundt Grendahuset; på denne løypen er det
ingen kryssing av veien. Større barn og voksne kan prøve seg på en løype som
bla. svinger ned om Skuleskogen ved elva; en plass ingen har vært med et o-kart
tidligere.

Janne
har som vanlig sirkeltrening innen i gymsalen kl. 20. Vi bruker å være ca. 10
stykker, men det er plass til mange flere!




Ramstaddalsløpet vert 8. oktober

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Sep 2017

Ramstaddalsløpet, som
alltid tidlegare har vore eit laurdagsarrangement, vert i år arrangert sundag
8. oktober. Tidlegare år har start og mål vore på Brunstad (ved Nærbutikken), i
år er dette lagt til Dalemyra.

Personar/familiar som vil
delta melder frå til Svein Arne Nakken (907 93 343) eller Alf Petter Bøe
(901 62 279). Gi opp kor lang strekning som vil springast, og gjerne kvar
de vil springe.

Målet er å ha med utøvarar
i alle aldersgrupper. Raske og saktegåande. Kondisjonssterke og kondisjonssvake. Her kan ALLE delta.

Normalt vil «turen» ta
kring fire timar. Sosial samling rett etter løpet for alle som blir med, vert
det meldt frå herrane Nakken/Bøe.




Radka sterk i Dalegubben Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Sep 2017

arkivfoto
VIL-Nett kan melde om nok
eit nytt motbakkeløp på Sunnmøre. Denne gong med start i fjøresteinane på Sæbø,
og mål like under toppen av fjellet Dalegubben (1344 m.o.h).

Deltakinga var ikkje
enorm. Det er seint i sesongen og somme byrjar bli «mette». Men ikkje Radka
Vosicka. Ho vart klokka inn på tida 1.15.11, som var tredje best av 10 kvinner.
Jucy Jancus, Hornindal IL , vart kvinnevinnar på 1.11.01.

Også herreklassa hadde ein
VIL-utøvar med. Jan Rakottyai sprang eit tøft løp laurdag (Torvikbukt Rundt),
men kasta seg også med i Dalegubben Opp dagen etter. Sett på den bakgrunn var
1.26.29 flott levert, ei tid som heldt til 17. beste herretid.

Totalvinnar vart Andreas
Skylstad frå Øye i Norangsdalen. Han brukte sterke 57.20 på dei 4,5
kilometerane som løfta deg kring 1300 meter i høgde. Skystad vann også Saksa
Opp for to veker sidan, og har vore beste motbakkeløparen på Sunnmøre denne
sesongen.

Ole Martin Korsnes, FK
Sykkylven var påmeld, men starta ikkje.




Sette farge på Torvikbukt Rundt

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Sep 2017

arkivfoto
I går melde vi om tre
VIL-medlemar til start i Torvikbukt Rundt, men det skulle vise seg å bli fire.
Slik gjekk det for våre i det 13,5 km lange løpet.

Espen Strøm Grebstad, klasse 17-20 år:

Espen hadde store ting på
gang i dette løpet. Han låg langt framme i feltet, også føre friidrettsleiar
Bøe, då han fekk så sterkt hald at han måtte slutte springe. Utruleg nok kom
han seg til mål etter ei lang gå-økt, som vinnar, på tida 59.58.


 -  Espen ville heilt
sikkert vore inne på 53-talet utan dette uhellet, så Alf Petter etter løpet.

Jan Rakkottyai, mosjonsklasse med tidtaking:

Jan Rakkottyai er for tida
Velledalen IL sin mest konkurranseglade utøvar. Etter eit godt gjennomførtløp
løp vart Jan nummer fire av 30 startande i klassa. Han er framleis betre der
det går oppover, men gjer framgang også i dei lettare partia. Jan sprang sine
13,5 km i ei hard løype på 1.05.06. I dag spring han på Sæbø (Det gjer også
Radka)

Alf Petter Bøe, klasse 50-59 år:

Alf Petter leverte eit
sprekt løp. Den ferske 50-åringen vart 6.beste løpar totalt og overlegen vinnar
i klasse 50-59 år. Han hadde seks minutt og ti sekund bak til andremann,
Per-Øyvind Torvik, IL Varden. Tida vart fine 54.24, så dette lovar godt føre NM
i terrengløp i Vik i Sogn i oktober.

Olaf Einar Øien, klasse 70+:

Sidan både Alf Petter og
Espen drog inn 300 kroner i premiepengar, var det kjekt at superveteranen vår
ikkje var stort ringare. Det vart 2.plass på Olaf, etter å ha kryssa mållina i
Gjemneshallen på 1.22.59. Prispengane lydde på 200 kroner. VIL er stolte av å ha
utøvarar som Olaf(74) i sine sportslege rekkjer.

Vi trur dei fire karane
hadde ein gild tur og opplevingar som kjem på plussida, sjølv om Espen var
uheldig denne gongen. For ordens skuld nemner vi at bestetida i Torvikbukt
laurdag var 49.31 (Truls Torvik IL Varden). Nest best vart Kristian Nedregård
frå Spjelkavik på 52.26.




Sprek trio til Torvikbukt Rundt

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Sep 2017

arkivfoto
Torvikbukt Rundt i Gjemnes
kommune har tradisjonar. Lange tradisjonar. Faktisk er løpet 23. september det
45. i rekkja.

Løpet er altså 13,5 kilometer
langt med start utanfor Gjemneshallen, mål inne i hallen. Eit flott
arrangement, der premieutdelinga plar vere velsigna med eit svært kakebord.
Ikkje rart Alf Petter, Olaf og Jan vil dit!

Yngstemann Jan spring i
klasse 30-39 år, Alf Petter i 50-59 år og Olaf Einar i klasse 70-80 år. Det er
pengepremiar til dei tre beste i kvar klasse. Om våre kjem heim rikare enn dei
fór, skal vere usagt. Men rikare på gode minne vert dei nok.

Lukke til, karar!




Velledaling til futsal-EM i Spania.

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Sep 2017

Det må vel omtalast som
sensasjonelt at ein velledaling slepp til i eit slikt meisterskap. Årsaka er
som fylgjer:

IFS Norge har ikkje
kvinnelandslag i denne greina av fotballen. Difor oppmoda dei interesserte
klubbar om å søkje. Det gjorde OSI, og fekk plassen. Dermed vert det tur til
Spania, og futsal - EM i perioden 5. – 9.desember.


 -  Sidan Noreg ikkje
har økonomi til å satse på futsal – kvinner, må vi dekkje alle utgifter sjølve.
Reise, opphald, speledrakter og alt som er. Difor er vi på leit etter høvelege sponsorar,
fortel Ellen Marie Hole.


 -  Vi håper å hanke
inn nok midlar til å kunne kjøpe eigne landslagsdrakter, trykke på namn,
trøyenummer og sponsorar, og behalde speletrøyene som eit minne.

Troppen er ikkje heilt
spikra enno. Difor har laget hatt opne treningar, noko som resultert i
forsterkningar. Elles er det eit problem med innandørs halltid i Oslo på same
måten som andre stadar.


 -  Vi har vore
heldige og fram mot EM fått pressa inn ei ekstra treningsøkt i ein liten gymsal
ved menigheitsfakultetet, sidan ein av spelarane er student der, seier Ellen.

Ho trur det fort gjort kan
bli ein del sportsleg juling for Oslostudentane i Spania, men like fullt eit
minne for livet.

VIL-Nett «kjøper» den, og ynskjer lukke til
med førebuingane. Her gjeld det å halde seg skadefri!




60-åring med høg kilometer-stand

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Sep 2017

Heldigvis er det skilnad
på bilar og menneske. Bilar skal helst ha låg kilometer-stand. Menneske som
ikkje røyver seg er sjeldan av dei sunnaste. Dagens jubilant, Nils Terje
Skylstad, har aldri vore redd for å knyte på seg joggesko.

Rullebladet hans i
Velledalen IL er langt og godt. Kring 20 år som leiar av trimgruppa i
Velledalen IL, og enno lenger fartstid som trimpostgeneral. Årsmeldingane til
trimgruppa har vore prega av mykje godt statistisk arbeid. Både frå trimpostane
og idrettsmerkeprøver. Nils har alltid hatt kontroll. Det er ikkje akkurat få
trimbøker han har blada seg gjennom, på leit etter den einsleg turen som kan endre stod.

Han har sjølv vore ein trottig turgåar. Mang ein gong har Nils
sitt namn trona øvst. Holetindane har han nærast hatt klippekort på, normalt med over 20 turar i sesongen. I
Holemarka finn vi garanter Nils inne på topp-5. Og han var den fyrste som
gjorde eit «trimpost-stunt», då han 24.juli 2008 tok 11 av 12 trimpostar på
same dag – til og med på årets varmaste dag.

Nils
Terje Skylstad er æresmedlem i Velledalen IL. Vel fortent
etter trufast sportsleg og administrativt arbeid. Han har ei solid karriere som
motbakkeløpar bak seg. Han har vidare gjort sterke stafett-etappar både lokalt
og nasjonalt.

Også i
Konradløpet er posisjonen sterk. Bestetida hans er 15.29, i eit løp der han
vart totalvinnar i 2002, 2003 og 2004.

Sjølv om kilometer -standen til Nils er høg er «karosseriet»
i god stand. Så vidt vi veit har han enno ikkje byrja bruke av reservedelane.
Idrettsvener i Velledalen IL gratulerer med overstått 60 års dag!

Atle Jomar.




Vellykket o-samling for barn

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Sep 2017

Vi var ca. 35 påmeldte fra Kårvåg i nord
til Velledalen i sør, og vi fordelte oss i flotte leiligheter på Fjellsæter som
vi hadde leid av Sunnmøre hytteutleie. Fra Velledalen IL var vi 6 barn og 4
voksne. Velledalen IL sto for det praktiske med overnatting og mat, mens Emblem
IL sto for det sportslige.

Samlingen startet med første trening på
Heggjene ved Svartevatnet. Flottere rammer for en o-trening skal man lete lenge
etter! Høstfargene på fjellet var helt fantastiske, og de røde postene kunne
nesten være vanskelige å spotte i dette naturlige fargegalleriet.

Etter en matpause i leilighetene var vi klare
for økt nr. 2, som foregikk på Drabløsstølen. Vi varmet opp med «terningstafett».
Ungene (og noen ivrige foreldre) var inndelt i lag og skulle i tur og orden
springe frem til noen terninger og kaste; kastet man et 1-tall var det en
strafferunde (rundt en busk), 2-tall ga to strafferunder osv. Dette var en
veldig enkel, men utrolig morsom og engasjerende lek. Etter oppvarmingen var
det i alt 6 små o-runder med 3-4 poster i området rund stølen, og store og små
kunne ta så mange sløyfer de hadde lyst til. De fleste unger kunne gå/springe
selv, da man hadde god oversikt over området fra stølen. Alle koste seg med
sitt, og det var kun et enkelt barn som måtte trekkes opp av en myr. Skitne, slitne
og fornøyd vendte vi tilbake til leilighetene for dusj og middag.

Etter middagen var det klart for dagens
siste aktivitet; o-bingo. Vi hadde lånt varmestuen på skisenteret, og lederen i
Møre og Romsdal o-krets; Henning Teigene, geleidet oss gjennom denne
bingo-formen som var ny for alle i Velledalen idrettslag. Vi var nok noe
skeptiske da vi så den vanskelige bingo-platen med små kartutsnitt med masse
detaljer. Men jammen var det ikke Lovise Bøe fra VIL som la hardt ut med den
ene bingo-rekken etter den andre! Lovise var nok i mål med sin plate lenge før
vi andre var kommet inn i leken, men heldigvis var det twist-premier nok til
oss alle, og store og små la seg denne lørdags kvelden med slitne ben og mager
fylt med sjokolade.

Samlingen ble avsluttet søndag med
kretsløp på Aure hvor hele 28 o-løpere fra Sykkylven deltok!

Vi gleder oss allerede til neste o-samling
for familier, og stiller gjerne på som vertskap igjen neste høst!

Dessverre begynner vi å nærme oss
sesongavslutning for 2017. Sesongens siste trening blir høyst sannsynlig onsdag
27.september i Velledalen og årets siste løp er Fjellgeita hos Emblem søndag 1.oktober.
Ses der!




Referat frå Njål Torillson Tyssing.

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Sep 2017

Oslo Maraton er utvilsomt eitt av dei få høgdepunkta med å å
bu i Oslo. Saman med Gardermoen Flyplass og god tilgang på solrike dagar. Nok
om dei to sistnevnte og litt meir om førstnevnte. Fritt etter
hukommelsen foregjekk min dag om lag som følger.

09.12 står eg på Smestad T-banestasjon. Starten for Oslo
Maraton går 09.25. Panikken burde nok tatt meg her, men grunna svært låge
forventningar til meg sjølv, så tenkte eg ikkje noko særskild over dette. Ti
minutt seinare er eg rett ved start, nokså dårleg oppvarma men med ei
plutseleg ståltru på meg sjølv. Eg la meg difor rett i rygg på
fartsholdaren for tre timar og haldt følge med han og ei svær gruppe
overambisiøse mannfolk i om lag 15 km.

Motet tok no overhand, så det var berre å gje gass oppover mot
St. Hanshaugen. Løypa som på førehand blei beskreve som litt tøff opplevdes
foreløpig som nokså overkommeleg. Men klok av skade frå Stranda Fjord Trail
Race var eg ikkje blitt, så eg valgte difor å henge meg på ei gruppe med
skrinne mannfolk på runde 2. For den interesserte lesar så gjekk 1. runde på ca
1.28.14. Målet om løpstid på under tre timar levde enno!

Nytt av året er mykje og mangt, men for min del så er den
viktigaste innovasjonen på maratonfronten at eg spring med energi-gel som
energikjelde gjennom nesten heile løpet. Dette gjorde at eg ikkje sprakk
som vanleg, og eg kunne difor jogge nokså uanstrengt mot Zombie Hill
(St.Hanshaugen). Bakken blei nokså tøff, men bakken ned igjen til mål blei enno
tøffare. Eg fekk ikkje oppleve tøysete lår som på Stranda, men fekk i alle fall
kjenne litt på smerte, vrede og tiltakande delirium. Heldigvis kom eg meg i mål
før ting utarta seg, og kunne nøgd innsjå at eg persa med eitt minutt. Sluttid
på 2.56.50.

Neste mål er Hytteplanmila 21. oktober. Denne gong med
ambisjonar om sjå 34-talet og ete ei rikeleg mengde med muffinsar som blir
servert i mål på dette flotte arrangementet ved Hønefoss.




Kven er Daria Iermolaieva…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Sep 2017

Vi veit ikkje kven ho er,
men denne Dario I
 ermolaieva frå Ukraina, har i helga representert Velledalen IL
under BMW Oslo Maraton. Kvinna har sprunge halvmaraton på 2.20.22.

Uansett, takk for
innsatsen, Daria! Slike kvinner likar vi – og det er ikkje akkurat flust av dei
heller. Og du er hjarteleg velkomen som aktiv i Velledalen IL!
  




Knallbra Ludvik!

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Sep 2017

Ludvik Mack Tronvoll har i dag deltatt i mellomdistanse i le
Tour de Trondheim for Velledalen o-klubb. Løypa var krevende i kupert terreng
med dominans av søt blåbærskog og våte trøndermyrer. Kart med liten målestokk
og vanskelige detaljer tett som i en maurtue krevde høy konsentrasjon og var
nok sterkt medvirkende til at bommen til første post ble så grov at
skyggeløperen 50 m bak grep inn. Med justert fokus og hyppig inntak av blå
antioksidanter underveis, orienterte Ludvik seg inn i de resterende 8 postene
helt på egen hånd og imponerte skyggen stort med både kartforståelse,
gjennomføringsevne og iver. Heia Velledalen!




20 000 sprang i Oslo laurdag 16.september

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Sep 2017

BMW Oslo Maraton samla i
2017 kring 20 000 deltakarar. Vi har leita litt i uendeleg lange
resultatlister, og funne nokre interessante namn. Meld gjerne inn resultat på
utøvarar vi ikkje har fått med (atlehole@online.no)

HALVMARATON:

Her registrere vi at «Fridolf»
Fredriksen, Sykkylven IL, levert årsbeste på løpsfronten med 60.plass av 461
startande i klasse 50-54 år. Og tida 1.36.34 er solid av ein 51-åring. Tider på
lokale utøvarar:

1,20.46: Jørn Helge Egset,
Sunnmørsposten BIL, sensasjonell 4. plass i klasse 45-49 år.

1.23.08: Jan Ketil Vinnes,
Ålesund FIK, (to gonger Konradløpvinnar) 10.plass 45-49 år.

1.25.45: Knut Lium, Nordre
Land IL (to gonger Konradløpvinnar) 18.plass 45-49 år

1.30.47: Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, 15.plass klasse 23-34 år

1.36.34: Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, nr 60 i 50-54 år

1.45.08: Frode Hoprekstad, 132.plass 50-54 år

1.46.01: Svein Arne Nakken,
Velledalen IL, 144.plass 50-54 år.

1.48.50: Roger André Vanebo, Kongsberg O-lag, 181.plass 50-54 år

1.53.30: Jan Helge Myhre, Stranda IL, 237 plass. 50-54 år

«10 for Grete»

Her var Velledalen IL representert ved Anders Wigdahl. Han mangla eitt
sekund på å springe to minutt raskare enn i fjor.
 Det gav ein høgst respektabel 52. plass. Lokale tider:

38.17: Anders Wigdahl, Velledalen IL, nr52 i klasse
23-34 år

38.29: Per Kåre Langlo,
Stranda IL, nr 9 i klasse 50-54 år

Som ein ser har vi plass
til langt fleire tider. I morgon kjem det kommentarar frå VIL-utøvarane til
innsatsen i Oslo.




I dag er vi er stolte av Njål Torillson Tyssing!

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Sep 2017

Somme ottast for at Njål
hadde peist seg for hardt under Stranda Fjord Trail Race. Men tvilarane tok
feil. I fjor brukte han 2.57.47 i det som på fint heiter BMW Oslo Maraton. I
dag sprang han kring minuttet raskare. Han starta litt meir forsiktig og heldt
betre. Tida vart fine 2.56.50, altså ny pers med 57 sekund, og nyt
plasseringane:


 ·
  

 Nummer 51 av totalt
2396 startande


 ·
  

 Nummer 11 i
klasse 35-39 år av 260 startande

Dei spesielt interesserte kan også få kose seg med
løpsutviklinga til Njål:

5 km: 21.15 – nummer 100 – 4.15 i km.tid på
strekket

10 km: 41.58 – nummer 99 - 4.09

15 km: 1.03.10 – nummer 109
– 4.15

20 km: 1.24.06 – nummer 91
– 4.12

Halv: 1.28.17 – nummer 89 - 3.49

25 km: 1.44.39 - nummer 84
– 4.12

30 km: 2.05.15 – nummer 72
– 4.08

35 km: 2.26.15 – nummer58 - 4.13

40 km: 2.47.57 – nummer 42
– 4.21

42,2 km: 2.56.50 – nummer 51
-4.03

Eit særdeles veldisponert
løp, det ser alle

Gratulerer Njål, ein
prestasjon å vere stolt av!

PS. Kjem meir frå Oslo
seinare




Stor idrettshelg i Sykkylven og Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Sep 2017

OSLO:
  I dag vert
det som før heitte Oslo Maraton arrangert i hovudstaden. Med ei rekkje ulike
løpsvariantar der dei viktigaste er:


 ·
  

 Maraton (42 195
meter) – der vi reknar med at Njål Torillson Tyssing er mellom deltakarane.


 ·
  

 Halvmaraton (21 095
meter). Her veit vi Svein Arne Nakken, Fridtjof Fredriksen og Frode Hoprekstad
stiller. Rykte seier at nokre av «knektane» i toppleiinga i ei viss
møbelverksemd her i bygda er mellom dei startande


 ·
  

 10 for Grete (10 000
meter). Her vert VIL representert med Anders Wigdahl.

Vi er interesserte i
resultat frå alle springande sykkylvingar og gjerne frå nabokommuna Stranda. Så
meld inn resultat og send foto – atlehole@online.no.

SYKKYLVEN:
  Laurdag
16.september arrangerer Møre og Romsdal O-krets samling med base på Fjellsætra.
Her vert det trening og sosialt samver. I alle høve èi av treningane vil gå
etter det nye kartet i området Svartevatnet.

Avslutningsdagen vert «Haustsprinten»
arrangert etter sentrumskartet.
 Sist VIL-Nett
sjekka hadde løpet kring 50 deltakarar, der meir enn 20 av desse representerte
Velledalen IL. Her er det alt frå «Råtass-løype» til 3,2 kilometer som det
lengste.

Nettsida kjem med resultat
både frå Oslo og O-løpet i heimbygda i løpet av helga.




Idrettsskuleåret 2017/2018 i gang

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Sep 2017


  Flesteparten av dei 15 påmelde er elevar i 1. og 2. klasse, og er såleis nye i Velledalen IL sin Idrettsskule. I dag vart det starta opp med sykling på grusbana i Velledalen, og sykkel vil også stå i sentrum dei neste torsdagane.
   
   


  -
   

  Det vert også brukt litt frileik i starten, slik at nye born skal bli kjende med kvarandre, opplyser idrettsskuleleiar, Julie Brochman.
   
   


   
   

 Programmet for dei neste torsdagane ser slik ut:
   
   

 21. sept: Sykling i løype/bane
   
   

 28.sept: Sykkeltur til Veslesanden
   
   

  5.okt: Anten sykkeltur eller tur til Trollskogen med bålkos
   
   


   
   

 Haustferieveka tek Idrettsskulen fri.




Stor påmelding til Haustsprinten

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Sep 2017

Påmeldingane sig inn til Haustsprinten. Torsdag morgon klokka 09.00 såg tala slik ut:
 ·  23: Velledalen IL
 ·  21: Emblem IL
 ·   2: Molde og omegn IL

Løpet vert arrangert som eit samarbeid mellom Velledalen IL og Emblem IL. Torsdag morgon hadde 46 utøvarar meldt seg for deltaking. Akkurat som i KM mellomdistanse på Myrdalen, kjempar dei to arrangørlaga om å mønstre flest startande. Fleire opplysningar om Haustsprinten finn ein på «eventor».




Kanonsterkt av Per Inge i Blodslitet

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Sep 2017

arkivfoto

Drygt 50 deltakarar deltok i det 6,5 kilometer lange løpet med start i Fagerlia. I kvinneklassa sette Gular-løparen, Ingrid Festø, ny rekord med tida 26.23. Asgeir Bakken Rognstad, Emblem IL, vart beste herreløpar med tida 23.30. Per Inge Bjørnestad imponerte stort med sikker siger i klasse 45-49 år, og tredje plass totalt. Per Inge var berre eitt fattig sekund bak nest beste løpar, junioren Ole Åkernes Rimereit. Her er nokre tider frå løpet.
 ·
        
       Herrevinnar: Asgeir Bakken Rognstad, Emblem IL, 23.30
 ·
        
       Damevinnar: Ingrid Festø, Gular IL, 26.23 (ny rek)
 ·
        
       45-49 år: 1. Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL, 25.57
 ·
        
       23-34 år: 6. Vegard Tandstad, Fagerlia VGS, 28.46
 ·
        
       50-54 år: 1. Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 31.09. 2. Svein Arne Nakken , Velledalen IL 32.14
 ·
        
       60-64 år: 1.Oddfrid Liaskar, 40.28
         
   
  




Velkomen til O-løp på Aure

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Sep 2017

O-gruppa har fått en kjekk henvendelse fra friidrettsgruppa på Ikornes om å bidra med en løpeløype i forbindelse med friidrettskarusellen der. Vi har hatt en løype to ganger nå i høst, og håper å få til å være der de to siste gangene også. Janne Tomtum var o-gruppas utsending siste fredag og kunne rapportere om stor aktivitet og stor popularitet for løpeløypen.
   
   

   
   

  På Ikornes har løpeløype altså slått an både i år og i fjor, mens vi ikke opplever samme entusiasme rundt løpeløype i Velledalen. I Velledalen vil folk ha kart, kompass, bli skitne på føttene og helst så langt opp på fjellet som mulig. Kretsløpet på Myrdalen i mai var midt i blinken for Velledalingene, mens vi tror at løpet på Aure på søndag vil være midt i blinken for de løpeglade barn på Ikornes.
   
   

   
   

  På Aure på søndag er det oppmøte ved ungdomsskulen i tidsrommet kl 13 til kl 13:30, det koster 20 kr for vårt Småtroll-opplegg for de minste (ca. 0-4 år) og 50 kr for Råtass-løypa for de litt større barn (ca. 5-12 år). Barn kan gå alene, gå i lag eller gå med foreldre/besteforeldre. Man kan velge å løpe, gå, sykle, hoppe eller trille barnevogn. Premie til alle barn. Velkommen til o-løp på Aure på søndag, alle sammen!
   
   




Held Dag Erik heilt inn på Koppen……?

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Sep 2017

Trimpostane er no inne i siste månad denne sesongen. Mange stadar er det avgjort, andre plassar hard kniving. På Koppen trimpost såg det lenge ut til at anten Anita Hjorthol eller Ingrid Brudevoll skulle gå av med sigeren, nær sagt i tråd med normalen. Men siste tida har Dag Erik Myhre kome sterkt. Då vår mann var på Koppen den 10. september, hadde Dag Erik passert dei to kvinnene. Rett nok med særdeles knapp margin. Fjorårsvinnar på posten, Åge Vanebo, var inne på ein relativt trygg 4.plass. Svein Hjorthol var òg inne på topp-5, som sistemann.
Vi minner om at skifte av trimbøker – som markerer ny sesong – vil finne stad i skulane sin haustferie (oktober månad). Dette gjeld alle 14 trimpostane.
  




Jan Rakottyai si store helg

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Sep 2017

arkivfoto
Jan Rakottyai var helgas
namn i Velledalen IL. Jan er inne i sitt fyrste år som løpar, men sparer seg
ikkje. Slik brukte han helga:

LAURDAG: TORVIKBUKT 6 topper – nr 5 av 31 fullførande
i mosjonsklassa.


 1.
  


 Ruben Eidhamar, Høgtun, 3.32.57


 2.
  


 Jørgen Kvalsvik, Noteam, 3.40.04


 3.
  


 Jon Arild Birkeland, Osmarka IL, 3.43.32


 4.
  


 Anders Sæther, Noteam, 3.53.07


 5.
  

 Jan Rakottyai, Velledalen IL, 3.58.54


 6.
  


 Stian Aae, Noteam, 4.04.50

31 fullførande

Glimrande innsats av
  Robert Sogge, Noteam (Velkomen i
Velledalen IL), som vart nummer tre i klasse menn senior på tida 3.14.34.
Bestetid uansett klasse hadde Ola Hovdenakk, Skåla IL, med 2.49.35.

SUNDAG: Etter løpet i Torvikbukt sette Jan seg og
bilen og køyrde til Oppdal.
  Sundag
sprang han så halvmaraton i Trollheimen Fjellmaraton. Her vart han nummer 16 av
30 deltakarar i klasse 30-39 år på tida 3.03.06. Som betyr ei samla tid på dei
to løpa i helga på 7.02.00.

Etter løpet på Oppdal sende
Jan rapport til VIL-Nett, der han mellom anna skriv:


 -  Dette er det
største eg nokon gong har vore med på. Godt merka løype, fine stiar, ingen
skadar eller krampar, ingen strekte musklar. Med tanke på løpet laurdag gjekk
dette over all forventning.


 -  Alt i alt er det
ein svært glad og fornøgd fjelløp-hobby-utøvar som snart skal køyre heim igjen.

Slike gutar likar Velledalen IL,
  og dette kallar vi tøff satsing av ein fersking i
faget!!!

PS. Vi har tidlegare meldt
at Radka skulle springe heil maraton på Oppdal, men ho starta IKKJE denne
gongen




O-trening onsdag 13. september

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Sep 2017

Store og små er velkomen
til O-trening i sentrum onsdag 13.september. Her er nokre fleire opplysningar:


 ·
  

 Frammøte frå
klokka 17.30 og utover


 ·
  

 Frammøtestad er
området Berlihuset/Tryggheim Barnehage


 ·
  

 Gratis deltaking


 ·
  

 Klistremerke og
ballongar til dei minste

Hugs påmelding til
Haustsprinten sundag 17. september. Dette er eit fellesarrangement mellom
Emblem IL og Velledalen IL. Arrangementet vil ha base ved Sykkylven
Ungdomsskule og går etter sentrumskartet.

Påmelding til Pernille, Janne eller Merete
i O-gruppa, eller direkte på: eventor

PS. I skrivande stund har
løpet neste helg 19 påmelde, dei fleste frå VIL.




Nye kraftprøver i Norddal og på Urke

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Sep 2017

arkivfoto
Begge nykomarane traff
blink med vêret. La det vere sagt. Når ein skal opp på 1851 meter over havet
(Torvløysa i Norddal) i september månad, ja, då kan ein vente seg litt av
kvart. I Norddal hadde ein tre løypelengder:


 ·
  

 1851 Opp og Ned


 ·
  

 805 Opp og Ned


 ·
  

 570 Opp og Ned

   

Vår mann, Olaf Einar Øien, deltok i 805 Opp og Ned. Her
er resultata frå Olaf si klasse, 40+:


 1.
  


 Jan Kåre Eide, Eidsdal IL, 1.41.26


 2.
  


 Petter Melchior, Norddal IL, 1.52.43


 3.
  


 Bjørn Sellereite, Ålesund, 2.02.07


 4.
  


 Olav Grønningsæter, Noteam, 2.21.28


 5.
  

 Olaf Øien, Velledalen IL, 2.44.02

Glimrande prestasjon Olaf!.
  Du er trass alt 74 år, og berre å kome på tanken at
du skal springe i ei klasse som heiter 40+, viser at arrangøren har stort
betringspotensial. Faktisk er det heilt meiningslaust at 74-åringar skal
konkurrere mot 40-åringar. Då hadde det faktisk vore betre å ha alt i ei klasse
og tone ned konkurranse-aspektet. Som i Konradløpet.

Løpa i Norddal samla i alt
52 fullførande i konkurranseklassene i tillegg til 36 i turklassa. Raskast i
lengste løypa var Marcus Megrund, Valder IL, på 2.56.20. Hadde vore noko å
brynt seg på for ein skadefri Kjell Magnar Berli…….

Så går vi til ei anna lita
bygd, Urke. Same dag som i Norddal, vart det på Urke arrangert noko så fint som
«
  Urke Challenge Saksa Opp 2017». Her
var det 57 fullførande i konkurranseklassene, med lokale Andreas Skylstad
(44.38) som ein heilt sikkert populær vinnar. Flott prestasjon av to unge damer
som representerer Sunnylven IL, må takast med. Anniken Hjellbakk Hole vart nest
beste kvinne totalt med tida 57.11 (vinnar Lucy Jancus 56.16), medan Kari-Anne
Tryggestad Ryste vann klasse 50+ på tida 1.06.25.

Det er trangt om beinet på
løpsfronten, men det er å håpe det ikkje vert same «kollisjon» neste år. Det er
nemleg fort gjort å slå kvarandre i hel.




VIL-aktørar i tøffe løp 9. september

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Sep 2017

Olaf spring i Norddal i
dag, der ein nyskapning på løpssida har sin debut. Ein kan der velje tre ulike
løypelengder, og det spesielle er at løparane skal ta seg både oppover og
nedover på tid. Høgaste fjellet som skal «erobrast» i lengste løypa er 1851
meter. Vi trur ikkje Olaf vel lengste distansen. Det er mon i mindre for ein
74-åring!

Trollheimen fjellmaraton
vert også arrangert i dag. Radka som sist helg deltok i Ålesund Triahlom, olympisk
distanse, fleskar til med full maraton på Oppdal. Jan Rakottyai spring
halvmaraton, etter å ha varma opp med Kleiva Opp som sitt siste løp.

VIL-Nett kjem tilbake med
resultat.

Og kanskje skjer det mykje
vi ikkje veit om…? Vi set pris på om resultat vert melde inn, og vit at vi
slett ikkje berre er interesserte i toppresultat




O-NM: Pernille mangla 8 sekund på finale.

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Sep 2017

arkivfoto
Fredag vart det sprunge
tre kvalifiseringsheat under O-NM i Halden. Kring 80 kvinner var påmelde, der dei
36 beste – 12 frå kvart heat – gjekk til dagens finale. Pernille mangla ÅTTE
SEKUND. Men desse fattige sekunda ville gitt O-leiaren i VIL eit problem:

Ho hadde nemleg tinga fly
oppatt til Sunnmøre i dag, samstundes som finalen skulle springast. Det fortel
oss at Pernille gjorde det i overkant godt. I alle fall betre enn eigne
forventningar.

Pernille melde etter løpet
at ho hadde vore svært nervøs før løpet, men samstundes motivert og maksimalt
konsentrert. Det gjorde susen, og ho leverte sin klart beste sportslege
prestasjon så langt i VIL-trøya.

Strekktidene mellom
postane viser at ho har kome gjennom løypa UTAN det vi kan kalle bommar. Ho var
fjerde best på siste strekket og 16.best, som dårlegaste prestasjon, på det
nest siste.

Heatvinnar i Pernille sitt
heat vart Anne Marie Hausken Nordberg, ein utøvar som i løpet av karrieren har
vassa i nasjonale- og internasjonale titlar. Elles er det verdt å merke seg at
fem av dei som slo vår utøvar, representerte arrangørklubben, Halden SK.


 1.
  

 Anne M Hausken Nordberg, Nydalen SK, 22.03

12. Jo Shepherd, Halden
SK, 28.47

14. Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 28.55

Ei flott oppmuntring for store og små i det lokale
o-miljøet, og ei styrking av eit framtidig mål om å stille stafettlag for
kvinner i eit komande NM. Kanskje alt neste år.

O-gruppa greier det meste!




Arrangement i Ålesund

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Sep 2017

Onsdag
27.09
  arrangerer
idrettskretsen en temakveld om hvordan legge idrettsaktiviteter til rette for
de med skjulte funksjonsnedsettelser (ADHD, Tourettes, Asperger osv). Les
mer her

  Torsdag
28.09

arrangerer idrettskretsen i samarbeid med fylkeskommunen
fylkeskulturkonferansen. Temaet for årets konferanse, som er gratis, er
«integrering og mangfold», program
finner du her.
  På kvelden arrangeres idrettskretsen en
paraidrettsdag der ungdom og voksne med funksjonsnedsettelser kan komme å prøve
ulike lokale idrettstilbud, i tillegg kommer Cato Zahl Pedersen og holder et
inspirasjonsforedrag. Les
mer her.

Og ikke
nok med det, på
  fredag den 29.08 arrangeres det frivillig forum
der lag og organisasjoner inviteres til temaet «hvordan rekruttere og beholde
barn og unge fra lavinntektsfamilier i aktiviteter». Les mer her.

God helg!
J

Med sportslig hilsen


Vegard A. Rangsæter

Idrettsfaglig konsulent

Mob: +47 414 61 102


Norges Idrettsforbund

Møre og Romsdal idrettskrets
  https://www.idrettsforbundet.no/moreogromsdal




Nok ein historisk dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Sep 2017

arkivfoto
VIL-Nett visste ingen ting
om dette. Men så kom det ei melding om at no var ho nettopp komen i mål; etter
deltaking i O-NM i Halden. Då var det berre å slå opp på «eventor» for å finne
fleire fakta. Og jaudå, det stemde nok: Pernille Ibsen Lervåg vart den fyrste
som nokon gong har representert Velledalen IL i eit O-NM – Hurra for o-gruppa
vår og

GRATULERER PERNILLE!!

Her er litt av
opplysningane vi fann på «eventor»:


 ·
  

 NM mellom
kvalifisering 8.september


 ·
  

 Arrangør Halden
SK


 ·
  

 Pernille stiller
i klasse D 21-E, nær 80 deltakarar i klassa


 ·
  

 Totalt påmelde :
197

Nålauget er nok trangt i
denne kvalifiseringa. Resultat vil kome.




Friidrettsleiaren jubilerer 8. september

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Sep 2017

I åra etter 2.verdskrigen
seig det ein del karfolk frå Nordmøre til Velledalen. Her var kåra bra – både arbeid
og kvinnfolk, så det enda ofte med giftarmål, husbygging og familieliv. Alf
Petter Bøe var ein av dei siste, kanskje den aller siste, som kom. På Nordmøre
hadde han gjort unna del 1 av idrettslivet sitt. Som fotballspelar på Bøfjorden
IL og langdistanseløpar for Rindals Troll.

Del 2 av fotballkarriera
vart utøva i Hundeidvik, men det vart i Velledalen han kom til å busetje seg. Kjærleiken førte han hit. På Brunstad vart det
famileliv som gav han to døtre. Og her hadde han så gilde dagar, at han valde å
«sleppe seg ned» formmessig. Faktisk ganske langt ned, òg.

Men slik kunne ikkje AP
Bøe ha det. Han kom til eit stadium der han rydda i eigen kropp. Gamle og kjære
postulat frå Tor Jarle Bolme vart henta fram, og mannen la seg i trening att. I
2011 gjorde han 15.39 i Konradløpet, kvasst av ein mann på knappe 44 år.

Slikt vart lagt merke til,
og Alf Petter vart friidrettsleiar i Velledalen IL. Han tok til å konkurrere
igjen for RindalsTroll, som etter kvart skifta namn til Rindal IL, leiande
klubb på løpssida i Møre og Romsdal.

FAKTA ELLES OM AP BØE:


 ·
  

 Er i god fysisk
form og har Torvikbukt Rundt som sitt neste konkurransemål. Er litt plaga med
strekkar (Vi kjenner til den, Bård Erstad!), så han burde hatt eigen massør.


 ·
  

 Han har ei eiga
treningsgruppe, stort sett middelaldrande menn (og vel så det), som lyder
namnet TEAM BØE.


 ·
  

 Han har eige
tippelag, som heiter Holebøeholm tippelag. Går Ekornes på ræva kan Alf Petter
lett livnære seg av tipping, då tippelaget hans siste året fekk att 2,4 gonger
innsatsen i premiar. Eit eksepsjonelt resultat!


 ·
  

 Han vert dette
året fyrste nordmøring (stemmer det, Nils!)som vinn ein av Velledalen IL sine
trimpostar (Høgsætra).


 ·
  

 Han ligg an til å få over 1500 trimpoeng denne
sesongen.


 ·
  

 Han er den
personen i Velledalen som har drukke fles
 t kaffikoppar frå Nærbutikken
si kaffimaskin.


 ·
  

 Han er truleg einaste personen frå Velledalen som kan
skryte av å ha hatt kroppskontakt med Karsten Warholm det året (2017) han vart
verdsmeister på 400 meter hekk..


 ·
  

 Han har Konradmedaljen i GULL.

Utruleg mykje meir kunne
vore skrive om mannen. Mellom anna at han arbeider med å bli ein betre o-løpar,
og at han har fått fram eldste dottera, Ildri; til å bli ein habil kulestøtar.
Men vi får la det vere med denne konklusjonen:

Takk Nordmøre, Bøfjord og
Rindal for den fysiske fostringa de har kapitalisert i Alf Petter Bøe!
Idrettsmiljøet i Velledalen set utruleg stor pris på denne mannen. Idrettsvener i alle fasongar GRATULERER med 50
års dagen!




Harald Relling: 90 år, men livsgnist som ein tenåring.

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2017

Bur ein i Sykkylven er
Konradløpet overkomeleg. Ein kan velte seg or senga litt før 04.30, og åle seg
inn i løpsantrekket som ligg og ventar like ved . Deretter hiver ein seg i
bilen og rekk eit glimt av Bjørg Frøystad Hole i tilhengaren, og dermed
starten, med god margin – vel å merke om ein har henta startnummeret kvelden
før.

Då er det verre for Harald
Relling. Han bur i Langevåg, der han har funne ei trygg hamn. Fjord 1 har
nemleg bestemt at ferga som må takast frå Magerholm for å nå Konradløpet i Velledalen 1.mai, ja, den går klokka 03.20.
Inga bønn. Tek ein neste ferje kjem ein for seint. Bur ein i Langevåg som Harald, må ein opp seinast
02.00. Og er ein i tillegg i 80-åra, skjønar alle at her er det lett gjort å «droppe»
ut.

I 2017 var han på plass på
Brunstad for 10.gong:


 -  Sjå her, nye
løpssko og lettare bekledning. Utstyrsmessig har eg knappast nokon gong stilt
så skarpskodd i Konradløpet, var orda han møtte meg med – i ein alder av 89 år.

Av og til «trumfar»
konkurranse-innstinktet alderen, tenkte eg då eg såg at Harald Relling stod i
fremste line på startstreken då skotet small. Side om side med dei som ville
kjempe om sigeren. Farta i løypa var upåklageleg, og humøret på topp då han
entra scena saman med dei andre deltakarane over 80 år. Lett og fin i kropp og
steg.

Hittil har berre Tomas
Tandstad delteke i Konradløpet etter passerte 90 år. Neste år kan talet fort
gjort vere tre. Harald Relling passerer 90 i dag, og er velkomen tilbake. I
tillegg vil Kjellaug Ulset ha passert 90 neste gong. Ho har ikkje skofta eit
einaste Konradløp.

Men i dag er det Harald
Olav Relling vi hyller. 10 Konradløp med bustad Langevåg og 90 år i dag. Jaudå,
dette hadde Konrad Brunstad likt, og han vil truleg ha sagt:


 -  Du ser de på nå at han he bykts langt over seks meter
i lengdehøpp!

Ja, Harald var ein dyktig
idrettsmann i sine yngre år. I fleire idrettar til og med. Men altfor ofte vert
«Alderdomsheltane» feia under teppet og gløymde. Ikkje ein gong nemnde. Men
arrangørane av Konradløpet veit å setje pris på karar som Harald Olav Relling.
Det gjer vi

med eit rungande GRATULERER!!

Måtte fleire av oss
oppleve å vere like vitale som 90-åringar!

Atle Jomar Hole




Refleksjonar etter KKmila, eit knallrosa kvinneløp

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2017

Eg hadde i grunn ikkje særleg lyst til å springe, men med god
hjelp av VIL-venn og romkamerat Hedda Hjortdal klarte eg å overtyde meg sjølv om at dette var ein fin
dag for å pine i gong hausttreninga. Etter ei kjapp vurdering av eiga form,
konkluderte eg med at halve distansen var rikeleg, noko som viste seg å vere ei
god vurdering.

På startstreken stilte eg meg beskjedent opp i front, side om
side med Ingeborg Løvnes, OL-deltakar på
3000 meter hinder i fjor. Ho susa frå resten av feltet allereie inne på
stadion, som seg hør og bør for ein olympisk atlet i konkurranse med
mosjonistar. Vinnartida vart 18.40. Sjølv kava eg meg inn til 12. plass på
22.33, etter å ha gått på ein smell som følgje av ei innmari frisk opning, der
eg passerte på 7. plass halvvegs i løpet. Men det er ikkje min sportslege,
middelmådige prestasjon eg vil skrive om. Det var nemleg andre tankar som
kvervla i hovudet mitt denne laurdagen.

For kva er det som gjer at tusenvis av damer stimlar til
KKmila og andre liknande arrangement, t.d. iForm-løpet, Jentebølgen og
Femi-RUN, medan ein berre kan drøyme om like stor kvinnedeltaking i andre løp?
Same tendensen ser ein på heimlege trakter (sjølvsagt i mindre skala);
Jentebølgen har ei massiv deltaking, medan kvinnelege løparar er sterkt
underrepresenterte på lokale løp som Ålesund Sommerkarusell, Rotevatnet rundt
etc.
  

Mykje av svaret ligg nok i marknadsføringa og profilen til
dei sokalla «jenteløpa». Ei mjukare
tilnærming til deltakarane ser ut til å trekkje til seg damer med enorm
variasjon i fysisk form. Det sportslege vert dempa og dyssa ned. Eit klikk
innom heimesida til KKmila tydar på at goodiebags, champagnekupongar og
underhaldning veg tyngre enn tidsbruk og prestasjon. Det som møtte meg på
Bislett var knallrosa selfieveggar, skilting til champagnebaren, glitter og
glam. Og ei rekkje med lyserosa Hibas-toalett. Inne på stadion vrimla det av
rosa t-skjorter. Ikkje noko gale med
fargen rosa i seg sjølv, men eg synest det er rart at eit sopass glitrande og
usportsleg fokus skal vere nødvendig for at løping skal appellere til damer.
Dette gjeld sjølvsagt ikkje alle, då eg kjenner drøssevis av beintøffe damer
som let seg motivere av heilt andre faktorar. Eg er likevel rimeleg sikker på
at goodiebags og det sosiale aspektet må ha lokka til seg ein stor del av den
kvinnelege hærskaren på Bislett denne laurdagen.
  

Det var noko påtatt og fjollete over KKmila som gjorde at eg
kjende meg litt distansert til heile opplegget. Kanskje kan ein ikkje vente
anna når Kvinner og Klær står som arrangør, og kanskje ber eg preg av å ha vore
aktiv i eit friidrettsmiljø fritt for jåleri og prinsessefakter. Det er sikkert
i beste meining at kvinner får sine eigne løp, men denne knallrosa
framstillinga av jenter høyrer vel til ei anna tid? Eller kanskje er det
nettopp dette som skal til for at fleire kvinner skal oppdage gleda ved løping?
Kva veit vel eg. For meg var det i alle fall noko som skurra, men dei fleste
damene såg ut til å kose seg med champagne i sola etter den fysiske utskeiinga.
Og eg fekk noko å gruble på.

Som avrunding på eit litt surmaga innlegg vil eg dele ei artig
historie. Etter målgong fekk eg nemleg kjeft av Steinar Hoen, tidlegare
medaljegrossist i høgdehopp. Han skulda meg for å snike i goodiebag-køa(!),
noko som sjølvsagt ikkje var tilsikta. Småironisk, ettersom eg var mellom dei
som hovudsakleg kom for å springe, og ikkje for å få intimsåper, hudkrem og
KK-magasin. Kva Hoen gjorde på KK-mila skal eg forresten ikkje blande meg i.

Neste mål er Hytteplanmila
21. oktober.
 Rykta seier at fleire Oslobaserte VIL-løparar stiller til
start. Hytteplanmila lokkar med nysteikte bollar etter målgong, og det kan eg
leve med.




Jan Rakottyai klassevinnar i Kleiva Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2017

Motbakkeløpet «Kleiva Opp»
vert arrangert av Hardbagg IL og Rand Skyttarlag. 7,1 kilometer langt og med
600 høgdemeter stigning, er løpet mellom dei «flatare» motbakkeløpa.

Velledalen IL var
representert ved Jan Rakottyai, mannen frå Slovakia som debuterte som løpar i
Konradløpet 2017. Etter den tid har ikkje Jan sett seg tilbake. Han har trena
jamt, konkurrert mykje, og hatt stor framgang.

I Kleiva Opp vart Jan nummer
ti totalt, med tida 45.04. Men det heldt til klassesiger i klasse 35-39 år.
Raskast av samtlege var sunnmøringen Eirik Bringsvor, som brukte 35.49

Jan fortel til VIL-Nett at
Trollheimen Fjellmaraton vert neste styrkeprøve. Der spring han halvmaraton. Vi
gratulerer Jan med innsatsen i Nordfjord, og ynskjer lukke til i det komande
løpet på Oppdal!




Radka klassevinnar i Ålesund triathlon

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Sep 2017

Vi har ikkje snakka med
Radka etter løpet, men den tøffe utøvaren vår kom i mål på sluttida 2.57.09. I
fylgje resultatlista etter desse splitt-tidene:


 ·
  

 1500 meter
symjing på 43.51


 ·
  

 40 000 meter
sykling på 1.21.30


 ·
  

 10 000 meter
springing på 51.48

Beste jentetid hadde
vinnaren av klasse 20-29 år, Synne Opheim, NTNUI, på 2.36.37. I fylgje
resultatlista «miste» Radka mest tid til vinnaren på symjedelen (10 minutt) og
minst på syklinga (2.33).

Andrè Løseth, Trollveggen
Triathlon Klubb, vart totalvinnar på 2.09.23 i det ein kallar olympisk
distanse.

Sprint:

Kortversjonen av Ålesund
Triathlon vart vunne av Knut Anders Fostervold, på 1.06.35. Her kom Marco
Haupenthal, frå Tyskland og Sykkylven , på ein sterk 8.plass med 1.16.59.

Mellom 52 utøvarar som kom
til mål; Radka Vosicka, Tsjekkia og Velledalen IL.

Hurra for Radka!




Historisk dag for Velledalen IL 3. sept

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Sep 2017

arkivfoto
Velledalingar er kjende
for å vere ringe symjarar. Truleg har dette betra seg litt dei siste tiåra
etter dalen fekk eige basseng, men gode i vatn; NEI!

Difor er det heilt
naturleg, at utøvaren som i dag stiller i Ålesund Triathlon, ikkje er ein
ektefødd velledaling. Av opphav heller ikkje ein nordmann. Og det er ei kvinne.

Då har du kanskje tippa
det…..? Dama som i dag skal symje 1500 meter, sykle 40 000 meter og
springe 10 000 meter er ingen ringare enn Radka Vosicka. Hardhausen frå
Tsjekkia som har markert seg knallsterkt på fleire frontar i 2017 – sist i
Stranda Fjord Trail Race.

Konkurransen i Ålesund har
ei kortare utgåve som vert kalla sprint, men for vår Radka tel kun det
hardaste. Vi er alle spente på korleis konkurranseglade Radka meistrar denne
oppgåva. Svaret kjem på VIL-Nett i løpet av kvelden!




Idrettsskulestart torsdag 14. september

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Sep 2017

Velledalen IL sin
idrettsskule vil det komande året vere eit tilbod for born frå 1.klasse til og
med 4.klasse. For å kunne delta må ein vere medlem av Velledalen IL, eller elev
ved Tandstad skule eller Montessori-skulen i Velledalen, får vi opplyst.


 ·
  

 Aktivitetar før
jul: Sykling, friidrett, turar i nærmiljøet/leik og symjing


 ·
  

 Kjernetid:
17.30-18.30


 ·
  

 Pris: Kr. 200 for
heile skuleåret


 ·
  

 PÅMELDING:
E-post:julie_brochman@hotmail.com – tlf. 932 85 881


 ·
  

 Oppstartdato:
Torsdag 14. september




Området ved Svartevatnet veleigna for O-løp.

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Sep 2017

Denne gongen
hadde O-gruppa eit parti born frå 4H på vitjing. Dei fekk mellom anna opplæring
i bruk av kart og kompass av Merete Masdal (sjå foto).

På førehand
hadde gruppa sett ut tre løyper. Her kunne heile spennet frå små barneføter til
menn med storleik 48 prøve seg. Lengste løypa (3,2 kilometer) hadde sitt høgste
punkt ved strandarane sin trimpost på Heggjene.

Etter den
fyrste «terreng-testen», har VIL-Nett fått ein rapport frå O-gruppa, som mellom
anna omhandlar kart og terreng. Her er litt av teksten:

Om kartet:

Kartet var
ekstremt bra, så her har Ivar Lundanes gjort både ein rask og god jobb.

Om terrenget:

Terrenget var
nydeleg og meir veleigna for born/ungdom/nybyrjarar enn vi opprinneleg trudde.
Heilt perfekt for målgruppa i VIL. Terrenget er ope, slik at ein ser løparane
mykje av tida. Og dei ser samlingsplass og veg, noko som gir tryggleik sjølv om
ein skulle bomme på enkelte postar. Mindre myr-parti enn i området Myrdalen,
slik at terrenget

Det vert elles
meldt om funn av ein perfekt samlingsplass nær vegen, og serveringa på onsdag
30.august 2017 bestod av:


 · Plommer


 · Marie-kjeks


 · Vaffelhjarte




Orientering ved Svartevatnet

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Aug 2017

O-gruppa hadde sett ut tre
ulike løyper. Med andre ord litt for ein kvar smak. I den lengste løypa på 3,2
kilometer var Bernt Are Lervåg raskast, i konkurranse med karar som Tormod
Klokk, Mateusz Balon og Alf Petter Bøe. Sistnemnde noterte størst framgang i
forhold til sist han var i aksjon i ei o-løype (på Emblem).

Elles hadde Merete Masdal
eit opplegg for 10-12 born frå 4H, og fekk gode tilbakemeldingar på det.

Alt i alt ein særdeles
vellukka o-kveld, til akkompagnement av aktiviteten av skytebana ikkje særleg langt
unna.




O-trening ved Svartevatnet

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Aug 2017

Onsdag vert det treningsløp mellom 17.30 og 18.30
v/Svartevatnet. Tre løyper på 1km, 2km og 3,2km - alle med tidtaking på.

4H har nettopp starta eit friluftsliv prosjekt, og blir med
oss for å lære kart og kompass
 😀

Satser på ein fin kveld, velkommen til store og små, ta
gjerne kveldsmaten ute, om været er bra!




Sykkylvingar sykla UltraBirken

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Aug 2017

arkivfoto
UltraBirken vart sist helg
arrangert for 8. gong. Rittet har start ved Pellestova på toppen av Hafjell, og
målgang ved Håkons Hall. Løypa er 105 kilometer
lang.

Vi veit det ikkje hundre prosent sikkert,
men trur at
  Kjetil Fallingen er
einaste VIL-medlem som så langt har fullført rittet. Det gjorde Kjetil på
7.06.12, ei tid som heldt til 65. plass i klasse 30-39 år.

I klasse 50-59 år finn vi hardhausane
Jo Sagli og Arild Mjeltevik. På delt 29.plass med tida 6.32.04.

Godt jobba av alle tre
karane!




Jamnare enn normalt på Holetindane

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Aug 2017

arkivfoto
Meldaren vår var på
Holetindane trimpost sundag 27.august klokka 11.45. Då rapporterte han desse
namna som topp-6:

12 turar: Nils Terje Skylstad

10 turar: Bjarte Hole

6 turar: Arnhild Linga

3 turar: Linda Kristin Øye

3 turar: Anne Grethe Linga

3 turar: Nancy Eggen

Men når sant skal seiast,
har Hau-Nils eit par turar i «banken» som han kan drage fram om det vert
nødvendig. Han var nemleg nokre turar på «Tindane» på ski den perioden boka var
uråd å nå, på grunn av store snøskavlar ved varden. Dreg han fram dei, skal det
godt gjerast at nokon kan tukte han.

PS. Det som kan seiast
nokså bombesikkert, er at posten på Holetindane vil få det lavaste talet turar
mellom postvinnarane i sesongen 2016/2017




Elling har passert 100 turar

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Aug 2017

arkivfoto
Velledalen IL sin
trimpostmeldar var innom posten på Myrdalsfjellet laurdag 26.august klokka
14.45. Då var stoda slik:

100 turar: Elling Hole

36 turar: Ingrid Brudevoll

28 turar: Bjørg Frøystad Hole

20 turar: Eldrid Myhre

Som ein ser har «Hol-ekspressen»
full kontroll med ein dryg månad att av sesongen. Topp-5 lista er som ein ser
ikkje fullverdig, sidan 5.plassen ikkje vart rapportert. Om ein er trottig i
tida framover, kan ein enno få innpass på lista. Bokbytet som markerer
sesongslutt skjer vanlegvis i haustferien.




Panoramaleikar i vekst levde opp til namnet

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Aug 2017

Ein strålande dag på
Ikornnes Idrettspark i går, då den fjerde utgåva av Panoramaleikane vart
arrangerte med ny deltakarrekord – over 90 utøvarar med samla over 200 startar.

Timen frå 12.00-13.00 var
rekruttane sin time. Her sprang gutar og jenter i alderen 8-10 år 60 meter, og
dei hoppa lengde. Med stor iver. Her burde Velledalen IL hatt med fleire, men
æra vår vart berga av deltakinga til

  Olve
Hole Bjørneseth.


Frå 13.00 – 16.30 rådde aldersgruppa 11-19 år grunnen.
Espen Strøm Grebstad

  fekk æra av å
avslutte dagen med debut som baneløpar på 1500 meter. Diverre hadde 17-åringen
ingen konkurrent. Dermed vart det eit sololøp på tida 4.43. Det bør Espen seie
seg nøgd. I eit større felt spring han heilt klart langt med på 4.30-talet.

Og her skal Espen få seg eit lite toårsmål
med på vegen. I 1949 vart Paul Hole Velledalen IL sin fyrste KM-vinnar i
friidrett. Han var då om lag 19 og eit halvt år, og sprang 1500 meter på 4.23.
I høve til debuten må altså Espen presse seg 20 sekund ned på to år, noko
VIL-Nett trur han greier.



Elles vart kulestøt ei god
øving for Velledalen IL på Ikornnes, med i alt fire medaljar – to gull og to
sølv.

VIL-RESULTAT:

Vilde Sofie Hustad J 11 år

 : Nr 1 i kule (5,96 m), nr.8 på 200 m (49.00), nr 11
på 60 m (12.81)

Ingrid Hole Bjørneseth J 11 år

 : Nr 2 i kule (5,67), nr 8 på 60 m (10,67)

Pia Johansen J 12 år:

  Nr. 2 i kule (6,00), nr 3 på 60 m (11.08), nr 3 på
200m (41.73)

Ildri Bøe J 16 år

 : Nr.1 i kule (8.99) –

I rekrutt-klassa var det
medalje til alle deltakarane. Der må VIL-målet vere ein sterkare representasjon
ved neste korsveg. Men det gledelege var at alle utøvarane våre, 11 år og eldre,
fekk minst ein tur på sigerspallen. Håper det gav meirsmak!!

Nemnast må det òg at
stemnet var meir enn PANORAMA. Det hadde også kvalitet. Då tenkjer vi i fyrste
rekkje på strandaren Ole Sivert Røyrhus. 14-åringen sprang 400 meter på 55,27,
årsbeste i heile kongeriket, vart det sagt av «forståseg-påarane». Elles viste
utøvarar frå Dimna IL og Valder IL at det kan vere lurt å trene.

Ikornnes IL kom god frå
arrangørjobben, med litt hjelp av gode naboar i Sykkylven IL og Velledalen IL.
  




Olav sykla Birkebeinerrittet på 3.55.55

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Aug 2017

Velledalen IL sin einaste
deltakar under årets Birkebeinerritt har status som veteran. Ein skikkeleg
veteran. Anna kan ikkje seiast om
  Olav
Brunstad, deltakar i klasse 60-64 år. Vi kjenner ingen detaljar frå rittet,
men tida kling i alle fall godt; 3.55.55. Med det vart Olav nummer 173 i ei
klasse med 307 fullførande.

Her er nokre andre tider:

60-64 år:

8. Geir Asbjørn Sandal, Spjelkavik,
3.13.01

10. Torstein Hole 3.15.00

40-44 år:

24. Cato Ryste, Volda T&IL, 2.58.10

78. Stig Jonny Urke, Sykkylven SK, 3.08.05

50-54 år:

21. Bjørn Ole Vassbotn,
Volda T&IL, 2.59.34

24. Ben Erik Sira, Ørsta,
SK, 3.00.15

K 50-54 år:

26. Elin Nerem, Emblem IL,
3.52.20




Olav Brunstad syklar Birkebeinerrittet

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2017

Heller ikkje Sykkylven SK
er særleg godt representert. Eit søk i deltakarlista fortel at Stig Jonny Urke
deltek. Han syklar for sitt femte merke i sin femte start. Vår mann Olav
Brunstad har seks merke på 11 startar skal vi tru arrangøren sin statistikk.
Olav syklar i klasse 60-64 år. Det same gjer Torstein Hole, som tek sitt
10.merke om alt går som planlagt.

Du kan frette korleis det
gjekk om du les VIL-Nett i løpet av helga.




O-gruppa med vellukka treningskveld

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2017

Kvelden hadde ein klar
sosial profil. O-løp for store og små i ulike løyper, og kveldsmat i ulike
variantar som dei frammøtte sjølve hadde med. Mannfolka som sprang vaksenløypa
hadde ein intern konkurranse, og her vart det sekundstrid. Det skilde eitt
fattig sekund i favør Per Magne Drotninghaug i kampen mot Bernt Are Lervåg - nærare dødt løp kjem ein knapt!

O-kart mannen vår, Gunnar
Gytri frå Førde, deltok og. Som den røynde o-løparen han er, sette han «ungdomen» på plass i ein alder av
kring 60 år. Og etterpå vanka det ros til løypesettaren, som var ingen ringare
enn leiaren av O-gruppa.

Onsdag i neste veke vert
det ny treningskveld. Men ikkje på Myrdalen som tidlegare tillyst, av omsyn til
hjortejakta som startar 1. september. Tid og stad vil verte annonsert på
nettsida.




Velledalingane scora alle måla

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2017

FK Sykkylven tok ein etterlengta siger mot Hareid på Hundeidvik stadion
torsdag kveld. Kampen enda 4-3, og det litt spesielle var at velledalingane
gjorde alle måla. Sondre Brochmann Skylstad opna nettsusen, medan Bengt Hole
Alnes sytte for resten. På Bengt sitt siste mål, var broren Bendik nest sist på
ballen. Med andre ord; sterk velledalskveld på Hundeidvik stadion!




25 års jubileum for TINE-stafetten i 2018

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Aug 2017

TINE-stafetten er svære greier.
 I
2017 samla stafetten over 108 000 deltakarar. Talet på arrangement var
289. Hovudtyngda sjølvsagt i Noreg, men også i Spania vart det arrangert
TINE-stafett.

8.mai 2018 har
TINE-stafetten jubileum. Heile 25 år har dette gode tiltaket for skuleelevar
eksistert. Arrangørar som ynskjer arrangere slike stafettar kan melde seg i
løpet av hausten 2017, melder Friidrettsforbundet.

Om nokon er nysgjerrig på
kva TINE-stafett eigentleg er, kan dette sjekkast på:

www.tinestafetten.no




Hurra for o-gruppa i Emblem IL

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Aug 2017

NM-vinnarane Ivar og Ingrid i midten, tvillingane Nilsen Sandnes på flankane
 Arrangementet vart avvikla
i Sandanger i Hordaland. For Ivar Lundanes sin del i seniorklassa var distansen
22 kilometer. På denne distansen brukte han 2.38 25, tre minutt og 20 sekund
føre nummer to, Anders Nordberg, Nydalen.

Ingrid Lundanes sin
distanse i klasse eldre junior var ca 13 kilometer. Det gjorde ho unna på
1.56.09, som var 1.01 raskare enn sølvvinnar Ingeborg Eide.

Som ikkje dette var nok,
gjorde tvillingane Erlend og Kristian Nilsen Sandnes flotte løp for Emblem IL.
Erlend vart nummer seks på 2.30.35, medan Kristian på plassen bak hadde 2.31.00
i eldre junior menn

Stor honnør til Marit og
Lars Roger Lundanes, som har fått tre NM-vinnarar i orientering av fem avkom
hittil. Det er både god og imponerande avkasting, rett og slett!

Velledalen IL gratulerer
både til klubb og familie!
  




Sjarmerande sandtak og tøysete lår

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Aug 2017

Eg
og to fotballkompisar frå studietida i Bergen bestemte i vinter at årets
samling skulle vere det rolege og idylliske Stranda Fjord Trail Race 2017. Som
menn flest i 30-åra er sjølvinnsikta mi nokså begrensa, så eg tenkte dette
måtte vere greitt gjennomførtbart med Oslo-basert trening. So feil kan ein ta.
Meir om dette seinare.

Eg
og nevnte to kompisar bosatt i henholdsvis Fauske ved Bodø og Trondheim, stilte
optimistisk ved start ved eit sjarmerande grustak tidleg laurdag morgon.
Angiveleg var det ca 500 påmelde, men eit kjapt estimat tilsa at i alle fall 20
% av desse hadde prioritert annerleis denne regntunge morgonen. Vi trøysta oss
med at veret sikkert letta snart, noko som skulle vise seg å vere ei særs naiv
innstilling.


startskotet gjekk var det berre å komme seg av garde. Både fordi det
var einaste måten å halde varmen på, men også fordi bagasjen hadde blitt
sendt til Roalden. Det var difor meir praktisk å gjennomføre løpet enn å bryte,
noko som var den einaste motivasjonen nokre timar seinare med sure lår og
gjennomvåte klede.

Løypa
går angiveleg i eit flott område med bra utsikt fram til Blåhorna. Dette kan eg
verken stadfeste eller avkrefte sidan tåka gjorde det komplett umogleg å sjå so
mykje anna enn løypemarkeringa. Vel framme ved Blåhornet runda vi varden og sat
kursen mot Stranda sentrum som "berre" låg 15 km med myr føre oss.
Gjennom myra var livet tungt og vått. Men ei enorm optimistiske opning på rundt
25. plass gjorde det til at motet var nokså ok. Vel nede
i Stranda sentrum kjendes kroppen fin, men låra var
nokså tøysete. Dei gav blant anna ein litt merkeleg respons då
eg starta på første stigninga mot Roalden (fjellet, ikkje den tidlegare cafeen
på Aure).

Fram
til Mona Stadion gjekk det eigentleg nokså greitt med både meg og dei tøysete
låra mine. Tok til og med igjen tre stykker. Men for ein som aldri har tatt ein
trepoengar mot Stranda, så tenkte eg at no kjem vel ironisk nok smellen. Og
ganske riktig, rett oppe i første stigninga etter byggefeltet stod
VIL sine to utsendte, Atle og Alf, og det var vel knappast to min etter eg
passerte desse, så var det tomt for krefter, fornuft og ork. Heile kroppen tok
seg ei fysisk og mental pause. Metrane vart blytunge og eg såg bekmørkt på
tanken på at det var nesten 1000 høgdemeter igjen.
 Heldigvis det no ekstremt upraktisk å bryte så
det var berre å komme seg til topps.

Oppover
kneikene tenkte eg på mykje og ingenting samtidig. Difor kom mål nokså overraskande
på meg. Men aldri har eg vore so glad for å kunne sette meg ned og ete smør med
litt brødskive på. Litt seinare kom dei to andre kameratane mine, begge særs
glade for å komme seg i mål i live.

Kort
oppsummert så trur eg ei litt for hard opning og litt for lite drikke undervegs
gjorde turen opp til Roalden til eit voldsomt slit. Men utover å klage og syte
på egne vegne, så vil eg gje honnør til arrangør og øvrige deltakarar. Ei flott
oppleving til tross for litt lite mengdetrening. Neste mål er Oslo Maraton om
3,5 veker. Det skal bli fint å gje seg i mål etter forhåpentlegvis 2 timar
og 59 minutt (evig optimist).



mvh



Njål





Anders Wigdahl til Team Milslukern

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Aug 2017

Det betyr at Anders er
sikra plass i ei sterk treningsgruppe med utøvarar som held høgt nivå. Les meir
om Team Milslukern HER.

Team Milslukern var også
representert under Stranda Fjord Trail Race. Sjå foto:

Her ser vi to harde
konkurrentar av vår eigen Radka Vosika (slutt-tid 6.10.33). Med startnummer 493
har vi Mari Wedum som brukte 6.11.12 og kom på plassen bak Radka. Startnummer
424 er Kristin Aamodt, som representerte Milslukern på framifrå vis. Med tida 6.13.26
vart ho nummer 14 av kvinnene. Dei to er fotograferte heilt i startfasa av stigninga opp mot
Roalden.




Lokale kvinner i Stranda Fjord Trail Race

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Aug 2017

Marknadsføringa av Stranda
Fjord Trail Race er tufta på gode opplevingar i storslagen natur. Denne gongen
fekk utøvarane «sett» Sunnmøre og Stranda sIik røyndomen ofte er, med regn,
tjukkskodde og null utsikt. Men denne dagen måtte kome. Vi har nemleg like
mange slike, som vi har strålande godvêrsdagar. Men ingen sure miner over slett
vêr vart registrert.

I oversikta
nedanfor gir vi deg namnet på den raskaste kvinna, og på spanjolen som brukte
lengst tid, i tillegg til eit fint knippe sunnmøringar som fullførte - og
representerte lokale klubbar:

5.09.47: Henriette Albon,
Varegg IL - løpsvinnar

5.36.08: Anniken Hjellbakk
Hole, Sunnylven IL – nr.3

6.10.33: Radka Vosicka, Velledalen IL – nr.11

6.26.44: Silje Heltne,
Volda – nr.17

6.28.43: Tonje Brande,
Ålesund – nr.18

6.41.44: Linn Helene
Brekke, Sunnylven IL – nr.22

6.53.17: Linda Hovde,
Skar-Hovde Runners – nr.25

7.17.15: Henriette Bakke,
Sykkylven IL – nr.39

7.17.16: Gry Payling,
Sykkylven IL – nr.40

7.18.26: Stine Fivelstad,
Stranda IL – nr.41

8.17.32: Kristin
Dvergsdal, PwC BIL – nr. 59

9.22.07: Malin
Solvang-Knivsflå, Ålesund – nr.81

9.48.30: Nathalie Rivero,
Spania – nr.82

Vi tek med at kvinna som
vart nummer to, Bodil Ryste, av opphav er sunnmøring, men ho representerer no
Gaular IL (Sunnfjord).




Stranda Fjord Trail Race: Fantastisk VIL-innsats

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2017

Tredje utgåva av Stranda
Fjord Trail Race vart ei kraftprøve. Store mengder regn i morgontimane gjorde
forholda vanskelege. Kring 500 var påmelde til den tøffaste versjonen på 33 km
med 3000 høgdemeter stigning. 82 kvinner og 216 menn fullførte, så fråfallet må
omtalast som betydeleg.

Og vi berre nemner det;
Kjell Magnar Berli si tid frå 2016, hadde halde til tredjeplass i 2017

Vi opnar med å gratulerer Radka Vosicka
  med ein fantastisk flott 11. plass av 82 fullførande kvinner,
med slutt-tida 6.10.33! På dei fire meldestasjonane hadde Radka plasseringane
12-14-12-11. Og det er verdt å merke seg at ho hadde 9. beste splitt-tid på det
hardaste strekket; frå Mona stadion til mål.

Jan Rakottyai dreiv før med bilsport
  og var komfortabel med det. Men så fekk han smaken på
fysisk trening. Kiloa rann av, og han debuterte som konkurranseløpar i
Konradløpet 1.mai. Framgangen har vore enorm. 88.plass av 216 herrar i dette
tøffe løpet er fantastisk levert, og passeringane på dei fire meldepostane like
eins 111 – 96 – 96 – 88. Framgang heile vegen, og slutt-tida vart 6.34.16.

Den siste som representerte Velledalen IL/KPMG PULS
var Njål Torillson Tyssing.
  Mannen
som har maraton-pers på 2.50-talet. Njål fekk erfare at dette var verre enn ein
maraton, men 38.plass av 216 mannfolk er sjølvsagt glimrande. Njål fekk det
tøft mot slutten etter at han var heilt oppe på 22.plass ved Mona stadion.
Løpsutviklinga plasseringsmessig for Njål var: 29 – 27 -22 – 38.

Friidrettsleiar Alf Petter Bøe stod ute i løypa
  og såg ved sjølvsyn skitne og slitne løparar passere.
Han han var mektig imponert over Velledalen IL sine tre utøvarar:


 -  Dette var flotte
sportslege prestasjonar av alle tre, verdige ein pris for 2017 når vi kjem til
kvelden for den årlege Idrettsgallaen.

Fleire lokale resultat vil
kome seinare.




Skåla Opp: Sterkt av Per Inge og Svein

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2017

frå Mefjellet opp 2017
Over 1000 hadde meldt seg
på i konkurranseklassa dette året. At berre 152 kvinner og 527 menn kryssa mållina
– totalt 679 – har nok ulike årsaker, mellom anna vêret. Mellom dei som ikkje
starta finn vi i arrangøren sine lister namn som Bjørn Inge Gjersdal, Sykkylven
SK, Knut Orre og Monica Breivik Orre, begge Velledalen IL.

Slik gjorde dei det nokre av dei som var der:

M 23-34 år:

Klassa hadde 194 påmelde.
Av dei 133 som kom til mål enda Henning Tandstad som nummer 96 på fine 2.05.16.
Klassevinnar (og løpsvinnar) vart Stian Angermund-Vik, Varegg IL, på knalltida
1.10.10. Vi nemner at Andreas Skylstad, Norangsdal IL, noterte 1.22.56. Nummer
tolv i klassa og nest beste sunnmøring.

M 45-49 år:

Her hadde 97 utøvarar
meldt seg på. 65 fullførte med Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL, på ein
framifrå 8.plass på tida 1.37.00. Klassevinnar vart Jonathan Wyatt frå New
Zealand på 1.15.50. Vi veit ikkje, men reknar med dette er noko av det
skarpaste Per Inge har gjort som motbakkeløpar!

M 50-54 år:

Tidlegare landslagsløpar i
langrenn, Kristen Skjeldal, Bulken IL, klassevinnar på 1.21.31. Men merk at
voldingen Bjørn Ole Vassbotn vart nummer to på 1.22.50, ei tid som gjorde han
til beste sunnmøring. Svein Arne Nakken, Velledalen IL, på ein sterk 17.plass
på 1.49.18, medan Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, vart nummer 46 på 2.10.14.
Fin fjør i hatten for Svein som slo den tidlegare storløparen Anita Håkenstad
Evertsen med to sekund. Klasse M 50-54 år hadde 89 påmelde, 68 nådde mållina.

Andre:

Sterk 6.plass til Knut
Anders Hatlen , Stranda IL, på 1.27.19 i klasse 35-39 år. Brillefin 7. plass
til Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL, i klasse 50-54 år og flott
innsats av Jan Even Sandal Sykkylven IL i klasse 40-44 år. Tida 1.46.55 heldt
til 30.plass i ei klasse med 113 påmelde – 75 fullførte.




Henrik Johan Holmberg

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2017

Her er siste nytt. her




Skåla Opp laurdag 19.august

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Aug 2017

La Sportiva Skåla 1848
meter rett opp. Slik heiter motbakkeløpet etter at «sjela» er seld til ein
sponsor. Og her er store pengar i omløp. Då vi sjekka påmeldinga sist veke var
tala:


 ·
  

 283 i trimklassa


 ·
  

 1016 i
konkurranseklassa

Her er nokre namn som stiller frå Stranda/Sykkylven:

Knut Anders Hatlen, Stranda IL

Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL

Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL

Monica Breivik Orre, Velledalen IL

Bjørn Inge Gjersdal, Sykkylven SK

Henning Tandstad, Straumskameratane

Per Kristian Nordstrand, Sykkylven

Knut Orre, Velledalen IL

Jan Even Sandal, Sykkylven IL

Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL

Svein Arne Nakken, Velledalen IL

Elles nemner vi Elise
Stette (VIL Facebook-rekordhaldar) og Bjørn Ole Vassbotn, Volda Turn & IL. Fleire
storkanonar kjem, til løpet som er dominert av utøvarar frå Sogn og Fjordane og
Hordaland.

Skåla Opp går same dag som
Stranda Fjord Trail Race, 19. august. Korleis vert vêret undrar sikkert mange.
Vi har vore i kontakt med klubbmeteorolog Holmberg, mannen som ikkje har bomma
på eit einaste langtidsvarsel på 15 mnd. No prøver han seg på eit «korttidsvarsel»:


 -  Det vert triveleg
sommartemperatur på 15-18 grader i lågland/mellomhøgde. Sjølvsagt kaldare på
toppane. Overskya, og truleg litt regn, men ikkje så mykje at det vert surt å
springe. Etter mi vurdering faktisk svært gode tilhøve for dei som skal vere
med i Stranda Fjord Trail Race den 19. august. Nokså nær det same på Skåla.

PS: vi nemner at Jan
Rakottyai, VIL sin utøvar frå Slovakia, skal delta på Stranda laurdag. Sist
helg varma han opp med Klauva Opp i mosjonsklassa. Han brukte kring 55 minutt
(ganske nær tida til Sonja Moen Ødegård) på motbakkeløpet, som gjekk under
vanskelege forhold med regn og skodde.




PANORAMALEIKANE 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2017

Øvelsane blir:

Jenter/gutar 11 – 13 år 60 m, 200 m, 600 m, lengde og kule

Jenter/gutar 14 – 19 år 100 m, 400 m, 800 m, 1500 m, lengde og kule

For desse klassane gjeld 4 forsøk i hopp og kasteøvingar.

Rekruttar (Same dag i tidrommet kl.
12.00 – 13.00)

Jenter/gutar 8 – 10 år 60 m og lengde (3 forsøk kvar)

Premiering:

Gull, sølv og bronse til dei 3 beste i kvar
øving / klasse frå 11 år og oppover.

Deltakarmedalje til jenter/gutar 8 – 12 år.

Påmelding
 :

   www.sportsadmin.no
  eller e-post :
maritdeide@hotmail.com

Påmeldingsfrist
 : innan onsdag 23. august 2016.

Startkontigent
 : Kr. 50,- pr. øving. Ein
sum for rekruttar uansett antall øvingar.

Bankkonto
 : 3910.46.87044

Arrangør:

Ikornnes IL – friidrett

(I samarbeid med Sykkylven IL og Velledalen IL)




Bravo Sonja!

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2017

Kondis Møre og Romsdal er
flinke. Her finn ein resultat frå det meste som rører seg av kondisjonsidrett,
og fotografi av både den eine og andre.

Klauva Opp vart vunne av
stortalentet Iver Synstnes Hole frå Åndalsnes IF. Han er berre 13 år, men
beinhard. Tida 37.48 indikerer det. Svenske Emelie Forsberg sette ny
kvinnerekord med 41.03.

Overraskinga på
resultatlista finn vi i klasse 30-39 år for kvinner. På 2.plass her står namnet
Sonja Moen Ødegård, Team Imsdal, 56.41. Tek vi ikkje alldeles feil er denne
kvinna oppflaska i Velledalen, av Laila Moen og Ståle Petter Ødegård. Faren til
Sonja er Velledalen sin siste skihoppar. Hoppsporten i Velledalen døydde
faktisk ut den dagen Ståle Ødegård la opp.

Men 56.41 på Klauva Opp,
Ståle…… Det hadde vel vorte i tøffaste laget sjølv i dine glansdagar på
1970-talet, eller hadde du hatt ein sjanse..…?




Kroppskontakt med ein verdsmeister

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Aug 2017

Men det er neppe snakk om
meir enn éin heller. Kroppskontakt med verdsmeistrar heng rimelegvis høgt.
Heldigvis har vi dokumentasjon på hendinga (foto Kurseth). Biletet av Alf
Petter Bøe og Karsten Warholm vart brukt 1.april. Teksten sa den gongen at
Karsten Warholm skulle springe for Velledalen IL under Holmenkollstafetten i
mai. Det var eit saftig aprilsnarr!

Ein viss Donald i Amerkia
ville truleg sagt:


 -  I think this is fake news again from the Velley
Dalley!

Men det er det faktisk
ikkje. Friidrettsleiaren vår, Alf Petter Bøe, har VERKELEG hatt kroppskontakt
med verdsmeister Karsten i 2017. Det heng
så høg at vi set biletet på trykk ein gong til.




Velkomen til Hanne og Ingeborg!

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Aug 2017

Frå O-gruppa har vi fått
melding om at vi kan ynskje Hanne Karlsen og Ingeborg Skogen velkomne inn i
varmen i Velledalen IL. Etter det vi får opplyst kjem begge frå «Volda-området»,
og begge vil styrke det sportslege nivået i laget vår.

Og det gir nye «mulegheiter».
Som eksempelvis deltaking i stafettar med eit kvinnelag. Til og med NM-stafett
kan vere aktuelt, så dette blir super-spennande!




O-gruppa sitt høstprogram

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Aug 2017

Velkommen til både de som har lyst til å
trene litt (barn og/eller voksen) og til de som bare vil være med på grilling
og sosialt samvær.


Det blir båre en løype hvor postene ligger ganske tett, og hvor man selv avgjør
hvor mange poster man vil ta. Løypa passer til voksne eller til store barn i
lag med foreldre. Vi anbefaler å gå første del i myra oppover, og spare
kreftene til evt å springe litt nedover

J

  Ein styrer selv med evt tidtaking.

Det blir i tillegg en løype for barn rundt
på sætra. Denne er fin for små barn i lag med foreldre, eller for større barn
alene. Vi håper at mange tar med barna slik at vi kan få en koselig ettermiddag
på sætra. Det blir solbriller i deltakerpremie til ungene. Gratis å delta.

Er det fint vær oppfordrer vi til å ta med
middag/kvelds på sætra
 J
  Vi
håper på en sosial og familievennlig treningsettermiddag disse to siste
onsdager i august!

Fra september starter o-gruppa sin
populære sirkeltrening v/Janne Tomtum opp igjen, dette gleder vi oss alle til.
Treningen passer for store barn, ungdommer, damer og menn delta.

Ut over høsten blir det treningsløp både i
Velledalen og på Aure, men dette kommer vi tilbake til etter hvert.

Sett kryss i kalenderen for høstens to
o-løp: 17. september på Aure, Sykkylven og 1.oktober på Emblem, Ålesund.

Det blir kretssamling på Fjellsætra for
store barn/ungdom med eller uten foreldre lørdag 16.september til søndag
17.september.




Sommarens tristaste hending

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Aug 2017

jan Ove Standal t.h gratulerer rittvinner Sindre Buraas på toppen av Dalsnibba 10.juni 2017
10. juni var Jan Ove
Standal på plass i Geiranger og sykla Nibberittet. Som vanleg heldt han høgt
nivå. Klar vinnar av klasse 40-49 år med tida 1.05.59. Totalt nummer fire av
kring 300 utøvarar på sykkel.

- No ser eg fram mot veteran-NM i Bodø og
nordisk meisterskap i Randers i Danmark i juli, fortalde han på toppen av
Dalsnibba.

NM i Bodø gjekk fint. 8.juli
vart han Noregsmeister i temporittet i Bodø med tida 48.44. Næraste konkurrent,
Ola Østvold frå Asker, var to minutt og 35 sekund bak. Dagen etter stod 90 km
landevegsritt (fellesstart) på programmet. Her vart Jan Ove nummer tre, berre
fem sekund bak vinnaren Arvid Johannesen etter nær to og ein halv time på
sykkelsetet.

Nordisk Meisterskap i
Randers vart arrangert 29. og 30 juli. Det skulle kome til å gå utan Jan Ove
Standal. Dei fleste høyrde om ulukka på radioen tidleg om morgonen: Kollisjon
mellom syklist og bossbil i Stryn. Syklisten flogen til sjukehus i
luftambulanse. Dødsbodskapen kom som eit sjokk på mange.

Jan Ove Standal kom frå
Haram kommune på Sunnmøre. For nokre år sidan flytte han til Stryn og han
gjorde comeback som syklist etter nokre års pause. Han representerte no Stryn
Turn & IL, Sykkel. Som alle skjønar heldt han høg nasjonal og internasjonal
klasse innan veteransykling. Han var sympatisk som person. Blotta for store
ord, men imøtekomande og forteljande om han vart spurd.

Ein bauta i lokal
sykkelsport er borte – minna om han vil leve lenge.

Atle Hole




Sommarkarusellen: Espen tredje best på 5 km

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Aug 2017

Espen Strøm Grebstad med startnummer 55 held gulstripa.
20 deltakarar fullførte
løpet over 5 km under Sommarkarusellen i Ålesund onsdag 9.august. Heile tre av
desse representerte Velledalen IL. Totalt hadde Velledalen IL fem løparar av 40
fullførande denne kvelden – susande flott!

17-åringen, Espen Strøm
Grebstad, vil i tida framover prøve seg på litt kortare løp med større tempo.
Han har såleis hatt ein del fartstreningar med 400 meter intervall-drag på
Ikornnes Idrettspark. Truleg spring han 1500 på bane under Panoramaleikane på
Ikornnes den 26. august.

Tider 5 km frå 3.løpet i sommarkarusellen:

16.42: Marcus Megrund,
Valder IL

17.53: Leif Sægrov,
Trysilgutten IL

18.10: Espen Strøm Grebstad, Velledalen
  IL (best under 20 år)

18.14: Ingrid Festø, Gular
(beste kvinne)

20.27: Knut Skaar, eks
Stranda (knalltid i klasse 60-64 år)

20.51: Bjørn Arve Brune,
Stranda (best i kl 50-54)

21.12: Fridtjof
Fredriksen, Sykkylven IL

21.58: Svein Arne Nakken, Velledalen IL,

24.46: Andreas Mosby Nakken, Velledalen IL
  (best klasse 14-15 år)




Sommarkarusellen: Knallsterke 37.02 av Per Inge

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Aug 2017

Per Inge mot mål på Jordbærdilten
37.02 på ein kontrollmålt
10 km er ei særs god tid for ein utøvar i siste halvdel av 40-åra. Per Inge
Bjørnestad opplyser til VIL-Nett at han i august 2016 sprang på 27.03. Eitt år
eldre og eitt sekund raskare. Ikkje akkurat den vegen det går med alle, men
trenar ein godt er det muleg. Og det gjer Per Inge som gjorde nøyaktige det
same under Jordbærdilten i Valldal om vi ikkje tek heilt feil.

-
Hadde eg sett på klokka undervegs hadde eg kome under 37 minutt denne gongen,
trur eg, seier Per Inge til VIL-nettsida.

Nokre utvalde tider frå 10 km:

36.39: Jan Ketil Vinnes,
Ålesunds FIK (årets Konradløp-vinnar)

37.02: Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL
  (nest best av 20 deltakarar)

43.46: Audhild Bakken
Rognstad, NTNUI, (beste kvinne)

53.48: Sivert Mosby Nakken, Velledalen IL
  (einaste under 20 år som sprang 10 km)

1.10.41: Per Gundersen,
Ålesunds FIK, (83 år – eldste med tidtaking).




9.august ropar vi av full hals: Heia Karsten!

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2017

Vi skal drygt ti år
tilbake i tid, til februar 2007. Arena er Sykkylven Storhall. Ein av dei som
stakk seg skikkeleg fram under innandørsstemnet der var Karsten Warholm, utøvar
i klasse G 11 år. På biletet ser vi Karsten saman med mannen som trena han i ei
årrekkje; Arve Hatløy.

Så kan vi spørje: Var
Karsten god som 11-åring…?

Og vi gir deg svaret ved å
referere frå resultatlista.

G 11 år 40 meter:


 1.
  


 Kasten Warholm, Dimna IL, 6.09


 2.
  


 Andremann kom inn på 6.79

G 11 år høgde:


 1.
  


 Karsten Warholm, Dimna, IL 1.25 m


 2.
  


 Andremann hoppa 1.10 m

G 11 år lengde:


 1.
  


 Karsten Warholm, Dimna IL 4.94 m


 2.
  


 Andremann hoppa 3.61 m.

Med andre ord; alt for ti
år sidan kunne ein ane at guten KUNNE drive det langt. Frå dette stemnet i
Sykkylven Storhall til finalen på 400 meter hekk i London-VM den 9.august 2017,
ligg det ti og eit halvt år i tid. År med beinhard jobbing. Ingen må tru noko
anna. Vi unner Karsten suksess, og ditto til alle som har hatt ein finger med
på den lange ferda.

Reis deg gjerne frå sofaen
i morgon kveld kring klokka 22.30.
 Brøl om du vil av full hals. Karsten Warholm,
Dimna IL, har fortent nettopp det. I morgon kveld kan han vere best i verda! I
ei krevjande øving som 400 meter hekk! INGEN trudde det i Sykkylven storhall i
februar 2007. Ingen våga i alle fall seie det høgt. No er den då spebygde guten
vaksen.
 Sjå han flyge over hekkane i
VM-finalen i London og høyr kommentatorane Vebjørn Rodal og Jann Post vrengje
røysta – anten i smerte eller triumf…….

Måtte det bli det siste!




Orienteringsklær

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2017

arkivfoto
De som er interessert i VIL-o-trøye
(t-shirt i slitesterk nylon med glidelås i halsen) kan melde sin interesse til
Pernille eller Merete. Vi prioriterer selvsagt de som har deltatt på o-løp for
VIL
 J
 . De som deltar på andre
idrettsarrangementer for VIL (sykkel og løp etc) kan også melde sin interesse.
De om deltar på o-gruppa sin sirkeltrening på onsdager kan selvsagt også melde
sin interesse, og så ser vi hvor langt pengene rekker.

De som har bestilt klær tidligere (Emma,
Sophia, Janne, Sivert, Andreas, Bernt Are, Pernille, Alf Petter, Anders, Ellen,
Ole-Peder, Kjell-Magnar, Atle, Torild, Sofie og Ildri) kan få refundert
egenandelen ved å levere klær (merket med navn!) samt kopi av kontoutskrift til
Pernille eller Merete, som vil sørge for trykk av Sparebanken sitt logo.
(Innlevering kan vente til etter sesongens siste o-løp (på Emblem)
1.oktober).




Stranda Fjord Trail Race 19. august

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2017

Kjell Magnar Berli, som
har hatt pallplass i dette løpet begge åra det har vore arrangert, stiller
truleg ikkje. Han er framleis kneplaga. Om han stiller får vi ta det som ei
positiv overrasking, og det vil i så fall vere fyrste løpet hans i
2017-sesongen.

Løpet er 33kilometer
langt. Opp og ned fleire fjell med målgang ved paviljongen på Roalden. Her er
namna på nokre av deltakarane som er påmelde lengste distansen:

VELLEDALEN IL:

Radka Vosicka

Jan Rakottyai

Njål Torillson Tyssing
(Velledalen IL/KPMG Puls)

SUNNYLVEN IL:

Anniken Hjellbakk Hole

Tarjei Korsbrekke

Linn Helen Brekke

SYKKYLVEN IL:

Gry Bakke Payling

Henriette Bakke

STRANDA:

Stine Fivelstad

Elisabeth Hole

Linda Hovde

Are Olav Habostad

Eva Kisuro

Ronny Ødegård

Martin Espelund

Andreas Espelund

Tor Sylte

ANDRE:

Martin Hauge Nilsen,
Kondis

Kristin Dvergsdal

VIL-NETT kjem med meir informasjon
om denne styrkeprøva når det nærmar seg. Vêret er ikkje minst viktig, så om
klubbmeteorolog Per-Gunnar Holmberg kan gi eit langtidsvarsel for 19. august
hadde vi sett pris på det.

PS. Løpet har også ein
kortare variant med start i Stranda sentrum og målgang ved paviljongen på
Roalden. Sikkert hardt nok for dei fleste




Trimpostar: Skrint i Regndalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Aug 2017

vinne denne posten, sjølv om vi skal vere varsame med å kalle noko
avgjort.
 Her er stoda meldaren vår
registrerte 6. august klokka 11.30:

28 turar: Erika Weiberg-Aurdal

8 turar: Elias Urke Brunstad

5 turar: Kris-Levi Hansen

4 turar: Sindre Aurdal Alnes, Thomas Gjørvad
Alnes, Kai Skylstad, Ove Skylstad, Arnt Brunstad og Pernille Ibsen Lervåg.

Som ein ser må ein ikkje
ha særleg mange turar for å vere inne på topp-5. Men om ikkje anna er det kamp
om posisjonane der. Det positive med posten er at snittalderen er i særklasse
lågare enn ved dei andre postane. Her kan vere rom for overraskingar, då
personar som enno ikkje har starta sesongen faktisk kan vinne posten.




Saudehornet Opp: 1.17.48 på Ole Martin

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Aug 2017

arkivfoto
Saudehornet Rett Opp i
Ørsta samla 69 utøvarar i konkurranseklassa. Sju av desse var kvinner. Dette på
ein dag der dei færraste av dei «normale» ville lagt ut på ein slik tur. «Gåva»
frå dei som rår med vêret var nemleg regn og skodde. Men har ein meldt seg på,
så har ein gjort det.

Einaste sykkylving vi finn
på resultatlistene i konkurransedelen er FKS-spelaren, Ole Martin Korsnes.
Debutant så vidt vi veit. På førehand hadde VIL-Nett antyda 1.15.00, som ei god
tid for karen, og ganske nær der hadde han vore under gode forhold. 1.17.48 gav
ein heiderleg 13. plass i den klart hardaste klassa, 23-34 år.

Vi nemner til slutt at
EM-vinnar i motbakkeløp frå 2016, Johan Bugge frå Eidsvåg, greidde dei 5,5
kilometerane og dei 1300 høgdemeterane på ufattelege 51.41. Næraste konkurrent,
Erling Hisdal, IK Tjalve, brukte 56.35. Om vi tek med at beste sunnmøring,
Andreas Skylstad (godt etternamn) frå Norangdal IL, brukte 57.50 og beste
kvinne, Åse Iren Sætre, Ørsta IL, spenstige 1.06.02, har vi vel fått med det
viktigaste.

PS. Saudehornet Rett Opp
talde med i krinscupen i motbakkeløp, på same måten som Mefjellet Opp gjorde.
Ingen frå VIL ser ut til å satse på denne cupen som har pengepremiar til dei
beste i samandraget. Mefjellet Opp samla 68 i konkurranseklassa, Saudehornet
69.




Ålesund Triathlon: Radka påmeld

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Aug 2017

Alt no er godt over 20
utøvarar påmelde. I år vert det to ulike distansar i arrangementet som vert
skipa til i området Volsdalen /Nørve i Ålesund. Ein kortversjon og ein lenger,
såkalla olympisk distanse. Her skal ein gjennom 1500 meter symjing, 40
kilometer sykling og avslutte med 10 km løp.

Vi er stolte over å kunne
meddele at Radka Vosicka stiller til start i den tøffaste versjonen, i klasse K
30-39 år. Så her må vi stille opp å heie, folkens!

Påmeldingsfrist er 20.
august klokka 18.00, om nokon skulle vere interesserte.




Slangemenneske i Fjørå

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Aug 2017

Vi kjenner ikkje namna,
men damene sat sentralt plassert like ved traséen til Mefjellet opp. Og dei
heia på alle. Rask eller sein spela lita rolla. Ei kjærkoma oppmuntring for
karar som Svein Nakken og Fridtjof Fredriksen, i ei løype som trass alt i grove
trekk er ein einaste lang motbakke på sju kilometer




Saudehornet rett opp 5.august

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Aug 2017

arkivfoto
Motbakkeløpa kjem no tett
som hagl – faktisk kvar einaste helg om ein vil reise litt. Saudehornet rett
opp i Ørsta er 5,5 km og stig kring 1300 høgdemeter. Med andre ord ganske
bratt. Og vesentleg brattare enn Mefjellet opp som nyleg vart arrangert (1100 høgdemeter
på 7 km).

Torsdag klokka 20.30 stod
55 deltakarar på startlista til Saudehornet (talet vil nok stige). Mellom desse
berre ein sykkylving, nemleg Ole Martin Korsnes. FKS-spelaren har tydelegvis
fått smaken på motbakkeløp.

Vi meiner Ole Martin skal
ha 1 time og 15 minutt som mål. Greier han det i debuten – eller der om kring -
skal han vere nøgd. Kjell Magnar Berli (no skadd) har sykkylvsrekorden på
59.42, sett i 2016.

Resultat frå Saudehornet
rett opp vil kome på VIL-Nett.




Feriekonkurranse – vinn Konradløp-sokkar.

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jul 2017

Mykje underleg skal skje
om ikkje Espen Strøm Grebstad vert kåra til «Årets Unge Utøvar» i VIL i 2017.
Espen har vore særdeles aktiv på løpsfronten siste tida, med både lange og
korte løp, flate og bratte.

Som halvmaraton-løpar
debuterte han i Nibbeløpet i juni. Men han har også debutert i ein «flat»
halvmaraton denne sommaren (juli). Sjå foto.

Spørsmålet er: Kvar spring
Espen, er det:

1. Jølster stadion

2. Fana stadion i Bergen

3. Hornindal stadion

4. Volda stadion

Send svaret ditt innan
utgangen av juli månad til:

E-post: atlehole@online.no

Melding: 917 43 761




Prima innsats i Jordbærdilten i Valldal

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jul 2017

Jordbærdilten er eit
arrangement etter nokolunde same lest som Konradløpet. Denne gongen var
deltakinga slik:


 ·
  

 Minidilten samla
130 utøvarar, der 0-5 år sprang 300 meter, 6-10 år 600 meter


 ·
  

 110 utøvarar
gjekk/jogga 3,2 kilometer i trimklassa


 ·
  

 65 utøvarar
sprang 3,2 kilometer i konkurranseklassa

Alle deltakarane vert
premiert med jordbær, i tillegg til premiar trekte på startnummer, og premie
til dei tre beste i dei fire klassene:


 ·
  

 Jenter 15 år og
yngre, vinnar: Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL, 13.40


 ·
  

 Gutar 15 år og
yngre, vinnar: Iver Gjedrem Lund, Vinne IL, 12.28


 ·
  

 Damer, vinnar:
Astrid Waldal, Hommelvik IL, 11.36


 ·
  

 Menn, vinnar Iver
Matias Linge Glomnes, Valldal IL, 10.33

Velledalen IL var
representerte ved Cecilie Welle Bay, August Welle Bay Bjørnestad, Per Inge
Bjørnestad og Espen Strøm Grebstad. I tillegg deltok friidrettsleiar Alf Petter
Bøe for Rindal IL.

Espen, som nyleg imponerte i Hornindal på
halvmaraton, viste at han også meistrar kortare distansar. Med tida 11.13 var
han best under 18 år. Det heldt til sjette plass mellom 25 herrar, og berre
seks sekund bak 4.plassen. Det er framgang nesten for kvart løp for Espen no! Per
Inge spring godt på alle distansar og ser ut til aldri ha ein dårleg dag. Denne
gongen kom han inn på plassen bak Espen
- tid 11.29. Og merk: Han var best i 45-49 om det fanst ei slik klasse. Alf Petter
Bøe leverte fine 12.15, og vart nummer 14, men var også kanskje den eldste i
feltet.


Sjå elles resultatlista
HER




Alf Petter i tet på Høgsætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jul 2017

Alt tyder på at ein nordmøring får flest noteringar på Høgsætra trimpost denne sesongen. Her er stoda på posten onsdag 26.juli klokka 22.00:
24 turar: Alf Petter Bøe
8 turar: Geir Olav Drabløs
7 turar: Per Svein Fet
3 turar: Pernille Ibsen Lervåg
2 turar: Bjørn Even Masdal, Håkon Fedt, Svein Nakken, Sivert Nakken, Anita Nakken, Silje Fet, Atle Hole

Som ein ser generelt lavt nivå som gjer at mange er med i kampen om topp-5 plassering. Bratt tur som gir 10 poeng i «banken». Ein av postane med lavast snittalder på topp-5.




Oversikt over trimpost-stunt

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jul 2017

Her er ei lita oversikt:
24.juli 2008 – NILS TERJE SKYLSTAD (50)
KORT OM TUREN:
  Tok 11 av 12 postar (sløyfa Riksheimdalen) på sommarens varmaste dag. Bruna og Brunstadkølen var ikkje trimpostar på dette tidspunkt. Gjekk mellom postane. Start/mål frå heimen på Hole.
TID: 14 timar

15. august 2010 – KENNETH FET (18)
KORT OM TUREN:
  Tok 13 av 13 postar. Brunstadkølen var ikkje post på dette tidspunkt. Kenneth er den yngste som har gjort stunt. Gjekk mellom postane. Start/mål frå heimen på Fet. Tok Høgsætra som fyrste post, sætreelva i Holemarka som siste.
TID: 15 timar 36 minutt

3. og 4.oktober 2012 – CHRISTINA HOLMBERG (19)
KORT OM TUREN:
  Tok 14 av 14 postar. Einaste haust-utøvaren og einaste som har lagt ruta over Nibbe-breen på veg til Holetindane. Gjekk mellom postane. Start/mål frå heimen i Tregardane. Tok skogsvegen Hjorthol som fyrste post, Vellesætra som siste
TID: 27 timar og 21 minutt

19. juli 2013 – KJELL MAGNAR BERLI (24)
KORT OM TUREN:
  Tok 14 av 14 postar. Sprang mellom postane. Start/mål frå heimen på Brunstad. Tok postane i fylgjande rekkefylgje: Sætreelva i Holemarka – Myrdalsfjellet – Holetindane – Brunstadkølen – Brunstadsætra – Vellesætra – Regndalen – skogsvegen Drabløs – Høgsætra – skogsvegen Fet – Riksheimdalen – Bruna – Koppen – skogsvegen Hjorthol (73,7 kilometer og 3970 høgdemeter). Starta 05.00 om morgonen
TID: 11 timar, 16 minutt og 34 sekund

25 juli 2017 – SVEIN ARNE NAKKEN (51)
KORT OM TUREN:
  Tok 14 av 14 postar. Gjekk/jogga/ sykla der det var råd mellom postane. Start/mål frå Bunnpris i Straumgjerde. Tok Riksheimdalen som fyrste post og skogsvegen Drabløs som siste.
TID: 13.20.10

KOMMENTAR:
Ei handfull flotte representantar for Velledalen IL. Nils var pioneren, Kenneth den yngste som har gjort det, Christina hadde dristigaste opplegget, Kjell Magnar den best trena og raskaste, medan Svein er den eldste av sjølv-pinarane.




Ingen «bomber» på skogsvegen Fet

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jul 2017

Velledalen IL sin meldar var på posten onsdag 26. juli klokka 21.00. Bortsett frå at ein nordmøring hadde snike seg inn på topp-5, er det lokale heltar som skriv seg inn på posten.
 Snittalderen til utøvarane på topp-5 må omtalast som vaksen, eller rettare sagt; godt vaksen. Nemleg solid over 70 år, med Margit Fet som den eldste på 88. Ho stiller mykje godt i same klasse som Kjellaug Ulset i Holemarka. Flott gjort av ein 88-åring og ha ork til å forsere dei ganske så bratte bakkane opp til posten 28 gonger hittil. Ingen under 40 år har ein tredjedel (!) av Margit sine turar hittil i 2017-sesongen. Somme vil sikkert kalle det eit tankekors.

Her er stoda:
263 turar: Grethe Ramstad Fet
260 turar: Odd-Kåre Fet
227 turar: Astrid L. Drabløs
41 turar: Alf Petter Bøe
28 turar: Margit Fet

Som ein ser er det høgt nivå i toppen. Odd-Kåre lurer i sivet berre tre turar bak kona Grethe, som er tittelforsvarar frå sist sesong. Ingenting avgjort her.




Passeringstider

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jul 2017

Passeringspunkt
   

Start: Bunnpris
Straumgjerde kl.
07.00

Dammen Riksheimdalen
trimpost nr. 1 07.45

Passering: Starten på
sætrevegen Str.gj.(Hagarden) 08.30

Bruna trimpost nr. 2 08.54

Koppen trimpost nr. 3 09.46

Skogsvegen Hjorthol
trimpost nr. 4 10.08

Passering: Lade
møbelfabrikk 10.30

Holemarka trimpost nr. 5 10.37

Passering: Krysset
Myrdalen – Fv. 60 11.00

Passering: Svartevatnet 11.15

Myrdalsfjellet trimpost
nr. 6
11.50

Passering: Svartevatnet 12.20

Holetindane trimpost nr. 7 14.22

''Brunstad-Køln''
trimpost nr. 8 ca. 15.10

Brunstadsætra trimpost
nr. 9 15.42

Vellesætra trimpost nr.
10 16.10

Passering: Brunstad kraftstasjon 16.23

Regndalen trimpost nr. 11 17.23

Skogsvegen Fet trimpost
nr. 12 18.35

Høgsætra Fet trimpost nr.
13 19.12

Skogsvegen Dravlaus
trimpost nr. 14 20.01

Mål: Bunnpris
Straumgjerde 20.20

Totaltid: 13 timar 20 minutt 10 sekund




Svein ganske pigg og takkar hjelparane

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jul 2017

Vi legg ut turruta til Svein, med passeringstider, om nokon kjenner seg kalla til å prøve noko liknande. Om kroppen sin «dagen derpå» seier Svein fylgjande:
  -
  
  Ikkje så aller verst. Kjenner med litt tung og dover, men eg skulle greitt ein joggetur. Men 200 meters drag freistar definitivt ikkje i dag, seier den spreke 50-åringen.

Og han nyttar høvet til å takke hjelparane sine på turen. Fyrst og fremst familien med Anita, Sivert og Andreas, men også Asgeir Tandstad, Inger Riksheim, Alf Petter Bøe, Nils Skylstad og Atle Hole vert nemnt.-
  
  Einaste plassen eg «heldt att» og såleis kunne betra tida mi var ned att frå Høgsætra. Då kom regnet og gjorde det såpeglatt i brattlendt terreng, slik at eg konkluderte at dette stod ikkje om liv.
  -
  
  Samanlikna med Birken og Vasaloppet var dette i ein heilt anna kategori
  -
  
  Betre eller verre?
  -
  
  Mykje verre!

Med andre ord; dette er ikkje for utrena menneske

PS: Vi minner om Jordbærdilten (3,2 km) i Valldal fyrstkomande laurdag. Den er som Konradløpet – noko absolutt alle kan greie




Alle trimpostane til V.I.L.

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jul 2017

Svein Arne Nakken kom heilskinna gjennom turen på VIL sine 14 trimpostar. Turen, som vart unnagjort på 13.20.10, vart krydra med torevêr og regn mot slutten.
 -  Eg har stor respekt for Kjell Magnar Berli som gjorde turen på 11 timar og 16 minutt. Han sprang heile vegen , eg sykla mellom postane der det var mogleg, seier sommarens lokale sjølvpinar
VIL-Nett kjem med meir seinare.




Svein nr.3 i klasse 50-54 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jul 2017

Mefjellet Opp har start i Fjørå, er sju km langt, og stig 1100 høgdemeter på sin veg. Av 68 deltakarar i konkurranseklassa var Velledalen IL representert ved Svein Arne Nakken. I mosjonsklassa deltok 92 utøvarar, mellom desse Alf Petter Bøe og Atle Hole. Frå Velledalen IL sitt nærmiljø gjorde strandaren Knut Anders Hatlen det best, med tida 53.20, som heldt til 2.plass i klasse 35-39 år. Elles fekk Sunnylven IL to klassesigrar ved Kristine Hjellbakk Hole (14-15 år) på 1.06.46, og Hege Ringdal (18-19 år) på 1.09.37

Her er nokre sykkylvsresultat:
M 23-24 år:
13. Ole Martin Korsnes, FK Sykkylven 1.08.59

M 50-54 år:
 1. Eivind Magne Glomnes, Valldal IL, 58.09
 2. Enok Voldset, Måndalen IL, 1.05.34
 3. Svein Arne Nakken, Velledalen IL, 1.07.44
 4. Fridtjof Fredriksen, Valder, 1.13.38

NB! At Fridtjof Fredriksen representerer Valder tek vi med ei klype salt, med mindre han har «ankra opp» på Valderøya. Men slik står det i alle fall i arrangøren sine papir. Vi gratulerer Svein som beste sykkylving i løpet, og noterer elles fin framgang for Ole Martin Korsnes i høve til Nibbeløpet.




Svein tek alle trimpostane same dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jul 2017

arkivfoto
Vi snakkar om Svein Arne Nakken, leiaren i VIL langrenn. Tidlegare har Christina Holmberg og Kjell Magnar Berli teke alle 14 trimpostane på same tur. Men det er ein vesentleg skilnad. Christina og Kjell Magnar gjekk/sprang heile turen, Svein skal sykle og nytte kano (Langenesvatnet) der det er mogleg. VIL-Nett kjem tilbake med stoff om turen når den er gjennomført. Turen har start og mål ved «Botnpris» i Straumgjerde. Målgang er venta i tidsrommet 17.00-19.00, om turen går utan uhell. Det er lov å gi utøvaren oppmuntrande tilrop om du skulle støyte på han i løpet av dagen.




Bruna trimpost held koken

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jul 2017

I dag har vi gleda av å kunne presentere stoda på Bruna trimpost. Meldaren vår var på posten sundag 23.juli klokka 21.30
Topp-5:
384 turar: Inger Anne Riksheim
245 turar: Solveig Olsen
140 turar: Kjell Olsen
137 turar: Eli-Mette Tandstad
124 turar: Anne-Lise Hjelle
………………………………………………….
Nærast topp-5:
103 turar: Jan –Kåre Oterhals
80 turar: Anita Mosby Nakken

Som vi ser held Inger Riksheim stø kurs. Dei tre flittigaste har vore trufaste i toppsjiktet i mange sesongar. Det set vi pris på, på same måte som vi likar å sjå nye namn på listene. Kring 2,5 mnd før sesongslutt, tyder alt på at Brunstadsætra og Bruna trimpost vert postane med flest noteringar i 2017. Til slutt eit lite hjartesukk frå meldaren vår. Ver venleg å skriv talet på turar bak namnet ditt – i alle fall éin gong på kvar side. Det lettar nemleg arbeid vårt.




Sterke løp av Espen og Alf Petter

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jul 2017

Espen Strøm
Grebstad imponerte under Nibbeløpet i juni. No skulle han for fyrste gong
springe ein «flat» halvmaraton i varmt vêr. Og han imponerte igjen. Sprang som
ein garva veteran, kort og godt. Opningfarta fornuftig og han heldt distansen
fint. 17-åringen kom inn på 1.29.03, i eit løp der bestetida totalt var 1.22.
Dermed fortent premieplass (nr.4) av tolv utøvarar i klasse 17-34 år.

All muleg honnør til Espen – ein av svært
få tenåringar som spring slike distansar. Vi nemner at 83-åringen Per Gundersen
var eldstemann (trur vi) med sine 83 år – då byrjar vi nærme oss Konrad
Brunstad sitt nivå. Tek vi ikkje feil var han 88 år siste gongen han sprang
Ålesund halvmaraton.

Friidrettsleiaren
vår, Alf Petter Bøe, hadde mindre konkurranse i klasse 50-54 år. I langt over
tjue plussgrader er 1.26.13 sterkt av ein mann som om kort tid vert 50. Tida
heldt til klassesiger – og sjette beste tid på halvmaraton av langt over 50
påmelde. Alf Petter representerer Rindal IL.

Vi kjem
tilbake med meir frå «Honndalen – også foto – når ferien har sleppt litt tak.




Ole Martin spring Mefjellet Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2017

Mefjellet
Opp tel i kretscupen for motbakkeløp 2017.
 Eit fint løp på kring sju kilometer og 1200 høgdemeter
med start i Fjørå.

Då VIL-Nett
sjekka påmeldingslista torsdag kveld, var Ole Martin Korsnes einaste påmelde
deltakar frå Sykkylven. Men der kan bli fleire, vi presiserer det. Mellom dei
31 namna som stod på lista då, fann vi
Knut Anders Hatlen frå Stranda.

Vi ynskjer Ole
Martin lukke til opp bakkane i solsteiken (om vêret held seg)




Espen spring halvmaraton i Hornindal

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2017

Fire distansar
i det som kan bli ein varm laurdag i Hornindal:


 · Heilmaraton
der mellom andre Kari-Anne Tryggestad Ryste frå Sunnylven IL stiller


 · Halvmaraton
der Kristin Dvergsdal, Alf Petter Bøe og Espen Strøm Grebstad deltek. Så vidt vi veit er dette Espen (17)
sin debut på distansen.


 · 10
kilometer der mellom andre Bjørn Arve Brune frå Stranda er med


 · Minimaraton
– ca 5 km – der Ivar Arne Flo, trimkongen på trimposten i Riksheimdalen ,
stiller.

Resultata vil
du finne på VIL-Nett i løpet av helga.




Susann har grep om Brunstadsætra trimpost

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2017

På Brunstadsætra trimpost har ein trio skaffe seg solid luke på dei øvrige deltakarane. Denne trioen vert leia av Susann Osnes, føre fjorårsvinnar Inger Anne Brunstad. På tredjeplass lurer Frode Værøy.
Her er stoda på Brunstadsætra trimpost onsdag 19.juli klokka 11.15:
229 turar: Susann Osnes
211 turar: Inger Anne Brunstad
192 turar: Frode Værøy
60 turar: Arnhild Linga
52 turar: Kris Levi Hansen
…………………………………………..
I vass-skorpa:
35 turar: Linda Øye
32 turar: AP Bøe

NB! Vi gjer merksam på at bok 1 på posten ikkje var tilgjengeleg. Det betyr at der KAN VERE personar med mange noteringar i bok 1 som skulle vore på nedre del av denne lista.
  




Rekordtidleg start i VIL sin idrettsskule

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2017

Velledalen IL sin Idrettsskule starta opp hausten 1992. Dermed er det denne hausten eit aldri så lite jubileum. Under VIL sitt styremøte nyleg, kunne idrettsskuleleiar, Julie Brochman, fortelje fylgjande:
 ·
  

 Idrettsskulen vil starte opp igjen alt i august
 ·
  

 Fyrste idrettsgrein vert friidrett – arena vert stadion på Ikornnes
 ·
  

 Torsdag blir idrettsskuledag (som betyr at fyrste gong truleg vert 24. august)
 ·
  

 For komande sesong vil VIL Idrettsskule bli eit tilbod frå born frå 1.-4. klasse, då interessa har vore lita frå eldre born.

Det vil kome meir informasjon seinare, mellom anna med eksakt oppstartsdato, kven ein melder seg på til med meir.




3.plass til Espen i Midsund

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jul 2017

Midsund har fått seg nye fjelltrapper og arrangerte fjelløp med det flotte namnet « Fjelløpet Midsundtrappene 6 topper». Her er resultata for dei tre beste i klasse 15-19 år:
 1. Jonas Hesthaug, Eidsdal IL, 1.26.42
 2. Erlend Rimereit, Stavanger Skiklubb, 1.43.28
 3. Espen Strøm Grebstad, Velledalen IL, 1.45.06

Espen var einaste utøvar frå Velledalen IL i løpet. Tida hans hadde halde til 11. plass av 22 utøvarar i seniorklassa, og han slo alle kvinnene i løpet med klar margin.
Nok ein gong flott innsats av 17-åringen Espen Strøm Grebstad.




Få sensasjonar på Vellesætra trimpost

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jul 2017

Alle som har budd i Velledalen ei stund, veit at namnet Torhild Skogvold og Vellesætra trimpost mest høyrer saman. Det osar kvalitet av Torhild Skogvold på denne posten – topp-3 kvart einaste år. Det same kan seiast om Arnhild Linga. Alltid høgt oppe på denne posten - og samanlagt. Elles synest Alf Petter Bøe og Geir Olav Drabløs nokså trygge på ei topp-5 plassering, medan Anita Hjorthol har siste plassen INNE i varmen. Men bak henne kjem dei tett som hagl, så siste ord er langt frå sagt.
VIL sin meldar var på Vellesætra trimpost tysdag 18. juli klokka 10.40. Her er stoda:
97 turar: Torhild Skogvold
65 turar: Arnhild Linga
55 turar: Alf Petter Bøe
50 turar: Geir Olav Drabløs
28 turar: Anita Hjorthol
………………………………………………………
Like ved:
21 turar: Harald Bakken
19 turar: Anette Akselvoll Lade
16 turar: Anne Marte Skotheim
15 turar: Frode Værøy

Turen til Vellesætra frå Brunstad kan best skildrast som ein lang, samanhangande motbakke. Nils Terje Skylstad gir deg 7 poeng for turen. Mange kombinerer med overgang til Brunstadsætra og trimposten der. Rundturen Brunstad – Vellesætra – Brunstadsætra – Brunstad gir 11 poeng i banken. God Tur!




Startkontingent og reiseutgifter

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jul 2017

Velledalen IL hadde nyleg (29.juni) oppe saka om dekning av startkontingent og reiseutgifter på styremøte. Der vart slikt vedtak gjort (samrøystes)

« Styret i VIL opprettheld noverande praksis for refusjon av startkontingent og køyregodtgjersle, men legg til eit ekstra punkt som seier at laget fullt ut dekkjer startkontingent for stafettlag og deltaking i NM»

Reglane har vore/ er med dette vedtaket slik:
 ·
        
       Store nasjonale stemner (t.d Birken) og deltaking i utlandet inntil kr 500,-
 ·
        
       Andre regionale stemner (som Skåla Opp, Stranda Fjord Trail, Hornindal Rundt med fleire) inntil kr 300,-
 ·
        
       For studentar, skuleungdom og born vert kontingenten dekka fullt ut
 ·
        
       Arrangement gjennom VIL (eksempelvis Konradløpet, Tomasløpet, Fjellsæterrunden) gjev ikkje grunnlag for refusjon av startkontingent
 ·
        
       Reiseutgifter har vorte refundert med kr 1,50 pr km dersom fleire køyrer i lag.
 ·
        
       Berre utøvarar som har betalt medlemskontingent kan få støtte

Det er viktig at kasserar Håkon Fedt no får inn krav som gjeld 1.halvår 2017. Ta gjerne ein telefon til Håkon om du er usikkert på noko (tlf 934 61 650) eller du når han på:

E-post: hfedt@outlook.com
         
   
  




I år VIL Linda vinne på Brunstadkølen

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jul 2017

Besøket på Brunstadkølen
trimpost er hittil i sesongen ikkje imponerande stort. Men det er no framover
posten plar ha sin beste periode. Men det skal godt gjerast om ein får to
personar med meir enn 50 turar i 2017, slik ein hadde i 2016 – då både Frode
Linga og Linda Øye passerte talet.

Meldaren vår på posten
laurdag 15. juli rapporterte denne stoda:

13 turar: Linda Øye

9 turar: Arnt G Brunstad

7 turar: Arnhild Linga

4 turar: Nils Terje Skylstad

4 turar: Kjell Magnar Berli

4 turar: Veronica Ulriksen

Ingen sensasjonar på denne
lista. Men, turtala er så lave at det kan utmerka godt bli ein vinnar som enno
ikkje står på denne lista. Enn så lenge har Linda Øye kontroll, og vi spår ho
vil selje seg dyrt etter fjorårets erfaring der ho duellerte knallhardt – og
tapte – mot Frode Linga.

Ein tur til Brunstadkølen
gir 20 gilde turpoeng. Og ein tek sjølvsagt med fire poeng på Brunstadsætra i
tillegg.
  




Æresmedlem Magnar Fet fyller 90 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jul 2017

Magnar Fet kom til verda
15.juli 1927. Alt i barneåra stod idretten høgt i kurs på Fet. Mange gutar på
mest same alder, testa kvarandre rett som det var i ulike greiner. Krigen tok i
grove trekk konkurranse-idretten bort dei åra Magnar var tenåring. Men han kom
sterkt etter frigjeringa.

Allsidig.
  Då
stod han fram som eit idrettstalent. Han markerte seg som skihoppar,
fotballspelar, alpinist og løpar. Det var «nedabrautingane» som var
alpinsporten sine pionerar i Velledalen. Magnar var mellom desse. Og han er
framleis den skihopparen i Velledalen IL som har hoppa lengst ståande i
konkurranse. Det gjorde han under eit renn i Hornindal på 1950-talet med 53
meter. Som fotballspelar spela han for Velledalen IL, Sykkylven IL og VRF. At
han var rask til å springe gjorde han òg til ein dugande stafett-løpar.

I eit høve som dette finn eg det nok ein
gong rett å sitere min gode nabo, han Knut-Ole (Ole Arnold Larssen Hole). Han
vart ein gong spurd om kven han heldt som Velledalen IL sin beste utøvar i
etterkrigsåra. Då vart han still lenge, han tekte, og så kom svaret:


 -  Ej held enj knapp
på nå Magnar nej på Fet førdi han va so allsidige.

Finger med i spelet.
  Vi VEIT det ikkje, men mistenkjer at Magnar hadde ein finger med i
spelet då Margit Fet vart Velledalen IL sin fyrste kvinnelege bygdameister i
alpint i 1951. To år seinare (1953) vart nemleg Magnar gift med nettopp Margit
frå Jørngarden. Hittil kan såleis Magnar slå i bordet med 64 års ekteskap med
same kone, noko få andre i dalen – kanskje ingen - kan «matche».

Alpinsporten sin mann.
  Frå tidleg på 50-talet dreiv Magnar eigen
trevarefabrikk. Dette i mange år kombinert med gardsdrift. Likevel hadde han
tid og krefter til å ta seg av ungane som voks opp på Fet. I Velledalen IL vart
han alpinsporten sin mann, ei grein som skaut fart for alvor i Velledalen då
skitrekket i Ladalen kom på slutten av 1960-talet. Begge sønene, Ole Jostein og
Øyvind, var habile alpinistar, og dottera Eli Johanne kunne også køyre løyper.

Vi trur ho heilt sikkert
har kopiert mora og vorte bygdameister….. Magnar la ned ein stor innsats i VIL
både på 60- og 70-talet.

På vegne av Velledalen IL sine mange medlemar, ber vi med dette fram
eit 30X3 HURRA for Magnar Fet på 90 års dagen hans laurdag 15. juli.

For Velledalen IL

Atle Hole




Sommarhelsing frå O-gruppa

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jul 2017

O-gruppa, «onsdagstreninga»
skriv fylgjande:


 -  En stor takk fra O-gruppa
til Styret som alltid er positive og bidrar til at det er gøy å være aktivt med
i idrettslaget.

Og vidare heiter det i
skrivet:


 -  Takk til alle
entusiastiske, spreke og glade sirkeltreningsdeltakere! Takk for et flott
halvår med trening, både inne i det trygge grendahuset og ute i sol, regn,
knott, nydelig utsikt og med nysgjerrige kyr som tilskuere. Vi starter opp
første onsdag i september. GOD SOMMAR frå O-gruppa!




Dobbel Lervåg i skogsvegen Drabløs

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jul 2017

Skogsvegen Drabløs opnar
med ein skikkeleg trøkk. Legg ein ut i frisk jogg er det fort gjort å få ein
rett i fleisen her. Trøysta får vere at terrenget vert lettare. Etter den
fyrste kvasse bakken flatar det ut, og farta kan aukast.

VIL-Nett sin melder var på posten onsdag 12. juli.
 I eit forferdeleg regnvêr, så vi går ikkje 100 prosent
god for at den refererte stillinga er rett
  .
Her er stoda:

209 turar: Annlaug Lervåg

68 turar: Pernille Ibsen Lervåg

26 turar: Astrid Drabløs

26 turar: Grethe Fet

21 turar: Jens Birger Lervåg

20 turar: Liv Skogvold

Som ein ser er det
rekordjamt om dei tre siste plassane på topp-5. Her er det enno godt mogleg å
gå/springe seg inn.




Brune vann 5 km i Ålesund

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jul 2017

Onsdag 12. juli var det
nytt karusell-løp i Ålesund, som vanleg med valfri distanse – fem eller ti
kilometer. For fyrste gong på lang, lang tid var ikkje Velledalen IL
representert, men vi tek med nokre få resultat.

På 5 km fekk Bjørn Arve
Brune frå Stranda bestetid på 19.54. Solid av ein mann som spring i klasse
50-54 år. Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, vart nummer to i klassa med 21.16.

Av dei som sprang 10 km
nemner vi Linda Hovde (eks Stranda), dotter til Harry og Birgit Hovde, som vart
beste kvinne på tida 43.29. I klasse 20-22 år vann Ismail Samadi frå Stranda på
39.46.

Raskast av alle var O-løparen Emil Ahlbeck
frå Fossum IL. Han sette ny løyperekord på 10 km med 33.20. Tre dagar tidlegare
vart same Ahlbeck nummer tre i Hellesyltløpet. Så om ikkje sommarvêret har vore
det beste så har Fossum-utøvaren hatt gode sportslege sommardagar på Sunnmøre.

Neste løp i karusellen er onsdag 8. august.
 Då truleg med deltaking frå Velledalen IL.




Anita og Ingrid trottige i skogsvegen Hjorthol

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2017

Trimposten i skogsvegen Hjorthol er berre ein kort tur unna fylkesvegen
og parkeringsplassen ved den, men går ein hardt i motbakkane «riv» det likevel
i bein og lunger. To poeng er alt ein får for turen, men somme nyttar den som
fyrste etappe mot trimposten på Koppen. Den er monaleg betre betalt.

Då vår meldar var innom trimposten i skogsvegen Hjorthol, tysdag
11.juli på kveldstid, var stoda slik:

140 turar: Ingrid Brudevoll

132 turar: Anita Hjorthol

63 turar: Jan Lade

34 turar: Svein Hjorthol

26 turar: Hanne Ulset

24 turar: Evelyn Holmberg

20 turar: Lisbeth Hofer

18 turar: Eldrid Myhre

Grovt forenkla kan vi skildre
stoda slik: Topp-plasseringa på posten står mellom to utøvarar. Jan Lade har
godt grep om siste pall-plassen, medan mange kjempar om dei to siste plassane
på topp-5 lista 2017.

Og for å seie litt om
snittalderen på topp-5 også på denne posten:

På noverande tidspunkt er
snittalderen på topp-5 godt over 60 år – også her




Rapport frå ein ultraløp-debutant.

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2017

Då Jan Rakottyai kom heim
til Sykkylven sette han seg ned og sende nokre ord til VIL-Nett. Ord om det han
sjølv omtalar som «ei fantastisk fjelløp-helg i Hornindal». Aktørar i
skildringa er han sjølv og Radka Vosicka. Begge ganske ferske som løparar - Radka starta våren 2016, Jan våren 2017, med debut i Konradløpet 1.mai.

Jan startar med desse orda:


 -  Eit løp eg skal
huske heile livet. Aldri før har eg vore med på noko så krevjande…. I
utgangspunktet var vi påmelde på 75 km, utan å vite kva det innebar.


 -  Men for eigen del
måtte eg etter kvar sjå verklegheita i augo; dette var eg ikkje sterk nok til å
fullføre.

Frå løpet skriv Jan mellom
anna:


 -  Det starta i
skikkeleg ruskevêr, men det spela ikkje stor rolle, då vi visste vi vart våte
og sveitte ute i skogen uansett. Opninga gjekk i fint tempo, ca 6 min på fyrste
kilometer, og slik jogga vi fyrste 3 km. Fyrste bratte stigning kom etter 5 km
og då gjekk det sjølvsagt saktare, men framleis godt tempo, og når eg såg
mellomtider var vi ca rundt plass nr 60 totalt. Løypa var krevjande med masse
gjørme og glatt stein.

Og verre skulle det bli.
Jan skriv vidare:


 -  Skikkeleg bratt
vart det på veg opp Gulekoppen, med masse snø, tåke og kulde. Skoa vart fulle
av snø, og det tok litt tid før beina vart varme igjen. Men det gjekk framleis
bra, vi heldt godt driv og forma var OK.

Etter kring 30 km byrja
problema melde seg:


 -  Dei fyrste 25
kilometerane gjekk betre enn venta. Når vi nærma oss 30 km, på veg frå
Sandgrova til Muldsvorhornet, ei strekning på 2 km med ca 400 meter stigning,
då møtte eg «veggen». Det kom så brått på – plutseleg var eg tom for energi.
Radka greidde fint å halde tempoet, men eg måtte sette ned farta og ta fleire
pausar. Mange løparar passerte og eg brukte 33 minutt på 1 km.

No var gode råd dyre for
Jan:


 -  Eg tenkte at eg
når igjen Radka på veg ned frå fjellet, men det hadde eg ikkje klart om ho
ikkje venta på meg. Heldigvis dukka energien opp igjen, og det vart litt
jogging mot Horndøla Bru. Der bestemte vi oss for å avslutte.

Jan vedgår at det var med
blanda kjensler han måtte stoppe etter 38 km denne gongen, men han er langt frå
ein slagen mann:


 -  Sjølv om planen
var å ta heile distansen på 75 km, og eg var skuffa når eg skjøna at eg ikkje
greidde det denne gongen, er eg veldig glad for det vi greidde under dei 38 km
vi fullførte. Vi var der, vi testa forma, og personleg har eg lært masse om kva
eg greier og kvar grensene mine går. Vi tek med oss nye erfaringar, slik at vi
kan bygge opp betre form til nye løp og utfordringar.

Vil Jan prøve dette igjen,
trur du…? Om den saka seier han:


 -  Det kjem ny
mulegheit neste år den 7.juli, og vi skal vere der på jakt etter betre tid på
38 km fjelløp – eller kanskje prøve oss på 75 km terreng-ultraløp.

Radka brukte 7.36.16. Jan
kom inn sekundet bak.

Takk for rapporten, Jan!

Og VIL-Nett ynskjer to av
sine ferskaste medlemar – frå Tsjekkia og Slovakia – ein retteleg GOD SOMMAR
!!. Vi set umåteleg pris på slike medlemar som representerer laget på ein verdig
og flott måte, og som etterpå legg arbeid i å dele erfaringane sine med andre. I
så måte kan de stå som rollemodellar for mange andre. Lukke til vidare!

Atle




27.54.19 på Emma og Christina i Hornindal

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jul 2017

Vi er i Grodås, sentrum i
Hornindal kommune. Ein kommune som i dag høyrer til Nordfjord, men som er på
veg over til Volda og Sunnmøre. Klokka er like før 08.00, laurdag 8.juli. Det
regnar, skodda ligg langt ned i fjella og temperaturen er fattige ti
varmegrader.

Nær 450 utøvarar har meldt
seg på denne galskapen. Det heiter ULTRALØP for dei som skal springe 75
kilometer langt. I tillegg skal dei innom 20 fjellpostar og legge bak seg 5600
høgdemeter på turen. For dei som berre skal 38 km heiter det FJELLØP. Desse har
målgang ved Horndøla Bru.

Startskotet smell ganske
så presis klokka 08.00. Eg ser Radka og Jan på veg ut av sentrum. Dei ser også
meg og ropar, hei Atle! Dei er i alle fall ved godt mot, tenkjer eg. Søstrene
Emma og Christina Holmberg ser eg ikkje i folkehavet.

Så går eg inn på hotellet
og kjøper meg frukost. Eg har god tid, for dette må nødvendigvis ta si tid.

Seinare på dag er eg ved
Horndøla Bru og tek mot dei beste. I fjelløpet vinn Andrè Haugsbø på 4.22.49.
Berre 45 sekund bak rekorden. Denne Haugsbø er ein mann Kjell Magnar lett slo i
august i fjor under Stranda Fjord Trail Race. Dei beste i Ultraløpet passerte
litt etter. Dei to beste herrane tok pause på sju minutt, beste dame berre
eitt. Vinnartida vart 10.07.26 på laurdag. I fjor brukte Kjell Magnar 10.31.05
då han vart nummer seks i NM. Folk flest er ikkje klar over for ein
overveldande prestasjon dette er. Same tid på laurdag ville gitt Kjell Magnar
3.plass, berre to og eit halvt minutt bak nummer to.

Neste post for min del var
dekning av Hellesyltløpet som starta klokka 15.00. Dermed fekk eg ikkje sett
Radka Vosicka, som passerte på 7.36.16. Sekundet bak kom Jan Rakottyai.
Glimrande prestasjonar av begge. Radka leia klasse K 35-39 år på alle
meldepostar fram til Horndøla Bru – der var ho nummer to. Truleg gav Radka og
Jan seg etter «halvt løp», då namna deira ikkje er å finne på seinare
meldepostar. Emma og Christina passerte Horndøla Bru på kring elleve og ein
halv time. Dei skulle eigentleg gå i mål der, men bestemte seg for å ta resten
av løypa.

Dei to jentene starta
altså frå Grodås sentrum laurdag klokka 08.00. Sundag klokka 11.54.19 gjekk dei
i mål i Honndalshallen på tida 27.54.19 – 27 timar, 54 minutt og 19 sekund - som dei to siste som fullførte. Emma og Christina
var mellom dei 170 som kom seg gjennom dette Ultraløpet. Dei var ute i over
eitt døgn. Emma Olin Holmberg var den einaste i klasse K 16-18 år som greidde
det. Christina vart nummer 15 i klasse 23-34 år. I dag prisar vi viljestyrken,
og innsatsen til Radka Vosicka, Jan Rakottyai, Emma og Christina Holmberg!

FLOTTE REPRESENTANTAR FOR
VELLEDALEN IL I HELGA!!

I Hornindal

Atle Hole




Hampus og Ludvik har debutert

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jul 2017

Sjå foto. Her ser du Mari
Berger Skjøstad, som er søskenborn med eks-skiskyttaren Tora Berger, saman med
sønene Hampus og Ludvik Tronvoll. Dei to gutane deltok i siste dag av
Sørlandsgaloppen, saman med Pernille Ibsen Lervåg og Bernt Are Lervåg. Her er
resultata:

N-open: 1290 meter – 98 startande

33.48: Hampus Tronvoll

35.14: Ludvik Tronvoll

D 17 – AK: 2630 meter – 32 startande

13. Pernille Lervåg 42.03

Stødig løp av Pernille. Strekktidene viser at ho låg på 6. plass, men
hadde eit dårleg vegval inn mot post 7 som førte henne ned på 13. plass.

H 17 – AK: 3470 meter – 26 startande

15. Bernt Are Lervåg 1.08.57

Jamt bra gjennomført av Bernt Are. Han greidde gjennomføre både laurdag
og sundag etter å ha slite med ryggproblem siste tida.

Familien Ibsen Lervåg helsar til alle kjende på Sunnmøre . Tobias og
Mikkel prioriterte i dag bading framfor O-løp i varmen på Austlandet. I morgon
reiser familien til Danmark på O-fri ferie, vert det meldt til VIL-Nett.

På vegne av laget, og alle
lesarane våre, ynskjer vi familien ein retteleg GOD SOMMAR!!




Framifrå flott, Espen!

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jul 2017

Hellesyltløpet er eit krevjande
løp. Ofte stor opningsfart, og når saker og ting byrjar roe seg etter kring 1,5
km, set det inn med tøff stigning. Etter asfalt. Seinare er det over på andre
underlag og friske unnabakkar. Start og mål er på Hellesylt stadion. Med andre
ord flat utgang og avslutning.

Arrangøren opererer med at
løpet er 6,6 km. På denne strekninga brukte Espen Strøm Grebstad 24.25. Som
betyr at 17-åringen held ei snittfart på kring 3.42 pr. kilometer.

Heilt klart godt sprunge,
og det er lov å vere sliten etter eit slikt løp!




Dag Erik outsider på Koppen

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2017

Det er god aktivitet på
Koppen trimpost. Som tidlegare er det folk busette på Brøvoll/Hjorthol som er
flittigaste brukarane. Truleg må den som vil vinne posten i 2017 opp i tresifra
turtal. Som alle veit er oppstigninga frå Brøvoll/Hjorthol bratt – nedstigning krev
velsmurde kne og gode sko, vert det meldt frå turtestarane.

Her er stoda ved Koppen trimpost fredag 7. juli:

61 turar: Anita Hjorthol

56 turar: Ingrid Brudevoll

47 turar: Dag Erik Myhre

31 turar: Åge Vanebo

15 turar: Svein Hjorthol

Som vi ser har fjorårsvinnar, Åge Vanebo, ei litt
slakkare plassering denne sesongen. Dag Erik Myhre er mest for ungdomskandidat
å rekne i dette selskapet. Takka vere han kjem snittalderen på topp-5 ned på 50-talet.
Lågast hittil.




Anders beste VIL-løpar i Hellesyltløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2017

Håkon Stavik, Ålesund FIK
(21.28), og Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL (26.08) stod for bestetidene
i det 6,6 km lange Hellesyltløpet laurdag 8.juli. Velledalen IL var godt
representert i løpet med desse utøvarane:

1500 meter gutar:

Emil Balon, 10.39

6600 meter kvinner:

12. Nancy Eggen 34.02

6600 meter i ei stor herreklasse med langt over 40
utøvarar:

9. Anders Wigdahl, 24.02

14. Espen Strøm Grebstad
24.25

36. Svein Arne Nakken
29.32

41. Mateusz Balon 32.11

I alt samla årets
Hellesyltløp 101 deltakarar. Klasseinndelinga er gutar, jenter, kvinner, menn.

Sjå resten av
resultatlista her.




Fine resultat i Sørlandsgaloppen

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2017

Iben Ibsen Lervåg var i
aksjon i Småtroll-løypa. Det same var Mikkel og Tobias, som tok Herre 10-N i
same slengen.

Så over til senior:

D17 – AK 2600
meter – 34 deltakarar:

10. Pernille Ibsen Lervåg 41.25

Det blir rapportert om eit
stygt fall for Pernille som gjekk ut over ein finger og ein fot.

H 17 – AK 3180 meter – 21 startande:

11. Bernt Are Lervåg 54.34




Sørlandsgaloppen, Hellesyltløpet og Hornindal Rundt

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2017

SØRLANDSGALOPPEN.
  Vi startar med orientering. Her er Sørlandsgaloppen det store med løp
torsdag, fredag laurdag og sundag. Om lag 1000 deltakarar kvar dag

VIL-REPRESENTASJON:
  Bernt Are Lervåg, Pernille Ibsen Lervåg, Mari Berger Skjøstad i
seniorklassa + fire born.

HELLESYLTLØPET.

Start og mål frå Hellesylt stadion laurdag 8. juli. Påmelding før start (15.00)
løpsdagen. Løypa er 6,6 kilometer og er rekna som krevjande. Går på variert
underlag.

VIL blir heilt sikkert
representert, men sidan påmeldinga fyrst er løpsdagen, veit vi ikkje i
skrivande stund kven som stiller.

HORNINDAL RUNDT.
  To løypelengder, 38 og 75 kilometer. Ei kraftprøve av dimensjonar, med
langt over 400 påmelde midt på dag torsdag.

VIL-REPRESENTASJON:

38 km: Søstrene Emma og
Christina Holmberg

75 km: Radka Vosicka og
Jan Rakottyai

SÆTREDAG BRUNSTADSÆTRA:
  Sundag 9.juli med trimbingo langs vegen oppover. Kjøp
av bingolappar ved start på Brunstad frå klokka 14.00 og utover. Sal av
grillmat på sætra.

Eit lavterskel
mosjonsarrangement arrangert av trimgruppa i Velledalen IL. Her kan ALLE bli
med!




Sensasjon ved trimposten i Holemarka

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2017

Det er vakse folk som går
i Holemarka. Medan snittalderen på topp-5 på Myrdalsfjellet var kring 65 år, må
ein opp i eit par og sytti i Holemarka. VIL-Nett hadde ein meldar på posten
onsdag 5. juli. Her er stoda som vart meldt tilbake:





 87 turar: Nils Terje
Skylstad


 82 turar: Elling Hole


 6
 4

  turar: Kjellaug Ulset


 42 turar: Ove Inge
Skylstad


 31 turar: Ingrid Hole





 Kjellaug Ulset går i sitt
90. år. Vi bøyer oss i respekt for hennar 63 turar – hittil. Og det blir nok
langt fleire før bokbyte/sesongslutt i oktober månad.





 Etter vi har meldt stoda i
Holemarka og Myrdalsfjellet no i juli, er Ove Skylstad hittil yngstemann inne
på topp-5 med sine 57 år




TEFT-midlar frå Sparebanken Møre

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jul 2017

arkivfoto
Velledalen IL si aldri
kvilande O-gruppe fekk i dag ei gladmelding. Leiaren, Pernille Ibsen Lervåg,
sende det glade bodskap vidare til medlemane i gruppa og til VIL-Nett, på veg
til Sørlandsgaloppen – eit stort O-løp over fire dagar med kring 1000
deltakarar kvar dag.

Og den glade bodskapen frå
Sparebanken Møre ved Karete Skinnes lydde slik:


 -  Vi ynskjer å
verdsetje gode idéar og prosjekt som er med på å gjere lokalmiljøet vårt til
ein attraktiv stad å bu og leve. Dette synest vi Velledalen IL O-gruppa bidrar
til.


 -  Sparebanken Møre
har difor gleda av å tildele prosjektet «Orienteringstrøyer» kr 15 000.

Merete Masdal i O-gruppa
fortel vidare:


 -  Mange har alt
skaffa seg orienteringstrøye. Anten
etter ferien – eller etter sesongslutt – må desse levere inn trøyene sine slik
at vi får trykke på Sparebanken Møre sin logo. I tillegg får utøvarane det
gjeld refundert eigenandelane ved levering av kvittering/bankutskrift. Dei som
ikkje har trøye vil få sjansen gjennom
nye innkjøp.

Men som alle skjønar må
dette ligge til etter ferien. Då saka bli løfta fram igjen




Vêrlapskaus og tropevarme i juli

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jul 2017

- 




 Av ein eller
annan grunn er det vanskelegare å spå vêret om sommaren enn elles i året,
  seier klubbmeteorolog Per-Gunnar Holmberg når vi spør han om sommarvêret.
 2017 har vore eit gullår
for gartnaren på vêr-sida. Samtlege langtidsvarsel har gått rett inn.
Dårlegaste samvit





 fekk han over at han
alt i februar, kunne melde at det ville bli dårleg vêr på Myrdalen 21.mai - under O-KM mellomdistanse. Det fyrste skikkelege O-løpet i Sykkylven kommune.
Men det slo til. På same måte som varselet om at Fjellsæterrunden ville bli
avlyst på grunn av snømangel, og at det ville bli finevêr under Konradløpa.


 Når det gjeld sommarvêret
er han forsiktigare enn normalt for fyrste del av fellesferien:



 - 




 Det vert ei
blanding av det meste, både sol og regn.



 - 




 Det er vel det
som heiter vêrlapskaus?



 - 




 Du kan godt kalle
det det.


 Men for siste veka av juli
kjenner han seg på tryggare grunn:



 - 




 Då blir det
tropevarme i Sykkylven – skikkeleg varmt.



 - 




 Du går god for
den ?



 - 




 Slik det ser ut
no, kan eg nesten garantere den.

Kjem årets fyrste BOM
siste veka i juli, Per-Gunnar…? Alternativet er ikkje så verst det heller vil
somme meine, nemleg tropevarme!




Sætretur med trimgruppa

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jul 2017

arkivfoto
  Nytt av i år
vil vere at arrangementet er på sundag og at starttidspunktet er flytta fram.
   

Det vil verte sal av
trimbingolappar (kr 20,-) frå klokka
  14.00 nede ved grinda.

Det vil verte sal av kaffi,
pølse i brød, hamburgarar og brus.

Saft delar vi ut gratis til
borna.

Det er bestilt lettare ver og
hyggeleg temperatur


Ta turen då vel
 ☺☺




KVELDSTUR TIL BRUNSTADKØLEN MED VIL TRIMGRUPPA

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jul 2017

Vi har venta på veret. No slår vi til med ein kveldstur på « Køln» med start frå Brunstad v. Yrkeleet torsdag kl.1800.

Ta med litt niste og vi koker kaffi på Ludvikbu.

Turen opp kan ta frå ein til to timar alt etter form og ynskje.

Heimturen starter etter kvart som kvar enkelt ynskjer det.

Dette er ein av dei mest solrike stadane i velledalen på kveldstid. Er vi heldige får vi solnedgang og

 ein vakker naturopplevelse .



TRIMGRUPPA

(turleiar: Bjørg 40465673)




Jan og Radka ordna dobbeltsiger

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jul 2017

Bilete av Radka frå Koldabakken Grand prix 17
Atlanterhavsløpet er eit
12,5 km langt løp etter asfalt, med start frå Kårvåg, og målgang på Bryn
stadion. 42 løparar deltok med tidtaking, i tillegg til 103 i trimklassa. VIL
hadde med Jan Rakottyai og Radka Vosicka, denne gong i mosjonsklassa, sidan det
berre var ei veke sidan tøffe løp i Ørsta Fjellmaraton.

RADKA:

Beste kvinnetid uansett
klasse hadde Marianne Standal Borgen, Molde Olymp, med tida 54.14. Radka
Vosicka kom inn på sterke 57.17 som vinnar av mosjonsklassa for kvinner. Vi
nemner at vinnartida i konkurranseklassa i Radka si klasse (35-39 år) var
1.04.35. Altså over sju minutt svakare enn vår representant.

JAN:

I klasse mosjon herrar
stilte seks utøvarar til start. Jan Rakottyai var ikkje verre på det enn at han
viste samtlege ryggen. Han vann mosjonsklassa på 59.30, føre Ole Bjørnar Loe
Welde på 1.00.26. Om Jan hadde stilt til start i konkurranseklassa i 35-39 år,
hadde han teke ein fin 3.plass.

Jan Rakottyai skriv i ein
kommentar til VIL-Nett at neste styrkeprøve vert Hornindal Rundt. Både for han
og Radka


 -  Ingen forhåpninger for det løpet.
 Klarer ikkje gjette kor lang tid vi treng for å kome i
mål etter 75 kilometer. Men innen et døgn må vi vel klare det. Berre å fullføre
vert som ein lite siger, skriv han




Nytt kartarbeid på gang i O-gruppa

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jul 2017

Ivar Lundanes i midten bak
Som før meldt har
Velledalen IL fått spelmidlar til kartproduksjon, og laget er alt i gang med
førebuande arbeid. Tidlegare har Ingrid Lundanes (Dalemyra) og Erlend Sandnes
Nilsen (sentrumskartet) vore nytta til slikt arbeid. No fekk Ivar Lundanes (bror
til VM-vinnar Olav) sjansen med området frå Svartevatnet utover Heggjene mot
Holebotnen.

Ivar skriv til O-leiar
Pernille:


 -  Terrenget er vanvittig fint og bør være ypperlig for
løpere som har kommet lenger enn nybegynnernivå (både vaksne og eldre
barn/ungdommer). Det er relativt deltaljrikt oppe på toppen, men likevel lett håndterbart
siden det er helt åpent. Området lengst ned mot vannet/parkeringen er veldig
fint for C-løyper, en del tydelige åpne koller og større myrer. Dessverre
veldig lite sti for nybegynnerløyper, men det går om en legger løypen smart og
bruker en del poster.




11 poeng på 11 kampar halvspelt for FKS

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jul 2017

Arkivfoto
4. divisjon er ein tøff
divisjon etter serieomlegginga.
 Etter 11 kampar (halvspelt serie) står FK Sykkylven
med 11 poeng.
 Laget har hatt problem med
å bikke dei jamne kampane i sin favør. Heile fem av elleve kampar har enda med
poengdeling. Berre to er vunne. Her kjem dei harde fakta etter halvspelt serie:

HEIME: 5
1-3-1 6-6 6
poeng

BORTE: 6 1-2-3
8-13 5 poeng

Som ein ser har laget
scora berre 14 mål. Åtte av desse er sett inn av Bengt Hole Alnes, som etter
halvspelt serie deler toppscorar-tittelen med Sondre Kjølsøy (SIF) og Frank
Tepuric (Bergsøy). Desse har scora seriemål hittil for FKS i fylgje Sunnmøre
Fotballkrets sin statistikk:

8 mål: Bengt Hole Alnes

2 mål: Sommarvikar Håkon
Hunnes Hansen

1 mål: Ole-Thomas Kulseth

1mål: Viktor Ystenes
Fauske

1 mål: Tobias Sagli

1 mål: Trygve Johan Erga
Furland

FKS sine beste
kortsamlarar så langt har vore Damian Cruz og Martin Lillebø Blindheim, begge
med tre gule kort.

FKS har med sine 11 poeng fire
lag bak seg på tabellen. Det er Rollon (10 poeng), Norborg (9), Emblem (8) og
Langevåg (7).

Det går mot ein spennande haust. Truleg
vert ikkje nedrykket klare før heilt mot slutten. At FKS er mellom kandidatane
betyr at det blir viktige kampar over heile fjøla til siste slutt. Litt
urovekkande at laget – bortsett frå Bengt – ser ut til å mangle angriparar med
målteft.




Espen klassevinnar i Rotevatnet Rundt

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jul 2017

arkivfoto
Laurdag 1. juli 2017 vart
løp nummer 64 rundt Rotevatnet i Volda arrangert. Deltakinga var ikkje akkurat
enorm denne gongen, men Velledalen IL var representer ved Espen Strøm Grebstad.
Og han leverte godt, og vann menn under 18 år på tida 23.18.

Håkon Orten Trovåg, Hareid
IL, vart totalvinnar på 22.35. Avstanden opp til det nivået er langt frå
avskrekkande for Espen. Anette Hauger frå Volda vart beste kvinne på tida 28.30.

Neste løp rundt Rotevatnet i Volda vert
arrangert laurdag 5. august




Halvårsrapport grasrotkroner 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jul 2017

Oversikt over
grasrotkroner pr 1. halvår 2017, pluss utvikling i grasrotspelarar pr lag i
same tidsrom.

49 193: Sykkylven IL – 265 spelarar (0)

39 772: FK Sykkylven – 152 (- 4)

29 005: Ikornnes IL – 163 (+ 4)

21 839: Sykkylven skulekorps – 62 (- 1)

14 295: Hundeidvik IL – 94 (+ 3)

10 660: Sykkylven skyttarlag – 60 (+ 1)

10 421: VRF – 42 (- 3)

9799:
Velledalen IL – 77 (+ 1)

7238: Straumgjerde Vel – 27 (+
4)

6811: Juba Sykkylven – 4 (0)

5254: RC Lastebil Sykkylven - 28 (- 1)

5229: Storevatnets Venner – 16
(0)

1787: Velledalen Skulekorps – 27 (- 1)

1706: Velledalskoret – 15 (+ 3)

1405: Straumen 4H – 5 (+ 1)

1150: Ungdomslaget Samhald – 9 (0)

1088: Brøvøllsfestivalen – 5 (+ 1)

90: Fjellhug – 4 (+ 2)

9: Foreininga Eldsjel 1 (+1)

Mest imponerande talet her
er Juba Sykkylven sine 6811 grasrotkroner på fire spelarar i fyrste halvår. Som
betyr at dei fire samla har spela for 136 220 kroner. Med same antal
spelarar har Fjellhug fått bokført fattige 90 kroner, så her er skilnadane
enorme.

Til samanlikning har VIL
sine 77 spelarar samla brukt 195 980 kroner på spel som genererer
grasrotkroner – som altså har ført 9799 kroner (5 prosent) inn i klubbkassa.

Velledalen IL ynskjer nye
grasrotspelarar hjarteleg velkomne!.




Aldri for mange gode gjerningar

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jul 2017

Velledalen IL har gjennom åra motteke gode gjerningar frå
kyrkja den norske vedkomande Konradløpet. No har O-gruppa i VIL gitt ei god
gjerning tilbake.

Historia er slik: Kyrkja
hadde tenkt, og sett på planen sin, at dei skulle ha konfirmantsamling på
Fjellsætra 8.-10. september. Problemet var at dei hadde gløymt tinge lokale.

Det hadde Velledalen IL ved O-gruppa
gjort. Same helg og same stad som konfirmantsamlinga var TENKT lagt.

Når dette kom for ein dag,
var ikkje Pernille Ibsen Lervåg og hennar trufaste slitarar i gruppa, verre på
det enn at dei trekte seg ut og let kyrkja overta. Fint gjort, og eit godt døme
på samarbeid i praksis, som vi er sikra på at kyrkja og konfirmantane veit å
verdsetje.

PS. I skrivande stund er
det ikkje klart når og kvar O-samlinga vert halden, men det kjem vi tilbake
til.




Kanonforhold på trimpostane

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jul 2017

Då er vi komne til juli
månad. Som betyr at det er kring tre mnd att av trimsesongen 2017. Siste dagane
har forholda vore særs gode – ikkje blautt, ikkje nedbør og gode temperaturar.

Vi hadde ein meldar på
Myrdalsfjellet i 20 plussgrader fredag 30.juni klokka 14.30. Denne stoda vart
meldt inn:

78 turar: Elling Hole

31 turar: Ingrid Brudevoll

14 turar: Eldrid Myhre

13 turar: Bjørg Frøystad
Hole

9 turar: Kari Pauline Hjorthol

Som ein ser er det Elling
Hole og kvinner i sin beste alder som er trottigaste vandrarane på denne
trimposten. Elling blir det nok vanskeleg å gjere noko med, men vi trur Nils
Terje godt kan tenkje seg personar under 60 på lista, når han skal gjere opp
topp-5 status i oktober. Og det kan han vel glatt få…..


  




Potensiell ny VIL-medlem viste styrke

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jun 2017

Ingeborg Skogen
representerte Hovdebygda IL i dette løpet. Ho kom inn på sterke 2.53.59 etter
21 tøffe km, nokre få minutt raskare enn Radka Voscika hadde etter same
distanse (Radka sprang full maraton).

Grunnen til at vi skriv om
Ingeborg på VIL-Nett, er at dame er potensiell O-løpar for Velledalen IL, skal
vi tru O-gruppa vår. Ingenting er avgjort, men kanskje neste år…. Det som er
sikkert er at denne Ingeborg er ei sprek dame. Løpet i Ørsta viste det.




Hjartesukk om medlemsavgift frå O-gruppa

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jun 2017

O-gruppa har hatt gåande ein sentrumscup i orientering.
Der har det blitt praktisert at alle som er medlemar i Velledalen IL har hatt
gratis deltaking. Problemet er at når halve 2017 er omme, viser det seg at
mange av dei som har sagt dei er/skal betale medlemsavgift, enno ikkje har
gjort det.
 VIL-Nett minner
om at det er dyrt å lage O-kart. Brikker, kompass og anna utstyr er langt frå
gratis.


 Som ein naturleg konsekvens av dette har det kome
fylgjande melding frå O-gruppa:



 Vi i Orienteringsgruppa har ikkje eigen medlemsavgift,
men ligg under idrettslaget Velledalen. Eit familiemedlemskap her
er 400,-(4 medlemmer) og 100,- pr person ekstra. Noko som ikkje er
avskrekkande. Eit medlemmskap i Vil vil føre med seg inntekter til
idrettslagget, særskilt barn, der ein får ekstra støtte frå Idrettsforbundet.
VIL dekker også påmeldingsavgifter til barn i større løp utanfor bygda
 😀


Av dugnad, kan ein møte på ei funksjonærtjeneste i året,
og litt innsats på Julemessa.

Vi vonar at fleire sjekkar opp medlemskap, slik vi kan
fortsette å lage gode tilbud til både vaksne og barn.




60 deltakarar i årets Tomasløp

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jun 2017

I 2016 vart ikkje
Tomasløpet (tidlegare Opp på Bruna) arrangert, men i 2017 hadde løpet godt over
70 deltakarar i konkurranse og mosjon til saman. Trass gode forhold (i alle
fall utan regn) ein nedgang på drygt 15 prosent. Det kan ikkje arrangøren – VIL
langrenn og friidrett – vere heilt nøgde med.

Klassseinndelinga er
damer, herrar, gutar under 16 år og jenter under 16 år. Herreklassa var størst
med elleve utøvarar på tid. Damene hadde fire. Dei to klassene under 16 år er
dyster lesnad, med berre to utøvarar tilsamen (Nakken-tvillingane) for jenter
og gutar.

Per Inge Bjørnestad gjorde
unna løypa på 19.35. Og merk folkens, denne utøvaren i siste halvdel av 40-åra
var 52 sekund raskare i 2017 enn i 2015. Robert Sogge (19.57) og Espen Strøm
Grebstad (20.00) var dei einaste som kunne gi Bjørnestad kvalifisert pes denne
gongen. Somme vil sikkert meine at det er eit tankekors at fotballtrenar Sogge
garantert er sprekare enn «disiplane» sine
– diverre så er det eit faktum.

Espen Strøm Grebstad (17) vart beste
utøvar frå Velledalen IL, og tida 20.00 var 26 sekund raskare enn tida han vann
med i 2015. Bra at bygda også fostrar spreke ungdomar på løpssida!

Nest beste VIL-utøvar var
leiar i langrennsgruppa, Svein Arne Nakken. Han har siste året fått betalt for
meir løpstrening, og bør seie seg nøgd med 22.14, som gav fjerde plass totalt.
Gyls-Svein hadde nemleg 22.51 i 2015 og 22.23 i 2014, og har faktisk større
avstand tilbake til eige avkom no, enn for tre år sidan. Sivert og Andreas var
åleine om å stille i konkurranse under 16 år denne gongen. Med 26.56 for Sivert,
og 27.32 for Andreas som resultat.

Elles er vi fulle av
beundring for Jan Rakottyai, fersk VIL-medlem frå Slovakia. Dagen etter han
sprang halvmaraton i Ørsta Fjellmaraton, mønstra han på Tomasløpet, med 24.29
som resultat. Det vitnar både om disiplin og viljestyrke.

Olaf Einar Øien var uheldig og sprang litt
feil, men kom likevel inn på 33.29. Prøv den når du har passert 74 år!

Marianne Fløttum vann i 2015 på 25.18, og vann i 2017 på 25.01, så her
går det framover. Men sterke Gry Bakke Payling var ikkje langt bak med 25.22.
Nancy Eggen er ingen ungdom lenger, men leverte likevel fine 28.18 i 50+. Og
til slutt nemner vi løparen med størst framgang; Kamilla Høybakk.

 I 2015 brukte ho 32.14 på turen, sundag gjorde
fotballspelaren i FKS motbakkeløpet unna på 30.02. Sjølv om ho neppe fekk
ekstra-premie for dette, skal ho i alle fall ha ein fortent dose verbal ros.
Langt fleire fotballspelarar burde av og til gjort som damespelar Kamilla og
trenar Robert!

Mosjonsklassa samla 43
utøvarar – eit tal som bør doblast ved neste korsveg.

Resultatlista finn du her
  




Norsk O-festival Oppdal – Mellomdistanse

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jun 2017

Mellomdistanse stod på
programmet sundag 25.juni, den tredje konkurransedagen på rappen. Naturleg nok
byrja somme bli slitne. Daglege konkurransar er liksom eit stykke unna normalen
for våre løparar.

D 21- Elite: 4750 meter, 53
startande:

51. Pernille Ibsen Lervåg
58.27

Sleit inn mot post 3.
Tidstap på kring seks minutt der. Elles på nivå med dei to tidlegare løpa.

D 17-B: 2940 meter, 23 startande:

17. Merete Masdal 56.26

Merete sleit litt inn mot
post 1, men var best av alle i klassa mellom post 2 og 3. Løpet til Merete vart
diverre spolert inn mot post 4, der ho tapte 15 minutt til snittløparen i
klassa. Tok seg fint inn att og var solid resten.

H 17-C: 2840 meter, 5 startande:

4. Mateusz Balon 46.09

Mateusz kan slå seg på
brystet av at han var best i klassa på to av strekka, men ein kjempebom inn mot
post 7 senka Mateusz denne gongen. Her rauk godt over ti minutt

Direkte B: 2820 meter, 57
startande

44. Janne Tomtum 1.05.48

Janne opna sterkt med 22. plass på post 1, men bomma litt på post 3 og
5, noko som «drabba» henne ned på 47. plass. Så kjempa/orienterte ho seg i rett
lei til 41. plass, før ein ny bom på post 11 sende henne ned på 44.plass.




Vi har ikkje gløymt deg, Janne!

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jun 2017

Janne Tomtum, medlem i
O-gruppa og gryande klubblege i VIL, gjorde ein flott innsats i løypa laurdag.
Ho stiller i ei klasse som heiter «Direkte B», i ei løype på 2740 meter med 55
startande. Av desse kom vår kvinne på ein framifrå fin 26.plass på tida 44.37.

Vi lar leiar Pernille
forklare kven som deltek i «Direkte B».

Ofte er både menn og
kvinner åleine på O-festival med små born. Ungane skal vere med på sine
aktivitetar, og då kan det vere vanskeleg for foreldra med eit bestemt
starttidspunkt som er gitt på førehand. I «Direkte B» kan ein starte når det
passar, når andre har høve til å overta ansvaret for ungane for ei stund. Sidan
Janne er her åleine med to små, er «Direkte B», eit perfekt alternativ for
henne denne gongen.
  




Radka beste kvinne i Ørsta Fjellmaraton

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jun 2017

arkivfoto
To av Vellledalen IL sine
ferskaste medlemar gjorde ein formidabel innsats under Ørsta Fjellmaraton i går
(24.juni). Og det klart for dykk; dette er noko heilt anna ein halv- og
heilmaraton etter strake vegen.

Jan plasserte seg som
nummer 28 av 49 menn som fullførte halvmaraton. Han kom inn på tida 3.00.30.
Vinnar på distansen vart Eirik Voksøy Bringsvor på 2.04.42, medan beste kvinne
Ingrid Festø, IL Gular, gjorde løpet unna på 2.13.44

Radka passerte halve
distansen på 2.57, med andre ord 3.30 føre Jan. Siste delen har nok gått
tyngre, men tida 6.49.00 (ein liten arbeidsdag), var kring timen raskare enn
einaste konkurrent, Liv B. Jegteberg Lystad, frå sportsklubben Vidar i Oslo.

Alt i alt deltok 81
utøvarar i Ørsta Fjellmaraton denne gongen – solid ny deltakarrekord.

PS. Velledalen IL er
naturleg nok superstolte over tøffingane Jan og Radka, og vi håper ein av dei
sender nokre ord frå løpet i Ørsta.




Ole-Peder og Alf Petter på Sunndalsøra

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2017

I rapporten frå heimturen
heiter det at det var to mann som måtte ha «behandling» etter løpet. Begge
heimehøyrande i Sykkylven. Ole-Peder gjekk på ein smell alt etter kring 1000
meter, av i alt 12 000. Truleg «etterdønning» av Nibbeløpet i Geiranger.
Men VIL sin representant i løpet viste tæl og tok seg til mål på tida 1.32.09,
og 8. plass i 21-30 år.

Under premieutdelinga fekk Ole-Peder premie
for tidlegaste påmelding. Bravo O-P!

Løpet på Sunndalsøra var
43. utgåva av Kaptein Dreyers Minneløp. Kor mange av desse Alf Petter Bøe har
sprunge vitast ikkje, men direkte ukjend er han ikkje på Sunndalsøra.

AP fekk kjenning med skade
etter to kilometer, men tok seg rutinert til mål på ei sterk tid.

Dei tre beste i klasse
41-50 år:


 1.
  


 Are Uran 47.40


 2.
  


 Bent Sæther 48.47


 3.
  


 Alf petter Bøe 49.34

Raskast var Ebrahim
Abdulaziz, kjenning frå Konradløpa med to sigrar på to startar, med tida 40.18




Anders Wigdahl klassevinnar i St.Hansgaloppen

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2017

St Hansgaloppen har to
løypelengder. Fredag var Anders mellom 20 deltakarar som sprang 8,5 km, medan
heile 105 fullførte løpet på 14,5 km.

Junioren Olaf Talmo, Koll
IL, hadde bestetid på 33.03 i kortaste løypa, medan Anders Wigdahl vann klasse
M1 på 35.29

Elles ingen kjende på
resultatlistene i løpet som spanderer gratis vafler på alle deltakarane etter
målgang.




Søskenbarn av Tora Berger innmeld i VIL

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2017

O-gruppa ligg ikkje på
latsida på Oppdal. Dei spring løp kvar dag, samstundes som dei rekrutterer nye
medlemar. Med andre ord; dei brenn ikkje alt krutet i løypa. Vi er stolte av å
kunne få søskenbarnet av Tora Berger som medlem. Velkomen i laget vårt og
velkomen til Velledalen og Sykkylven når det måtte høve.

O-leiaren, Pernille,
skriv:


 -  Hun har vært med oss her på Oppdal og likte miljøet
vårt så godt at hun like gjerne meldte dem inn. Mari er gammel O-løper hun og,
ca samme nivå som meg og Ingeborg Skogen som jeg tror vi har i klubben fra
2018.


 -  Mari og guttene springer for VIL på Sørlandsgaloppen
6.-9. juli. Fam. Lervåg stiller også mannsterkt der.




Langdistanse i dag – godt mot i O-leiren

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2017

Damene i O-gruppa er
flinke å rapportere. Dei har mykje godt same vêret som vi i Sykkylven; kort
sagt skiftande. Både sol og regn. I rapporten heiter det mellom anna:


 -  Det regnet en del på samlingsplass i dag, så det var
jo litt synd. Ungene gikk småtroll og der var det små oppgaver og premier på
hver post……og plutselig dukket det opp en sjørøver! Veldig gøy.

RESULTAT FRÅ LANGDISTANSE LAURDAG 24.JUNI:

H 17 C:
  3340
meter -7 startande

5. Mateusz Balon 48.07

D 17 B:
  3530
meter – 26 startande

19. Merete Masdal 1.03.44

Strekktidene viser at Merete
hadde ein god start og låg på 10.plass i klassa før ein litt grov bom sende ho
nådelaust ned på 20.plass. Etter det sprang ho seg opp til 19.plass.

D 21 Elite:
  8220 meter – 35 startande

31. Pernille Ibsen Lervåg
1.40.15

-Alle er veldig fornøyd i dag….
Også jeg selv om jeg var langt etter. Det var utrolig vanskelig o-teknisk, og
jeg er bare glad for at jeg kom meg gjennom løypa, skriv O-leiaren til
VIL-nett, som er så tøff at ho spring i eliteklassa. Legg merke til
løypelengda!




Norsk O-festival i gang på Oppdal

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2017

arkivfoto
Fin innsats første dag på
Oppdal av Velledalen IL sine tre på sprinten. Pernille fleska til med deltaking
i D 21 elite. Målet hennar var å finne alle postane og ikkje kome sist. Noko ho
greidde med glans. Sjå berre her:

D 21-elite: 2390 meter – 53 startande

39. Pernille Ibsen Lervåg 23.04 (snitt-tid pr km 9,39)

Også Merete hoppa opp eitt
steg på nivåstigen – frå C til B. Noko ho meistra med glans:

D 17 – B: 1750 meter – 19 deltakarar:

14. Merete Masdal 31.11

Mateusz heldt seg til det
trygge, og kom inn til fin tid og plassering:

H 17 – C: 1640 meter – 5 deltakarar:

4. Mateusz Balon 21.01

Strekk-tidene viser at
Merete har meir inne. Denne gongen vart det ein storbom som kosta henna fleire
plasseringar. Men då kan det vere godt å vite at ho var BEST i klassa på eit
anna strekk, og nest best på to.

Prima innsats av alle tre,
vi ventar i spenning på del to – langdistanse!




O-løp under «Brøvølls» - på dagtid laurdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2017

Selvom styret i o-gruppa drar til Oppdal og springer
o-festivalen, må vi selvsagt få til et o-opplegg på familiedagen i forbindelse
med vår lokale fantastiske festival!


 Janne
har lagt løypa (se vedlegg), Merete har styrt med fine nye figurer, Thor Arne
har fikset fine nye o-stativer til oss (se bilde) hvor ungene lettere kan
stemple selv og Revisor Klokk har sponset print på godt tykt papir.....så dette
opplegget skal bli bra!
 Velkommen til Velledalen på lørdag :-)





Ny stor idrettshelg i vente

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2017

O-løparane skal i aksjon
både fredag, laurdag og sundag.

Ørsta Fjellmaraton vert
arrangert laurdag 24. juni. Her er så vidt vi veit Radka Vosicka og Jan
Rakottyai påmelde. Her kan ein velje mellom halv- eller heilmaraton.

Kaptein Dreyers Minnneløp
vert arrangert for 43. gong. Staden er Sunndal kommune på Nordmøre og distansen
er tolv kilometer. Det vi veit sikkert er at Ole-Peder Holmberg og Alf Petter
Bøe skal springe her.

Sundag håper vi
oppslutninga om Tomasløpet vert stor. Særleg bør trimmarane kome seg ut og
lufte seg, og heie på alle som spring på tid. Sjå meir om Tomasløpet andre
stadar på nettsida.

Truleg kjem nokre av dei
dyktige utøvarane i osloavdelinga til å røre på seg. På Austlandet er det eit
utal løp kvar einaste helg, så her kan ein velje og vrake innanfor relativt
korte avstandar.

Følg VIL-aktørane på nettsida
gjennom helga!




Funksjonærliste for TOMAS-løpet 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2017

Påmelding ved Bunnpris:

Bjørg Irén
Strøm Grebstad og Odd-Kåre Fet (klare
frå kl. 12.00)

Bagasjetransportør:

Otto Magne Strømmegjerde (klar ved Bunnpris kl.
12.30)

Startar konkurranseklassene:

Odd Kåre Fet og Roar Nordtømme

Lede-ATV – sjåfør:

Roar Nordtømme
(på plass SEINAST 12.45)

Trim-påmelding Einane byggefelt:

Anita M.
Nakken og Radka Vosicka (klare frå kl. 11.50)

Saftstasjon på Kleiva:

Inger og Asgeir Tandstad (klare frå kl. 12.00)

  Oppe på Bruna:
   

Trim-påmelding:

Bård Erstad, Alf Petter Bøe (klare kl. 12.00)

Klargjering av målområdet:

Alf Petter
Bøe (ansv.), Terje Aurdal, Olav Strømme (klare kl. 12.00)

Opprigging av lydanlegg mm.:

Svein Nakken (klar kl. 11.30)

Speakerteneste i målområdet:

Otto Magne Strømmegjerde

Tidtakarar:

Alf Petter
Bøe, Terje Aurdal, Olav Strømme (på plass kl. 13.10)

Drikkestasjon i målområdet:

Anita M. Nakken og Radka Vosicka

Premieutdeling:

Alf Petter Bøe, Svein Nakken, Anita M. Nakken,
Otto Magne Strømmegjerde

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Vekslepengar:
  Alf Petter Bøe

Innkjøp av saft, beger mm.:
Anita M. Nakken

Låning av bord på Tandstad
skule:
  Svein Nakken




Glad-melding før avreise Oppdal

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jun 2017

Vi trur dei tre damene i
O-gruppa vår vert ekstra lette og fine i steget denne helga. Saman med 2000
andre skal dei delta i Norsk O-Festival på Oppdal fredag, laurdag og sundag. Med
Fredig som arrangør. Midt i pakkesjauen kom det glade bodskap frå Sykkylven
Energi. På vegne av små og store O-løparar i laget takkar vi hjarteleg for
gåva, ei gåve O-gruppa heilt sikkert vil forvalte på beste måte.

Les det glade bodskap herGratulerer
med tildeling frå Sykkylven Energi Fondet 2017!
   



 Sykkylven
Energi Fondet vart oppretta i 2010. Målet til fondet er å støtte frivillige lag
og organisasjonar i kommunen vår, der born og ungdom vert prioriterte, saman med
eigeninnsats og privat initiativ. Sykkylven Energi ønskjer med dette å bidra
med midlar til gode tiltak for innbyggarane i kommunen. Fondet er også i
samsvar med vår visjon: ”Gi liv til eit samfunn i utvikling”.



  Velledalen
IL, orienteringsgruppa har i år fått tildelt kr. 10000
 frå Sykkylven
Energi Fondet.

Midlane
skal gå til: Løpebrikke og kompass


Prosjektet
må vere realisert innan eitt år frå tildeling. Prosjekt som ikkje vert noko av
innan den tid vert ikkje utbetalt.

Sykkylven Energi håper de er positive til å profilere
Sykkylven Energi.
 Profilering
kan til dømes vere draktreklame, stadionskilt, annonsering, redaksjonell omtale
eller anna. I tillegg har vi ulike give-aways. Vi betalar for desse artiklane.


 Ver
venleg å melde tilbake til
  tone@sykkylven-energi.no
  om korleis de kan
profilere Sykkylven Energi. Beløpet vert overført etter nærare avtale.




Med
venleg
helsing
Med venleg helsing

Sykkylven
Energi
Sykkylven Energi

  Trond
Lauritsen
Tone S. Gjærde

Adm.dir
Informasjonsansvarleg




VIL-deltaking under Norsk O-festival

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jun 2017

Og dei vert langt
frå åleine. Kring 1750 påmelde på sprinten, knappe 2000 dei to andre dagane.
Ein av største troppane (nær 100 delt.) kjem frå Kongsberg O-lag, der den utflytte
velledalingen Roger André Vanebo er mellom deltakarane. Også kartteiknaren på
Myrdalen, Gunnar Gytri frå Førde, stiller.

Som vi ser av rapporten frå O-leiar,
Pernille, er det ingen ting i vegen med pågangsmotet. Slik skal det vere. Vi
reknar med å ha både resultat og foto frå Norsk O-festival på Oppdal i løpet av
helga. Lukke til med det sportslege og måtte «kles-terren» bli betre enn i
skrivande stund!



 O-gruppa til
o-festivalen


Nå gleder vi i o-gruppa oss veldig til
o-festivalen på Oppdal i helga. Vi tre damer som skal springe er alle av det
optimistiske slaget, men i helga får vi nok å se til alle tre. I tillegg
stiller Balon-familien med tre generasjoner, med Marteusz som deltaker i
herrer-C. Undertegnede er påmeldt i klassen «dame-elite alder 21 til 35 år»….et
sted jeg ikke hører hjemme verken med tanke på alder eller ferdigheter, men jeg
er blitt inspirert av alle de tøff nye o-løperne i Velledalen IL som kaster seg
ut i den ene utfordringen etter den andre. Målet er å finne alle postene og
ikke bli sist
 J
 . Merete stiller i B-klassen
hvilket er et opprykk ifht øvrige løp på c-nivå, og Janne ser ut til å stille
alene på Oppdal med to små barn…en bragd i seg selv på et løp med ca. 2000
deltakere både fredag, lørdag og søndag. Janne påmelder seg i åpen klasse når
de to optimistene er kommet vel i mål. Alfred, Noralf, Olav og Knut (Masdal og
Klokk) kommer til å stille veldig sterkt i Småtrolløypa og kan ellers kose seg
på samlingsplass med opplegget som er for barn der. Som vanlig når vi drar på
o-løp eller arrangere o-løp i 2017 er det meldt regn, så vi satser på å dra
nytte av den gode treningen vi har i å løpe og arrangere løp i regn og snø.
Neste år satser vi på et år med sol på alle løp, og vi satser på å få flere
med. O-festivalen går av stabelen i Bærum neste år.




HURRA – DET VART SPELEMIDLAR TIL O-GRUPPA!

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jun 2017

Det er prosjektet kring
kartet som til dagleg vert kalla Myrdalskartet, som no har fått tippemidlar.
Prosjektet hadde ein godkjend kostnad på 138 000 kroner. Innstillinga
lydde på 69 000 kroner i tippemidlar, som altså vart innvilga. Kring
tredjeparten, av om lag 90 søkjarar til såkalla næranlegg, fekk støtte i denne
omgang.

Som dei fleste veit vart
Gunnar Gytri frå Førde engasjert i 2016, og alt i 2017 hadde ein nok
kartmateriale til å arrangere KM-O-løp, mellomdistanse (21.mai), i samarbeid
med Emblem IL. Eit på alle måtar vellukka arrangement, og det største KM i
deltaking i Møre og Romsdal på denne sida av år 2000-talet.

Kulturavdelinga i
Sykkylven kommune skal ha sin del av æra, då dei gjennom gode råd og vink
rettleia O-gruppa gjennom søknadsarbeidet. Takk til Lars Petter!

I dag er gleda stor, over positiv respons på
fyrste forsøk, både i O-gruppa og Velledalen IL generelt. VIL-Nett finn det
naturleg å gratulere O-gruppa, og alle som brenn for denne fine idretten, med fortente
spelemidlar som gjer at utviklinga kring kartarbeidet kan halde fram!




TOMAS-løpet 2017 (6. utg.)

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jun 2017

Trimdelen (utan
tidtaking):

Påmelding på snuplassen i Einane Byggefelt eller i Grindaløa
oppe på Bruna frå kl. 12.00

Pris: kr 25,- (b.) / kr 50,- (v.) Fine uttrekspremiar blant deltakarane.

Vi oppmodar ALLE turgåarar til å støtte opp om arrangementet
og

heidre minnet til Tomas Tandstad.

Konkurransedelen (med
tidtaking):

Fellestart ved Bunnpris Straumgjerde kl. 13.00

Distanse: 3,1
km

Påmelding: Til mosbyani@hotmail.com
eller per telefon 98823498 (Anita) eller

ved
start frå kl. 12.00

Startkontingent: kr
50,- for born fødde 2001-2006 / kr 100,- vaksne

Klasseinndelingar: Jente-/Dameklasse
og Gut-/Herreklasse

Premiering: Premie
til beste dameløpar og beste herreløpar.

I
tillegg uttrekkspremiar til deltakarane

Drikkestasjon undervegs

Bagasjetransport til målområdet

Speakerteneste i målområdet




Løyperekord i Varden Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jun 2017

Arkivfoto
Varden Opp samla heile 144
fullførande løparar på tid sist laurdag. Tidlegare europameister i motbakkeløp,
Johan Bugge frå Eidsvåg IL, sette ny løyperekord med tida 40.02. Og det er fort
i ei løype som er åtte kilometer lang, har start to meter over havet og mål 775
meter over havnivå.

Best tid av sykkylvingane
hadde Per Inge Bjørnestad med 52.19 i klasse 45-49 år. Det heldt til ein sterk
3.plass i klassa. 17-åringen Espen Strøm
Grebstad gjorde eit nytt sterkt løp i klasse 17-22 år. Mot eldre og meir garva
konkurrentar vart det 6.plass på fine 54.19.

Klasse M 23-39 år talde
heile 47 fullførande deltakarar. Her gjorde vår slovakiske VIL-medlem, Jan
Rakottyai, eit flott løp med 1.04.20. Totalt plasserte han seg temmeleg midt i
feltet. Godt gjort av ein nybyrjar, som fekk 36. plass i den tøffaste klassa.

Olaf Einar Øien deltok i
klasse 70-74 år. Ikkje mange på hans alder deltek i slike tøffe løp. Olaf vart
denne gongen nummer to i klassa på 1.35.22.

Radka Vosicka gjorde eit
kjempeløp i Geiranger nyleg, og var ikkje stort ringare på Sula. Det vart 4.plass
i klasse 23-39 år. Slegen av to svenskar og ein frå storklubben Gular. Så dette
var ein ny sterk prestasjon av vår tsjekkiske venn, Radka Vosicka!

Her kan du lese Jan
Rakottyai sin rapport etter løpet:


I utgangspunktet var eg litt skeptisk å melde meg inni konkurranse klasse, men
siden det var ingen mosjon med tidtaking, var ikkje det nåke anna valg...


Det vart en fin dag opp Sula fjellet, sjøl om det regnet og blåst kald
vind på toppen.

Per Inge er flink å springe, så han såg ikkje eg igjen etter nåken meter fra
starten...

Radka sin tempo klarte eg å holde i ca 2 km, men etterpå begynte det å bli litt
tyngre, og avstanden økte meir og meir, og etter ca 4 km såg ikkje eg ho før i
målområdet..


Hadde liten drøm om å klare det under en time, men
det gikk ikkje idag..

Men det er vel heilt greit slik det er
 👍

Siste stigning blei beina stive og eg kom i mål etter 1 time og 4 minutt..


Er i grunn kjempefornøyd :)

Det går fortere løp etter løp og det er kjekt :)





Lovise mangla 10 cm på KM-gull

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jun 2017

Det byrjar bli nokre år sidan sist Velledalen IL var
representert i eit KM i friidrett for aldersgruppa 11-14 år. Vi må vel heilt
tilbake til dei åra Hilde Riksheim Tandstad,
Christina Holmberg og Ellen Marie Hole var i same alder.

Nok om det. Lovise deltok i kulestøt, og kjempa ein hard
kamp om sigeren mot ei jente frå Dimna IL. Lovise sitt bestekast målte 6.53
meter får vi meldt frå Måndalen, ny personleg rekord, men ti cm for kort for å
ta gullet.

Det kan Lovise greie ved neste korsveg, om ho er
mottakeleg for litt spesialtrening frå systera Ildri.

Gratulerer med KM-sølv, Lovise!




Årsbeste av Anders Wigdahl

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jun 2017

arkivfoto
Anders Wigdahl er ein av
Velledalen IL sine flittigaste konkurranseløparar. 17.juni vart han nummer 28
av 488 i Nordmarka skogsmaraton, i ei løype som startar på 185 meter over
havet, stig så til 425 meter, før den mot slutten stuper nedover igjen til opningshøgda.

Tida 1.32.15 heldt til 14.
plass av 62 fullførande i klasse 20-34 år. Anders har sendt oss denne rapporten
frå løpet:

Her følger en rapport fra dagens halvmaraton i Nordmarka. Se
ellers følgende linker for resultat og info:

http://live.eqtiming.no/33076

https://nordmarkaskogsmaraton.no/info-halvmaraton/


Nordmarka Skogsmaraton var i år i sin 24.utgave, og har
utviklet seg til å bli et av de mest tradisjonsrike maratonløpene i Norge. I år
ble også halvmaraton introdusert. Totalt sett er arrangementet landets tredje
største maratonløp, men overlegen størst i skogen. Løypa går i all hovedsak på
grusveier, litt på sti, og er lang mer kupert.

Som man kan se av høydeprofilen er det ganske enkelt
relativt tøft, med lange partier med sammenhengende stigning og noen bakker som
er ganske brutale.


Topp 3:

1.Tarjei Bøe (Markane IL): 1:16:51

2.Anders Malmin Høst (Lyn Ski): 1:18:35

3.Inge Hasund (Bøler IF Friidrett): 1:18:56

.


28. (14.plass i klasse M20-34) Anders Wigdahl (Velledalen
IL): 1:32:15



 Kommentar:

Tanken var å ta det som en treningsøkt, og bestemte meg
derfor for å løpe kontrollert hele tiden og var minimalt i de to høyeste
puls-sonene. Følte meg ellers ganske bra, særlig oppover, og plukket jevnt og
trutt plasseringer utover. Slet (som vanlig) litt med å holde farten oppe på
flate partier. Fikk tråkket av skoen i en sving og tapte litt på det, men er
alt i alt fornøyd med tid og prestasjon. Neste fredag er det St.Hansgaloppen
rundt Maridalsvannet som det bør være mulig å gjenta plasseringene, deretter
vanker "treningsleir" på Sunnmøre.




Hipp hurra for Tove Selnæs!

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jun 2017

Frå Påskekonrad
 Tove Selnæs har sterke
band til Velledalen. Ho har hytte i dalen (Hole), og har vitja dalen vår kvart
einaste år i godt over 30 år. Om vi fortel ho er gift med ein velledaling og
bur i Trondheim, byrjar det kanskje demre. Mannen er arkitekt og heiter Svein.
Då tenkjer vi du har plassert dama som har kring 30 års ekteskap med Svein
Bjarte Skylstad, nest eldste sonen til Oddmund og Lovise Skylstad.

I påska 2017 deltok Tove i
PåskeKonrad. Som eit ledd i treninga til deltaking i HalvBirken på Lillehammer
i juni. Laurdag 10. juni var ho der, og leverte prima varer i klasse 50-59 år.
Som betyr at det store fleirtalet var godt yngre enn Tove.

VIL-Nett synest 88.plass i klassa og tida
1.23.33 er vel verd ein omtale. Kanskje gav løpet meirsmak. I så fall kan det
bli fleire omtalar i framtida…




Sivert og Andreas i Ålesund sommerkarusell

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jun 2017

Årets sommarkarusell er i
gang i Ålesund, med 32 deltakarar i fyrste løp. Som vanleg valfri distanse, fem
eller ti kilometer.

På lengste distanse vann Valder IL sin Marcus Megrund (23-39 år) på
sterke 34.46. Nærast kom Ismael Samadi (20-22 år), med tilhald på Stranda, med
37.16. Beste kvinne, Linda Hovde, gjorde 43.32. Sterk tid med tanke på at ho
sist helg gjorde det skarpt i UltraBirken på Lillehammer. Hovde har også opphav
frå Stranda. Oddfrid Liaskar vann klasse 60-64 år på 58.06

Ingrid Festø, Gular IL, var raskast på fem kilometer med 18.15. Nærast henne
kom 66-åringen Kolbjørn Hjertvik, Kårvåg IL med 19.20. Fridtjof Fredriksen,
Sykkylven IL, vart totalt fjerde best av mannfolka med 21.23, men best i klasse
50-54 år, der Stranda sin Bjørn Arve Brune leverte 25.45.

I klasse M 14-15 år vart
Andreas Mosby Nakken, Velledalen IL, klassevinnar på 23.57.
 Tvillingbroren,
Sivert, kom på plassen bak med 26.01.

Løp to i Ålesund
Sommerkarusell går onsdag 12. juli.




O-KM Sogn og Fjordane

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2017

Mellomdistanse i Markane
laurdag 10.juni og langdistanse arrangert av IL Veten sundag 11.juni. Begge med
færre deltakarar enn VIL hadde på Myralssætra. link her




Lokale sluttider i Nibbeløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2017

Vi har ikkje sett på prent
alle tidene frå Nibbeløpet enno. Her er det som manglar av utøvarar busette i
Sykkylven.

23-34 år:

23. Ole Martin Helland
Korsnes 2.34.01

26. Wojciech Walenciak
2.38.03

32. Ole-Peder Holmberg
3.19.53

Bra jobba, karar! Høvelege
tider å kjempe mot ved neste korsveg.




AP Bøe klassevinnar i Rindal

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2017

Trollheimsløpet vert arrangert
av Rindal IL og er seks kilometer langt. Løypa går mykje etter sti, får vi
meldt.

Alf Petter kryssa mållina
på tida 24.58, og kommenterte løpet slik:


 -  På grunn av litt
småskadar siste tida har det blitt lite kvalitetstrening, så dette var berre
eit løp på det jamne.




Fyrrige karar i 60+ i Birkebeinerløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2017

Sunnmøringane over 60 år
er ekstra fyrrige for tida. I alle fall somme av dei. I Birkebeinerløpet sist
laurdag kom det sju sunnmøringar mellom dei 33 beste i klasse 60-64 år. To av
dei var inne på topp-6, med Torstein Hole (bror til Torild) som den beste på
tredje plass.

HER ER TOPP-6:


 1.
  


 Erling Skogasel, Korlevoll IL 1.30.31


 2.
  


 Vidar Birkelund, G-sport Kløfta, 1.31.53


 3.
  

 Torstein Hole, 1.32.10


 4.
  


 Arnt Edvin Andersen, Halden Skiklubb, 1.34.06


 5.
  


 Øyvind Ryen, Asker Skiklubb, 1.35.13


 6.
  

 Geir Asbjørn Sandal, Emblem IL, 1.36.01

Øvrige resultat av sunnmøringar:

12. Arild Bjørdal, Ørsta
IL, 1.40.49

21. Arild Stokke, Ørsta
IL, 1.46.09

23. Per Sigvald Hoggen,
Volda Turn &IL, 1.46.16

25. Per Gunnar vasset,
Sparebanken Møre, 1.46.38

33. Jarle Sandbakk, Ørsta
IL, 1.48.30

Det var 119 deltakarar i
denne klassa. Og ein treng ikkje ha høgskule-utdanning for å skjøne at det
slett ikkje er gunstig for Nibbeløpet i Geiranger å kollidere med
Birkebeinerløpet




Sommarhelsing frå Pe-Tomas

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jun 2017

Hi alle i Velledalen, store helsinga til alle dere fra
meg og min familie :-) Jeg savner dere mye.







Gratulerer til alle som deltok årets Nibbeløpet. Det er
ikke lett å løype eller sykle i denne motbakkeløp. Det vet jeg også. Jeg har
fulført denne 3 ganger.







Som alle dere vet jeg liker sport. Fra denne år jeg
begynte å trene mer sykling en løp, fordi jeg har noen planer for 2018. Sammen
med mine venner vi skal komme til Norge og starte i en polsk lag i Nibberittet
2018. Til sammen kan komme med meg 5 syklister. Vi kommer også med familie og
venner. Det blir stor polsk gruppen på kort tid på Pe-huset i juni 2018. Vi
håper at alt vi har i planen vi klarer å utføre. Så kryss fingrene for oss og
våre planer.







Hilsen fra Polen til alle




Pe-Tomas med familie








Familie O-løp i Velledalen laurdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jun 2017

Komande helg skal
Velledalen IL sin Idrettsskule markere sommaravslutning. Som eit ledd i denne
markeringa, har dei fått med seg O-gruppa i eit felles familie O-løp på
Dalemyra. Basen vert i grendahuset sin kjellarsal-


 ·
  

 Start i
tidsrommet 16.30-17.30


 ·
  

 Startkontingent kr 30,- pr barn, max 50,- pr familie


 ·
  

 Premiering til alle barn – lue, panneband eller
solbriller


 ·
  

 Vaksne deltek gratis, men får ikkje premie


 ·
  

 Løyper som passer for unge og eldre


 ·
  

 Kafé i kjellarsalen


 ·
  

 Parkering på skuleplassen.




Sykkelresultat frå Geiranger

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2017

Sykkylven Sykkelklubb
hadde med fleire habile utøvarar under Nibberittet laurdag 10.juni. To av dei,
Kjetil Fallingen og Per Steinar Linga, er også medlemar av Velledalen IL. Difor
er det naturleg at vi er ekstra opptekne av dei.

Ingen av dei to hadde
fullklaff under Sykkylven Energi-rittet, men gjorde det betre i Geiranger.
Kjetil vart nest best av dei lokale i Geiranger, berre slegen av Stig Jonny
Urke. Per Steinar plar sykle seg i form utetter sesongen, og noterte fin
framgang

Her er resultata:

M 30-39 år (34 fullførande):

12. Kjetil Fallingen
1.26.36

M 40-49 år (61 fullførande):

10. Stig Jonny Urke
1.21.54

19. Per Steinar Linga
1.30.58

47. Jan Bøe Øvstedal
1.49.44

M 50-59 år (69 fullførande):

16. Arild Mjeltevik
1.26.44

21. Jo Sagli 1. 28.47

27. Jan Erik Bårdsgjære
1.30.27

K 50-59 år (7 fullførande):

5. Bjørg Iren Strøm,
Lillehaugen Husmorlag, 2.21.46




O-helg i Stryn

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2017

Det var kort og godt en strålende flott helg for store og
små! Vi stilte med tre voksne og fire barn. Merete var tøff og stilte i A-løypa
lørdag; noe som hadde gått veldig bra frem til post 7, men etter en stor bom er
det lett å miste hodet litt.....især når man vet at man har en fireåring som
står og venter på samlingsplass. Matheusz kjørte et litt mer trygt valg av
løype og stilte i C-klasse begge dager; og vant begge dager
 😃👏🏻
Merete var nr 2 i C-løypa idag. Det var et anderledes terreng enn det vi har i
Sykkylven; mye mer skog og flere stier. Samlingsplassen idag søndag var helt
fantastisk med utsikt ut over innvik/utvikfjorden. Ungene; Emil Balon, Alfred
Masdal, Tobias og Mikkel Lervåg, imponerte med stor innsats i både
nybegynnerløypa og i småtrolløøypa; noen av ungene i begge løyper på samme dag
 😃
Nybegynnerløypa igår lørdag var fhv lett og veldig hyggelig rundt i et flott
kulturlandskap, mens nybegynnerløypa idag var mer krevende i skog og
myrterreng, men med fantastisk utsikt over fjord og fjell. Vi fikk hilst på
våre o-naboer i sør og håper på samarbeid også den veien etterhvert. Det ga
bestemt mersmak å reise sørover på o-løp!
 😊




Sterke prestasjonar i Birkebeinerløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2017

Oda Alette Kjellsbøl Hole
vart nummer 43 i klasse K 20 (20-24 år) på tida 1.54.17. Det var godt innanfor
merkekravet, i ei klasse som samla 137 deltakarar.

Jens Christian Hole i
klasse M 30 var Velledalen IL sin andre deltakar. Han kom inn på 1.43.58. Ei
tid som rakk til 125.plass av 274 deltakarar. Men diverre eit par minutt bak
merkekravet som var Jens sitt mål for dagen.

I klasse M 16 (16-17 år)
gjorde Oskar Johan Kjellsbøl Hole ein glitrande figur for Gjelleråsen IF. Med
tida 1.29.23 vart han nummer tolv av 57 deltakarar, og merke nr 1 for
debutanten.

Aller best gjorde Torstein
Hole det i klasse M 60 (60-64 år). Etter eit sterkt løp på 1.32.10 kunne han
klatre opp på pallen sin tredjeplass. Merke nummer 11 på 11 startar for
Torstein. Dette var elles ei særs sterk sunnmørsklasse med Geir Asbjørn Sandal
(Emblem IL) som nummer seks på 1.36.01, og Arild Bjørdal (Ørsta IL) nummer tolv
med 1.40.49.

119 deltakarar i denne
klassa.




Hurra for familien Mosby Nakken

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2017

Dei fleste kjenner Svein
Arne som ein gjennomtrena seiging. Den saka er grei. Sivert og Andreas har
fleire års røynsle frå Nibbeløpet Mini (mål ved Flydalsjuvet), så at dei var
påmelde i Nibbemarsjen 21 var ingen sensasjon. Men at Anita skulle gjennom same
pinsla, kom ikkje akkurat som venta.

Men dama frå det blide
Sørland greidde det – men det kosta. Hugs at dette er ikkje ein spasertur på 21
kilometer etter flat mark. Det blir som ein fjelltur til eit fjell på 1500
meter over havet, der du må halde på mange timar sidan distansen er 21
kilometer. Her finst ingen snarvegar. Rett nok er ikkje terrenget ulendt. «Stien»
er slett, men slikt brenn feitt, ein skal gå klar av gnagsår og andre
komplikasjonar. Ein styrer heller ikkje vêr og vind. Det er slik Vår Herre
eller Per-Gunnar Holmberg vil.

Svein Arne hadde ein god
dag i klasse 50-54 år, og sette ny personleg bestetid med 2.18.02. Det heldt
til plass nummer sju i ei klasse med 18 utøvarar. Mellom desse var Fridtjof
Fredriksen (SIL) på 2.22.59 og 10.plass.

Sivert og Andreas bles forbi mora om lag
halvvegs i Nibbemarsjen, men alle nådde det felles målet; toppen av Dalsnibba - i duskregn, skodde og opplett mot slutten.

Takka vere familien Nakken
vart deltakartalet som arrangøren opererer med frå mosjonsfesten i Geiranger
2017 på fine 564 deltakarar. Eller; 560 pluss familien Mosby Nakken

Hurra for pågangsmotet!!




Du greidde det, Olaf!!

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2017

Olaf Einar Øien er unik.
Ikkje berre i VIL-samanheng, men i
Nibbeløpet si totale historie. Høyr berre her:

Olaf var 51 år då nokre «galningar»
inne i Geiranger hadde funne at dei ville arrangere løp med start frå sjøkanten
og mål på toppen av Dalsnibba. På denne tida (1994) vart dette av mange sett på
som «det glade vanvidd». Noko det i ettertid har vist seg at det ikkje var.

Olaf, som då representerte
Sykkylven IL, kjende seg i god form og ville prøve. Han kom til mål utan
nemneverdige problem.

Dei fleste på hans alder ville kanskje
stoppa etter eitt løp, to, eller kanskje tre løp. Men Olaf har halde på. I 2013
vart han heidra for 20 løp av 20 moglege, saman med ei handfull andre.

I går, 10. juni 2017,
sprang Olaf sitt løp nummer 24 av 24 moglege. Den einaste som står att ved sida
hans er Ragnar Seljeset frå Hornindal. Mannen som fekk slag i ung alder og vart
funksjonshemma, men som etter iherdig trening har greidd det same som Olav i
Geiranger – rett nok med hjelp av eit trufast støtteapparat.


I 2018 vert Olaf Einar
Øien 75 år – faktisk ganske så få dagar før Nibbeløpet 2018. Vårt mest
brennande ynskje er at helsa skal spele på lag med Olaf, slik at han den
aktuelle junidagen får sitt 25 Nibbeløp av 25 moglege. At han også om eitt år
skal fortelje til oss:


 -  Einaste målet
mitt er å fullføre – og at han greier det!

Då skal det spanderast
kake i turistbygda. For eit dobbelt-jubileum av dimensjonar !!




Espen Strøm Grebstad klassevinnar i 17-18 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jun 2017

Difor var dette fyrste
sjanse for ungguten Espen Strøm Grebstad. Og den sjansen nytta han godt. I
starten heldt han fylgje med ringreven Per Inge Bjørnestad, og fekk såleis sett
eit høveleg opningstempo. Mot slutten måtte han sleppe litt, men ikkje verre
enn at han berga klassesigeren med særs god margin.

Her er topp-3 i klasse 17-18 år Nibbeløpet 2017:


 1.
  


 Espen Strøm Grebstad 2.06.02


 2.
  

 Bendik Vereide 2.19.31


 3.
  

 Martinus Rønneberg 2.20.16

Og det høyrer med til soga at far Jan Ove fullførte Nibbemarsjen 21
(frå sjøen til toppen av Dalsnibba) i fin stil, medan mor Bjørg Iren Strøm
imponerte enno meir ved å stille i Nibberittet. Tida 2.21.46 heldt til finfin
5. plass i klasse 50-59 år, ein prestasjon Lillehaugen Husmorlag kan vere
stolte av.

NB! Familien Strøm
Grebstad til høgre i dette biletet, saman med Ole-Peder Holmberg, Olaf Einar
Øien og berrfot-løpar Marcus Vedeler frå Eid.




Per Inge raskast frå Sykkylven i Nibbeløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jun 2017

Per Inge Bjørnestad droppa
dette året Nibberittet til fordel for Nibbeløpet. Truleg eit lurt trekk. I alle
fall var han raskast av sykkylvingane opp den tøffe løypa, 21 km lang med kring
1500 høgdemeter.

Men klasse 45-49 år er ei
tøff klasse. Difor måtte Per Inge nøye seg med 4. plass i mål, etter at han
passerte punktet Knuten på 6.plass. Her
er topp-6 i klasse 45-49 år:


 1.
  


 Jan Ketil Vinnes 1.48.29 (Konradløp-vinnar 2017)


 2.
  


 Sven Nylund 1.49.58


 3.
  


 Erik Røkke 1.59.49


 4.
  

 Per Inge Bjørnestad 2.01.38


 5.
  


 Steffen Adler 2.08.15


 6.
  


 Martin Mølsæter 2.10.55

I alt 19 utøvarar
fullførte i denne klassa




Radka dagens VIL-helt i Geiranger

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jun 2017

Kanskje var det den nye
flotte løpe-buksa med Velledalen IL på sida som gjorde susen. I alle fall
sprang Radka Nibbeløpet på 2.15.29. Klassesiger i 35-39 år, og nummer seks
totalt av alle kvinner! Ho slo eksempelvis Hege Ringdal som vart nummer to i
årets Konradløp. Klasse 35-39 år var inga lett klasse å vinne, men Radka
greidde det i sitt andre løp i Geiranger. Avstanden tilbake til Iren Nordal var
på 25 sekund.

PS. Kjem meir frå Geiranger
utover kvelden




Sjå kven som skal i sportsleg aktivitet i helga

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jun 2017

Vi startar med
orientering. Her det KM-helg i Sogn og Fjordane med Markane IL og Veten IL som
arrangørar. I vår eigen krins er det løp i Molde.

10. juni – KM mellomdistanse Markane IL:

VIL representert med
Mateusz Balon, Merete Masdal og Pernille Ibsen Lervåg.

11.juni – KM langdistanse Veten IL:

Frå VIL stiller Mateusz
Balon, Merete Masdal og Pernille Ibsen Lervåg

Trollheimsløpet:
  Her stiller Alf Petter Bøe

10. juni – Birkebeinerløpet Lillehammer:

Her stiller Oda Alette
Kjellsbøl Hole og Jens Christian Hole for VIL

SYKKYLVSDELTARAR I GEIRANGER FRÅ FJORD TIL FJELL
10.JUNI:

NIBBERITTET:
  Jan Bøe
Øvstedal, Bjørg Iren Strøm, Jo Sagli, Kjetil Fallingen og Jan Erik Bårdsgjære.

NIBBELØPET:
  Per Inge
Bjørnestad, Ole-Peder Holmberg, Ole Martin Korsnes, Fridtjof Fredriksen, Svein
Arne Nakken, Radka Vosicka, Olaf Øien og Espen Strøm Grebstad.

NIBBEMARSJEN 21:
  Odd Lennart Lien, Anita Mosby Nakken, Andreas Mosby Nakken, Sivert
Mosby Nakken, Jan Ove Grebstad og Tove Sperre.

PS.
  Når det
gjeld deltakarar frå Sykkylven i Geiranger er det påmelde pr. torsdag 8.juni klokka 16.00 som er
referert, så her kan kome fleire namn på listene.




Anders og Ellen sprang Mistbergløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jun 2017

https://nb-no.facebook.com/nordreeidsvollilski/
To av dei 176 fullførande
representerte Velledalen IL. Anders Wigdahl kom på ein heiderleg 11.plass av 24
deltakarar i klasse 23-39 år, på tida 35.00.

På fotoet ser vi dei to som kom på plassane
føre Anders, nemleg nummer 107 (Stian Rustad) og 99 (Johannes Rummelhoff).
Nummer 85 er kvinnevinnaren Marit Østvang, som kom i mål elleve sekund bak
Anders.

Ellen Marie Hole vart
nummer fire i klasse 23-39 år for kvinner




Hilde klassevinnar i Kleivane Rundt

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jun 2017

Hilde Riksheim Tandstad
representerte Velledalen IL på framifrå vis under Kleivane Rundt i dag,
2.pinsedag. Kleivane Rundt er eit kupert løp på knappe 10 km rundt Stette.
Hilde seier dette om løypa i ein e-post:


 -  Traseen er flott
med både asfalt, grus og sti, og innheld nokre dryge motbakkar undervegs. Låg
framme og drog ei god stund, men såg etter kvart ryggen til Viktoria Tollaas
(vinnar) forsvinne framfor meg.

Hilde brukte 45.11 på
runden, ei tid som heldt til siger i klasse 20-29 år, og nest beste tid mellom
kvinnene. Berre Viktoria Tollaas, Skodje IL, var betre med 43.44.

Herreklassa vart vunnen av
Jan Ketil Vinnes, identisk med årets Konradløp-vinnar, på sterke 35.34.
Kristian Nedregård og Martin Hauge-Nilsen kom på dei neste plassane, men solid
bak Vinnes.

Frå Stette vert det elles
meldt at Inger Riksheim fullførte trimklassa i god stil.




4xHole i Birkebeinerløpet laurdag 10.juni

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jun 2017

arkivfoto
Komande helg vert ei stor
idrettshelg. O-løp i Molde og Markane (Nordfjord), Nibbeløp og Nibberitt i
Geiranger og Birkebeinerløpet på Lillehammer. Og sikkert enno meir. Mange representantar
frå Velledalen IL skal i sving.

Birkebeinerløpet (21 km)
er det VIL-avdelinga i Oslo som tek seg av. Klokka 11.30 laurdag 10.juni, legg
  Jens Christian Hole ut på sitt sjette
Birkebeinerløp. Jens spring for sitt fjerde merke i det tøffe løpet.

VIL sin andre deltakar
vert
  Oda Alette Kjellsbøl Hole i
klasse K 20-24 år). Ho spring for sitt tredje merke i sin fjerde start, og gyv
laus på løpet 20 minutt bak onkelen, Jens Christian.

Debutant.
  Den
tredje med Hole som etternamn vi nemner er
  Oskar
Johan Kjellsbøl Hole i klasse M 16-17 år. Han er debutant med start klokka
11.10, og venteleg den fyrste Roger Malvin Hole kan ta i mot over mål. Oskar
spring for Gjelleråsen IF.

Veteran.
  Den
fjerde og siste med Hole som etternamn er
  Torstein
Hole (bror til Torild i Knutgarden) i klasse 60-64 år. Han startar i pulje
to, med start klokka 11.20. Torstein er veteran i dette «gamet», og har eit
rulleblad med ti merke på ti startar.
Han er påmeld som klubblaus.

PS.
  Far sjølv,
 Roger Malvin, må denne gongen stå
over grunna skade.

Korleis dette gjekk kan
lesast på VIL-Nett komande helg




Pernille, Merete og Mateusz til Markane

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jun 2017

Dette er tilsvarande løp
for Sogn og Fjordane, som det Emblem IL/Velledalen IL arrangerte på Myrdalen i
mai. Så får vi sjå om nabofylket i sør greier stive våre 85 deltakarar….?

I alle fall får dei hjelp
av Velledalen IL. Av påmeldingslista 2.pinsedag finn ein desse påmeldingane frå
Velledalen IL:

H 17-C:

Mateusz Balon

D 17:

Merete Masdal

Pernille Ibsen Lervåg

Hittil er det påmelde frå klubbane: Førde, Veten, Markane og Velledalen

Og litt kjendisnytt til
slutt. Mellom dei påmelde i Markane finn ein namna Aslaug Thingnes Bø og Klemet
Bø, som er foreldra til skiskyttaressa, Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø.

PS:
  Våre
løparar kan ikkje bli KM-vinnarar i Sogn og Fjordane, men er sjølvsagt velkomne
som deltakarar. Andre som ynskjer prøve seg i Markane bør snarast kontakte
leiar i O-gruppa, Pernille Ibsen Lervåg.

Resultata får du på
VIL-Nett




Ole Martin raskast opp Koldabakken

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jun 2017

Med tida eitt minutt og 40
sekund tok Ole Martin Helland Korsnes ein trygg siger under Koldabakken Grand
Prix 1.pinsedag. Nærast kom 46-åringen Per Inge Bjørnestad på fine 1.48. Desse
var dei einaste som kom under to minutt, i eit løp som gjekk i ørlite regn,
10-12 plussgrader, og småglatt løype.

Koldabakken Grand Prix
hadde for fyrste gong internasjonal deltaking, i Radka Vosicka frå Tsjekkia og
Jan Rakottyai frå Slovakia, to utøvarar som sist helg gjorde det godt i «Molde
7 topper». Radka tok seg opp løypa på tida 2.04, som einaste kvinne.

Jan fekk tida 2.03, sekundet føre Svein Arne
Nekken. I yngste klasse trekte Andreas Nakken det lengste strået denne gongen
mot tvillingbroren, Sivert. 2.24 på Andreas, mot 2.32 på Sivert.

Medan yngste deltakar var
14 år, var eldste 74. All honnør til Olaf Einar Øien som tok seg opp dei bratte
bakkane på 3.25, seks dagar før han skal til Geiranger og gi deg i kast med
langt lengre bakkar. Til Geiranger laurdag 10.juni skal forresten mest alle
deltakarar i årets Koldabakken Grand Prix.

Funksjonær og mosjonsklasse:

Anita Mosby Nakken

Lene Katrine Hole

Liv Nordli Hole

Nils Terje Skylstad

Alf Petter Bøe

Atle Hole

Konkurranseklasse:

Olaf Einar Øien (70-74 år)
– 3.25

Svein Arne Nakken (50-54
år) 2.03

Per Inge Bjørnestad (45-49
år) – 1.48

Radka Vosicka (35-39 år) – 2.04 (beste kvinnetid)

Jan Rakottyai (35-39 år) –
2.02

Ole Martin Helland Korsnes (23-34 år) – 1.40 (dagens
beste)

Andreas Nakken (14-15 år) – 2.24

Sivert Nakken (14-15 år) – 2.32

Nok eit vellukka
arrangement opp Koldabakken av Velledalen IL. Løparane vart trakterte etter
alle kunstens reglar med både varm og kald drikke, nysteikte vaflar, premie til
alle og startnummer i lomma med 30 prosent rabatt i ei lokal sportsforretning.




To frå VIL mellom 3114 fullførande i Fornebuløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jun 2017

Fornebuløpet er mellom dei
store løpa. Den åttande utgåva samla 3114 fullførande, ein dundrande ny
deltakarrekord. Menyen er rikhaldig i løpet, med desse alternativa:


 ·
  

 Spaserklasse 5/10
km


 ·
  

 3 km


 ·
  

 5km


 ·
  

 10 km

Klart dei fleste gir seg i
kast med 10 km som er den gjævaste distansen. I klasse 23-39 år – der våre
karar deltok – var deltakartalet 476. Av denne hopen vart Njål nummer 24 på den
flotte tida 35.15. Tek vi ikkje feil, er dette same tid han hadde under
Sentrumsløpet tidlegare i år. Så får ekspertisen avgjere kva som er beste
prestasjonen. Anders vart nummer 137 i
klassa med tida 40.16.

Totalvinnar på 10 km vart
Jonas Lurås Hammer (31.41), Lørenskog FIL. Med andre ord ein klubbkamerat av «Brunstadekspressen».

PS: Om nokon har sakna stoff
om «Brunstadekspressen» siste tida, kan vi nemne at det skuldast eit lengre «serviceopphald»
av den litt krevjande sorten.




Kvar i verda ligg Koldabakken…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jun 2017

Koldabakken Grand Prix har
vore arrangert i nær ti år. Ikkje eit spesielt stort løp, men ein type løp ein aldri
gløymer. Det er slike stadar ein kan bli betre kjend med eigen kropp, vert det
sagt.

Det finst truleg fleire «Koldabakkar»
i Sykkylven, men einaste Koldabakken med motbakkeløp ligg på Hole. Køyr forbi
Holmbergs Gartneri, og hald fram heilt til det vert slutt på asfaltert veg. Der
den asfalterte vegen sluttar (ved garden til Nils Skylstad) er det påmelding
(frå 15.00), og då er ein kring 100 meter frå startstaden. Eller meir presist;
100 meter innover grusvegen tek ein til høgre – og bakken ligg der innbydande.

Dette er også eit løp som
eignar seg utmerka for publikum. Ein kjem tett på, og her er det lov å heie!
Arrangøren reknar årets utgåve som ei opa affære, då det er høgst usikkert om nokon
av rekordhaldarane (Kjell Magnar Berli/Andrea Berge Kastellet) stiller.

Startkontingenten er 50 kr for kvar startande,
eller ein gunstig familiepris; kr 100. Ein gjer som ein vil om ein stiller MED
eller UTAN tidtaking. Kvar deltakar for startnummer som gir rabatt hos Sport
1/Focus Sport, på same måten som under Konradløpet




Stor mai månad for Velledalen IL si nettside

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jun 2017

Vi har tidlegare gitt VIL
ros for gode arrangement i mai 2017, med stor aktivitet på O-fronten og på
løpssida elles (Konradløpa og Holmenkollstafetten spesielt). Dette har folk
fått oppdateringar om på nettsida, noko som tydelegvis har falle i smak sidan
mange har vore innom.

Det stogga på 5109 treff i
mai 2017. Det nest beste nokon sinne. Berre mai 2014 er betre med 5163 treff. Den
vakne lesar har truleg registrert at VIL-sida dei to siste månadane har passert
hovudportalen (3978 treff i mai 2017) i besøk.

Historikken viser at
nettsida starta forsiktig i desember 2007 med 324 treff. I januuar 2009
passerte vi for fyrste gong tusentalet (1108). To år seinare, i januar 2011,
passerte vi to tusen (2251), medan vi måtte vente til mai 2012 før vi passerte
3000 (3218). 4000 vart fyrste gong passert i april 2013 (4319), før vi nådde
den magiske 5000-grensa fyrste gong i mai 2014 – med 5163 treff – som framleis
er rekord.

OVERSIKT OVER MÅNADER MED OVER 4000 TREFF:

5163 treff – mai 2014

5109 treff – mai 2017

4788 treff – mai 2015

4701 treff – mai 2016

4601 treff – mai 2013

4319 treff – april 2013

4251 treff – desember 2015

4209 treff – april 2015

4199 treff – april 2016

Som ein ser er mai den
store månaden – i hovudsak på grunn av Konradløpa.

PS: Tiårs jubileum i
desember 2017




Koldabakken Grand Prix – motbakkeløp sprint.

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mai 2017

Koldabakken Grand Prix er eit motbakkeløp. Kanskje det kortaste
motbakkeløpet som finst. Men vi kan garantere at beina vert st
 ive som stokkar likevel. Og før du anar.

Løypa er ikkje målt, men vi garanterer at den er kortare enn 400 meter.
Kjell Magnar Berli har løyperekorden for herrar, Andrea Berge Kastellet for
kvinner. To klasser, med og utan tidtaking

FAKTA KOLDABAKKEN GRAND PRIX 4. JUNI 2017:


 ·
  

 Påmelding ved
garasjen til Nils Skylstad frå klokka 15.00.


 ·
  

 Startkontingent kr 50,- pr pers. Familie kr 100,-


 ·
  

 Mosjonsklasse
utan tidtaking fellesstart klokka 15.30.


 ·
  

 Fyrste start med
tidtaking klokka 15.35 – intervallstart, 30 sek. mellom kvar.


 ·
  

 Premie til beste
dame og beste herre + premiar trekte på startnummer.


 ·
  

 Kanskje kan
deltakarane sjå fram til ei fjørlett servering etter løpet.


Arr: Velledalen IL-
friidrett




Standal vann Sykkylven Energirittet 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mai 2017

Jan Ove Standal
representerer Stryn T&IL. Han brukte 2.26.54 på den kring ni mil lange
løypa. Espen Utgård Sæther var best av sykkylvingane med tida 2.40.10. Han
representerer no Bergensstudentene Allianseidrettslag.

Av karane som sykla for
Sykkylven SK, gjorde Arild Mjeltevik det best, med tida 2.43.29 Det heldt til
6.plass i den største klassa, 50-59 år. Jo Sagli kom på plassen bak, på fine
2.44.53.

Elles viste rittet at
sykkelsporten generelt, og mellom dei yngre spesielt, slit på indre Sunnmøre.
Eksempelvis var ikkje Stranda kommune representert i det heile, og den yngste
som fullførte frå arrangørklubben sykla i klasse 40-49 år. Ros til utøvarane i
klasse 50+, der mønstra Sykkylven SK åleine fire aktørar.

LOKALE RESULTAT:

20-29 år:

2. Espen Utgård Sæther,
BSI – Allianseidr., 2.40.10

30-39 år:

DNF: Kjetil Fallingen, Sykkylven SK

40-49 år:

4. Hallstein Vemøy, ÅOCK, 2.49.55

7. Per Steinar Linga, Sykkylven SK, 2.58.02

50-59 år:

6. Arild Mjeltevik, Sykkylven SK, 2.43.29

7. Jo Sagli, Sykkylven SK, 2.44.53

9. Jan Erik Bårdsgjære, Sykkylven SK, 2.53.02

10. Jens Inge Klokkehaug, Sykkylven SK, 3.14.14




Frå post til post

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mai 2017

Gå inn på bloggen HER




Glimrande av Radka og Jan i «Molde 7 topper»

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mai 2017

Begge to starta i
mosjonsklasse med tidtaking, men i same løype som konkurranseløparane. 153
kvinner fullførte, og her kom Radka på ein glimrande 2.plass. Tida 2.56.30
hadde halde til 4. plass av 15 deltakarar i konkurranse-klassa 31-40 år.
Fantastisk bra, Radka – og du har meir inne!!

Mosjon herrar med
tidtaking hadde heile 214 fullførande. Av denne flokken kom Jan Rakottyai på
ein framifrå fin 72. plass med tida 3.29.59. Heller ikkje han hadde skjemt seg
ut i konkurranseklassa, berre så det er sagt.

Velledalen IL er naturleg
nok særdeles nøgde med dei to nykomarane sine. Då «Molde 7 topper» er eit tøft
løp. Kring 20 kilometer langt og med 1500 høgdemeter stigning.

Ola Hovdenakk, Skåla IL
vart beste herre på 1.57.25, medan Karoline Holsen Kyte sette ein fantastisk ny
kvinnerekord på 2.00.56. Ho var nær 22 minutt føre nest beste kvinne/jente, 15-åringen
Kristine Hjellbakk Hole (årets Konradløp-vinnar), frå Sunnylven IL.

Kjell Magnar Berli sprang
dette løpet på 2.04.11. Med den tida i dag ville han vunne klasse 21-30 år.
Totalt ville han vore nummer fire, slegen av to herrar og ei kvinne.

Alt i alt hadde 1050
deltakarar meldt seg på årets «Molde 7 topper». Mellom desse altså Jan og Radka
frå Velledalen IL. VIL-Nett jublar over prestasjonane!!




-Orientering skaper spreke mødre!

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mai 2017

Roger Andre Vanebo var yngst av tre gutar i familiereiret
på Brøvoll.
  Vi tippar han har gode
minner om barndom- og ungdomstid i Velledalen. Med mange vener, og det vi likar
kalle sunne fritidsinteresser. Roger har mange kampar som angripar på VRF sitt
A-lag, og tek vi ikkje heilt feil, har han også sprunge Holmenkoll-stafett for
Velledalen IL. Han var ikkje alltid den som hesda inn flest mål, men han var i
alle fall den som «gjekk» høgast. Tvillaust, ville Øystein Fjørstad ha sagt.

For folk som skaffar seg utdanning kan Velledalen og
Sykkylven bli i minste laget
 . Slik
hamna Roger i Kongsberg. Men han har alltid halde banda til barndommens dal
høgt, og med hytte i Ladalen må han kallast ein relativt trottig gjest.

Men at mannen sysla med orientering var det truleg
ikkje mange som visste.
  Ikkje før han
hamna på deltakarlista til Sykkylven kommune sitt fyrste skikkelege o-løp. KM
mellomdistanse i samspel med Emblem IL, etter eit heilt nytt kart over området
Holenakken, laga av Gunnar Gytri, i regi av o-gruppa i Velledalen IL.

Eit jubileum i nær familie
  var medverkande årsak til at Roger tok turen den
aktuelle helga. Før start hadde vi ein liten prat med Kongsberg O-lag sin
einaste representant i løpet.


 -  O-løp er bra for
helsa, ein positiv familieaktivitet, og noko ein kan drive uansett alder.
Dessutan er det ein aktivitet som skaper mange spreke mødre, seier Roger frå
sykkelsetet på veg opp til Myrdalen.


 -  Kongsberg O-lag,
er det eit stort lag?


 -  Ja, faktisk eitt
av dei store på austlandet. Neste gong de arrangerer løp kan eg prøve få med
meg ein bataljon oppover.

Det hadde vore noko,
Pernille, Merete Janne og Bernt Are!

Korleis gjekk det med han Roger…?
  I klasse H 50 duellerte han med Lars Roger Lundanes,
far til verdsmeister (mange gonger) Olav. Resultatlista og strekktider viser at
det lenge var jamt mellom dei to. På 9.post var Kongsberg O-lag sitt håp 95
sekund bak.

Men så skjer det fatale. På strekket mellom
9. og 10. post brukar Roger 9.37 mot Lars Roger sine 3.13. Der rauk det Roger!
Ein real bom, eller kanskje var det berre litt terreng du ikkje har fått
studert frå selet til onkel Kallen og tante Ingrid. Men all honnør likevel. Du
var raskast mot slutten og enda heiderlege 7 minutt og 27 sekund bak.

Strekktidene viser at Roger Vanebo var
raskast på fem av strekka, Emblem IL sin utøvar på åtte, medan dei sprang på
sekundet likt mellom post 7 og 8.

Velkomen tilbake, Roger!

Og ta gjerne med deg
andre, men ikkje ein HEIL bataljon. La oss prøve med ein halv - i fyrste omgang.




Fire Ess på tre veker

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2017

Ove Skylstad og hjelparane
hans i Velledalen IL har lagt ein travel periode bak seg. Laget har kome styrka
ut etter fleire tunge arrangement. VIL-Nett meiner laget har levert fire Ess i
løpet av tre veker.

Ess nr.1:

MiniKonrad 30. april.

Nedjustert deltakartal til
137, er det nest høgaste i løpet av 11 arrangement-år. Flytta til ny arena på
Dalemyra. Gav klart betre logistikk, meir høvelege løyper og raskare
arrangement-avvikling. Gjennomført til klart godkjend karakter med «nedpint»
stab.

Ess nr.2:

Konradløpet 1.mai.

339 påmelde, av desse 108
debutantar. Mellom det høgaste deltakartalet vi har hatt i løpet av 16 år, noko
som klart kom til syne ved frukostbordet. Arrangert etter tradisjonelle
prinsipp i hovudsak med funksjonærar ein veit kan jobben. «Nedpint» stab. Godt
vêr ved begge Konradløpa.

Ess nr.3:

Holmenkollstafetten 13. mai.

Ny bestetid i moderne tid
med 1.03.46. Det gav 27.plass i klasse A1 (miksa lag med fleirtal menn) av i
alt 1427 fullførande lag. Deltakinga er muleg fordi den velfungerande
Osloavdelinga vår skaffar løparar av høg kvalitet til laget. Her bidrog Sverre
Gunnar, Njål, Hilde og Roger. Utanom desse takkar vi Jens Christian, Selma,
Ellen og Anders for sportsleg innsats. Som fastbuande i Sykkylven hadde vi
denne gongen med Ole-Peder, Per Inge og friidrettsleiar Alf Petter.

Ess nr.4:

O-KM mellomdistanse Myrdalen

111 år etter Velledalen IL
vart stifta, kunne laget den 21.mai 2017 arrangere sitt fyrste skikkelege
orienteringsløp. Etter heilt nytt kart over området Holenakken, i nært
samarbeid med Emblem IL. Diverre var
vêret middels minus, men 85 løparar gjekk til verket med liv og lyst.
Deltakartalet er det høgaste i eit KM etter 2000 års skiftet. Velledalen IL si
O-gruppe hadde fantastiske 34 påmelde – kring 30 deltok. I tillegg ein stor
funksjonærstab.

PS.
  To
personar – og heller ikkje meir enn to – har vore med på alle fire essa, anten
som deltakar eller funksjonær. Det er
  Hilde
Riksheim Tandstad og Alf Petter Bøe. Reknar med priskomiteen for
Idrettsgallaen har notert seg dette bak øyret.

Men det viktigaste; Velledalen IL har vist
at dei KAN når dei må, og samla har enormt mange vore i sving for å drage i
hamn dei fire essa.

PÅ VEGNE AV LAGET TAKKAR
VI ALLE!!




VIL overalt – no på OBIK terrengkarusell

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2017

Her på Sunnmøre er vi vel
vande med karusell-løp. I Ålesund har ein både vinter- og sommarkarusell. Men
terrengkarusell-løp har til denne tid ikkje nådd hit. Opplegget er likevel
ganske likt. I Ålesund er det valfri distanse 5 eller 10 kilometer. På
Austlandet kan ein velje mellom ein eller to rundar, 4 eller 8 km.


 -  Løypa er ganske
tøff og morosam. Sist gong var det ein mann som datt og braut eit par fingrar,
fortel Ellen Marie Hole. Ho vart nummer åtte av 17 jenter sist, men vart
klassevinnar i 20-24 år, der ho var åleine.

Anders Wigdahl har prøvt
begge alternativa. I fyrste løpet sprang han to rundar og kom inn som nummer 6
av totalt 47 deltakarar. I løp nummer tre for året (hans andre) nøgde han seg
med ein runde, med 2.plass av 29 som resultat.

PS
 . Gjer vel
å meld inn resultat. Om det kan synast smått,

vert det fort gjort stort på VIL-Nett!




Radka – tougher than the rest!

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mai 2017

Radka Vosicka er fersk som
konkurranseløpar. Hennar fyrste løp var Konradløpet 2016. Tida vart 21.39.
Konkurranseinstinktet i dama vakna og læringskurva skulle vise seg å bli bratt.
Sjølvpålagt bratt! Berre ei dryg veke seinare gjorde ho 1.52.31 under Ålesund
Halvmaraton, før ho kasta seg på det tøffe Nibbeløpet i juni. Her svaia ho
under målseglet på 2.48.22 - med ei
fartstid på seks veker som konkurranseløpar!!

Hornindal Rundt

Radka var som venta på
plass i Velledalen 1.mai 2017. Konradløpet gjekk i år unna på 19.46. Ho røpa
med det at dama har trena. Ned frå 21.39 til 19.46, seier oss at ho ikkje har
trena så reint lite heller.

I juni er friskusen påmeld i Nibberittet i
klasse 35-39 år. Der vil vi tru ny personleg bestetid er eit naturleg mål. Noko
ho heilt sikkert greier. Men den store bomba er fylgjande:

Radka står på lista over
dei 217 personane som pr. 24.mai har meldt seg på Hornindal Rundt. 20
fjellpostar, 75 kilometer og 5600 høgdemeter – eit løp som garantert vil rive i
kroppen fleire dagar etter det er over!!

Det hjelp kanskje, i alle
fall ørlite, at Jan Rakottyai – som sette slovakisk rekord på 20.38 under
Konradløpet i år – skal gjennom det same. Hittil er Jan og Radka dei einaste
frå Sykkylven som er påmelde, difor fell det naturleg med eit høglydt rop på VIL-Nett;

HIPP; HIPP HURRA FOR JAN OG RADKA – tougher than the rest in Sykkylven

!!




Helsing til Velledalen IL – og O-gruppa spesielt

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mai 2017

Hei!

Vil i anledning verdas
orienteringsdag, som er onsdag 24.mai, sende ei helsing til Velledalen IL, og
O-gruppa spesielt. Fantastisk kjekt å fylgje med på engasjementet og
pågangsmotet dykkar her frå hovudstaden!

Eg har sjølv markert
verdas orienteringsdag tre dagar til ende, med skattejakt/orientering utan
kompass for elevane på Lysejordet Aktivitetsskole (2.-4. trinn) Har dessverre
ikkje tilgang til så dyktige kartteiknarar, så fekk nøye meg med eigne
ferdigheiter denne gongen.

Stå på vidare!

O-helsing frå

Ellen Marie Hole.




Onsdag 24 mai: Verdas orienteringsdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mai 2017

VIKTIG MELDING FRÅ
O-GRUPPA:

Onsdag 24. mai er det
verdas orienteringsdag. I det høvet skal Merete (Masdal) ha eit opplegg for
Hundeidvik privatskule på onsdag, der nybyrjarløypa frå søndag vert brukt. Vi
har bytt ut Emblem IL sine postar med våre, så løypa står klar. Om nokon har
lyst på ein treningstur innan onsdag er dei velkomne til det.

Kart finn de her




NM-SØLV TIL HENRIK

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mai 2017

Etter
skadeavbrekk i 2016-sesongen er mangekjemparen Henrik Holmberg frå Vik på gang
igjen. I helga tok han sølv under NM i mangkamp på Arna stadion i Bergen. I eit
skiftande ver vart det gjennomført 10 øvingar på jamne og det er eit stykke opp
til hans eigen fylkesrekord. Han enda til slutt på 6.786 poeng, noko som lovar
bra vidare utover i sesongen.






Helsing frå O-gruppa

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mai 2017

For et flott arrangement vi klarte å få til i fellesskap på Myrdalsætra
i går! Alt gikk helt som det skulle, og enda litt bedre. Bjørnar Andersen gjorde
en flott jobb med å bistå Emblem med påmelding, målgang og resultatlister;
spørs om ikke han blir hanket inn hos Emblem o-lag når han (dessverre for oss)
flytter ut i nytt hus rett ved siden av klubbhuset deres om noen måneder. Alf
Petter hadde fått en stor og viktig jobb; å stå for starten for eliteklassene.
Dette er ikke noen helt enkel jobb. Først måtte han vasse i våt myr 900 meter
opp i lia, og deretter stå og holde styr på alle som skulle inn i rett startbås
til rett tid. Men Alf Petter imponerte stort ved å styre starten helt perfekt!
Ove Skylstad og Håkon Fet styrte parkeringen på upåklagelig vis. Liv styrte
kafeen med litt assistanse fra Ragna da hun kom i mål. Det var stor trafikk i
kafeen, og især pølsene stekt på Liv sin bålpanne var populære, men også kaffe
og kake gikk så det suste. Takk til alle kakebakerne og kaffikokerne. Merete og
Hilde hadde en hektisk jobb med å holde styr på alle nybegynnere og løpere som
skulle ut i c-løypa, men det så ut til å gå bra, og Merete hadde til og med overskudd
til å gi alt i løypa selv etterpå, og hente hjem en førstepremie. Susann og
Thor Arne hjalp til med opplegget for de minste. Atle gjorde som alltid en
flott jobb som journalist (både for VIL og for Sunnmørsposten). Torild og Anita
stilte som lagledere og sørget for at alle fikk rett løpebrikke og rett
informasjon. Alle så ut til å være godt fornøyd!

Og ikke minst takk til alle de 30 løperne som stilte for VIL og som var
med på å gjøre arrangementet til en utendørs folkefest
 J

Hilsen Merete, Janne og
Pernille




Vellukka O-KM mellomdistanse på Myrdalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2017

Velledalen IL har ei fersk
O-gruppe. Ei gruppe som har gjort utruleg mykje etter at Pernille kom til VIL-styret
og melde seg til innsats. Kurs, treningar, løp, kartarbeid – haugen på av
arbeid. Og merk; vi snakkar om småbornsforeldre!

Eit KM i orientering kunne
ikkje laget vårt arrangert utan Emblem IL si hjelp. Så enkelt er det. Men at
gruppa skulle klare mobilisere over 30 frå laget til start i tillegg til
funksjonærane, er det mest imponerande. At laurdagsvêret svikta oss var eit
vonbrot. Men det hadde klubbmeteorolog Holmberg meldt alt i starten av februar.
Dermed traff han blink på langtidsvarselet både for Fjellsæterrunden,
Konradløpa og KM orientering. Kanskje var det samvitet som plaga han, for etter
han viste seg på Myrdalen letta vêret!

Men O-gruppa vår gjorde
ikkje berre ein administrativ jobb. Dei heiv seg med på den sportslege biten
med gode resultat. Merete vann D 17 C, Pernille
vart nr 2 i D 21 og Bernt Are flott 3.plass i H 17 C. Janne og mannen Tormod
flytta seg opp i tøffare klasse og sprang lengste løypene (det same gjorde Emma
Holmberg i D 17-20). For dei som ikkje veit det er Janne (Tomtum) dama som
trimmar kroppane til eit godt knippe personar innandørs i Velledalen grendahus.
Ho er lege av yrke, og kan om ho vil kalle seg klubblege – på line med
meteorologen.

Kartteiknaren, Gunnar
Gytri frå Førde, var på plass og vann klasse H 60. Alt i alt var det 85
startande på Myrdalen – det største KM-arrangementet i Møre og Romsdal på denne
sida av år 2000.


Malene Sylte frå Molde og
Omegn IF var her – som deltakar i klasse D 80. Ho er bestemor til Olav Lundanes,
mange gonger verdsmeister i orientering. Mor (Marit) og far (Lars Roger) til
same Lundanes var her som deltakarar.
Søstrene Kristin og Ingrid var her og broren Ivar. Alle i den familien er esla
til å drive orientering, er det likt til. Det er nesten så du – kjære lesar - bør ta deg ein tur til Myrdalen for å trø i spora til nokon som kan faget.

Kos dykk med resultatlista
seier vi, og sluttar med ei lita historie frå parkeringsavdelinga. Ove Skylstad
stod ved vegen bort til Myrdalsstølen, og snakka med bilane som ville parkere.


 -  O-løp, spurde Ove


 -  Ja!


 -  Køyr opp i
svingen og parker der!

Same prosedyre for bil nummer to i rekka. Så kom bil nummer tre med eit
eldre ektepar. Bilvindauget vart sveiva ned og Ove spurde:


 -  O-løp?


 -  Loen, vart det
svara frå innsida


 -  He,he! Du er i
alle fall på rett veg, sa ein humrande VIL-leiar!

Takk til alle som deltok,
takk til alle som var funksjonærar og takk til Emblem IL




Anders nr. 133 av 572 i Norgescup motbakkeløp

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mai 2017

Dei fleste løpa i Norgescupen
i motbakkeløp vert arrangert på Vestlandet. Med vanleg deltakartal på 100-200.
Men då eit slikt løp vart lagt til sjølvaste hovudstaden, dukka det opp 572 som
ville prøve seg. I ei overkomeleg løype, 4,5 kilometer etter asfalt med godt
under 300 høgdemeter stigning.



 - 




 Startfeltet var
både stort og sterkt. Friidrettsfolk, skiløparar og motbakke-ekspertar + nokre mosjonistar, skriv Anders til
VIL-Nett.

Vår mann brukte 21.28 på
løpet, og vart med det nr. 133 av 572 totalt. I den sterkaste klassa, 23-34 år,
vart han nummer 40 av 102.



 - 




 Greitt fornøyd, og beste løpekonkurransen i år for min del, lyder tilbakemeldinga frå
norgescup-debutant Anders Wigdahl i Oslo.

  




O-løp Myrdalen: Litt om parkering

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mai 2017

Det vil vere P-vakter som
tek hand om parkeringa i nærleiken av Myrdalen. Alle lommer langs vegen vert
nytta. For personar med god tid kan parkering ver Lade-fabrikken vere eit
alternativ. Derifrå går ein til Myrdalen på kring 30 minutt.

Eller ein kan køyre lenger
inn i Holemarka. Her vil det vere plass til nokre bilar i enden av vegen, nokre
ved avkøyringar og fire, fem stk ved «ormehola». Då vert turen kortare. I dette
området vert ikkje P-vakter.

Eit anna mogleg alternativ er parkering ved Svartevatnet.
Derifrå er det unnabakke ned til Myrdalen og neppe meir enn 15 minutt å gå.

Uansett, velkomen til
Myrdalen og historisk O-løp 21. mai.

PS: Du kan kjøpe kaffi, kaker og pølser med brød, så berre kom du!!




Historisk dag med rekordstort KM på Myrdalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mai 2017

Hatten av for O-gruppa i
Velledalen IL, folkens!

Rett nok er dette eit
arrangement i samarbeid med Emblem IL, men vi kan ikkje bli anna enn mektig
imponert over den mobiliseringa gruppa har gjort. At Velledalen IL i tillegg
til mange funksjonærar hittil har stabla på beina 32 aktive, er kort og godt
ikkje til å tru.

Her er oversikt over deltakande klubbar torsdag 18.mai
klokka 22.30:

32 delt: Velledalen IL

27 delt: Emblem IL

7 delt: Molde

1 delt: Førde

1 delt: Kongsberg

Ekstra kjekt er det at
kartteiknaren, Gunnar Gytri frå Førde, har meldt seg på i klassa for herrar
over 60 år. Mannen bak Holenakken-kartet burde kjenne terrenget rimeleg bra.

Den langvegsfarande
gjesten frå Kongsberg er som før meldt Roger Vanebo, som vil ha ein kort og
intensiv treningsleir i selet til Kallen/Ingrid like før løpet. Lukke til
Roger!

Emblem IL kjem som vi ser
med ein fyldig tropp. Der Velledalen IL stort sett stiller med nybyrjarar med
friskt pågangsmot, må vi med respekt å melde vedgå at det er Emblem IL som
stiller med dei sunnmørske kvalitetsløparane. Men nybyrjarar har faktisk alle
vore – på eit eller anna tidspunkt

Og siste melding fortel at
ein sveitsisk landslagsløpar stiller til start.

Gå ikkje glipp av dette!
Det vert ein historisk dag for Velledalen IL på Myrdalen sundag 21. mai. Laget
er 111 år, men har aldri tidlegare arrangert eit skikkeleg O-løp. Sundag skjer
det!

PS: Vi minner alle
løparane våre at dei må vere klar på samlingsplass for informasjon, seinast
klokka 12.30




HK-laget rykt opp til 27.plass

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mai 2017

1506 lag påmelde i klasse
A1 – miksa lag med fleirtal menn. Kor stort er dette eigentleg….? Vi veit at
det bur drygt 7500 innbyggjarar i Sykkylven. Det er 15 utøvarar på kvart lag og
enkel matematikk blir då:

1506 x 15 = 22 590 utøvarar
i klasse A1 – nær det tredoble av Sykkylven kommune.

Det er med glede vi
registrerer at laget vårt har rykt opp til 27.plass. Vi stod som nr 29 då alle
laga var i mål. Seinare same kveld var vi oppe på 28. plass. På det som truleg
vert den endelege lista står vi som nummer 27. Ei plassering å vere stolte av!

For å gi eit lite innblikk i kva dette dreier seg om, gir
vi eit «drypp» frå reultatlista:

54.19: Team Flaxvatn - vinnar av klasse A1 i 2017

1.03.46: Velledalen IL – nr. 27

1.05.51: Oslo Economics - nr. 50

1.08.03: Avinor BIL
(bedriftsidr.lag) – nr. 100

1.09.59: EY BIL – nr. 150

1.11.14: Manglerud
Politistasjon – nr. 200

1.12.28: ASKO Midt-Norge - nr. 250

1.13.22: Telenor Fireballs
– nr. 300

1.14.17: Ortolegene – nr.
350

1.14.59: Uniteam AS – nr.
400

1.15.38: Fellekjøpet – nr.
450

1.16.26: NRK
Medieutvikling – nr. 500

1.16.58: Arcasa Arkitekter
– nr. 550

1.17.39: Hovseter skole - nr.600

1.18.11: NAV DIR BIL – nr.
650

1.18.46: Hewlett packard
Enterprise – nr. 700

1.20.01: Elhub – nr. 800

1.21.32: Payex Norge – nr.
900

1.22.47: Drift Kort DNB - nr. 1000

1.24.39: Schala – nr. 1100

1.26.51: Eika BIL Hamar - nr. 1200

1.29.49: Sparebank 1 OA
Team Direktebanken – nr. 1300

1.37.09: Bakehuset 1 – nr.
1400

1.46.47: Tine Nordavind 1 - nr 1427

Selma Hole Strømsnes (dotter
til Line Hole) var yngste utøvaren på Velledalen IL sitt lag.
 Her ser vi henne
i fint driv med pinnen på tredje etappe (600 meter).
 Ei av imponerande 22 590 påmelde i klasse A1 i
Oslo denne laurdagen. Fotoet har kome austfrå, frå onkel Roger Malvin. Om han var fotograf vitast ikkje




O-leiaren melder om vellukka treningshelg

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mai 2017

Helga vi har lagt bak oss vart det sett opp ei treningsløype for orientering etter det nye kartet «Holenakken». Løypa var tilgjengeleg frå laurdag morgon til sundag kveld. Mange nytta høvet til eigentest – helga før KM mellomdistanse i same området.

Les gruppeleiaren i O-gruppa, Pernille Ibsen Lervåg, sine vurderingar, og gi O-gruppa tilbakemeldingane dei gjerne vil ha:

Da kan jeg melde tilbake at vi vurderer helgas treningsopplegg som svært vellykket. Det var over 20 stykker som jeg vet om som har vært ute. Kartet med løypa har ligget tilgjengelig både på facebook og på VIL-nett, så det er godt mulig at det har vært flere. Vi har fått gode tilbakemeldinger fra mange, så det var veldig kjekt.

Denne treningsformen er vi svært interessert i å videreføre; det er gøy å planlegge slik løyper og enkelt og greit å sette ut en løype slik. Jeg satte den ut i går morges kl 8 og Bernt Are kom nettopp hjem etter å ha tatt den inn; dvs at løypa har vært tilgjengelig hele helga.

Det er sikkert veldig greit for mange at man kan springe løypa når det passer, og man kan offentliggjøre sin tid eller la være. Dette må sies å være et lavterskeltilbud. Det var stort sett voksne (og tre ungdommer) som tok dette som en treningstur. Jeg vet om en enkel som hadde med et barn. Tormod og Janne sprang på skift mens ungene lekte og koste seg på sætra....helt genialt!

Nå vil jeg gjerne ha tilbakemelding fra grunneierne på hva de synes om dette opplegget, og jeg må vite når vi IKKE får lov å ha slike treninger. Jaktsesongen fra 1.september har jeg fått med meg....jeg skal ikke lage noen treninger da. De grunneierne som f.eks har dyr der må kontakte meg og gi meg den informasjonen jeg trenger for ikke å forstyre eller genere noen.

Pernille




Kort trimpost-sesong på Holetindane

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mai 2017

Inspeksjonen fann stad
sundag 14. mai 2017. Etter turen sende han ein kortfatta rapport til VIL-Nett.
Konklusjonen hans var kort, men klokkeklar:


 -  Du hadde ein
liten omtale av trimposten på nettsida. Inspeksjonen av posten søndag 14.mai
tilseier at du har dine ord i behald. Når du utan problem kan legge sekken på
toppen av varden er du eit stykke frå å nå trimkassa.

Reine ord for pengane




Oppsving for Høgsætra trimpost

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mai 2017

Trimposten Høgsætra, Fet,
har siste åra vore lite besøkt. Grunnane til det kan vere fleire, men ein kjem
ikkje frå at det er ein ganske tung tur i bratt lende. Denne sesongen kan det
endeleg sjå ut som posten får eit kjærkome oppsving.

Vanlegvis har det vore
karar som Per Svein Fet, Håkon Fedt eller Geir Olav Drabløs som har vore
trottigast på posten - i alle fall dei
siste åra. Men i 2017 har ein kar lenger framme i dalen, bestemt seg for at «gutane»
lenger nede skal på sveitte på ryggen for sigeren.

Med denne bakgrunn
utfordra VIL-Nett lesarane om å ta turen til Høgsætra trimpost for å sjekke
kven vedkomande person var. Anita Nakken har teke utfordringa, og ho har sendt
foto frå posten med fylgjande skrivne ord:



 - 




 Og ny mann i tet
på posten får vel ikkje fleire turar denne helga, sidan det er ein av VIL sine
løparar i Holmenkollstafetten (Alf Petter Bøe)

Ein skal aldri seie aldri,
seier vi.
  




Saftig av VIL i Holmenkollstafetten

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mai 2017

Dersom friidrettsleiar AP
Bøe ser ekstra lukkeleg ut dei næraste dagane har det sin grunn. Med god hjelp
av Osloavdelinga i Velledalen IL, vart det tromma saman eit lag med ganske
mange ukjende – men med stor slagkraft skulle det vise seg. Frå Selma som yngst,
og knappast tenåring, til friidrettsleiaren himself, som etter rykta går i sitt
50. leveår.

Slutt-tida 1.03.46 heldt
til 28. plass av 1426 fullførande lag i klasse A 1 (Miksa lag med fleirtal
menn). Laget vårt hadde fire kvinner/jenter og elleve menn.

Vi slo lag som
Handelshøyskolen BI (nr 32), Norges Bank Idrettslag (38), Norges Skiforbund (nr
50) og Gjelleråsen Ski (nr 55) og mange, mange fleire.

Ein stor del av løparane
våre var inne mellom dei 100 beste på sine etappar. Det vil seie inne mellom
dei 100 beste av 1426 i vår klasse.
 Denne statistikken toppa Anders Wigdahl med
20. beste etappetid på 11. etappe, Nicolai Handle Jensen hadde 30. beste tid på
4. etappe, Øistein Olsen hadde 43. beste tid på 6. etappe, Njål Torillson
Tyssing hadde 53. beste tid på 10. etappe, Alf Petter Bøe 76. beste tid på 8.
etappe, Arild Kampenes 79. beste tid på 15. etappe og Oskar Johan K Hole 80.
beste tid på 2.etappe.

Laget vårt gjorde ei
snittfart på 3.25 pr kilometer, som betyr 17.51 kilometer i timen. Er det rart
friidrettsleiaren vår skein………???

Tider siste fire år:

2014: 1.11.52 – seks jenter/kvinner – 235. plass i A 1

2015: 1.07.40 - fire
jenter/kvinner – 79. plass i A 1

2016: 1.96.44 – tre jenter/kvinner – 45. plass i A 1|

2017: 1.03.46 – fire jenter/kvinner – 28. plass i A 1




Før Holmenkollstafetten 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mai 2017

Karane og jentene var på
plass på Bislett i god tid før start klokka 15.00. Der var det berre å suge inn
atmosfæra, eller kanskje somme hadde trong om litt massasje. Her er det Per
Inge Bjørnestad som får ein omgang av ein person vi ikkje kjenner namnet på.

Truleg har dei teke seg den friheit å hyre
inn ein eigen massør. Har vi eigen klubb-meteorolog, må vi vel kunne ha eigen
klubb-massør, no når store oppgåver formeleg står i kø.




O-gruppa har testløype klar i helga

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mai 2017

arkivfoto
 O-leiaren skriv fylgjande
til VIL-Nett:



 - 




 Folk kan hente kart hos meg eller printe ut selv.
Post 7-11 er vanskelige, og post 11 mangler i tillegg O-skjerm. Postene rundt
sætra holder ca same nivå som en nybegynner og C-løype neste søndag.

Så godtfolk; la ikkje
denne sjansen gå frå dykk. Test ut terrenget og forma, i ei løype av ganske lik
vanskegrad med den de vil møte i konkurransen.



 - 




 Alle frå Sykkylven er inntil videre påmeldt i
C-løypa, og vi har plass til maaaange flere. Jeg synes blant annet at vi
mangler noen seniorer…, skriv O-leiaren.

NB!!! Løypa vert ståande
ut til sundag kveld!!

 Karte finn du her
  




Smånytt frå den lokale sportsfronten

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mai 2017

·
  

 Tredje løpet i
den lokale O-cupen samla 50 deltakarar i sentrum sist torsdag. Eit tal O-gruppa
er tilfreds med. Dagen før hadde Merete Masdal eit opplegg for speidarane.


 ·
  

 Fredag 12.mai
klokka 20.00 hadde 24 utøvarar meldt seg på KM i orientering 21.mai. Dette
dreier seg om KM mellomdistanse arrangert etter det nye kartet over Myrdalen /
Holenakken i eit samarbeid mellom Emblem IL og Velledalen IL. Sidan sist
oppdatering har fylgjande utøvarar kome til frå VIL: Hilde Riksheim Tandstad,
Monica Hole Bjørneseth, Sivert Mosby Nakken, Andreas Mosby Nakken, Svein Arne
Nakken og Torje Hole Bjørneseth. I alt sensasjonelle 20 påmelde hittil!!


 ·
  

 Mellom dei
påmelde finn vi ein utflytta velledaling, nemleg Roger Andre Vanebo i klasse
50+. Ein rimeleg sprek kar som sist haust sprang Oslo Halvmaraton, mellom anna
saman med barndomskompisen Jan Helge Myhre. Roger må reknast som lokalkjend på
Myrdalen, og vil såleis neppe rote seg vekk. Han stiller for Kongsberg O-lag.
Slike «gutter» likar vi!!


 ·
  

 Tomasløpet vert
arrangert sundag 25.juni vert det meldt frå gruppene langrenn/friidrett.
Konkurranseklassa har start 13.00, mosjonistane litt før. Kjem meir om dette
seinare.


 ·
  

 Jens Christian
Hole er startmann på Velledalen IL sitt lag i Holmenkollstafetten i morgon
(13.mai). Hilde Riksheim Tandstad har sjarmøretappen, medan Arild Kampenes får
æra av å føre pinnen i mål på anker-etappen. Trufaste klipper som Kjell Magnar
Berli, Sverre Gunnar Brunstad og Roger Malvin Hole er ute med skadar. Alle lag
som spring under 1.12.00 vert premiert i klasse A 1, noko laget vårt etter alle
solemerke vil greie. Les korleis det gjekk på nettsida!


 ·
  

 FK Sykkylven er
stabile, det same er Bengt Hole Alnes. Bengt har ei nettkjenning på samvitet i
alle fire kampane, medan laget hans har sleppt inn eitt mål i kvar kamp – 3x1-1,
pluss 2-1 siger over Emblem sist. No fylgjer to bortekampar, før det vert naturgrasdebut
på Dalemyra 1.juni. Bolla jobbar fælt med ei «spraglete» bane.


 ·
  

 Trimposten med
minst besøk siste åra, Høgsætra Fet, har fått ein ny mann i tet. Legg turen
innom posten og sjå kven som er i føringa. Posten på Holetindane er det diverre
uråd å nå i. Vonleg har trimboka det så bra den kan ha, dekt av eit tjukt lag
av snø. Sein vår i høgda!




Hiv deg med på 3. løp i O-cupen

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2017

Denne veka stod Merete
Masdal for eit opplegg for speidargruppa i Sykkylven på onsdag, medan tredje
løp i O-cupen 2017 vert arrangert torsdag 11.mai. Frammøtet er som før i
Kyrkjeparken i tidsrommet 17.00-18.00. Sist gong møtte 85 deltakarar – kanskje
når vi 100 denne gongen….?

Som vanleg vert det fleire
løyper, og her kan alle delta. Unge og eldre, nybyrjarar og vidarekomne. Her er
det berre å møte fram!

Og for dei som ynskjer
større utfordringar; 21.mai vert det arrangert KM i mellomdistanse etter det
nye Myrdalen/Holenakken-kartet. Snakk med Pernille, Janne eller Merete i
O-gruppa om du brenn etter å prøve deg der. Også der mange ulike klasser - mellom anna er alle «ferskingane» samla i eigne klasser, så ein duellerer stort
sett mot likesinna på same nivå




Holmenkollstafetten – Velledalen IL sitt lag

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mai 2017

Her er laget:


 1.
  


 etappe: Jens Christian Hole 1100 meter


 2.
  


 Oskar Johan Kjellsbøl Hole 1070 meter


 3.
  


 Selma Hole Strømsnes 600 meter


 4.
  


 Nicolai Handle Jensen 1910 meter


 5.
  


 Anette Jokstad 1260 meter


 6.
  


 Per Inge Bjørnestad 1240 meter


 7.
  


 Øistein Olsen 1790 meter


 8.
  


 Alf Petter Bøe 1810 meter


 9.
  


 Ellen Marie Hole 630 meter


 10.
  


 Njål Torillson Tyssing 2840 meter


 11.
  


 Anders Wigdahl 1530 meter


 12.
  


 Ole-Peder K. Holmberg 370 meter


 13.
  


 Steinar Sætre 1080 meter


 14.
  


 Hilde Riksheim Tandstad 720 meter


 15.
  


 Arild Kampenes 500 meter

Heimeverande reserve:
Elling Hole med fleire.

Velledalen IL stiller i
klasse A 1, som er miksa lag av menn og kvinner, med fleirtal menn. VIL har
fire kvinner og elleve menn på laget




Påmeldingsboom frå Velledalen IL til O-KM

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mai 2017

Gamleleiaren i VIL gliste
godt då han gjekk inn på Eventor, og sjekka påmeldingane til O-løpet etter det
nye kartet Myrdalen /Holenakken 21.mai. Løpet tel som kretsmeisterskap (KM)
mellomdistanse og vert arrangert gjennom eit samarbeid mellom Emblem IL og
Velledalen IL. I skrivande stund har Emblem IL tre påmelde (ein veteran og to
lokale toppløparar). Ingen sensasjon, og der kjem nokre mange fleire derifrå.

Men der stod 14 namn frå
Velledalen IL – og DET er gledeleg det. Her er namna:

D 17 C:
  Torild
Hole, Ragna Knardal, Merete Masdal, Inga-Lill Stenseth og Janne Tomtum.

D 21:

Pernille Ibsen Lervåg.

H 17 C
 :
Mateusz Balon, Per Magne Drotninghaug, Geir Helge Grebstad, Lars Even Hatlemark,
Fredrik Idland, Tormod Klokk, Bernt Are Lervåg og Lidvar Nilsen.

Pernille Ibsen Lervåg
hjelper deg med påmeldinga. Ikkje minst er det viktig at alle hamnar i rett
klasse.




Sykkylven sitt første skikkelege O-løp nærmar seg

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2017

For folk flest kan det
hende ein slik invitasjon verkar noko uforståeleg. Men kort fortalt; vaksne og
store born som har lyst å springe ei nybyrjarløype eller ei C-løype, tek
kontakt med O-gruppe leiar, Pernille Ibsen Lervåg, for meir informasjon/påmelding.

Har ein lyst å ta dette
som ein familietur, eller som løp for dei minste, møter ein opp på Myrdalssætra
og melder seg på der. Det blir delt ut fine premiar til alle born, vert det
meldt frå O-gruppa i Velledalen IL.

Vil du berre vere
tilskodar, så er det altså KM mellomdistanse som vert arrangert 21.mai på det
nye Myrdalskartet. Arrangementet er eit samarbeid mellom O-gruppene i Emblem IL
og Velledalen IL, og vil heilt klart markere ein milepæl i Velledalen IL si
soge.

sjå link her




Pernille imponerte i Eikenosen Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2017

GovêrsFOTO: Frå v: Pernille, Per Inge, Svein, Fridtjof og Ole Peder
Pernille Ibsen Lervåg vart dagens utøvar for VIL med ein sterk 3.plass i kvinneklassa, og best tid av vår kvartett, med tida 24.43. Føre henne på resultatlista var den sterke Gular-løparen, Ingrid Festø, og den sterke svensken Emma Johansson. Pernille slo ein så sterk løpar som Reese Bendiksen, og med normal klasseinndeling ville O-leiaren vore klassevinnar i klasse 35-39 år.

Som vanleg duellerte VIL sin Svein Arne Nakken og SIL sin Fridtjof Fredriksen tett. Men dette var motbakkeløp, og då er Svein seig. Denne gongen fekk han revansje for alle tapa i flate løyper mot Fridtjof. 26.53 på Svein var dessutan neste beste tid over 50 år. Fridtjof vart klokka inn sekundet bak.

Ole Peder Holmberg er ganske fersk som løpar, men er i klar framgang. 19.56 i Konradløpet vart til 30.06 i langt tyngre Eikenosa Opp. Men Ole Peder hadde eit tosifra tal løparar bak seg noko han skal vere nøgd med.

Olaf Einar Øien var eldste deltakar i løpet med sine 74 år. Rutinerte Olaf vart nest best av dei over 70 med tida 37.35

Best tid frå Sykkylven hadde Per Inge Bjørnestad (46) med 21.53. Det var den 8.beste tida totalt, men av dei over 40 år vart Per Inge berre slegen av Are Uran. Espen Strøm Grebstad likar best flatare lende, men motbakkeløp er god trening for ungguten. 17-åringen gjorde «innslaget» på 23.23.

Stor honnør til Radka Vosicka (Tsjekkia) og Jan Rakottyai (Slovakia) som begge sprang Konradløpet 1.mai og kasta seg på Eikenosa Opp nokre dagar seinare. Flott 6.plass, av i alt tolv damer, på Radka med tida 27.11 (med andre ord like bak Svein og Fridtjof). 36-åringen Jan, fekk tida 28.54. Og fekk med det revansje på Ole Peder frå Konradløpet. Då var han 40 sekund bak vår mann, denne gongen 72 sekund føre.
Radka og Jan står oppført utan klubbnamn – vi tek gjerne mot dei i Velledalen IL.

Nemnast må det også at Oddfrid Liaskar på 63 år gjennomførte i fin stil på tida 35.16. Ho er gift med Svein Liaskar, som velledalingar over 60 år kjenner frå barne- og ungdomsår i dalen. Både Oddfrid og Svein deltok i Konradløpet 2017!




Konradløpet 2017: Sju nye nasjonale rekordar

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2017

Nasjonane Sør-Korea,
Belgia, Somalia, Slovakia, Thailand og Brasil stod tidlegare IKKJE oppført med
nasjonale rekordar i Konradløpet. Diverre er det slik at deltaking åleine ikkje
er nok. Ein må nemleg i tillegg springe fort nok til å få registrert tid. Dette
lukkast denne gongen for dei nemnde nasjonane, som no har slike rekordar i
Konradløpet:

19.33:
  Torstein D. Bueide rekord
for Sør-Korea)

19.36:
  Stijn De Smedt
(rekord for Belgia)

19.36
  : Mustafa A Yusuf – Haji
(rekord for Somalia)

20.08:
  Sharon Svendgård
(rekord for Jamaica)

20.38
  : Jan Rakottyai (rekord
for Slovakia)

21.25:
  Atsada Pasomsat
(rekord for Thailand)

24.24:
  Daniel Pedrosa (rekord for Brasil).

Dermed har talet nasjonale
rekordar i Konradløpet kome opp i smått sensasjonelle 25. Med Eritrea på topp
med 13.30 og Sverige på botn med tida 24.48

Her er nokre moment å ta med i tillegg:


 ·
  

 Sharon Svendgård
  kom nærast rett frå Boston Maraton til Konradløpet, men greidde
likevel å senke sin eigen Jamaica-rekord frå 20.15 til 20.08.


 ·
  

 Unge
  Arnas Tribusininas (Litauen) sette ny
personleg bestetid med 17.21, men diverre ikkje rekord for landet sitt. Den
lyder på 17.02.


 ·
  

 Pernille Lervåg

var nokre ganske små sekund bak den danske rekorden i sitt andre løp.


 ·
  

 Radka Vosica,

Tsjekkia, senka sin eigen personlege rekord frå 21.39 til finfine 19.46. Men
for å overta Tsjekkia-rekorden må ho heilt ned på 16-talet.


 ·
  

 Polakkane greidde
ikkje sin nasjonale rekord denne gongen, men imponerte stort med klart størst
deltaking. Her er dei polske namna: Wojciech Walenciak, Ilona Bednarz,
Katarzyna Poddubiuk, Olga Decyk, Magdalena Dalene, Anita Rudowicz, Michael
Sermet, Robert Rakoczy, Mateuz Balon, Damian Nyczka, Olgierd Arski og Antonina
Kolodziejczyk.


Tolv polakkar i årets Konradløp er verdt eit STORT HURRA!!




Slovakia-Konrad

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2017

Etter at
Slovakia-Konrad samla 10 deltakarar i fjor, var målet at dette skulle doblast i
2017. Arrangement vart oppretta på Facebook og mange viste si interesse. Dei
siste dagane før løpet såg det nesten litt for lovande ut, men av erfaring veit
ein jo at det ikkje alltid er like lett å kave seg ut senga midt på natta.
Fleire sendte melding kvelden før og beklaga at dei av ulike grunnar ikkje
kunne delta, og etter løpet fekk eg også høyre at nokre hadde forsove seg – men
at dei veldig gjerne ville vere med neste år. Likevel sto heile 21
medisinstudentar og ein studentprest frå Sjømannskyrkja klare då startskotet
gjekk kl. 05.00!


Løypa var den same som tidlegare; 4,9 km på ein smal asfaltveg og i traktorspor
mellom jorder. Etter fleire dagar med kraftige nedbørsmengder vart det sett
stor pris på skyfri himmel og ein vakker soloppgang, sjølv om alt regnvêret
førte til at mange valde å vasse over bekken med vatn til låra for å komme
fortast mogleg til mål. Også i år var vi ein gjeng som danna ei trivelig
baktropp som var heilt einige om farta ikkje er viktig og at det er helse i
kvar meter. Og så fort målstreken var kryssa venta både bollar,
kanelsnurrar, frukt og kjekt til alle deltakarane.

Etter løpet
hausta Slovakia-Konrad mange gode ord, hyggelige tilbakemeldingar og
kommentarar om at dette var ei spesiell oppleving som heilt klart freista til
gjentaking!

Christina Holmberg




85 sprang O-cup på torsdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2017

O-gruppa kunne freiste med
ikkje mindre enn fem løyper denne kvelden. Den kortaste på under kilometeren ,
den lengste godt over tre kilometer. Alt etter det nye sentrumskartet.

Opplegget er slik at det
er påmelding i tidsrommet 17.00-18.00. Ein startar når ein vil.
Kyrkjepark-området fungerer som samlingsplass. Også Velledalen IL sin
idrettsskule har ein bolk orientering no på vårparten, og deltek ivrig.

Følg med på nettsida og få
med deg dei siste løpa i O-cupen.

Elles nærmar det seg
sesongens høgdepunkt, med KM mellomdistanse 21.mai. Det vert det nye
Myrdalskartet sin elddåp i O-samanhang. Dette løpet er meisterskap for løparar
heimehøyrande i Møre og Romsdal, i
tillegg kan det kome gjestar frå andre stadar.




Nok ein sykkylving som spring er spora opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2017

Det nyttar ikkje gøyme seg
for VIL nettsida sitt kontaktnett. Stiller ein opp i løp er risikoen stor for å
verte oppdaga – uansett fart. Vi gratulerer Erik Forbord med prestasjonen og
spør:


 -  Kan vi vente eit
aldri så lite «stunt» i Konradløpet 2018, eller er du ledig til ein etappe p
 å
Velledalen IL sitt lag i Holmenkollstafetten..?
link her




Sienna Frøya Kristiansen yngst i Konradløpa

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2017

I Konradløpa har vi plass
til alle. Frå Harald Relling (f.1927) og Kjellaug Ulset (f.1928) til Sienna
Frøya Kristiansen (f. 14.januar 2017). Nedanfor fylgjer namna på deltakarane i
kort løype, fødde i tidsrommet 2012-2017.

2017:

Sienna Frøya Kristiansen

2016:

Hanna Fet Rasdal

Isabel Aure Fallingen

Julian Sølvik Tandstad

Julianne Linga

2015:

Tiril Høydal

Sara Orre

Henrik Hatlemark

Aksel Velle Flemsæter

Timo Fure

Amalie Brunstad

Liam Sve

Iben Olin Lervåg

2014:

Mathea Aarseth
Strømmegjerde

Eline Tafjord Nilsen

Runa Nykrem

Ole Elias Indergård

Sofie Oterhals Stuen

Henrik Aasebø

Kaisa Strømmegjerde Helle

Konrad Strømmegjerde Helle

Nikoline Johanne Tandstad

Sofie Forbord Sætre

Rebekka Strømme Andersen

Oline Støylen Hole

Adrian Melle

Natan Walenciak

Emilie Holm

2013:

Tilde Høydal

Synne Skjortnes Drabløs

Sara Overå

Erik Svenning

Emrik Myrseth Settemsdal

Tobias Helstad

Tiril Hatlemark

Alva Leirmo

Håkon Fjørstad Stennes

Oskar Oterhals

Nataniel Kolodziejczyk

Ellinor Sølvik Tandstad

Mathea Sommerfryd

Ola Leichty Drotninghaug

Lars Netland Brunstad

Mathea Hole Busengdal

2012:

Mariell N. Nupen Hansen

Markus Holm

Astrid Godøy Hjortdal

Max Hafsås

Fredrik Nilsen

Alfred Masdal


Liam Brekke

Mathilde Lote Sæter

Eline Forbord Sætre

Adine Fjørstad Stennes

Alvilde Kristine Tandstad



Fødselår manglar:


Benjamin Lundstad




Deltakarliste MiniKonrad

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2017

MiniKonrad 30.april 2017
for aldersklasse 2007-2011 utan tidtaking. Distanse 750 meter.

2007:

Heine Fuglem

Tilde Hafsås

Emil Orre

Sanna Tafjord

Sophia Holmberg

Emma Aalmo

Maria Velle

Alise Blindheim

2008:

Kamilla Dalene

Lidia Dalene

Oda Drabløs

Pernille Linga

Mikael Runde Seljen

Olve Hole Bjørneseth

Aleksandra Sølvik Tandstad

Sondre Aasebø

Mia Skog

Helena Blakstad

Athena Harnett

Julie Svenning

Julie Aure Strømme

Jon Sæle Bakke

Hedda Mandal Bueide

Ylva Hovet Arntzen

Olivia Sjøli Grebstad

Martine Sørseth Opskar

Vilde Fet Rasdal

2009:

Vilja Fuglem

Susann Oskarson

Casper Kahrs

Storm Tafjord

Anders Godøy Hjortdal

Noah Oterhals Stuen

Isak Aalmo

Daniel Lande
Sevrin Hjorthol

2010:

Simon Drabløs

Leanna Grebstad

Hanna Blindheim

Tobias Ibsen Lervåg

Andreas Naustenget

Savannah Fure

Benedikte Sølvik Tandstad

Sigve Holsen Brunstad

Molly Brekke

Eirik Fet Rasdal

Freyja Sjøli Grebstad

Tuva Hovet Arntzen

Frida Orre

Cloe Walenciak

Ida Nilsen

Sander Svenning

Noralf Masdal

Odin Overå

Jessica Lade

2011:

Sigve Fuglem

Liam Hafsås

Kelvin Kahrs

Emmeli Blakstad

Olai Hole Bjørneseth

Markus Bjørke

Storm Fure

Isabella Sommerfryd

Anna Netland Brunstad

Håkon Jarl Indergård

Johannes Runde Seljen

Johannes Linga

Petter Elias Velle

Mikkel Ibsen Lervåg
  




Ris og ros til Konradløpet 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2017

Per I Bjørnestad:

-  





 Kjempeflott løp!
Stor stas å få delta og å vere blant dei som syns det er «heilt ålright» å
springe tidleg på morgonkvisten. Kjem gjerne tilbake. Tusen takk!





 Jan Rakottyai, Slovakia:

-  





 Takk for en fin
opplevelse! Eg var første gang å sprang, men heilt sikkert ikkje siste. Såg innpå
resultatlista, og den tid 20.38 er eg veldig fornøgd med. Og så var det i
tillegg rekord for Slovakia





 Merete Masdal:

-  





 Må berre takke
for to kjempeflotte arrangement. Dette var min fyrste Konrad, desidert ikkje
siste! Og løypa for dei yngste var akkurat passe lang. Klapp dokke sjølve på
skuldra!





 Pernille Lervåg:

-  





 Takk for to strålende arrangement i helga! Det var en
super helg og eg gleder meg allereie til neste år.





 Svein Liaskar


  har sendt den
lengste helsinga. Alt i positive ordelag. Han avsluttar slik:

-  





 Vil sjølvsagt takke alle som er med for å få til et
slikt arrangement, både på post rundt om med drikke, parkering, start og mål.
Vil også rette stor takk til alle som har stått på seint og tidlig med felles
frokost til en så stor flokk tidlig en 1.mai morgon. INGEN NEVT, INGEN GLEMT,
TUSEN HJERTELIG TAKK FOR ET VELLYKKET ARRANGEMENT OGSÅ I ÅR!




 Frå Nordfjordeid har vi
fått ei helsing frå mannen med flest maratonløp i kongeriket, og som spring ny
maraton i Trondheim komande laurdag.

Inge Asbjørn Haugen:



 - 




 Veldig fin
innleiing på mai. Alltid kjekt å kome til Velledalen: Eg har visst sagt det
før, eg minnest Harald Heide Steen jr som sa det treffande. «Kjekke følk – kan dei
vere frå Sykkjylven tru ?»





 Tove Marie Tandstad:
Konstruktiv kritikk er vel også lov?


1)
 Kunne ønsket mej eit litt lavare startskudd på dei aller
minste.. ej ha ei som hylte heile runden av redsel.
 😱



 2) greit når dei yngste starta, men dei siste 10 stk i
allefall. Kom seg ikkje inni mål, da neste pulje sto klar lenge før dei
trengte. Og dekte heile mållinja. Mange snudde og måtte gå til sides i staden.
( Løysing; kanskje markere med sperreband og kjegler inn og ut av mål gang. Og
kanskje eit band 2m fra

 mållinja. Slik
alle får springe i mål?)


3) høyrde nøken snakka om d å få navna sine lest opp på
vei i mål.. løysing, to som står ilag, en les / leita på lista. Og en prata i
miccen?

4) premie utdeling... Kan godt bruke eit par min til.
Slik alle he fått komt seg opp på scena og fått premien før dei blir sendt ned
att. Mange sto i trappa på vei opp når dei fekk beskjed om å gå ned igjen.

5) veit d e dugnad, men også eit ønske om at kiosken inne
/ oppe åpna salget før. Da slepp en kø når alle he komt inn.
 😉(
Vi endte med å kjøpe kake etter alt va slutt i staden)


 MEN må presisere att d falt veldig godt i smak me alle ej
snakka med om at d vart flytta ned til grendahuset!!


Små justeringer so blir d ei super opplevelse før også
dei siste som kjem i mål, og siste som kjem på scena å får medaljen sin.
 👏👏👏

Og ikkje minst att d vart so kort løype på dei yngste!!
Kjempe kjekt!! Mange fleire som sprang sjølv en åra før,
 👏👏


 Hans Wilhelm Gullestad:

Takk for et flott løp og arrangement. Veldig bra!

Ser på resultatlisten at det mangler en e i etternavnet
mitt. Jeg ble nr. 33.


Med så mange deltakere hadde det kanskje også vært en ide
å ha en resultatliste inndelt i årsklasser for hhv kvinner og menn?



 Send ris og ros til:


 atlehole@online.no eller
melding til 917 43 761




Flotte dametights og shortsar i same layout til sals

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2017

Velledalen IL har
dametights og shorts i same layout til junior, dame og herre til sals. Prisane
vi gir opp under er medlemsprisar. Med andre ord rabatterte

kjøp.

Det vert gjort merksam på
at produkta er ein smule små i storleik, slik at mange må opp ein storleik i
høve til normalen. Medlemsprisane er slik:

TIGHTS:
  Kr.
350,- (sjå foto)

VAKSEN SHORTS:

Kr 300,-

JUNIORSHORTS:

Kr 250,-

Er du interessert så kontakt
Pernille, Merete eller Janne i O-gruppa.

Eller Atle Hole, som har
produkta lagra hos seg.

PS: Produkta kan kjøpast
av ALLE, ein treng ikkje vere konkurranse-utøvar. Men dei oppgitte prisane
gjeld for medlemar av Velledalen IL.




Rekordsettar med bestemor frå Øggardsvikja

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2017

Kristine Hjellbakk Hole representerer Sunnylven IL og imponerte stort
under Konradløpet 1.mai. Det mange sikkert ikkje visste er at 15-åringen har
bestemor frå Tandstad.

Kristen Tandstad gir her forklaringa:


 -  Bestemor til
Kristine heiter Judit, og kom frå Øggardsvikja på Tandstad. Ho gifte seg med
ein kar som heitte Sigbjørn, som var frå Hornindal. Judit og Sigbjørn budde ei
tid på Lerstad i Ålesund, der han arbeidde som røyrleggjar. Dei flytte seinare
til Hornindal og tok over Sigbjørn sin farsgard på Hjellbakk.


 -  Sigbjørn og Judit
fekk ei dotter som fekk namnet Synnøve. Ho var mellom anna kjend som medlem i «Honndalstausene»
og gåverik musikalsk. Ho traff ein kjekk kar frå Sunnylven som heitte Hans
(Hole). Det vart ekteskap og ei rad idrettsflinke born. Den yngste av desse
Kristine Hjellbakk Hole, som altså sprang Konradløpet på 16.59 1. mai

Greitt å vite for alle, at
damevinnaren har mange slektningar i bygda vår. Kristen Tandstad og mor til
Kristine er altså syskjenborn.




Konradløpet: Ros til russen

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2017

Russen har alltid kasta
glans over Konradløpa, både med høg lyd og sanseleg bilete. For arrangøren har
det likevel vore til å leve med. Heilt til i fjor. Då kryssa dei den magiske
grensa for kva som var akseptabelt. Øldrikking på startstrek – og sjølvsagt
fremst i feltet – var eitt moment som tala mot dei. Og enno verre; rett etter
startskotet gjekk kasta to av dei seg ned, tvert over vegen, i håp om å felle
andre.

Sjølvsagt kom det klager
til arrangøren, som måtte styrehandsame saka.

Der vart det bestemt:


 -  Nulltoleranse for
alkohol.


 -  Russ utan
startnummer skulle plasserast bakerst i feltet. Startnummer er som kjent det
synlege provet på at startkontingent er betalt.

Arrangørdagen 2017 kom. Russen
like eins. Og til stor glede for alle, framferda deira var denne gongen
EKSEMPLARISK!

Takk til russen som denne
gongen kasta glans over arrangementet på ein positiv måte!




Konradløpshelga vart suksess - 500 deltok

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2017

Klubbmeteorologen lova
godvêr for tre veker sidan og heldt lovnaden. 339 hadde meldt seg på, medan vi
i skrivande stund ikkje har talet på dei som forsov seg. Sett med VIL-auge vart
dagen særdeles god. Pernille Ibsen Lervåg kom på pallen etter tredjeplass på
tida 18.23, medan Hilde Riksheim Tandstad dokumenterte solid form med 18.52 som
fjerde beste kvinne. At mange hadde utstyrt i dei nye VIL-kleda sette ein ekstra
spiss på helga.


Elles gratulerer vi Espen Strøm Grebstad
med ny personleg rekord og pallplass på herresida. Stor ros for glimrande løp
til veteranen Per Inge Bjørnestad og ungguten Jakob Indrebø Halvorsen. Tre
sykkylvingar mellom dei fem beste var framifrå –rett nok på ein dag der dei
fire beste frå 2016 var «permiterte»

Gratulerer til Kjellaug
Ulset som sette ny aldersrekord for kvinner i Konradløpet. Ho er den fyrste
89-åringen som fullfører. Neste år er det gratis for deg Kjellaug – spelar helsa
på lag vert du fyrste kvinne over 90 år! I tillegg til Kjellaug, kunne folk
ikkje anna enn la seg imponere over superveteranane Paul Hole (f. 1929) og
Harald Relling (f. 1927).


 -  Eg har gjort
forbetringar på utstyrssida og kjenner med sprekare enn på lenge, kunne Harald
fortelje før start. Og tida 36.25 for ein 90-åring er rett og slett
beundringsverdig.

I tillegg deltok John
Holmberg, Magnhild Hole og Magnus Ødegård over 80 år. Alle «local lads» som vi
er stolte av.

Velledalen IL spanderte
gratis start på nyinnflytta Stijn De Smedt, utdelt på Idrettsgallaen for nokre
månader sidan. Ei lita premiering fordi Stijn på eige initiativ hadde meldt seg
på og fullført Alperitte på sykkel. Stijn gjorde ikkje skam på «premien» og kom
inn på fine 19.36 – ein høgst respektabel belgisk rekord. Ros også til polakkane
som er i særklasse størst på deltakarsida utanom kongeriket Noreg.

Konradløpet 2017 samla 108
debutantar melder statistikkførar Lars Inge Sæther. Eit høgt, og gledeleg tal.
Mange frivillege har vore i aksjon. Næringslivet har støtta med premiar.Og
friidrettsleiaren brenn etter å takke:


 -  Takk til alle som
var med og spreidde glede denne fantastiske helga, seier AP Bøe, som sjølv
måtte vere tilskodar til hovudløpet grunna skade..


 -  Det er så kjekt å
kome hit, alle er så glade, sa 90-åringen Relling frå scenekanten til ein
fullsett sal.

Ver venleg å meld frå om
de finn feil i resultatlista eller i Konradløpet sine statistikkar




Resultat Konradløpet 1.mai 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2017






   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     1
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Jan Ketil Vinnes
     
     
     
     
     
     
    
     
     
     


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     15.26
     
     
     
     
     
     
    
     
     
     

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     2
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Martin Hauge-Nilsen
     
     
     
     
     
     
    
     
     
     


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     15.45
     
     
     
     
     
     
    
     
     
     

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     3
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Espen Strøm Grebstad
     
     
     
     
     
     
    
     
     
     


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     16.05
     
     
     
     
     
     
    
     
     
     

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     4
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Per Inge Bjørnestad
     
     
     
     
     
     
    
     
     
     


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     16.24
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     5
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Jakob Indrebø Halvorsen
     
     
     
     
     
     
    
     
     
     


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     16.43
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     6
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Bjørn Arve Brune
     
     
     
     
     
     
    
     
     
     


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     16.47
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     7
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Kristine Hjellbakk Hole
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     16.59 (ny damerekord)
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     8
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Arnas Tribusininas
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     17.21 (ny pers)
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     9
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Jesper Svensli
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     17.36
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     10
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Edvard Sve
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     18.03
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     11
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Nils Petter Sve
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     18.06
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     12
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Hege Ringdal
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     18.10 (nest beste kvinne)
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     13
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Kjetil Fallingen
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     18.21
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     14
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Pernille Ibsen Lervåg
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     18.23
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     15
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Ole-Martin Korsnes
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     18.35
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     16
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Fridtjof Fredriksen
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     18.36
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     17
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     Hilde Riksheim Tandstad
     
     
     
      


   
   
   
   
   
   
   

    
    
    
    
    
    
    
     
     
     
     
     
     
     18.52
     
     
     
      

  

  


   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   

  









 Meir resultat her




139 deltok i MiniKonrad

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2017

omlegginga komen for å
bli. Det vart avvikla tre startar med fylgjande deltakartal:


 ·
  

 2001-2006 samla
13 deltakarar – tidtaking


 ·
  

 2007-2011 samla
69 deltakarar – inga tidtaking


 ·
  

 2012-2017 samla
57 deltakarar – inga tidtaking

Sidan i fjor var talet på
Konradar i MiniKonrad halvert, då Konrad Strømmegjerde Helle var åleine med
dette namnet i 2017. Vi kjem tilbake med deltakarlister seinare.

Her er resultata for dei som sprang på tid, 750 meter:

2.46: Elida Fuglem,
Valldal, (2005)

2.56: Stian Hemingsen,
Aure, (2004)

3.04: Sivert Mosby Nakken,
Ungdomsskulen (2003)

3.19: Anders Brunstad
Leirmo, Velledalen, (2006)

3.19: Andreas Mosby
Nakken, Ungdomsskulen (2003)

3.36: Julia Sæle Bakke,
Vik, (2005)

3.47: David Dalene,
Tandstad (2005)

4.00: Lars Helge Oskarson,
Velledalen, (2006)

4.05: Leonard Grebstad,
Vik, (2006)

4.19: Ingrid Hole
Bjørneseth, Velledalen, (2006)

4.20: Lovise Bøe,
Velledalen (2006)

4.43: Jonas Drabløs,
Velledalen (2006)

Ida Oskarson, Velledalen (2006)




Kanonmil av Njål i Sentrumsløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2017

arkivfoto
Njål feira med softis.
  Njål Torillson skriv dette om løpet i ein kortfatta
rapport:


 -  Kom meg i mål på
35.14 etter ei litt for tøff opning på 17.07 første 5 km. Andre halvdel gjekk
unna på 18.07.
 Så litt voldsom start. Fin bytur og ny pers med 30 sekund på 10 km. Feira
med softis etterpå.

Oskar Johan Kjellsbøl Hole
  leverte eit imponerande veldisponert løp med
slutt-tid 39.28. Det gav 31. plass i klasse 16-17 år. Det skilde faktisk berre
eitt sekund på Oskar si kilometertid på første 5 km og andre. Godt levert av
ein fersking i faget!

Anders Wigdahl kom inn på 345.plass i
klasse 23-34 år på tida 41.12

Kanskje var andre lokale aktørar i sving…?

Meld gjerne inn tider til:
atlehole@online.no




Denne stolen kan bli din.

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2017

Vel å merke om du melder deg på Konradløpet. Stolen, gitt av IMG, vert nemleg trekt mellom alle deltakarane i hovudløpet. Odd Kåre Fet i premiekomiteen opplyser at det er tredje året på rad IMG gir stol. Årets modell er ein kvalitetsstol med ein utsalspris til den nette sum av 18 000 kroner.

Stor, stor takk til Renathe Karlsen og IMG for den rause gåva til årets Konradløp. Truleg vil kring 300 personar kjempe om den gjevaste premien - ein premie som ikkje set krav om fart i løypa. Her er det frammøtet som tel, og trekninga skjer på scena under premieutdelinga.




Konradløpet: Kjellaug set ny aldersrekord for kvinner

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2017

arkivfot Fetvatnet rundt
Neste gong Kjellaug Ulset
fyller år vert ho 90. Dermed kjem ho til å setje ny aldersrekord for kvinner i
Konradløpet 1.mai. Ho hadde sjølv den gamle. Sett i fjor.

Med påmeldinga til
Kjellaug er vi oppe i fem utøvarar i klasse 80+. Dei tre eldste er fødde i
1927, 1928 og 1929.

Arrangørstaben bøyer sine hovud i respekt!




19 utøvarar kvalifiserte til 15 års premie

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2017

15 års premien heng høgt i
Konradløpet all den stund årets løp er det 16. i rekkja. Heile 19 personar er
kvalifisert til denne utmerkinga, og mykje tyder på at nesten samtlege vil
delta. Så langt er 14 av 19 påmelde.

Her er namna på dei som
står med 14 Konradløp:


 ·
  

 Bengt Hole Alnes


 ·
  

 Kjell Arne
Brunstad


 ·
  

 Oddbjørn Brunstad


 ·
  

 Robin Urke
Brunstad


 ·
  

 Håkon Fedt


 ·
  

 Kari Pauline
Hjorthol


 ·
  

 Ann-Helen Hole


 ·
  

 Ellen Marie Hole


 ·
  

 Marit Hole


 ·
  

 Per Henning Hole


 ·
  

 Torild Hole


 ·
  

 Hans Olof
Holmberg


 ·
  

 Odd Kvammen


 ·
  

 Bjørn Asle Lade


 ·
  

 Sigrid Ulset Lade


 ·
  

 Kim Andre Midtlid


 ·
  

 Gunnar Skogvold


 ·
  

 Kjell Skogvold


 ·
  

 Nikolai Slettvold




90-åring påmeldt i Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2017

Hittil er Jarle Konrad
Fausa einsleg deltakar med namnet Konrad. Det gir som kjent gratis deltaking,
på same måten som alle 90 år og eldre.

Vi har gleda av å melde at
i år vert det gratis deltaking for Harald Relling frå Langevåg (fødd 1927), og
dette er berre andre gong i løpet av 16 arrangement at nokon får gratis
deltaking på grunn av alder. Den fyrste var Tomas Tandstad.

Påmelde over 80 år hittil:


 ·
  

 Magnhild Hole


 ·
  

 Paul Hole


 ·
  

 Magnus Ødegård


 ·
  

 Harald Relling

Verdt å merke seg at dei
tre fyrste har full pott – dei deltek for 16.gong av 16 mulege. Harald Relling
skal i fylgje statistikken ha 10 års premie.

KAN HARALD RELLING PÅ 90 ÅR FULLFØRE KONRADLØPET KAN
DU!!




Sentrumsløpet i Oslo laurdag 29. april

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Apr 2017

Sentrumsløpet har tre
distansar; 5 og 10 km pluss eit barneløp for 3-11 år på 600 meter.
 To av distansane
er ganske like Konradløpet (4500 meter) og MiniKonrad (350/750 meter)

STARTKONTINGENTAR:

MiniKonrad: Kr 50,-

Konradløpet: 200,- for vaksne/450 for familie

Sentrumsløpet 3-11 år, 600 meter: Kr 200,- + 17,50 i
administrasjonsgebyr

Sentrumsløpet 5 og 10 km: Kr. 620,- + 17,50 i administrasjonsgebyr.

Tagna dei som klagar på
Velledalen IL sine prisar no…? Det kostar altså vesentleg meir for ein
enkeltperson å springe 5 km i Sentrumsløpet i Oslo, enn det gjer for ein heil
familie å delta i Konradløpet.

Kor mange utøvarar som
representerer VIL i Sentrumsløpet veit vi førebels ikkje, men reknar med det
vil drype inn resultat i løpet av helga.




Konradløpet: Vinnarpremiane og til MiniKonrad klare

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Apr 2017

Premiane til beste kvinne
og beste mann er som i fjor handverk i verdsklasse. Trearbeid av Ingvart Nilsen
måla av Solveig Hopland. Kvar premiane vil hamne dette året er ikkje godt å
seie. I fjor hamna damepremien i Sunnylven, medan herrevinnaren kom frå Eritrea
men representerte Strindheim IL (Trondheim).

I skrivande stund er ingen av
fjorårsvinnarane påmelde.

Premiane til Minikonrad er
handla inn gjennom firmaet til Morten Holmberg i Vik i Sogn. I MiniKonrad-løpet
vert alle premierte, ein stad mellom 100-200 håper arrangøren.

Elles er premiane trekte
på startnummer i hovudløpet stort sett gitt av lokalr næringsliv. Det vil kome
ei liste over givarane etter løpet.

Premiar til Konradløpet
kan leverast i Velledalen Grendahus i same tidsrom som startnummer-hentinga.
Sundag 30. april i tidsrommet 14.30-18.00

Premieansvarlege er
Odd-Kåre Fet og Marit Hole.




Nibbeløpet gav meirsmak for Ole Peder

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Apr 2017

Største lokale sensasjonen
i 2016 var kanskje at Ole-Peder Kristian Holmberg sprang inneløpet. Frå fjorden
i Geiranger til toppen av Dalsnibba. 21 000 lengdemeter med 1500
høgdemeter stigning. Heilt klart ei kraftprøve. Dei som trudde dette var ei «one time in life-handling» har teke feil. Tru
det eller ei, Ole-Peder står på påmeldingslista nok ein gong.

Kjende namn, Nibbeløpet:


 ·
  

 Per Inge Bjørnestad
45-49 år


 ·
  

 Ole-Peder
Holmberg 23-34 år


 ·
  

 Ole Martin
Korsnes 23-34 år


 ·
  

 Fridtjof
Fredriksen 50-54 år


 ·
  

 Svein Arne Nakken
50-54 år

Nibberittet:


 ·
  

 Jan Erik
Bårdsgjære 50-59 år

Nibbemarsjen:


 ·
  

 Odd Lennart Lien


 ·
  

 Andreas Mosby
Nakken


 ·
  

 Sivert Mosby
Nakken


 ·
  

 Anita Mosby
Nakken




Helsingar til Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2017

Ikkje alle inviterte kjem.
Somme gir ikkje lyd frå seg, andre sender nokre ord. Her er to av helsingane
som har kome:

Tor Jarle Bolme, Big Boss i Rindal IL:


 -  Har alltid vært
facinert av dette løpet, og kunne tenkt meg å ta turen sjølv om det er langt.
Men vi er opptatt med Olavsstafetten i Trondheim som også går 1.mai hvert år.
Lykke til med arrangementet!

Knut Lium , vinnar av Konradløpet to gonger:


 -  Eg skulle gjerne
vært med, men har trøbbel med lysken. Lykke til med arrangementet!




Konradløpet: Startnummeret er verdikupong

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2017

Friidrettsleiaren i Velledalen IL, Alf Petter Bøe, oppmodar folk om å
melde seg på årets Konradløp:


 -  Ja, det gjer eg .
Her får ein mykje for pengane. Deltakinga kostar 200 kroner for ein vaksen, men
er det nokon stad ein får mykje att for pengane er det under Konradløpet.

Og friidrettsleiaren,
nemner punkt etter punkt, dette kan han på rams.


 ·
  

 Løpet er i seg
sjølv ei oppleving uansett fart.


 ·
  

 Deltakarane får
gratis frukost.


 ·
  

 Premieutdelinga
er langt meir enn ei premieutdeling med film og underhaldning


 ·
  

 Fast premiering
etter 1 år (diplom), 3 år (sølvmedalje), 6 år (gullmedalje), 10 år (vase) og 15
år (plakett).


 ·
  

 Premiering til ca.
25 prosent av deltakarane - trekte på startnummer.


 ·
  

 Hovudpremien
(siste åra ein kvilestol) vert trekt mellom alle deltakarane.


 ·
  

 Startnummeret er
ein verdikupong. På baksida kan du lese at du mot levering av startnummeret får
30 prosent rabatt (veil pris) på neste handel hos Sport 1/Focus Sport. 20
prosent på syklar.


 -  Eigentleg får du
betalt får å delta. Avtalen med Focus Sport gir rabattar du aldri ville fått på
eiga hand. Ein familie på fire personar kan tene tusenvis av kroner på
deltakinga, om ein gjer litt «tunge kjøp» på sportsfronten. Og dei fleste
familiar gjer det i løpet av eit år, sluttar Bøe.




Klar for O-cupen…. start torsdag 27.april!

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2017

O-gruppa i Velledalen IL prøver med torsdag som løpsdag for årets
O-cup, som vil bli avvikla i sentrum etter det flunkande nye sentrums-kartet.

Leiar i O-gruppa, Pernille Ibsen Lervåg, fortel at kartet kom på ganske
nøyaktig 10 000 kroner. Sykkylven vidaregåande skule og Sykkylven
speidargruppa har samla sponsa kartet med 3000 kroner.


 -  Resten tek vi frå
aktivitetsmidlane vi fekk frå O-forbundet, seier Pernille, som naturleg nok brenn
etter å kome i gang, og at vêret skal bli betre.

For O-gruppa er det
sjølvsagt spennande med nytt kart, ny stad og ny dag. Ein veit aldri heilt
korleis dette vert motteke. Gruppa hadde stor suksess med sundag som løpsdag i
2016, då arrangementa fann stad i Velledalen med grendahuset som base. Frå
sentrum er det kort veg til Emblem, og Emblem IL er som alle veit «O-Mekka» i
Møre og Romsdal.

O-starten i Sykkylven
sentrum får i alle høve eit internasjonalt snitt, då det er meldt at nokre
danskar vil prøve seg. Som vanleg er opplegget familievenleg. Ein vil kunne
finne utfordringar anten ein er ung eller vesentleg eldre. Starttidspunktet er
som før fleksibelt, truleg med toppa aktivitet rundt klokka 18.00

Ser du folk med det du vil kalle «merkeleg»
oppførsel i sentrum i morgon, KAN det vere ferske O-løparar i aksjon.

O-gruppa i Velledalen IL
ynskjer eit STORT VELKOMEN til alle




-Stikk Halvard, stikk!

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2017

Tenk deg at du er på Dalemyra på 1970-talet.
  Rettare sagt etter sommaren 1971 (då bana vart opna).
Under storgrana, i det hjørnet av grusbana som låg nærast kiosken som no er
riven, der stod ekspertisa.

Mellom desse han Lars Erstad.
  Sjølv ein framifrå midtstoppar berre nokre år
tidlegare. Plasseringssterk og med god luftstyrke, og akkurat rask nok til å
halde dei beste angriparane unna. For Lars kunne lese spelet og starta ofte
tidelen før angriparen.

Stod ein under STORGRANA
  under ein VRF-kamp på 70-talet (etter 1971), var ein
garantert å høyre replikken: «Stikk Halvard, stikk!» dersom Halvard Erstad spela
ving. Og replikken vart framført av broren, Lars. Men Halvard likte slett ikkje
«å stikke», han hadde heilt andre eigenskapar: Halvard Erstad var ein slepen
teknikar med ein fintfølande venstrefot og ein temmeleg daud høgrefot. Han hadde
ein særdeles presise dødballfot og var sikrare enn dei fleste frå
straffemerket.

Mot slutten av kampane kunne Lars verte
noko oppgitt, og då lydde ropet gjerne slik:


 -  Halvaaard (stum
d), kan`kje du stikke då!

Kvar hadde Lars Erstad dette frå?

Jau, det herskar det liten
tvil om. Han hadde sikkert erfart det sjølv mot lag som hadde same type
spelarar, men i VRF var det Svein Welle som var mannen som kunne denne «kunsten»
framom alle andre. Når Svein fekk ballen under kontroll ute på kanten, søkte
han ofte kontakt med ein indreløper/midtbanespelar. I det same han spelte
ballen frå seg stakk han gjennom forsvaret, og gjorde indreløparen jobben sin
rett, kom Svein åleine med målmannen. Svein Welle var kjapp til beins i
glanstida, og var han gjennom var det få som tok han att. Og slik scora VRF
mange mål med Svein Welle som fargerik kantspelar – som regel høgre ving.

Etter eit slikt løp,
  av og til nesten frå midtbana, måtte Svein «henge» litt på knea. Men i
dei periodane han var i form, vart det mange slike løp gjennom 90 minutt. «Bastian-Svein»,
eller Bajallo som han og vart kalla, var heilt klart ein av dei største
attraksjonane hos dei gul/svarte i deira beste år. At han aldri tok ut heile
potensialet sitt får så vere…… hadde han
gjort det, hadde han heller aldri tenestegjort i VRF, berre så det er sagt.

På vegne av Velledalen IL,
  der Svein er
medlem, og alle andre som minnest «mannen som kunne kunsten å stikke»,
gratulerer vi med overstått 70 års dag!

Atle Jomar




FKS-kapteinen spring Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2017

1-1
  


 var eit bra resultat i serieopninga mot Rollon. Rollon
utan John Arne Riise, vel å merke. Kanskje vert det MED herr Riise i
haustkampen på Dalemyra. Blir nok litt ekstra stas å få kolve han, eller kva
seier du Bendik Hole Alnes…?

Men 1.mai er det Konradløpet
det dreier seg om for kaptein Korsnes. I fjor gjorde han 18.38.
 Vi tippar målet er ny personleg rekord. Ned på trenar
Robert Sogge sine 15.44 frå 2014 kjem han neppe. Kanskje heller ikkje innbytar-målmann
Robin Jørgensen sine 16.26 frå 2012…? Kanskje er det mest realistisk og sikte
seg inn på Sondre Skylstad sine 17.37 frå 2016, som vil vere ein solid ny
personleg rekord.

Ei
ørlita påminning til fotball-spelarane til slutt. Olaf Einar Øien sprang på
17.09 som 60-åring. Året etter som 61-åring pressa han seg ned til 17.06. Ei
tid å skrive ned bak øyret om kvelden 30. april.




Brasilianar til Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2017

Siste dagane har utøvarar
med band til stadig nye nasjonar meldt seg til innsats i Konradløpet. Oxana
Trofimchuk har opphavet sitt frå Russland, Radka Vosicka frå Tsjekkia, Daniel
Pedrosa frå Brasil og Jan Rakottyai frå Slovakia. Det betyr at vi så langt kan
melde om deltakarar med opphav frå fylgjande nasjonar:


 ·
  

 Polen


 ·
  

 Danmark


 ·
  

 Belgia


 ·
  

 Litauen


 ·
  

 Noreg


 ·
  

 Tsjekkia


 ·
  

 Slovakia


 ·
  

 Brasil


 ·
  

 Nederland


 ·
  

 Somalia


 ·
  

 Thailand


 ·
  

 Sør-Korea


 ·
  

 Russland

Og enno kan det kome mange
fleire




Flagget til topps for Ildri !

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2017

arkivfoto
I fjor haust kvalifiserte Ildri seg for fylkesfinalen etter å ha vore
best på Sunnmøre. Rett nok etter hard konkurranse, men ho vann. 9.15 støytte ho
kula den gongen.

25. april vart fylkesfinalen
arrangert. Ildri Bøe har nytta tida godt sidan sunnmørsfinalen. Denne gongen
støtte ho kula 9.90. 75 cm framgang på nokre månadar viser at jenta har trena.
Og trening betalar seg. Som regel alltid. Sigeren var langt klarare i dag enn
under sunnmørsfinalen.

No gjeld det å halde fram
til utandørssesongen kjem i gang. Tør vi spå ein KM-medalje til Velledalen IL
her. Den siste som gjorde det før Ildri var Hilde Riksheim Tandstad, som sprang
mellomdistanse og hoppa lengde.

Opp med flagga på Brunstad
og i Tregardane – heis det på full stong for Ildri!!




Aursnes Runners i Wien

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Apr 2017

Ganske sterk vind gjorde
at det ikkje var rekordforhold i Wien denne gongen. Men både Paul og Kurt Roger
fullførte med glans sine drygt 21 000 meter.

Kjeldene våre seier at
Paul Tennfjord kom inn på 1.51.56 i klasse M 30, medan Kurt Roger Sørgård
noterte 2.09.50 i klasse M 35. VIL-Nett gratulerer med gjennomføringa!

Ikkje stadfesta rykte
seier vidare at Sørgård muligens gjorde unna Roma Maraton i samband med
militærteneste i eks-Jugoslavia.




O-løp Aksla

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Apr 2017

Premieutdeling
I dag stilte vi mannsterke med, Tobias Lervåg, Mikkel
Lervåg, Sophia Holmberg, Sivert og Andreas Nakken, Sofie S Hole, Torhild Hole,
Anita Nakken, Mateusz Balon, Tormod Klokk, Janne Tomtum , Merete Masdal og
Pernille Lervåg. Heile 14 stykker!


I tillegg stilte Vilde Lervåg Seim, med mor frå Vellledalen,
for Emblem IL.

 Noralf
og Alfred Masdal viste godt turvett, og braut løpet, ingen skam å snu i tide!
Været var nemmelig lunefullt. Tjukk snøkave den første tida i fristarten,
med
   
verken sikt eller synlege små-stiar. Første mann måtte truleg koste av postane,
slik at brikken kunne lesast.
   

Men blå himmel og sol slo til 13.00, og resten kunne nyte løpet med god sikt.
Nokre tydelige spor i snøen rundt enkelte postar, men du veit jo aldri om
personen før deg har tatt kloke vegval?
   

Velledalen sine utdøvarar viste gode resultat,
   
Mateusz, Pernille, og Sivert vann sine klasser!
   
Og Janne var hårfine 5 sek bak vinneren i si klasse, og den raskeste av alle
VIL i C løypa!
   

Dette tyder på at vi har ein kjekk sesong, med orientering ligg foran oss, det
kan jo berre bli betre!


Legg og ved nokre bilder du kan bruke om det høver.

 Merete


Her finn dykk resultatet frå O-løp sundag

link her




Oddbjørn og Arnas sprang Valderløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Apr 2017

To frå Sykkylven, begge
påmelde i Konradløpet, er å finne på resultatlista frå Valderløpet. Eit
tradisjonsrikt løp med godt over 40 års fartstid.

Oddbjørn Brunstad er ein
kjend mann i Velledalen – mellom anna er han aktiv i team Bøe. Oddbjørn kom inn
på fine 46.32, ei tid som heldt til 3.plass i klasse 55-59 år. Kan vi vente
Oddbjørn langt ned på 22-talet på Konradløpet…?

Arnas Tribusininas gjorde
ein flott figur i juniorklassa. Med tida 36.36 vart han her nummer fem, og kan
på ein god dag truge Litauen-rekorden under Konradløpet.

Vi nemner og at Knut Skaar
gjorde 36.00 som vinnar av klasse 60-64 år

Beste tid uansett klasse
hadde Håkon Stavik, Ålesunds FIK, med 28.53. Ingrid Festø, Gular IL, vart beste
kvinne på kvasse 32.48.




Våt ungdomssamling

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Apr 2017

Foto: Anita Nakken
Samlinga var todelt. Fyrst
ei føremiddagsøkt på Sula, der Emma og Sofie deltok. Til ettermiddagsøkta fekk
jentene selskap av Sivert Nakken. No var det sprint i Spjelkavik som stod på
programmet. Mellom øktene vart det servert lunsj hos familien Lundanes på
Eikenosa.

VIL-Nett har fått
tilbakemelding om ein kjekk og lærerik dag, om enn litt vått og kaldt.


 -  Vått heilt inn på
skinnet, vert det meldt.




Hoppande glede i O-gruppa

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2017

Vi trur trioen Pernille,
Merete og Janne kjem til å vere ekstra lette og fine i steget under
sesongopninga i Ålesund sundag. Med god grunn.
Og det er godt at arbeidet deira vert verdsett. O-cupen, arrangert på
dei nye sentrums-karta, startar komande torsdag. Og med 20 000 kroner i
aktivitetsmidlar frå Norsk Orientering, kan gruppa gjere eit hastekjøp av
naudsynt utstyr.

Takk til Norsk Orientering for pengane! Pengar
vi veit vert forvalta på beste vis til aktivitet og ny-rekruttering. Sjå linken
under, eller ved sjølvsyn møt fram på komande O-cupløp i Sykkylven sentrum - torsdag 27. april går det fyrste av stabelen.

link her




Konradløpet: Polen festar grep

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2017

Ni dagar før hovudløpet
kan friidrettsleiaren vår, AP Bøe, nøgd konstatere at han har deltakarar med
opphav frå fylgjande nasjonar:


 ·
  

 Noreg


 ·
  

 Somalia


 ·
  

 Belgia


 ·
  

 Sør-Korea


 ·
  

 Thailand


 ·
  

 Danmark


 ·
  

 Litauen

Og han veit at det kjem
deltakarar med nederlandsk opphav

Kanskje greier vi ti
nasjonar på startstrek 1.mai….

NYE NASJONALE REKORDAR.
  Som dei fleste veit er det tidtaking berre på kring
35 prosent av deltakarane (dei raskaste)
i Konradløpet. På grunnlag av desse tidene har det blitt registrert 19
nasjonale rekordar. I år har vi påmelde med opphav frå Belgia, Somalia,
Thailand og Sør-Korea. Alle nasjonar der vi ikkje har registrert nasjonale
rekordar tidlegare. Spring dei fort nok, vil talet nasjonale rekordar altså
vere 23 etter årets løp.

STERK POLSK TROPP.
  Polen har hatt godt grep om
Konradløpet siste åra. Truleg etterdønningar etter Pe-Tomasz, som budde i
gamlehuset i Pe-garden, og var ein ivrig løpar. I 2016 overtok Mateusz Wojcieh
Oskiewicz den polske rekorden då han sprang runden på 19.03. Her får du namna
på den polske troppen som førebels er påmelde:


 ·
  

 Olgierd Arski


 ·
  

 Mateusz Balon


 ·
  

 Antonina
Kolodziejczyk


 ·
  

 Damian Nyczka


 ·
  

 Robert Rakoczy
(trimpostvinnar skogsvegen Hjorthol 2015)




O-løp

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Apr 2017

Torsdag 20.april vart det nye sentrumskartet testa.




Konradløpet: Ligg 80+ på vêret…..?

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Apr 2017

Men vi trur dei kjem. I
fjor deltok seks personar som var 80 år eller eldre. Om lag på snittet for dei
siste fem åra.

Det heiter seg at alle med
døypenamn Konrad (som føre-eller mellomnamn) har gratis deltaking. Det same har
alle som er 90 år eller eldre. Til denne tid er Tomas Tandstad åleine om å ha
vore i aksjon etter 90 år (gjekk i sitt 92.leveår då han sette aldersrekord).

Men vi har ei dame i Velledalen ved namn
Kjellaug Ulset. Ho har delteke i samtlege Konradløp og fekk 15 års premien i
2016. Kjellaug går no i sitt 90 år, og rykta seier ho stiller.

I så fall vil ho vere nest
eldste Konradløp-deltakar nokon sinne, og den eldste kvinna som har teke seg
rundt den 4,5 kilometer lange løypa. HURRA for Kjellaug!

Dette året er den slett
ingen grunn til «å ligge på vêret» for nokon som helst av oss. VIL sin
klubbmeteorolog, Per-Gunnar Holmberg, har nemleg for lang tid sidan meldt godvêr
under Konradløpa 2017. Og han plar sjeldan bomme.

PS: Men mannen med flest
maratonløp i kongeriket Noreg, Inge Asbjørn Haugen, han er komen på lista. Det
same har Kondis sin representant, Martin Hauge-Nilsen




Idrettsskulen

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Apr 2017

Før
påske så holdt vi til oppi trollskogen i Straumgjerde. Vi laga gapahuk og fyrte
i grillhuse. Tusen takk til Espen Høydal og "Straumgjerde Vel "for at
vi får bruke plassen og utfolde oss
 😊 vi kjem nok til å bruke
trollskogen litt før sommeren
 😊




O-gruppa mønstrar 13 utøvarar i sesongopninga.

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Apr 2017

Påmeldingslistene viser at
det i skrivande stund er 38 utøvarar frå
fem klubbar (Fana, Larvik, Emblem Molde og Velledalen) som er påmelde.
Arrangøren , Emblem IL, har meldt på 14, Velledalen IL 13.

Her er VIL sine utsende
som vi alle kryssar fingrar og tær for på løpsdagen:

D-12 N: Sophia Johanne
Holmberg

D 13-16 N: Sofie Skylstad
Hole

H 13-16 N: Sivert og Andreas Nakken

D 21: Pernille Lervåg

Herrar C: Mateusz Balon, Tormod Klokk og Michal Sermet

Damer C: Torild Hole, Emma Holmberg, Merete Masdal, Janne Tomtum og
Anita Mosby Nakken.

Vi merkar oss at alle
damene i O-gruppa sjølve stiller til start. Det er slike ein kallar gode
rollemodellar.

VIL-Nett ynskjer alle
saman helle og lukke ute i terrenget!!l




Avslutning av Telenor cup 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Apr 2017

Brukbart
frammøte blant løparar med foreldre. Mange kjøpte rikeleg med lodd og mange
fekk flotte gevinstar som vi har fått frå ulike lokale støttespelarar. Vi kan
mellom anna nemne: Gåvekort pålydande 250 kr ved Verkstaden Bistro A/S,
Familiegåvekort Ikornnes Friluftsbad, Gåvekort frå Velledalen Symjehall -
Gratisbillett, Gåvekort frå Sykkylven Symjehall - Gratisbillett, To gongar to
(vaksen + barn) billett ved Møbel og Naturmuseet på Aure. I tillegg mange flotte
premiar frå Velledalen IL.


 Ein såkalla
"Heldiggrispremie" på kr 250,- vart uttrekt av frammøtte born på
premieutdelinga. Den heldige vart Ellinor Sølvik Tandstad.
Svein Arne Nakken




Meir frå trimpostane

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Apr 2017

Far og søner Nakken har
rapportert inn stoda frå tre nye postar. Andreas Nakken var i skogsvegen
Hjorthol påskeaftan klokka 16.35. Då var stoda slik:

104 turar: Ingrid Brudevoll

87 turar: Anita Hjorthol

39 turar: Jan Lade

24 turar: Evelyn Holmberg

24 turar: Svein Hjorthol

Sivert Nakken har rapport denne
stoda frå Vellesætra 1. påskedag klokka 13.30:

58 turar: Torhild Skogvold

27 turar: Alf Petter Bøe

24 turar: Arnhild Linga

Svein Arne Nakken har kome
med ein rapport frå skogsvegen Fet 2.påskedag:

169 turar: Grethe Fet

167 turar: Odd-Kåre Fet

141 turar: Astrid L
Drabløs

20 turar: Alf Petter Bøe

15 turar: Margit Fet

Damene i tet over heile
fjøla, men vi har eit ørlite håp om at Odd-Kåre vil byrje stå opp om natta for
å drage i land ein herresiger i skogsvegen Fet.




Alle kan bli med på: O-løp med Idrettsskulen

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2017

Samarbeidet mellom
Idrettsskulen og O-gruppa vert både rimeleg og bra. Det kostar samla 50 kroner
å delta for fire torsdagar. Born som tidlegare i sesongen ikkje har vore med,
kan også delta. Påmelding til:



 ·

  




 Pernille Ibsen
Lervåg - tlf. 410 87 093



 ·

  




 Julie Brochmann - tlf

 93285881

Borna vert delt i grupper
på 2-3 stk, som held fylgje med eigen instruktør. Dette passar strålande for
større born.

I tillegg vert det ei «løpeløype»,
utan bruk av kart og kompass som passar for dei minste.

Finst det spørsmål, så nøl
ikkje med å kontakte Julie eller Pernille
  




Konkurranse – 2. påskedag

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2017

Sjå foto av nyare dato! Vi lurer på kvifor kvartetten
på blietet har funne vegen til sentrums-området av Sykkylven i påska 2017. Er
det:


 1)

  




 Fordi Sentrumsforeniga i Sykkylven arrangerte kakefest
for bebuarane i utkantstroka for å demme opp for handelslekkasjen.


 2)

  




 Fordi kvartetten har vore med på opninga av ei
hoppegrop for stavsprang i kyrkjeparken


 3)

  




 Fordi det vart lagt siste finpuss på VIL O-gruppe sitt
Sentrums-kart


 4)

  




 Fordi dei dreiv blomeplanting i sentrum for Holmbergs
gartneri. Klubbmeteorolog Holmberg var oppteken med andre gjeremål og måtte
leige inn folk.

 Svar til :

 atlehole@0nline.no
– eller 917 43 761

 innan klokka 23.59 2. påskedag – vinnaren vert
kunngjort 18. april




Susann i tet på Brunstadsætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2017

Sivert Nakken har meldt
inn stoda på Brunstadsætra, der han var 1. påskedag om lag klokka 14.00. Ein
fin dag for turaktivitet. Sivert har meldt inn denne stoda:

151 turar: Susann R. Osnes

132 turar: Inger Anne
Brunstad

110 turar: Frode Værøy

54 turar: Arnt Brunstad

47 turar: Geir Olav Drabløs

Alltid kjekt med nye folk
i toppen. Susann er ny i Velledalen IL si trimgruppe, eit verv ho tydelegvis
tek på alvor. Ho ligg i alle fall an til å bli bete poengsamlaren i gruppa i
2017. Mannfolka heng litt etter på Brunstadsætra, akkurat som på Koppen
trimpost.




Trottigast på Koppen trimpost

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2017

arkivfoto
Unge Andreas Nakken har
sjekka stoda på Koppen trimpost. Sesongen er hårfint over halvvegs, men for
Koppen trimpost står beste månadane att. Slik var stoda laurdag 15. april
klokka 17.15:

55
turar: Ingrid Brudevoll

36 turar: Anita Hjorthol

26 turar: Dag Erik Myhre

22 turar: Åge Vanebo

Ingenting avgjort, men
Ingrid Brudevoll har opna sesongen godt. Fjorårsvinnar Åge Vanebo har opna
sesongen litt laust og lagt seg på fjerdeplass, men det er langt fram til
sesongslutt i oktober.




Orientering: Velledalen IL satsar i sentrum

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2017

Rett over påske smell
startskotet for O-sesongen 2017. Opning på Emblem 18.april med nybyrjarkurs og
arrangør-kurs. To dagar seinare (20.april) finn debuten for det nye sentrumskartet
i Sykkylven stad, då sesongens fyrste o-tekniske trening vert halden i sentrum etter det nye kartet.

O-gruppa melder til
VIL-Nett at dei ikkje er åleine som viser interesse for tiltaka i sentrum. Både
Vik skule (Knut Orre) og Sykkylven vidaregåande skule (Marita Mandal) deltek
under kurset på Emblem den 18. april. Og når det gjeld det nye sentrumskartet
har fleire skular og speidargrupppa i Sykkylven meldt seg intersserte. Like
eins fylket sin klart leiande O-klubb, Emblem IL, som altså legg samlinga si
til Sykkylven den 20. april. Her vert Erlend Nilsen Sandnes, ein av Emblem IL
sine hardtsatsande juniorar, løypeleggar.


 -  Kven kan delta på
samlinga?


 -  Den O-tekniske
treninga passar best for store born og vaksne, men Velledalen IL vil ha eit
opplegg for små born, så ALLE kan ha nytte av kvelden.

F
  orbodne område. At Aure-kartet (sentrumskartet) er i ferd med å
verte ein suksess alt før det er teke i bruk, viser det faktum at Emblem IL har
ymta frampå om eit kretsløp på kartet i september.


 -  Då er det snakk
om relativt korte distansar, gjerne med ca 15 postar og ei vinnartid ned mot 15
minutt i dei ulike klassene, fortel Erlend Nilsen Sandnes, som tok ein siste
finpuss av kartet no i påska.


 -  Sprintorientering
og skogsorientering er to vidt forskjellige greiner. Det er fullt mogleg å lage
krevjande løyper etter eit sentrumskart, og her i Sykkylven ligg alt godt til
rette med blanding av parkar, markar, bustadfelt, asfalt og sentrum. Dessutan
vert det forbodne område, og ein kan ikkje krysse sterkt trafikkerte vegar der
ein vil; det kan berre skje ved gangfelt, seier Erlend, som gler seg stort til
testdagen komande torsdag.

Sentrumskartet.

O-kart arbeid er ganske krevjande, omfattande, og må vere nøyaktig arbeid. Då
VIL-Nett snakka med Erlend i sentrum i påska var det avsluttande smådetaljar i
kartet han arbeidde med.


 -  Kor stort område
dekkjer kartet?


 -  I kvadrat-kilometer
veit eg ikkje eksakt, men du kan få vitet området som er med. Vi han starte ved
Haugneset som er innanfor, så fylgjer vi sjøkanten ut til Aureelva, og denne
opp til Sykkylven stadion (kunstgrasbana). Vidare derifrå kan det dragast ei
line opp til Speidarhytta og derifrå ned igjen til Haugneset. Alt innanfor
dette området er med i det som truleg i framtida vil gå under namnet «Sentrums-kartet».

VIKTIGE DATOAR:


 ·
  

 18.april:
Nybyrjarkurs O-løp og arrangør-kurs på Emblem


 ·
  

 20.april:
O-teknisk trening på nytt sentrumskart i Sykkylven + opplegg for dei minste


 ·
  

 22.apri:
Ungdomssamling i Ålesund i regi av Møre & Romsdal O-krets


 ·
  

 23. april: sesongopning
O-løp for Alle på Aksla – arr: Emblem IL




Stoda i skogsvegen Dravlaus

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2017

Trimposten skogsvegen
Dravlaus (Drabløs) ser ut til å vere avgjort med omsyn til topp-plassen. Men
det er tett på topp-5 lista sin nedre del

Slik var stoda påskeaftan klokka 18.15:

140 turar: Annlaug Lervåg

63 turar: Pernille Ibsen Lervåg

23 turar: Astrid L Drabløs

21 turar: Ragna Drabløs

18 turar: Jens Birger Lervåg

Turen til denne posten
vert løna med 2 poeng. Bratt bakke gir ein tøff start, men er glimrande i
gangfart som oppvarming. Seinare flatar det ut i lett, fint terreng der sjølv
utrena kjenner joggehugen kome sigande, før turen vert avslutta med ein kneik
(motbakke) opp mot posten.

Ein overkomeleg tur for
dei fleste – ein tur som er raskt unnagjort!

Prøv då vel!!
  




Brunstadmann gjekk Trollski Maraton

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2017

Påskekonrad var arrangert
langfredag – kjemisk fritt for deltakarar og tilskodarar frå Brunstad.



 - 




 Kvar er dei, var
det ein som spurde, skal ikkje Brunstad liksom

 vere Velledalen sin «hovudstad»…?

Nok om det, folk med
sterke røter til Brunstad, har faktisk vore i aktivitet siste tida – på andre
hald. I alle fall Olav Brunstad, son til Ludvik, ein kar hårfint over sin
fyrste ungdom (60+), ein kar som likar lange skiturar.

Som fyrste utøvar frå Velledalen IL (er vi
ganske sikre på), har han gått lengste distansen i Trollski Maraton. Den er på
120 kilometer. Ja du las rett – 120 KILOMETER.

Slikt tek tid. I fylgje
meldaren vår brukte Olav like over 11 timar på turen. I same «gata» som
Kjell Magnar brukar under ultra-fjelløpet i Hornindal.

Rykta fortel at Olav mot
slutten av rennet fekk problem med arrangøren sine sperretider. Men han trygla
og ba og fekk halde fram. Han tok seg greitt til mål. Men sidan han hadde vore
litt seint ute, vart det jurymøte og litt «småkrusingar» på arrangørsida.

Men det heile enda godt. Juryen meinte
Olav sine 120 km i Trollski Maraton kunne stå på «eigne bein», og gav han
audiens på resultatlista. Og bra var det, for dette var Olav Brunstad sin 22. målgang i rennet. Noko berre ein mann i heile kongeriket har gjort etter han, nemleg Bjørn Gjerde - også han av 1955-modell

Velledalen IL gratulerer
Olav med lengste skituren med startnummer på brystet i Velledalen IL si
111-årige historie - Ikkje berre 1 tur, men 22!!




PåskeKonrad i strålande vêr.

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2017

Det var eit eksklusivt felt
friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, sende av garde frå Brunstad – på sjølvaste
langfredag, presis klokka 10.00. Her deltok påskegjestar side om side med den
lokale gartnaren, småbrukaren og klubbmeteorologen. Her var studentar frå inn-
og utland, og folk med lang røynsle frå Postverket, frå den tida dei var store
og sett pris på.

Her er tidene og namna i uprioritert rekkefylgje

16.44: Oskar Johan
Kjellsbøl Hole – student Gjelleråsen

22.41: Christina Holmberg - student Slovakia

30.12: Tove Selnæs - postfunksjonnær Trondheim

16.21: Anders Wigdahl - forretningsrådgivar Oslo

20.34: Svein Arne Nakken - småbrukar og skulemann Straumgjerde

16.23: Espen Strøm
Grebstad – student Sykkylven

24.53: Per- Gunnar
Holmberg – gartnar, konsulent og klubbmeteorolog Velledalen.

Som vi ser; solide tider
over heile lina. Det må takast i betraktning at utøvarane var i alderen
nykonfirmerte – 60 år seinare i 2017. Tidene kan difor ikkje samanliknast!

Anders Wigdahl, som har
kost og losji i Olagarden på Hole i påska, vann på 16.21 mot 16.41 i
tilsvarande løp i fjor.
 Espen Strøm Grebstad sette ny familierekord med
16.23. Broren Thomas hadde den gamle på 16.41.
 Espen senka eiga bestetid frå 16.49 til 16.23 – sterkt! Oskar JK Hole
hadde 17.37 under PåskeKonrad 2016, ei tid han pressa ned til 16.44, berre tre
sekund bak det han leverte under hovudløpet i fjor.

Tove Selnæs trenar mot eit mål seinare i
sommar, og debuten i «konkurranse» mot klokka var lovande; Under gjeldande
Ordførarrekord for Konradløpet. Christina Holmberg , arrangør av SlovakiaKonrad
og ei dame med nase for stunt av ulike slag, dokumenterte solid form. Like eins
gartnaren vår som dei næraste månadane skal «springe beina av seg» i gartneriet
for å tilfredsstille kundane, og truleg duellere mot Ingunn Hunnes under
hovudløpet 1.mai.

Jaudå, Per-Gunnar er i
rute han, sjølv om han under PåskeKonrad let den råaste innspurten kvile. Det
gjer han neppe 1.mai. Og Gyls-Svein spring mellom lamming og andre gjeremål nær
sagt døgnet rundt og gjekk etter «sigande» ikkje for full maskin.

Uansett; vel sprunge alle
saman!

PS: Det vart sett ny
tilskodarrekord, då det for fyrste gong var fleire tilskodarar/funksjonærar enn
deltakarar under PåskeKonrad 2017. Også det verdt å ta med seg frå ein flott
dag!




«Friidrettsgutar» i form

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2017

VIL-Nett sin joggande
utsending slo fylgje med friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, og medlem i
friidrettsgruppa, Anders Wigdahl, onsdag 12. april. Dei skulle ha ei såkalla
hardøkt på Ikornnes stadion, med tolv intervalldrag, kvar av dei på 400 meter.

Dagen var grå, men
opphaldsvêr og lite vind, gjorde at forholda likevel var gode. Fattige fire,
fem plussgrader i lufta. Og dei rådde Ikornnes stadion heilt åleine.

Etter ei god oppvarming,
skreid dei til verket. Dei fire fyrste 400 meters draga vart tidfesta til 83 sekund
– 81 – 88 – 88. Med 45 sekund pause mellom kvart drag. Karane sleit litt med å
finne «marsjfarta», men eit snitt på 85 sekund tilsvarar 3, 33-fart på
kilometeren for dei som syslar med trening og har interesse for detaljar.

Etter drag nummer fire var
det to minutt pause, før fire nye drag. Desse gjekk unna på:

86 sekund – 87 – 85 – 84.
Snitt på 85,5 sekund som vil seie ei kilometerfart på 3,35.

Så nye to minutt pause før
dei fire siste draga. Somme vil kanskje tru karane var peiste no….. desse må
tru opp att. Fyrrige som aldri før gjekk dei fire siste draga slik:

83 sekund – 81 – 80 – 75 (siste
på 70 for Anders sin del). Ei snittfart på 80 på runden, som vil seie 3.20-fart
på kilometeren for 50-åringen Alf Petter, og enno litt raskare for noko yngre
Anders.

Konklusjonen knappe tre
veker før Konradløpet: Karane i friidrettsgruppa i VIL held høgt nivå. Og tru
det eller ei; dei har ein litt skadeplaga Kjell Magnar Berli i bakhand.

Luktar det tre mann mellom
dei ti beste frå VIL friidrett sine tillitsvalde under årets Konradløp……???




Årets første kretsmesterskap i orientering

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2017

Målet for dagen, og for året generelt, er
at vi skal dominere resultatlisten i C-klassene!

På alle o-løp er det løyper og
vanskelighetsgrader for enhver smak. C-løypene er litt vanskeligere enn
nybegynnerløypene (N) som stort sett følger stisystem. På C-løypene skal
strekkene mellom postene følge tydelige ledelinjer i terrenget; f.eks et
steingjerde, kanten av et jorde eller en myr eller en tydelig
bevoksningsgrense.

VIL satser på å ha mange startende i C-klassene
og vi satser på å ha mange klassevinnere!

Søndag 23.april stiller familiene Masdal,
Lervåg, Balon og Klokk/Tomtum. Vi håper å få med oss noen representanter fra
familien Idland, Holmberg, Hole, Nakken og gjerne mange flere.

Mindre barn (under ca. 10 år) kan enten gå
en nybegynnerløype i lag med foreldre eller springe så mange runder de har lyst,
i en løpeløype uten kart og kompass, som er satt opp på samlingsplass.

Påmelding til Pernille senest tirsdag
18.april (dagen med nybegynnerkurs og treningsløp på Emblem).

Dagen før, 22.april, er det ungdomssamling
i Ålesund i regi av Møre og Romsdal o-krets for ungdom født etter 2005. Kontakt
Pernille for mer info.




Hjelper du oss med Konradløpa…??

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Apr 2017

For at avviklinga skal gå
på best mogleg måte treng vi mange hjelparar. Arbeidsoppgåvene er mange og
varierte. Vi nemner:


 ·
  

 Parkeringsvakter/Løypevakter/Drikkestasjon/Oppvarmar


 ·
  

 Mottak av
påmeldingar (MiniKonrad)


 ·
  

 Utdeling av
startnummer og mottak av startkontingent til hovudløpet


 ·
  

 Kjøkkenteneste og
sal mat/drikke MiniKonrad


 ·
  

 Kjøkkenteneste i
samband med frukost 1.mai


 ·
  

 Tidtakarar og
skrivarar


 ·
  

 Innsamling av
startnummer/utdeling av drikke.


 ·
  

 Innsamling av
premiar/Utdeling av premiar.


 ·
  

 Speakerteneste
med meir.


 ·
  

 Opprigging/nedrigging
av målsegl begge dagar


 ·
  

 Annonsering/utdeling
av flygeblad.

Like etter påske startar
arbeidet med funksjonærlistene, så vi set pris på tilbakemelding i løpet av
påska til:

Alf Petter Bøe 901 62 279
eller

Atle Hole 917 43 761 - atlehole@online.no




SIL fotball 2003 set farge på Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2017

arkivfoto
SIL fotball sitt gutelag
av årgang 2003 har meldt på dei aller fleste spelarane sine til Konradløpet
1.mai. Tidlegare har dei delteke i MiniKonrad, men denne gongen stiller dei i
hovudløpet.

Alle på laget har norsk
statsborgarskap, men førenamn som Mohamed, Mustafa, Nuradin og Atsada fortel at
opphavet ikkje er norsk. Vi har vore i kontakt med ein av trenarane, eks
velledalingen Ådne Alf Brunstad. Han gav oss desse opplysningane:


 ·
  

 Laget har 25
spelarar i stallen og stiller eitt 11-arlag og eitt 7-ar lag.


 ·
  

 Trenarar for
laget er Tore Kallstad, Terje Skauvik, Tom Freddy Utgård, Svein Tore Sørgård og
Ådne Alf Brunstad. Kjetil Monsøy er keepertrenar.


 ·
  

 Ole Jakob
Tronstad er lagleiar.


 ·
  

 Laget har tre
spelarar med opphav frå Somalia, to frå Thailand og ein frå Sør-Korea i stallen.

Det betyr at Konradløpet i
2017 vil få minst fire nye nasjonale rekordar, med Belgia som fjerde nasjon - totalt 23 nasjonar har då notert rekordar, som vil seie at utøvaren må få ei
slutt-tid, noko berre beste 1/3 av utøvarane får.

Om lag samstundes med at
SIL-gutane sende påmeldinga si til Konradløpet, kom eit skriv frå NIF, sendt
til alle idrettslag i Møre og Romsdal:


 -  Tusen takk til
alle idrettslag som har bidratt i 2015 og 2016 med et særdeles godt
inkluderingsarbeid. Norges Idrettsforbund er stolt over den enorme innsatsen og
engasjementet dere har gjort, og lykke til i det videre arbeidet, heiter det
mellom anna i skrivet.

SIL fotball gutar 2003 er
eit prakteksempel på vellukka integreringsarbeid her lokalt.

Velledalen IL ynskjer
gutane med støtteapparat velkomne til Konradløpet 2017!!




Urke-tausa, Elisabeth, fyller 50!

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2017

arkivfoto
For heile Velledalen var
det eit tap då Elisabeth flytta. Eit stort tap! Og sjølv om Elisabeth ikkje har
verv i Velledalen IL i dag, er det heilt naturleg å ofre plass på henne på
nettsida. I respekt for den innsatsen ho gjorde.

Elisabeth hadde mellom
anna med medlemsinnkrevjing å gjere. Ho var ein framifrå «skattmeister». VIL
har aldri hatt så mange medlemar i løpet av levetida på 111 år, som dei åra Elisabeth
sat med ansvaret. Medlemsrekorden lyder på 231 betalande.

I fleire år tuska ho med
sal av Ullmax-klede. Ho var på plass på alle Førjulsmesser og la ned haugevis med
arbeidstimar. Med Elisabeth ved roret gjekk dette av seg sjølv (trudde i alle
fall vi andre). Gode inntekter, som i dag er borte, sidan vi ikkje fekk nokon
til å ta over etter Urke-tausa.

Vi treng ikkje skrive
nokon lang tale til Elisabeth Urke. Vi kan seie det kort og presist med
avtroppande VIL-leiar Atle Hole sine ord:


 -  Ei av dei klart beste
eg har hatt under mine vinger i mi tid i Velledalen IL

Ord å suge på for
jubilanten, både på 50 års dagen og i framtida!

Velledalen IL gratulerer!!




PåskeKonrad vert arrangert langfredag

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2017

arkivfoto
PåskeKonrad har vorte
tradisjon. Deltakinga har variert gjennom åra, med frå fem til 20 deltakarar.
Tiltaket kom i gong som eit tilbod til påskegjestar, personar som gjerne ikkje
hadde høve til å vere i Velledalen på den store løpsdagen, 1.mai.

Men PåskeKonrad er i
høgste grad eit arrangement for alle – ein liten formtest. Her kan alle delta,
med eller utan tidtaking.

NOKRE STIKKORD OM LØPET DENNE PÅSKA:


 ·
  

 14. april
(langfredag) er dagen.


 ·
  

 Start frå
Nærbutikken kl. 10.00


 ·
  

 Løypa er den
vanlege Konradløp-løypa, det vil seie 4,5 km, etter asfalt. Litt motbakke i
starten, i ei løype som har fyrste halvdel som den tyngste.


 ·
  

 Påmelding ved
start ca. 09.45




MiniKonrad – kortare løype

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Apr 2017

MiniKonrad vert som vanleg
arrangert 30.april, som dette året fell på ein sundag. Difor går fyrste start
så tidleg som 14.00.

Nytt av året er:


 ·
  

 Flytta frå
Brunstad til Dalemyra


 ·
  

 Kortare løype for
alle.


 ·
  

 Startkontingenten
er sett ned frå 60,- til 50,- kr

1050 meter – som det var
på Brunstad – er ein lang distanse for dei yngste. No er den tid forbi. I 2017
vert distansane slik:


 ·
  

 0-5 år:
  ca
350 meter – utan tidtaking


 ·
  

 6-10 år:
  750
meter – utan tidtakking


 ·
  

 11-16 år:

750 meter – med tidtaking

Det vert lik premiering på
alle. Ekstra premie til beste gut og jente på tid




Seniorkampar fotball Dalemyra 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2017

Planen er at det skal spelast seks seriekampar på
Dalemyra. Her er datoane:

1. juni: FK Sykkylven - Hødd 2

16. juni: FK Sykkylven - Volda

29. juni: FK Sykkylven – Godøy

11. august: FK Sykkylven – Rollon

24. august: FK Sykkylven – Hareid

7. september: FK Sykkylven – Langevåg

Velledalen IL skal ha kiosksalet under kampane.

Som vi ser fleire
godbitar. Tøffe kampar, mellom anna mot nedrykkslaga frå 2016-sesongen, Hødd 2, Volda og Rollon. Så her er det berre
å merke seg datoane og møte fram.
  




Kjende namn i Vårdilten

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2017

Regnbyger og 5-6
plussgrader møtte dei 34 løparane som starta i det 4,3 kilometer lange
mosjonsløpet, Vårdilten, i Ålesund i kveld. Reese Bendiksen vart beste jente på
tida 17.44, medan Jan Ketil Vinnes brukte 14.53 som vinnar av herreklassa

Nedanfor vil du finne
nokre kjende namn:

M 14-15 år:


 1.
  


 Gaute Skar-Hovde 18.30


 2.
  


 Sean Buling Lillehamre Strøm 20.57


 3.
  


 Sivert Mosby Nakken 21.35


 4.
  


 Andreas Mosby Nakken 21.40

M 45-49 år:


 1.
  


 Jan Ketil Vinnes 14.53


 2.
  


 Per Inge Bjørnestad 15.59


 3.
  


 Sander Weerstra 19.20


 4.
  


 Martijn Lonkhuizen 20.25

M 50-54 år:


 1.
  


 Bjørn Arve Larsen 18.29


 2.
  


 Fridtjof Fredriksen 18.47


 3.
  


 Svein Arne Nakken 19.06




Heider til Anne-Britt

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Apr 2017

Det var under årsmøtet i
Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag den 25. mars prisen til Anne-Britt Hjortdal
vart delt ut. Bakgrunnen for at nettopp ho fekk Aktivitetsprisen 2016, var hennar
langvarige arbeid til fremje av folkedansen.

Det er i hovudsak
Sykkylven Frilynde Ungdomslag som har kunne hausta fruktene av Anne-Britt sitt
arbeid. Men ho har også jobba på fleire felt. Mellom anna har ho alltid vore
positiv og hjelpande når Velledalen IL sin Idrettsskule har spurt henne etter
instruksjon i folkedans. Og det har vore uråd å få henne til å ta betaling,
berre så det og er nemnt. Elles er Anne-Britt sporty og morgonfrisk, noko ni
deltakingar i Konradløpet vitnar om. 10 års premien ventar om få veker……

Velledalen IL er stolte av
å ha medlemar som Anne-Britt i rekkjene. Vi applauderer høglydt for SÆRDELES
fortent pris!!




Vårdilten i Ålesund 5.april

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Apr 2017

Dette er eit mosjonsløp på
4,3 kilometer, og dermed overkomeleg for dei fleste. Kor mange sykkylvingar som
vert å finne på startstreken er uvisst, men då påmeldingslista vart sjekka ved
middagstid, fann vi desse lokale namna:


 ·
  

 Fridtjof
Fredriksen


 ·
  

 Svein Arne Nakken


 ·
  

 Per Inge
Bjørnestad


 ·
  

 Andreas Mosby
Nakken


 ·
  

 Sivert Mosby
Nakken

VIL-Nett kjem med resultat
frå løpet i kveld eller i morgon




Tunge gratulasjonar til «Gull-Petter»!

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2017

Bilete frå påskeferga 2011
Sist fredag tok Petter gull i super-G i klasse 31-35 år.
 Han var åleine i klassa, så kampen stod om å kome til
mål, noko han gjorde med glans.

Den store dramatikken kom
dagen etter, laurdag 1. april med storslalåm på programmet. To deltakarar,
Petter-Andre Aursnes og Tor Even Fet, i klasse 31-35 år. Det MÅTTE bli gull til
Sykkylven – trudde alle. Petter feila i 1.omgang, men Tor Even kom til mål på
tida 1.07.51. Om han ikkje akkurat hadde gullet kring halsen, så hadde han det
i lomma. Men han måtte kome seg til mål i 2.omgang – noko han diverre ikkje
gjorde. Bittert, og vi føler med Tor Even.

Sundag stod slalåm på
programmet. Ein revansje-sugen Petter tok sitt andre gull etter desse
resultata:

Klasse E 31-35 år:


 1.
  

 Petter-Andre Aursnes, SIL, 1.31.38


 2.
  


 Lauris Anzons 1.33.56

Tor Even Fet DNS

Klasse H 46-50 år:


 1.
  


 Fredrik Köhlberg, Sverige 1.25.12


 2.
  


 Dag Roar Flemmen, Rival, 1.25.28


 3.
  

 Eivind Fet, Sykkylven IL, 1.25.66

Åtte utøvarar fullførte
begge omgangar

Vi nemner også at Cato
Andre Eide ikkje kom til mål i klasse 17-30 år under slalåmrennet, men han tok
ein fin fjerdeplass i storslalåm, etter ein sterk siste-omgong.




Riksheimdalen trimpost 2.aprik klokka 20.30

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Apr 2017

Dette er ein av dei mest
stabile postane. Stort sett med dei same namna år etter år. Ivar Arne Flo vert
ikkje lett å vippe av pinnen dette året heller, men har du tid og krefter må du
gjerne prøve.

Her er stoda for Riksheimdalen trimpost 2.april klokka
20.30:

126 turar: Ivar Arne Flo

59 turar: Renathe Belinda Riksheim Oldeide

47 turar: Jens Petter Riksem

47 turar: Torill-Anne Lie Aurvåg

32 turar: Hildegunn Eikemo




Bruna trimpost – stoda 2.april klokka 08.00

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Apr 2017

arkivfoto
Trimsesongen på Velledalen
IL sine trimpostar går frå oktober til oktober. Det vil seie at sesongen no er
temmeleg nøyaktig halvgått. Med lite snø i lavlandet er det grunn til å tru at
aktiviteten har vore stor. Noko også tala frå Bruna trimpost viser. Høgt nivå
og kamp om å hamne på topp-5 når det vert sett sluttstrek, er det likt til.

Her er dei åtte kvassaste «knivane» pr. 2.april klokka
08.00:

222 turar: Inger Anne
Riksheim

141 turar: Solveig Olsen

96 turar: Anita Johansen

74 turar: Kjell Olsen

71 turar: Eli Mette Tandstad

70 turar: Bente Hjelle

66 turar: Anne Lise Hjelle

64 turar: Jan Kåre Oterhals




Eivind Fet tok sølvmedalje i NM Masters

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2017

Arve Hovdenakk(t.v) og Eivind Fet
Eivind Fet, med bakgrunn
som VIL-alpinist, var uheldig under super-G fredag. Etter tredje beste tid i
prøveomgangen, miste han skia under sjølve rennet. Dermed vart han uplassert,
men dagen gav han trua på at noko større var mogleg.

Og det STØRRE kom alt
under storslalåmrennet, i klasse Menn H (46-50 år), med ni fullførande
deltakarar.


 1.
  


 Børre Steen, Asker Skiklubb, 1.51.01


 2.
  

 Eivind Fet, Sykkylven IL, 1.51.46


 3.
  


 Dag Roar Flemmen, Rival, 1.52.12

Fleire sykkylvingar har
vore i sving. Vi kjem tilbake med meir resultat, etter siste renn som er slalåm
sundag 2. april. Kanskje Eivind Fet si sterkaste grein.

Vi nemner likevel her å no at Petter-Andre
Aursnes køyrde inn til gull i klasse 31-35 år i super-G på fredag, i ei klasse
der ingen «våga» utfordre han.




Ordførar Drotninghaug toar sine hender

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2017

Ordførar Drotninghaug
sukkar tungt. Hans dagar i lokalpolitikken kan vere talde ved neste lokalval.
Han er ikkje sikker. Seier han må på leit etter vitnemålet frå vidaregåande
skule.

Forslaget er lansert av Høgre-duoen Jan
Tore Sanner og Torbjørn Røe Isaksen – sistnemnde kunnskapsminister må vite.
Forslaget får etter alle solemerke fleirtal på Stortinget.

Vert det fleirtal, skal
nær-kunnskaps reforma gjelde frå 1. jauuar 2020. Men fortvil ikkje, det er lagt
opp slik at dei som ikkje har kunnskapen inne, kan skaffe seg den gjennom
intensiv-kurs i landet sine tolv største byar. Ei studieveke, etterfylgd av
eitt eksamensforsøk i kvar by.

Sanner og Røe Isaksen har
laga fylgjande døme:

«NN er kommunepolitikar i
Sykkylven og har 3 i karakter i samfunnsfag frå vidaregåande skule. Men sidan NN
har eit brennande ynskje om plass i Sykkylven kommunestyre må han løfte seg
fagleg. Han startar i Tromsø med studiar og eksamen. Får han ikkje 5 der, må
han vidare til Bodø. Same prosedyre der. Får han 4 eller svakare til
eksamen vert Trondheim neste stogg.
Dersom NN ikkje har fått 5 i samfunnsfag etter å ha vore innom alle tolv byane
i opplegget, vert vedkomande teken hand om av sensornemnda».

Der sit Sylvi Listhaug, Per Olaf Lundteigen og Torvald
Stoltenberg.
  VIL-Nett har hatt ein
prat med Sylvi Listhaug etter oppmoding frå Odd Jostein Drotninghaug.


 -  Kva skjer med
denne NN om han ikkje maktar 5 i samfunnsfag i nokon av byane.


 -  Då vert
vedkomande sendt ut.


 -  Ut av landet..??


 -  Nei, sjølvsagt
ikkje – ut av politikken.

Ordførar Drotninghaug er ikkje nådig.


 -  Nær-kunnskap meg
her, og nær-kunnskap meg der, seier han nedlatande. Håper dette skal gjelde
også for rikspolitikarane.

Andre VIL-Nett har snakka
med er langt meir positive:


 -  Dette var på høg tid!
  Faktisk noko eg har venta på,
  seier AP sin Hans Petter Sørensen. Skal lærarar ha fire i
matematikk, er det eit rimeleg krav at lokalpolitikarar skal ha fem i
samfunnsfag, seier Sørensen.


 -  Har du kravet alt
inne?


 -  He,he – kanskje det

Høgre-politikar Petter Lyshol blæs i nase av heile
forslaget:


 -  Eg kan her og no
melde min avgang. Den tida eg dreiv med fotballdømming vanka det nokre 5-arar,
men her er det tydeleg at nokon manglar sunt bondevit. Personleg kjem eg i
neste fireårsbolk til å bruke all mi fritid på kyllingproduksjon på Lyshol.
Frittgåande kylling, så naboane er med dette åtvara.

Ordførar Drotninghaug
fryktar det noverande kommunestyret kjem til å «smuldre» opp.


 -  Dette kan vere
ein farleg veg å gå. Korleis vil det gå med den nye sentrumsskulen om
kommunestyret vert fylt opp av «kunnskapsbroilarar» over heile lina…?


 -  Ja, kva trur
ordføraren om det?


 -  Då kan skulen
fort gjort hamne oppe på Slettegjerde, uti Øggardsvikja eller inni Ramstaddalen.
Det florerer med rimelege tomter i utkantane. Og kjem Sp til meir makt kan
skulen fort gjort hamne høgt og fritt på Myrdalen. Folk med 6 i samfunnsfag går
for det, har eg høyrt. Der kan det på sikt slåast saman med Stranda.




HK-stafetten: Warholm spring for Velledalen IL

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2017

Er kontaktnettet i orden
er det mykje som kan fiksast. Alf Petter Bøe spring for «stormakta» Rindal IL,
noko som nok har hjelpt han i denne saka. Det var ikkje rart at
fridrettsleiaren gliste lurt etter ein tur han hadde til Ulsteinvik nyleg:


 -  Eg visste dette
kunne gå før eg reiste, men er betryggande å ha underskrifta hans på papiret.


 -  Kva etappe er
tiltenkt Warholm?


 -  Det har vi vore
klare på heile tida. Skulle han springe for oss var det sjarmøretappen som var
aktuelt, altså den nest siste.


 -  Vert dette dyrt
for Velledalen IL?


 -  Nei, det ligg
ikkje økonomi i dette frå hans side. Dette er ei rein veneteneste.

Sjølv seier Karsten Warholm dette:


 -  Eg gir alt for
Velledalen IL denne dagen. Etter eg får pinnen i handa sjaltar eg ned, rusar «motoren
« til høgt turtal. I store deler av etappen held eg høg 400-meter fart, medan
eg inn mot veksling på litt stive bein, vil «flyte» inn på rutinen. Eg
garanterer at Velledalen IL skal ha beste etappetid på nest siste etappe
13.mai!

Om du er av dei som synest
friidrettsleiaren vår har sett ekstra lukkeleg ut siste dagane, veit du no
grunnen. AP Bøe fortel at laget på det næraste er klart, med berre to av dei 15
etappane som ledige. Habile løparar som er interesserte kan kontakte Alf Petter
på 901 62 279. Dette gjeld begge kjønn, då VIL stiller lag i klasse A1,
som er miksa lag med fleirtal menn. Friidrettsgruppa har ein konkurranse gåande
der folk kan tippe laget si sluttid.




O-gruppa takker Atle Hole!

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mar 2017

Takk for måten du tok
i mot o-gruppa på!
 Takk for din optimisme og din
entusiasme! Takk for all hjelp og støtte vi har fått!

Du skryter uhemmet av alt og alle, men
nevner aldri deg selv og den store jobben du gjør og har gjort år inn og år ut.
Velledalen idrettslag er et helt unikt idrettslag på grunn av deg!

Vi skjønner at du etter mange års tro
tjeneste har lyst å bruke tiden din på annet enn Idrettslaget og ønsker deg
lykke til som pensjonert VIL-leder!

O-gruppa gratulerer også Ove Skylstad med
det ærefulle vervet; vi ser frem til godt samarbeid med deg også!

Hilsen O-gruppa v/Merete, Janne, Bernt Are
og Pernille




Årsmøtet: Gjorde justeringar i familiekontingenten

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2017

Styret i Velledalen IL
ynskjer det skal vere rimeleg å vere medlem i Velledalen IL.

Lovnorma seier:


 ·
  

 Kontingenten vert
fastsett av årsmøtet


 ·
  

 Det kan krevjast
treningsavgift/deltakaravgift i tillegg til kontingent


 ·
  

 Æresmedlemar kan
vere fritekne for kontingent


 ·
  

 Ein kan operere
med familiekontingent, men den må vere slik at snittprisen pr. medlem ikkje
vert under kr. 100,- (på dette punktet har vi synda – teke kr 400,- uansett tal
born).

Og her er vedtaket som vart samrøystes godkjent:

MEDLEMSSATSAR FOR 2017:

Born:
  Kr.
100,-

Vaksne:
  Kr.
200,-

Familie:
  Kr. 400,- inntil to born, deretter kr 100,- i
tillegg for born utover to (iflg NIF si lov)

Støttemedlemskap:
  Frivilleg sum (NB: Ikkje stemmerett om vaksen eks. betalar kr 150,-)

Born gjeld til og med 17
år. Vaksentakst det året ein fyller 18.

Det nye hovudstyret i
Velledalen IL håper rett så mange – med glede - betalar inn kontingent for 2017. Til
kontonummer
  : 4045 10 23537.

Ny kasserar er Håkon Fedt.




Langtidsvarsel om påskevêret 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mar 2017

Under
det omframe årsmøtet i VIL gav avtroppande leiar, som ei av sine siste
oppmodingar som leiar, klubbmeteorologen i oppdrag å kome med ei utgreiing om
Påskeveret. Vanlegvis vil klubbmeteorologen ha eit par veker til å grunne
på veret før han kjem med sine spådommar. Dette vert difor
hastverksarbeid.

Påskeveret
brukar å vere svært skiftande, med både sol, regn og snø. Slik også i
år. Vår gode granne Knut-Edvard minte meg her eine dagen på at for ca. 30
år sidan målte han over ein meter snø attom nova si ei Påske. Slik vert
det ikkje i år.

Det
ser ut for at Palmehelga vert solrik med godt ver og lite vind, og fine
temperaturar på dagen. Utover i Påskeveka vert det truleg ein god del
nedbør, stort sett i form av regn. Kor langt ned snøgrensa kjem, er ikkje
godt å seie, men det kan kvite på i slutten av veka, men mykje snø vert det i
alle høve ikkje i låglandet. 1. og 2. Påskedag kan det sjå ut for at det
letnar og vert noko sol. På årsmøtet lurte Hol-Elling på om han måtte
bere skiene langt når han skulle på Ausekaret i Påska. Til det er svaret
ja, men Langfredag kan han kanskje spenne dei på seg ned ved skiftet.

Vyrdsamt

Per-Gunnar
Holmberg, klubbmeteorolog i VIL




Ove Inge Skylstad ny leiar i Velledalen IL

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mar 2017

Ove Inge Skylstad har lang
røynsle med lagsarbeid, både frå Fjellhug, Velledalen IL og Valldal IL. I
sistnemnde lag har han vore leiar, medan han har hatt kasserar-jobben i
Velledalen IL dei siste åra. Elles er det verdt å merke seg at Ove sin sambuar,
Torild Hole, også har vore leiar i VIL. Det tok såleis 111 år før mann og kone
i eit parforhold begge kunne slå seg på brystet som leiarar i VIL. Hurra for
Ove og Torild!!

Velledalen IL sitt hovudstyre:

Ove Skylstad (leiar) 2017
og 2018

Håkon Fedt (kasserar) 2017

Åshild Kristoffersen
(sekretær) 2017

Elisabeth Sjøli 2017 og
2018

Ole Peder Holmberg 2017 og
2018

Marit Hole 2017

Atle Hole 2017

1.vara: Thorbjørn Hopland,
2. vara: Liv Nordli Hole

IDRETTSSKULEN:

Julie Brochman – leiar

Elise Tandstad

Bente Hide

Asgerd Godøy

O-GRUPPA:

Pernille Ibsen Lervåg - leiar

Janne Tomtum

Merete Masdal

Bernt Are Lervåg

FRIIDRETTSGRUPPA:

Alf Petter Bøe – leiar

Anders Wigdal

Kjell Magnar Berli

Olav Strømme

Odd-Kåre Fet

Terje Sigbjørn Aurdal

Karstein Magne Jensen

LANGRENNSGRUPPA:

Svein Arne Nakken

Bård Erstad

Asbjørn Tandstad

Knut Orre

Pål Rune Fet

Anita Mosby Nakken

Kjetil Eikemo

Gruppa konstituerer seg
sjølve.

TRIMGRUPPA:

Torje H. Bjørneseth

Bjørg F. Hole

Hans Olof Holmberg

Britt Janne Aune

Lars Even Hatlemark

Susanne Osnes

Inger Anne Brunstad

REVISORAR:

Olga Sørensen

Per-Gunnar Holmberg




29 personar kvalifiserte til 10 års premie

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mar 2017

29 personar kan altså hente ut tiårs-premien
  om dei stiller under den 16. utgåva, 1.mai 2017. To
av dei har heilt klart tenkt å stille, då dei alt er påmelde. Det gjeld Mads
Emil Midtlid og Jarle Konrad Fausa.

Som arrangør håper vi
flest mogleg av dei andre på lista nedanfor også stiller. Det er ei ære å få
dele ut ei lite oppmuntring til dei trufaste. Dei som står oppført på lista må
sjølve syte for å hente desse premiane i Velledalen grendahus etter løpet. Har
de problem med å finne fram til rett krok, så spør etter statistikk-førar Lars
Inge Sæther.

Desse er kvalifiserte til 10 års premie:


 ·
  

 Ole Petter Berge.


 ·
  

 Hege Urke Brunstad,
Inger Anne Brunstad.


 ·
  

 Lilly Eggen,
Nancy Eggen.


 ·
  

 Ståle Eikrem,
Grete Eikrem.


 ·
  

 Jarle Konrad
Fausa.


 ·
  

 Pål Rune Fet.


 ·
  

 Norunn Godø.


 ·
  

 Anne-Britt
Hjortdal.


 ·
  

 Lars Urke
Hjorthol.


 ·
  

 Ingebjørg Hole,
Kjetil Hole, Paul Magne Hole.


 ·
  

 Robin Jørgensen.


 ·
  

 Peter Kalvatn.


 ·
  

 Una Meldrum.


 ·
  

 Mads Emil Midtlid.


 ·
  

 Stein Midttun.


 ·
  

 Eldrid Myhre.


 ·
  

 Silje Sæther Nilsen.


 ·
  

 Harald Relling.


 ·
  

 Håkon Sæther
Tandstad, Ole-Martin Tandstad, Petter E. og Tone Tandstad.


 ·
  

 Birte Urke.


 ·
  

 Rolf Haxthow.




Velledalen IL både her og der

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mar 2017

Denne helga fekk VIL sin
nye langrennstrikot lufta seg i skirenn for fyrste gong. Og den storhendinga
fann stad i Valdres, i Valdresmarsjen. Og det var vel ikkje meir enn rett og
rimeleg at det var design-skaparane, Anders Wigdahl og Ellen Marie Hole, som
utførte jomfruturen. Dei gjekk det som heiter halv distanse, frå Vangsjøen til
Danebu, ei strekning på 35 kilometer. I stålande sol. I tilbakemeldinga til VIL-Nett
står det:


 -  Flottaste forholda vi har opplevd denne
vinteren. Rennet kan anbefalst til andre aktive i VIL-miljøet.

VIL sin friidrettsleiar
har vore i Ulsteinvik i helga. Kva han gjorde der kan du lure på, men det kjem
vi tilbake til. Gå inn på VIL-Facebook !!. Stor takk til Anne Britt Kurseth for
foto




Helgakonkurransen: Kven har ordførar-rekorden ?

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mar 2017

Kvar helg framover vert
det konkurranse med Konradløpet som tema. Alle som deltek, uansett rett eller
feil svar, er med i trekninga av eit par Konradløp-sokkar av god kvalitet. Frå
Holmberg AS i Vik i Sogn.

Spørsmålet denne helga lyder slik:

Kven har ordførarrekorden
(30.52) i Konradløpet? Er det:


 1)
  


 Petter Lyshol


 2)
  


 Jan Kåre Aurdal


 3)
  


 Odd Jostein Drotninghaug


 4)
  


 Arne Sandnes (Norddal)

Peis inn svar innan
utgangen av 26.mars til:

E-post: atlehole@online.no

Melding: 917 43 761

Og hugs; ein treng ikkje
ha rett svar. Alle deltakarar har same sjansen.




Arnas jaktar ny Litauen-rekord

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mar 2017

Arnas har ved fleire høve,
eksempelvis under Tomasløpet i Straumgjerde, vist at han er lett på foten. I
2016 debuterte han i Konradløpet, og kom inn på den flotte tida 17.41. Noko som
var langt under gjeldande Litauen-rekord.

Men uheldigvis for Arnas,
same dag debuterte ein annan ungdom frå Litauen, nemleg Jonas Siurskas, busett
på Stranda. Jonas har sykling som hovudidrett, og har siste par åra vore beste
syklisten på Stranda. Han gjorde unna Konradløpet på 17.02, ei tid som altså i
lesande stund er Litauen-rekord i Konradløpet.

Arnas gir seg ikkje så
lett. Han er alt komen på påmeldingslista for 2017, noko Jonas førebels ikkje
er. Og vi tippar Arnas er god nok for ny personleg bestetid – og kven veit,
kanskje slettar han den litauiske rekorden i same slengen….?




TELENOR-Fjellsætercup i langrenn

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mar 2017

Løparar utan tidtaking
   
   

Jenter
3 år 2 km:


Nikoline Johanne Tandstad Tandstad
barnehage

Jenter
4 år 2 km:


Ellinor Sølvik Tandstad Tandstad
barnehage

Jenter
og Gutar 5 år 2 km (3 stk.)

 :


Lily Bakke Payling Sykkylven
IL


Alvilde Kristine
Tandstad Tandstad
barnehage


Alfred Masdal Velledalen
IL

Jenter
og Gutar 6 år 2 km (3 stk.)

 :


Emmeli Haram
Blakstad Krikane
barnehage


Storm Fure Ullavik
barnehage


Markus Bjørke Velledalen
Nat.barnehage

Jenter
og Gutar 7 år 2 km (5 stk.)

 :


Savanna Fure Ullavik
skule


Benedikte Sølvik
Tandstad Tandstad
skule


Tim Bakke Payling Ullavik
skule


Molly Brekke Vik
skule


Synneva Sogge Ullavik
skule

Gutar
8 år 2 km:


Sevrin Hjorthol Velledalen
IL

Jenter
og Gutar 9 år 2 km (5 stk.)

 :


Hedda Mandal Bueide Aure skule


Helena Haram
Blakstad Ullavik
skule


Aleksandra Sølvik
Tandstad Tandstad
skule


Troy Bakke Payling Ullavik
skule


Hedda Vatnehol Straumsheim Tandstad
skule

Jenter
10 år 2 km:


Alise Blindheim Ullavik
skule

  Løparar med tidtaking:
   
   

Gutar 12 år 2 km (2 stk.)

 :


Nr. 1 Marcus Mandal Bueide Aure skule 9.08 minutt


Nr. 2 Jakob Lunde Ikornnes
IL 11.14 ''

Gutar
14 år 3 km (3 stk.)

 :


Nr. 1 Sivert Mosby Nakken Velledalen IL 22.32
minutt


Nr. 2 Andreas Mosby Nakken Velledalen IL 23.04 ''

Herrar
senior, 10 km (3 stk.)

 :


Nr. 1 Sevrin Grebstad Sykkylven IL 37.21 minutt


Nr. 2 Sveinung Grebstad Sykkylven IL
43.06 ''


Nr. 3 Rolf Vaksvik 52.28 ''




TELENOR-FJELLSÆTERCUP: Siste renn 22.mars

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mar 2017

Det femte og siste rennet
går i fri teknikk. Som vanleg er det påmelding ved start, og ein kan starte når
ein vil i tidsrommet 18.00-19.00.

Vi minner om
premieutdelinga også. Den er tidfesta til onsdag 29. mars, på Tandstad skule.

Nettsida kjem tilbake til
den når det nærmar seg.




Nestleiar påmeldt i Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mar 2017

Kring 40 dagar igjen, og
påmeldingane sig inn. Magne familiar har meldt seg, noko vi synest er flott. Vi
trur dei har ei god, felles oppleving i vente.

Av dei som alt har meldt
seg på, finn vi Ingvill Aure. Ho er nyslegen nestleiar i Sykkylven Handelsforeining
for komande år. Vi prøvde å få leiaren på trua for nokre år sidan, det året
heile staben i Sykkylvsbladet reid den sunne bølgja, men lukkast ikkje.
Nestleiaren er ei god erstatning, sett frå arrangørhald.

I fylgje Lars Inge Sæther
sin statistikk er den aktuelle nestleiaren debutant. Vi ynskjer henne velkomen,
og skal gjere det som står i vår makt for at morgonen skal bli minnerik.

Lukke til Ingvill!!

PS
 .
Påmeldingslista i år er sett opp alfabetisk. Som betyr at ein person med
etternamn på A,
 vil få startnummer 1.
Førebels står Ingvill Aure øvst på lista.




Gull glimar ikkje evig!

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Mar 2017

God form kan ikkje kjøpast
på blå resept, brukar friidrettsleiar Alf Petter Bøe seie. For somme
sofaslitarar vil det sikkert gjere godt å lese punkta under, som til fulle
viser at «gull glimar ikkje evig»


 ·
  

 Arve Tellefsen
gjekk rennet på 5.57.25 i klasse 80-84 år og greidde merkekravet som var godt
over seks timar i denne klassa.


 ·
  

 Vinnar Martin
Johnsrud Sundby brukte 2.20.52. Beste sunnmøring, Knut Anders Hatlen, brukte
2.47.49, og Nils-Ingar Aadne (eks Brøvøllsfestivalen), toppidrettsutøvar for
eitt år, kom inn på fine 2.54.13. Til samanlikning brukte vår bestemann, Svein
Arne Nakken, 3.22.46.


 ·
  

 Vi nemner at
Andre Haugsbø, dyktig all round-utøvar som Kjell Magnar Berli leika seg med
under Stranda Fjord Trail Race (og slo), gjekk på flotte 2.40.58.


 ·
  

 Berit Aunli var
best i verda i langrenn for nokre tiår sidan. No er ho kring 60 år og gjekk på
4.37.46. Og merk; no er den tidlegare ikornnes-tausa, Marit Ellen Josefsen,
mest like god. Ho gjekk på 4.41.14 i same klasse. Verdt å applaudere!


 ·
  

 Men det mest
graverande fann vi i klasse M 60. Her er løparane i alderen 60-64 år. Frå
Sunnmøre vart Torstein Hole nummer 18, Odd Jarle Døving nr. 26 og Harald
Starheim nummer 27. Alle godt nede på 3.20-talet i tid. Vår eigen Olav Brunstad
gjekk på 4.06.14 i ei klasse der merkekravet var 4.10.45.

Men godt over fem timar finn vi «storfiskane».
Mannen på 321. plass lyder namnet John Northug (far til Petter) på 5.05.22. Og
lenger nede; nr. 338, Tidlegare landslagsløpar Ove Aunli, på 5.16.58. Begge
milevis unna merkekravet.




Verbale roser til Terje Aurdal

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Mar 2017

Tafjord Kraft plar kvar
vinter arrangere skikurs for kundar, tilsette og andre. Denne gongen var turen
komen til Fjellsætra. Kurset omfattar ei innføring i rett teknikk, både i
klassisk stil og fristil. Ingen ringare enn kretslagstrenar, Pål Bjørn Øvrebust,
og juniorlandslags-løpar, Martine Lorgen Øvrebust tok seg av den biten.

Men karen som var esla til
å halde kurs i skismørjing for dei påmelde, han måtte melde forfall. Slik vart
VIL kopla inn, i ei helg der leiaren i langrennsgruppa var oppteken. Men
friidrettsgruppa sin Terje Aurdal var sporty og tok jobben på kort varsel.
Flott gjort, Terje, stjerne i margen og verbal fagnad er heilt på sin plass!!




Svein Arne nr 110, Olav nr 163 i Birken

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Mar 2017

arkivfoto
Vi opnar med ein utflytta
sykkylving, og gratulerer Marit Ellen Josefsen med merke nummer 11 på 11
startar, med 22. plass i klasse 60-64 år med tida 4.41.14.

Marit Josefsen er av 1957-årgang og gjekk
for Ikornnes IL i glanstida. Ei hard bygdaklasse med jenter som Inger Riksheim,
Janne Eilertsen, Gunn Jarnes og sikkert fleire.

ANDRE «KREMRESULTAT»:

5. plass: Ikornnes IL
Dream Team - 1979 i StafettBirken

5. plass: Ingrid Nerem i klasse K 18 – tid 3.29.45

6. plass: Liv Janne
Øvrebust i klasse K45 – tid 3.28.59

10. plass: Anniken
Hjellbakk Hole klasse K 25 – tid 3.12.40

14. plass:
 Knut Anders Hatlen
i klasse M 35 – tid 2.47.49

18. plass: Torstein Hole i klasse M 60 – tid 3.22.06

SYKKYLVSRESULTAT:

110. plass: Svein Arne Nakken i klasse M 50 – tid 3.22.46

110. plass: Jan Egil Årnes i klasse M 60 – tid 3.51.01

163. plass: Olav Brunstad
i klasse M 60 – tid 4.06.14

346. plass: Fridtjof
Fredriksen i klasse M 50 – tid 3.55.01

427. plass: Jan Even
Sandal i klasse M 40 – tid 4.24.28

Klassevise resultat frå
FredagsBirken er meldt i tidlegare sak.




Svein og Olav går Birkebeinerrennet

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mar 2017

Velkomen til
Birkebeinerlaurdag – og passeringstider.
  


SKRAMSTAD:

34.56: Knut Anders Hatlen, Stranda

36.35: Johannes Løkkeborg, Emblem

38.21: Bjørn Ole Vassbotn, Volda

38.52: Aksel Indreeide, Valldal

39.10: Anniken Hjellbakk Hole,
Sunnylven

39.36: Cato Ryste, Volda

41.01: Torstein Hole, klubblaus

41.06: Svein Nakken, Velledalen IL

41.35: Harald Starheim, Valldal

42.42: Arild Bjørdal, Ørsta

42.47: Liv-
Janne Øvrebust, eks Stordal

43.30: Ingrid
Nerem, Emblem

44.59: Anders
Hellevik, Stranda

45.32:
Fridtjof Fredriksen, Sykkylven

45.46: Gisle
Aaland, Sunnylven

45.57: Jan
Egil Årnes, Sykkylven

48.57: Nils Martin Romestarnd, Ørsta

49.57: Olav Brunstad, Velledalen IL

52.07: Jan
Even Sandal, Sykkylven

52.32: Geir
Verpeide, Stranda

58.17: Marit Josefsen, eks Ikornnes


KVARSTAD:

1.33.16: Knut A. Hatlen

1.39.11: Johannes Løkkeborg

1.44.27: Bjørn O. Vassbotn

1.46.52:
Anniken H. Hole

1.47.36:
Aksel Indreeide

1.49.12: Cato
Ryste

1.52.15: Torstein Hole

1.53.21: Svein Arne Nakken

1.55.26: Harald Starheim

1.56.31: Liv-Janne Øvrebust

1.59.03: Ingrid Nerem

2.00.10: Arild Bjørdal

2.02.12: Anders Hellevik

2.06.05: Gisle Aaland

2.06.55: Jan Egil Årnes

2.08.00: Fridtjof Fredriksen

2.14.51: Geir Verpeide

2.16.18: Olav Brunstad




SJUSJØEN:

2.16.48: Knut A Hatlen

2.24.49: Johannes Løkkeborg

2.35.30: Bjørn O. Vassbotn

2.37.43:
Anniken H. Hole

2.39.52:
Aksel Indreeide

2.43.05: Cato
Ryste

2.45.04: Torstein Hole

2.46.39: Svein Arne Nakken

2.50.42: Harald Starheim

2.51.45:
Liv-Janne Øvrebust

2.54.15:
Ingrid Nerem

3.00.01:
Arild Bjørdal

3.06.39:
Gisle Aaland

3.07.28: Jan
Egil Årnes

3.12.23:
Fridtjof Fredriksen

3.16.47: Geir
Verpeide


MÅL:

2.47.49: Knut Anders Hatlen – beste sunnmøring
nok ein gong

2.56.39: Johannes Løkkeborg

3.04.44: Johnny Rise, Hovdebygda

3.07.20: Dan Børge Saure, Bjørke

3.09.55: Bjørn Ole Vassbotn

3.12.15: Kornelius Linge Glomnes

3.12.30: Runar Gretland, Hovdebygda

3.12.40:
Anniken Hjellbakk Hole – suverent beste kvinne frå Sunnmøre

3.16.15:
Aksel Indreeide

3.20.21: Cato
Ryste

3.22.06:
Torstein Hole – sprek 60-åring

3. 22.41:
Halvard Moe

3.22.46: Svein Arne Nakken
–løyvde drygt 37 min, merke nr.18

3.27.33:
Harald Starheim

3.28.59:
Liv-Janne Øvrebust

3.29.45:
Ingrid Nerem

3.39.17: Arild
Bjørdal – gratulerer med merke nr.25

3.39.45:
Anders Hellevik, Stranda

3.46.00:
Gisle Aaland

3.51.01: Jan
Egil Årnes

3.55.01: Fridtjof Fredriksen

3.56.43: Geir Verpeide

4.06 14: Olav Brunstad – gratulerer Olav, du
løyvde 4 min og 31 sek!

4.24.28: Jan Even Sandal

4.41 14: Marit Josefsen – merke nr 11.






Sesongmålet rauk for Kjell Magnar – og Berth

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mar 2017

arkivfoto
Sist sommar vart Kjell
Magnar Berli nummer seks i NM i ultraløp. I heile haust og vinter har han budd
seg godt til eit anna NM, nemleg NM i randone. 26 km langt og med 3000
høgdemeter, arrangert i Stryn. Draumen var ei liknande plassering som sist
sommar.

I dag kom meldinga frå
Kjell Magnar om at han ikkje stiller. Årsak: kneskade

Kjell Magnar Berli melder
at frå legehald vert han rådd til å prøve fysioterapi i fyrste omgang.

Tida er kort også til
Konradløpet, der Kjell Magnar vart nummer to i fjor, eller til Holmenkollstafetten
13 mai. Der har Kjell Magnar vore ein desidert krumtapp på VIL-laget.

Heller ikkje for Berth
David Wilhelmsen gjekk det etter planen denne helga. Han skulle gått (var
påmeldt) sitt 35. Birkebeinarrenn (flest på Sunnmøre), men ligg i staden heime
i ørska. Med influensa herjande i kroppen.

VIL har eigen
klubbmeteorolog, men vi må visst til med eigen klubblege også, er det likt til.

Uansett; vi ynskjer Kjell
Magnar Berli og humørspreiar Berth Wilhelmsen GOD BETRING mot alle lidingar som
måtte plage dei!!




Slo an tonen i Fredagsbirken

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mar 2017

Både Oskar og Roger starta
08.30 i dag tidleg. Oskar, som representerer Gjelleråsen IF, hadde som venta
ikkje tid til å vente på faren. Han segla over mållina på Lillehammer på fine
3.57.12. Flott tid av ein ung debutant, og ei tid som lovar godt for VIL sitt
Holmenkollstafett-lag.

Roger Malvin kom ein liten halvtime
seinare, men Velledalen IL seier seg strålande nøgde med 4.25.53 på vår mann.
Han har trass alt bikka 51 år, og gjorde ei tid som var ti minutt under
tidlegare bestetid. Hugs at for 30 år sidan var folk på 51 år rekna som «utgamle»
- i alle høve sportsleg.

Her er rennet steg for
steg, og som de ser har vi i tillegg til Oskar og Roger, gjort ære på fire
spreke menn frå Geiranger – fire inne blant dei 140 beste frå turistbygda, jau
då, slikt kling bra!!

SKRAMSTAD:

42.46: Oskar Johan
Kjellsbøl Hole

46.06: Lars Olav Westerås

46.59: Roger Malvin Hole

47.09: Rune Maråk

47.10: Terje Drege Rusten

52.40: Tor Hole

KVARSTAD:

2.03.52: Oskar Johan K.
Hole

2.06.39: Lars Olav
Westerås

2.15.53: Rune Maråk

2.16.32: Roger Malvin Hole

2.17.19: Terje Drege
Rusten

2.27.52: Tor Hole

SJUSJØEN:

3.11.27: Oskar Johan K.
Hole

3.12.30: Lars Olav
Westerås

3.28.50: Rune Maråk

3.35.59: Roger Malvin Hole

3.36.16: Terje Drege
Rusten

3.49.34: Tor Hole

MÅL:

3.56.59 – nr. 43: Lars
Olav Westerås

3.57.12 – nr. 45: Oskar
Johan K. Hole

4.17.48 – nr. 81: Rune
Maråk

4.25.53 – nr.101: Roger
Malvin Hole

4.25.55 – nr. 102: Terje
Drege Rusten

4.38.55 – nr 140: Tor Hole

Raskast i Fredagsbirken
var Ole Kristian Sørland på 3.08.18.
  




O-sesongen braker løs rett etter påske!

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mar 2017

Tirsdag 18/4: nybegynnerkurs i klubbhuset hos Emblem
kl. 17:30

  Tirsdag 18/4: o-løp for nybegynnere (barn,
ungdom, voksen) på Emblem skole kl. 18

  Torsdag 20/4: o-løp på Aure for barn, ungdom,
voksen på alle nivåer. Fri start mellom kl. 17 og 18:15. Emblem o-lag står for
treningen.

  Lørdag 22/4: ungdomssamling (fra 13 til 20 år)
på Emblem

  Søndag 23/4: o-løp for alle på Aksla, Ålesund


Etter dette følger tre torsdager med løp på Aure i VIL-regi.



Emblem o-lag har treninger både tirsdager og torsdager hvor
alle fra Sykkylven er velkommen. VIL o-lag kommer til å velge ut noen
løp/treninger som vi vil organisere deltakelse på.


Andre arrangementer våren 2017:

 Søndag 21.mai er det løp fra Myrdalsætra

   Helga
10.-11.juni er det familiesamling i Molde

  Helga 23.-25.juni deltar flere familier fra
Sykkylven på o-festivalen på Oppdal, hvor vi håper enda flere har lyst å bli
med.
   




Årsmelding – Hovudstyret 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mar 2017

STYRET 2016

Atle Hole, leiar (2016 og 2017)

Marit Hole, nestleiar (2016 og 2017)

Ove Skylstad, kasserar (2015 og 2016)

Åshild Kristoffersen, sekretær (2016 og 2017)

Rolf Haxthow, styremedlem (2016 og 2017)

Håkon Fedt, styremedlem (2016 og 2017)

Linda Øye, styremedlem (2015 og 2016)

Vara: Håkon K. Brunstad (1.vara), Liv Nordli Hole
(2.vara)

Laget har i siste arbeidsåret hatt seks styremøte der
heile hovudstyret har vore innkalla. I tillegg har det vore mange møter med
mindre grupperingar, eksempelvis i samband med Konradløpa og Førjulsmessa.
Diverre har frammøtet vore heller svakt. Medrekna 1. vara i snitt 30 prosent
fråver. Fråver som altfor ofte ikkje er meldt på førehand.

Likevel eit positivt år for Velledalen IL.
Idrettsskulen kom tilbake etter eit opphald, og det vart starta trimparti for
innebandy og ungdomstrim. O-gruppa har hatt eit enormt år med Forbundsbesøk, kartarbeid,
lokale O-løp og opplegg for skular. Dei har fått fortent rosande presseomtale
og festa grepet som Velledalen IL si leiande undergruppe. VIL har i 2016 jobba
godt med profileringsklede. Medlemstalet er stigande og grasrotkronene (og
spelarane) voks i 2016. Førjulsmessa gav ny nettorekord (84 200 kroner).

På vårparten 2016
sa VRF frå seg vedlikehaldet av Dalemyra stadion, men drifta likevel anlegget
ut fotballsesongen 2016.

MEDLEMSTAL: Talet
på medlemar var i 2015 det svakaste i dette århundre. Såleis måtte det kome ein
oppgang.


   

    

    


    

     0-5 år
      


    

     6-12 år
      


    

     13-19
      


    

     20-25
      


    

     26+
      


    

     Sum
      


    
     

   

   

    

     2001
      


    

     13
      


    

     34
      


    

     25
      


    

     2
      


    

     75
      


    

     149
      


    
     

   

   

    

     2002
      


    

     14
      


    

     51
      


    

     24
      


    

     1
      


    

     100
      


    

     190
      


    
     

   

   

    

     2003
      


    

     17
      


    

     49
      


    

     26
      


    

     3
      


    

     98
      


    

     193
      


    
     

   

   

    

     2004
      


    

     15
      


    

     43
      


    

     29
      


    

     2
      


    

     98
      


    

     187
      


    
     

   

   

    

     2005
      


    

     8
      


    

     41
      


    

     31
      


    

     0
      


    

     83
      


    

     163
      


    
     

   

   

    

     2006
      


    

     7
      


    

     62
      


    

     29
      


    

     4
      


    

     94
      


    

     196
      


    
     

   

   

    

     2007
      


    

     8
      


    

     51
      


    

     41
      


    

     6
      


    

     138
      


    

     244
      


    
     

   

   

    

     2008
      


    

     11
      


    

     48
      


    

     35
      


    

     5
      


    

     132
      


    

     231
      


    
     

   

   

    

     2009
      


    

     11
      


    

     42
      


    

     44
      


    

     9
      


    

     125
      


    

     231
      


    
     

   

   

    

     2010
      


    

     10
      


    

     23
      


    

     27
      


    

     7
      


    

     112
      


    

     179
      


    
     

   

   

    

     2011
      


    

     7
      


    

     44
      


    

     23
      


    

     3
      


    

     115
      


    

     192
      


    
     

   

   

    

     2012
      


    

     8
      


    

     30
      


    

     21
      


    

     6
      


    

     83
      


    

     148
      


    
     

   

   

    

     2013
      


    

     6
      


    

     34
      


    

     20
      


    

     3
      


    

     103
      


    

     166
      


    
     

   

   

    

     2014
      


    

     6
      


    

     21
      


    

     20
      


    

     8
      


    

      97
      


    

     152
      


    
     

   

   

    

     2015
      


    

     2
      


    

     12
      


    

     12
      


    

     4
      


    

     86
      


    

     116
      


   

   

    

     2016
      


    

      11
      


    

      46
      


    

     16
      


    

      8
      


    

      120
      


    

      201
      


   

   
   

   

    

    

    

    

    

    

    

    

    

   

   
   



Laget har seks
nolevande æresmedlemar, fem menn og ei kvinne. To 85-90, éin 70-80, to 60-70 og
éin 50-60.

ØKONOMI.

Med auka aktivitet aukar også utgiftene. Då må også
inntektene opp skal ein halde tritt. Største innkoma i 2016 har i særklasse
laget henta frå sponsormidlar og
Førjulsmessa (84 200 netto i 2016). O-gruppa har mellom anna skaffa seg midlar
frå Sparebanken Møre, Sykkylven Energi og eige forbund (meir i O-grupppa si
melding). Hovudstyret har fått inn 28 000 kroner i midlar til
klubbdraktene frå Sykkylven Gjensidige og Hole Maskiner AS. I VIL-målestokk er
det heilt unikt, og nesten sensasjonelt, at vi i løpet av eitt kalenderår har
samla inn ein stad mellom 75 000 – 100 000 kroner i sponsormidlar.
Takk til O-gruppa ved Pernille som viste veg! Elles er Konradløpa, medlemskontingent og «grasrotpengar»
gode inntektskjelder. Den sportslege hendinga som kosta laget mest pengar var
deltakinga i Holmenkollstafetten. Meir om korleis pengane har vorte brukte, i
eit år der utgiftene har vore klart større enn inntektene, under rekneskap.

Oversikt over
grasrotkroner - og grasrotspelarar ved utgangen av året (i parentes):

2009: 15 736 (55)

2010: 23 248 (73)

2011: 23 656 (76)

2012: 26 762 (81)

2013: 19 702 (67)

2014: 17 574 (68)

2015: 16 422 (72)

2016: 18 864
(76)

ARRANGEMENT.

VIL har vore relativt aktive på arrangementssida siste
året, noko som er breiare skildra i gruppene sine årsmeldingar. Fleire
arrangement har vorte meir eller mindre årvisse:

MINIKONRAD

KONRADLØPET

KOLDABAKKEN GRAND PRIX

GRILLKVELD BRUNSTADSÆTRA

AKTIVITETSKVELD (mellom anna med idrettsmerkeprøver)

RAMSTADDALSLØPET

FØRJULSMESSA (VRF og VELLEDALEN SKULEKORPS MEDARR)

ROMJULSMARSJ

«IDRETTSGALLA»

FRIIDRETTSSTEMNE PÅ IKORNNES (medarr.)

FJELLSÆTERCUP (fem renn - samarbeidsprosjekt)

LOKALE O-LØP PÅ DALEMYRA

FJELLSÆTERRUNDEN (samarbeidsprosjekt)

I tillegg nokre mindre arrangement.

NB! Fetvatnet
Rundt, Tomasløpet og Det Store Folkerennet vart ikkje arrangert i 2016.

ANLEGG

Velledalen IL eig som dei fleste veit Dalemyra stadion,
opna i 1971. I starten drifta VIL anlegget og hadde kiosksalet, medan VRF*
betalte baneleige for bruken. Ein del år seinare overtok VRF drift, vedlikehald
og disposisjonsrett medan VIL heldt fram som eigar. Det var i VRF-regi at
Kråmyrabygget kom, og det vart bygt «tribune» og «hus» til innbytarane. VRF
starta nedbygginga av klubben i 2002, same året klubben feira 50 år. Frå 2003
kom FK Sykkylven inn med heimekampar på Dalemyra, og leigde bane av VRF som
framleis drifta anlegget. Kring eit tiår seinare fusjonerte også den
aldersbestemte fotballen i VRF inn i FK Sykkylven-paraplyen. VRF fann - etter
ei tid i tankar - at dei ikkje lenger ville drifte to grasbanar. I april 2016
sa laget frå seg - på dagen - drifta av Dalemyra stadion. Sidan dette var berre
kring ti dagar før seriestart, og VRF hadde avtalt at FK Sykkylven framleis
skulle bruke Dalemyra til trening og kamp, vart ein slik «bråstopp» funnen urimeleg.
Det enda difor med at VRF drifta bana ut fotballsesongen 2016. Den gamle
stadionkiosken, teikna av Kjell Peter Fet på 1970-talet, vart fjerna av Johan
S. Grebstad med støttespelarar sommaren 2016.

Styret i Velledalen IL har gjort vedtak om at Dalemyra
stadion framleis skal vere kamparena, og må driftast deretter. Det er gjort
munnleg avtale med Geir Helge Grebstad om klipparkjøp. Johan S. Grebstad med
fleire vil stå for stell av bana i 2017. Anlegget treng nye mål og kiosksalet
skal tilbake på Velledalen IL sine hender. Det vil bli gjort forsøk på å leige
ut anlegget til andre enn FK Sykkylven.

Mest truleg vil
drifta av Dalemyra representere ein utgiftspost for Velledalen IL dei komande
åra.

*I 1952 gjekk fotballgruppa i Velledalen IL og Fotballgruppa
i IL Ringen (Straumgjerde) saman. Dei tok etter kvart namnet Velledalen &
Ringen Fotballag (forkorta til VRF).

PROFILERING OG
SAMHALD

Etter mange år med prat, lite handling og få meiningar i
Hovudstyret, vart det gjort «gjennomslag» med omsyn til profileringsklede.
Arbeidet vart sett vekk til Anders Wigdahl og Ellen Marie Hole i VIL si
Osloavdeling. Dei såg på ulike vareprøver og kvalitet, valde å frikople
fargevalet frå alle andre lag i bygda, fekk sjølve bestemme design, og valde
Swix som merke-leverandør. Det vart gjort innkjøp gjennom Sport 1-systemet som
sponsa, saman med Swix, Gjensidige Sykkylven og Hole Maskiner AS. I tillegg
sponsa Velledalen IL til medlemar, og slik fekk vi panneband, huer, jakker,
bukser og vestar til kring 35 prosent av ordinær pris. Det viktigaste arbeidet
Hovudstyret i VIL har gjennomført i 2016!

O-gruppa
slengde seg på bølga, overførte design og fargar til Trimtex, og slik vart det
flotte løpsklede for orientering eller andre idrettar der ein må vere meir
lettkledd. Meir kan sikkert vere i vente.


REPRESENTASJON

«Lag på Lag» har ikkje vore i drift i 2016. Samskipnaden
verkar no å vere lagt ned.

Odd Kåre Fet representerte Velledalen IL i styret i
Sykkylven Idrettsråd.

Marit Hole var utsending til generalforsamlinga i
Velledalen grendahus.

Håkon Fedt har vore utsending til generalforsamlinga i
Velledalen Naturbarnehage.

KURS: Velledalen
IL har dekt utgifter til eit todelt Ungdomsleiarkurs i Molde for Emma Holmberg
og Sofie Skylstad Hole i 2016.


HEIMESIDA

VIL fekk eiga heimeside i desember 2007. Den ligg som
link under www.velledalen.net.

Nettsida til Velledalen IL er drifta av Liv og Atle Hole.
Utviklinga år for år ser slik ut:

2008: 4 169 treff

2009: 13 815 treff

2010: 19 164 treff – 294 saker

2011: 27 659 treff – 376 saker

2012: 33 804 treff – 510 saker

2013: 43 037 treff – 488 saker

2014: 42 614 treff – 359 saker

2015: 44 330 treff – 394 saker

2016: 42 872
treff – 386 saker

Vi oppmodar gruppene/medlemane om å bruke sida. Meld alle
resultat og sportslege nyhende.

Sida kan mellom anna vere ei god hjelpekjelde når
gruppene skal skrive årsmeldingane sine.

Velledalen IL kom på Facebook i 2013. Sida vert drifta
frå Oslo og Måløy av «Olatausene» Ellen Marie og Ann-Helen Hole.

31.12.13: 114 «venner»

31.12.14: 222 «venner»

31.12.15: 317 «venner»

31.12.16: 407 «venner»

Nytt liv – yngre
krefter

2016 vart eit positivt år på den måten at nye aktivitetar
kom til, eller at tidlegare aktivitetar vakna til vitalisering og nytt liv
(ungdomstrim og Idrettsskulen). O-gruppa hadde starta året før, men fekk
verkeleg vind i segla i 2016. Det var ingen GOD JOBB av Hovudstyret som gjorde
at Pernille Ibsen Lervåg melde seg til innsats i 2015. Og like eins; Julie
Brochman melde seg utan påtrykk til å starte opp igjen Idrettsskulen, Thorbjørn
Hopland kom og spurde om han fekk starte opp ei gruppe med innebandy, og
Ungdomstrimmen kom og spurde om vi hadde treningstid til dei. Og det var også i
det positive året 2016 at Janne Tomtum lurte på om ein måtte ha spesielle
kvalifikasjonar for å starte opp ei sirkeltrening i regi av O-gruppa.

Men enno sit
forgubbinga djupt i Hovudstyret, langrennsgruppa og friidrettsgruppa. Vi
oppmodar spesielt yngre folk gjere som dei vi har nemnt ovanfor!

Reint sportsleg er der meir å hente. I 2016 er ikkje
lenger året der Sivert og Andreas Mosby Nakken er dei einaste under 15 år som
har representert VIL utanfor Sykkylven kommune, slik dei var i 2015. Men det er
skremande nær at Olaf Øien på 73 år, framleis er topp-3 når vi skal kåre dei
flittigaste til å drage startnummeret over brystet i teneste for Velledalen IL.
Kring halvparten av VIL sine vaksne utøvarar har tilhald på Austlandet.

Vi er framleis solide
på arrangementsida med mange gode tilskipingar under trim&trivsel-fana.
Dette er tiltak som inkluderer alle – unge, gamle, spreke og mindre spreke.
Velledalen IL ynskjer vere eit inkluderande lag. Alle arrangement er rusfrie. Vi
har heidra eit høgt tal jubilantar med gåver og gode ord på nettsida i 2016.
Også gjennom den årlege «Idrettsgallaen» gjer vi stas på mange. Julekort er
delt ut til medlemar og sponsorar, og vi syrgjer med dei vi mister. Æresmedlem
Fridtjof Drabløs gjekk bort i 2016, og vi minnest han med takksemd!

Velledalen IL sine
tre høgast rangerte prisar i 2016:

Vinnar trimpostar:
Inger Anne Riksheim

Årets
Idrettsutøvar: Kjell Magnar Berli

Årets Namn:
Pernille Ibsen Lervåg

Velledalen IL er i sin heilskap tufta på frivilleg
arbeid. Hovudstyret takkar alle som har bidrege i 2016 – spesielt ved tunge
arrangement som Førjulsmessa og Konradløpa, men kanskje like viktig; trufast arbeid
i det stille, heilt utan merksemd. Vi takkar alle trottige slitarar på
trimpostane og ikkje minst statistikkførar Nils Terje Skylstad. Vi avsluttar
meldinga med eitt av friidrettsleiar AP Bøe sine postulat: «God form kan ikkje
kjøpast på blå resept»!


For Hovudstyret

Atle Hole, leiar





Årsmelding frå (hopp-) og langrennsgruppa sesongen 2015 - 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mar 2017

Langrennsgruppa er
brukbart fornøgd med aktiviteten til seniorløparane som representerte
Velledalen IL i sesongen 2015-2016. Vi har nokre få seniorar som deltek aktivt,
men mellom dei aldersbestemte er aktiviteten alt for låg. Ingen aldersbestemte
løparar representerer VIL på kretsnivå.

Når det gjeld
aktiviteten til sjølve langrennsgruppa, må vi seie oss rimeleg godt fornøgde.
Vi har saman med langrennsgruppa til SIL arrangert TELENOR-Fjellsætercup i
langrenn for andre året på rad i lysløypa på Fjellsætra og saman med SIL, HIL
og IIL arrangert Fjellsæterrunden. Langrennsgruppa har saman med
friidrettsgruppa arrangert Ramstaddalsløpet, eit sosialt arrangement som samlar
folk i alle aldrar. Langrennsgruppa er skuffa over at ''Tomasløpet'' ikkje vart
arrangert i 2016, men vil gjere sitt til at dette er på plass att i 2017.

TELENOR-Fjellsætercup
i langrenn:

For andre året på rad
arrangerte langrennsgruppene til SIL og
VIL langrennscup i lysløypa på Fjellsætra. Vi la opp til fem (5) cuprenn, men
mangel på snø i starten av sesongen, gjorde at vi måtte avlyse det fyrste
rennet. Dei fire siste renna gjekk etter planen, annan kvar onsdag.
Langrennscupen vart avslutta med premieutdeling og sosial samkome på Tandstad
skule onsdag 30. mars. Totalt 62 personar deltok i langrennscupen i sesongen
2016. Tala for året før, 2015, var 120 deltakarar.

Det 3. rennet i
TELENOR-Fjellsætercup vart samtidig arrangert som Bygdamesterskap i langrenn
med SIL som ansvarleg arrangør. Langrennsgruppa til VIL hjelpte til på
funksjonærsida. Til neste sesong, sesongen 2017, er rollene omvendte. Då er det
vi i VIL som er ansvarlege for arrangementet. Då håper vi at SIL stiller opp
som medhjelparar.

Fjellsæterrunden:

Den 37. utgåva av
Fjellsæterrunden gjekk av stabelen på Fjellsætra sundag 28. februar. Skikretsen
hadde terminfesta rennet til laurdag 27. februar, men enorme snømengder gjorde
at vi måtte utsette rennet med eitt døgn. Då vi skulle prøve å køyre opp
løypene på fredagen, snødde løypa att fortare enn vi rakk å køyre... Å utsette
rennet med eitt døgn viste seg å vere lurt ettersom vi fekk flotte forhold
under heile arrangementet, dog med relativt STORE smørjeproblem for mange av
løparane. I motsetning til fjor-året, gjekk Fjellsæter- runden denne gongen i
''originaltraséen med Fitjastølen og to rundar rundt Nysætervatnet.

Rennet vart vunne av Dan Børge Saure frå Bjørke IL på tida 1.27.29
timar.

Som med-arrangør er det skuffande at berre 28 konkurranseløparar stilte
til start i dei ulike klassene. Frå Velledalen IL deltok trioen Kjell Magnar
Berli, Terje Aurdal og Svein Arne Nakken i turrennklassa på 28 km. I Barnas
Fjellsæterrunde deltok heile 130 born mot 84 deltakarar i 2015. I trimklassa
deltok kun 23 startande.

Velledalen IL hadde
som vanleg ansvaret med løypene og å stille med habile løypevakter.

Som vanleg var det
Pål Rune Fet (løypesjef) og Svein Arne Nakken (ansvarleg for sporlegginga) som
tok seg av løypene. Pål Rune hadde samtidig hovudansvaret for tilretteleggjing
og merking av stadionområdet. Vidare har Lars Inge Sæther vore tungt inne når
det gjeld nettregistrering, påmelding og teknisk ansvarleg i sekretariatet.

Langrennsgruppa vil endå ein gong nytte høvet til å få takke
maskinførarane ved Skisenteret for god hjelp med å preparere traséen, og elles
for svært gode løyper i Fjellsæterområdet vinteren gjennom.

Det
Store Folkerennet:

Vart ikkje arrangert i 2016.

Ramstaddalsløpet:

''Stafettettpinnedugnaden''
Ramstaddalsløpet for medlemmer og sympatisørar vart planlagt og gjennomført av
friidrettsgruppa og langrennsgruppa ved Alf Petter Bøe og Svein Arne Nakken i
samarbeid med leiar Atle Hole. Laurdag den 15. oktober kl. 09.30 braut Paul
Hole (87 år) startsnora og løpet var i gong. Etter 4 timar og 44 sekund sprang
ankerguten Anders Brunstad Leirmo over mållinja. Då hadde 55 ulike personar
over like mange etappar delt på å frakte stafettpinnen dei 51 km frå start til
mål. Veret var også denne gongen på vår side med topp haustver.

Etter målkomst var
det samkome på Grendahuset for deltakarane.

Løpstraséen er den
same kvart år:
 Joker-Velledalen via
 Fjellsæter-området til
Fausaskiftet. Vidare Fasteindalen og Ramstaddalen til Aure. Over Sykkylvsbrua
til Straumgjerde, Straumsheim, Fet og gamlevegen fram att til butikken.

Velledalen IL har hatt desse aktive løparane i
sesongen 2015-2016:

Hilde Riksheim Tandstad, Ellen Marie Hole, Kjell Magnar Berli, Terje
Aurdal, Olav Brunstad og Svein Arne Nakken (alle langrenn) og Jan Ringseth
(hopp).

Velledalen IL har gjennom desse personane vore representert i flg. skirenn
i inn- og utland:

Jan Ringseth i plastbakkeanlegget i Spjelkavik med eit hopp på 20,5
meter.

Svein i ''Marcialonga'' (70 km) i Italia,
Terje i ''Biela Stopa'' i Slovakia (13 km),

Olav i ''Trysil Skimaraton'' i Trysil (42 km),
Kjell Magnar og Svein i ''Furusjøen Rundt'', Kvam i Gudbrandsdalen (45 km),
Kjell Magnar, Terje og Svein i Fjellsæterrunden (28 km),

Svein i ''Vasaloppet'' i Sverige (90 km),
Ellen og Hilde i ''KK-Mila'' i Holmenkollen, Hilde i ''FredagsBirken''
Rena-Lillehammer (54 km), Kjell Magnar, Olav og Svein i ''Birkebeinerrennet''
Rena-Lillehammer (54 km) og Olav i ''Troll Skimaraton'' Ringebu-Sjusjøen (95
km).

I Birkebeineren tok Kjell Magnar sitt 3 merke
og Svein sitt 17 merke.

For detaljar viser vi til arkivet på nettsida
vår:
 www.velledalen.net/idrettslaget

Straumgjerde 12. mars
2017

For Velledalen IL,
langrennsgruppa

Svein Arne Nakken,
gruppeleiar.




Prima maraton av Jens i Barcelona

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mar 2017

STOR takk til Njål Torillson Tyssing!! Han har gitt oss linken til Jens
Bjørlo Tandstad sine passeringstider i Barcelona.
 Og det må seiast; til debutant å vere ei imponerande
vel-disponert gjennomføring, der han sprang seg fram over 900 plassar frå 10 km
til mål.
 Her er

  dei harde fakta:

10 000 meter: 1.04.43 – plass nummer 15 839

20 000 meter: 2.12.58 – plass nummer 15 575

30 000 meter: 3.31.21 – plass nummer 15 548

40 000 meter: 4.46.07 – plass nummer 15 089

42 195 meter: 4.59.37 – plass nummer 14 921

Ein flott debut, med plasseringsmessig framgang på kvart einaste punkt.
At han rykte fram nær 170 plassar på dei to siste km tyder på at mannen stod
løpet heilt inn.

Velledalen IL gratulerer med brillefin debut!!




ÅRSMELDING IDRETTSSKULEN.

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mar 2017

Etter en telefon fra Atle i september fikk u.t
klarsignal til å starte opp igjen idrettsskulen. Fikk raskt tak i Kjartan
Grebstad ,leder for Sykkylven svømmeklubb. Han ville hjelpe meg med svømminga.

Sente ut info med påmelding til Tandstad skule
og Montessorri skulen, samt hengte opp lapper på Joker og Bunnpris. Atle la ut
på nettsida til VIL , og u.t opplyste om idrettsskulen via facebook.

Starta med svømming 20.10, i Velledalen
svømmehall. Det var 24 stk påmeldte barn. 15 stk fra 1.kl til 3.klasse. Der var
2 instruktøra fra Sykkylven svømmeklubb. Heile gruppa blei delt i 3, med 30
minutters økter pr guppe. Veldig forskjellige nivå på barna. Her var det noen
som kunne svømme og andre som nesten ikke hadde vært i basseng og var svært
skeptisk. Vi hadde svømming 8 ganger før jul.

Dei første gongane med svømming gikk det masse
tid til å venne seg til vannet,og ikke minst bli trygge, spesielt for dei
yngste. Øvde mye på å flyte i vannet i
stjerneformasjon. Dei eldste,som var nokså svømmedyktige, øvde på stup,distanse
svømming og andre svømmeteknikker.

1.12 hadde dei førstehjelp i forbindelse med
drukning. Her fikk dei prøve seg på førsthjelpsdukker. Dei bada med klær på
(bukse og genser) ,samt skulle prøve å kle av seg under vannet. Dette er tungt
og uvant. Den 8.12 tok dei svømmemerker.
I samarbeid med instruktørane greide vi å finne merker til hvert enkelt barn
som dei skulle kunne ta. 7 stk forfall denne dagen så u.t tilbydde dei å komme
15.12 og ta merker. Alle greide merka med glans. Har vært veldig kjekt å se
fremgangen til barna på denne tida.

3 stk tok boble merke

4 stk tok 24M

2 stk tok 100M

10 stk tok Hvalmerke

5 stk tok Selungen

KRAVA
TIL MERKENE :

Boble
 : holde/henge i kanten


flytestilling rygg/mage


gå i tog i bassenge


Se etter gjenstander på bunn

25M
  : Svøm 25 meter
uten pause. Ingen tidtaking

100M
 : svøm 100 meter
uten pause. Ingen tidtaking

Hval
  : hoppe fra
bassengkanten, orientere seg under vann og hente opp gjenstander fra bunnen-
flyte i stjerne

Selungen
 : hoppe fra bassengkanten-svøm 12,5 meter og vende og svøm 2-3 meter-
snu seg på rygg og flyte, deretter svøm tilbake til start stedet.




Årsmelding O-gruppa 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mar 2017

Årsrapport o-gruppa 2016

–med litt tanker om 2017-sesongen

O-gruppa ble startet opp i 2016 og har
hatt stor aktivitet gjennom hele året. I styret 2016 satt Pernille Ibsen Lervåg
(leder av gruppa), Janne Tomtum, Anne Grete Nordal og Monica Orre. De to sistnevnte
går ut av styret i 2017. Merete Masdal og Bernt Are Lervåg går inn i styret fra
2017. Disse to er blant de som har bidratt mest i 2016 sesongen. Veldig mange
ut over de i styret har hjulpet til ved arrangementer i 2016 (se egn sak på
VIL-nett). Folk har vært meget villige til å hjelpe til med både det ene og det
annet. Vi opplever at det er stor oppslutning og støtte rundt gruppa, ikke
minst fra hovedstyret i VIL.

Ut over o-arrangementer har vi hatt gjort
mye rekrutterings- og profileringsarbeid, jobbet med kart og skrevet en haug
med søknader for økonomisk støtte. Søknaden om tippemidler (for idrettsanlegg
(o-kart)) har i den forbindelsen vært den mest krevende, og møter samt tett
kontakt med kommunen var nødvendig for å komme i mål der. Tippemiddelsøknaden
får vi først svar på i april 2017. Denne vil være avgjørende for det videre
kartarbeidet.

Egne arrangementer og deltakelse på løp
i 2016:


 ·
  

 Foreldrekurs («Kick off») i
Velledalen 1.mars (ca. 35 deltakere)


 ·
  

 Nybegynner kurs i orientering
på Emblem 5.april (ca. 50 deltakere)


 ·
  

 Deltakelse på ungdomssamling
16.april (2 stk)


 ·
  

 O-løp Velledalen 17.april (78
påmeldte barn)


 ·
  

 Treningsløp på Aksla 7.mai (2
stk)


 ·
  

 Treningsløp på Tørla 10.mai (7
stk)


 ·
  

 Verdens orienteringsdag 11.mai,
opplegg for Velledalen og Hundeidvik skole


 ·
  

 Opplegg for idrettslinjen på
Stranda videregåendeskole 15.mai


 ·
  

 Opplegg for Velledalen
naturbarnehage 15.mai


 ·
  

 Løpeløype Ikornes
friidrettskarusell 20.mai


 ·
  

 O-løp Velledalen 22.mai (78
påmeldte barn)


 ·
  

 Løpeløype Ikornes
friidrettskarusell 27.mai


 ·
  

 Løpeløype Ikornes
friidrettskarusell 3.juni


 ·
  

 Opplegg for speidergruppen i
Sykkylven 7.juni


 ·
  

 Kretsløp på Emblem 12.juni (11
deltakere fra VIL)


 ·
  

 Fjord-O på Emblem 16-17.juli
(10 deltakere fra VIL)


 ·
  

 O-løp Velledalen 28.august (ca
60 deltakere)


 ·
  

 Opplegg for Idrettslinjen på
Stranda videregåendeskole 29. august


 ·
  

 Opplegg for Velledalen Natur-Barnehage
29.august


 ·
  

 Opplegg for Hundeidvik
privatskole 29. august (19 elever)


 ·
  

 Vertskap for Forbundet sitt
besøk i Møre og Romsdal 1.okt


 ·
  

 Deltakelse på kretsløp på Emblem
2.okt (13 deltakere)

Innkjøpt utstyr:


 ·
  

 Tidtakingsutstyr


 ·
  

 Postutstyr


 ·
  

 Reflekser til lommelykteløp


 ·
  

 Hinderløype


 ·
  

 Kartstafett


 ·
  

 Kompass


 ·
  

 Løpebrikker


 ·
  

 Banner med o-teknikk


 ·
  

 Bok med treningsopplegg for
o-løp

Omtale media:


 ·
  

 Nytt i Uka


 ·
  

 Sykkylvsbladet (flere ganger)


 ·
  

 Sunnmørsposten


 ·
  

 Orienteringsforbundet (www.orientering.no)


 ·
  

 www.o-norge.no
(artikkel «Mange små i stor aktivitet»)


 ·
  
 O-boka
2016 (helside om VIL)

Søknader om midler


 ·
  

 Oppstartsmidler fra Orienteringsforbundet
(innvilget, 15.000 kr)


 ·
  

 Lions Klubb Sykkylven (avslag)


 ·
  

 Sykkylven Energi (innvilget,
20.000 kr)


 ·
  

 Sparebanken Møre (innvilget,
20.000 kr)


 ·
  

 Gjensidigefondet (avslag)


 ·
  

 Utstyrsstøtte fra NOF
(innvilget ca 4500 kr)


 ·
  

 Fjellhugfondet (ikke avklart)


 ·
  

 Søknad om tippemidler (søkt om
137.000 kr til o-kart på Myrdalen/Holenakken/Svartevatnet)

Kartproduksjon i 2016:


 ·
  

 Velledalen Grendahus (synfart
av Ingrid Lundanes, tegnet av Christer Jensen, begge Emblem o-lag). Ingrid
Lundanes var timebetalt, og synfaringen kostet ca 2000 kr.


 ·
  

 Myrdalsæter/Holenakken. 1/3 av
det området som er planlagt synfart (og som det er søkt om tippemidler til) ble
synfart september 2016 og kartet ble oversendt januar 2017. Kostnaden så langt
er på ca. 50.000 kr (midlene fra Sykkylven Energi og Sparebanken Møre dekker
4/5, VIL har tatt den siste 1/5).


 ·
  

 Christer Jensen har laget
synfaringsgrunnlag for begge kart og har hjulpet til med ferdigstilling. Han
har fått et gavekort på 2000 kr fra VIL for sin innsats.

VIL o-drakt:

O-gruppa har fått egen o-kolleksjon i 2016
(se bilde under, NB: ikke lange ermer). Leverandør Trimtex. VIL har sponset
drakten slik at prisen pr del for medlemmer er 300 kr for voksenstørrelse og
200 kr for junior størrelse.


 Planlagt 2017:

NB: eget møtereferat fra planleggingsmøte
i o-gruppa følger.


 ·
  

 Styrkesirkeltrening onsdag kl.
20 ved instruktør Janne Tomtum


 ·
  

 Stand på «Idrettens Dag» på
Aure søndag 5.mars


 ·
  

 Nytt o-kart på Aure (sponsing
fra Speideren og Sykkylven videregående)


 ·
  

 O-cup på Aure tre torsdager på
vårparten (invitere Idrettsskolen)


 ·
  

 Tekniske treninger på Myrdalen
(fast dag?)


 ·
  

 Søke om oppstartsmidler hos
NOF


 ·
  

 Bestille mer treningsklær
(utvide kolleksjonen)


 ·
  

 Kjøpe arrangementstelt og søke
om utstyrsrefusjon hos NOF


 ·
  

 Kretsløp på Myrdalen 21.mai


 ·
  

 Et familie o-løp i Velledalen
etter samme oppskrift som i 2016


 ·
  

 Deltakelse på ungdomssamlinger
med kretsen

   


 o
  


 Treningssamling en-dagers 11/12
år og oppover? Velledalen og Emblem? Slutten av april?


 o
  


 Råtass/rekrutt/o-troll samling i
Molde med overnatting, gjerne kombinert med ungdom/junior. Avsluttes med
vårsprint i Molde eller sprint i Kårvåg?


 o
  

 Hovedløps/juniorsamling i juni?


 ·
  

 Pernille med i Møre- og
Romsdal o-kretsstyret fra 2017. Årsmøte mandag 13.februar


 ·
  

 +++


 ·
  

 ++++


 ·
  

 ++++

Kretsløp:


 ·
  

 7/5 Molde


 ·
  

 21/5 Myrdalen


 ·
  

 11/6 Molde


 ·
  

 3/9 Molde


 ·
  

 17/9 Sykkylven sentrum eller
Emblem


 ·
  

 1/10 Emblem

Nasjonale konkurranser som kan være av
interesse:


 ·
  

 O-festivalen 23.-25. juni (her
er vi allerede ca. fem interesserte familier)


 ·
  

 Sørlandsgaloppen 6.-9. juli
(minst en VIL-familien vil delta her)


 ·
  

 Midt-norske mesterskaper, Nord
Trøndelag 25.-27.aug


 ·
  

 NM i Halden 7.-10.sep


 ·
  
 O-idol
Orkanger 22.-24.sep


 ·
  
 ++++


 ·
  
 ++++


 ·
  
 +++




Årsmelding for friidrettsgruppa 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mar 2017

MEDLEMAR I GRUPPA:

Alf Petter Bøe, leiar

Olav Strømme

Odd-Kåre Fet

Terje Aurdal

Karstein Magne Jensen

Kjell Magnar Berli

KONRADLØPET.

Deltakinga i Konradløpet i 2016 viste nedgang i høve til 2015. 138 fullførte
MiniKonrad, medan 287 sprang hovudløpet. Medrekna PåskeKonrad, OsloKonrad og
SlovakiaKonrad samla løpa i 2016 den nette sum av 445 deltakarar, mot 511 i
2015. Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL (
  17.43), og Ebrahim Abdulaziz, Strindheim IL (
  13.30) vart vinnarar med løyperekord i begge klasser.


 HOLMENKOLLSTAFETTEN.
  Eit av høgdepunkta i gruppa tre siste åra har vore deltakinga i
Holmenkollstafetten. Nok ein gong gjorde VIL sitt blandingslag med spenn i
alder frå 15-61 år ein flott innsats. Sikker premieplass og populær samling på
Bondeheimen etterpå.

Utvikling
Holmenkollstafetten siste tre år:

2014:
  Tid:
1.11.52 – premiert og 235.plass i klasse A1 – seks jenter/kvinner på laget

2015:
  Tid:
1.07.40 – premiert og 79. plass av 1695 lag i A1 – fire jenter/kvinner.

2016:
  Tid:
1.06.44 – premiert og 45. plass av 1152 lag i A1 – tre jenter/kvinner.

RAMSTADDALSLØPET.
  Årets stafettdugnad vart arrangert 15. oktober i samarbeid med
langrennsgruppa. 55 personar, både medlemar og andre, deltok. Som vanleg med
solid spenn i alder, denne gongen frå 2-87 år. Pinnen brukte i 2016 fine
4.00.44 på den drygt 50 km lange løypa. Etter løpet var det triveleg
samlingsstund i grendahuskjellaren med kake, kaffi og saft.
SPORTSLEGE PRESTASJONAR:
  Når det gjeld prestasjonar av utøvarane våre, må vi
også i 2016 trekkje fram Kjell Magnar Berli. Han gjorde sin beste sesong «ever»,
og vi nemner her fire «juvelar»: Beste mannlege deltakarar og klassevinnar
23-34 år i Ålesund halvmaraton med tida 1.17.33. Nest beste mann i Nibbeløpet
på tida 1.45.14. Nummer tre totalt i Stranda Fjord Trail Race og nummer 6 i NM
Fjelløp Ultra (Hornindal Rundt) på tida 10.31.05. Ny personleg bestenotering
med nær to timar! Ikkje uventa vart Kjell Magnar kåra til «Årets Utøvar 2016» i Velledalen IL under Idrettsgallaen.

Stor honnør til Njål Torillson Tyssing som
sprengde tre timars grensa (2.57.47) under Oslo Maraton. Og til Sverre Gunnar
Brunstad (Brunstadekspressen) – som er VIL-medlem – og som er av dei beste i
kongeriket på lange løp av 1967-årgang. Sverre Gunnar spring for Lørenskog FIL.


 MEDARRANGØR:

Friidrettsgruppa i VIL var medarrangør under Panoramaleikane på Ikornnes
stadion. Her må målet vere fleire aktive i 2017.



REPRESENTASJON.

Ser vi vekk frå Holmekollstafetten og Konradløpet, har fylgjande personar representert
Velledalen IL i konkurransar som sorterer under friidrett i 2016:


 ·
  

 Henrik, August og
Per Inge Bjørnestad


 ·
  

 Sivert, Andreas
og Svein Arne Nakken


 ·
  

 Hilde Tandstad


 ·
  

 Ellen Marie Hole


 ·
  

 Christina
Holmberg


 ·
  

 Torild Hole


 ·
  

 Jørgen Grebstad


 ·
  

 Olaf Einar Øien - framleis av særs få med full pott i Nibbeløpet.


 ·
  

 Kevin Storvik


 ·
  

 Roger Malvin Hole


 ·
  

 Jens Christian
Hole


 ·
  

 Njål Torillson Tyssing


 ·
  

 Karstein Jensen


 ·
  

 Anders Wigdahl


 ·
  

 Kjell Magnar
Berli


 ·
  

 Atle Hole

SKULECUP.
  Vi
nemner også at Ildri Bøe har kvalifisert seg til fylkesfinalen i skulecupen i
friidrett (kule). Denne vert arrangert i Molde i april 2017.

Av mindre arrangement
nemner vi Koldabakken Grand Prix – eit årvisst motbakkeløp (sprint) – arrangert
i Nils Skylstad sitt beite på Hole i slutten av mai. Elles har fleire i gruppa
hatt gleda av å hjelpe til under O-gruppa sine løp på Dalemyra i sesongen 2016.

Friidrettsgruppa takkar
dei aktive og alle hjelparane for innsatsen i 2016

For friidrettsgruppa i VIL

Alf Petter Bøe

Leiar




Bygdameisterskap og TELENOR-Fjellsætercup i langrenn

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mar 2017

Løparar utan tidtaking
   

Jenter
3 år 2 km (1 stk.)
 :

Nikoline Johanne
Tandstad Tandstad
barnehage

Jenter
5 år 2 km (3 stk.)
 :

Lily Bakke Payling Sykkylven
IL

Alvilde Kristine
Tandstad Tandstad
barnehage

Vilde Våtmyr Ikornnes
IL

Jenter
og Gutar 6 år 2 km (2 stk.)
 :

Emmili Haram
Blakstad Krikane
barnehage

Storm Fure Ullavik
barnehage

Jenter
og Gutar 7 år 2 km (6 stk.)
 :

Savanna Fure Ullavik
skule

Benedikte Sølvik
Tandstad Tandstad
skule

Tobias Lervåg Velledalen
IL

Hanna Blindheim Ullavik
skule

Sunniva Fet Akslen Aure
skule

Tim Bakke Payling Ullavik
skule

Gutar
8 år 2 km (1 stk.)
 :

Sevrin Hjorthol Velledalen
IL

Jenter
og Gutar 9 år 2 km (9 stk.)
 :

Hedda Mandal Bueide Aure skule

Johannes Sjøli Ullavik
skule

Joakim Skaga Ullavik
skule

Helena Haram
Blakstad Ullavik
skule

Aleksandra Sølvik
Tandstad Tandstad
skule

Troy Bakke Payling Ullavik
skule

Ella Kanutte Våtmyr Sørestranda
skule

Julie Aure Velledalen
Mont. skule

Vebjørn Aarhuus
Utgård Ullavik
skule

Jenter
10 år 2 km (1 stk.)
 :

Alise Blindheim Ullavik
skule

Gutar
11 år 2 km (2 stk.)
 :

Oliver Våtmyr Sørestranda
skule

Andreas Fure Aure
skule

  Løparar med tidtaking:
   

Gutar
12 år 2 km (2 stk.)
 :

Nr. 1 Marcus Mandal Bueide Aure skule 8.38 minutt

Nr. 2 Jakob Lunde Ikornnes
IL 10.11
''

Gutar
13 år 3 km (1 stk.)
 :

Nr. 1 Kristian Skaga Ullavik skule 15.12 minutt

Gutar
14 år 3 km (3 stk.)
 :

Nr. 1 Mathias Myrseth Heimstad Sykkylven IL 13.37 minutt

Nr. 2 Sivert Mosby Nakken Velledalen IL 14.41
''

Nr. 3 Andreas Mosby Nakken Velledalen IL 15.15
''

Damer
senior, 5 km (1 stk.)
 :

Nr. 1 Gry Bakke Sykkylven
IL 23.52 minutt

Nr. 2 Astrid Hausvik Sykkylven IL 44.19 ''

Herrar
senior, 5 km (1 stk.)
 :

Nr. 1 Terje Aurdal Velledalen
IL 17.32 minutt

Herrar
senior, 10 km (2 stk.)
 :

Nr. 1 Fridtjof Fredriksen Sykkylven IL 31.47 minutt

Nr. 2 Leif Erling Løvoll Sykkylven IL 45.35 ''




Publikum svikta Idrettens Dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2017

Sykkylven Idrettsråd hadde
lagt ned mykje godt arbeid, ulike lag og organisasjonar det same, men publikum
glimra i altfor stor grad med sitt fråver. Difor vart ikkje den andre utgåva av
Idrettens Dag i Sykkylven nokon rivande

suksess.

Då VIL-Nett var innom
Velledalen IL sin stand like etter opning, sat Alf Petter Bøe
(friidrettsleiar), Julie Brochman (idrettsskuleleiar) og Merete Masdal
(o-gruppa) klar til innsats om nokon skulle kome og spørje etter Velledalen IL
sine tilbod.

Og kvar var folket, spør
du kanskje…? Svært mange nytta nok den fine dagen til utandørs-aktivitet. Eller
framfor TV-skjermen. Idrettens Dag var nemleg tidsmessig lagt i kollisjon med
5-mila frå Lahti.

Ve
  lledalen IL har klare råd til arrangøren.
   


 ·
  

 Eit godt tiltak,
men slutten av oktober eller november månad er eit klart meir fornuftig
arangementstidspunkt


 ·
  

 Alle arrangørar
bør nytte seg av klubbmeteorologar som er sterke på langtidsvarsel, slik at ein
slepp kollidere med eit vêr som ikkje er gunstig for tilskipinga.




Vasaloppet i gang i Sverige

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2017

Velkomen til
Vasalopp-sundag på VIL-Nett. 90 km frå Sälen til Mora i Sverige. Slik er stoda
på passeringspunkta, med plasseringa på kvart punkt i parentes.
  

SMÅGAN:

Knut Anders Hatlen 35.08
(145)

Svein Arne Nakken 44.59
(1251)

Knut Lium 47.14 (1587)

Fridtjof Fredriksen 49.49
(2027)


MÅNGSBODARNA:

Hatlen: 1.12.20 (157)

Nakken: 1.28.09 (1202)

Lium: 1.30.12 (1408)

Fredriksen 1.36.24 (2088)


RISBERG:

Hatlen: 1.41.49 (176)

Nakken: 2.03.07 (1173)

Lium: 2.05.35 (1352)

Fredriksen: 2.15.16 (2194)


EVERTSBERG:

Hatlen: 2.20.00 (132)

Nakken: 2.50.09 (1148)

Lium: 2.53.53 (1379)

Fredriksen: 3.06.45 (2242)


OXBERG:

Hatlen: 2.58.46 (151)

Nakken: 3.36.24 (1116)

Lium: 3.43.31 (1447)

Fredriksen: 4.00.38 (2337)


HØKBERG:

Hatlen: 3.25.53 (139)

Nakken: 4.09.56 (1119)

Lium: 4.20.21 (1559)

Fredriksen: 4.39.52 (2431)


ELDRIS:

Hatlen 3.55.38 (127)

Nakken: 4.45.44 (1121)

Lium: 4.59.41 (1651)

Fredriksen: 5.22.03 2638)


MÅL:

John Kristian Dahl 3.57.18
(1)

Knut Anders Hatlen 4.22.08
(130)

Svein Arne Nakken 5.16.55
(1139)

Knut Lium 5.34.48 (1769)

Fridtjof Fredriksen
5.57.08 (2701)


Vi gratulerer Svein Arne
Nakken med innsatsen i hans 10. Vasalopp i dag!!

Fridtjof trur vi fullførte
sitt tolvte, Knut Anders Hatlen sitt niande – til flott 130.plass.



Knut Lium – tidlegare vinnar av Konradløpet (og
velkomen tilbake til Velledalen) – står også på VIL si liste over tapre
milslukjarar




Femte og siste løp i Ålesund vinterkarusell

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2017

Deltakinga var mindre enn
normalt då femte og siste løpet i Ålesund Vinterkarusell vart avvikla laurdag
4. mars. Frå Velledalen IL deltok Olaf Øien i klasse 70-74 år, i tillegg til
Sivert Mosby Nakken og Andreas Mosby Nakken i klasse 14-15 år. Alle våre fekk
samanlagt-premie for tre eller fleire løp. Det gjorde også Svein Arne Nakken og
Alf Petter Bøe som var fråverande denne gongen.

Elles deltok Espen Strøm
Grebstad og Bjørn Inge Gjersdal frå Sykkylven. Espen , som deltok på VIL-laget
i Holmenkollstafetten i 2016, var raskaste sykkylving. Alle sykkylvs-løparane
sprang 5 km denne gongen (distansen er valfri, 5 eller 10 km).

RESULTAT:

14-15 år:


 1.
  


 Sivert Mosby Nakken 25.05


 2.
  


 Andreas Mosby Nakken 28.03

16-17 år:


 1.
  


 Espen Strøm Grebstad 19.30

20-22 år:


 1.
  


 Bjørn Inge Gjersdal 24.33

70-74 år:


 1.
  


 Olaf Øien 28.26

Are Uran vann 10 km på
37.50, og Leif Sægrov best på 5 km med tida 18.47




Hugs Idrettens Dag 5.mars

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2017

Sykkylven Idrettsråd har
tromma saman til utgåve 2 av Idrettens Dag i Sykkylven. Staden er Sykkylven
Storhall, dagen
  er 5.mars og
tidspunktet er
  13.00-16.00.

Vi håper mange tek turen,
men gode vêrmeldingar gjer at det vert i konkurranse med ski-aktivitetar på
fjellet. I tillegg går arrangementet i Storhallen i direkte kollisjon med
5-mila i ski-VM.

Velledalen IL sin stand
vert i hovudsak drifta av O-gruppa, med hjelp av Idrettsskulen. I tillegg vil
friidrettsgruppa vere på plass og reklamere for Konradløpet. Vi oppmodar
medlemar, sympatisørar og andre om å ta turen.




Vasalopp nummer ti 10 for Svein

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2017

arkivfoto
Sundag 5.mars går Svein
Arne Nakken sine 90 km på ski frå Sälen til Mora i Sverige for tiande gong.
Starten går klokka 08.00 om morgonen, på ein dag der Svein er oppe 04.00. Han
har vore gjennom dette mange gonger tidlegare, og veit såleis at han greier det
– under normale omstende der kroppen er frisk og skia rimeleg gode. Men han
stiller likevel krav til seg sjølv, og førebuingane kunne sjølvsagt vore meir
optimale i ein snøfattig vinter.


 -  Vi kan seie det
slik: Forma er god frå skuldrane og ned. Det har vore hektisk på jobb siste
tida så eg føler meg ikkje trygg på at «haudet» heng heilt med. Hovudmålet er å
sprengje fem timars grensa, som berre er mogleg om føret vert bra. Det har eg
nemleg gjort berre ein gong tidlegare, seier Svein til VIL-Nett før avreisa.

Slik gjekk det i 2016:

4.08.00: John Kristian
Dahl, rennvinnar

4.20.40: Knut Anders
Hatlen, Stranda IL, - nr. 138

5.04.34: Svein Arne
Nakken, Velledalen IL – nr. 998

5.33.08: Fridtjof
Fredriksen, Sykkylven IL – nr 1913

Rennet plar samle kring 15 000
påmelde. Svein vil helst sjå 4-talet fyrst i slutt-tida, og vi tippar han har
som mål å halde seg inne mellom dei 1000 beste. Starten er altså 08.00 for
heile feltet, med vår mann i pulje 2 – ein gunstig startposisjon for eit godt resultat




Vert det spelemidlar til O-kart i juni…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2017

Det er Lars Petter Vemøy
ved kulturavdelinga i Sykkylven kommune, som no melder at søknaden vår er komen
til Molde og funnen i orden. For dei som ikkje har skjøna det, så gjeld det
søknad om spelemidlar til O-kart for området Myrdalen/Holenakken.

O-gruppa fekk nyleg
melding om at laget måtte sende inn dokumentasjon på pengegåver frå Sparebanken
Møre og Sykkylven Energi. I tillegg måtte det dokumenterast at Velledalen IL
hadde pengar på konto. Dette har no kasserar Ove Inge Skylstad ordna.

Om det vert spelemidlar på
Velledalen IL v/O-gruppa i 2017, vert avgjort i byrjinga av juni månad. Like
før, 21. mai, får kartet sin elddåp med KM mellomdistanse i samarbeid med
O-gruppa i Emblem IL.




Siste løp i Ålesund Vinterkarusell

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Feb 2017

Starten går som vanleg
klokka 15.00. Distansen er valfri, 5 eller 10 kilometer. Det som er sikkert er
at Velledalen IL vert representert også i dette løpet. Sivert og Andreas Mosby
Nakken er alt påmelde med 5 km som distanse. Far, Svein, er i Sverige og skal
gå sitt tiande Vasalopp, så han vert fråverande. Men vi veit at Alf Petter Bøe
skal springe 10 km, og at Per Inge Bjørnestad er skadd og vert fråverande.
Superveteranen vår, Olaf Einar Øien, har vore trottig deltakar under karusellen
denne vinteren, og er kanskje på plass i siste løpet også.

Og det kan sjølvsagt dukke opp nye namn.
Resultata kjem venteleg på VIL-Nett laurdag kveld. Kik innom nettsida då, og
meld deg også på i Konradløpet, om du ikkje alt har gjort det.




Kven har Hanne sin nøkkel….?

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Feb 2017

Det gjeld nøkkelen til skåpa
i kjøkkensalen i Velledalen grendahus. Skåp dei færraste – eller rettare sagt;
knapt nok ingen – har nøkkel til.

Hanne Oline Ulset
  hadde nøkkel. Men ho lånte den bort i
fjor haust til ein
  manns-person som
skulle
  kopiere opp fleire nøklar,
slik at fleire lag fekk tilgang til skåpa. Men nøkkelen fekk Hanne aldri att,
og dei andre laga har ikkje fått sine nøklar. Det store problemet er at ingen
hugsar kven som lånte nøkkelen…..

Der står saka i skrivande
stund. Som alle skjønar ei kinkig sak. Velledalen IL har lagspremiar – mellom anna
frå Holmenkollstafetten – som skulle hatt sine plassar i dette skåpet. Men kjem
ikkje inn.


 ·
  

 Det beste hadde
vore om Hanne sin utlånte nøkkel kom til rette.


 ·
  

 Det nest beste
hadde vore om nokon i grendahus-systemet, eller andre som måtte ha ein slik
nøkkel melder seg, slik at laga kan få laga seg kvar sin nøkkel.

Veit nokon noko som kan
løyse saka, vert Hanne Ulset – tlf. 481 54 070 – susande glad.!




John Sverre Holmberg er dagens jubilant

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2017

«Reite-Jon» er
kallenamnet. Som betyr at han er frå same bruket som broren, «Reite-Ottar»,
eller sagt på ein annan måte; frå same bruket som Holmbergs Gartneri. Han er
såleis Hole-mann, men bygde seg hus på feil side av elva, på Brøvoll.

I visse krinsar har det
herska tvil om denne guten av 1937-årgang heitte Jon eller John. Alt tyder på
at JOHN er det rette; det står i alle fall på postkassa til jubilanten.

John har alltid likt å sjå
seg om i verda. Også i Amerika, på same måten som Mons-Konrad. Konrad observerte
fenomenet jogging på turen, John vart fasinert av symjebasseng. Alle
amerikanarar med ei rimeleg breial lommebok har basseng.

Vi veit lite om John si
lommebok, men han bygde like godt to. Eitt ute og eitt inne. Somme meinte det
var mest for eigentrening, sidan han var næraste nabo til ei elv der det
formeleg aula med blankfisk på 1960- og 70-talet. Amerikanarane har eigen «pool-boy»,
medan John alltid har vore sjølvhjelpt på området.

Sjølv om John tvillaust er
Velledalen sin bassengbaron, er det lite som tyder på at han er glad i å bade. Mange
i område bada langt meir enn «Reite-guten», sjølv dei åra ein vanskeleg kunne
krysse elva utan å trakke på ein pjakk. Han tok seg heller ei ykt med
hesteskokasting og sosialt preik. Det siste har John alltid vore glad i, og
sterk tilhengar av.

John Sverre Holmberg var
formann (som det då heitte ) i Velledalen IL i åra 1966,1967, 1968 og 1969.
Dette var like etter laget starta med barneidrett – i så måte var 1960-talet ei
pionertid. Han sysla litt med skihopp, i ei tid der mest alle gutar dreiv
skisport. Knut-Edvart var førebiletet.

Sportsleg er han mellom personane med flest
Konradløp i Velledalen. Stiller han i 2017, vert det for 14.gong. Og vi berre minner
om at alle 80 år og eldre, plar bli heidra på scena i grendahuset etter løpet.
Noko å gle seg til!!

Alle som har hatt samtalar
med John – på timen eller lenger – får møte filosofen i han. Han tenkjer eit
utal tankar og har mange idéar. Nokre få vert realiserte. Han vil at det skal
vere triveleg rundt seg, difor kan han finne på å rydde på nøytral grunn, og
han er ein av dei desidert beste flaggarane i Velledalen. Siste åra har han
markert seg med auka lyssetting i den mørke årstida. Klart best på Brøvoll på
feltet, sjølv om han fekk litt hardare konkurranse enn normalt sist adventstid
av ein «heimvendt son». Og han vart slegen av eit par frå Belgia som har slege
seg ned på Holen. Her ventar vi spent på neste trekk.

Vi skal i liten grad kome
inn på møblar og agentverksemd, anna enn nemne at det var livsgrunnlaget
mesteparten av hans yrkesaktive liv. Jubilanten har eit barnebarn som held høg
nasjonal klasse på friidrettsbana, men det er ikkje å stikke under ein stol at
det John aller best likar å framsnakke, er: Korpsmusikk, Svingfoten (nedlagt)
og Trekkspelmusikk. Han frekventerer ulike kulturhus oftare enn velledalingar
flest, for å seie det slik.

Velledalen hadde vore «fattigare»
utan «Reite-Jon». Det er klinkande klart.

Mannen er i høgste grad
skrivefør. Ein sjeldan gong kjem slike skriv «ålmugen» til gode, anten i
Sykkylvsbladet, som eit frittståande flygeblad eller som eit Idrettsminne til
Velledalen IL

Vi legg ved eit skriv signert
John Sverre Holmberg der han tek oss med tilbake til eigen barndom. God lesnad,
og GRATULERER MED 80 ÅRS DAGEN, JOHN!! her




Ingrid toppa på Kongen sin bursdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2017

Lite snø hittil i vinter har gjort at forholda har vore gode på dei
fleste trimpostane. På Kongen sin bursdag, 21.februar, sjekka vi stoda i
skogsvegen Hjorthol. Ein enkel tur som gir to poeng. Ikkje uventa fann vi
Ingrid Brudevoll og Anita Hjorthol på toppen av lista

Slik såg topp-5 ut:

77 turar: Ingrid Brudevoll

62 turar: Anita Hjorthol

32 turar: Jan Lade

19 turar: Evelyn Holmberg

19 turar: Svein Helge
Hjorthol

Litt lenger ned på lista
skilde ein einsleg tur mellom tre nye damer, nemleg Lisbeth Hofer, Hanne Ulset
og Eldrid Myhre.




Fjellsætercup i langrenn renn 3 av 5

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2017

Løparar utan tidtaking
   

Jenter
3 år 500 m (1 stk.)
 :

Nikoline Johanne
Tandstad Tandstad
barnehage

Jenter
5 år 2,0 km (3 stk.)
 :

Ingrid Andreassen Krikane
barnehage

Alvilde Kristine
Tandstad Tandstad
barnehage

Vilde Våtmyr Ikornnes
IL

Jenter
og Gutar 6 år 2,0 km (4 stk.)
 :

Emmili Haram
Blakstad Krikane
barnehage

Johannes Linga Velledalen
IL

Mikkel Lervåg Velledalen
IL

Storm Fure Ullavik
barnehage

Jenter
og Gutar 7 år 2,0 km (9 stk.)
 :

Savanna Fure Ullavik
skule

Molly Brekke Vik
skule

Tobias Lervåg Velledalen
IL

Maja Lunde Ikornnes
IL

Rikke Ringset Tennfjord
skule

Kanutte Tennøy Urkedal Tennfjord skule

Daniel Andreassen Ullavik
skule

Eline Nerland Larsnes

Hanna Blindheim Ullavik
skule

Jenter
8 år 2,0 km (2 stk.)
 :

Vilde Seim Steinerskolen,
Ålesund

Astrid Hole Aure Aure
skule

Jenter
og Gutar 9 år 2,0 km (4 stk.)
 :

Pernille Linga Velledalen
IL

Hedda Mandal Bueide Aure skule

Aleksander
Gjelstenli Ullavik
skule

Ella Kanutte Våtmyr Sørestranda
skule

Jenter
og Gutar 10 år 2,0 km (5 stk.)
 :

Alise Blindheim Ullavik
skule

Lukas Kalstad Lade Vik
skule

Ane Lunde Ikornnes
IL

Marcus Andreassen Ullavik
skule

Annelie Nedal Averøy

Gutar
11 år 2,0 km (2 stk.)
 :

Oliver Våtmyr Sørestranda
skule

Andreas Fure Aure
skule

  Løparar med tidtaking:
   

Jenter
12 år 2,0 km (1 stk.)
 :

Nr. 1 Ingrid Nerland Larsnes 12.59
minutt

Gutar
12 år 2,0 km (2 stk.)
 :

Nr. 1 Jakob Lunde Ikornnes
IL 9.46 minutt

Nr. 2 Marcus Mandal Bueide Aure skule 9.48
''

Jenter
13 år 3,0 km (1 stk.)
 :

Nr. 1 Ingvil Baadnes Åse 21.27 minutt

Gutar
14 år 3,0 km (2 stk.)
 :

Nr. 1 Sivert Mosby Nakken Velledalen IL 13.27 minutt

Nr. 2 Bjartmar Nedal Averøy
14.05 ''

Damer
senior, 5 km (1 stk.)
 :

Nr. 1 Anna Jellema Averøy/Nederland
23.55 minutt




Fjellsøtercupen 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Feb 2017

Snøfallet siste døgnet berga 3.rennet i TELENOR – Fjellsætercupen 2017

   
    Renn to vart avlyst, men tredje rennet går etter planen om ikkje noko spesielt hender. Det er i grenseland med snø, men det held akkurat, seier leiar i langrennsgruppa i VIL, Svein Arne Nakken, til VIL-Nett.



  Her kjem nokre faktaopplysningar om rennet den 22. februar

   
    Rennet går i fristil

   
    Påmelding ved start frå klokka 17.45

   
    Start når du vil i tidsrommet 18.00-19.15

   
    Startkontingent kr 25 for born og 50 for vaksne, eller 100/200 for alle renna



  Neste renn er onsdag 8.mars. Då går rennet i klassisk stil og dette rennet tel som bygdameisterskap.

   




Loppemarked

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Feb 2017

Vedlagt er en plakat som viser når vi tar imot "lopper".
her




Brødrene Aursnes

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Feb 2017

Til ledere i lag og organisasjoner som deltar i konkurransen vår om støtte med kr 20.000,- Som dere vet har vi en konkurranse gående hvor laget deres er nominert til å sanke flest stemmer frem til 1. mars 2017. Dette skal gjøres ved å stemme gjennom vår nettside www.aursnes.no
. Det laget/organisasjonen som får flest stemmer vinner en premie på kr 20.000,-.

Vi har i løpet av den siste tiden sett at folk kan ha vært litt vel kreative ved stemmegivingen. Dette er dessverre vanskelig å kontrollere for både arrangør og deltakende lag/organisasjon, og de som har gjort dette har nok gjort det i beste mening for laget/organisasjonen. Vi valgte en åpen løsning slik at flere kunne stemme fra samme bedrift, skole osv. som har samme IP adresse.

Meningen med denne konkurransen var ikke å lage intern splid blant lag og organisasjoner, men å gi alle lik mulighet til å mobilisere folk for å kunne vinne premien. Da det nå sås tvil rundt om en eventuell vinner jukser seg til seier eller om man vinner på hederlig vis ser vi ikke annen utvei enn å nulle ut alle stemmene frem til i dag og starte på nytt.

Vi har nå gått gjennom systemet og satt på låsing av IP adresser. Dette gjør at hver enkelt lokasjon/ IP adresse kan stemme hver 12. time. Husk at om man skrur av Wifi på telefon/nettbrett kan disse også gi en stemme hver, hver 12. time. Vi kommer også nå (som vi har gjort tidligere) til å følge med stemmegivingen og fjerner uregelmessigheter i stemmene.

Vi beklager at det denne gangen ble slik og håper dere har forståelse for det vi nå gjør.

Håper at dere fortsatt kan mobilisere medlemmer, støttespillere, familie og venner til å stemme dere frem.

Vi stopper nå avstemmingen og starter på nytt tirsdag 21.02.2017 klokken 12.00. Vi kårer en vinner 1. mars 2017. Lykke til!

Vi gleder oss i hvert fall stort til å kunne dele ut premien til vinneren og med det kunne bidra til noe positivt i bygden.

Del gjerne denne teksten ut på facebooksiden til ditt lag eller organisasjon eller formidle det ut blant medlemmene deres på andre måter.




Fin 5. plass til Svein i Furusjøen Rundt

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2017

Furusjøen
Rundt er ei kort 5-mil med sine 45 kilometer. Staden er Kvam i Gudbrandsdalen,
og rennet tel som seedingsrenn, eksempelvis til Birken og Vasaloppet.
 Vinnar av rennet i 2017 vart Håvard
Hansen, Strindheim IL, på tida 2.05.53.

Nokre lokale handplukka resultat:

M 20:

4. Alexander
Løvik Nyheim, Tomrefjord IL, 2.11.56 (Alexander har 14.52 i Konradløpet)

M 35:

3. Knut Anders
Hatlen, Stranda IL, 2.09.06 (har 14.48 i Konradløpet)

M 50:

5. Svein Arne
Nakken, Velledalen IL, 2.29.18

16. Fridtjof
Fredriksen, Sykkylven IL, 2.42.14




Råsprek jubilant fyller 60 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Feb 2017

arkivfoto
Inger Anne Riksheim har
drive idrett i ei eller anna form mest heile livet. Grøngot-Per sytte for at ho
tidleg kom i kontakt med langrenn. Ein idrett ho meistra godt. Det vart eit
utal KM-titlar. Garantert flest i Sykkylven – kanskje også om vi utvidar til
heile Sunnmøre.

I glanstida var ho ein
habil løpar – lange løp helst, for Inger hadde god kondisjon. Og det vart ein
heil del kampar for VRF sitt damelag, sjølv om denne idretten fyrst vart vanleg
mellom jenter etter at Inger var vaksen.

I seinare år har ho
spesialisert seg på motbakke-gåing. Ho har vore så dyktig på dette feltet, at
ho fem sesongar har samla mest poeng i Velledalen IL sine trimbøker. Nærare
bestemt i 2010, 2013, 2014, 2015 og 2016. Somme kunnskapslause trur dette er
ein middelmådig prestasjon. Til dei seier vi; du er velkomen til å prøve deg!

Velledalen IL gratulerer
Inger med jubileumet og håper kneleane held i mange år enno!




Adidas Run Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Feb 2017

Alle storbyar med respekt
for seg sjølv har ein løpsgrupper. Slike
grupper har ein også på landsbygda. Eksempelvis i Velledalen, men her kallar
dei seg Team Bøe. I storbyane heiter det «Adidas Run», eller andre prangande
namn. Fotoet er henta frå «Adidas Run» i Oslo, der «fenomenet» er ganske nytt.
Skarpe auge vil sjå at Velledalen IL er representert. Og det er vi sjølvsagt
stolte av.




Gull-Robert påmeld til Konradløpet 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Feb 2017

Påmeldingane sig inn til
det 16. Konradløpet. Som vanleg med start frå Brunstad klokka 05.00 1.mai. Ein
av dei som alt har kome på startlista er polakken Robert Rakoczy. Går ein inn
på statistikken for løpet, finn ein at Robert har delteke fem gonger tidlegare.
Og
løp nummer seks betyr at Robert er kvalifisert til Konradmedaljen i gull. Den
må han hente i Velledalen grendahus etter løpet.

Vi veit ikkje, men kan hende vart Robert Rakoczy inspirert av Pe-Tomasz
(også han polakk), som budde i same hus, gamlehuset i Pe-garden på Hjorthol.
Men faktum er at Robert har sett spor etter seg på andre felt enn i Konradløpet.
Han vart nemleg aller fyrste utlending
som vann ein av trimgruppa sine trimpostar (Skogsvegen Hjorthol). Ei bragd han
enno er åleine om.

Robert har også delteke i
Nibbemarsjen i Geiranger, saman med ein stor polsk delegasjon. Biletet av han
er henta derifrå.

Det er ei stor glede å
kunne ynskje Robert Rakoczy velkomen som deltakar i Konradløpet 2017!!




Idrettsskulen

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Feb 2017

Første
torsdag i februar var vi i lysløypa på fjellsætra,dårli føre.. Dei 2 siste
torsdagane har vi holdt til ned med kosebua i velledalen. Pga mangel på snø.

Vi
har hatt refleksposter med spm fra bygda. Kjekt å gå rundt med lommelykt og
finne dei. Vi har tent i bålpanna og kosa oss med kakao. Takk til Pernille med
hjelp av å sette opp løype og lån av refleksstava ,og takk til Torild Hole av
lån av plassen.

Neste
veke er det vinterferie. Så håper vi at snøen snart kjem så vi får prøve oss på
ski.




O-gruppa populær å sponse

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Feb 2017

Frå O-gruppa arbeider
hardt og målretta, og Merete Masdal i gruppa melder om to nye givarar av
premiar.


 ·
  

 El 24 har sponsa
med 100 sitjeunderlag


 ·
  

 Sparebanken Møre med 50 par barne-solbriller

Stor takk både til Sparebanken Møre og El 24!!




Klubbmeteorologen traff – Fjellsæterrunden avlyst

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Feb 2017

Hei alle
skivener med M. & R. Skikrets og TD i spissen.Arrangementskomiteen
i Fjellsæterrunden har i dag hatt møte. Grunna elendige snøforhold i
Fjellsæterområdet, ser vi ikkja anna råd enn å måtte
  avlyse årets
Fjellsæterrunde
  (vi kjem
   ikkje
til å forsøke å avvikle rennet på ein seinare dato).

Fint om akkurat
DU vidaresender dette til nokon du veit hadde tenkt å gå årets
Fjellsæterrunde...

  
  

Straumgjerde
15. februar 2017

For
Fjellsæterrunden

Svein Arne Nakken

Velledalen IL -
leiar langrennsgruppa




Tre topp-plasseringar i Ålesund

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Feb 2017

arkivfoto
Under gode forhold vart
fjerde løpet i Ålesund Vinterkarusell arrangert laurdag 11.februar. Her kjem ei
lita oversikt over korleis det gjekk med våre.

Friidrettsleiar, Alf
Petter Bøe, har trena godt og vore skadefri denne vinteren. Det har betalt seg
i form av resultat. Laurdag vart det plass nummer 1 i klasse 50-54 år. Og tida
37.26 på 10 km er brillefin.

Så til superveteran Olaf
Einar Øien. Han leverte 56.15 på mila i klasse 70-74 år, Dermed nok ein siger
på eit langt «rulleblad».

I Ålesund Vinterkarusell
er distansen valfri – 5 eller 10 km. Svein Arne Nakken sprang fem kilometer i
klasse M 50-54. Klokka stoppa på 21.53 for Svein – best i klassa.

I klasse M 14-15 år deltok
tvillingane Sivert og Andreas Mosby Nakken. Sivert var uheldig denne gongen - eit overtrakk gjorde at han aldri nådde mållina denne laurdagen. Andreas var i
godt slag, og kom inn på 23.35. Nest best i klassa.

Elles lettar vi på hatten
for superspreke Anea Aslaksen frå Stranda. Som sprang fem kilometer på 21.55, som
vil seie ei tid på 19-talet i Konradløpet. Ho høyrer til i klasse J 10 år.

Det høyrer med til soga at
Jan Ketil Vinnes var raskast på 10 km, Kristian Nedregård på fem. Løpet samla
totalt 39 utøvarar.




Storstemne for Julie Brunstad

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2017

Det er symjetrenar Kjartan
Grebstad som har tipsa om denne saka. Han har lagt ved eit par linkar slik at
interesserte bør kike nærare. Vi skal uansett prøve få med oss korleis det går
med Julie i årsklasse 2003 denne helga.

Sjå meir her




Mange til Ålesund

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2017

Litt kaldt, men elles
burde det vere finfine forhold for alle som stiller i fjerde løpet i
Vinterkarusellen i Ålesund. Startskotet smell 15.00, og veit at Velledalen IL
vert bra representert. Superveteranen Olaf Øien stiller i klasse 70-74 år. Han
spring i dag ti kilometer, men distansen er valfri – fem eller ti. Det same
gjer friidrettsleiar Alf Petter Bøe. Svein Arne Nakken + Sivert og Andreas vil
venteleg springe fem kilometer.

Dei nemnde namna stod på arrangøren si
deltakarliste laurdag morgon, men ein skal ikkje sjå vekk frå at vi kan mønstre
enno fleire. Resultat kjem i løpet av helga.




Stem på O-gruppa i Velledalen IL

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2017

Det er alltid vakne Merete
Masdal som har tipsa VIL-Nett om saka, som Aursnes –brørne har sparka i gang.
Vi håper rett så mange i nedslagsfeltet vårt – og sympatisørar elles – gir stemma
si til O-gruppa.

link her




Nytt langtidsvarsel frå klubbmeteorologen

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2017

Eg har fått spørsmål frå leiaren i VIL om det vert
mogleg å arrangere skirenn på fjellet 25. februar. Til det er å seie at det
er lite truleg at det kjem særleg meir snø før den datoen. Så dersom det
trengs ein del meir snø på Fjellsæter for å få arrangementet i hamn, så bør ein
bu seg på å avlyse.

1.mai er det Konradløp. Almanakken gjev ein nokså
sikker prognose der: Mildt, truleg lettskya, +7 grader ved start. Det kan
vere at det kjem nokre lette regndropar, men ikkje så mykje at ein må ta omsyn
til det.

21.mai er det stort Orienterings-stemne på
Myrdalen. Den datoen er litt vrien. Det eg er rimeleg sikker på, er
at mellom 17. og 27. mai vert det eit par dagar med surt og utriveleg ver med
snøfall, ca. 25 cm på Myrdalen. Mitt tips går på at snøfallet vert
25.-26. mai. Mest truleg vert det relativt surt og kaldt ver sundag 21.
mai, men fullt mogleg å arrangere O-løp. Den snøen som har lagt seg
tidlegare på vinteren er i alle fall borte. Eg ville heller ha lagt
stemnet til 2. helga i juni.

Per-Gunnar Holmberg – klubbmeteorolog VIL




TELENOR-Fjellsætercup (renn 2 av 5)

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Feb 2017

Det
andre rennet i TELENOR-Fjellsætercup
 (
 renn 2 av 5
 )
 som er terminfesta til
 onsdag 8. februar

ER DESSVERRE UTSETT / AVLYST GRUNNA MANGEL PÅ SNØ I LYSLØYPA.

Vi
håper på at renn nr. 3 av 5 onsdag den 22. februar går som planlagt då vi har
bestilt meir snø.

7.
februar 2017

Med
sportsleg helsing


 Ellinor
Heimstad
Asbjørn
Tandstad Svein
Nakken




Holetindane trimpost til fots 5. februar

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Feb 2017

arkivfoto
At nokon går til fots, frå
Hole til toppen av Holetindane den 5. februar, er langt frå kvardagskost. Men
5. februar 2017 gjorde Nils Terje Skylstad dette. Utan bruk av ski eller truger.

Men notering i
trimpostboka på toppen vart det ikkje i denne omgang, på grunn av hardpakka
snøskavl ved varden.

Sjølv om VIL sin
trimpostgeneral gjorde turen, bør den ikkje gjerast av urøynde fjellfolk. Det
finst glatte parti, der fall kan få alvorlege fylgjer. Broddar på føtene kan
vere ei god hjelp, men ingen garanti.

Elles vert det rapportert
om kanonforhold – til februar å vere – på dei fleste postane. Velledalen IL
håper mange nyttar seg av dette og tek seg ut i finevêret.




Fenstadrunden 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Feb 2017

Den 25.utgåva av Fenstadrunden skaffa det lågaste
deltakartalet i rennet si lange historie, med berre 29 utøvarar i
konkurranseklasse og 12 skigåarar i trimklasse. Løypa var ein fin 3km på
kunstsnø, som skulle gåast 7 gongar (altså ein distanse på om lag 21km).

Anders
Wigdahl stilte i konkurranseklassen, og var brukbart fornøyd med løpet:

- Hadde ikke optimal glid, men godt feste
takket være nyvinning fra Swix på klisterfronten. Mangelen på konkurranser i
år, og de siste 15 årene generelt, gjorde det vanskelig å presse kroppen så
hardt som den tåler, men gjennomfører på grei tid. De kommende sesongene er
ambisjonen å være mye nærmere tidene til gårsdagens vinnere, og generelt sett
være i nærheten av tetgruppen i sin klasse.

Ellen
Marie Hole representerte Velledalen IL i klasse trim. Krav om å minimum
3.rundar for å klassifisere som deltakar i denne klassa, så nøgd med å
gjennomføre 6 rundar på bakglatte ski. Denne kommentaren runga over
skistadion då Ellen var inne på oppløpet
«Og her kommer nok en utøver fra Velledalen IL mot mål, Ellen Marie Hole. Hun ser helt uberørt ut!»


Legg ved
eit bilete under her. Dette er frå skituren vi hadde på Brovoll tidligare i
Vinter i godt over -10 grader. Anders og eg som er bakerst på bilete.




   

    

     

      

       

        

         

          

           

            

             

              

               


   

    


   




Skiløparar frå VIL i to renn på Austlandet

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2017

arkivfoto
FENSTADRUNDEN

er eit nasjonalt turrenn om lag på storleik med Fjellsæterrunden. Normal
løypelengd er 28 km. I dag truleg kortare skal ein legge tidene til grunn. Her
var Velledalen IL representert med to utøvarar.


 ·
  

 Anders Wigdahl nr 2 i klasse 26-30 år på tida 1.03.07


 ·
  

 Ellen Marie Hole fullførte i trimklassa utan tidtaking

STENFJELLRUNDEN

er eit av dei store turrenn på Austlandet, og er seedingsrenn både til Birken
og Vasaloppet. Rennet i dag samla 730 fullførande – 648 menn og 82 kvinner. To
sykkylvingar – Svein Arne Nakken og Fridtjof Fredriksen – deltok. Vi nemner
også Liv-Janne Øvrebust frå Stordal og Knut Lium. Sistnemnde tidlegare vinnar
av Konradløpet.

Her er resultat frå
Stenfjellrunden:


 ·
  

 Rennvinnar:
Håvard Hansen, Strindheim IL, 1.55.09


 ·
  

 K 45-49: 1.
Liv-Janne Øvrebust, eks Stordal IL, 2.31.25


 ·
  

 M 45-49: 44 Knut
Lium, 2.35.12 (106 fullførande)


 ·
  

 M 50-54: 23 Svein Arne Nakken, Velledalen IL, 2.30.15
(81 fullførande)


 ·
  

 M 50-54: 44
Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 2.42.58 (81 fullførande)

VIL sin utøvar, Svein Arne
Nakken, sa dette etter rennet:


 -  Rennet gjekk
under gode forhold. Eit par kuldegrader, men særs høg luftfuktigheit. Diverre
hadde eg ikkje heilt klaff med skia, då dei eg eigentleg skulle gått på vart
liggande att heime. Men eg fekk gjort det beste ut av situasjonen, med det
resultat at eg hadde spikerfeste men altfor dårleg glid.


 -  Men reint
kroppsleg fungerte det godt, så totalt sett eit godt gjennomført renn, fortel
langrennsleiaren frå bilen på veg heim til Sykkylven.

Neste styrkeprøve vert om
14 dagar under Furusjøen Rundt – Kvam i Gudbrandsdalen om nokon var i tvil.


 -  Men før det vert
det 4. løpet i vinterkarusellen i Ålesund komande laurdag. Då med joggesko,
heilt utan smurning, på beina, seier Svein Arne




O-gruppa med KM og sentrums-cup.

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2017

Det skulle vore vinter no - på sitt hardaste. Men det er det definitivt ikkje. Og vi kan forstå om det
kriblar i beina på O-løparar og friidrettsfolk.





 Vår ferske – men gledeleg
hardtarbeidande O-gruppe – har massevis av ballar i lufta. At laget vårt, i
samarbeid med Emblem IL, har fått KM i mellomdistanse 21.mai, på det nye kartet
over Myrdalen/Holenakken, kan ikkje sjåast på som anna enn klapp på skuldra for
frisk satsing og godt arbeid frå fyrste dag. Eit arrangement alle delar av
Velledalen IL bør slutte heilhjarta opp om!





 I fjor gjekk dei lokale
O-løpa på Dalemyra. Denne våren er dei flytta til Aure, på det nye kartet vi
har fått laga over sentrumsområdet. Sentrumscupen i orientering vert arrangert
på torsdagar slik:

·
  







 27. april - løp 1

·
  







 4. mai - løp 2

·
  







 11.mai - løp 3





 Vi kjem sjølvsagt tilbake
med mykje meir stoff om den nye O-cupen når tida nærmar seg. Heilt klart eit
spennande prosjekt for gruppa. Tidlegare har sundarar vist seg som beste
arrangørdagen med omsyn til oppslutning….. korleis vert torsdagen teken mot som
arrangørdag…? Uansett, løp 1 kan nyttast som oppvarming til Minikonrad og
Konradløpet, så her er det berre å leite fram kompasset og pusse løpsskoa!





Medalje på Henrik….?

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2017

arkivfoto
Henrik Johan Fjærestad
Holmberg representerer Vik IL, men har som dei fleste veit far frå Velledalen.
Denne helga er han påmeldt i fire øvingar under NM innandørs i Ulsteinvik. Ein
skal ikkje sjå vekk frå at Henrik vil
reise heim med medalje/medaljar.

Her er Henrik sitt program for helga:


 ·
  

 Han deltek i
høgdehopp med tilløp – 8 delt.


 ·
  

 Han spring
60meter hekk – 5 delt


 ·
  

 Kule er ei av
øvingane ein tikjempar må meistre – 5 delt


 ·
  

 Og han deltek i
lengde med tilløp – 7 delt.

Velledalen IL ynskjer
LUKKE TIL I ULSTEINVIK, både til utøvar og støtteapparat!!




«Meny» i perioden 1.februar til 1.mai

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Feb 2017

Og det er ikkje så reint
lite. Alle bør merke seg dei faste innslaga som går kvar veke. I tillegg til Idrettsskule
er dette:

MÅNDAGAR:

18.00: Innebandy
  – Kontaktperson Thorbjørn Hopland

20.00: Ungdomsfotball
  – Kontaktperson Lene Katrine Hole

ONSDAGAR:

18.00: Innebandy

20.00: Sirkeltrening O-gruppa
  – Kontaktperson Janne Tomtum/Pernille Ibsen Lervåg

I tillegg kjem:

8. februar: TELENOR-FJELLSÆTERCUP 2. renn - klassisk stil

22. februar: TELENOR-FJELLSÆTERCUP 3. renn – fri teknikk

25. februar: FJELLSÆTERRUNDEN/BARNAS FJELLSÆTERRUNDE

5. mars: IDRETTENS DAG – Sykkylven Storhall

8. mars: TELENOR –FJELLSÆTERCUP 4. renn/BYGDAMEISTERSKAP – klassisk

14. mars: ÅRSMØTE i Velledalen IL

22. mars: TELENOR-FJELLSÆTERCUP 5.renn – fri teknikk

29. mars: Premieutdeling
TELENOR-FJELLSÆTERCUP – Tandstad skule

14. april: Påskekonrad - Brunstad

19. april: Nybyrjarkurs og
trenings-O-løp på Emblem

23. april: O-løp Emblem

27. april: Fyrste løp i
VIL sin O-cup –Sykkylven sentrum

30. april: MINIKONRAD - start/mål Dalemyra

1. mai: KONRADLØPET - start/mål Brunstad

Vi minner også om at
21.mai vert ein stor dato, med KM mellomdistanse i orientering etter det nye
kartet for området Myrdalen.




Gjensidige sponsa vestar

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jan 2017

I løpet av dagen har det
kome melding frå Idrettsskule-leiar Julie Brochmann, med ei gladmelding som
bodskap. Nemleg at:


 -  Sykkylven
Gjensidige har sponsa Idrettsskulen til Velledalen IL med 20 refleksvestar.

Talet elevar har no auka
til 28. Neste post på programmet er ski-aktivitetar på fjellet. Då er det
greitt at borna har ein vest på seg.

VIL har tidlegare kjøpt inn vestar med trykk
«Idrettsskulen». Diverre har desse hatt ein lei tendens til å forsvinne.

Stor takk og fjør i hatten
til Sykkylven Gjensidige! Vi nemner i same rennet at same firma er største
sponsor på VIL sine nye klubbjakker. Meir reklame kan du ikkje få i dag,
Magnar!




Glimrande Terje!

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jan 2017

arkivfoto
Snømangel også i Italia.
Difor vart turlangrennet Marcialonga kutta ned frå vanlegvis 70 km til 57.
Rennet vart avvikla i kaldt, fint vêr på kunstsnø. Med Velledalen IL
representert.

Terje Aurdal må ha
planlagt løpet godt sidan han makta kome inn på tida 3.30.00. Det heldt til
flott 99. plass i klasse 60-69 år. Totalt vart han kring nummer 1500 av 7000
påmelde deltakarar.

Vi nemner at Valldal IL
hadde med fire utøvarar i rennet. Tomrefjord IL og Tresfjord IL også
representerte. Tidlegare skigymnas-elev på Stranda, Ole Martin Lid, vart nummer
159 totalt på tida 2.31.30. Rennet vart vunne av norske Tord Asle Gjerdalen.




Sjå designskisse for nye treningskle

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2017

Du kan trykke på linken og
sjå HER.

Ei kasse med prøveklede
vert denne veka på grendahuset i samband med treningane der på onsdag
(Innebandy og Sirkeltrening).

Felles «uniformering»
verkar byggjande for laget, og det styrkjer samhaldet og identiteten.

Du er velkomen som medlem (sjå
frontsida)– som gir rabatt også ved desse kjøpa.

Om du lurer på noko,
kontakt O-gruppa: pernille.lervag@gmail.com




O-gruppa fekk tilskot for kartarbeid

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2017

I skrivet heiter det at
der var fire søkjarar – alle gode kandidatar.

-Det er renteinntektene
frå Fjellhugfondet som kan brukast som tilskotsmidlar. På grunn av fallande
innskotsrente utgjorde tilskotssummen berre om lag kr. 5 500 , skriv natur
og friluftslaget mellom anna.

Orienteringsgruppa fekk pengane
for arbeidet med orienteringskart i området Myrdalssætra/Holenakken/Svartevatnet.

Og kartet er alt ferdig,
og har vorte lovprisa av O-miljøet.

Mannen bak kartarbeidet
heiter Gunnar Gytri og kjem frå Førde.




O-gruppa for 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jan 2017

Reint formelt vert dei
ikkje valde før årsmøtet i mars, men vi veit at gruppa alt er i gang med
grundige førebuingar til ein ny sesong. Difor skadar det heller ikkje å
offentleggjere namna. Desse utgjer O-gruppa i VIL 2017:

Pernille Lervåg

Janne Tomtum

Merete Masdal - ny

Bernt Are Lervåg – ny

Velledalen IL takkar Anne
Grete Nordal og Monica Orre for innsatsen i 2016!




Oppsummering AKTIV ONSDAG 25. januar

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jan 2017

God oppslutning på fleire
frontar, men vi kan heilt klart bli fleire. Og det er plass til fleire.

Her er alle deltakartala
frå AKTIV ONSDAG 25.januar 2017:

6 delt. var med på Team-Bøe
joggetur frå Fetnausta

12 delt. på innebandy i
grendahus-salen

20 delt. sirkeltrening i
regi av O-gruppa

34 delt. i
TELENOR-FjellsæterCup 2017 – 11 av desse representerte VIL

Totalt 72 deltakarar – eit
høveleg tal å slåst mot onsdag 8. februar

PS. I tillegg håper vi
mange glir innom trimpostane våre, i alle fall dei det er mogleg å gå til utan
å risikere liv og helse.




30 beste tider på halvmaraton 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2017

arkivfoto
På denne lista er tidene
omrekna etter alder. Eldre karar får fråtrekk på tida si, det same gjer dei som
er veldig unge. Sverre Gunnar hadde 1.16.04 som faktisk tid i Drunen i
Nederland i fjor. Omrekna etter alder kjem han ut med ei tid på 1.08.37 – fordi
han var 49 år i «gjerningsøyeblikket».

Vi ser og at vinnaren av Konradløpet,
Ebrahim Abdulaziz er nummer tre på lista. Han har faktisk tid på 1.06.31, som
omrekna gir 1.05.19. Lista vert toppa av Sondre Nordstad Moen med 1.02.19.
Uansett imponerande av «Brunstad-ekspressen» å kjempe seg inn på lista.

DE 30 BESTE MENNENE PÅ HALVMARATON I 2016:


Ifølge de internasjonale veterantabellene




   

    
     NR-
     


   

    
      NAVN
     


   

    
     FØDT
     


   

    
     TID
     


   

    
     WMA94/06
     


   

    1
     


   

     Sondre
Nordstad Moen
     


   

    1991
     


   

    1.02.19
     


   

    1.02.19
     


   

    2
     


   

     Asbjørn
Ellefsen Persen
     


   

    1987
     


   

    1.04.14
     


   

    1.04.14
     


   

    3
     


   

     Ebrahim
Abdulaziz
     


   

    1978
     


   

    1.06.31
     


   

    1.05.19
     


   

    4
     


   

     Hans
Kristian Fløystad
     


   

    1989
     


   

    1.05.32
     


   

    1.05.32
     


   

    5
     


   

     Okubamichael
Fissehatsion
     


   

    1993
     


   

    1.05.49
     


   

    1.05.49
     


   

    6
     


   

     Ørjan
Grønnevig
     


   

    1991
     


   

    1.05.50
     


   

    1.05.50
     


   

    7
     


   

     Urige
Buta
     


   

    1978
     


   

    1.07.06
     


   

    1.05.53
     


   

    8
     


   

     Rolf
Steier
     


   

    1984
     


   

    1.06.15
     


   

    1.06.14
     


   

    9
     


   

     Marius
Vedvik
     


   

    1992
     


   

    1.06.16
     


   

    1.06.16
     


   

    10
     


   

     Eirik
Gramstad
     


   

    1984
     


   

    1.06.22
     


   

    1.06.21
     


   

    11
     


   

     Abdeslam
Naji
     


   

    1965
     


   

    1.14.48
     


   

    1.06.22
     


   

    12
     


   

     Zerei
Kbrom Mezngi
     


   

    1986
     


   

    1.06.23
     


   

    1.06.23
     


   

    13
     


   

     Jonas
Lurås Hammer
     


   

    1991
     


   

    1.06.25
     


   

    1.06.25
     


   

    14
     


   

     Senay
Fissehatsion
     


   

    1995
     


   

    1.06.38
     


   

    1.06.30
     


   

    15
     


   

     Terje
Olsen
     


   

    1965
     


   

    1.15.00
     


   

    1.06.32
     


   

    16
     


   

     Terje
Haugland
     


   

    1959
     


   

    1.19.03
     


   

    1.06.35
     


   

    17
     


   

     Andreas
Myhre Sjurseth
     


   

    1985
     


   

    1.06.50
     


   

    1.06.50
     


   

    18
     


   

     Jon
Per Nygaard
     


   

    1967
     


   

    1.14.23
     


   

    1.07.06
     


   

    19
     


   

     Dadafo
Dhaqabi
     


   

    1989
     


   

    1.07.22
     


   

    1.07.22
     


   

    20
     


   

     Øystein
Mørk
     


   

    1974
     


   

    1.10.44
     


   

    1.07.24
     


   

    21
     


   

     Narve
Gilje Nordås
     


   

    1998
     


   

    1.09.52
     


   

    1.07.56
     


   

    22
     


   

     Tomas
Bereket
     


   

    1986
     


   

    1.08.05
     


   

    1.08.05
     


   

    22
     


   

     Alf
B. Dahl
     


   

    1955
     


   

    1.23.51
     


   

    1.08.05
     


   

    24
     


   

     Ola
Sakshaug
     


   

    1984
     


   

    1.08.09
     


   

    1.08.08
     


   

    25
     


   

     Frew
Zenebe Brkineh
     


   

    1984
     


   

    1.08.13
     


   

    1.08.12
     


   

    26
     


   

     Alexander
Kirkeberg
     


   

    1996
     


   

    1.08.37
     


   

    1.08.13
     


   

    27
     


   

     Sverre
Aksland
     


   

    1949
     


   

    1.29.25
     


   

    1.08.21
     


   

    28
     


   

     August
Flø
     


   

    1995
     


   

    1.08.36
     


   

    1.08.27
     


   

    29
     


   

     Oddmund
Roalkvam
     


   

    1958
     


   

    1.22.08
     


   

    1.08.33
     


   

    30
     


   

     Sverre
Gunnar Brunstad
     


   

    1967
     


   

    1.16.04
     


   

    1.08.37
     






Fjellsætercup i langrenn renn 1 av 5,

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2017

Løparar utan tidtaking:
   
   

Jenter
og Gutar 5 år 2,0 km (2 stk.)

 :


Lily Bakke Payling Sykkylven
IL


Alfred Masdal Velledalen
IL

Jenter
og Gutar 6 år 2,0 km (3 stk.)

 :


Emily Haram
Blakstad Sykkylven
IL


Johannes Linga Velledalen
IL


Mikkel Lervåg Velledalen
IL

Jenter
og Gutar 7 år 2,0 km (6 stk.)

 :


Ida Nilsen Velledalen
IL


Savanna Fure Sykkylven
IL


Molly Brekke Sykkylven
IL


Tim Bakke Payling Sykkylven
IL


Sunniva Fet Akslen Sykkylven
IL


Tobias Lervåg Velledalen
IL

Gutar
8 år 2,0 km (1 stk.)

 :


Sevrin Hjorthol Velledalen
IL

Jenter
og Gutar 9 år 2,0 km (5 stk.)

 :


Helena Haram
Blakstad Sykkylven
IL


Joakim Stadsnes
Skaga Sykkylven
IL


Pernille Linga Velledalen
IL


Troy Bakke Payling Sykkylven IL


Hedda Mandal Bueide Sykkylven IL

Jenter
og Gutar 10 år 2,0 km (3 stk.)

 :


Emil Orre Velledalen
IL


Alise Blindheim Sykkylven
IL


Lukas Kalstad Lade Sykkylven
IL

Gutar
11 år 2,0 km (1 stk.)

 :


Sigurd Berge Sykkylven IL

  Løparar med tidtaking:
   
   

Gutar
12 år 2,0 km (3 stk.)

 :


Nr. 1 Markus Mandal Bueide Sykkylven IL 8.49 minutt


Nr. 2 Jakob Lunde Ikornnes
IL 9.32
''


Nr. 3 Andreas Fure Sykkylven
IL 16.41
''

Jenter
13 år 3,0 km (1 stk.)

 :


Nr. 1 Kaisa Berge Sykkylven
IL 31.34 minutt

Gutar
13 år 3,0 km (1 stk.)

 :


Nr. 1 Kristian Stadsnes Skaga Sykkylven IL
17.03 minutt

Gutar
14 år 3,0 km (4 stk.)

 :


Nr. 1 Mathias Myrseth Heimstad Sykkylven IL 11.27 minutt


Nr. 2 Sivert Mosby Nakken Velledalen IL 16.52
''


Nr. 3 Andreas Mosby Nakken Velledalen IL 18.00
''


Nr. 4 Mikael Haram Blakstad Sykkylven IL 25.30
''

Gutar
16 år, 5 km (1 stk.)

 :


Nr. 1 Robin Myrseth Heimstad Sykkylven IL
18.21 minutt

Herrar
senior, 10 km (3 stk.)

 :


Nr. 1 Fridtjof Fredriksen Sykkylven IL 32.04 minutt


Nr. 2 Svein Arne Nakken Velledalen IL 32.38
''


Nr. 3 Arild
Skaga Sykkylven
IL 38.01




Ni kvinner på kvar mann.

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jan 2017

arkivfoto
Det opna med lett mosjon i
Team Bøe frå Fetnausta om føremiddagen. Strid vind, men elles gode forhold,
vert det meldt. Seks deltakarar. Alle menn.

Om ettermiddagen stod
tilboda formeleg i kø. I lysløypa i Ladalen arrangerte SIL/VIL opningsrennet i
Telenor- FjellsæterCupen. Rennet gjekk i fristil. Resultat frå rennet eller tal
på deltakarar har førebels ikkje kome frå langrennsgruppa.

Samstundes med langrennet
var det inne-bandy i grendahussalen. Dette har vorte ein populær aktivitet både
mellom kvinner og menn.


 -  I går hadde vi 12
spelarar i sving, halvt om halvt med menn og kvinner. Og det dukkar stadig opp
nye, fortel primus motor Thorbjørn Hopland.

Inne-bandy har faste tider
i Velledalen grendahus måndag og onsdag klokka 18.00. I tillegg er dei i sving
enkelte laurdagar, om huset er ledig.

O-gruppa si sirkeltrening
har vorte godt motteken. Her er mannfolka litt på defensiven, men vi trur dei
kjem sterkare frametter vinteren – når dei får tenkt seg om. Ole-Peder Holmberg
har vore der, og er godt nøgd:


 -  Dette er verkeleg
god trening. Fyrste gongen kjende eg det tre
til fire dagar etterpå. Mest i låra. Armane gjekk greitt. Der er eg
sterk, mykje lemping og mange repetisjonar på flyplassen, fortel Ole-Peder som
i same slengen rosar instruktøren Janne Tomtum.


 -  Ja, ho er flink.
Eg kan på det sterkaste anbefale denne treninga for gutar/mannfolk. Opplegget
er 50 sekund «på», 10 sekund «av» for byte av øving. Det er sjølvsagt lov å gi
seg før om ein må, seier Ole-Peder som også var på Team Bøe-trening på
føremiddagen.

O- gruppa si sirkeltrening
er kvar onsdag klokka 20.00, og det er lov å kome ferdig oppvarma klokka 20.15.
Fyrste gongen deltok 25 personar, i går 20 – to av dei var hankjønn. Med andre
ord ni kvinner på kvar mann. Mest ikkje skamlaust!

PS. Lurer du på kva aldersgruppe
tiltaket er for…?

Rykta seier at det deltek
fleire tenåringar, medan dei eldste er i klasse 60+ Stort spenn med andre ord.
HIV DEG MED KOMANDE ONSDAG!




Stryn Rando 3000 – Kjell Magnar sitt hovudmål

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jan 2017

arkivfoto
18. mars vert Stryn Rando
3000 arrangert. Som du sikkert skjønar ein randonee-konkurranse. Fyrste gong
arrangert i 2016. Alt året etter har stolte arrangørar fått NM-status:

- Vi går høgt ut og seier vi skal vere det
råaste randonee-arrangementet i Skandinavia, seier Johan Olai Svidal, på vegne av
arrangøren til Sunnmørsposten si nettavis.

Og merk dykk, kjære lesarar:

Dette arrangementet er
Kjell Magnar Berli sitt hovudmål for vintersesongen 2017. Sponsa på utstyrsida
av Hardhaus, gjer han sine grundige førebuingar. Noko han starta med alt
hausten 2016.

18. mars kryssar vi altså
fingrar og tær (om du greier det) for Kjell Magnar. Fordi dette vert ei
kraftprøve. Stryn Rando 3000 er i korte trekk:

* NM i Randonee med berre konkurranseklasse.

* Løypa går innom sju
fjelltoppar

* Løypa har 3000
høgdemeter

* Løypa er 26 kilometer
lang

Vi minner om at Kjell
Magnar har 6.plass som beste NM-resultat frå NM Fjelløp Ultra i 2016. Kan han
greie noko liknande i Stryn…….?




Ikkje same person

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jan 2017

Vi melde i går at Jens
Bjørlo Tandstad er klar for heilmaraton i Bacelona i mars månad. I den
samanheng lurte VIL-Nett på om Jens Bjørlo Tandstad var identisk med Jens
Kristian Tandstad som står med fine 17.28 i Konradløp-statistikken.

Men det er altså ikkje
tilfelle, vert det meldt frå Oslo i dag føremiddag. Men dei er i slekt. Han «Jakob-Jens»
på Tandstad, som var dyktig i kombinert for 70 år sidan, var bestefar til begge
«Jensane», som altså er syskenborn.

Det vert vidare meldt frå
hovudstaden om maratonmannen Jens Bjørlo Tandstad:


 -  I yngre år var han ein hardt-taklande sideback, som
var kjapp på dei fyrste meterane.

I Barcelona er vi nok meir
spent på dei siste.




Emblem orientering gratis i Konradløpet.

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2017

I fjor samla MiniKonrad 30. april 138 deltakarar, medan hovudløpet med
start klokka 05.00 om morgonen hadde 287 påmelde.

No er påmeldinga godt i
gang for 2017, og det kan vere greitt å friske opp att kven som har gratis
deltaking.


 ·
  

 Alle med Konrad som føre- eller mellomnamn har gratis
deltaking.
  Førebels dette året, er
det berre Jarle Konrad Fausa som kjem i denne kategorien. Han går i sitt 77.år
og er den eldste påmelde hittil.


 ·
  

 Alle over 90 år har gratis deltaking.
  På 16 løp hittil er Tomas Tandstad åleine om å ha
oppfylt dette kravet. Han deltok i sitt 92. leveår. Nest eldst er Kjellaug
Ulset som har 15 løp av 15 moglege – ho trur vi er fødd i 1928.


 ·
  

 Alle som får gratis deltaking som gåve
  (VIL sel gåvekort for born, vaksne eller familiar)
slepp sjølvsagt betale, men i desse tilfella er det andre som har betalt
kontingenten.


 ·
  

 Nytt av året: O-gruppa i Emblem IL har gratis
deltaking i 2017.
  Som takk for all
hjelp og velvilje laget har synt oss siste tida, noko som har gjort oppstarten
av eiga O-gruppe mykje lettare. Vi håper fleire derifrå tek turen, og dei kan
til og med ha folk i rekkjene sine som slettar den norske bestetida i løpet
(14.48)




Ny maratonløpar i kjømda

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2017

Det dreier seg om Barcelona
og ein Tandstad-kar. La oss slå fast fyrst som sist at det er ikkje han Per
Svein, sjølv om vi trur han kunne vore truande til det om han hadde vore yngre.

Nei, vi har fått den glade
bodskapen heilt frå Oslo – gjennom han Njål Torillson – at han «Jakob-Jens Jr.»
er klar for 42 195 meter i Barcelona sine gater. Skal vi halde oss til korrekte
namn, har mange sikkert skjøna at vi snakkar om han Jens Bjørlo Tandstad, sonen
til Kjetil og Berit.

Eit kjapt søk i
Konradløpet sin statistikk viser at ein kar ved namn Jens Kristian Tandstad - truleg den same som Jens Bjørlo Tandstad
- gjorde unna løpet på 17.28 i 2013. Såleis burde han vere godt skikka,
sjølv om løpet i Spania er ti gonger så langt. Og det plar vere litt betre «lonk» i Barcelona enn på Brunstad klokka
05.00 om morgonen.

Velledalen IL ynskjer
lukke til, samstundes som vi minner om at bestefar til guten – han «Jakob-Jens
senior» – i unge år var ein habil kombinertløpar.




50 års minne: Viste musklar på heimebane!

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jan 2017

To store skiløparar i kvar si tid - Bjørn Lade (t.v) og Hans M. Gjedrem deler ut premiar
 Områderennet i hopp den
21. januar 1967 samla 35 hopparar frå seks klubbar. Eit overkomeleg
arrangement. Verre var det dagen etter med KM i langrenn. Ulike løypelengder,
skarpt føre på det vi kallar «hardebree», med 111 fullførande frå tolv ulike klubbar.
Renn av slike dimensjonar var noko heilt nytt for Velledalen IL. Og ja, det tok
si tid!

Start og mål var like ved
Lødøen sitt hus. Rolf Lødøen hadde fått den fine tittel som materialforvaltar i
VIL si nye barne-og ungdomssatsing. Kanskje låg det til «vervet» å finne ein
høveleg stad for arrangementet…?. I alle høve krydde det av menneske rundt «nøvene»
i Bø-tunet denne sundagen. Solfrid Hole var på plass som dalens fremste
representant for dei som skulle heie, og hjartegode fabrikkeigarar på La-sida
av elva heldt med open fabrikk. Smurning av ski skulle skje utandørs, noko alle
naturlegvis ikkje respekterte.

John Holmberg var leiar i
Velledalen IL den gongen. Skal ein tru møteboka var Karl B. Lade både nestleiar
og sekretær. I tillegg var «Brua-Karl» formann (som det då heitte) i Barne- og
Ungdomsutvalet. Johan S. Grebstad (Bolla) var kasserar, medan Jon Hjortdal og
Hallstein Drabløs var dei to siste i Styret.

Den vekkinga for
vintersport mellom dei unge, som rei Velledalen på denne tida, minner litt om
den blesten som O-gruppa har skapt 50 år seinare. «Brua-Karl» var
langrennsporten si tidlege utgåve av Pernille Ibsen Lervåg. Og denne sundagen,
22.januar 1967, viste han for heile Sunnmøre at arbeidet i laget hans hadde bore
frukter. VELLEDALEN IL VAR LOKALT BLITT EI «STORMAKT» I LANGRENN.

  Laget mønstra 18 utøvarar og tok tre
KM-titlar. Ikornnes IL tok like mange. Stranda IL, Ørsta IL og Skodje IL
fekk kvar sine to.

Det vi i dag kallar
sportsdrikk, fanst ikkje for 50 år sidan. Etter innkomst stod nokre kvinner frå
dalen klar med drikke til slitne løparar. Diverre fall ikkje serveringa i like
god smak hos alle. Ein løpar frå Ikornnes IL, KM-vinnar i G 12 år denne dagen,
reagerte slik :



 - 




 Åh, fytti rakkaren,
sa han og kasta frå seg begeret med varm mjølk – etter ein sup.

Urøynde arrangørar tok
ingen sjansar. Difor varte og rakk det med premieutdelinga. Rennkontor var på
La-fabrikken, og der gjekk også deltakarar og føresette og venta. Enkelte
lekkasjar om resultat glapp nok ut av kontoret, men det gjekk fleire timar før
premiane låg i lomma på dei aktive.

HARDE FAKTA FRÅ KM-RENNET 22. JAN. 1967:

Fullførande jenter: 21

Fullførande gutar: 90

Deltakande klubbar:

  Stranda IL, Skodje IL, Langevåg IL, Ikornnes IL, Hundeidvik IL,
Sykkylven IL, Emblem IL, Åmdal IL, IL Ravn, Ørsta IL, Vartdal IL og Velledalen
IL

DELTAKARAR FRÅ VELLEDALEN IL:

J 10 år: Ann Kristin Hole
og Toril Hole

J 14 år: Synnøve Lade

G 8 år: Bjørn Asle Lade og
Svein Bjarte Skylstad

G 9 år: Kjell Nilsen, Jan
Bolstad, Lars Lade og Oddbjørn Lade

G 10 år: Atle Hole og
Oddvar Hole

G 11 år: Hermod Velle

G 12 år: Asle Myhre, Geir
Brunstad og Jan Ove Skogvold

G 13 år: Otto Brunstad og
Kjetil Hole

G 15 år: Arnfinn Brunstad

KJENNINGAR:


Torstein Hole, Stranda IL (G 9 år) og Terje Aurdal, Sykkylven IL (G 13 år)

KM-VINNARAR FRÅ VELLEDALEN IL:

G 8 år: Bjørn Lade

G 9 år: Kjell Nilsen

G 10 år: Atle Hole

Sistnemnde takkar
smørjaren, Torleiv Hole, for gode ski og Solfrid Hole for intense heiarop. Utan
deira hjelp hadde sigersmarginen på tre sekund bikka over til ein strandar.

PS.

50 år er lang tid. Så lang
at somme av dei nemnde i dei to reportasjane frå 1967 har gått bort.

Vi nyttar difor høvet til å minnast desse
personane – vi minnest dei i takksemd:



 ·

  




 Knut Andreas
Hjorthol (aktiv)



 ·

  




 Synnøve Lade
(aktiv)



 ·

  




 Oddbjørn Lade
(aktiv)



 ·

  




 Geir Brunstad (aktiv)



 ·

  




 Karl B. Lade



 ·

  




 Solfrid Hole



 ·

  




 Jon Hjortdal



 ·

  




 Hallstein Drabløs



 ·

  




 Fabrikkeigarane Arne,
Hjalmar og Martin Lade
  




Testløp 21.januar – «Dobbel Konrad»

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jan 2017

Laurdag 21. januar var
forholda glimrande i Konrad-løypa. Friidrettsleiaren nytta høve til eit privat
testløp, med start og mål på Brunstad. To samanhengande rundar vart tilbakelagt
på 18.14 (eitt sekund over dansk rekord) og 17.41. Det vitnar om god form av
ein mann i sitt 50. leveår. For dei som er interesserte i km-tider: 4.04.9 i
snitt pr. km.

Held det fram slik må han
snart døypast om til «Bøfjord-ekspressen»




Ei fantastisk bok – O-boka 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jan 2017

O-boka 2016 er eit
samleobjekt for alle som er opptekne av O-sport. Boka bør vere ein naturleg del
av ein kvar o-løpar si boksamling. Boka kjem ut årleg. Fyrste utgåva i 2003,
slik at O-boka 2016 er den 14. i rekkja.

Dette er ei bok der topp
og breidde går hand i hand gjennom reportasjar, gode foto og fyldige
resultatlister. Boka er ført i penn av frilansjournalist Erik Borg, med god
hjelp av bidragsytarar over heile landet. Den tidlegare
skiorienterings-verdsmeisteren, Vidar Benjaminsen, har stått for layout og er
ansvarleg for alle kart.

Boka har 240 sider. Side
207 er ei såkalla distriktsside for Møre og Romsdal. Her stikk Velledalen IL av
med heile sida, under tittelen: «Bare måtte starte ei O-gruppe» Kort fortalt
finn ein dette på sida:


 ·
  

 Reportasje om
Pernille sin bakgrunn og korleis ho hamna i Velledalen.


 ·
  

 Foto av Pernille
i O-gruppa sin «bunad» (løpsdrakt).


 ·
  

 Foto av familien
Ibsen Lervåg.


 ·
  

 Foto av
Nakken-tvillingane Sivert og Andreas.


 ·
  

 Foto av unge
o-løparar som får hjelp med kart og kartteikn.


 ·
  

 O-kart over
området Dalemyra.

Boka har totalt sett over
700 bilete i fargar og over 70 kart frå inn- og utland

O-boka 2016 kan tingast
slik:

E-post: erik.borg@gmail.com

Telefon: 930 11 422

www.o-boka.no




Hopp-jubileum: 21.januar 1967 var dagen

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jan 2017

50 år er lang tid. Slik ser
 Ja, tidene endrar seg. I
Velledalen har vi ikkje sett ein skihoppar sidan Tommy Lianes var her og delte
ut premiar under MiniKonrad for nokre år sidan. Då hadde Lianes frå Stordal IL nettopp hoppa 217 meter i
Vikersund.

Men tilbake til Velledalen
og farne tider. På 1960-talet arrangerte Velledalen IL to storrenn i
Brunstadbakken. Begge med deltaking av dåtidas elitehopparar. Men då laget
samstundes med siste storrennet i Brunstadbakken starta opp med barneidrett (i
1965), vart Brunstadbakken «skrota». Truleg var den FOR STOR.

Det nye «sentralanlegget»
for Velledalen IL vart no plassert i Holemarka. Her var det positive
grunneigarar, og på kort tid kom lysløype for langrenn, alpintrasé med ljos og
nye hoppbakkar. Rett nok «primitive anlegg» etter notida sine krav.

Iveren var stor i heile dalen, snøen lava jamnleg
ned, og i 1967 hadde laget blitt tildelt to store arrangement. Områderenn i
hopp laurdag 21. januar, og KM i langrenn sundag 22.januar.
HOPPRENNET 21.JANUAR 1967:

35 hopparar på
resultatlista – 9 av desse representerte Velledalen IL. Slik gjekk det med
våre:


G 10 år:

Hans Olav Drabløs nr 4 – 8,7 poeng bak vinnar Helge Førde, Langevåg

G 11 år:
  Ei
rein velledals-klasse, med Leiv Alnes som vinnar fire poeng føre Ole Jostein
Fet. Elles deltok Knut Hjorthol, Odd Harald Hovde og Jan Egil Fossum.

G 14 år:

Helge Drabløs nummer seks og Jarle Lade nummer sju i ei jamn klasse. Helge
berre 5,5 poeng bak vinnaren Egil Grindvik, Skodje IL.

G 15 år
 : Per
Hole nummer tre – Ole Kristian Hjellegjerde, Sykkylven IL klassevinnar.


Deltakande klubbar i rennet:

Liabygda IL, Stranda IL,
Sykkylven IL, Langevåg IL, Skodje IL og Velledalen IL


 Gratulerer Leiv, håper
nokon sopar i hop ei kake til deg. Dette fortener faktisk litt feiring!!
Helsing Atle – som var i
aksjon dagen etter, 22. januar 1967.



PS. Om nokon hadde hatt
foto frå rennet hadde det vore gildt.




Konradløpet sine 19 nasjonale rekordar

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jan 2017

Konradløpet har 19
nasjonale rekordar. Deltakarar frå fleire nasjonar har vore med, men sidan det
berre er tidtaking på ca 1/3 av deltakarane, glepp mange unna. Er ein ikkje
mellom dei som får tid, kan ein heller ikkje sette nasjonal rekord. Så enkelt
er det.

I år har vi for fyrste
gong deltaking frå Belgia. Stijn De Smedt bur på Holen i Velledalen, er rimeleg
sprek, og vil ganske sikkert gli inn på lista. Om han ikkje forsøv seg, då. Så
etter alle solemerke vil vi ha minst 20 nasjonale rekordar etter årets løp.

Den eldste nasjonale
rekorden skriv seg tilbake frå 2004, sett av Georgi Todorov. Dreng i Tøsten-garden
på Brunstad - frå Bulgaria. Truleg vil
den overleve då det har vore skrint med bulgararar i Konradløpet. Merk at heile
seks av dei nasjonale rekordane vart sette i 2016, mellom dei vår eigen
Pernille Lervåg.

At den danske rekorden i
løpet lyder på 18.13, medan den svenske er på meir bleike 24.48, er knappast
skamlaust for svenskane sin del. Om dei kjem seg opp om morgonen 1.mai og får
gjort naudsynte justeringar står att å sjå. Elles er det verdt å merke seg folk
frå Stranda kommune har den norske bestetida både for kvinner og menn (Kristine
Hjellbakk Hole og Knut Anders Hatlen). I tillegg bur rekordhaldarane frå
Nederland og Litauen også på Stranda.

Her er dei nasjonale rekordane:

13.30: Ebrahim Abdulaziz,
Eritrea, (2016)

14.48: Knut Anders Hatlen,
Noreg, (2012)

16.34: Michael Uhlar,
Tsjekkia, (2010)

17.02: Jonas Siurskas,
Litauen, (2016)

17.55: Niek Schreijer,
Nederlang (2014)

18.12: Daryl Matthews,
Australia, (2009)

18.13: Pernille Ibsen
Lervåg, Danmark, (2016)

19.03: Mateusz Wojcieh
Oskiewicz, Polen, (2016)

20.15: Sharon Svedgård,
Jamaica, (2016)

20.24: Olga Sørensen, Russland, (2015)

20.29: Fadel Traore, Elfenbeinskysten, (2007)

21.17: Georgi Todorov, Bulgaria, (2004)

21.51: Irrfe Renz Bagol, Filippinane, (2009)

22.07: Martin Lotz, Tyskland, (2010)

22.16: Victor Scattergood, England, (2009)

24.09: Mehyar Zarzar, Syria, (2016)

24.09: Chris Aggerholm, USA, (2007)

24.44: Ilyas Degirmenci, Tyrkia, (2006)

24.48: Joakim Mårtensson, Sverige, (2008)

Påmeldingane til løpet
1.mai 2017 har byrja sige inn. Hittil er tre nasjonar representerte – Belgia,
Polen og Noreg.

Linken til påmeldinga finn
du på frontsida – der kan du også sjå namna på dei som alt har meldt seg på.

Velkomen til Konradløpe nummer 16 – hugs at farta
langt frå er det viktigaste!




Utstyrspengar til Velledalen IL O-gruppe

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jan 2017

Til stort sett all
aktivitet fylgjer eit visst minstekrav til utstyr. Slik også til O-løp, der ei
vaken gruppe passer på at naudsynte søknader vert sende dit dei skal.

Norges Idrettsforbund har
delt spelemidlar på 29 413 095 kroner til formålet (utstyrskjøp). Av
dette draup 347 894 kroner på Norsk Orientering. Av denne potten har O-gruppa
i Velledalen IL fått 4467 kroner.

Norsk Orientering skriv at
klubbane har fått igjen ca. 19 prosent av innkjøpskostnaden for utstyret som er
kvalifisert til støtte. Alle monner dreg i rett retning, og nok ein gong;

GODT JOBBA AV O-GRUPPA !!




Hjartesukk frå Idrettsskulen

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jan 2017

Velledalen IL sin
Idrettsskule er storforbrukar av refleksvestar. Fordi dei ikkje vert levert
tilbake av brukarane. Leiar i VIL Idrettsskule, Julie Brochman, sender no ut
fylgjande hjartesukk:


 -  Vi treng dei sårt
og vil gjerne ha dei tilbake så fort som muleg, skriv Julie til VIL-Nett.

Vestane kan leverast til
Julie Brochman i Straumgjerde eller til Bente Hide i Velledalen.

Og vestane er merka klart
og tydeleg med «Idrettsskulen».




Konradløpet 2017: Par-rekorden alt påmelde

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2017

Par-rekorden i Konradløpet
– gjeld ektepar eller sambuarar – er i hendene til Katinka og Jo Andre
Tandstad. Paret bur i Langevåg, saman med sonen Erling. Alle tre påmelde til
løpet i 2017.

Under Konradløpet 2011
brukte Katinka og Jo Andre ei samla tid på 37.27. Den står enno som «Par-Rekorden»
i Konradløpet. Om den vil overleve 2017-løpet skal ein ikkje ha for bastante
meiningar om.

Elles er Jo Andre Tandstad
beste løparen i forhold til kroppsvekt. På det faktum er arrangøren klokke-klar.
Faktisk er det ein kjempeprestasjon å kome ned på 17-talet (17.53) med ei
kroppsvekt på kring 110, og han har vore heilt ned på 16.30 (2011), med ei
lågare kroppsvekt.

Vi ynskjer rekord-haldarane
frå Langevåg hjarteleg velkomne, og det same til Erling, hittil yngstemann av
dei påmelde i hovudløpet. Sprek familie!




TELENOR - Fjellsætercup i langrenn 2017

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2017

Då er
vinteren endeleg her igjen, og vi gler oss som ungar til å kome i gong med ein
ny TELENOR-Fjellsætercup i langrenn. Den tredje i rekkja.

  Renna i TELENOR-Fjellsætercupen 2017
går på desse datoane:
   

Renn
1: On. 25. januar (
  fri teknikk)

Renn
2: On.
8. februar (
  klassisk)

Renn
3: On. 22. februar (
  fri teknikk)

Renn 4: On. 8. mars (
  klassisk)
 og er
samtidig Bygdameisterskap

Renn 5: On. 22. mars (
  fri teknikk)

Alle får ei TELENOR-hue ved påmelding i
sitt fyrste renn.

Avslutningsfest / premieutdeling på Tandstad skule onsdag
29. mars kl. 18.00

Saft, kaffi og noko å bite i samt loddsal med MANGE premiar.

Påmelding ved start (tidtakarbua ved
lysløypa) frå kl. 17.45

Start når du vil mellom kl. 18.00 og
19.15 (med eller utan tidtaking)

Startkontingent: Born kr 25,- Vaksne kr 50,- eller

kr
100,- / kr 200,- for alle renna.

For
deltaking i renn nr. 4, Bygdameisterskapet: kr 50,- (b.) / kr 100,- (v.) i
tillegg.

Premieringa etter Bygdamesterskapet
blir umiddelbart etter at løparane er i mål.

Merkerenn-distansar
etter alder: Frå 2,0 km og opp til 10 km

Ta med
deg alle du kjenner og KOM!!!

Hugs: Det er ALLTID MYKJE betre vér på
Fjellsætra enn heime!!!


Fjellsæterrunden
og Barnas Fjellsæterrunde blir arrangert lau. 25. februar.

Minner også om Barn i Løypa i Søvikdal
kvar fredag
  unntatt i veke 8.


Arrangør:

Sykkylven IL, langrenn Sykkylven
IL, langrenn Velledalen IL, langrenn

Jo
Sagli Ellinor
Heimstad Svein Nakken

92644132 99639622 90793343




Nye klubbklede kjem i veke fem

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2017

Det er tinging nummer to
som no er ventande. Kleda er av merke Swix, og er i tillegg til Swix sponsa av
Hole Maskiner, Sport1/Focus Sport og Gjensidige, Sykkylven, I tillegg sponsar
Velledalen IL til medlemar.

Men i utgangspunktet er
det dyre klede (1500 for ei jakke+trykk-kostnader).

Somme har grine på nasa
over prisane, men her skal desse personane få harde fakta på bordet. Vi har
nemleg fått Rindal IL sine prisar å samanlikne med. Rindal IL er største og
beste klubb i Møre og Romsdal på løp, og var NM-arrangør i terrengløp i 2016.

Her er prisane:

KLUBBJAKKE VAKSEN:
  VIL kr 600,- – Rindal IL tek 1125,- og 1000,- for sine to variantar

KLUBBJAKKE BORN:
  VIL 450,- - Rindal IL tek 1040,- og 940,- for sine to variantar

KLUBBVEST VAKSEN:
  VIL 450,- - Rindal IL 900,-

TRENINGSBUKSE VAKSEN:
  VIL 450,- - Rindal IL 625,-

LØPSSKJORTE:

VIL 350,- - Rindal IL 400,-

HUE:
  VIL
200,- Rindal IL 250,-

PANNEBAND:

VIL 150,- -Rindal IL 160,-

Når andre sending no kjem,
er det dei refererte prisane som gjeld. Men då har VIL også brukt opp
sponsorpengane knytt til prosjektet. Det betyr at det ikkje lenger vil vere
mogleg å tinge eksempelvis klubbjakker til 450/600 kroner.

Kring halvparten av laget
sine tillitsvalde har nytta seg av tilbodet.




Oppdal er staden for O-festival i juni

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2017

Alt tyder på Velledalen IL
vert godt representert på denne O-Festivalen. O-gruppa melder nemleg at det
vert jobba med saka. Arena alle tre dagar er skytebaneanlegget i Kåsen, rett
aust for Oppdal sentrum.

Programmet for dei tre løps-dagane vert slik:

Fredag 23.juni: Sprint,
med fyrste start klokka 18.00

Laurdag 24.juni:
Langdistanse, med fyrste start klokka 11.00

Sundag 25.juni:
Mellomdistanse, med fyrste start klokka 10.00

Ein trio frå O-gruppa,
Merete, Janne og Pernille, brenn etter å delta med x-antal ungar og menn. Har
du mistanke om at dette kan vere ei framifrå alternativ jonsokfeiring, så nøl
ikkje:

Då tek du kontakt med
damene i O-gruppa og hiv deg med på lasset!




Klassesigrar til Øien, Bøe og to blad Bjørnestad

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2017

Tredje løp i Ålesund
vinterkarusell vart arrangert laurdag 14.jaunuar. Og dette var verkeleg
vinterkarusell. På glatt vegbane var det viktig og ha sko med godt veggrep.
Somme nytta sko med piggar.

Alle sykkylvingane var
mellom tolv løparar som sprang 5 kilometer. 19 utøvarar fullførde 10 km. Her
hadde Pål Andre Lervåg, Ålesunds FIK, best tid på sterke 36.33. Linda Hovde
vart beste kvinne på 44.51.

Per Inge Bjørnestad hadde
beste tid på 5 km med 19.14, føre Alf Petter Bøe på 19.27. Elles vann Olaf Øien
klasse 70-74 år og unge August Bay Bjørnestad debuterte i karusellen med å
vinne klasse M under 14 år.

LOKALE RESULTAT:

M under 14 år: 1. August
Bay Bjørnestad, VIL, 32.16

M 14 : 2. Sivert Mosby
Nakken, VIL, 30.02

3. Andreas Mosby Nakken, VIL, 32.16

M 45: 1. Per Inge
Bjørnestad, VIL, 19.14

M50: 1. Alf Petter Bøe,
Rindal IL, 19.27

2. Fridtjof Fredriksen, SIL, 23.24

2. Svein Arne Nakken, VIL, 23.24

M 70: 1. Olaf Einar Øien,
VIL, 29.12

Neste løp vert arrangert laurdag 11. februar




O-kartet Myrdalen/Holenakken er ferdig

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2017

Då er O-kartet Myrdalen/Holenakken ferdig. Mannen bak kartet heiter
Gunnar Gryti, og han vil gjennomføre eigenkontroll av kartet til våren.
Søknaden om spelemidlar er ferdig og vert sendt inn av Sykkylven kommune.
Fristen her er 15.januar. Leiar i gruppa, Pernille Ibsen Lervåg, har siste
dagane både dobbel- og trippelsjekka at kommunen har peist søknaden av garde.

Gode tilbakemeldingar på
kartet let ikkje vente lenge på seg. Christer Jensen, boss i distriktets klart
leiande klubb, Emblem IL, har kome med fylgjande kommentar:



 - 




 Det var et flott kart! Tror også det har super botn ut
ifra de bildene Gunnar sendte meg i haust.



 - 




 Jeg la en kjapp løype, og ser at det uten problem er
mulig å legge 5 km – kan sikkert ha langdistanse på 7 km her også.



 - 




 Jeg fikk også til å legge ei C-løype på 1,6 km, så da
bør dette gå veldig fint til KM mellomdistanse. Nybegynnerløype vil også være
uproblematisk rundt sætra.

Vi gratulerer O-gruppa med
nok ein opptur!
  




13.januar er Bjørn Asle Lade sin dag!

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2017

Han fyller 59 år i dag,
Bjørn Asle Lade. Kanskje ein knallhard dag på jobb sidan snøen lavar ned. Neste
år fyller han 60 år. Då er det snakk om jubileum.

Men «Brua-Bjørn», som han
heitte mellom kameratar i barndomen, har eit jubileum lenge før den tid.
Faktisk om få dagar, nærare bestemt den 22.januar. Vi snakkar om eit 50 års
jubileum.

Høyr berre her:

Velledalen IL hadde starta opp med barneidrett i 1965. Av vintersport var det
stor aktivitet i hopp, alpint og langrenn. 22.januar 1967 arrangerte Velledalen
IL KM i langrenn. Start og mål like ved Helge Lødøen sitt hus i Holemarka.
Denne dagen tok Bjørn Asle Lade sin fyrste KM-tittel i langrenn – på heimebane.
Den fyrste av i alt åtte individuelle. Han vann kvart år til han var 15.

Velledalen IL vann tre KM-titlar denne dagen.
  Naturleg nok – og med god grunn – var Karl B. Lade
ein stolt «Langrennsboss». Jubileumsdagen i 2017 vert på ein sundag, akkurat
slik det var i 1967.

Dagen før stod i hoppsporten sitt teikn, då
med områderenn i hopp, i bakkane som i dag vert brukt som beite av gardbrukar
Oddvar Hole. Han tok forresten ein flott 6.plass i langrenns-KM for snart 50 år
sidan.

KM-arrangementet for 50 år
sidan den 22. januar vil få stor spalteplass når jubilumsdagen nærmar seg.
  I dag nøyer vi oss med eit 3X3 HURRA for
Bjørn Asle Lade!!

PS. Om somme ikkje får
matematikken i denne saka til å gå opp, har det si naturlege forklaring. Bjørn
vert 59 år i dag, men gjekk likevel i klasse gutar 8 åri 1967. Fordi det var
alderen ved årsskiftet som talde. Ved årsskiftet 66/67 var Bjørn 8 år. At han
vart ni år før rennet, var uvesentleg.

I dag er reglane på dette feltet endra. I
dag kårar ein heller ikkje KM-vinnarar under 12 år.




Skisesongen i gang

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jan 2017

arkivfoto
OBIK Milsluker’n
Skikarusell 2017

Onsdagskvelden 11.januar var to utøvarar frå Velledalen IL
påmelde til 10km langrenn i Bedriftsidretten Oslo sin vinterkarusell. Løypa var
3x3km, på grunn av snømangel i hovudstaden. Føret var svært krevjande, noko som
gav begge løparane utfordringar med smurning og feste.

Den eine løparen hadde også klart å leggje eit solid lag med
is i klisteret i løpet av løpet. Uklart om dette skuldast ski-tekniske
svakheiter eller om smørjeteamet kan ta skulda. Lite truleg det siste
alternativet, ettersom begge løparane fekk lagt lik smurning av det erfarne
temaet til Milsluker’n rett før rennstart.

Føret var likevel av det ufyselege slaget. Våt snøv,
oppkøyrde løyper, manglande spor, lett snøvêr og til tider svak belysning.

Sjølv om det ser ut på papiret at begge utøvarane gjorde ein
god figur i løypa, så er dette berre på papiret.

Begge løparane har tidlegare vore i Holmenkollen for å teste
rulleskiløypa. Etter at godstoga Martin Jonsrud Sundby og Hans Christer Holund
kosta forbi, og ingen andre amatørar var å sjå i løypa, trygla den eine
utøvaren frå VIL om å få fare heim igjen. Bakkane inne på sjølve
stadionanlegget var rett og slett for farlege for ein fersk rulleskiløpar.
Flata inn mot skiskytterblinkane gav meir enn nok fart (som dykk sikkert har
sett på TV er dette ei ganske flat flate).

Og skrekken ramma dei eine VIL-løparen igjen. Denne gongen venta
ikkje berre bakkane inne på sjølve stadion, men også elles i
Holmenkoll-anlegget. Etter å ha overlevd ein heil runde, kunne ein heller ikkje
puste letta ut. Dei same bakkane skulle eigentleg rennast to gongar til.

Løparen vart faktisk så redd at bremsene var på større delar
av løpet, i motsetning til gassen som nesten ikkje vart teken i bruk. Pulsen
var faktisk så låg at løpet må reknast som ei restitusjonsøkt. Den andre
løparen derimot pusha godt på heile vegen og rapporterte om brennande lunger
etter målgang.

All honnør til Heidi Weng og alle dei andre skistjernene som
kvir seg for utforkøyringane som møter dei i verdscupen, men likevel presterer
på eit så høgt nivå!

Den redde løparen klokka inn heile 1 min betre enn den andre
løparen til VIL, som faktisk gjorde ein god figur. Ein fantastisk prestasjon,
om ein ser bort i frå at den redde løparen berre fullførte 2 av 3 rundar. Den
redde løparen vart uansett ståande som klassevinnar i si klasse, som einaste
deltakar.

Om begge løparane kjem til å representere Velledalen IL i
eit skirenn igjen er uvisst. Eksponeringsterapi i utforbakkar er neppe rette
medisin, og utøvaren vil heller i tida framover søkje seg mot flate
langrennsløyper.

Til tross ei litt dårleg oppleving i langrennssporet, så er
vi glade for å få representerte Velledalen IL. Kanskje gjorde ikkje begge løparane
dette på ein optimal måte denne gongen, men vi er glade for at VIL likevel set
pris på og har rom til begge.




Påmeldinga til Konradløpet 2017 i gang

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jan 2017

Konradløpet har funne sin
plass. Både mellom mosjonistar og konkurranseløparar. Frå dei som ikkje ofrar
eigen tidsbruk ein tanke, til dei som fylgjer med på eiga tid og puls frå fyrste
fråspark. Og det er slik vi vil ha det. Kvar deltakar får ta seg rundt løype
som ein ynskjer. Fort eller sakte spelar inga rolle for arrangøren.

Konradløpet har vorte
internasjonalt. Ingen tvil om det. Hittil er det registrert deltakarar frå
langt over 20 nasjonar. I 2017 vil ein debutant frå Belgia, Stijn De Smedt,
springe med startnummer 1. Mateusz Balon frå Polen vil ha startnummer 2. Dette
veit vi fordi dei to var raskaste ute med påmeldinga.

Mangfaldet mellom
deltakarane i Konradløpet 2016 kom klart til uttrykk gjennom den tidtakinga som
funksjonærane gjer av kring 1/3 av løparane. Ikkje mindre enn seks nasjonale rekordar
– med stor spennvidde – fekk vi.

Her er dei nasjonale rekordane sette i 2016:


 ·
  

 Eritrea-rekord av
Ebrahim Abdulaziz, tid: 13.30


 ·
  

 Litauen-rekord av Jonas Siurskas, tid: 17.02


 ·
  

 Danmark-rekord av Pernille Ibsen Lervåg, tid: 18.13


 ·
  

 Polen-rekord av Mateusz Wojcieh Oskiewicz, tid: 19.03


 ·
  

 Jamaica-rekord av Sharon Svedgård, tid: 20.15


 ·
  

 Syria-rekord av Mehyar Zarzar, tid: 24.09

Eit pussig samantreff. Mehyar Zarzar sin Syria-rekord er identisk med
Chris Aggerholm sin amerikanske rekord, begge 24.09. At det er svenskane som
har den svakaste nasjonale rekorden viser at nasjonen er nede i ein bølgedal - i alle fall i Konradløpet!

Påmelding her




Tiltaksprisen til Hopland, Brochman og Tomtum

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2017

Alt i 2015 lova Julie
Brochman at ho skulle drage i gang VIL sin Idrettsskule i 2016. Ho heldt
lovnaden. Idrettsskulen kom i gang i oktober 2016 med symjing som fyrste
idrettsgrein.

2016 var også året der
Thorbjørn Hopland ville yte sin skjerv. Han kom med spørsmål om å få starte opp
ei innebandy-gruppe. I utgangspunktet for herrar. Men etter at opningsåret er
vel overstått viser det seg at aktiviteten også er populær mellom kvinner.

Mot slutten av året kom
nok ei gledeleg melding. Janne Tomtum lurte på om ein måtte ha spesielle
kvalifikasjonar for å få starte opp eit parti med dametrim. Kvalifikasjonane
vert heilt sikkert IKKJE dregne i tvil når kvinnene formeleg fløymer inn i
Velledalen grendahus onsdag 18. januar klokka 20.00. Rykta seier at Pernille
Ibsen Lervåg også har ein finger med i dametrimmen.

Uansett:
  At tre engasjerte, positive menneske melder
seg til teneste på denne måten er ikkje
  vanleg lenger i Velledalen. Difor eit saftig HURRA, HURRA, HURRA
for trioen Julie, Thorbjørn og Janne.

«TILTAKSPRISEN» er ein viktig pris. Velledalen IL
gratulerer!

PS. Kanskje lurer folk
over 55 år på om Janne Tomtum er i slekt med skihopparen Bent Tomtum…? Svaret
er Ja, men ikkje heilt nærslekta.

Men om det er nok til også blåse nytt liv i
hoppmiljøet….. ja, det står att å sjå.




Ole Peder «Årets debutant» i 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jan 2017

Ikkje veit vi, men vi har
mistanke om at det var ei dame som har hatt positiv effekt på Ole Peder. Ei
rett så sprek dame til og med. Ei som sist vinter sopa med seg mange
Norgescup-poeng i langrenn. Sigrid heiter ho, men meir får du heller ikkje vite
om den saka. Ikkje på VIL-Nett i alle fall.

Nok om det. Ole Peder drog
startnummeret over hovudet både her og der i løpet av året. I korte løp som
Koldabakken Grand Prix og kortaste etappe på VIL sitt lag i Holmenkollstafetten
(nr 45 av 1152 lag i klasse A1), Løp som knapt kosta han mange kaloriar. Men òg
i lengre, som Konradløpet og Kaptein Dreyers Minneløp på Sunndalsøra, det siste
ei lita prøve på kring tolv kilometer.

Men det heilt store fann
stad i Geiranger i juni. Her fleska flyentusiasten skikkeleg til. Påmeldinga
til Nibbeløpet kom overraskande på dei fleste. 21 km langt, med mål på toppen
av Dalsnibba etter 1500 høgdemeter stigning…..ikkje vanskeleg å skjøne at det
krev sin mann. Og Ole Peder starta heller ikkje saman med dei middel-mådige,
som starta timen før….Neidå, han la ut side om side med «kremen», som
inkluderte kameraten, Kjell Magnar Berli.

Tøft vart det, det treng
ingen tvile på. Men til mål kom han, bakka opp av eit ungt støtteapparat i
verdsklasse. Tida vart kring 3.15 – som i denne samanheng vil seie tre timar og
15 minutt. På toppen venta flott medalje og det som betre var….

GRATULERER OLE PEDER - DETTE VAR TØFT GJORT!

Og prisen som «Årets
Debutant» i Velledalen IL i 2016 var meir enn fortent.




Pris til Bøe og Bjørnestad for «Årets Parløp» 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jan 2017

Vi skal til arrangementet
som på fagspråket heiter Ålesund Nyttarsmaraton. Det vart arrangert med start
og mål på Moa 28. desember 2016. To distansar, heil- og halvmaraton.

Velledalen IL var
representert ved Per Inge Bjørnestad (45-49 år) og Olaf Øien (70-74 år) i
tillegg til laget sin friidrettsleiar, Alf Petter Bøe (45-49 år), som
representerer Rindal IL.

Alle med halvmaraton som
distanse.

Forholda var greie. Ikkje
glatt eller nedbør, men ganske frisk vind – som motvind i siste del. Bøe og
Bjørnstad fann straks kvarandre. Gunnar Emblem, Hakallestranda Kondisjonslag,
heldt fylgje i starten, men vart rista av kring halvvegs. Resten av løpet dreia
det seg om parhestane Bøe/ Bjørnestad i klasse 45-49 år denne dagen. Ville
nokon av dei rykkje….?

Det skjedde ikkje. Dei
kryssa mållina side om side, til delt 1.plass i klasse 45-49 år på tida
1.24.59. Under Idrettsgallaen vanka det heider til karane. Mest til Per Inge,
som under Idrettsgallaen 2015 saman med familien vann eitt-årige medlemskap i
VIL – utan forpliktelser. Per Inge har representer VIL på ein så flott måte
dette året, at han fekk O-gruppa si løpstrøye + eit par sokkar. Unge Bøe måtte
nøye seg med sokkane, fordi han sprang med eigen servicemann og meteorolog i
Ålesund vart det sagt. Dei har det på stell i Rindal IL!

Uansett – eit vakkert
parløp og fortent pris!




Christina «Årets Stayer» i 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jan 2017

Christina viste seg som
ein «stayer» ved fleire høve i 2016. Mellom anna gjennomførte ho ein kald
skitur (minus 36 på det kaldaste) på Finnmarksvidda saman med systra, Emma.
Turen fann stad dei fyrste dagane av året 2016, og gav Emma prisen «Årets Stunt
2016» under Idrettsgallaen.

Men det var i Hornindal
Christina verkeleg vart «stayer». I juli månad, under NM i Fjell-løp ultra
(Hornindal Rundt). Som betyr 75 km lang løype med 20 kontrollpunkt på ulike
toppar, eller sagt på ein annan måte; 5600 høgdemeter skulle forserast.

Christina greidde brasane. Klokka stoppa på
25.25.57 – 25 timar, 25 minutt og 57 sekund. DÅ ER EIN «STAYER»! Ho starta
klokka 08.00 om morgonen og kom i mål
kring 09.26 dagen etter. Var altså ute heile natta, og vêret var slett ikkje
det beste heile døgnet. Når ein då ikkje gir opp, ja, DÅ ER EIN «STAYER» I
ORDETS RETTE FORSTAND.

Så vidt vi veit, har aldri
nokon utøvar som har representert Velledalen IL hatt ei tidtakarklokke «hengande
over seg» i 25.25.57 i ein seriøs konkurranse.

Elles er Christina kvinna
bak Slovakia-Konrad, ei grein av Konradløpet. I 2016 var det løpet i Slovakia
som hadde den største prosentvise veksten av Konradløpa




O-gruppa markerte seg igjen - no på Idrettsgalla!

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2017

At Pernille Ibsen Lervåg
vart kåra til «Årets Namn» i Velledalen IL 2016 var ikkje spesielt
overraskande. Heller ikkje at O-gruppa fekk prisen som «Årets Suksess 2016».

O-gruppa samla nemleg 234
startande born på sine fire lokale løp i området rundt Dalemyra. Gruppa har i
tillegg hatt o-opplegg for barnehagar, barneskular og vidaregåande skular. Dei
har kursa folk lokalt og delteke i kurs i kretsregi andre stadar. Gruppa har
designa eigne løpsklede i stil med Velledalen IL sine. Arbeidet med nye kart
har heile tida hatt høg prioritet, noko som har kosta pengar, men gruppa skal
ha stor ros for langt på veg å ha vore sjølvfinansierande. Dei har fått eit
stort knippe deltakarar med på kretsløp i orientering, mellom anna
storopplegget Fjord-O sist sommar.

Med andre ord: På
rekordtid har dei fire kvinnene i gruppa skapt ei vel-fungerande O-gruppe som
vart lagt merke til. Langt utover eiga bygd. Både på krets- og forbundsplan har
nye aktørar vorte vel mottekne. Så bra har dei jobba at sjølvaste O-forbundet
kom på vitjing med to personar til Velledalen. Denne stor-hendinga fann stad 1.
oktober 2016.

På bakgrunn av alt dette, var
det nærast som venta at Pernille vart «Årets Namn 2016» i Velledalen IL. Pernille
Ibsen Lervåg har vore engasjert primus motor i det enormt store, og gode
arbeide gruppa har lagt ned. Aldri kvilande og på «alerten» heile året.

VIL-Nett veit at det er uråd å
karakterisere Pernille med få ord. Men slik vi kjenner henne prøver vi med:

  IDÉRIK, HANDLEKRAFTIG OG INKLUDERANDE.
   
   

Velledalen IL gratulerer
Pernille, Janne, Merete og Anne Grete – og alle hjelparane deira – med særdeles
fortente prisar!

PS. Og vi veit at gruppa
har lagt nye planar - som inkluderer mange av oss - for 2017
  




Svein på «Likes-toppen»

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2017


 Det var hard kamp om denne
prisen i år, og kampen stod mellom Kjell Magnar Berli og Svein Arne Nakken.
Svein hadde to « likes» meir enn Kjell Magnar, men to kommentarar mindre. Men
sidan dette er ein «Likes-pris» gjekk den for 2016 til Svein Arne Nakken.
Velledalen IL gratulerer!

Her er tala:

139 likes for saka: «I dag
hyller vi Svein Arne Nakken» - Svein 50 år

137 likes for saka: «Tidenes
prestasjon av Kjell Magnar» - frå NM fjell-løp ultra

112 likes for saka: «Dream-Team
Tor fyller 40» - Tor Årdal 40 år

111 likes for saka: «Svein
helsar heim frå Italia» - Ein hyllest til dei heime frå Macialonga

90 likes for saka: «Paul – Ein unik mann» - Paul Hole sin startetappe i Ramstaddalsløpet

86 likes for saka: «Bård med årets comeback»
- Bard Erstad (73) tilbake i Nibberittet etter opphald på åtte år.

PS. Elise Stette har «Likes-rekorden»
i Velledalen IL med godt over 260 «likes» for ei sak om to Konrad-krus som
skifta eigar under/etter Nibbeløpet i Geiranger i 2015




Kjell Magnar Berli «Årets Utøvar 2016»

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2017



   

    
     


   

    
     
     
     ·
      

     
     
     Tok merkekravet i Birkebeinerrennet med glans.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Bygdameister i langrenn, uansett klasse.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Beste sykkylving i Fjellsæterrunden.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Vann Roalden Opp på ski – 13 minutt før nestemann.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Nummer to i Konradløpet – tid: 15.09.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Krumtapp på
VIL-laget i Holmenkollstafetten – nr. 45 av 1152 lag i klasse A1.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Vann Koldabakken Grand Prix sekundet bak løyperek.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Nummer tre i «Molde sju topper» - fem totalt.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Vann herreklassa i Ålesund halvmaraton – tid: 1.17.33.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Vann Rotevatnet Rundt i Volda i juni – tid: 22.44.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Nr. tre i Kaptein Dreyers Minneløp – tid: 45.55.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Nest best i Nibbeløpet Geiranger – tid: 1.45.14.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Nr. 2 i kl. 23-34 år i Mefjellet Opp – tid: 55.46.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Nr. 6 i NM
Fjelløp ultra Hornindal – tid: 10.31.05.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Nr. 3 i Stranda
Fjord Trail Race – tid: 4.26.22.
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Best frå Møre
& Romsdal i forkorta Skåla Opp–tid:50.43
      

    
     
     
     ·
      

     
     
     Fyrste
sykkylving under 1t i Saudehornet Opp–tid:59.42
      

    
     


   

    
     




Sterkt år av Brunstadekspressen

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2017

arkivfoto
Det har vore stille kring
Brunstadekspressen sine sportslege prestasjonar siste tida. Men i april 2016 sprang Brunstadekspressen
heilmaraton i Warszawa på 2.39.11. Det heldt til 4.plass på statistikken for
dei beste maratontidene i klasse 45-49 år i 2016. Der 49-åringen med opphav frå
Bø-garden på Brunstad altså konkurrerer mot fire år yngre utøvarar.

På halvmaraton er
Brunstadekspressen enno kvassare. Her gjorde han sterke 1.16.04 i Drunen. Ei
tid berre to personar i landet stiva i klasse 45-49 år. Raskast i landet på
distansen var Jon Per Nygaard med 1.14.23.

Vi nemner og at Sunnylven
IL si Kari Anne Tryggestad Ryste er inne på 15. plass i tilsvarande
kvinneklasse med 3.32.27 som bestetid på maraton i 2016.

Ved årsskiftet jumpa
Sverre Gunnar Brunstad opp i klasse 50-54 år, og er no yngste årsklasse der.
Held han seg frisk og skadefri, er nye toppresultat i vente. Brunstadekspressen
er VIL-medlem og hjelper oss i Holmenkollstafetten, men spring normalt sett for
vel-renommerte Lørenskog FIK.




Aktivitetslederkurs

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2017

Har ditt
idrettslag trenere, aktivitetsledere, foreldre, ungdommer eller andre
interesserte som ønsker seg trenerkurs for de i aldersgruppen 5-12 år – da har
de mulighet til å melde seg på Aktivitetslederkurset som arrangeres i Ålesund
11. og 12. februar. Du finner mer informasjon, påmeldingsfrist og
påmeldingslink i linken under. Det er greit om den enkelte melder
seg på selv, da får vi nødvendig informasjon for videre registering i idrettens
databaser. NB! Deltakeren må fylle 14 år det året de deltar på kurset. De
som fullfører kurset får dette på sin idretts-CV i www.minidrett.no.

https://www.idrettsforbundet.no/idrettskretser/more-og-romsdal-idrettskrets/kalender/aktivitetslederkurs-barneidrett---alesund/

Med vennlig
hilsen

Grete Opheim

Idrettsfaglig
konsulent

Mob: +47 41 46
55 42

Norges Idrettsforbund

Møre og
Romsdal idrettskrets

www.idrettsforbundet.no/mrik





«Idrettsgalla» - alle medlemar velkomne

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jan 2017

Den store
prisutdelingskvelden for året 2016 nærmar seg. Nærare bestemt fredag 6.jaunar i
kjellarsalen i Velledalen grendahus klokka 19.30. Mellom anna får 14
trimpost-vinnarar sine prisar. Like eins dei eldste og dei yngste på topp-5
listene.

Elles ei rad andre prisar.
Nokre få høgt-hengande og med litt storleik, andre små og meir symbolske. Men
likevel viktig på den måten at dei fortel; NOKON har sett deg, nokon har lagt
merke til at du har gjort ein god jobb for Velledalen IL!

Det vert servering av mat
og drikke, gratis bingo og truleg foto frå idrettsåret 2016. Med andre ord ei
sosial samling som er open for alle VIL-medlemar. Og merk: Ingen treng
stivpynte seg for å møte fram.




Idrettsskulen

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2017

"dresskode" : joggeklær/gymklær og innesko/gymsko.

Blir gymleika torsdaga i januar. Håpe vi får til yoga eller
lommelykt orientering også. Kommer info etterhvert.


Det er også servering av torsdagsmiddag på grendahuset frem
til kl 17 ( info står på VIL sine sider ) oppfordra dåkke til å ta med
ungane å kjøpe dåkke middag før idrettsskulen. Der blir uansett folk på
grendahuset fra ca kl 17.


Julie




Grasrotkroner i utvalde lag i 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2017

Ikkje berre har Straumgjerde
Vel hatt store auke i spelarar, men spelarane deira er òg mellom dei som tippar
hardast.

For Velledalen IL sin del vart 2016 eit
godt år. 18 865 kroner inn, etter eit år der vi starta på 72 grasrotspelarar
og slutta på 76. Grasrotandelen er på 5 prosent, som igjen betyr at våre
spelarar har satsa kr. 18 865 X 20 i løpet av året.

Her fylgjer ei oversikt over utvalde lag i 2016:

125 010,-: Sykkylven
IL – 265 spelarar (+1 i løpet av året)

76 045,-: FK
Sykkylven – 156 spelarar (+5)

66 992,-: Ikornnes IL
– 159 spelarar (+5)

27 150,-: Hundeidvik
IL – 91 spelarar (+5)

23 737,-: Sykkylven
Skyttarlag – 59 spelarar (0)

21 284,-: Velledalen
& Ringen Fotballag – 45 spelarar (-1)

18 865,-: Velledalen IL – 76 spelarar (+4)

13 896,-:
Straumgjerde Vel – 23 spelarar (+12)

12 617,-: Straumshorn
Juniorkorps – 37 spelarar (-1)

7196,-: Storevatnets
Venner – 16 spelarar (0)

3951,-: Velledalen
skulekorps – 28 spelarar (-1)

2554,-: Velledalskoret - 12 spelarar (+2)

2435,-: UL Samhald – 9 spelarar
(+2)

1079,-: Brøvøllsfestivalen
– 4 spelarar (+2)

100,-: Fjellhug – 2 spelarar
(-1)

Ved å gå inn på Norsk
Tipping sine sider er det langt fleire tal å finne