- Det er aldri for seint
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2013
«Aldri
for seint-prisen» gjekk til Karstein Magne Jensen, som har vorte aktiv idrettsmann
etter å ha passert 50 år. Siste året hadde han ikkje mindre enn tre turar til Lillehammer, som utøvar for Velledalen IL.
Han gjekk både Halvbirken, Birkebeinerrennet og fullførte Birkebeinerløpet.
Gjennom prestasjonane der skaffa han seg betre seeding som vil kome vel med i
2014. Elles deltok han på Velledalen IL sitt lag under Sykkylven Rundt,
Konradløpet, Det Store Folkerennet og han sprang sin del under
Ramstaddalsløpet.
Aldri
for seint, seier VIL-Nett, som med dette gratulerer Karstein Magne med flott sportsleg
framgang på ski og til fots. Klokka lyg ikkje. Her er tidene hans frå Konradløpet:
2012:
25.05
2013:
21.47
Dei
fleste taper seg år for år i Karstein sin alder. Han derimot, han forbetra seg
med tre minutt og 18 sekund. Stort betre prov på kva fysisk trening gjer med
eit gjennomsnittsmenneske finst knappast. Vi oppmodar fleire til å fylgje i
Karstein Magne Jensen sine spor.
Skogsvegen Drabløs
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2013
Trimposten ved skogsvegen
på Drabløs vart sjekka 29. desember klokka 14.00. Ein lett tilgjengeleg
trimpost langs tørr og god skogsveg. Difor burde langt fleire lagt ein tur dit.
Hittil er berre tre sider i boka brukt, skriv meldaren. Sjølvsagt altfor lite ,
men honnør til dei som har vore der.
Slik var altså stoda 29.
desember klokka 14.00:
21 turar: Annlaug Lervåg
9 turar: Linn Tove Akselvoll Lade
9 turar: Jens Birger Lervåg
3 turar: Kurt Johnny Lade
Sverre Gunnar Brunstad femte best i landet.
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Des 2013
Sverre Gunnar Brunstad med heile støtteapparatet på juleferie i Velledalen
Ein glitrande prestasjon!
I tillegg til den femte beste maratontida har han den sjuande beste tida på
hlavmaraton. Også Olaf Øien og Nancy Eggen er inne på halvmaratonlistene.
Her kjem dei seks beste maratontidene i klasse 45-49
år i 2013:
2.37.48: Jon Per Nygaard,
FIK Ren-Eng) (1967 – fødselår) - Jessheim
2.39.27: Haavard Haktor
Holstad, Vind IL (1965) – Berlin
2.39.49: Helge Hafsås,
Olden IL (1966) – Jølster
2.46.55: Dag Fossum, SK
Rye (1968) – Oslo
2.47.29: Sverre Gunnar
Brunstad Lørenskog FIL (1967) – Porto
2.48.16: Ove Borge,
Laksevåg TIL (1967) – Oslo
Halvmaraton.
Bestetida til Sverre Gunnar Brunstad på halvmaraton i 2013 er 1.17.21, sett i
Ålesund 28. desember. Med den tida har han seks mann føre seg på lista. Best av
desse er Jon Per Nygaard med 1.13.52.
Olaf Øien.
I
klasse 70-74 år finn vi Olaf Øien på ein svært heiderleg 13. plass. Han gjorde
sitt beste løp tidsmessig i 2013 under Ålesund Maraton, med tida 1.50. 51. Best
i landet i hans klasse er Anders Taraldsrud, Rømskog IL, med 1.43.25.
Nancy.
Også
Nancy Eggen har kome med på lista over alle kvinner i klasse 45-49 år som har
gjort halvmaraton på under 1 time og 45 minutt i 2013. Her finn vi Nancy på 71.
plass med tida 1.44.21. Den tida gjorde ho under eit løp i Trondheim.
Flo i Riksheimdalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Des 2013
Vår mann var på posten
klokka 19.45. Han melde om stor aktivitet med 19 brukte sider i boka. Forholda
for turgåing var særs gode. Dei ivrigaste på posten i tidsrommet oktober-28.
desember 2013 lyder desse namna:
59 turar: Ivar Arne Flo
39 turar: Hildegunn Eikemo
Flo
38 turar: Renathe Belinda
R. Oldeide
36 turar: Torill-Anne Lie
Aurvåg
32 turar: Petter Arne
Jarnes
22 turar: Odd Arve Mork.
Som vi ser har Ivar fått
ei lita luke, medan det er særs jamt på plassane bak. Riksheimdalen har siste
åra vore mellom dei best besøkte postane. Vi nemner at Ivar flo vann posten med
257 turar i sesongen 2012/ 2013, noko han vart heidra for på «Idrettsgallaen» -
Sjå foto!
Brunstadekspressen 1.17.21 i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Des 2013
Ålesund Maraton vart
arrangert fjerde juledag med ny deltakarrekord. Ikkje mindre enn 116 utøvarar
møtte til start, dei fleste på halvmaraton (drygt 21 km).
Best tid på full distanse
(42 195 meter) fekk vinnarmaskina Helge Hafsås, Olden IL, med tida 2.50.44
Totalvinnar på halvmaraton
vart Sebastian Håkonsson frå Drammen med tida 1.12.24. Nest best vart Joachim
Tranvåg, klubbkamerat med Alf Petter Bøe i Rindal IL, med gode 1.15.45. Sverre
Gunnar Brunstad noterte 1.17.21 som tredje best, og klassevinnar i klasse 45-49
år. Flott prestasjon av 46-åringen!!
Best trimpostopning i Straumgjerde – Inger i tet
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Des 2013
Sist sesong hadde posten
3999 noteringar. Det kan bli fleire om vinteren held fram som no.
-Fantastisk flotte forhold
årstida teke i betraktning, melde vår mann på staden 27. desember.
Så her folkens, kom dykk ut og signer i
trimboka! Og hald helst teljinga med turane dykkar sjølve – tenk på den
personen som elles må sitje og telje for mange andre.
Fire på topp, Bruna
trimpost, 3. juledag 2013 klokka 22.20:
86 turar: Inger Riksheim
63 turar: Solveig Olsen
42 turar: Kjell Olsen
24 turar: Anne-Lise Hjelle
Nytt tilbod
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2013
«Ut i friskluft og leik»
Etter initiativ av Kjærsti Haugen og
Linda Øye.
·
Frammøte ved
skulen/grusbana
·
Tenkt for
born/foreldre/besteforeldre i fellesskap
·
Ta med litt av
julebaksten – gratis kakao
·
Ulike aktivitetar
utandørs, litt avhengig av vêr.
·
For meir info:
Kontakt Kjærsti (952 93 573) – Linda (478 32 590)
·
Tilbodet vert
gitt ein gong pr. månad
Har VRF vakna til live igjen….??
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2013
Foto er henta frå Øss gir øss aldri
Flott prestasjon av laget
med det velklingande namnet. Bengt Hole Alnes vart mestscorande på laget med
åtte mål. Sondre Brunstad Fet, som vart kåra til beste spelaren i turneringa,
stod for fire mål. Øvrige målscorar var Håkon Hunnes Hansen (2), Thomas Fure
(2), Mathias Karlsen (2) og Noralf Haugseth (1). I tillegg spela Bendik Hole
Alnes på laget som hadde Glenn Ørjan Johannessen som manager. I mål hadde dei Odin Alvestad.
I 2014 skal Bengt i
militæret, men kven veit i 2015 – kanskje heiderskronte VRF kjem tilbake i
seriespel, klar til å klatre eit par divisjonar??
Skremande tal frå Fet
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2013
Tala vi dag presenterer
skriv seg frå 2. juledag klokka 12.45. Då såg topp-5 slik ut:
73 turar: Odd-Kåre Fet
69 turar: Astrid L Drabløs
67 turar: Grethe Fet
3 turar: Marit Hole
2 turar: Pernille Lervåg
I praksis kan det sjå ut
som det er tre personar som nyttar denne posten. SJØLVSAGT alt for få. Om nokon
måtte vere i tvil, så er trimpostane meint som eit breiddetiltak frå trimgruppa
– eit tilbod alle aldersgrupper burde nytte seg av.
Botnnivå for Romjulsmarsjen
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2013
Velledalen IL har
arrangert Romjulsmarsj sidan 1979. Deltakinga har stort sett vore jamn og
stabil.
- Rekorden er godt
over 200, men vi har faktisk aldri vore under 100 – uansett vêr – før i år,
seier Nils Terje Skylstad, leiar i trimgruppa, til VIL-Nett.
Vêret var ikkje det beste
med litt vind og regn, men langt frå så ille at det skulle rettferdiggjere eit
deltakartal på 71. Om dette får konsekvensar for trimgruppa si lyst til å
vidareføre arrangementet står att og sjå.
Skogsvegen Hjorthol- stoda 2. juledag
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2013
2. juledag klokka 12.00
var stoda slik ved trimposten i enden av skogsvegen på Hjorthol:
21 turar: Ingrid Brudevoll
21 turar: Robert Rakorzy
17 turar: Anita Hjorthol
11 turar: Susi Brunvær
10 turar: Jan Lade
Særs gledeleg at ein av våre nye vener frå utlandet ligg heilt i
toppen. Held Robert koken heilt inn, kan det i 2014 for fyrste gong vere duka
for ein trimpostvinnar av anna opphav enn norsk. Stå på, Robert!!
VIL-Nett søkjer gutebloggarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Des 2013
Opplegget går i ein
turnus, med om lag eitt innlegg kvar månad. Her kjem nokre enkle haldepunkt du
må oppfylle for å få jobben.
1.
Du må vere interessert i idrett og helst drive idrett
sjølv.
2.
Du bør vere i alderen 13-85 år.
3.
Du bør bu i, eller ha band til, Velledalen IL sitt
nedslagsfelt.
4.
Du bør vere nokolunde skrivefør.
Kontakt: Atle Hole eller
Ove Skylstad om du meiner dette kan vere noko for deg.
Firdelt fyrsteplass i julekonkurransen
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Des 2013
Med andre ord; dei fire
svara rett på 22 av 23 spørsmål (6.desember var kviledag). Og det spesielle
var, dei bomma på fire ulike spørsmål.
Svein Hjorthol
bomma onsdag 4. desember, på eit foto av trioen Jan Egil Årnes, Olaf Øien og
Terje Aurdal. Kanskje var det eit reint uhell, men utsagnet som IKKJE stemmer
var: «Sportsleg trivst alle best i langrennsløypa». Elles var Svein feilfri.
Svein Arne Nakken rauk 7. desember, på
eit foto av eit stafettlag slutten av
1940-åra. Her var rett svar Fridtjof Drabløs, med spørsmål om kven som seinare
vart æresmedlem i VIL.
Per-Gunnar
Holmberg
gjekk i baret 14 desember.
På eit vrient spørsmål om kvar Solveig Beate Brunstad gjekk på ski hadde
gartnaren svara Overøye (Stordal), medan rett svar var Hevsdalen (Stranda).
Den største overraskelsen,
Solbjørg Brunstad, bomma 16. desember.
Fotoet av Simon Skylstad Hole og William Hansen var frå Ramstaddalsløpet, og
ikkje Sykkylven Rundt slik Solbjørg svara.
Her presenterer vi eliten
(dei premierte) i årets konkurranse(full score er 23 poeng):
22 poeng: Solbjørg
Brunstad
22 poeng: Svein Hjorthol
22 poeng: Svein Arne Nakken
22 poeng: Per-Gunnar
Holmberg
21 poeng: Ådne Alf
Brunstad
19 poeng: Ståle Eikrem
16 poeng: Jo Andre
Tandstad
NB: Jo Andre Tandstad
svara ikkje på dei fem siste oppgåvene.
Takk for innsatsen – både til
dei trufaste, og dei som berre svara på nokre få oppgåver!!
Herretvekamp ved sætreelva trimpost i Holemarka
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2013
Vår mann besøkte
trimposten veslejulaftan, om lag klokka 14.00. Det synte seg då at Per-Gunnar
Holmberg hadde avgjort duellen mot Elling Hole om topplassen i jula. Det kan vi
med sikkerheit seie sidan begge er bortreiste.
Bak desse jaga eit fint beite, førebels på
trygg avstand. Slik var stoda:
1.
Per-Gunnar
Holmberg 48 turar
2.
Elling Ivar Hole
44 turar
3.
Ingrid Hole 20
turar
4.
Nils Terje
Skylstad 18 turar
5.
Susann Osnes 17
turar
6.
Kjellaug Ulset 16
turar
7.
Andor Bjørke og
Ann-Helen Hole 14 turar
Vi set pris på om folk av
og til melder inn stoda, anten det gjeld Fet, Riksheimdalen eller Bruna i
Straumgjerde:
atlehole@online.no
Karar av heil ved
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Des 2013
Olaf Øien hadde passert 50
år då han debuterte i Nibbeløpet i Geiranger i 1994. 21 kilometer frå sentrum
til toppen av Dalsnibba – og ikkje mindre enn 1500 høgdemeter. Til å bli klam
på hendene av for ein «vanleg» 50-åring. Men Olaf var ikkje som dei fleste
andre på hans alder. Han gjorde løpet i Geiranger til ein vane. Sommaren 2013
var han mellom ei handfull som hadde 20 løp – av 20 mulege, i ein alder av 70
år. Arrangøren gav velfortent heider då, medan det var Velledalen IL sin tur
under Idrettsgallaen i grendahuset den 22. desember.
Det høyrer med til soga at Olaf heile
denne perioden har hatt klassevise plasseringar i intervallet 1-3.
Svein Arne Nakken sitt
skiliv kan - og bør - lesast slik han sjølv har ordsett det under idrettsminne
som de finn i venstremargen på VIL-Nett. Han debuterte i Birken i 1992, og
vinteren 2013 gjekk han inn til sitt 15. birkebeinermerke. For den prestasjonen
har han alt fått tinnkrus av arrangøren, medan han under Idrettsgallaen fekk
heider frå Velledalen IL. Ingen andre i VIL har gjort denne prestasjonen før
han.
VIL-Nett gratulerer begge
veteranane – solide karar av heil ved.
I dag hyller vi Paul
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2013
Velledalen IL er 107 år.
Eldre enn alle menneske i laget sitt nedslagsfelt. Opp gjennom tidene har
fleire handfulle gode prestasjonar vorte gjort. Somme har fått sin fortente heider,
andre ikkje.
Faktum er at i kveld, 22.
desember, skal folk heidrast for prestasjonar ingen i Velledalen IL har gjort
før dei. Vi nemner:
·
Paul Halstein
Hole har teke idrettsmerkekrava 50 gonger (i 50 ulike år).
·
Olaf Einar Øien
har sprunge 20 av 20 muleg Nibbeløp frå han var 50 til 70 år.
·
Svein Arne Nakken
har greidd merkekravet i Birkebeinerrennet 15 gonger.
·
Emma og Christina
Holmberg har sykla Noreg på langs.
·
Kjell Magnar
Berli har teke alle trimpostane på rekordtida 11.16.34. Nasjonal klasse over løpet,
skreiv VIL-Nett i etterkant.
·
Og spørsmålet
mange stiller seg: «kven vert årets utøvar 2013», får sitt svar.
ALLE ER VELKOMNE,
VELLEDALEN GRENDAHUS 22. DES: KLOKKA 19.00
Torhild hardast ut på Vellesætra
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Des 2013
Vi snakkar om Torhild
Skogvold, som har lagt seg i tet og fått ei lita luke. Nærast ligg svigerinna,
Liv. To menn er inne på topp-5 førebels. Alf Petter Bøe og Kjell Magnar Berli
brukar begge turen som ledd i treningsarbeidet sitt. Og vi registrerer at
2013-vinnaren, Arnhild Linga, held femteplassen i høveleg angrepsposisjon.
Slik var stoda på
Vellesætra 16. desember:
1.
Torhild Skogvold 20 turar
2.
Liv Skogvold 14
3.
Kjell Magnar Berli 12
4.
Alf Petter Bøe 10
5.
Arnhild Linga 7
Magnus tøffast ut
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Des 2013
Fyrste posten vår
utegåande reporter har teke føre seg, er Brunstadsætra. Litt overraskande er
det ein 80-åring (1933-årgang), som har vore ivrigast i starten. Men skulle det
fyrst vere ein 80-åring, var det kanskje naturleg at det var Magnus Ødegård.
Han har nemleg vist at han kan «faget» tidlegare. Rett bak kjem kona Oddhild. Generelt
kan vi seie det er lite spreiing i feltet – iallfall førebels.
Elles ser vi at 2013-vinnaren,
Inger Anne Brunstad, ligg i høveleg angrepsposisjon.
Her er stoda på
Brunstadsætra, 16. desember
1.
Magnus Ødegård 23 turar
2.
Oddhild Ødegård 22
3.
Veronika Ulriksen 20
4.
Inger Anne Brunstad 14
5.
Torhild Skogvold 13
Inger Riksheim trimpostvinnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Des 2013
I fjor kom Inger på
andreplass, fattige 14 poeng bak Vigdis Fure. I år bytte dei to roller på
samanlagtlista.
Elles høyrer det med til
soga at Inger gjekk til topps i 2010, så årets triumf er hennar andre på
trimfronten.
Trimgruppa sin statistikk
viser at vinnaren har tre turar på Koppen, Fem i Riksheimdalen og 449 til
Brune. Samla vert dette 457 turar, mest av samtlege på topp-10.
Slik vart då topp-10 lista for VIL sine trimpostar
sesongen 2012/2013:
1.
Inger Riksheim 3208 poeng – 457 turar
2.
Vigdis Fure 2849 poeng – 407 turar
3.
Solveig Olsen 2678 poeng – 382 turar
4.
Arnhild Linga 1834 poeng – 282 turar
5.
Ivar Flo 1799 poeng – 257 turar
6.
Kjell Olsen 1712 poeng – 244 turar
7.
Torhild Skogvold 1455 poeng – 242 turar
8.
Nancy Eggen 1368 poeng – 81 turar
9.
Nils Terje Skylstad 1320 poeng – 191 turar
10.
Ann-Helen Hole 1253 poeng -286 turar
Fekk NEI frå Gjensidigestiftelsen
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Des 2013
I dag kom det e-post frå
Gjensidigestiftelsen. Melding om at det ikkje vart pengar på Dalaråsa denne
hausten.
Totalt hadde stiftelsen motteke
3121 søknadar med eit samla søkebeløp på 837 221 348 kroner.
Totalt vart det innvilga
søknadar for 175 millionar kroner, heiter det i skrivet frå stiftelsen.
Men altså ikkje til
Dalaråsa i denne omgang.
Neste sjanse har
søkjefrist 15. september 2014.
Trimpostane – samanlagtresultat 2012/2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Des 2013
Dermed vart
det ingen trippelsiger for Vigdis, sjølv om det lenge såg slik ut. Dama som har
poengrekorden med 4809 poeng frå 2011, slo i fjor av til 4123 og ny topplass. I
år stoppa Vigdis på 2849 poeng etter 407 turar til favorittposten, Brune.
Poengsummen heldt til andreplass. Namnet på vinnaren kjem 18. desember, i god
tid før Idrettsgallaen.
NI på topp 2013:
2. Vigdis Fure
2849 poeng – 407 turar
3. Solveig
Olsen 2678 poeng – 382 turar
4. Arnhild
Linga 1834 poeng – 282 turar
5. Ivar Arne
Flo 1799 poeng – 257 turar
6. Kjell Olsen
1712 poeng – 244 turar
7. Torhild
Skogvold 1455 poeng – 242 turar
8. Nancy Eggen
1368 poeng – 81 turar
9. Nils Terje
Skylstad 1320 poeng – 191 turar
10. Ann-Helen
Hole 1253 poeng – 286 turar
Vi har diverre ikkje foto av Vigdis Fure i arkivet
Tippelaget Halmstrået 2
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Des 2013
Etter botnnotering med tre
rette sist, håper vi på framgang i dag. Her kjem oppstillinga alle aksjonærar
bør krysse fingrane for.
1.
avd: 1
2.
avd: 6,7
3.
avd: 2,3,4,5,7,9,12
4.
avd: 1,5,6,7,8,11,13
5.
avd: 9
6.
avd: 1,2,3,10,12
7.
avd: 3,9
Trimpostane – samanlagtresultat 2012/2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Des 2013
Solveig Olsen vart nummer tre i fjor og greidde same
plassering dette året. I 2012 noterte ho 3006 poeng. Dette året slo ho av drygt
300 poeng, men hadde likevel over 800 poeng ned til fjerdeplassen. Det er vel
dette ein kallar GOD MARGIN.
Solveig går flittig til posten Brune. Heile 374 turar dit
gav 2618 poeng. I tillegg var ho i løpet av sesongen innom skogsvegane på
Drabløs og Fet, Sætreelva i Holemarka, Vellesætra, Høgsætra, Koppen,
Myrdalsfjellet og Regndalen. Dermed stoppa ho på 2678 poeng etter 382 turar i
løpet av året!
Vi har tidlegare meldt at ektemannen til Solveig, Kjell,
tok sjetteplassen. Dermed kan vi kåre Solveig og Kjell Olsen til Årets Par, som
dei einaste der både mann og kone er inne på topp-10.
GRATULERER!
3. Solveig Olsen
2678 poeng – 382 turar
4. Arnhild Linga
1834 poeng – 282 turar
5. Ivar Arne Flo
1799 poeng – 257 turar
6. Kjell Olsen
1712 poeng – 244 turar
7. Torhild
Skogvold 1455 poeng – 242 turar
8. Nancy Eggen
1368 poeng – 81 turar
9. Nils Terje
Skylstad 1320 poeng – 191 turar
10. Ann-Helen Hole 1253 poeng – 286 turar
Trimpostane – samanlagtresultat 2012/2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2013
Så seint
som
i 2008 hadde 1834poeng halde til samanlagtsiger. Men i 2013 måtte Arnhild Linga
altså nøye seg med fjerdeplassen med
denne poengsummen.
Arnhild
er
ingen kven som helst i dette selskapet. Ho vart samanlagtvinnar i 1999, 2000,
2001 og 2004. Berre så det er nemnt. Einaste Synnøve Kristoffersen har fleire
triumfar.
Tyngda
av
Arnhild sine poeng siste året er henta frå postane Brunstad- og Vellesætra. Ho
vart postvinnar på Vellesætra med 142 turar, medan ho noterte fine 125 turar
til Brunstadsætra. Seks og sju turar til høvesvis Holetindane og Brunstadkølen
let seg også absolutt høyre. I tillegg var ho to turar på Myrdalsfjellet.
Beste velledaling
i 2013, Arnhild! Smak og nyt den fram mot nyttår! Arnhild Linga er
nestor på Hole sitt sterke «trimlag». Av fire velledalingar inne på topp-10
kjem tre frå Hole (Torhild frå Brunstad). Kanskje ein spore til endring alt i
2014…?
No står berre «pallen» att.
Den vert presentert i god tid før juleribba skal
sveljast.
Samanlagt 2012/2013:
4. Arnhild Linga 1834 poeng – 282 turar
5. Ivar Arne Flo 1799 poeng – 257 turar
6. Kjell Olsen 1712 poeng – 244 turar
7. Torhild Skogvold 1455 poeng – 242 turar
8. Nancy Eggen 1368 poeng – 81 turar
9. Nils Terje Skylstad 1320 poeng – 191 turar
10. Ann-Helen Hole 1253 poeng – 286 turar
Trimpoeng samanlagt 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2013
Dei siste åra har Ivar Arne Flo hatt godt grep om
trimposten i Riksheimdalen. Frå bustaden i Bergåsen på Ikornnes er ikkje det
naturlege startpunktet så langt unna.
Ivar er spesialist. Det vil seie at han har alle turane
sine til same post – 257 i talet frå oktober 2012 til oktober 2013. Det gir
fine 1799 poeng. Rikeleg nok til å vinne posten, og trygt føre Kjell Olsen på
femteplass samanlagt.
Vi kan røpe at Ivar berre var 35 poeng unna 4. plassen.
5. Ivar Arne Flo 1799 poeng – 257 turar
6. Kjell Olsen 1712 poeng – 244 turar
7. Torhild Skogvold 1455 poeng – 242 turar
8. Nancy Eggen 1368 poeng – 81 turar
9. Nils Terje Skylstad 1320 poeng – 191 turar
10. Ann-Helen Hole 1253 poeng – 286 turar
Rekordjamt i toppen
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Des 2013
Spørsmålsrunden «Julepoenget»
er populær. Og det er rekordjamt i toppen. Etter sju spørsmål skil det berre
eitt poeng mellom dei fem beste.
Og fleire kan blande seg
inn. Av taktiske omsyn kan det hende nokon ikkje svarar før siste dagen (24.
desember) på alle spørsmål, medan andre finn det meste praktisk og svare dag
for dag, og slik får sine poeng sirleg ført inn i boka.
Vi går ikkje ut med namn
før konkurransen er over, men røper at av dei fem i toppen er tre velledalingar
og to kjem frå Tandstad krins. Og det dreier seg om fire menn og ei kvinne.
Men mykje kan endre seg
fram til sluttstreken vert sett julaftan ved midnatt.
Fine premiar til dei
beste.
Ti på topp 2013 – Samanlagtresultat
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Des 2013
Frå Opp på Bruna- favorittposten
For 15 år sidan var 1712
poeng som regel nok til topplass. I 2013 heldt det til sjetteplass. Mannen vi
finn på den plassen, Kjell Olsen, har vore trufast inne på lista med høge
poengtal dei siste sesongane.
Ut av trimgruppa sin
statistikk kan ein lese at Kjell har vore innom ni av dei 14 postane i løpet av
sesongen. Men «goposten» hans er utan tvil Brune i Straumgjerde, der han
gjennom 236 turar har henta 1652 av sine 1712 poeng. Samla har Kjell gjort fine
244 turar i løpet av trimåret.
Svært bra av den tidlegare
handballspelaren!
6. Kjell Olsen 1712 poeng – 244 turar
7. Torhild Skogvold 1455 poeng – 242 turar
8. Nancy Eggen 1386 poeng – 81 turar
9. Nils Terje Skylstad 1320 poeng – 191 turar
10. Ann-Helen Hole 1253
poeng – 286 turar
Følg med, vi nærmar oss
pallen!
Trimpostane – samanlagtresultat 2012/2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2013
Torhild Skogvold har i
alle år vore ein stødig poengsankar. I sesongen som vart avslutta for eit par
månader sidan, var det Brunstad- og Vellesætra som vart flittigast besøkt, med
høvesvis 99 og 137 turar. I tillegg krydra Torhild sesongen med turar til
Myrdalsfjellet, Koppen og Brunstadkølen.
Samla har Torhild gjort
242 turar i løpet av sesongen. Eit relativt lett reknestykket seier då at skriv
seg i trimbøkene to av tre dagar året rundt. «Gakk hen og gjer like eins», vert
vår oppfordring.
7. Torhild Skogvold 1455
poeng – 242 turar
8. Nancy Eggen 1368 poeng - 81 turar
9. Nils Terje Skylstad
1320 poeng – 191 turar
10. Ann-Helen Hole 1253
poeng – 286 turar
Årsmøte 28. januar 2014
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2013
Under styremøte i VIL 3.
desember var val av ny valkomité ei av sakene. Denne gongen vart det satsa på
ein rein Fet-trio, som lyder desse namna:
Håkon Fedt, leiar
Einar Fet
Odd-Kåre Fet
Av «flokane» som må
løysast er eit heilt
nytt Idrettsskulestyre.
Trimpostane: Nykomar på 8. plass
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Des 2013
Sjølv om Nancy
Eggen er idrettskvinne, kom det overraskande at ho skulle kapre åttandeplassen
på samanlagtlista. Og det var heilt mot slutten av sesongen ho kom som ein vind
og overrumpla fleire.
Nancy har vore
innom ni av dei 14 postane. Med Brunstadsætra, Brunstadkølen og Holetindane som
favorittmål. Dei to sistnemnde postane vann ho like godt. Nancy har skjøna at
ein dagsturfrå Brunstad til Holetindane (via Brunstadkølen) er det optimale for
ein poengsankar, med heile 54 poeng pr. slik tur.
I fylgje
trimgruppa sin statistikk står Nancy Eggen med 1368 poeng på 81 turar, som gir
det klart høgaste poengsnittet pr. tur av samtlege på topp-10 lista.
Gratulerer
Nancy!!
8. Nancy Eggen 1368 poeng – 81 turar
9. Nils Terje Skylstad 1320 poeng – 191 turar
10. Ann- Helen Hole 1253 poeng – 286 turar
Brunstadekspressen har juleforma inne
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Des 2013
Sverre Gunnar
Brunstad brukte 8.37 på det 2,3 kilometer lange motbakkeløpet, Løvenstad, som
var 3. løpet i vinterkarusellen på Romerike. Med den tida var han fem sekund
bak totalvinnaren, Glenn Røisgaard, Lørenskog CK.
Men i klasse
45-49 år var Brunstadekspressen meir enn suveren. Av dei 16 deltakarane i
klassa kom Harald Furuseth, Ull/Kisa; nærast med tida 9.24 – altså 47 sekund
bak vår mann.
Det vert meldt
om flotte løpsforhold på Austlandet den aktuelle dagen, og VIL-Nett kan ikkje
anna enn GRATULERE – i julemånaden er Ekspressen sterk både på korte og lange
løp!!
Kvar står Knut Lødemel?
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Des 2013
Her eit foto av Velledalen sitt fotballag for drygt 60 år sidan. Ein av spelarane på dette lagbiletet er Knut Lødemel, men kvar står han..?
1. Bak til venstre
2. I midten bak
3. I midten rekkje to
4. I midten i fremste rekkje
Du får poeng i samlepotten om du svarar rett på dette før midnatt 1. juledag. Svar til:
E-post: atlehole@online.no
Melding til: 917 43 761
Kva gjorde denne mannen i Velledalen?
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Des 2013
Denne staslege mannen var
altså i Velledalen i 1965. Men kvifor var han her…?
Ja, det er dagens
spørsmål. Svarar du rett på dette før 24. desember gir det eitt gildt poeng i
samlinga di. Du svarar til:
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Her kjem alternativa:
1.
Han hoppa på ski i Brunstadbakken.
2.
Han hadde dame på Drotninghaug.
3.
Han var dreng hos Heggjebakk-karane.
4.
Han planta barskog på Velle.
1320 poeng heldt til plass nummer ni samanlagt
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Des 2013
Så langt er det Hole som
dominerer på samanlagtlista. I går presenterte vi Ann-Helen Hole på 10. plass,
i dag har vi æra av å presentere naboen, Nils Terje Skylstad, som nummer ni.
Nils er ingen ringare enn
sjølvaste leiaren i trimgruppa. Han er gjennomtrena og har nærast hatt hevd som
postvinnar på Holetindane, men i år heldt ikkje 21 turar dit til siger.
Størst poengscore har Nils
hatt på postane Sætreelva i Holemarka, Myrdalsfjellet og Holetindane. Han har
vore på samtlege postar i løpet av sesongen, noko han er åleine om av dei ti
beste poengsankarane samanlagt. Gratulerer til Nils med innsatsen i 2012/2013!!
9. Nils
Terje Skylstad 1320 poeng – 191 turar
10. Ann-Helen Hole 1253
poeng – 286 turar
Julepoeng – kven er på tur
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Des 2013
I dag kjem foto nummer 1
og vi spør:
Kven er på tur her?
1.
Velledalen Helselag
2.
Kurbadet i Straumgjerde
3.
Velledalen Kailag
4.
Velledalen & Ringen Fotballag
Alle som svarar rett på
kvart foto før 24. desember får eitt poeng. Svar til:
E-post:
atlehole@online.no
– melding 917 43 761
Samanlagtlista trimpostar 2012/ 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2013
I år måtte ein ha godt
over 1200 poeng for å kjempe seg inn på topp-10 samanlagt. Sist på denne lista
finn vi den yngste utøvaren på lista, trondheimsstudenten Ann-Helen Hole. Med
1253 poeng vart ho nummer ti i årets sesong. Ho har vore på tolv av dei 14
postane. Berre Riksheimdalen og Høgsætra manglar. Alt i alt har ho gått 286
turar for å «score» poenga sine. Sterkt levert av 23-åringen, med tanke på at
ho mesteparten av året bur i Trondheim.
Sine to beste postar hadde
ho til posten i Holemarka med 224 turar og i Regndalen, der ho noterte seg 36
gonger.
Les VIL-Nett jamnleg, her
får du svaret på kven som vart nummer ni i samandraget.
PS. Protestar på samanlagtresultata
skal sendast/leverast trimgruppeleiar Nils Terje Skylstad.
Fine novembertal for VIL-Nett
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2013
Ein ny månad er over. Her
får du utviklinga for VIL-Nett i november månad heilt tilbake til starten:
2008: 641 treff
2009: 1588
2010: 1962
2011: 2370
2012: 3120
2013: 3608
Jamn fin framgang kvart år
Halmstrået 2
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2013
Det opna særs lovande. I
dei tre fyrste avdelingane vart vinnarhestane prikka inn på rekkje og rad. I
fjerde avdeling vart det bom, men vi kom tilbake i den femte og stod med 4 av 5
med to løp igjen. Diverre vart det bom i sjette avdeling, medan vi prikka inn
vinnaren i den sjuande. Dermed fem rette og 18 kroner i premie. Men vi er heile
tida nær det som større er.
No står tre omgangar att.
Det kan bli fleire om det vert premiepengar fram mot jul.
«Historisk sus» - Året 1994
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Nov 2013
I 1994 hadde Velledalen IL
11 postar i drift (mot 14 i 2013). Her er besøkstala for dei ulike postane:
1670 noteringar: Riksheimsætra (7 poeng)
800: Brunstadsætra (4 poeng)
800: Sætreelva i Holemarka (2 poeng)
720: Vellesætra (7 poeng)
528: Skogsvegen Hjorthol (2 poeng)
370: Skogsvegen Drabløs (2 poeng)
242: Regndalen (12 poeng)
187: Koppen (15 poeng)
160: Myrdalsfjellet (15 poeng)
56:
Holetindane (30 poeng)
-:
Høgsætra ikkje teke med (15 poeng)
Topp-10 i 1994:
1.
Synnøve Kristoffersen 1729 poeng
2.
Anna Haugen 672 poeng
3.
Nils Terje Skylstad 619 poeng
4.
Erlend Ramsvik 462 poeng
5.
Åge Vanebo 388 poeng
6.
Anita Hjorthol 344 poeng
7.
Arnhild Linga 339 poeng
8.
Petter Jarnes 315 poeng
9.
Stein Arne Kristoffersen 308 poeng
10.
Astrup
Kristoffersen 301 poeng
Utvikling
. Vi
må vel kalle det ei utvikling i positiv lei når ein i sesongen 2012/ 2013 måtte
ha godt over 1200 poeng for å kome på same liste. Vi ser at Synnøve
Kristoffersen, som diverre ikkje lenger er blant oss, var susande suveren i
1994. Og topp-10 lista ber preg av at Riksheimdalen var den mest besøkte
trimposten. 1670 noteringar heldt til beste post i 1994 – i 2013 var
tilsvarande tal 3999 (Brune).
Kven er dette..?
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2013
Sjå foto. Kva heiter
mannen som spring. Er det…
1.
Jo Andre Tandstad
2.
Svein Arne Nakken
3.
Pe-Tomasz
4.
Sverre-Gunnar Brunstad
Send svaret ditt innan
torsdag klokka 20.00 til:
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Premien er eit skarplodd,
type julekalender, der gjevaste premien er 100 000 i kontantar,
andrepremien er 25 000 i kontantar og der er seks premiar på 10 000 kroner.
Premien er gitt av ein spelar på IL Sandviken, Bergen.
Topp-10 samanlagt - trimpostar
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Nov 2013
Kven har samle flest poeng
samanlagt på dei 14 trimpostane i sesongen 2012/2013..?
Kunngjeringa er rett rundt
hjørnet melder trimgruppeleiar Nils Terje Skylstad. Dei to siste sesongane har
Vigdis Fure toppa statistikken, men greier ho det i år..?
Følg med på VIL-nett.
Vi startar med plass
nummer ti og arbeider oss oppover. Det einaste vi røper i dag er at ein må ha
over 1200 poeng for å kome på lista. Med andre ord er det den jamne
kvardagsgjerninga som gjer susen. Skippertak held ikkje i dette faget.
V 75 frå Klosterskogen laurdag 23. november
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2013
Avdeling 1, 2 og 3 gjekk
rett inn. Tre av tre og lovande start. I fjerde avdeling hadde vi tippa på
ikkje mindre enn fem hestar (1,5,6,8 og 14), men bomma då nummer 13 vann. 5. avdeling
gjekk inn, før vi bomma i 6.avd der hest nummer 8 lurte våre tips (1,3,
10,12,13,14 og 15). 7. avdeling traff vi slik at det vart fem rette denne
gongen også. Men snublande nær noko større. Nye sjansar neste helg.
Mindre folk, meir pengar
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2013
Førjulsmesse nummer 21 er
historie. Arrangert med særs dårleg vêr laurdag. Så dårleg at utstillaren som
skulle vere utandørs i telt måtte få naudhamn innandørs. Sundagen var OK
vêrmessig.
Det vert aldri ført oversikt
over kor mange som er innom dørene i løpet av desse arrangementa. Når vi kan
seie at der var mindre folk, er det brukt indikatorar som peparkakesal og
tombola. I år med mykje folk vert det alltid tomt før tida, både med peparkaker
og tombolalappar. Det vart det ikkje i år.
Arrangørlaga har fem
inntektspostar under messa. Dei kan rangerast slik etter storleik i brutto
inntekt:
1.
Kaffi og matsal
2.
Tombola
3.
Standleige
4.
Basarbøker
5.
Sal av peparkake på pinne
Når det likevel vart ny
brutto omsetningsrekord, skuldast det gode resultat på dei tre andre postane.
Men det er nettotala som
tel. Desse vert ikkje klare før alle rekningane har kome inn til kassarer
Vibeke Skinnes Hauge. Største utpostane er varekjøp (Joker, Bunnpris, Oskar
Sylte), husleige og annonsering. Alt det gode dugnadsarbeidet er gratis. Utan
det hadde resultatet vore eit heilt anna. Takk til alle som bidrog !!
1960-årgangen vakta huset
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Nov 2013
1960-årgangen i Velledalen
er - og har alltid vore - sterk. Under alle Førjulsmesser er det vakter i
Velledalen grendahus frå messeslutt laurdag til nye folk er på plass søndag
føremiddag.
Kjerna i vaktlaget denne
gongen var dei tre 1960-modellane Ove Inge Skylstad, Åge Vanebo og Magne
Nilsen. Alle solide menn i 50-åra, og alle sentrale også under andre
arrangement. Eksempelvis Konradløpet, der Magne Nilsen er ansvarleg for
løypemerking, Ove Skylstad er tidtakarsjef, medan Åge Vanebo er einaste funksjonær
som kan «ta på» deltakarane på jakt etter meir eller mindre skjulte startnummer
ved innkomsten. Under oppdraget i grendahuset siste helg hadde dei med seg Gunnar
Skogvold (20). Talentfull læregut i bransjen.
Kvartetten hadde ingen
nemneverdige problem i løpet av natta, til stor glede for arrangør og
utstillarar. Godt jobba, karar!
Trekningsliste basarbøker
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Nov 2013
1.
Brodert Juleduk – Hanne Ulset
2.
Strikka Branegenser – Pernille Ø. Adolfsen
3.
Saftig matpakke – Reidun B. Øvstedal
4.
Pelspledd – Anne Kari Hjorthol
5.
Ullmax-pakke – Karin Lade
6.
Gåvekort naprapat Hafsås – Nils Kr. Magerholm
7.
Bordbrikke med julemotiv – Bruno og Arnold Brunstad
8.
Rund julebrikke – Inger Johnsen
9.
Gåvekort Din Stil – Paul Midtgård
10.
Brødkorg – Eli Johanne Fet
11.
Gåvekort Holmbergs gartneri – Anders B. Leirmo
12.
Gåvekort Holmbergs gartneri – Petter Harald Sætre
13.
Matvarer frå Bunnpris – Kjetil Pål Brunstad
14.
Gåvekort Straumen Kro – Svein Løken
15.
Steikebrett frå Bunnpris – Oskar Bakken
16.
5 sekkar ved - Arnfinn Grebstad.
Stor Takk til alle som
støtta opp om julemessa, anten det var som loddkjøpar, kakebakar, funksjonær
eller utstillar! Og ikkje minst til alle som sponsa arrangementet med vinstar
til tombola og basarbøker!
Premiert for ekstrabaking
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Nov 2013
God tilgang på kaker er
viktig under ei vellukka Førjulsmesse. Her er namna på personar som får ei lita
oppmuntring for ekstrabaking:
Vibeke Skinnes Hauge
Anita Mosby Nakken
Ingunn Hunnes
Britt Janne Aune
Liv Nordli Hole
Høgtvyrde kakebakar
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Nov 2013
Tilreisande er særs
glupske på kakene som vert levert til Førjulsmessa. Fem kaker som var leverte
og skulle brukast sundag, fauk ned i svoltne magar før ein visste ordet av det
på laurdag.
Har nokon ingrediensane
som skal til for å sope i hop ei brukbar kake er det berre og hive seg i tynn.
VIL premierer kaker som vert levert inn utanom oppsett liste.
Levering mellom
11.00-14.00 er OK
ALT KLART TIL FØRJULSMESSA 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Nov 2013
Truleg er dei litt ekstra
spente, dei som skal debutere under årets førjulsmesse. Du vil finne dei
overalt, ein i kjellaren, fire i klasserommet, to i vestibyla og tre i
storsalen og ein ute. Her er namna:
Tau Sport (Terje Aurdal) –
Sykkylven
Elin Grinde – Førde
Else Pettersen (berre
laurdag)– Breim
Pettersen`s Lyshjørne (berre
laurdag)– Stranda
Anna Gamlem –Haram
Inger Eidheim (berre
sundag) – Sykkylven
Bjørn og Else Perdis
Holstad –Hareid
Lottie Eisma – Stordal
Britt Mathisen – Drammen
Velledalen Montessoriskule
(berre sundag) – «local lad»
Bente Sæther og Bjarte
Osnes – Ålesund
Bente Sæther og Bjarte
Osnes skal vere utandørs i telt. Håper vêret ikkje blir altfor ille. Talet på
debutantar er rekordhøgt. Og det kunne vore høgare, men mange kom ikkje lenger
enn til ventelista – diverre.
Mange interessante namn
mellom debutantane. Anna Gamlem syter for at vi for fyrste gong i messa si
historie vil ha ein rein te-stand. Lottie Eisma er bokbindar, Elin Grinde driv
med kle og Velledalen Montessoriskule skal selje fuglekasser. Elles vil ein
finne litt av kvart. Som arrangør set vi pris på at det vert handla av
utstillarane.
Elles går det meste over
den vanlege lesten i den 21. Førjulsmessa, med basarbøker, tombola og sal av
peparkaker på pinne. Kaffien vert som vanleg velsmakande, kakene like eins.
Alle er hjarteleg
velkomne!
Pe-Tomasz tek med brødrene.
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Nov 2013
Som dei fleste veit har
Pe-Tomasz flytta tilbake til Polen. Men komande sommar kjem han tilbake for å
delta i Nibbeløpet, som han har gjort to gonger tidlegare. Men ikkje åleine.
Han har med seg brødrene Jaroslaw og Krzysztof, i tillegg til venen Jerzy
Nowakowski. Heilt sikkert ei minnerik oppleving for den polske kvartetten. Og
vi ynskjer dei sjølvsagt hjarteleg velkomne innom Velledalen !! Les brevet frå
Pe-Tomasz her.
Meir enn 10 000 påmelde.
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Nov 2013
Nissemarsjen er eit
arrangement i regi av mosjonsavdelinga i Norges Friidrettsforbund. Hittil har
meir enn 10 000 deltakarar meldt seg på, frå ikkje mindre enn 107 kommunar.
I Velledalen skal både skule og barnehage delta, i eit arrangement støtta av
Velledalen IL.
Trimpostvinnarane sesongen 2012/2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2013
Harde fakta frå dei ulike postane:
3 999 noteringar
Brune i Straumgjerde – Inger Riksheim 449 turar
2 460 Brunstadsætra - Inger Anne Brunstad 213 turar
1 759 Dammen
Riksheimdalen – Ivar Arne Flo 257 turar
1 528 Sætreelva i
Holemarka – Ann-Helen Hole 224 turar
1 186 Vellesætra - Arnhild Linga 142 turar
1 117 Skogsvegen Fet - Grethe Fet 299 turar
781 Skogsvegen Hjorthol – Anita Hjorthol 151
turar
536 Myrdalsfjellet – Elling Hole 68 turar
348 Regndalen – Ann-Helen Hole 36 turar
315 Skogsvegen Drabløs – Annlaug Lervåg 107
257 Koppen – Anita Hjorthol 34 turar
225 Brunstadkølen – Nancy Eggen 22 turar
185 Høgsætra Fet – Håkon Fedt 13 turar
122 Holetindane – Nancy Eggen 25 turar
Rett uhøgtideleg, men
likevel:
Kvinner-Menn 11-3
Mannfolka sine dårlegaste
resultat gjennom alle tider, difor ein ekstra honnør til Elling, Ivar og Håkon.
Bravo!!
Den suverene trimposten
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2013
Posten i
Tandstad krins er i soleklar tetposisjon, med meir enn 1500 noteringar føre
hardaste konkurrent, Brunstadsætra (2 460). Det er solid!
Her er topp-5
for posten i sesongen 2012/2013
1.
Inger
Rikseheim 449 turar
2.
Vigdis
Fure 407
3.
Solveig
Olsen 374
4.
Kjell
Olsen 236
5.
Anne
Lise Hjelle 163
Som ein ser er
nivået høgt. Personane på lista er særs stabile. Alle har vore på denne lista
tidlegare, Inger som vinnar og Kjell som beste mann.
Hald fram det
gode arbeidet folkens, og gratulerer med postsigeren til alle som har bidrege!!
Kvinnfolka «ruler» Brunstadsætra
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Nov 2013
Brunstadsætra er eit godt
besøkt turmål. Ikkje mindre enn 2460 noteringar siste trimåret, noko som heldt
til sølvplass på pallen. Fire poeng er bonusen trimgruppa gir til alle som
noterer namnet sitt i boka. Noko klart flest kvinner gjer, viser det seg.
Mannfolka er så svake på denne posten at ingen er inne på lista – det vil seie
at ingen har makta 60 turar.
Vi gratulerer ei nybakt
mor med topplasseringa! Og det er langt frå fyrste gongen at Inger Anne
Brunstad vinn posten. Her er resultata:
1.
Inger Anne Brunstad 213 turar
2.
Arnhild Linga 125
3.
Torhild Skogvold 99
4.
Marianne Urke 71
5.
Liv Skogvold 60
Rangeringa mellom postane:
2460 noteringar
Brunstadsætra – Inger Anne Brunstad 213
1759 Dammen Riksheimdalen - Ivar Arne Flo 257
1528 Sætreelva i Holemarka
– Ann-Helen Hole 224
1186 Vellesætra – Arnhild Linga
142
1117 Skogsvegen Fet - Grethe Fet 299
781 Skogsvegen Hjorthol – Anita Hjorthol 151
536 Myrdalsfjellet – Elling Hole 68
348 Regndalen – Ann-Helen Hole 36
315 Skogsvegen Drabløs – Annlaug Lervåg 107
257 Koppen – Anita Hjorthol 34
225 Brunstadkølen – Nancy Eggen 22
185 Høgsætra Fet – Håkon Fedt 13
122 Holetindane – Nancy Eggen 25
Som gir: Kvinner – Menn 10-3
Då står berre «Formel
1-posten» att.
Ivar Arne sette damene på plass
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2013
Dermed tredjeplass til denne
trimposten, der kvar tur gir sju poeng på kontoen. Til liks med dei siste åra finn
vi Ivar Arne Flo øvst på topp-5. Bak jagar eit fint kobbel damer, men på
relativt god avstand. Alle i hop stabile turgåarar som vi kjennar att frå
tidlegare år. Her er resultata:
1.
Ivar Arne Flo 257 turar
2.
Renathe R. Oldeide 158
3.
Torill-Anne Lie Aurvåg 152
4.
Hildegunn
Eikemo Flo 114
5.
Anne-Lise Erstad 98
Postrangeringa etter
frammøte sist sesong:
1759 noteringar: Dammen
Riksheimdalen
1528: Sætreelva i
Holemarka
1186: Vellesætra
1117: Skogsvegen Fet
781: Skogsvegen Hjorthol
536: Myrdalsfjellet
348: Regndalen
315: Skogsvegen Drabløs
257: Koppen
225: Brunstadkølen
185: Høgsætra Fet
122: Holetindane
Ivar reduserte for
mannfolka, slik at stoda over postvinnarane no er:
Kvinner-Menn 9-3.
Resultata frå skarve to
postar står no att.
Sterk fjerdeplass til posten i Holemarka
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Nov 2013
I hovudsak to alternative
ruter til denne posten. Anten går ein frå «La» eller ein går frå Hole. Parkerer
ein ved «Lafabrikken» er distansen om lag halvparten av den drygt fire
kilometer lange turen det er frå Hole.
Tidlegare har veteranar
som Oddmund Skylstad og Kjellaug Ulset vore årvisse på topp-5 i Holemarka. No
er begge skubba ut av yngre krefter. Veteranen Elling Hole, som vann posten i
fjor, måtte dette året nøye seg med andreplass, bak trondheimsstudenten
Ann-Helen Hole.
Elles finn vi både gjetarhundekspertar,
nasjonalt sterke motbakkeløparar i veteranklassa og dalens beste kvinnelege
fotballspelar inne på lista. At det er godt over 50 års aldersskilnad på topp-5
utøvarane, fortel at dette er ein post alle aldersgrupper kan nytte seg av.
Her er resultata:
1.
Ann-Helen Hole 224 turar
2.
Elling Hole 142
3.
Nils Terje Skylstad 121
4.
Susann Osnes 96
5.
Ellen Marie Hole 95
Noteringane på postane vi hittil har presentert:
1 528 ved sætreelva i
Holemarka
1 186 ved Vellesætra
1 117 ved skogsvegen Fet
781
ved skogsvegen Hjorthol
536 Myrdalsfjellet
348
Regndalen
315 skogsvegen Drabløs
257 Koppen
225 Brunstadkølen
185 Høgsætra Fet
122 Holetindane
Dette er utklassing: Kvinner-Menn 8-2
Neste ut: Posten på
tredjeplass med fine 1 759 noteringar
2.47.18 i Porto
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Nov 2013
- I flotte
omgivelser og fin temperatur løp eg gjennom maratonløypen i Porto. Løpet gikk i
stor grad langs sjøen slik at det ble noe vind. Likevel ble tiden 2.47.18,
skriv Sverre Gunnar Brunstad til VIL-Nett.
Resultatlistene fortel oss
at dette var ein framifrå prestasjon. 10. plass i klasse 45-49 år er sprekt,
men enno meir imponerande totalt med: 48.plass av 2800 deltakarar.
Snittida var 3.59 pr.
kilometer, eller sagt på annan måte; 15 kilometer i timen i snitt over ein
distanse på 42 195 meter
Ein sprudlande flott
prestasjon, rett og slett !!’
Kniving om topplassen på Vellesætra
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Nov 2013
Vellesætra har registrert
69 noteringar meir enn skogsvegen Fet, og kneip med det 5.plassen med 1 186
noteringar. Arnhild Linga drog det lengste strået i duellen mot Torhild
Skogvold. Desse to hadde god klaring bak til Kjell Magnar Berli på tredjeplass.
Vegen opp til Vellesætra er tydelgvis ein brukbar treningsarena sidan både
nemnde Berli, Alf Petter Bøe og Solveig Brunstad er å finne på topp-5.
Fleire unge jenter/kvinner
er inne på topp-5 listene denne sesongen. Skralare mellom mannfolka. Berre
Kjell Magnar Berli, som vert 25 år 10. november, kjem inn under denne nemninga.
Og då snakkar vi om SAMTLEGE POSTAR. Kanskje har ho eit poeng kvinna som meinte
det ikkje var nok med idrettsskule for ungar…?
Her er i alle fall resultata frå Vellesætra sesongen
2012/2013
1.
Arnhild Linga 142 turar
2.
Torhild Skogvold 137
3.
Kjell Magnar Berli 48
4.
Alf Petter Bøe 32
5.
Solveig Brunstad og Svein Linga, begge 22
Rekkefylgja mellom trimpostane:
5. Vellesætra 1 186 noteringar
6. Skogsvegen Fet 1 117
7. Skogsvegen Hjorthol 781
8. Myrdalsfjellet 536
9. Regndalen 348
10. Skogsvegen Drabløs 315
11. Koppen 257
12. Brunstadkølen 225
13. Høgsætra Fet 185
14. Holetindane 122
Med dette har damene
sigeren i boks;
Kvinner-Menn 8-2
Kven knip 4.plassen – svaret kjem i morgon.
Skogsvegen Fet
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Nov 2013
Med 1 117 noteringar
krabba skogsvegen Fet seg opp på 6.plass. Dei tre beste på posten er i «høgoktan-klassa»
med over 250 noteringar kvar. Grethe Fet vann som i fjor, men berre fire turar
føre ektemannen Odd-Kåre. Astrid L. Drabløs kom på ein god tredjeplass, og vi
merkar oss at femteplassen er tredelt.
Men det mest overraskande
er at personane inne på topp-5, står for 1 024 av 1 117 noteringar på
posten. Det betyr at breidde som er
innom posten ikkje er stor.
Her er resultata for
trimåret 2012/2013:
1.
Grethe Fet 299 noteringar
2.
Odd-Kåre Fet 295
3.
Astrid L. Drabløs 251
4.
Turid Bøkestad Fet 80
5.
Pernille Lervåg, Margit Fet, Aslaug H. Fedt, alle 33
Stoda mellom dei ulike
postane:
6.
Skogsvegen Fet 1 117 noteringar (Grethe Fet 299)
7.
Skogsvegen Hjorthol 781 (Anita Hjorthol 151)
8.
Myrdalsfjellet 536 (Elling Ivar Hole 68)
9.
Regndalen 348 (Ann-Helen Hole 36)
10.
Skogsvegen Drabløs 315 (Annlaug Lervåg 107)
11.
Koppen 257 (Anita Hjorthol 34)
12.
Brunstadkølen 225 (Nancy Eggen 22)
13.
Høgsætra Fet 185 (Håkon Fedt 13)
14.
Holetindane 122 (Nancy Eggen 25)
Og dermed auka kvinnfolka
til 7-2, som betyr at mennene i beste fall kan få 7-7 om dei vinn resten av
postane. Følg med!!
Idrettsskulen haust 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Nov 2013
Vi starter opp med svømming i velledalen svømmehall førstkomande tirsdag 5. november. Har setta opp grupper . Barna må ha svømmeklær og badehette. Være klar med bassengkanten til det tidspunktet gruppa starter. Instruktør er Jørgen Grebstad. Vi holder på hver tirsdag fram til 10.desember.
Gr 1 : Adrian Ulstein Fet - Foreldre vakt 5.nov
Tim Ronny Larsen - Foreldrevakt 12.nov
Vilde Sofie Hustad - Foreldrevakt 19.nov
Anders Brunstad Leirmo- foreldrevakt 26.nov
Julia Regine Hole- foreldrevakt 3.des
Lovise Bø - foreldrevakt 10.des
Gr2 : Alexandra Sørensen- foreldrevakt 5.nov
Pia Johansen -foreldrevakt 12.nov
MAry Ann Drabløs . foreldrevakt 19.nov
Leah Sofie S.Hjorthol -foreldrevakt 26.nov
Mikael Moen -foreldrevakt 3.des
Emily Larsen
William Fure -foreldrevakt 10.des
Markus Jensen
David M .Dalene
Gr. 3 Patrik M.Dalene - foreldrevakt 5.nov
Wiktor Kotecki -foreldrevakt 12.nov
Hedda Kalstad- foreldrevakt 19.nov
Preben Ulstein
Jeanette MElum - foreldrevakt 26.nov
Kayle Meldrum -foreldrevakt - 3. des
Jacob Brochmann - 10 des
Har setta opp foreldrevakt som skal sitte INNE ved bassengkanten og evnt hjelpe instruktøren. Dere må bytte vakter selv om det ikke passer den datoen du står på.
781 noteringar ved skogsvegen på Hjorthol
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Nov 2013
Ein tur til trimposten i
enden av skogsvegen på Hjorthol vert løna med to poeng. Greitt nok, for ein kort tur i høveleg bratt oppoverbakke
– fort gjort. Posten er i fyrste rekkje turmålet til folk som bur på Brøvoll,
Hjorthol eller i Tregardane, noko topp-5 lista også viser. At Anita Hjorthol
toppar er inga bombe, men ein smule skuffande at ingen under 50 år er inne på
lista. Fire av fem på denne lista er også inne på resultata frå Koppen.
Endringa er Hanne Ulset i staden for Åge Vanebo. Nyt lista!
1.
Anita Hjorthol 151
turar
2.
Ingrid Brudevoll
106
3.
Hanne Ulset 60
4.
Eldrid Myhre 25
5.
Svein Hjorthol 22
Dei ulike postane:
7. Skogsvegen Hjorthol 781
noteringar (Anita Hjorthol 151).
8. Myrdalsfjellet 536
(Elling Hole 68).
9. Regndalen 348
(Ann-Helen Hole 36)
10. Skogsvegen Drabløs 315
(Annlaug Lervåg 107)
11. Koppen 257 (Anita
Hjorthol 34)
12. Brunstadkølen 225 (Nancy
Eggen 22)
13. Høgsætra Fet 185
(Håkon Fedt 13)
14. Holetindane 122 (Nancy
Eggen 25)
Kvinner-Menn 6-2
Gled deg til nye resultat
i morgon. Då kjem fyrste post med over 1000 noteringar
Allsidig idrettsmann fyller 90 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Nov 2013
Oddmund voks opp i ei tid
der arbeid var viktigare enn sportsleg tidtrøyte. Som 16-åring fekk han krigen «i
fanget», og dermed rauk fem av dei beste åra for ein som var glad i idrett. For
det var Oddmund, som faktisk var ein av dei mest allsidige i laget.
Stafettløpar.
–Han Oddmund var ein solid stafettløpar, særleg på korte og mellomlange
etappar, sa Ole L. Hole (Knut-Ole) til meg ein gong. Og det trur vi så gjerne,
då Oddmund finst på dei fleste foto som finst av stafettlag frå1940-åra i VIL
sitt arkiv.
Langrenn.
Som skiløpar kunne han vise til gode resultat. Han var med på Velledalen IL
sitt stafettlag som tok sølv i KM i 1950 (to år seinare greidde dei gullet).
Elles deltok han både i krinsrenn og bygdarenn.
Fotball.
Og
han spela fotball, i fotballgruppa til Velledalen IL. Før samanslåinga i 1952
hadde IL Ringen og Velledalen IL begge fotballag, som mellom anna duellerte mot
kvarandre. Her gjorde Oddmund mange kampar for velledalingane. Det må óg
nemnast at han var ivrig tilskodar på VRF sine heimekampar heilt til laget
bukka under hausten 2002.
Hesteskokasting
.
Oddmund budde i det som lenge var hesteskokastinga sitt Mekka. Difor var det
ikkje og undrast over at han heiv seg med då hesteskokasting vart
konkurranseidrett på slutten av 1970-talet.
10. juni 1979 vann Oddmund, saman med sonen
Ove, det fyrste bygdameisterskapet i parkasting, arrangert av Velledalen IL på
Dalemyra grasbane. Og det var ingen «walk in the park», med 64 deltakarar
avvikla etter reint cupsystem. Finalemotstandarar var ingen ringare enn Robert
Kvam og Per Kjartan Lade, begge suksessfulle handballspelarar på den tida.
Eldste deltakar
.
Oddmund har i alle år vore sprek for alderen. Han kvidde seg ikkje for
deltaking eksempelvis i Fetvatnet Rundt, Ramstaddalsløpet og Konradløpet lenge
etter passerte 80 år. Ein periode var det heilt vanleg at det i referat i
etterkant av arrangement stod: «eldste deltakar var Oddmund Skylstad». Og han
noterte i fleire år namnet flest gonger på trimposten ved sætreelva i
Holemarka.
Under Sykkylven Rundt i august 2013 var
ikkje Oddmund eldste deltakar, men truleg eldste tilskodar. Då løparane
passerte Hole var Oddmund ute på tunet og fylgde interessert med.
Historiske bidrag
. Då Velledalen IL i 2005 og 2006 gjorde ein innsats for å samle inn
flest mogleg «Idrettsminne», var Oddmund ein av dei største bidragsytarane. Han
gjorde seg mange turar med til sin jamgamle granne, Ole L. Hole. Saman friska
dei opp at mykje av det dei hadde opplevd i barne- og ungdomstida. Oddmund var
ved best helse av dei to, og det vart han som måtte sette tankane ned på
papiret. Det vart to flotte skildringar, kalla «Sommarminne» og «Vinterminne».
Sidan det snart er vinter, høver det godt og friske opp att «Vinterminna», til
ære for jubilanten.
Hjarteleg til lukke med
dagen, Oddmund!
Beste helsing unge og
eldre idrettsvener i Velledalen IL
Atle Hole
Idrettsminne kan du lese her
Kven er kongen av Myrdalsfjellet…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Nov 2013
Posten fekk fine 536
noteringar i sesongen 2012/2013. Elling Hole har siste åra vore kongen av
Myrdalsfjellet. Men det var ikkje sjølvsagt at det skulle bli slik dette året.
Elling fekk nemleg «rusk i maskineriet» og måtte gjere « invortes justeringar»
i Trondheim. Men det var ikkje verre enn at han heldt skansen på posten sin - med god margin, til og med !
Her er tala:
1.
Elling Hole 68 turar
2.
Ingrid Brudevoll 28
3.
Nils Terje Skylstad 24
4.
Kari Hjorthol
og Eldrid Myhre, begge 21
Dei ulike postane:
8. Myrdalsfjellet 536
noteringar (Elling Hole 68)
9. Regndalen 348
(Ann-Helen Hole 36)
10. Skogsvegen Drabløs 315
(Annlaug Lervåg 107)
11. Koppen 257 (Anita
Hjorthol 34)
12. Brunstadkølen 225
(Nancy Eggen 22)
13. Høgsætra Fet 185
(Håkon Fedt 13)
Holetindane 122 (Nancy
Eggen 25)
Takk Elling for at du gav
oss mannfolka håpet tilbake!
Menn-Kvinner 2-5.
I morgon kjem resultata
frå posten som kneip 7. plassen
Idrettsskulestart tysdag 5. november
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Nov 2013
Tysdag går Velledalen IL
inn i sin 22. sesong med idrettskuledrift. Det startar med symjing. Instruktør
er Jørgen Grebstad. Men aner frå Velledalen, gjennom mora Astrid Drabløs, om
nokon ikkje visste det.
Idrettsskulen er open for
born i alderen 2. – 7. klasse. Og enno kan ein melde seg på.
- Ja, etternølarar
kan enno rekke det, men då må dei vere raske. Med påmelding til Mette Ulvestad,
tlf. 406 15 350. Det skal setjast opp grupper og sendast ut informasjon,
og vi er altså i gang tysdag 5. november, seier avtroppande idrettskuleleiar,
Julie Brochmann.
Avtroppande er også Mette
Ulvestad. Difor er det viktig at eit nytt styre vert stabla på beina. Vi set
pris på om personer som kunne tenkt seg teke eit tak, melder seg til noverande
idrettskuleleiar Julie tlf. 932 85 881, eller sekretær i hovudlaget, Ove
Skylstad, tlf. 917 80 746.
Bønder og studentar i Regndalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2013
Regndalen vart nummer ni i
rangeringa mellom dei 14 trimpostane i sesongen 2012/2013.
Går vi inn på topp-5, ser
vi at samtlege der anten er bønder eller studentar. Kvifor desse to
grupperingane har ekstra dragning mot Regndalen veit vi lite om.
Her er topp-5:
1.
Ann-Helen Hole 36 turar
2.
Ellen Marie Hole 25
3.
Bastian Weiberg-Aurdal 13
4.
Erika Weiberg-Aurdal 12
5.
Sindre Aurdal Alnes 10
Poststatistikk:
9. Regndalen 348
noteringar (Ann-Helen Hole 36)
10. Skogsvegen Drabløs 315
(Annlaug Lervåg 107)
11. Koppen 257 (Anita
Hjorthol 34)
12. Brunstadkølen 225
(Nancy Eggen 22)
13. Høgsætra Fet 185
(Håkon Fedt 13)
14. Holetindane 122 (Nancy
Eggen 25)
Kvinner-Menn 5-1
Kvinnfolka har fått luke,
karar!!
Bravo Annlaug!
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Okt 2013
Skogsvegen Drabløs tok ein
fin 10. plass i det harde selskapet med 315 noteringar i sesongen 2012/2013. I
dag tek vi av oss hatten for Annlaug Lervåg som stod for meir enn tredjeparten
av desse. Vi berre nemner det; Annlaug Lervåg har vunne posten tidlegare !
Her er topp-5:
1.
Annlaug Lervåg 107 turar
2.
Jens Birger Lervåg 41
3.
Linn Tove Akselvoll Lade 30
4.
Pernille Lervåg 22
5.
Kurt Lade 17
Noteringar på dei ulike
postane:
10. Skogsvegen Drabløs 315
(Annlaug Lervåg 107)
11. Koppen 257 (Anita
Hjorthol 34)
12. Hytta Brunstadkølen
225 (Nancy Eggen 22)
13. Høgsætra Fet 185
(Håkon Fedt 13)
14. Holetindane 122 (Nancy
Eggen 25)
Kvinner-Menn 4-1
Anita tok Koppen
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Okt 2013
Dei fleste som
går til Koppen startar frå Hjorthol. Dermed får dei med seg to poeng ved
skogsvegen Hjorthol sin endestasjon, før dei gir seg i kast med brattare lende.
Svært bratt, vil somme hevde. Det riv i knea oppover og ikkje stort mindre
nedover. Heldigvis finst det mange tre å stø seg til. Særleg nedover kan føtene
skyte unna om ikkje skorne er bra.
Vi gratulerer
Anita med triumfen – noko ho etter kvart har fått lang røynsle i
Slik vart
sluttresultata på Koppen trimsesongen 2012/2013:
1.
Anita
Hjorthol 34 turar
2.
Åge
Vanebo 16
3.
Ingrid
Brudevoll 12
4.
Svein
Hjorthol 10
5.
Eldrid
Myhre 9
Antal
noteringar på kvar post.
11. Koppen -
257 noteringar (Anita Hjorthol 34)
12. Hytta
Brunstadkølen - 225 noteringar (Nancy Eggen 22)
13. Høgsætre
Fet - 185 noteringar (Håkon Fedt 13)
14.
Holetindane – 122 noteringar (Nancy Eggen 25)
Førebels 3-1
til damene i antal postsigrar.
Følg med, ny
post i morgon.
Kven gjekk flest turar til hytta på Brunstadkølen..?
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Okt 2013
Hytta på Brunstadkølen er av dei ferskaste trimmåla. Akkurat
folkevandring har det ikkje vore, men 225 noteringar er slett ikkje ille. Dei
fleste trudde sikkert posten hadde ein lokal vinnar. Det er ikkje tilfelle:
«First I take Holetindane, and than I take Brunstadkølen, hadde Nancy Eggen
sikkert sagt. Ho vann nemleg begge postane. Den årvakne lesar vil sikkert
stusse på at ho hadde 25 turar på Holetindane, men tre mindre (22) på
Brunstadkølen. Det kjem kort og greitt av at ho gjekk nokre av turane til
Holetindane med utgangspunkt frå Hole, og var såleis ikkje innom kølen.
Tredelt andreplass på posten – heller
ikkje vanleg kost. Dei tre på andreplass hadde færre turar tilsaman enn
vinnaren åleine, då lyder konklusjonen slik:
Dette er utklassing, Nancy!!
BRUNSTADKØLEN, TRIMSESONGEN 2012/2013
22 turar: Nancy Eggen
7 turar: Arnt Brunstad, Kjell Magnar Berli og
Arnhild Linga
Intern postoversikt:
12. Hytta Brunstadkølen 225 noteringar
(Nancy Eggen, 22)
13. Høgsætra Fet 185 noteringar (Håkon
Fedt, 13)
14. Holetindane 122 noteringar (Nancy
Eggen, 25)
I dag hyller vi Håkon !
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Okt 2013
I sommar skreiv vi at
trimposten Høgsætra på Fet kunne vere nedleggingstruga på grunn av svakt besøk.
På dette tidspunkt var stoda særs jamn med få turar på alle i toppen. Håkon
ville slå eit slag for sin lokale trimpost, drog på med nokre turar, og posten
er framleis i drift. Slik framferd likar vi, Håkon!!
185 noteringar var det
samla talet sist sesong. Ikkje mykje, og absolutt ein post personar som brenn
etter å gå til topps bør ha i tankane.
Her er stoda mellom dei
kvassaste i trimåret 2012/2013
13 turar: Håkon Fedt
5 turar: Ole Jostein Fet og Per Svein Fet
3 turar: Helen Longva Fet
Stoda mellom dei ulike
postane:
13. Høgsætra Fet 185
noteringar
14. Holetindane 122
noteringar
I morgon presenterer vi
vinnaren av posten som vart nummer tolv i besøkstal
Bombenedslag på Holetindane
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Okt 2013
Og vi startar med
trimposten med færrast noteringar, Holetindane. I fylgje trimgruppa, hadde
posten som gir 30 poeng på kontoen, 122 noteringar siste trimåret.
Trimgruppeleiar Nils Terje Skylstad har nærast hatt hevd på denne posten. Nils
gjekk like mykje som han pla gjere – og vel så det – men Nancy Eggen smokka til
med heile 25 turar. Det heldt til postsiger, og Nils er heilt sikkert ikkje lei
seg fordi om han fekk avløysing. Vi trur tvert i mot han er glad.
Gledeleg at den yngre
generasjonen også går på denne posten, som i år var temmeleg kvinnedominert.
Nils Terje var faktisk åleine mann inne på lista.
Her er resultata:
1.
Nancy Eggen 25 turar
2.
Nils Terje Skylstad 21 turar
3.
Arnhild Linga 6
4.
Andrea Berge Kastellet, Ellen Marie Hole og Ann-Helen
Hole, alle 3
Så får du vente i spenning
på nest svakaste posten, rekna etter besøk
Krevjande helgakonkurranse
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Okt 2013
I dag køyrer vi det vi
reknar som ein særs krevjande helgakonkurranse. Svarfrist er sett til måndag
28. oktober klokka 20.00. Her kjem nokre punkt som kan vere til hjelp
1.
Han voks opp i Velledalen
2.
I barndomen budde han ein stad på strekninga Brøvoll-Drotninghaug
3.
Han er fødd ein stad i tidsrommet 1952-1958
4.
Han bur ikkje i Sykkylven i dag
5.
Biletet er teke i Geiranger i 2012
Vi er altså ute etter
namnet på mannen med solbriller.
Send svaret til:
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Ein stolt dag i 1968
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Okt 2013
Med Johan Magnar Nilsen
sin bortgang er ein ny VIL-medlem borte. Som vi høyrde sagt i kyrkja under
gravferda, var Johan aktiv idrettsleiar i yngre år. Her kjem eit skule/idrettsminne
frå denne perioden som inkluderer Johan Nilsen.
Vinteren 1968 var ikkje berre grei i Velledalen.
Dei som har vore her ei stund, minnest enorme
snømengder og raset på Hjorthol i februar. Eitt ungt menneskeliv gjekk tapt.
Folk var prega, naturleg nok.
Verdstoppar til Stranda
. Difor var det mest som ein befrielse då vi seinare
på vinteren fekk melding om at den norske langrennseliten skulle kome til
Stranda på vårparten. Ein vinter der det hadde vore OL i Grenoble i Frankrike,
og nordmennene nærast gjorde reint bord. Og no kom dei altså til Stranda, karar
som Ellefsæter, Grønningen, Martinsen, Eggen, Tyldum med fleire. Men det
likaste av alt, var at det i samband med dette skulle haldast ein skulestafett,
med tre lag; eitt frå Sykkylven, eitt frå Stranda og eitt frå Sunnylven.
Trangt nålauge.
Her kunne gutar – ja, for dette var ei rein gutegreie - frå barneskulen i
Velledalen få sine fyrste møte med verdseinarane. Kvart lag skulle ha to gutar
frå 4. klasse, to frå 5. klasse og to frå 6. klasse. Nålauget var trangt.
På denne tida var legendariske Asbjørn
Kilsti lærar på Ikornnes. Han hadde kunnskap om idrett, og forstod at her var
kampen om plassane så hard at det måtte haldast kvalifisering. Den fann stad
ein snøfattig kveld på Jarnes, i skyminga, og med klassevis fellestart mellom
tuer og lyngrabbar..
«Amerikansk uttaking».
Vi var ein heller liten delegasjon frå Velledalen. Eg
minnest at Johan Nilsen og Arne Bolstad i alle fall var der av vaksne. Av
utøvarar trur eg ikkje der var fleire enn Jan Bolstad, Kjell Nilsen og eg. Det
var «amerikansk uttaking», det vil seie at dei to beste frå kvart klassetrinn
skulle representere skulane i Sykkylven under stafetten på Stranda. Enden på
visa vart at Jarnes skule fekk med fire elvar på laget, Velledalen skule to (merk:
sentrumsskulane nådde ikkje opp). Jan vart hårfint for sein, Kjell og eg kom
med.
Utklassing.
Så
var den store dagen komen. Klisterføre, som naturleg kunne vere så seint på
året. Starten var på marka like ovanfor der Vestborg ligg. Kvar etappe var kort
– mest som sprintstafett. Kvar etappe var ein halv runde i same løypa som
eliten skulle gå i etterpå. Folketilstrøyminga var enorm.
Sykkylvsskulane sitt slagkraftige lag var
i tet frå fyrste etappe og vann i rein utklassingsstil, føre strandarane med
sunnylvingane på ein like klar tredjeplass.
Smil og glede.
Seinare fekk vi fylgje eliten sine friske fråspark på blaut vårsnø, og
høgdepunktet må vel seiast og vere premieutdelinga. Der sjølvaste Ole «Uteliggar»
Ellefsætar, fersk OL-vinnar, kom og trykte dei små hendene våre varmt og lenge.
Denne hendinga fann stad i
Johan sine velmaktsdagar. 38 år var han vinteren 1968. Han sa ikkje mykje, men
han smilte – heile tida. Ein stolt dag for mange!
Sykkylvsskulane sitt lag:
4. klasse: Gudbjørn
Kvendseth og Kjell Nilsen
5. klasse: Kjell Kvendseth
og Atle Hole
6. klasse: Eilert
Eilertsen og Ingmund Eliassen
PS.
Falkeklubben.
Men det var meir høgtid knytt til denne dagen. Fjernsynopptak må vite, i eit
program som heitte «Falkeklubben». Innslaget vart kort, så ein måtte mest ha
falkeblikk. Men vi kom faktisk på fjernsyn – på sjølvaste monopolkanalen.
Atle Hole
2000 til Nissemarsj
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Okt 2013
I fjor haust debuterte
barnehagen som Nissemarsjarrangør etter eit konsept frå Norges
Friidrettsforbund. Velledalen IL betalte den gong medaljane.
I år skal barnehagen samarbeide
med skulen om eit opplegg. Idrettslaget fekk spørsmål om støtte til tiltaket,
og kasserar Asgeir melder at det alt er overført 2000 kroner.
Kjapt levert, Asgeir, og VIL
ynskjer lukke til med arrangementet!
Alle trimbøker skifta – ny sesong godt i gang
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2013
I løpet av
haustferien vart alle trimpostbøker skifta. Dermed er vi godt i gang med ny
sesong som vert avslutta i oktober 2014.
Om kort tid
byrjar offentleggjeringa av resultata. Fyrst kjem ein oversikt over topp-5 på
kvar post. Dette vert lagt ut på nettsida i små porsjonar. Etter at
einskildresultata frå alle 14 postane er presentert, går vi laus på trimpoenga
samanlagt (alle postar). Her presenterer vi dei ti beste. Startar med 10.
plassen og avsluttar med vinnaren
Så godtfolk;
fylg med på nettsida framover. Om ikkje lenge er vi i gang. Trimgruppa er nok
ferdig med topp-5 resultata, men samanlagtlista er eit langt større puslespel.
Blir du med til Holmenkollstafetten..?
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Okt 2013
I samband med
Ramstaddalsløpet vart det snakka varmt om at Velledalen IL burde ta eit
comeback i Holmenkollstafetten i 2014. Ikkje fyrst og fremst for å dyrke
sportslege prestasjonar, men mest for å makte eit felles løft, som det er i det
heile å stille lag og fullføre med stil. Som sikkert fleire veit deltok laget
nokså hyppig tidleg på 1980-talet. Både med herre- og damelag.
Det kan det også bli i
2014 om interessa er stor nok. Dessutan er det no mogleg å stille miksa lag, ei
blanding av menn og kvinner på same lag. Vi greier det om vi vil!
Dessutan har vi alt
løparar på Austlandet som vi håper stiller om deltaking vert aktuelt. Elles er det
lett og flytte folk i desse tider. Gi gjerne lyd frå deg på facebooksida til Velledalen
IL om du tek ein etappe (15 etappar – det var i alle fall det i gamle dagar),
eller meld interessa di til Alf Petter Bøe i friidrettsgruppa , tlf 901 62 279
E-post: alf.boe@mimer.no
Loddsal til Førjulsmessa i gang
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2013
I desse dagar opnar loddsalet til Førjulsmessa som vert arrangert 16. og 17. november. Tradisjonen tru er ein brodert juleduk den gjevaste vinsten, men utvalet elles er både stort og variert. Vi har ein flott strikka barnegensar, broderte julebrikker med julemotiv, Ullmaxpakke med verdi 500 kroner, matpakke (lefse, pølser og laks) frå nokre av utstillarane og vi har fem sekkar ved. Elles har vi mange gåvekort frå næringsdrivande i bygda, vi nemner frå frisør, naprapat, klesforretning, matvareforretning, gartneri og restaurantbransjen. Og endå er der meir å vinne enn nemnt her.
Prisen på lodda er det same som før, kr 5,- pr. lodd
Personar med band til VRF og Velledalen IL vil få skriv om levering av tombolavinstar. Har andre noko dei vil gi til Førjulsmessa, så kontakt Svein Ole Sørensen, Sandra Hubo eller Anita Mosby Nakken
Førjulsmessa 2013 – og ymse anna
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Okt 2013
Stadig nye melder seg på.
Dorit Rønning og Hanne Steinsvåg er nye namn på ventelista. Fyrstnemnde frå
Urke, Steinsvåg frå Ålesund.
Kasserar Asgeir har fått
drygt 20 00 inn på konto frå statslege aktivitetsmidlar – idrettsskulen medrekna.
Dette er for året 2012.
56 tippeaksjar er selde
til «Halmstrået 2». Laurdag 19. oktober er fyrste tippedag. Du vil finne
oppdatering på VIL-Nett.
Om kort tid startar
loddsalet på basarbøker til førjulsmessa.
I alt 16 vinstar, mellom dei ein juleduk brodert av Kjellaug Ulset. Mesteparten
av vinstane er sponsa av lokale verksemder og privatpersonar.
Tusen takk!! Elles vert opplegget som før med
utstillarar, tombola, peparkaker på pinne og sosialt drøs til velsmakande
kaffi, kaker, sveler og rundstykke.
Opningstida vert
12.00-17.00 begge dagar
Kjenner du denne jenta..?
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Okt 2013
Motocross er ein relativt
fersk idrett i Sykkylven. Men somme har kanskje testa bana til Sykkylven
Motocrossklubb i Megardsdalen i Hundeidvik.
Jenta heiter Marita
Skogvold. Sundag vart ho nummer to i MX dameklasse under andre runde av
S-cupen. Samanlagt vart ho også nummer to. Dei to andre på pallen var Maria
Rakvåg frå Molde på trinn ein, og Helmi Marie Vassgård, Molde, på trinn tre.
For dei som ikkje veit
det, kan vi minne om at Marita sin far var ein framifrå alpinist for Velledalen
IL i sine beste guteår
Laurdag 19. oktober er Halmstrået 2 i gang
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Okt 2013
Nye aksjonærar sig heile
tida inn. Sist fredag vart 50 aksjar passert. I fylgje VIL sin ekspertrådgivar
i hestetipping vert opplegget slik:
Tippinga vert delt på dei
komande ti laurdagane. Innsatsen kvar omgang vert avgjort etter storleiken på
aksjeteikninga, men alt no er det klart den vert på minimum kr 500,-
Vert det bomtipping over
heile lina etter fem rundar med hestetipping, kan det bli aktuelt og hoppe over
på fotball dei siste fem.
Største aksjonæren sit på
ikkje mindre enn 12 aksjar, og kjem frå Hildre. Bravo!
Ynskjer du bli med er tida
knapp – kontonummer 3910.48.51677
Ramstaddalsløpet 2013 sluttrapport
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2013
Starttidspunkt, passeringstider og målkomst:
Start
Joker Velledalen kl. 09.30 – Pe-krysset kl. 09.35– Lade Møbelfabrikk kl. 09.52
– Fjellsæterskiftet kl. 10.01– Dravlausstølsskiftet kl. 10.05- Skitrekkvegen kl. 10.11 –
Fausaskiftet kl. 10.33 – Krysset Fasteindalen/Løseth kl. 10.55– Klokkskrysset kl. 11.07
– Løvollkrysset kl. 11.23– Grustaket i Andestadstranda kl. 11.35 – Aurdal skule kl. 11.48 –
Aure skule
kl. 11.57– Sykkylvsbrua (bomstasjonen) kl. 12.08 – Riksheimbrua kl. 12.27 –
Straumgjerde kl. 12.43 – Fetbrua kl. 13.03 –
Mål Joker Velledalen kl. 13.21.48
Desse løparane var med på den 51 km
lange stafetten:
Oleanne Øye Hole, Anna-Dina Skov,
Linda Øye, Paul Hole (eldste deltakar – 84 år),
Per Gunnar Holmberg, Atle Hole,
Ellen Marie Hole, Nils T. Skylstad, Lene Hole, Ann Helen Hole,
William Hansen, Simon Skylstad Hole, Sofie Skylstad Hole, Kjell Magnar Berli, Karstein
Jensen,
Alf Petter
Bøe, Sivert Mosby Nakken, Andreas Mosby Nakken, Fridtjof Fredriksen, Svein Arne
Nakken,
Per Inge
Bjørnestad, Henrik Bjørnestad, Cecilie Welle Bay, August Bjørnestad, Asbjørn
Tandstad,
Bjørn
Nordtømme, Vilde Nordtømme, Emma Holmberg, Sophia Holmberg, Nancy Eggen,
Hilde
Riksheim Tandstad, Geir Fet, Evander Ulstein Fet (yngste deltakar – 5 år),
Eivind Fet,
Odd-Kåre Fet,
Ole André Fet, Marianne Flatabø Fet, Martin Flatabø Fet, Nikolai Flatabø Fet,
Sigrid Ulset
Lade og Olaf Øien.
Totalt 41
ulike personar på like mange etappar var med og frakta stafettpinnen frå start
til mål.
Etter
målkomst møttest deltakarane til kaffi, brus, saft, kake og kjeks i
kjøkkensalen på
Velledalen Grendahus. Under samkoma fekk løparane sjå rykande
ferske bilde frå sjølve stafetten.
Dei yngste deltakarane fekk premie for
deltakinga.
Vidare vart det trekt ut gåvepremiar mellom alle deltakarane.
Neste
år håper vi på endå fleire stafettdeltakarar i Ramstaddalsløpet 2014 – Vel
møtt!
Straumgjerde laurdag 12. oktober 2013
For Velledalen IL og Ramstaddalsløpet
Alf Petter Bøe
Svein
Arne Nakken
Friidrettsgruppa
Langrennsgruppa
Ramstaddalsløpet i hamn
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2013
Arr.komite med ankermannen i midten
Då er nok ein
stafettdugnad over. Praktfullt vêr fylgde pinnen heile vegen. Så vidt over null
grader ved start, langt varmare etter kvart som sola gjorde seg gjeldande.
Her deltok vaksne og born
på lik line. Eldstemann var Paul Hole, i sitt 84. leveår. Dei yngste var nær 80
år yngre. Sjølvsagt var mange av VIL sine aktive på plass, representert med
utøvarar som Nils Skylstad, Kjell Magnar Berli, Svein Arne Nakken, Nancy Eggen.
Spreke Olaf Øien, som har passert 70 – noko ein slett ikkje skulle tru,
avslutta stafetten.
Hilde Riksheim Tandstad, som no studerer i
Oslo, og som har flest KM-titlar på friidrettsbana for Velledalen IL, var også
på plass. Like eins studentar som til dagleg er å finne i Bergen og Trondheim,
pluss fleire utøvarar som representerer andre klubbar, som familien Bjørnestad
og Rindal IL sin Alf Petter Bøe.
Sistnemnde sat i
arrangementsstaben saman med Svein Arne Nakken. Opplegget kring årets
stafettdugnad var Alf Petter og Svein sitt verk. Gjennom VIL-Nett ynskjer dei
takke samtlege som var i aksjon for strålande innsats.
Sluttida spør du..?
Ikkje på langt nær det
viktigaste, men 3.51.48 sidan du spør.
Då gløymer vi
hundredelane, som var 29.
Ramstaddalsløpet 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Okt 2013
Takk til alle som stiller opp og gjer sitt
til at løpet kan gjennomførast.
Etappeoppsettet
vert som følgjer (
dette kan kun bytast internt
).
Anita Mosby Nakken køyrer følgjebilen
og kan nåast på tlf.nr.
98
82 34 98
for å få opplysning om stafettpinnen sin
posisjon
NB! Dårleg dekning i Fasteindalen og i
Andestad-stranda
I 2011 hadde vi fylgjande passeringstider.
Desse kan gi ei rettesnor for å vere på rett plass til rett tid
(
R
ing og oppdater deg når tidene nærmar seg)
:
Start ved Joker Velledalen kl. 09.30–Dravlausstøls-skiftet kl. 10.10–Fausaskiftet kl.10.35
–
Krysset Fasteindalen/Løseth kl. 10.58– Aure skule kl. 11.53 –Straumgjerde kl. 12.37
– Fetbrua kl. 12.55 – Mål Joker Velledalen kl. 13.13.45
NB! Vi ber deltakarane om å vere ute i god tid på dei
ulike vekslingane!!!!
Atle Hole møter opp ved starten og leverer
ut stafettpinnen og refleksvestane.
Sjåføren på følgjebilen ordnar sjølv med
stoppeklokke og er ansvarleg for tidtakinga.
Løparane får
refleksvest av følgjebilen
1. etp.Joker Velledalen– Pe-krysset ved fv 60 Team Linda Øye ca. 0,7 km
2. etp.Pe-krysset ved fv 60 – Vanebo sin veg Paul
Hole ca. 0,5 km
3. etp.Vanebo sin veg – Gamle Holegarasjen Per
Gunnar Holmberg ca. 0,8 km
4. etp.Gamle Holegarasjen – Arild Lade sin veg Ellen
Marie Hole ca. 2,0 km
5. etp. Arild Lade sin veg – Skitrekkvegen Nils
Terje Skylstad ca. 4,0 km
6. etp. Skitrekkvegen – Bakketopp etter Tudalseleva Team Atle Hole ca. 1,3 km
7. etp.Bakketopp etter Tudalselva – Fausaskiftet Wiliam Hansen ca. 2,9 km
8. etp.Fausaskiftet–Bakketopp etter store graner i Fasteindalen Team Skylstad Hole ca. 3,1 km
9. etp.Bakketopp etter store graner i Fasteindalen– Klokkskrysset Team Kjell Magnar Berli ca.
5,3 km
10. etp.Klokkskrysset – Ferist ved Tjønn v.s. I Søvikdal Alf Petter Bøe ca. 3,5 km
11.etp.Løvollkrysset– Vedsekkar nedom vegen ved
Vidar Andestad Team Svein Nakken ca. 4,9 km
12. etp.Vedsekkar ved Vidar Andestad – Aure skule
(buss-skur) Team Per I. Bjørnestad ca.
3,8 km
13. etp. Aure skule (buss-skur) – Vestlandske
møbelfabrikk Asbjørn
Tandstad ca. 1,8 km
14. etp.Vestlandske møbelfabrikk- Bomstasjonen
Sykkylvsbrua Bjørn Nordtømme ca. 0,7 km
15. etp.Bomstasjonen Sykkylvsbrua – Garasje 200 m
etter rundkøyr Systrene Holmeberg ca. 1,1 km
16. etp.Garasje 200 m etter rundkøyringa – Bård
Erstad sitt hus Nancy Eggen ca. 2,8 km
17. etp.Bård Erstad sitt hus – Vegen opp på
Bendikplassen Hilde R.
Tandstad a. 3,3 km
18. etp.Vegen opp på Bendikplassen – Gamle posthuset i Straumgj. Team Odd-Kåre Fet ca. 0,8 km
Spring opp på den korte gangvegstubben og
tilbake over
brua mot Straumsheim og
opp Slettegjerde-vegen
18. etp.Gamle posthuset i Straumgj. – Hovudkrysset
på Fet eam Odd-Kåre Fetca. 3,7 km
19. etp. Hovudkrysset på Fet – Gamle-barnehagen på
Dravlaus Sigrid Ulset Lade ca. 1,0 km
20. etp.Gamle-barnehagen på Dravlaus – Mål v/
butikken i Velled. Olaf Einar Øien ca. 3,3 km
NB! Rett etter målgang, ynskjer vi alle
hjarteleg velkomne til kake,
brus og kaffi i
kjøkkensalen på Velledalen Grendahus .
Vi
håper at nettopp DU kjem
.
Rekordane fall
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Okt 2013
Etter mykje regn siste
dagane var det heller sleipt i løypa, som i grove trekk går rundt «tribuneområdet»
på Dalemyra. Likevel vart det eit skred av personlege rekordar.
Kjell Magnar Berli var
raskast og sette totalrekord. 48 sekund brukte langdistanseløparen rundt løypa.
Også mellom jentene vart det klar ny bestenotering, då Ellen Marie Hole gjorde
unna løypa på 52 sekund.
Mellom dei som persa var
Sivert og Andreas Nakken. Sivert hadde 1.14 under aktivitetsdagen. I dag pressa
han tida ned med fem sekund til 1.09. Andreas var heile sju sekund betre enn sist.
1.18 under aktivitetsdagen vart til 1.11 under klubbmeisterskpen
Flott jobba, gutar!
Vass-gymnastikk
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Okt 2013
Velledalen Symjehall
vidarefører fjorårets suksessprosjekt med vass-gymnastikk for kvinner i
bassenget i Velledalen. Fyrste gong vert 14. oktober klokka 20.00.
Instruktør: Kari Bente
Bjørkavåg
Evelyn Holmberg i symjehallstyret melder
til VIL-Nett at unge og eldre er hjarteleg velkomne. Og kan ein ikkje møte
fyrste gongen, skal ein ikkje kvi seg for å kome ved seinare i sesongen.
PRIS: Vanleg symjehallbillett.
Velledalen IL – Ope klubbmeisterskap
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Okt 2013
TIDSPUNKT: 16.00-18.00
ØVINGAR: Miniterrengløp og
Null-løp
STARTKONTINGENT: Kr. 50,-
og du kan delta i begge øvingar
PREMIERING: Ja, alle
klasser
PÅMELDING: Ved frammøte
Nivået høgt på dei fleste trimpostane
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2013
No folkens, no er vi i
gang med innspurten. Når som helst kan trimgruppa sine folk dukke opp med ei ny
trimbok på innerlomma. Det betyr ny sesong og nye sjansar.
Vi har sjekk stoda på to
av postane, fredag 4.oktober på ettermiddag/kveld.
VELLESÆTRA:
1.
Arnhild Linga 142
2.
Torhild Horsevik Skogvold 134
3.
Kjell Magnar Berli 46
4.
Alf Petter Bøe 30
SKOGSVEGEN FET:
1.
Grethe Fet 295
2.
Odd-Kåre Fet 290
3.
Astrid Drabløs 249
4.
Turid Bøkestad Fet 80
5.
Pernille Lervåg og Margit Fet 33
Ramstaddalsløpet laurdag 12. oktober
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Okt 2013
Bli med på stafettpinne-dugnad og gi ditt bidrag til at vi
kan gjennomføre løpet.
Start og mål ved butikken i Velledalen
Start: kl. 09.30
Mål: ca. kl. 13.30
Kven kan vere med?
Alle frå 0 år og oppover med tilknytning til eller sympati
for Velledalen IL
Kor langt må du springe?
Så langt du har lyst. Du kan springe, gå, krype, bruke
rullator – alt etter forma.
Dei som melder seg på får så tildelt ein rode som dei får
ansvaret for.
Løypetrasé:
Butikken i Velledalen – P-krysset – Fjellsætra - Fausaskiftet – Fasteindalen –
Ramstaddalen – Aure – Sykkylvsbrua – Sørestranda – Straumgjerde – Straumsheim –
Fet – Dravlaus – Velle – Butikken i Velledalen
Etter målkomst:
Umiddelbart etter at stafettpinnen er frakta i mål, vert det
ei kort ''kaffi/brus/kakesamling'' i kjellarsalen på Grendahuset der vi
oppmodar alle deltakarane om å møte.
Påmeldingsfrist:
Seinast tysdag 8. oktober, men gjer det allereie no.
Påmelding til:
Alf Petter Bøe Svein
Arne Nakken
alf.boe@mimer.no sanakken@hotmail.com
90162279 90793343
VIL-Nett i september
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Okt 2013
Vi kan notere
ein ny månad med vekst, om enn berre så vidt det var.
Septembertala
ser slik ut:
2013: 3127
treff
2012: 3046
2011: 2323
2010: 1280
2009: 1083
2008: 174
Førjulsmesse 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Sep 2013
Alltid kjekt med litt
fornying. Både for arrangør og publikum
Dette året kan vi melde om
fylgjande debutantar som har fått plass.
Britt Mathisen (Drammen)
Lottie Eisma (Stordal)
Velledalen Montessoriskule
(local lad)
Pettersen`s lyshjørne
(Stranda)
Elin Grinde (Førde)
Else Pettersen (Breim)
Elsa Perdis Holstad
(Hareid)
Anna Gamlem (Haram)
I tillegg har to debutantar
meldt seg etter fristen. Om vi greier lure dei med er enno usikkert
Bjørnar Akselvoll Lade (local
lad)
Inger Eidheim (Sykkylven)
Som ein ser har vi
langvegsfarande debutantar - og
kortreiste.
Alt tyder på at
Førjulsmesse nummer 21 vert både variert og av god kvalitet
PS: Det er framleis mogleg
å melde seg på, men ein hamnar på venteliste
BRUNSTADEKSPRESSEN MEDSOLS
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Sep 2013
Gode lesar! I dag skal vi gi ein liten smakebit på korleis ein maratonløpar, i siste del av 40-åra med opphav frå Brunstad i Velledalen, trenar. Sverre Gunnar Brunstad er i gang med førebuingar til ein heilmaraton. Han melder til VIL-Nett at sist veke sprang han 14 mil, eller 140 kilometer om du vil bruke den nemninga. Måndag hadde han intervalltrening der han totalt sprang 16 kilometer. Og han har nyleg delteke i Sognsvann Rundt Medsols. 34.56 vart sluttida, ny rekord for hans alderssteg. Dette vitnar om knallform!!
resultat her
Siste innspurt på trimpostane
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Sep 2013
I haustferien er det
bokbyte på trimpostane. Ny bok er lik ny sesong, meir er det ikkje og seie om
den saka. Alle bøkene vert med andre ord ikkje skifta same dag.
På trimposten ved
sætreelva i Holemarka synest det meste avgjort. Slik var stoda 25. september
klokka 14.35
219 turar: Ann-Helen Hole
139: Elling Hole
117: Nils Terje Skylstad
94: Susann Osnes
94: Ellen Marie Hole
Det er elles verdt å merke
seg frå denne posten at 85-åringen Kjellaug Ulset stod bokført med 50 turar
denne sesongen. Og Oddmund Skylstad, 90 år 3. november, hadde 16 turar.
Susande flott!!
Førjulsmesse 2013 – 16. og 17. nov
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Sep 2013
PÅMELDE
UTSTILLARAR:
Velledalen IL
– begge dagar
Hermann Emdal
(Stranda) – begge dagar
Kari og Knut
Øye (Stranda) – begge dagar
Rigmor Røyr
(Stranda) – begge dagar
Norgesmat
v/Kåre Haugland (Nordfjordeid) – begge dagar
Linda Eggen
Svenkerud (Sykkylven) – begge dagar
Bjarne Ødegård
(Valldal) – begge dagar
Anita Strømme
(Sykkylven) – begge dagar
Anna Gamlem
(Haram) – begge dagar
Grethe Helen
Tynes (Sykkylven) – begge dagar
Ingvart Nilsen
(Sykkylven) – laurdag
Elsa Perdis
Holstad (Hareid) – begge dagar
Else Pettersen
(Breim) – laurdag
Dorota/Britt
Løwensprung (Ålesund) – begge dagar/ evt ein dag
Astri Nystøyl/
Inger-Hilde Hildre/Anita Hildre (Haram) – begge dagar
Elin Grinde
(……. – begge dagar
Kåre Magne
Rønning (Sykkylven) begge dagar
Pettersen`s
Lyshjørne (Stranda) – laurdag
Liv Randi
Bjørlykke (Sykkylven) – begge dagar
Gunvor Stene
Søvik (Haram) – begge dagar
Velledalen
Montessoriskule (Sykkylven) – ein dag
Lottie Eisma
(Stordal) – begge dagar
Solveig
Lorentzen og Perdy Hansen(Sykkylven) – begge dagar
Lillian
Refsnes (Ålesund) – begge dagar
Siv-Tone Viken
(Ålesund) – begge dagar
Elisabeth
Hunnes – begge dagar
Astrid
Brunstad (Molde) – begge dagar
Herdis
Rotevatn (Volda) – begge dagar
Special
(Ålesund) – begge dagar
Sølvi
Slyngstad (Stranda) – begge dagar
Solveig
Hopland (Sykkylven) – begge dagar
Jarle
Norangshol (Sykkylven) – begge dagar
Britt Mathisen
(Solbergelva) – begge dagar
Gardskjøkkenet
(Stranda) – begge dagar
Bjørnar
Akselvoll Lade
Mot same divisjon
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Sep 2013
Mest truleg vert Stranda
eitt av tre lag som rykkjer ned frå 3.divisjon avdeling 09. Alt gjekk nemleg
gale denne helga for dei blåraude. Sjølv tapte dei 0-3 mot Brattvåg heime,
medan Surnadal og Spjelkavik vann sine heimekampar dagen etter.
Thomas Fure spela venstreback frå start,
medan Bengt Hole Alnes var tilskodar denne gongen. Utvisninga mot AK gav to
kampar karantene, slik at Bengt også er ute i bortekampen mot Bergsøy. Synd for
Bengt som har fem seriemå, og som med tre gode avslutningskampar kan snuse på
tittelen «Årets Spelar» i sin fyrste sesong hos Stranda.
Eventuelle nabooppgjer i
2014 kan fort gå utan Bengt Hole Alnes, som etter nyttår set kursen mot indre
Troms og militærteneste.
I 5. divisjon er Langevåg
alt KM-vinnar. Langt bak kjempar FK Sykkylven og Vartdal om den siste
opprykksplassen. FK Sykkylven sitt kampprogram resten av sesongen er så lett,
og klart lettare enn Vartdal sitt, at det blir rekna som ei redige fotballbombe
om ikkje FKS spelar i 4. divisjon i 2014 - saman med nabo Stranda.
Helsing frå Polen
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Sep 2013
Jeg har startet med
min egen netside om Norge i Polen. Det er www.norwegia.biz.pl. På den side jeg sender masse praktisk
informasjon om Norge for alle som har vært i Norge eller skal til Norge. Den
side er nå bare på polsk men i framtid jeg har plan a ha litt info på norsk
også. Første info på norsk kommer snart. Kanskje vi kan starte noen sammarbeid
mellom min side og velledalen.net.
Jeg har masse ledige plasser på min side og jeg kan plasere deres reklame på
min side hvis dere vil. Jeg vil ha også min reklame på www.velledalen.net. Det
kan være bra for oss alle. Vi kan bytte seg med reklame. Hva du tenker om dette
idee ???
--
MVH
Tomasz Rzadkiewicz
Jan til NM
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Sep 2013
Vi snakkar rimelegvis om
plasthopping, og ikkje denne helga, men neste. Minst tre sunnmøringar deltek.
Vi veit at Sindre Helland, Stordal IL, Arnt Cato Eidem, Sykkylven IL og Jan
Ringseth, Velledalen IL, deltek. Alle tre skikkelege veteranar, som i denne
samanheng vil seie over 60 år.
Tøffe karar som aldri gir
opp, og som held lokal hoppsport i gang trass sviktande rekruttering dei fleste
stadar. Vinteren 2014 deltek dei tradisjonen tru i veteran-VM i hopp i det
store utland - prisverdig!!
SYKKYLVEN RUNDT 2014
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Sep 2013
Merk av på kalendaren! Datoen for Sykkylven Rundt i 2014 vert laurdag 23. august
Elles sa staben seg stort sett tilfreds med årets arrangement, som nesten gjekk i balanse (lite underskot). Det var stemning for at laga framleis skal kunne stille fleire løparar på 1. etappe, noko som opnar for at born og eldre personar kan delta på lik line med personar i sin beste alder. Det vart elles diskutert om det skal vere ei eiga dameklasse, i tillegg til den opne klassa der både menn og kvinner kan delta på same lag. Men hovudmålet for 2014 står fast; når startskotet går, vil vi ha meir enn 11 lag på streken.
Det vert ei god stund før Sykkylven Sykkelklubb, Velledalen IL og Stamina har spikra opplegget for 2014-arrangementet, difor seier vi: Kom gjerne med innspel!
Brunstadekspressen imponerte i Drammen
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Sep 2013
Brunstadekspressen (Sverre Gunnar Brunstad) rullar vidare. Nyleg deltok han i Drammen Maraton, distansen var halvmaraton (drygt 21 kilometer). Sverre Gunnar kom inn på finfine 1.20.08. Det heldt til siger i klasse 45-49 år, best av 39 deltakarar.
Totalt mellom alle menn hadde Sverre Gunnar 18. beste tid, av 280 fullførande deltakarar.
I ein e-post til VIL-Nett skriv Brunstadekspressen at han har planar om ein heilmaraton i løpet av hausten. Vi kjem tilbake til den saka når tida nærmar seg.
Takk Tomas, takk!!
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Sep 2013
Han var fire dagar over
101 år då han sovna fredfullt inn.
Tomas Albert Tandstad sin
lune historier har tagna, latteren kring han stilna. Utgreiingane om ymse
slekter gjer ingen han etter. Ein liketil mann som ikkje tok seg sjølv
høgtideleg. Han mønstra lett på i Konradløpet i sitt 92. leveår og i
Ramstaddalsløpet som 99-åring, men ville ikkje ha noko snakk om slike
prestasjonar.
Også her på VIL-Nett vil
vi ære minnet etter Tomas. Minnast alle
dei gode dagane med historier, smil og latter. Vi gjer det med orda han fekk
til 100 års dagen sin, 12. september 2012.
Les
her
Tomas Albert i 100
-
Du greidde det,
Tomas!
Ein kan aldri vite, men
det har liksom lege i korta; at Tomas Albert kom til å greie den magiske grensa
– 100 år!
Det gjorde han, og vi i
Velledalen IL sluttar oss til dei mange gratulantane. Mykje har han opplevd og
mangt har endra seg radikalt desse hundre åra. Vi skal ikkje saumfare dette på
VIL-nett, men kort nemne nokre av Tomas sine sportslege sprell.
Han sat i fyrste
fotballstyret i VRF etter samanslåinga av IL Ringen og Velledalen IL sine
fotballgrupper. Den samanslåinga fann stad i 1952, då Tomas var reine ungdomen,
berre kring 40 år gamal. Betydeleg seinare var han ein trugen deltakar under
«Humoren sin kveld», som VRF arrangerte sju utgåver av på 1990-talet.
Forteljarkunst har alltid vore av Tomas sine «greier», på same måten som han på
imponerande vis har halde greie på ulike slekter i notid og fortid.
Velledalen IL er stolte av
deg, Tomas! Stolte fordi du i ditt 92-leveår debuterte i Konradløpet. Du er den
eldste deltakaren vi nokon gong har hatt, og den einaste over 90 år. 4,5
kilometer klokka fem om morgonen var truleg ikkje noko som «lesste» deg
synderleg - 44 minutt brukte du på turen, og Konrad Brunstad hadde sagt «Åh du
syn» frå sin post i himmelen om han kunne sjå deg denne morgonen.
I 2011 mangla Tomas 14
dagar på 99 år då han saman med 100-åringen Harald Hjorthol tok dei to siste
etappane i Ramstaddalsløpet. Lett og fin i steget veksla 99-åringen på
«Meieribrua» etter ein etappe som starta ved bedehuset.
For nokre år sidan traff
eg ein seksåring som heitte Anders Kvålsgard. Ein sliten, liten gut frå Fossum
i Bærum som gjekk med skinne på eine foten. Skinne fordi han var født med
cerebral parese. På veg opp mot toppen av Mefjellet (1100 meter over havet) i
Norddal kommune. Saman med mora hadde han starta frå Hauge, ca 400 meter over
havet, og hadde kring 200 høgdemeter att då eg traff han. Den slitne hardhausen
vart sjølvsagt fotografert.
Under premieutdelinga i Valldal sentrum
såg eg han igjen. Han skein opp då han såg meg. Kom nokre meter nærare med eit
stort, stort smil. Orda han sa var ikkje mange. Men dei var viktig:
-Jeg klarte det!
Seksåringen hadde
viljestyrke. Det same har Tomas Albert Tandstad hatt ein god porsjon av med seg
gjennom livet. Og konklusjonen vart den same som for Anders:
Du greidde det, Tomas - greidde å bli 100!
Atle Hole
Gratulerer med overstått, Toro!
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Sep 2013
Vi snakkar ikkje om
bilkøyring, men alder. Som vi ser av fotoet, har Toro sysla med litt av kvart.
Stille lengdebyksing er ikkje den øvinga han har brukt mest tid på, men fotoet
er frå ein aktivitetskveld der han utfordra idrettsmerkekrava.
I VIL-regi må nemnast at
Tor Olav har vore fleire år i Idrettskulestyret. Tek vi ikkje mykje feil, så
deltok han også i Holmenkollstafetten på 1980-talet.
Toro har brukt tusenvis av
uløna timar på fotballbanene Slettegjerde og Dalemyra. Han har fleire hundre
kampar for VRF, mest kjend som ein oppofrande ballvinnar på midtfeltet.
Skotviljen var det heller ingenting i vegen med.
I dei seinare år har han trena ei rekkje
aldersbestemte lag.
VIL-Nett gratulerer med
vel overstått 50 års dag!
Helgakonkurransen – om lag midt i september
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Sep 2013
Spørsmålet denne gongen
lyder slik: Er fotoet henta frå
1.
Det Store Folkerennet
2.
Barnas Fjellsæterrunde
3.
Tur med Barnas Turlag (Turistforeninga)
Du kan vinne helgapremien
ved å sende svaret ditt innan sundag 15. september til:
E-post: atlehole@online.no
Tekstmelding: 917 43 761
Aktivitetskveld med idrettsmerkeprøver
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Sep 2013
Nils Terje Skylstad, leiar
i trimgruppa i VIL, melder at sju personar gjorde unna alle øvingane til
idrettsmerke under aktivitetskvelden den 2. september.
Mellom dei var Kari
Hjorthol, som vi her ser i aksjon i stille lengdehopp.
Som vi tidlegare har meldt
tok Paul Halstein Hole idrettsmerket for 50. gong denne kvelden. Ein framifrå
prestasjon.
Desse gjorde unna prøvene
til idrettsmerket:
Paul Halstein Hole
Odd-Kåre Fet
Grethe Fet
Kari Hjorthol
Per-Gunnar Holmberg
Svein Arne Nakken
Monica Hole
Hugsar du Ebrahim Abdulaziz..??
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Sep 2013
1.mai
hadde Karl Egil Brunstad med seg Ebrahim frå Eritrea til Konradløpet i
Velledalen. Han smadra den gamle løyperekorden og kom inn til tida 14.11. Han
imponerte alle som såg han i aksjon, men kva mannen eigentleg var god for, var
det få som visste.
I
dag fekk vi svaret. Ebrahim deltok i dag i Trondheim Maraton, der han sprang
halvmaraton. Og hald dykk fast. Han vann i suveren stil, på tida 1.07.48 - etter eit sololøp frå start til mål. Hardaste konkurrent, Thomas Fremo, hadde
til samanlikning 1.13.38
Tidlegare
denne veka sette Ibrahim løperekord under Flemstubben, ein rekord som hadde
levd sidan 1990, melder Kondis.
Dermed
har vi fått det stadfesta. Mannen vi hadde på vitjing under Konradløpet 1.mai
2013 var ein kapasitet av dei sjeldne.
Velkomen
tilbake, Ebrahim!
Konradfilmen til BUAS
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2013
Konradfilmen vart laga av
Odd Kvammen, og vist i minnestunda etter gravferda til Konrad Brunstad.. Sidan
Velledalen IL laga eit eige løp for å ære minnet etter Mons-Konrad (etter
innspel frå Ole-Petter Berge), fekk idrettslaget ein kopi av filmen i gåve.
Avtalen var at denne var til «eige bruk», og at den ikkje skulle visast i «utrengsmål».
Kvart år etter løpet,
under samlinga i Velledalen grendahus, vert filmen vist, elles ikkje til disse
(som Konrad ville sagt). Eit tankevekkjande høgdepunkt under arrangementet,
meiner så godt som alle som har sett filmen.
For få dagar sidan kom
spørsmål frå BUAS:
-Kunne det vore mogleg med
ei visning av Konradfilmen på institusjonen?
No har styremedlemar snakka
saman, og svaret vert JA. Velledalen IL forstår at ikkje alle kan sjå filmen i
samband med Konradløpa klokka 06.30 om morgonen. Kan vi gjennom filmen gi
bebuarane og tilsette ved BUAS ein kveik i kvardagen, må det vere prisverdig.
Difor lempar vi, med lett hjarte, på utlånspraksisen ved dette høvet.
Aktivitetskveld – Miniterrengløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2013
Utan
Tidtaking:
Julia Hole
Med tidtaking
– gutar:
1.
Sivert
Nakken 1.14
2.
Andreas
Nakken 1.18
Med tidtaking
– jenter:
1.
Lene
Hole 1.02
2.
Oda
Brunstad 1.04
3.
Sandra
Brunstad 1.07
4.
Johanne
Hjortdal 1.08
5.
Sofie
Skylstad Hole 1.09
Birkebeinertrippelen
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2013
Kjell Magnar Berli var som
før meldt drygt tre minutt unna tittelen Superbirkebeiner. Samanlagt vart han
nummer 37 i klasse 25-29 år, med gipsa arm opp til albogen under syklinga.
Her er nokre handplukka resultat.
25-29 år: Nr.37 Kjell
Magnar Berli, Velledalen IL, 9.10.13
40-44 år: Nr.4 Cato Ryste,
Volda, 7.46.30
Nr.67 Tim Sture Wilhelmsen,
eks Sykkylven IL, 8.48.49
45-49 år: Nr.5 Bjørn Ole
Vassbotn, Volda, 7.52.31
55-59 år: Nr.16 Torstein
Hole, Emblem/ÅOC, 8.56.00
55-59 år: Nr.19 Arild
Bjørdal, Ørsta IL, 9.01.52
Vi gjer merksam på at Tim
Sture Wilhelmsen fekk ti minutt i fråtrekk i rittet. Dette er innbakt i tida
8.48.49.
Kjell Magnar hadde serien:
3.52.52(ski), 1.27.46 (løp) og 3.49.35(sykkel)
Torstein Hole hadde:
3.48.13 (ski), 1.35.18 (løp) og 3.32.29 (sykkel)
KVINNER:
45-49 år: Nr.4 Liv Janne
Øvrebust, eks Stordal, 9.08.25
Nr.44 Yngvill Helgheim
Tellmann, eks Sykkylven 11.02.51
Sterke resultat i Null-løp
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Sep 2013
Kva er Null-løp..?
Kvar utøvar skal gjere to
rundar i same løype, med tidtaking, der målet er og halde same fart på kvar
runde. Tempoet bestemmer ein med andre ord heilt sjølv.
Deltakinga var som vanleg
god. Resultata vert gitt opp med avvik pr.runde. Her er dei beste:
1.
Simon Skylstad Hole og Paul Hole – 0 i avvik
2.
Andreas Nakken, Kjell M Berli og Oda Brunstad – 1 sekund
i avvik
3.
Olve Bjørneset,
Christoffer Tandstad, Bård Erstad – 3 sek avvik
4.
Alf Petter Bøe, Kari Hjorthol – 4 sekund avvik
5.
Svein Arne Nakken – 5 sek avvik
6.
Sandra Brunstad – 7 sek avvik
7.
Odd-Kåre Fet, Tobias Nilsen, Arne Sørensen – 9 sekund
i avvik
8.
Per-Gunnar Holmberg og Fride Bjørneset – 10 sekund i
avvik
30 personar deltok i
Null-løp. Susande bra!!
Aktivitetskveld med resultat
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Sep 2013
Hesteskokasting
er ei gamal paradegrein i Velledalen. Som konkurranseidrett såg den dagslys på
slutten av 1970-talet. Gullåra var 1980-år, medan stagnasjonen for alvor sette
inn midt på 1990-talet.
Hesteskokastinga
under aktivitetsdagen var avvikla som presisjonskasting. Det vart kasta fem
skor mot pinen i avstand 10 meter for vaksne, litt kortare for eldre born og
vesentleg
kortare for yngre born. Her er resultata for dei
beste:
JENTER/KVINNER:
1.
Anette
Fet 30 poeng
2.
Turid
Bøkestad Fet 27
3.
Lene
Katrine Hole 20
4.
Ingrid Hole Bjørneset 19
5.
Frida
Bjørneset Lade og Kari Hjorthol 13
6.
Oda
Brunstad 10
GUTAR/MENN:
1.
Bård
Per Erstad 46 poeng
2.
Paul
Halstein Hole 40
3.
Per-Gunnar
Holmberg 37
4.
Sivert
Nakken 26
5.
Odd-Kåre
Fet 24
6.
Andreas Nakken 17
7.
Markus
Jensen 11
Sterke augusttal
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Sep 2013
Då har vi lagt
sommaren bak oss. Trimbøkene på 14 postar er inne i sin siste månad denne
sesongen. Brått er hausten her med full tyngde. Haust betyr kortare dagar, og
kanskje meir tid til å studere diverse nettsider, eksempelvis VIL-Nett.
Her er
augusttala.
2008: 208
treff
2009: 1112
2010: 1527
2011: 2435
2012: 2467
2013: 3769
Rotevatnet Rundt laurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Sep 2013
«Volda i vinden» er
jamnleg arrangør av løp rundt Rotevatnet i Volda. Her kjem namna på løparane
(uasett klasse) som sprang under 25 minutt i herreklassa.
1.
Bjørnar Hunnes 21.37
2.
Esben Mortensen 22.41
3.
Yngve Trandal 24.05
4.
Alf Petter Bøe 24.10
5.
Arne Heggen 24.59
Beste kvinne vart Hanne
Sofie Fremstad på sterke 25.45
Alf Petter har vore med på
fleire av løpa rundt Rotevatnet siste året. Laurdag senka han «persen» med seks
sekund. Som vi ser av resultatlista var løparen frå Rindal IL berre fem sekund
unna tredjeplassen.
Kurs i bruk av hjartestartar
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Sep 2013
17. september klokka 18.30
vert det kurs i bruk av hjartestartar på grendahuset. Det er Kai Roger Skylstad
som melder dette.
VIL-medlemar som ynskjer
ei oppfrisking på området må snarast melde seg på til VIL sin sekretær, Ove
Inge Skylstad, eller direkte til styreleiar i grendahuset, Kai Skylstad.
Birkebeinerrittet 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2013
SKRAMSTADSÆTRA:
30.56: Eldar
Kurseth
31.01: Per
Steinar Linga
32.15: Espen
Utgård Sæther
34.27: Stig
Jonny Urke
35.22:
Johannes Gardien
35.40:
Torstein Hole
36.05: Kjell
Magnar Berli
36.15: Per
Inge Bjørnestad
36.15: Jan
Kåre Fure
36.37: Liv
Janne Øvrebust
38.09: Tim
Sture Wilhelmsen (frå pulje 35)
38.46: Eldar
Høidal
41.54: Bjørn
Inge Gjersdal
BRINGBU:
1.01.04: Per
Steinar Linga (hard kniving mellom Per S o g Eldar)
1.01.05: Eldar
Kurseth
1.07.47: Stig
Jonny Urke
1.08.27: Espen
Utgård Sæther
1.10.03:
Torstein Hole
1.10.36: Kjell
Magnar Berli (ser lovande ut for Kjell Magnar)
1.10.55: Per Inge
Bjørnestad
1.10.55: Jan
Kåre Fure
1.11.36: Liv
Janne Øvrebust
1.12.19:
Johannes Gardien
1.15.28: Tim
Sture Wilhelmsen
1.16.52: Eldar
Høidal
1.30.43: Bjørn
Inge Gjersdal
KVARSTAD:
1.42.06: Eldar
Kurseth
1.43.33: Per
Steinar Linga
1.52.30: Stig
Jonny Urke
1.52.31: Espen
Utgård Sæther
1.56.53:
Torstein Hole
1.57.15: Kjell
Magnar Berli
1.57.53: Per
Inge Bjørnestad
1.57.53: Jan
Kåre Fure
1.59.15: Liv
Janne Øvrebust
1.59.51:
Johannes Gardien
2.05.02: Tim
Sture Wilhelmsen
2.07.26: Eldar
Høidal
STORÅSEN:
2.27.30: Eldar
Kurseth
2.28.08: Per
Steinar Linga
2.44.31: Espen
Utgård Sæther
2.44.41: Stig
Jonny Urke
2.52.24:
Torstein Hole
2.53.21: Per
Inge Bjørnestad
2.54.49: Jan
Kåre Fure
2.55.04:
Johannes Gardien
2.56.18: Liv
Janne Øvrebust
3.01.05: Kjell
Magnar Berli (no røyner det på)
3.06.05: Eldar
Høidal
3.07.41: Tim
Sture Wilhelmsen
3.36.31: Bjørn
Inge Gjersdal
MÅL:
3.03.49: Eldar
Kurseth
3.04.23: Per
Steinar Linga
3.23.15: Stig
Jonny Urke
3.26.56: Espen
Utgård Sæther
3.32.29:
Torstein Hole
3.34.11: Per
Inge Bjørnestad
3.36.38: Jan
Kåre Fure
3.38.47: Liv
Janne Øvrebust
3.38.56:
Johannes Gardien
3.46.36: Eldar
Høidal
3.49.35: Kjell
Magnar Berli (merkekrav: 3.45.52)
Godt jobba,
Kjell Magnar – det heldt nesten – MED GIPSA HAND!!!
3.50.49: Tim
Sture Wilhelmsen
4.30.44: Bjørn
Inge Gjersdal
Dei ti fyrste
på mållista greidde merkekravet.
Takk for innsatsen alle saman!
Uhell og smerte stoppa Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2013
Det gjekk lenge bra. Ved Kvarstad,
etter knappe to timar på sykkelsetet, såg det ut tilo å gå mot ei tid på litt i
overkant av 3.30. Men så var uhellet ute. Kjell Magnar fortel:
-
Ikkje lenge etter
Kvarstad mista eg kjedet. Med ei gipsa hand var eg diverre ikkje i stand til å
få den på igjen. Akkurat der det skjedde var det ikkje folk langs løypa heller.
Eg måtte gå eit langt stykke før eg fekk hjelp.
Mot slutten av løpet kom masse utforkøyringar. For kvart slag kjende eg
smerte oppetter armen. Kanskje vart eg òg litt reservert.
-
Kva gjer du no?
-
No tek eg heilt
treningsfri. Men eg kjem tilbake. Alt neste år har eg som mål og greie
merkekravet i alle disiplinar.
Trøysta for vere at Torstein Hole greidde
det nok ein gong. Han har både syster, onkel, tante, Simon og Sofie på
slektstreet sitt frå Velledalen.
Siste nytt frå Birkebeinerrittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2013
SKRAMSTADSÆTRA:
30.56: Eldar Kurseth
31.01: Per Steinar Linga
32.15: Espen Utgård Sæther
34.27: Stig Jonny Urke
35.22: Johannes Gardien
35.40: Torstein Hole
36.05: Kjell Magnar Berli
36.15: Per Inge Bjørnestad
36.15: Jan Kåre Fure
36.37: Liv Janne Øvrebust
38.09: Tim Sture
Wilhelmsen (frå pulje 35)
38.46: Eldar Høidal
41.54: Bjørn Inge Gjersdal
BRINGBU:
1.01.04: Per Steinar Linga
(hard kniving mellom Per S o g Eldar)
1.01.05: Eldar Kurseth
1.07.47: Stig Jonny Urke
1.08.27: Espen Utgård
Sæther
1.10.03: Torstein Hole
1.10.36: Kjell Magnar Berli
(ser lovande ut for Kjell Magnar)
1.10.55: Per Inge
Bjørnestad
1.10.55: Jan Kåre Fure
1.11.36: Liv Janne
Øvrebust
1.12.19: Johannes Gardien
1.15.28: Tim Sture
Wilhelmsen
1.16.52: Eldar Høidal
KVARSTAD:
1.42.06: Eldar Kurseth
1.43.33: Per Steinar Linga
1.52.30: Stig Jonny Urke
1.52.31: Espen Utgård
Sæther
1.56.53: Torstein Hole
1.57.15: Kjell Magnar
Berli
1.57.53: Per Inge
Bjørnestad
1.57.53: Jan Kåre Fure
1.59.15: Liv Janne
Øvrebust
1.59.51: Johannes Gardien
2.07.26: Eldar Høidal
STORÅSEN:
2.27.30: Eldar Kurseth
2.28.08: Per Steinar Linga
2.44.31: Espen Utgård Sæther
2.44.41: Stig Jonny Urke
2.52.24: Torstein Hole
2.53.21: Per Inge
Bjørnestad
2.54.49: Jan Kåre Fure
2.55.04: Johannes Gardien
2.56.18: Liv Janne
Øvrebust
3.01.05: Kjell Magnar
Berli (no røyner det på)
MÅL:
3.03.49: Eldar Kurseth
3.04.23: Per Steinar Linga
3.23.15: Stig Jonny Urke
3.26.56: Espen Utgård
Sæther
3.32.29: Torstein Hole
3.34.11: Per Inge Bjørnestad
3.36.38: Jan Kåre Fure
3.38.56: Johannes Gardien
3.49.35: Kjell Magnar
Berli (merkekrav: 3.45.52)
Godt jobba, Kjell Magnar - det heldt nesten – MED GIPSA HAND!!!
Førebuing til Birken
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Aug 2013
Gipsklipping er ein heller sjeldan syssel dagen før Birkebeinerrittet. Men det vart slik for Kjell Magnar denne gongen. Karstein Jensen er stødig med saksa.
Klokka 08.10 i morgon (31. august) går startskotet for debutanten.
Birkebeinerlaurdag på VIL-Nett
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Aug 2013
Klokka 07.05 startar Per
Steinar Linga som fyrste sykkylving i det godt over 90 kilometer lange
Birkebeinerrittet frå Rena til Lillehammer. Fem minutt bak Per Steinar tek
Eldar Kurseth opp jakta på lagkameraten frå Sykkylven SK
Mange er spente på korleis
Kjell Magnar greier seg denne dagen. Han var uheldig under Sykkylven Rundt, der
han fekk ein velt kring 50 meter før veksling i Ramstaddalen. MR viste brot,
men Kjell Magnar er ein hardhaus og stiller med gipsa arm.
- Der det er påvist
brot har eg ikkje smerter, men lenger oppe i armen, oppover mot albogen kjenner
eg det. Eg reiser nedover, startar, og satsar på merkekravet. Vert det for ille
må eg heller bryte, seier Kjell Magnar til VIL-Nett.
Greier Kjell Magnar
merkekravet vert han Superbirkebeinar, ei nemning alle får som greier
merkekravet i rennet, løpet og rittet i same kalenderår. Ein utflytt
sykkylving, Tim Sture Wilhelmsen (son til Berth) er i same situasjon som Kjell
Magnar, men er truleg beinheil – i alle fall før start. Rapportane frå
Austlandet seier at Tim Sture er godt trena og vil klare merkeravet.
Vi ynskjer også alt godt
for Rolf Haxthow. Han representerer Velledalen IL i klasse 55-59 år.
Oppdatering finn du på
VIL-Nett utover dagen laurdag 31. august.
Takk for innsatsen i Sykkylven Rundt!
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Aug 2013
Velledalen IL hadde 15
utøvarar i sving på laget VIL-sympatisørane som vart nummer fire, fattige sju
sekund frå andreplassen. I tillegg gjorde fleire ein flott innsats på
arrangørsida. Anten som vekslingsvakt, stafett-sekretæriat, grindvakter langs
Fetvatnet, sal av kaffi og vafler, fotografering, rigging av lydutstyr,
premieinnkjøp med meir.
Takk til alle som bidrog!
Utøvarane frå
VIL-sympatisørane på biletet er: Tvillingane Sivert og Andreas Nakken, Nils
Terje Skylstad, Kjell Magnar Berli, Alf Petter Bøe, Torje Bjørneseth, Svein
Arne Nakken og Lene Katrine Hole.
I tillegg deltok fylgjande personar med
springing eller sykling: Pernille Lervåg, Per-Gunnar Holmberg, Rune Hole,
Karstein Jensen, Einar Fet, Kristian Moe og Atle Hole. Laget brukte fine
1.54.26 på turen
I 2014 må målet vere å
stille to lag
Bø-Rolf 70 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Aug 2013
Rolf Lødøen er kjend som
ein jordnær mann. Kanskje nokså naturleg at sønene til Harald og Hjørdis vart
nettopp det. Så vidt vi veit vart ikkje Rolf spelemann og jeger som faren var,
men han viste tidleg at han meistra både
småbrukar- og industriarbeidaryrket. Sportsleg har Bø-Rolf eit etter måten
fyldig rulleblad.
Sjølv var han i yngre år fjellmann,
skihoppar og fotballspelar. Han voks opp i ei tid der gutane moka snø i timevis
– av og til sikkert også dagevis – for og klargjere hoppbakkane i nærmiljøet.
Som regel rakk dei nokre hopp før mildvêr ruinerte heile stasen. Gav opp,
gjorde dei likevel aldri. Då hadde dei tapt, som Mons-Konrad ville ha sagt. Rolf
var kjend som stilhopparen i det lokale miljøet. Med samla ski og fjørlette
telemarksnedslag når han var på sitt beste.
Han hadde fleire sesongar på VRF sitt
A-lag. Oftast som midtbanespelar. Ein tøff duellspelar som har bløtt langt meir
for den gulsvarte drakta enn kva som normalt er.
Rolf har hatt fleire ulike
verv i Velledalen IL. Han har vore innom både hopp-, langrenn- og fjellivs
gruppa. På 1970-talet var
han trenar for langrennsløparane i laget, og på 1980-talet sat han ein periode
som leiar i hovudstyret.
VIL-Nett gratulerer Rolf
med jubileumsdagen!
PS: For å mimre litt om
det som ein gong var, legg vi ved Arnfinn Brunstad sitt idrettsminne – eit attersyn
der både hoppsporten i Velledalen og Rolf er omtala i særs positive ordelag.
her
Atle Hole
Tysdagspraten
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Aug 2013
Klart for ny
premiekonkurranse på VIL-Nett. Spørsmålet er kort og greitt: Kven er dette…? Vi
kan seie såpass at det dreier seg om ein høgt profilert person som bur i
Sykkylven.
Send svaret ditt innan
tysdag 27. august klokka 23.59 til:
E-post: atlehole@online.no
Tekstmelding: 917 43 761
Premie: Gratis straum i
eitt år (om Sykkylven Energi går med på det)
Premien vert trekt mellom
alle som kjem med rett svar innan fristen.
Ikkje ta bilde då!
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Aug 2013
Arrangøren av Sykkylven
Rundt vil ha fleire som Monica Aure. Ho tromma saman eit familielag med stor
slagkraft. For at det heile skulle gå i hop måtte ho sjølv trø til. Det gjorde
ho på etappe nummer fire, frå helikopterplassen til Sykkylvsbrua. Ein
løpsetappe på kring to kilometer.
Ved passering BUAS (som òg
hadde meldt på lag, men som diverre seinare vart trekt), passerte Monica på ein
fin femteplass (sjå foto).
- Åh, ikkje ta
bilde av meg då, sa ho idet ho passerte.
Men det gjorde vi,
hovudsakleg fordi vil ha fleire som Monica Aure ved neste korsveg.
Og ved målgang mindre enn
timen seinare hadde laget til Monica fire lag føre seg, og seks etter. Men dei
var beste familielag.
Olaf og Nancy i Nordvest Maraton
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Aug 2013
Nordvest Maraton er rekna
som eit av dei tøffe lokale løpa. Her skal mellom anna «eidet» mellom
Ulsteinvik og Hareid forserast.
Laurdag var løpsforholda
gode, men kanskje i varmaste laget med godt over 20 plussgrader. Olaf tok like
godt sigeren i halvmaraton i klasse 70-74 år, med tida 1.58.10.
Nancy vart nummer to i
klasse 45-49 år på tida 1.48.04. Solid av Nancy, som kom inn på tredje beste tida
av totalt 14 kvinner.
Og dagen etter halvmaratonløpet var Nancy
på plass som startkvinne for Ekornes sitt lag under Sykkylven Rundt. Her tok ho
hardaste løpsetappen frå Velledalen grendahus til Lade Møbelfabrikk. «Frikst»
gjort, Nancy!!
Sykkylven Rundt vart suksess
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Aug 2013
Ein herleg dag og ein
herleg gjeng!
Alle laga gjorde sine fem
mil på under to og ein halv time. Vinnartida som gav Sykkylven Sykkelklubb napp
i vandrepokalen vart sterke 1.50.03. Fleire lag fekk æra av å ligge i tet.
Sykkylven IL sitt gutelag opna sterkast, Kjell Magnar Berli sykla «VIL-sympatisørane»
til tet, før Sykkylven Sykkelklubb overtok føringa ved Eldar Kurseth på den
tredje etappen.
Vi gir ein ekstra honnør
til lag som:
Monica Aure sitt
familielag
Vinyard
Ola-Garden på Straumsheim
Ekornes
Dei sistnemnde var åleine
om å ha kvinnefleirtal i lagoppstillinga. Men massemønstringa eigna seg for
alle. VIL-sympatisørane hadde eksempelvis tre gutar på kring ti år på laget,
medan eldstemann, Einar Fet, har passert 69
Her er resultata frå
Sykkylven Rundt 2013:
1.
Sykkylven Sykkelklubb 1.50.03
2.
FK Sykkylven 1.54.19
3.
Sykkylven IL sitt gutelag 1.54.22
4.
VIL-sympatisørane 1.54.26
5.
Monica Aure sitt familielag 2.10.02
6.
Brannkorpset, Sykkylven Kommune 2.12.24
7.
Stamina 2.12.26
8.
Sykkylven Sykkelklubb sitt 2.lag 2.12.47
9.
Vineyard 2.22.45
10.
Ekornes 2.23.06
11.
Olagarden på Straumsheim 2.29.15
Sykkylven Rundt klokka 13.00 i dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Aug 2013
Klokka 13.00 går starten
frå Velledalen grendahus. Ta turen ut i løypa og få med deg stafetten der det
viktigaste er å delta.
VIL-sympatisørane stiller
denne laget:
1.etappe: Sivert Nakken-Pernille
Lervåg-Andreas Nakken-Alf Petter Bøe-Svein Arne Nakken-Lene Hole-Atle Hole-Rune
Hole-Per-Gunnar Holmberg-Markus Jensen-Karstein Jensen.
2.etappe: Kjell Magnar
Berli
3.etappe: Einar Fet
4.etappe: Kristian Moe
5. etappe: Torje
Bjørneseth
6. etappe: Nils Terje
Skylstad
Snublande nær Henrik Johan Fjærestad Holmberg!!
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2013
På korthekken kom Henrik
inn til fjerdeplass på tida 15.03 under NM i Tønsberg fredag kveld. Bronsemedaljen
gjekk Hans Olav Stephansen Uldal på 15.01. Så her var Henrik snublande nær
medalje i øvinga som sunnmøringen Karsten Warholm frå Dimna IL vann med tida
14.70.
Heller ikkje i høgdehopp
spela marginane på lag med Henrik. Han svinga seg over 2,0 meter i andre forsøk,
men måtte ha tre forsøk for å greie fine 2,05 meter. Denne høgde greidde
Christian Bøe Helland seg over i fyrste forsøk, og tok bronsemedaljen på det.
Henrik vart nummer fem, men altså på same høgde som bronsevinnaren.
Gullet gjekk til Brede Raa Ellingsen på
2,14 meter, medan sølvvinnaren hadde 2,11 meter.
Vi kryssar fingrane for
Henrik når han seinare i helga skal hoppe lengde og springe 200 meter
Obs – Obs ! Kan bli flagging på Brøvoll i helga!
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2013
Frå 23. august til 25.
august vert NM i friidrett arrangert. Brøvoll har ingen utøvarar med der, men
ein skal likevel ikkje sjå vekk frå at personar busette der kan få trong til å
heise flagget i løpet av helga. Fordi:
Kvassaste flaggaren i
dalen bur på Brøvoll. Soneson hans, tikjemparen Henrik Johan Holmberg, skal
delta i NM. Han skal i sving både fredag, laurdag og sundag. Øvingane han skal
delta i er: 110 meter hekk, høgde, lengde og 200 meter.
Dersom Jon Holmberg sitt
flagg heng oppe både fredag, laurdag og sundag, treng ikkje det bety at han har
gløymt å fire det. Det kan vere at prestasjonar frå sonesonen krev heising meir
enn ein dag.
Velledalen IL ynskjer
Henrik lukke til i NM – og flaggar besteforeldra på øvre Brøvoll er de med
dette orienterte om grunnen.
Treng nokon litt lesestoff
kan vi anbefale bloggen nedanfor – frå idrettsbygda Vik i Sogn.
her
Nærmar seg Birkebeinerrittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2013
Birkebeinerrittet
vert i 2013 arrangert laurdag 31. august, med mange lokale namn på startlista.
Sett med VIL-auge er Kjell Magnar Berli den mest interessante utøvaren. Klarer
han merkekravet som gjer han til Superbirkebeiner – som den fyrste i
Sykkylven??
Rolf Haxthow
er VIL sin andre representant. Elles har vi sjølvsagt eit godt auge til Per
Steinar Linga og Eldar Kurseth, som begge er VIL-medlemar, men som syklar for
Sykkylven Sykkelklubb.
Kl. 07.05
startar Per Steinar Linga, Sykkylven SK, med startnr. 1041. 11 merke på 12
startar.
Kl. 07.10
startar Eldar Kurseth, Sykkylven SK, med startnr. 1277. 3 merke på tre startar
Kl. 07.25
startar Espen Utgård Sæther, Sykkylven SK, med startnr. 2132
Kl. 08.00
startar Johannes Gardien, Stranda SK, med startnr.3766. 5 merke på 6 startar.
Kl. 08.10
startar Kjell Magnar Berli, Velledalen IL, med startnr. 4230 – Debutant.
Kl. 0815
startar Tore Loe, Stranda SK, med startnr. 4601. 9 merke på 9 startar.
Kl. 08.20
startar Per I. Bjørnestad, Sykk. SK, startnummer 4751. 1 merke på 3 startar.
Kl. 08.20
startar Jan Kåre Fure, Sykk. SK, startnummer 4777. 1 merke på 1 start.
Kl. 09.40
startar Rolf Haxthow, Velledalen IL, med startnummer 8740
Kl. 10.55
startar Bjørn Inge Gjersdal, Sykkylven SK, med startnummer 13231
Det vil kome
fleire namn på denne lista fram mot den STORE DAGEN – 31. august
Glenn Tafjord raskast opp Koldabakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2013
Koldabakken Grand Prix
vart arrangert på kveldstid måndag 19.august. Deltakinga var ikkje spesielt
stor, men det var kvalitet over feltet, som i tillegg hadde eit spenn i alder
på 70 år. Frå Johannes Linga som den yngste, til Elling Hole som den eldste.
Glenn Tafjord kom inn på
den sterke tida 1.39 (løyperekorden 1.35) berre to dagar etter Skåla Opp. Han
var tre sekund føre Per Inge Bjørnestad. Per Steinar Linga vart nummer tre, med
litt tunge bein dagen etter triumfen i Ekornesrittet.
Her er deltakarane og
tidene:
Utan Tidtaking: Johannes
Linga, Pernille Linga
Med tidtaking:
Glenn Tafjord 1.39
Per Inge Bjørnestad 1.42
Per Steinar Linga 1.45
Svein Arne Nakken 1.55
Sivert Nakken 2.32
Andreas Nakken 3.02
Lene Hole 3.02
August Bjørnestad 3.04
Henrik Bjørnestad 3.23
Elling Hole 3.53
Sauebonde frå Velledalen vann Ekornesrittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Aug 2013
Vi har mange spreke sauebønder
i Velledalen. Den sprekaste bur på Brøvoll, har sauer på Brunstad og heiter Per
Steinar Linga. I dag vann han det 40 km lange terrengrittet som ber namnet «Ekornesrittet».
Han vann (med ni sekund) etter hard kamp gjennom heile rittet med Joachim
Olsvik frå Ålesund OCK.
Her er dei beste tidene
uansett klasse
1.
Per Steinar Linga, Sykkylven SK, 1.42.26
2.
Joachim Olsvik, Ålesund OCK, 1.42.35
3.
Vidar Amdam, Ørskog IL, 1.45.59
4.
Ben Erik Sira, Ørsta SK, 1.46.02
5.
Sindre Kleive, Ålesund OCK, 1.47.57
6.
Alf-Christian Røyseth, Ålesund OCK, 1.48.04
7.
Tryg-Arne Løkkeborg, Emblem IL, 1.49.40
Stressless-vinnar (trekt
mellom alle deltakarar) vart klubblause Fredrik Bolstad, busett på Skodje
Høgsætra trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Aug 2013
Meldaren vår har i dag
vore innom Høgsætra trimpost på Fet. Der er slett ingenting avgjort, med tre
staute «Fethynar» i tet.
18.august klokka 19.00 var
stoda slik:
1. Håkon Fedt 6 turar
2. Per Svein Fet 5 turar
3. Ole Jostein Fet 4 turar
Etter desse tre var det
tett som hagl, i ei trimbok med 127 noteringar. Som alle skjønar; denne posten
er fullt mogleg å vinne for personar som enno ikkje har starta sesongen.
Lukke til!
Sju dagar før Sykkylven Rundt
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Aug 2013
Sykkylven Rundt har start
og mål frå Dalemyra stadion.
Etappane er kort skissert
slik:
1.
Løpsetappe frå Dalemyra stadion til Lade Møbelfabrikk
(om Brunstad/Hole). Det spesielle på denne etappen, som er lengste
springeetappen) er at kvart lag kan nytte fleire utøvarar.
2.
Sykkeletappe frå Lade Møbelfabrikk til Ramstaddalen
3.
Sykkeletappe frå Ramstaddalen til helikopterplassen
(småbåthamna).
4.
Løpsetappe frå helikopterplassen til Sykkylvsbrua
5.
Sykkeletappe frå Sykkylvsbrua til Fet (om Ikornnes og
på grusvegsida av Fetvatnet)
6.
Løpsetappe frå Fetbrua til Dalemyra stadion.
Her er dei påmelde laga ei
god veke før arrangementet:
1.
Olagarden på Straumsheim
2.
BUAS v/Marita Andreassen
3.
Brannkorpset v/ Kjetil Hansen
4.
Stamina Hot
5.
Monica Aure sitt familielag
6.
Sykkylven IL sitt gutelag
7.
VIL-Sympatisørane 1
8.
VIL-Sympatisørane 2
9.
FK Sykkylven
10.
Sykkylven Sykkelklubb Elite
11.
Sykkylven Sykkelklubb
12.
Sykkylven Sykkelklubb ?
Vi minner igjen om at det
er muleg å få delta på eit av laga til VIL-sympatisørane. Siste sjanse for
påmelding er i løpet av måndag 19. august til Svein Ole Sørensen, Svein Arne
Nakken eller Atle Hole. Behovet er størst for syklistar, og MERK; det er mogleg
med svært korte etappar på den fyrste løpsetappen.
Viktig mål Bengt!
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Aug 2013
Thomas Fure og Bengt Hole
Alnes spela som vanleg frå start hos Stranda i den viktige botnkampen mot
Spjelkavik. Det stod 0-0 ved pause i målprotokollen, men 2-0 til Stranda i gule
kort.
I det 75. minutt vart
velledalingen Bengt Hole Alnes einaste målscorar i kampen. Eit uhyre viktig mål
som gjorde at Stranda bykste forbi både Spjelkavik og Larsnes/Gursken på
tabellen - og opp på trygg plass. Men alt i morgon kan Larsnes/Gursken skubbe
strandarane ned att på nedrykksplass om dei bankar nabo Bergsøy.
Det høyrer med til soga at
Stranda vann 3-1 i gule kort (Furset, Bernat og Skorgenes). Neste helg er Volda
motstandar på Mona stadion. Får vi sjå Bengt sitt sjette seriemål der, mot laget
som truleg har sykkylvingen Ole Thomas Kulseth i startoppstillinga?
Mange har meldt seg
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Aug 2013
Her er nokre av namna som
stiller:
Sivert Nakken
Andreas Nakken
Svein Nakken
Kjell Magnar Berli
Karstein Jensen,
Nils Terje Skylstad
Per-Gunnar Holmberg
Ole Peder Holmberg
Alf Petter Bøe
Vi har plass til fleire.
På fyrste etappe (Dalemyra – Lade, om Brunstad/Hole) kan ein bruke så mange
løparar ein vil.
Jenter/kvinner kan delta
både åleine eller på blandingslag, så ingen grunn til å ikkje melde seg på.
Ektepar i premiekamp
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2013
Også i 2013 må ein vere
flittig turgåar om ein vil toppe denne trimposten. Elles er det ein
kvinnedominert post, sjølv om einaste mann inne på topp-5 kjempar om
topplasseringa.
Her er stoda tysdag 13. august
om lag klokka 19.00:
251 turar: Grethe og
Odd-Kåre Fet
213 turar: Astrid L.
Drabløs
80 turar: Turid Bøkestad Fet
22 turar: Pernille Lervåg
Framifrå, Sondre!!
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2013
Sondre Brunstad Fet fekk
sitt førebelse gjennombrot på fotballbana måndag 12. august 2013. Tre mål i ein
og same 3.div kamp let seg absolutt høyre. Og spesielt mot ein så bra
motstandar som Kristiansund 2 – på bortebane.
AaFK 2 låg under 0-2, men
snudde kampen til siger 5-3, mellom anna takka vere tre mål av Sondre Brunstad
Fet.
VIL-Nett gratulerer med
prestasjonen og ynskjer lukke til med resten av sesongen.
Unge damer flittigast i Regndalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Aug 2013
Litt pussige kanskje når
ein samanliknar med andre postar, men i Regndalen er det unge kvinner som
regjerer. Om lag midt i feltet av desse har Bastian funne ein trygg posisjon
som beste mann.
Slik var stoda 11. august:
1.
Ann-Helen Hole 32 turar
2.
Ellen Marie Hole 25
3.
Erika Weiberg-Aurdal 11
4.
Bastian Weiberg-Aurdal 9
5.
Anette Akselvoll Lade 6
Jubilantar som fortener nokre ord
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Aug 2013
Her kjem nokre ord om
personar som har passert runde år, og som vi ikkje tidlegare har omtala.
90 år: Alf Taraldset
Denne mannen er
honndaling, men han budde - og arbeidde – lenge i Velledalen. Alf var i sine
velmaktsdagar levande interessert i idrett, og særleg VRF fylgde han tett. I
dag er både arbeidsplassane i dalen og VRF borte.
70 år: Ragnhild Fet
Ragnhild plar alltid vere
støttemedlem i VIL. Ho er mellom dei store idrettsmerketakarane i dalen. I
fylgje trimgruppa sin statistikk har ho passert 40 år som idrettsmerketakar.
Ein fin prestasjon dei færraste gjer ho etter. I tillegg var ho i fleire
sesongar ein ivrig poengsankar på nokre av trimgruppa sine postar.
60 år: Otto Brunstad og Kjetil Hole
Desse to karane var
radarpar i langrennsgruppa i Velledalen IL på 1960-talet, og dei var temmeleg
jamgode i løypa. På sett og vis er dei også pionerar. Otto og Kjetil var dei
fyrste frå laget som vart sende til Hovudlandsrennet (NM) for 14- og 15-åringar
på siste halvdel av 60-talet. Og dei gjorde det bra. Anna kan ein ikkje seie om
plasseringane dei kom heim med (45. og 54. plass).
VIL-Nett gratulerer
jubilantane med overstått!
Knallbra av Nils-Terje
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Aug 2013
Fanaråken Opp er eit av
dei store motbakkeløpa i nasjonal samanheng. Denne gongen med 453 deltakarar.
Mellom dei Nils Terje Skylstad, åleine frå Sykkylven kommune i dette løpet, ut
frå det som kunne lesast av resultatlista
Her er resultata frå
herrar 55-59 år:
1.
Lars Sverdrup Thygeson, Høvik jogg, 1.16.34
2.
Ole Bjørn Braathen, Vestre Lier, 1.22.32
3.
Nils Terje Skylstad, Velledalen IL, 1.23.06
4.
Sverre N. Moe, Syril, 1.23.08
5.
Einar Fjøsne, Joker Luster, 1.24.30
6.
Odd Erik Haugan, IL Bjørn, 1.25.37
7.
Odd Steinar Natvik, Årdal Motbakkelag, 1.30.22
8.
Olav Terøy, Noteam, 1.31.12
9.
Einar Opsanger, Øystese IL, 1.33.01
10.
Ivar Barstad, IL Jotun/Rambøll, 1.34.04
11.
Kjetil Kristiansen, Sportsmaster, 1.34.40
12.
Arvid Bekjorden, Jutul, 1.34.54
Vi legg merke til at Nils
slo alle sogningane denne gongen, og han vart beste vestlending i klassa.
Sterkt!!!
Beste kvinne vart
skiskyttaren Elise Ringen med tida
1.11.45. Totalvinnar vart Thomas Bereket på kvasse 59.01.
Stoda på Koppen trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Aug 2013
Nokså nær normalen. Anita
Hjorthol i tet, med Åge Vanebo og Ingrid Brudevoll nærast. Her er topp-5:
21
turar: Anita Hjorthol
12
turar: Åge Vanebo og Ingrid Brudevoll
8 turar: Eldrid Myhre
7 turar: Daniel Ludvik
5 turar: Kjell Magnar Berli
Rokkering i VIL-styret
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Aug 2013
Irene Johansen,
styremedlem i VIL, har meldt frå om at ho har fått jobb i barnehage i
Ulsteinvik, og at ho difor flyttar tilbake til heimkommunen Hareid. I tillegg
til vervet som styremedlem har Irene siste halve året vore VIL sin representant
i Lag på Lag.
Velledalen IL takkar Irene
for innsatsen og ynskjer henne alt godt i Hareid og Ulstein.
Håkon Kjersheim Brunstad,
som sidan sist årsmøte har vore 1. vara i VIL, rykkjer no opp til fast
styreplass, med tittel styremedlem. Kven som overtek Irene sin plass i Lag på
Lag er ikkje avklara.
Fanaråken Opp laurdag 10. august
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2013
Fanaråken Opp er mellom
dei store motbakkeløpa. 10. august vert løpet arrangert for 11.gong, med start
på Turtagrø, 868 meter over havet. Målgang er ved Fanaråkhytta, 2068 meter over
havet. Med andre ord 1200 meter stigning i løpet av 8400 meter
Ei stund før
påmeldingsfristen gjekk ut (8.august klokka 21.00) hadde Fanaråk IL 220 påmelde
i konkurranseklassane. Mellom desse er Nils Terje Skylstad i klasse 55-59 år, ei
klasse som talde heile 14 utøvarar.
VIL-Nett kjem tilbake med
resultat frå Fanaråken Opp i løpet av helga.
PS. Vanlegvis har Nils
duellert med Politiets Fellesforbund sin Arne Johannessen under Fanaråken Opp.
Då vi sjekka påmeldingslista torsdag 8.august var ikkje Johannessen mellom dei
påmelde.
Skogsvegen Drabløs – trimpoststatus.
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Aug 2013
Mykje tyder på at
trimposten i skogsvegen på Drabløs får fleire besøk i år enn i 2012. Onsdag
7.august klokka 12.00 var desse inne på topp-5:
1.
Annlaug Lervåg 76 turar
2.
Jens Birger Lervåg 26
3.
Linn Tove Akselvoll Lade 20
4.
Pernille Lervåg 17
5.
Kurt Johnny Lade 15
Som ein ser fin blanding
mellom menn og kvinner inne på topp-5. Turen kan utførast i lett skotøy, og
trimgruppa har bestemt at kvar tur skal verdsetjast med to trimpoeng.
Myrdalsfjellet trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Aug 2013
Den mest vanlege
oppstigninga til Myrdalsfjellet trimpost skjer frå Svartevatnet, men det er
godt mogleg med andre variantar. Strandarane har ei bok i nærleiken (ved
vatnet), så mange skriv seg inn i begge.
Elling Hole har vore
ivrigaste mannen på posten dei siste åra. Slik også i år. Alt tyder på at
72-åringen kontrollerer resten av feltet.
Her stoda 5.august klokka
14.35:
1.
Elling Hole 38 turar
2.
Nils Terje Skylstad 20
3.
Ingrid Brudevoll 17
4.
Eldrid Myhre 14
5.
Kari Hjorthol 11
Ein typisk veteranpost der
Nils er yngst av topp-5 med sine 56 år. Det kan sjå ut som den yngre garde ikkje har
oppdaga Myrdalsfjellet som turmål enno. Turen vert av trimgruppa løna med fine
10 poeng.
Mobilrapport frå Katinka og Mr. Tandstad
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Aug 2013
Hei!
Oss har hatt dårleg
dekning her nede, men no fekk vi endeleg dekning. Ligg no i basecamp 4600 meter
over havet, og startar mot toppen i natt klokka 24.00. Etter planen skal vi
bruke ca 7-8 timar opp. Høgda merkast no i form av lett haudverk og litt ør.
I går klatra oss den
berykta Barranco-wall (frukostveggen), noko som for meg med høgdeskrekk var ein
prøvelse. Men den såg definitivt verre ut frå avstand enn den verkeleg var. Oss
reiser i eit følgje med eit fransk par og ein amerikanar. Veldig kjekke folk!
Mvh
Jo André og Katinka
Status for trimposten Brune
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Aug 2013
Vår meldar, Sivert Mosby
Nakken, sjekka statusen på trimposten laurdag 3. august klokka 15.45. Her er
stoda:
1.
Vigdis Fure 406 noteringar
2.
Inger Riksheim 378
3.
Solveig Olsen 309
4.
Kjell Olsen 201
5.
Reidar Fure 157
6.
Anne-Lise Hjelle 127
Tøft gjort, Gaute!
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Aug 2013
Kven er Gaute, er truleg
ditt fyrste spørsmål.
Vi snakkar om Gaute
Haukaas, kjærasten til Maria Ramstad Urke. Han representerer Rjukan IL - friidrett, og deltok laurdag under Norseman Xtreme Triathlon.
Det startar med at
deltakarane – godt over 200 i talet – hoppar av ei ferje i Hardangerfjorden
klokka 05.00 om morgonen. Fyrste etappe er symjing inn til Eidfjord. Deretter
er det sykling i 180 km, og langt frå flatt heile vegen. Siste etappe er
springing. Ein heilmaraton (42 195 meter) med mål 1880 meter over havet på
Gaustadtoppen.
På denne turen brukte
Gaute Haukaas 14.44.32. Han vart nummer 52 i klassa «Menn- black» Den raskaste
heitte Markus Stierli. Han brukte 11.25.16.
Så Maria:
Slå til, menn av slikt
kaliber finn du ikkje i Sykkylven!
Tap mot Sunndal
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Aug 2013
I dag vart haustsesongen
sparka i gang på Mona stadion med oppgjeret Stranda-Sunndal
Kring 25 prosent av dei 60
frammøtte mellom publikum kom frå Sykkylven, mellom desse ti personar frå
Velledalen.
Stranda fekk ein dårleg
start. Nordmøringane hadde alt to ballar i nota før heimelaget starta
opphentinga. Ronnie Furset reduserte til 1-2 i 1. omgang, som òg vart
pauseresultatet. I andre omgang gjorde Bengt Hole Alnes sitt tredje seriemål
for sesongen. Og det var eit reint sykkylvsmål. Thomas Fure la eit perfekt
hjørnespark som Bengt heada kontant i mål.
Etter dette stod kampen og
bikka. Men på overtid, i det 92 speleminutt, kontra gjestane inn sigersmålet
etter ein dobbelcornar for Stranda der spelarane ikkje makta ei rask nok
omstilling. Sunndal fekk heile tre avslutningssjansar på angrepet og scora på
tredje forsøk.
Dermed rauk eit viktig
poeng for Stranda som komande laurdag har ny heimekamp – då mot botnkollega på
tabellen, Larsnes/Gursken
Fin andreplass til Nils i Ørsta.
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Aug 2013
Nils Terje Skylstad
sesongdebuterte i dag. Då snakkar vi om større løp. Nils Vart nummer to i
klasse 55-59 år under Saudehornet Rett opp i Ørsta. Klassevinnar vart Arild
Bjarkø, Nord Østerdal OK, på tida 1.10.04. Nils brukte 1.14.42 på andreplass,
men god klaring bak til nummer tre, IL Lauparen sin Ottar Sætre på 1.21.08
Utanom vår mann, var Glenn
Harald Tafjord einaste deltakar frå Sykkylven. Glenn vart nummer seks i klasse
40-44 år på 1.20.51.
Raskast opp på det drygt
1300 meter høge fjellet av samtlege var Øystein Sylta, SK Vidar. Han brukte
51.06 på turen. Kirsten Marathon Melkevik, IL Gular, var raskaste kvinnne på
59.45
Rapport frå trimposten i Holemarka
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Aug 2013
Trimposten ved sætreelva i
Holemarka gir fattige to poeng. Ein fin tur i lett lende som eignar seg
framifrå både for gåande, joggande og lufting av kjæledyr. Ser ein på topp-5
lista registrerer ein fin spreiing, med både personar over 70 år og tenåringar
inne på lista.
Dei fleste som nyttar posten som turmål
startar frå Hole – eit litt kortare alternativ er å starte frå La(de). God
tur!!
Her er stoda i toppen,
notert 2. august:
1.
Ann-Helen Hole 204 turar
2.
Elling Hole 136
3.
Nils Skylstad 95
4.
Ellen Marie Hole 89
5.
Susann Osnes 76
Riksheimdalen trimpost – status 1. august.
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Aug 2013
Vår meldar, Andreas Mosby
Nakken, har vore på inspeksjon i Riksheimdalen torsdag 1.august klokka 19.15.
Han melder tilbake om denne stoda i toppen:
1.
Ivar Flo 208 turar
2.
Renate Riksheim Oldeide 135
3.
Torill-Anne Lie Aurvåg 127
4.
Hildegunn Eikemo Flo 91
5.
Anne-Lise Erstad 61
Ivar Flo er
tittelforsvarar, og er på god veg mot ny topplassering på posten kring 70 dagar
før bokbytet. Ivar er einaste «hane» inne på topp-5.
Turen til denne posten kan
gjerast med start frå Erstad eller frå Riksheimgjerde, og er av trimgruppa
verdsett til sju poeng pr. tur
Julitala for VIL-Nett
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Aug 2013
Det vart notert 3011 treff
på VIL-Nett i juli. Klart ny bestenotering. Den tidlegare julirekorden lydde på
2254 og var frå 2011.
Nedanfor kan du fylgje
utviklinga for juli månad – år for år.
2008: 213 treff
2009: 902
2010: 1007
2011: 2254
2012: 2189
2013: 3011
Takk til alle som har
meldt inn saker!
Tett i toppen på Vellesætra
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jul 2013
Sju poeng gir trimgruppa
for ein tur til Vellesætra i kontinuerleg motbakke. To månader før sesongen
ebbar ut, skil det fattige to turar mellom dei to beste. Og kampen står nok berre
mellom desse to denne sesongen.
Rett nok har vi ein
idrettsflink trio på plassane 3-5, men desse brukar nok turen til Vellesætra
meir som eit ledd i treninga, vil vi tru.
Her er stoda mellom dei
beste på Vellesætra 30. juli 2013:
1.
Torhild Skogvold 101
2.
Arnhild Linga 99
3.
Kjell Magnar Berli 37
4.
Solveig Brunstad 19
5.
Alf Petter Bøe 16
Avgjort på Brunstadsætra…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jul 2013
To månader før
trimbokbytet på Brunstadsætra ser det ut til at Inger Anne Brunstad vil vinne
denne posten – som ho gjorde i fjor.
Her er stillinga 30. juli
1.
Inger Anne Brunstad 160 turar
2.
Arnhild Linga 85 turar
3.
Torhild Horsevik Skogvold 72 turar
4.
Marianne Urke 65 turar
5.
Solfrid Brunstad og Solveig Beate Brunstad 41
6.
Arnt Brunstad (beste mann) 40
Vår meldar rapporterer at
trimgruppa snart må byte bok på Brunstadsætra, då den noverande snart er full.
Særs jamt på Brunstadkølen
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jul 2013
Vår meldar var innom
posten på Brunstadkølen sundag 28. juli klokka 11.15. Då var stoda slik:
6 turar: Arnt Brunstad og
Kjell Magnar Berli
5 turar: Arnhild Linga
3 turar: Heile seks
personar hadde tre turar
Her er absolutt alt ope.
Til og med personar som pr. dato står med null turar, kan blande seg inn på
topp-5.
Hei Velledalen IL!
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jul 2013
Ja, då var dagen før dagen komt, og dagens
malaria-tablettar har akkurat vorte inntekne. Reise startar tidlig imorgon
tidleg, då vi skal reise Vigra - Oslo lufthavn (no som det ikkje lenger heiter
Gardermoen) - Frankfurt (Tyskland) - Addis Ababa (Etiopia) - Kilimanjaro
international airport (Tanzania). Derfrå er det kring 45 minutt med jeep før vi
er framme på hotellet vårt. Vi startar nok gåturen vår tirsdag kveld trur eg,
og skal etter planen bruke 5-6 dagar opp, og omlag 1,5 ned att. På fjellet bor
vi i fjelltelt. Etter vi kjem ned att fram fjellet, skal vi på to dagar safari,
og etterpå er det avslapping på Zanzibar som gjeld :)
Kilimanjaro skal vere eit greit fjell å gå på, det
er ikkje på nokon måte slik som ekstremfjella K2/Everest osv. er, men på Kilimanjaro
er det høgdesjuka som kan slå ein ut. Vi har valgt å ta ein ekstra
akklimatiseringsdag når vi først reiser nedover, for å gi oss sjølve ein god
sjanse til å nå toppen. Verken Katinka eller eg har vore høgare enn Fanaråken i
Jotunheimen, så det blir spanande å sjå korleis kroppen vil reagere på høgda.
Ettersom vi har fått opplyst, skal vi gå i eit følge på 8
personar, og vi har alle eigne sherpa'ar som vil bere tyngste børa. Vi skal
stort sett bere dei kleda vi skal bruke i løpet av ein dag, samt drikke og
snacks. Det er svært utfordrande å pakke til ein slik tur, då vi må vere klare
for -20 grader på toppnatta, samt opp mot 30-35 grader når vi kjem til
Zanzibar.
Eg er litt spent på korleis dekninga er opp igjennom
"bakkane", men eg har høyrt at ein kan oppleve bedre dekning på
Kilimanjaro enn somme plassar i den norske fjellheimen, så eg skal prøve å få
oppdatert om mulig med status.
Ellers ønskar eg alle ein fortsatt strålande sommar
Mvh Jo Andre (og Katinka
Glimrande av Nancy i Hornindal
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jul 2013
Nancy Iren Eggen er for
veteran og rekne. 47-åringen er sterkast når distansen vert ei mil eller
lenger. Og laurdag var det langt, halvmaraton i Hornindal.
Løpstilbodet i
nordfjordbygda hadde heile fire ulike løypelengder. Av dei ti som fullførte
halvmaraton var Nancy suverent best. Ho kom inn til 1.46.07, ei sterk tid i
klasse 45-49 år. Nærast Nancy kom Randi Sollid frå arrangørklubben Hornindal IL
på 1.59.03.
Vi nemner vidare at Knut
Anders Hatlen, strandaren som vinn Fjellsæterrunden mest kvart år, vann klasse
17-34 år på 1.21.32
Holetindane trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jul 2013
Denne årstida er den beste
for ein tur på Holetindane. Tek ein ruta Brunstadsætra- Brunstadkølen - Holetindane så gir det heile 54 trimpoeng (4+20+30). Her er stoda 28.juli
klokka 12.05:
14 turar: Nils Terje
Skylstad
4 turar: Arnhild Linga
3 turar: Ann-Helen Hole, Ellen Marie Hole
2 turar: Andrea Berge Kastellet, Kjell Magnar
Berli og Svein Linga
Der skulle du ha vøri, Torje!
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jul 2013
Arrangementet gjekk av
stabelen i Valldal laurdag 27.juli. Etter kvalifisering der kven som helst
kunne delta (VM står i denne samanheng for ope Valldalsmeisterskap), gjekk dei
tre beste til finalen.
Til finalen gjekk trioen
Terje Systad (Jølster), Roar Døving (Ålesund, men oppvaksen i Valldal) og Sjur
Stakkestad (frå frukt-Mekka Linge). I finalen fekk utøvarane tre «spytt» kvar.
Vinnar vart Roar Døving
med 9,65 meter, føre Sjur Stakkestad med 9,35 meter. Jølstringen fekk ikkje
heilt til same teknikken som i kvalifiseringa, og måtte nøye seg med ordinære
6,70 meter i finalen. Noko som er langt svakare enn Torje Bjørneseth plar ha
som vinnar under VIL sine aktivitetsdagar.
Vi nemner til slutt at
bæra var både fine og velsmakande.
Fin innsats av Nakken-gutane i Valldal
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jul 2013
Jordbærdilten i Valldal
samla godt over 200 deltakarar i dag. 55 av desse starta i konkurranseklassa,
mellom desse var Svein Arne Nakken og sønene Sivert og Andreas.
Som nornalt er, vart Svein
best av dei tre, med fin 15. plass i klassa for menn senior på tida 13.50.
Sivert og Andreas deltok i klasse gutar 15 år og yngre. Går ein inn på
resultatlista finn ein Sivert Mosby Nakken på 16. plass med tida 16.03 og
Andreas Mosby Nakken på 18. plass med tida 16.37. Sterke tider, vurdert ut frå
deira unge alder.
Elles var det ingen andre
sykkylvingar i konkurranseklassa, der Kristian Nedregård frå Spjelkavik hadde
beste herretid på 10.16 og Heidi Flo Bødal, Stårheim IL, beste kvinnetid på
12.32
Sommarkonkurranse
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jul 2013
To av desse tre søstrene
har vore ute med nye «stunt» sommaren 2013. Kven av dei har gjort kva…?
Send svaret ditt innan
olsokdagen til:
E-post: atlehole@online.no
Tekstmelding: 917 43 761
Jordbærdilt og løp i Hornindal
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jul 2013
I Valldal vert
Jordbærdilten arrangert laurdag. Eit løp med lang tradisjon. Start klokka 11.00
i sentrum, løypelengde på 3,2 kilometer, og målgang i sentrum. Påmelding i
timane før start løpsdagen. Nokså likt Konradløpet med sprikande ambisjonsnivå
hos deltakarane.
Same dag arrangerer
Hornindal IL stor løpsdag. Dei sprekaste spring heilmaraton (42195 meter),
medan andre nøyer seg med halve distansen. Vert også det i meste laget, finst
det kortare alternativ på 10 eller 4,2 kilometer.
Somme vil sikkert hugse at
Andreas Nakken i fjor tok feil løype. I staden for det kortaste alternativet
hamna han i milløypa. Noko han meistra og fullførte med stil.
VM i morellesteinspytting i Valldal laurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jul 2013
Morellesteinspytting (eller
plommestein) har vore ei mykje nytta grein under Velledaen IL sine
aktivitetsdagar. Same kva som har vore spytta, har Torje Bjørneseth vore
suverent best.
No har Torje sjansen til å
prøve seg i kvassare selskap. I Valldal vert det komande laurdag arrangert det
som er kalla VM i morellesteinspytting. Det skjer i sentrum, der Jordbærdilten
opnar ein dag full av aktivitet klokka 11.00.
Gratulasjon til Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jul 2013
Gratulerer så mykje med eit kanonløp. Kan ikkje seie anna enn at eg er mektig imponert over prestasjonen din. Den tida du gjennomførte på står det stor, stor respekt av.
CHRISTINA Holmberg
Sommarhelsing frå Farsund
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2013
Som vedlegg finn du ei komplett resultatliste frå gateløpet
i Lyngdal. I år gjekk løpet i steikande varme med temperatur på 30'C.
I fjor brukte gutane 4.59 minutt (Sivert) og 5.04 minutt (Andreas). Målsetjinga
for begge var å forbetre seg frå i fjor, medan Andreas hadde eit
tilleggsmål om å slå broren.
Tidene vart som følgjer:
Sivert 4.54 minutt og Andreas 4.59 minutt. Delmål om å forbetre seg frå i fjor
gjekk inn, men den innbyrdes kampen vart omtrent som i fjor. For meg (Svein) er
det lite å skrive heim om. Tida vart 18.19 mot 17.33 i fjor. Elendig
treningsgrunnlag får ta det meste av skuld, medan temperaturen får ta litt.
Komplett resultatliste finn du her
Med sommarhelsing frå Farsund.
Andreas, Sivert og Svein Nakken
Skogsvegen Hjorthol
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2013
Om kring 75 dagar er årets
trimboksesong over. Vi vil i tida framover orientere om stoda ved dei ulike
postane.
Skogsvegen på Hjorthol gir
to poeng i «banken» for kvar tur. Ingen lang tur, men ein glimrande
langinterval-bakke. Anten ein er i dårleg form og må gå heile vegen, eller om
ein er i superform og kan springe. Det viktige er at ein kjenner blodpumpa går.
Joggesko er meir enn godt
nok fotty etter ein høveleg god skogsveg.
Posten er elles fyrste del
av vegen til Koppen for dei som går vanlegaste ruta frå velledalssida.
Sidan sist gallup har
Anita Hjorthol halde teten, og ho har auka! Ingrid Brudevoll ligg framleis som
nummer to. Mannfolka er sørgjeleg akterutsegla, ser ein av topp-5 lista.
Tala er henta inn fredag
19. juli om lag klokka 15.45, og vi merkar oss at ingen under 50 år er inne på
lista.
1.
Anita Hjorthol
127 turar
2.
Ingrid Brudevoll
100
3.
Hanne Oline Ulset
54
4.
Eldrid Myhre 23
5.
Jan Lade og Svein
Hjorthol 14
Gratulasjon til Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jul 2013
Gratulerer med ein kanonprestasjon, Kjell Magnar! På
Tandstad er vi kjempeimponerte. Det er i grunn vanskeleg å forstå at det er
mogleg å gjennomføre dette på under eit halvt døgn.
Hilde, Inger og Geir
Kor tung var sekken?
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jul 2013
Vi har spurt Kjell Magnar
om dette, dagen etter løpet. Der han for øvrig kjenner seg overraskande «freesh».
Så sprek var han at han ikkje heilt hadde slege frå seg deltaking i Mefjellet
Opp (sju kilometer og 1100 høgdemeter) to dagar etter storløpet.
- Men sekken, Kjell
Magnar, kor tung var den?
- Den var tyngre
enn det som var nødvendig, kring seks kilo frå start. Men eg kunne i større
grad nytta meg av vasskjelder langs løypa, det fann eg ut i ettertid.
- Og ved målgang?
- Då var nok vekta
minst halvert, kanskje 2-3 kilo
- Fristar løpet til
gjentaking dagen etter du er ferdig?
- Trur nok eg vil
gjere det igjen. Eg kan greie dette ned på 10 timar ein stad. Rota nemleg vekk litt tid i området
Holetindane/Brunstadkølen der skodda var tett og eg hadde nokre småbom med
vegvalet.
- Ei generell
vurdering etter eit slikt løp.
- Problemet mot
slutten vart beina, ikkje pusten. Største problemet var å springe i unnabakkane
heilt mot slutten.
Og la det vere sagt til
slutt. Temperaturmessig var forholda optimale, elles ikkje. Kjell Magnar hadde
tett skodde på dei høgste fjella som han tok grytidleg om morgonen, og det var
mange stader både vått og glatt etter samanhengande regn i fleire dagar.
Prestasjon ein gratulasjon verdig
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jul 2013
På e-post frå Nice i
Frankrike har fylgjande melding kome:
- Vi bukker i djup
ærbødighet for en utruleg prestasjon.
Helsing forhenverande
gartnar i Nakkeberget og godseigaren i
Jogarden på Hole
Vidare:
- Jeg gratulerer så
masse!
Hilsen og god klem frå stolt
mormor – Elbjørg Ringnes
- Gratulerer så
masse med trimpostløpet. Vi er utrolig stolt av kva du presterer kjære Kjell
Magnar! Hilsen mamma og Markus.
- Gratulerer Kjell
Magnar. Prestasjonen din ligg heilt i toppsjiktet over kva eit VIL-medlem nokon
gong har prestert. Og vi snakkkar om ei soge på 107 år! Susande bra! Helsing
Atle.
Leiv Alnes fyrste gratulant
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2013
Korleis kan VIL-Nett hevde
det, tenkjer du sikkert.
Då går vi eit par veker
tilbake, til Hornindal Rundt, også kalla Noregs tøffaste fjelløp, i år med
innlagt uoffisielt NM.
Lengste løypa i Hornindal
er 75 km og stig 5600 høgdemeter. Kjell Magnar sprang 73,7 kilometer og nær
4000 høgdemeter. Med andre ord nær same distansen i kilometer, men klart færre
høgdemeter. I Kjell Magnar sin disfavør må nemnast at han sprang 100 prosent
solo heile vegen.
Så kan ein samanlikne
tidene. Tre svenskar tok dei tre fyrste plassane i Hornindal, der Kristoffer
Normark var den einaste som fekk sjå 10-talet (10.48.37). Dei tre beste
nordmennene var:
Knut Christophersen 11.54.36
Petter Kragset 12.41.11
Tomas Kadlas 13.20.49
Sett i lys av dette skjønar
alle at Kjell Magnar sitt sololøp på 11.16.34 er av særdeles høg klasse. Sjølv
om han sprang 1,3 kilometer kortare og 1600 færre høgdemeter.
VRF sin tidlegare
storkeeper, Leiv Arne Alnes, vart fyrste gratulant. Han rista lett oppgitt på
haudet når han fekk høyre tida. La ikkje målmann Leiv bli einaste gratulant,
for dette var ein prestasjon ein gratulasjon verdig! Vi tek mot
gratulasjonshelsingar til Kjell Magnar på VIL-Nett. Send til:
E-post: atlehole@online.no
Tekstmelding: 917 43 761
Rått, Kjell Magnar !!
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2013
Turen starta fredag
19.juli klokka 05.00. Han tok postane i denne rekkefylgja:
1.
Sætreelva i Holemarka
2.
Myrdalsfjellet
3.
Holetindane
4.
Brunstadkølen
5.
Brunstadsætra
6.
Vellesætra
7.
Regndalen
8.
Skogsvegen Drabløs
9.
Høgsætra
10.
Skogsvegen Fet
11.
Riksheimdalen
12.
Brune
13.
Koppen
14.
Skogsvegen Hjorthol
Om nokon lurer på
distansen så er den 73,7 kilometer.
Høgdemeter 3970
Inntak av næring:
3-4 liter energidrikk
1 bolle
1 wienerbrød
1 cola
For dei spesielt
interesserte, nemner vi nokre av passeringstidene:
Brunstad Kraft: 4 timar 17
minutt
Straumgjerde sentrum: 8
timar 59 minutt
Koppen: 10 timar 37 minutt
Mål: 11 timar 16 minutt.
Han brukte tolv minutt frå
Koppen ned til skogsvegen på Hjorthol, men då stakk krampa så hardt at han
måtte gå ned til fylkesveg 60, før han jogga etter Brunstadvegen heim (om
Hjorthol bustadfelt).
Her kan du sjå på kart kor han har løpt. her
Kanonopning av Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2013
Turen starta klokka 05.00
i dag (19.juli). Klokka 09.17 passerte han ved Brunstad Kraft. Då hadde han
teke postane sætreelva i Holemarka – Myrdalsfjellet – Holetindane - Brunstadkølen, Brunstadsætra og Vellesætra.
Og han var på veg mot Regndalen, i fint
driv. Utan å gjere noko stopp svara han på fylgjande spørsmål:
- Korleis har det
gått til no?
- Ingen problem av
noko slag
- Korleis kjennest
kroppen?
- Heilt fin
Tek alle trimpostane i dag.
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2013
arkivfoto
Vi snakka med Kjell Magnar
klokka 08.30. Då var han på veg ned frå Brunstadkølen, noko som betyr han var
ferdig med postane:
Sætreelva i Holemarka
Myrdalsfjellet
Holetindane
Brunstadkølen.
Følg med på nettsida
utover dagen. Der vil du få svaret om han greier Kenneth Fet sin rekord på 15
timar og 36 minutt
Ruskevêrskonkurranse med premiering, svar
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jul 2013
Kvar er dette?
Er det:
1.
Hakallestranda
2.
Gurskebotn
3.
Grodås i Hornindal
4.
Hellesylt
Send svaret før sola skin
og «tempen» passerer 16 grader til:
E-post: atlehole@online.no
Tekstmelding: 917 43 761
Hardhausar også i Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jul 2013
Christina frå sin tur, her på Holetindane
TRIMGRUPPESJEFEN.
Så vidt vi veit starta det med Nils Terje Skylstad, trimpostane sin
far. 24. juli 2008, i ein alder av 50 år, starta han frå heimen sin klokka
08.00 kan ein lese i idrettslaget sitt nettarkiv. Nils tok posten i Holemarka
som fyrste post, før han heldt fram til Myrdalsfjettet og Holetindane.
Ekstremt varmt
.
Planen var at Nils skulle ta alle postane, som den gong var tolv (Brune og
Brunstadkølen mangla i høve til i dag). Men Nils sin tur gjekk på kanskje
varmaste dagen sommaren 2008 – og han gjekk utan støtteapparat. Difor fann han
det mot slutten av dagen rett å kutte ut
posten i Riksheimdalen. Nils avslutta med Koppen og skogsvegen Hjorthol som dei
to siste postane.
FAKTA TUR 1:
NAMN
: Nils
Terje Skylstad (50)
DATO:
24.
juli 2008
TOK POSTANE:
Holemarka – Myrdalsfjellet – Holetindane – Brunstadsætra – Vellesætra - Regndalen – Høgsætra – skogsvegen Fet – skogsvegen Drabløs – skogsvegen Hjorthol
– Koppen
START/MÅL
:
Heimen på Hole
TID:
14
timar akkurat
LANGRENNSLØPAREN KENNETH
. Så gjekk det to år. Trimpostane var no 13 i talet og
Kenneth Fet, då 18 år, ville ta alle på kortast mogleg tid. Han var fysisk vel
budd, med eit solid støtteapparat i bakhand då han la i veg frå heimen sin 15.
august i 2010. Kenneth tok Høgsætra som fyrste post, før han heldt fram til
skogsvegen Fet og skogsvegen Drabløs.
Feilval mot slutten.
Med ungt pågangsmot som viktig ballast gjekk det rekordraskt unna med
Kenneth.
- Til han byrja på
Regndalen, med vel halvparten av postane
unnagjort, kunne det ikkje gått stort radigare unna, fortel far til Kenneth,
Pål Rune.
Men slutten med tunge
stigningar til Holetindane og Myrdalsfjellet vart harde. Ned frå Myrdalsfjellet
vart det satsa på noko som var tenkt å bli ein snarveg, men som vart det stikk
motsette. Kanskje så mykje som ein time i tidstap.
VIL-Nett snakka med Kenneth like etter
siste post ved sætreelva i Holemarka:
- Eg kjenner at
kroppen har vore med på noko den vanlegvis ikkje plar vere med på, sa ein då
tydeleg prega 18-åring, som eksperimenterte litt om kroppen likte best gåing
eller jogging i letterrenget mot Lødøen.
FAKTA TUR 2:
NAMN:
Kenneth Fet (18)
DATO:
15.
august 2010
TOK POSTANE:
Høgsætra- skogsvegen Fet- skogsvegen Drabløs – Riksheimdalen – Brune- Koppen - skogsvegen Hjorthol – Regndalen – Vellesætra – Brunstadsætra – Holetindane - Myrdalsfjellet – skogsvegen Holemarka
START/MÅL:
Heimen på Fet
TID:
15
timar 36 minutt
JENTE PÅ HAUSTTUR.
Den mest kompliserte turen var i regi av Christina Holmberg. Det seier
seg sjølv at det er ikkje er gunstig å starte på ein slik tur i oktober. 3.
oktober 2012 la Christina Holmberg (19) i veg frå heimen i Tregardane. Og tøft
vart det!
Stålis, mørkt og baklengs.
Temperaturmessig kan hausten vere gunstig, ein slepp
i alle fall ekstrem varme slik Nils fekk. Og det gjekk lenge bra med Christina.
Ho la til og med inn ein god fiskemiddag hjå bestemora Gunnvor. Ved passering
Hole var ho med godt mot. Men tøffaste delen med mørk kveld/natt stod att.
Christina er den einaste som hittil har
lagt turen over Nibbebreen på veg til Holetindane. Det vart kveld, vêret klarna
opp, med kulde i høgda. Isen på breen var knallhard og Christina var i trøbbel.
Med onkelen, Per-Gunnar, som mentor berga ho seg. Men problema var ikkje over.
I mørkret fann ho ikkje råsa frå Brunstadsætra til Vellesætra. Etter noko
leiting gav ho opp og kryssa over elva. Mot Vellesætra som siste post måtte
Christina gå baklengs, fordi det var minst smertefullt for verkande bein. Ho
fullførte, men det vart 4. oktober før slitet var over, og kanskje var det bra
det var natt då ho «spaserte» heimatt frå Brunstad.
FAKTA TUR 3:
NAMN:
Christina Linnea Holmberg (19)
DATO:
3. og
4. oktober 2012
TOK POSTANE: Skogsvegen
Hjorthol – Koppen – Brune i Straumgjerde – Riksheimdalen – skogsvegen Fet - Høgsætra – skogsvegen Drabløs – Regndalen – skogsvegen Holemarka - Myrdalsfjellet – Holetindane – Brunstadkølen – Brunstadsætra - Vellesætra
START/MÅL:
Heimen i Tregardane
TID
: 1 døgn,
3 timar og 21 minutt – eller: 27 timar 21 minutt
I desse dagar bygg ein ny
person seg opp til turen innom trimgruppa sine 14 trimpostar, utan bruk av
sykkel eller bil mellom postane. Vert vêret lagleg, blir turen gjennomført i
veke 29.
Du får ikkje namnet i dag,
men ruta vert mest lik den Nils tok, men altså med tre postar i tillegg. Det
vert meldt til VIL-Nett at postruta vert som fylgjer:
Sætreelva i Holemarka - Myrdalsfjellet – Holetindane – Brunstadkølen – Brunstadsætra – Vellesætra - Regndalen – skogsvegen Drabløs- Høgsætra – skogsvegen Fet – Riksheimdalen - Brune i Straumgjerde – Koppen – skogsvegen Hjorthol
Atle Hole
16. juli 2013
Kjell Magnar nummer 13 i Molde
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jul 2013
arkivfoto
- Stort sett gjekk
det bra. Veldig bra oppover, men tapte litt nedover der eg ikkje var tøff nok.
Har lite trening i å sykle etter sti som det var ein del av her. Regnet gjorde
det sleipt og vått, men eg gjennonførte utan uhell av det store slaget.
Slik skildra Kjell Magnar
Berli debuten i Molde Challenge laurdag 13. juli. Han kom inn til tida 2.25.19
og vart nummer 13 i klasse 19-29 år. Han plasserte seg temmeleg nøyaktig «midt
i laget», i ei klasse som vart vunnen av Håkon Johannessen på sterke 1.55.41.
Rittet vil gi Kjell Magnar
ein litt gunstigare startposisjon i Birkebeinerrittet 31. august.
- Eg må nok sykle
på minst same nivå skal eg greie merkekravet der. Men der er det mindre sykling
etter sti, noko eg trur vil tale til min fordel, seier Kjell Magnar til
VIL-Nett
Jordbærdilten 27. juli
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jul 2013
Helga 27. og 28. juli står
Valldal fram som eit sentralt reisemål i samband med den årvisse
olsokmarkeringa. Den startar med Jordbærdilten, eit mosjonsløp (ikkje heilt
ulikt Konradløpet) på 3,2 kilometer. Start og mål i sentrum, der det denne dagen
vert ei rekkje aktivitetar, mellom anna rulleskirenn.
Det spesielle med
Jordbærdilten er at alle deltakarane plar få ei korg jordbær ved målgang. I år
er avlinga i Valldal 70 prosent under eit normalår, men kanskje….. vert det bær
på deltakarane i Jordbærdilten likevel..?
Hilde Tandstad har fleire
gonger gjort det bra i dette løpet, der spreke og gåande startar likt under
same målsegl.
Jazzhopp i Molde
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jul 2013
Juli er jazzfestivalmånad
i Molde. I samband med dette vert det arrangert hopprenn på plast (Jazzhopp),
der dei fleste lokale hoppentusiastane er på plass. Mellom dei Jan Ringseth,
Velledalen IL sin einaste utøvar i greina. Vi traff han utanfor Molde stadion
like før kampen Molde-Viking, og han kunne fortelje at han hadde representert
Velledalen IL inn til tredjeplass tidlegare på dag.
Går alt som det skal med førebuingane
reknar vi med Jan er på plass når det stundar til veteran-VM i hopp også komande
vinter.
Stå på, Jan!
Rekordforsøk komande veke
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jul 2013
Uansett vert dette rekord,
då det er fyrste gong nokon har gjort dette etter at posten på Kølen kom i
drift. No utgjer ikkje det nokon lang omveg i høve til turen Kenneth Fet (21)
og Christina Holmberg (20) har gjort tidlegare.
Kenneth gjorde sin tur i
august, og det vert naturleg å samanlikne med den tida han brukte. Christina
var altfor seint ute på hausten, og sleit både med stålis over Nibbebreen på
veg til Holetindane, og svarte natta. Men ho gjennomførte.
Vi kjem tilbake med meir
stoff kring turen seinare. Grunnen til at eksakt dato ikkje er bestemt er av
vêrmessig karakter. Ein legg ikkje ut på ein slik tur i regn og skodde.
Den «gløymde» trimposten
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jul 2013
Trimgruppa i Velledalen IL
har 14 postar i drift. Ikkje alle er like flittig besøkt og mellom dei mest
einsame postane er Høgsætra på Fet. I 2012 kom denne posten så vidt føre
Holetindane på statistikken, men vurdert ut frå lengde og vanskegrad er det
ikkje tvil om kva som var botnposten.
Ein meldar som nyleg var
på Høgsætra rapporterte om svakt besøk hittil i 2013. Trimgruppa har
kontinuerleg ei vurdering av dei ulike postane. Som vi hugsar vart posten i
skogsvegen på Drabløs lagt ned eit par sesongar på grunn av dårlege forhold og
attgroing. Dette vart det ordna opp i, og posten kom tilbake. Stadig kjem det
ynskjer om nye postar inn. I så fall er det dei svakaste som må vike.
Vi skal ikkje forskottere
trimgruppa sine gjerningar. Men sikkert er det at ein tur til Høgsætra denne
sommaren aukar sjansen for posten sin eksistens.
God tur!
Viktig helg for Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jul 2013
arkivfoto
For dei som ikkje veit
det:
Molde Challenge er
sykkelritt, nærare bestemt 46,5 kilometer i lengde og med 1100 høgdemeter
stigning. Kåra til «Norges beste terrengritt» i 2009 av ryttarane sjølve, i
regi av magasinet Birkebeiner`n og treningsmagasinet.no. Kjell Magnar deltek i
hovudsak for og betre «seedinga» (har med startposisjonen å gjere) føre
Birkebeinerrittet den 31. august.
Og startposisjonen under
Birkebeinerrittet er viktig, i alle fall som ein som har som mål og greie
merkekravet. Gjer Kjell Magnar det, er han den fyrste i Velledalen IL som har
greidd merkekravet i same sesong på ski, løp og sykkel. Tittelen på den
prestasjonen er Superbirkebeiner – og den heng høgt!
Vi ynskjer Kjell Magnar
lukke til i Molde. Resultatet får du på VIL-Nett laurdag kveld eller sundag.
Ny tikamprekord av HJ Holmberg
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2013
arkivfoto
Universiaden – vert òg
kalla studentane sitt OL – vert arrangert i Kazan i Russland i desse dagar.
Tikjemparen Henrik Johan Holmberg var i aksjon 8. og 9. juli.
Etter to harde dagar enda
Henrik som nummer ni, med 6850 poeng. Dette er ny krinsrekord for Sogn og
Fjordane. Han hadde sjølv den gamle (6823 poeng) sett i USA i april.
Vi håper å kunne kome
tilbake til Henrik sine resultat i dei ulike øvingane.
Universiaden vert
arrangert annakvart år. Basert på storleik og antal utøvarar er berre Dei
Olympiske Leikane større.
Vi nemner at nordmannen
Lars Vikan Rise tok ein sterk fjerdeplass i tikamp med brillefine 7531 poeng.
Stian tok manndomsprøva
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2013
Stian Mork var åleine frå
Velledalen IL om å prøve seg i ultrafjelløp i Hornindal 6.juli. Han deltok
ikkje i lengste styrkeprøva (75 km og 5900 høgdemeter), men nøgde seg med den
på 38 kilometer og 2900 høgdemeter.
Stian starta i Grodås
sentrum klokka 09.20, i overskya vêr med høveleg temperatur- ca 14 grader. Men etter
kvart vart det varmt, ja, svært varmt.
- Det vart blytungt
mot slutten. Særleg siste fjellet var tøft. Trur dette er det hardaste eg nokon
gong har vore med på, sa Stian til VIL-Nett etter løpet. Han kryssa mållina ved
Horndøla bru seks timar, ni minutt og 14 sekund etter starten. Noko som heldt
til ein flott 12.plass av 71 menn, og eit sikkert prov på at forma er god.
Vinnar på denne distansen
vart Rasmus Haugen, Hornindal. 15-åringen kom inn på smått utrulege 4.48.12.
Den lengste distansen vart
vunnen av svensken Kristoffer Normark, som brukte 10.48.37 på rundturen innom
dei 20 postane.
Stor idrettshelg
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2013
6.juli klokka 09.00 går
startskotet for Hornindal Rundt – også kalla Norges tøffaste fjelløp. Og tøft
er det. Lengste alternativet er 75 kilometer med 5600 høgdemeter og ein skal
innom 20 postar. Stian Mork deltek i eit kortare alternativ med lengde på 38
kilometer, 2900 høgdemeter og 11 postar. Evig nok vil vi tru. Stian er den
einaste frå VIL av 220 førehandspåmelde. Der finst og eit kortare alternativ,
eit Miniløp på 6,2 kilometer frå Sandgrova til Horndøla bru via Muldsvorhornet.
Ikkje langt unna vert Hellesyltløpet
arrangert med to løypealternativ. Det lengste er 6,6 kilometer, det kortaste
kring 1,5. Også her med lokal deltaking, noko vi kjem tilbake til.
Lokalt minner vi om
trimgruppa sin grillkveld på Brunstadsætra. Her er det ingen konkurranse, og vi
reknar med at gruppa har nok – og velsmakande – mat til alle. Som vanleg med
trimbingo på veg opp til sætra.
Og vi gratulerer trimgruppa med eit aldri
så lite jubileum. Grillkveld nummer 25 – godt jobba av ei driftig gruppe!
Medlemspremiering juni
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jul 2013
For å stimulere medlemstalet har VIL trekt premiar
mellom medlemane i april, mai og juni. For april og mai gjekk premiane høvesvis
til Sondre Skylstad og Rolf Haxthow. 30. juni gjorde laget den siste trekninga,
med Roar Nordtømme som vinnar.
Asgeir Rausand (kasserar) melder om ni nye medlemar i
juni, slik at vi no har passert 2012-tala med god margin.
Sterke grasrottal for juni
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jul 2013
Vi nærmar oss fellesferie, og kanskje har somme lagt
litt ekstra i tippinga i juni. I alle fall ein sterk grasrotmånad for VIL med
2169 kroner. Til samanlikning gav same månad i 2012 1915 kroner.
Talet på grasrotspelarar er no 70, ein avgang på 1
siste månad
Stoda på Holetindane trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jul 2013
Så langt har det ikkje
vore det store besøket på Holetindane, den mest krevjande trimmålet til
trimgruppa. Midt på dag 30. juni var stoda slik:
10 turar: Nils Terje
Skylstad
2 turar: Arnhild Linga
1 tur: 12 ulike personar står bokført.
På idrettsspråket kan vi
seie det slik: Beinhard kamp om dei to siste pallplassane.
Nettsidetal for juni månad
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jul 2013
Her er junitala for dei
åra vi har vore i sving:
2008: 342 treff
2009: 1084
2010: 1422
2011: 2217
2012:2434
2013: 3206
Sterkt av Alf Petter & Co.
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jul 2013
Rindal IL sitt fyrstelag
gjekk like godt heilt til topps. Etter ein totaldistanse på 335 kilometer frå
Østersund til Trondheim, var laget 20 minutt føre neste lag, Namdal Løpeklubb.
Rindal IL sitt andrelag,
med Alf Petter på laget, kom på ein knallsterk 15. plass av 179 lag.
- Eg sprang to
etappar, ein på 4 kilometer og ein på 4,5 – omtrent to Konradløp – seier Alf
Petter til VIL-Nett vel heimkomen etter turen
- Kor mange løparar
hadde Rindal IL totalt i aksjon?
- Vi hadde også eit
reint damelag som vart nummer 14 av 15 lag. Totalt hadde Rindal IL 125 utøvarar
i sving i løpet av helga.
Premierte i hesteskokasting
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jun 2013
Det vert meldt om stor
interesse rundt det som i hesteskokastinga sin gullalder i Velledalen vart
kalla presisjonskasting. Kvar deltakar kastar fem skor, der ein får poeng etter
kor nær ein kjem «pinnen». Kastavstanden er ti meter for vaksne, vesentleg
kortare for born.
Det vart delt ut premiar
kvar time, 11.00-12.00, 12.00-13.00, 13.00-14.00. Her er namna på dei
premierte:
Mari Velle Ødegård
Kjetil Ellefsen
Emma Solberg
Amy Aurdal
Geir Helge Grebstad
Nora Nesvik Lauritsen
Andrine Sundsbø
St. Olavs loppet i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jun 2013
Over 200 lag deltek på
distansen frå Østersund i Sverige til Trondheim. Løpet går over fleire dagar,
Alf Petter skal i aksjon laurdag og sundag. Vi reknar med å få rapport frå Alf
Petter i løpet av helga. Vanlegvis gjer laget hans, Rindal IL (tridlegare
RindalsTroll), det svært bra med plassering heilt i tetsjiktet for fyrstelaget
sin del.
Ny dato for Sykkylven Rundt
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jun 2013
Det viste seg at Sykkylven
Rundt var sett opp på same dato som Alperittet på Stranda, nemleg 7. september.
Sjølvsagt ikkje heldig, sidan Sykkylven SK vanlegvis stiller mannsterke der.
No er Sykkylven Rundt
flytta fram til sundag 25. august. Stafetten «Rundt Ramstaddalen» er på seks
etappar, tre sykkel og tre løp. Meir informasjon kjem seinare. Bedrifter,
idrettslag, vennegjengar og liknande kan stille.
Dommarfeil gav karantene
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2013
Det var på overtid i
kampen mot Elnesvågen at Bengt støytte saman med ein romsdaling. Dommaren
meinte situasjonen kvalifiserte til gult kort, det tredje i sesongen for Bengt.
Og dermed pause i neste kamp. Heldigvis for Stranda er han garantert spelesugen
i den viktige bortekampen mot Surnadal helga etter.
Dommaren vart nok lurt av
at Elnesvågen-spelaren brølte, og rulla rundt på spelebana. Vi sat særs godt
plassert, og kan med sikkerheit seie at Bengt tok ballen, medan Elnesvågen-spelaren
med stor kraft støytte inn i Bengt like etter han sparka vekk ballen.
At karen fekk låkt; det
trur vi så gjerne.
Gult kort; det skulle det
aldri vore.
Resultatliste "Opp på Bruna" 23. juni 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2013
Resultatliste frå
motbakkeløpet "Opp på Bruna" 23. juni 2013:
1 Kjell Magnar Berli 18:58
Løyperekord!
2 Robert Sogge 20:16 Raskaste herre
31-50 år
3 Per Inge Bjørnestad 20:24
4 Glenn Tafjord 21:38
5 Knut Orre 21:58
6 Sigve Lødemel 23:00 Raskaste
ungdom 13-17 år
7 Svein Nakken 23:31
8 Matias Årnes 23:42
9 Håvard Linga 24:40
10 Odd Lennart Lien 24:46
11 Viktor Ryste 25:56
12 Elisabeth Hole 26:08 Raskaste
kvinne
13 Simen Klokk 26:11
14 Sivert Nakken 27:00 Raskaste gut
under 13 år
15 Monica B. Orre 27:21 Raskaste
kvinne 31-50 år
16 Lisa Øvstedal 28:30 Raskaste
jente under 13 år
17 Andreas Nakken 28:40
18 Nikolay Korsedal 29:25
19 Håkon Lorentzen Nilsen 29:38
20 Johannes Bjørke 29:38
21 Rita Nygård 30:16 Raskaste kvinne
21-30 år
22 Jakob Indrebø Halvorsen 31:34
23 Sondre Fure 35:56
24 Martin Kaland 36:52
25 Reidar Rasmussen 39:09
26 Lars Erik Hovland 40:48
Opp på Bruna: Løyperekord av Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2013
- No trur eg forma
er tilbake på 2011-nivå. I dag kunne eg sprunge i same farta minst ein
kilometer lenger, seier ein godt nøgd kar etter målgang til VIL-Nett.
Med tida 18.58 (ny
løyperekord) hadde Kjell Magnar god margin tilbake til hardaste konkurrent,
Robert Sogge. Den tidlegare fotballspelaren kjempa med Per Inge Bjørnestad om
andreplassen. Glenn Tafjord vart nummer fire, så ein skjønar det var god
kvalitet i feltet.
Elles all honnør til
staben bak SIL sitt G14 og G16-lag. Dei
hadde tillyst trening i Straumgjerde og bedt spelarane ta med både jogge- og
fotballsko. I staden for fotball vart det motbakkeløp for heile gjengen. Gutane
tok det sporty. Sigve Flaten Lødemel gjorde det best med fin sjetteplass
totalt.
Her er dei beste tidene:
1.Kjell Magnar Berli 18.58
2. Robert Sogge 20.16
3. Per Inge Bjørnestad
20.24
4. Glenn Tafjord 21.38
5. Knut Orre 21.58
6. Sigve Flaten Lødemel
23.00
7. Svein Arne Nakken 23.31
Elisabeth Overvoll Hole
hadde beste dametid på 26.08
Vi kjem tilbake med
fullstendig resultatliste når vi får den.
Og det vert lagt ut bilder
i Album i nær framtid.
Klubbmeteorologen bada
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jun 2013
Dette gjorde han i samband
med «Ta-sjansen», arrangert av «Straumgjerde i vinden». Lufttemperaturen var
tolv grader – i kaldaste laget for eit bad vil mange meine. Holmberg
representerte KRF. Hans nære slektning, Christina, var nær sigeren mellom
politikarane, men kom tidelen for seint til å tukte SV sin Jens Bjørlo
Tandstad.
Her er resultata frå den
politiske delen:
1.
SV – 8,0 sek
2.
SP – 8, 1 sek (Christina Holmberg)
3.
AP – 8,6 sek
4.
KRF – 10,2 sek
5.
FRP – 12,4 sek
6.
H – 15,5 sek
Som ein ser dominerte dei
Raudgrøne den «politiske badinga» dette året.
Myrdalsfjellet trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jun 2013
Den spreke pensjonisten
Elling Hole har hatt eit godt grep om posten på Myrdalsfjellet siste åra. Men
fleire personar ligg like bak, så mangt kan skje i juli, august og september.
Her er stoda 21.juni om
lag klokka 18. 45
Elling Hole 21 turar
Nils Skylstad 15
Ingrid Brudevoll 12
Eldrid Myhre 10.
For at ikkje
trimbokskiftet skal kome som julekvelden på kjerringa, minner vi om at dette
skjer vanlegvis i skulane sin haustferie.
Trimpost Brunstadkølen
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jun 2013
Arnt Brunstad 5
Kjell Magnar Berli 5
Linda Kristin Øye 3
Arnhild Linga 3
Svein Linga 2
Stine Urke Brunstad 2
Hege Urke Brunstad 2
Nils Terje Skylstad 2
Her er ingenting avgjort!
Katinka og Jo
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jun 2013
Velledalen IL finn å kunne godkjenne at nummer 38 på Konradstatistikken for beste kvinnetider, Katinka Havnegjerde, har teke nummer 39. på statistikken for menn, Jo Andre Tandstad, til ektemake.
Eit vakkert par- Gratulerer!!
Opp på Bruna (3. utg.)
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jun 2013
Start ved Bunnpris Straumgjerde kl. 11.00
for trim (utan tidtaking) og 11.15 for konkurranseklassene (med tidtaking)
Distanse: 3,1 km
Løyperekordar:
For menn: 19.37
minutt Robin Jørgensen
For kvinner: 22.41 minutt Mathea Lervåg
Påmelding til: straumgjerdevel@gmail.com eller ved
start
Startavgift: Born 0-13 år gratis. 13-100
år kr 50,-
Premiering: Raskaste dame/herre og
klassevinnarane (gåvepremiar)
Drikkestasjon undervegs
Grilling og enkel kiosk i målområdet
Ny helgakonkurranse
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jun 2013
På biletet ser du to menn på
om lag på same alder. Begge har passert 40 år. Begge er sykkylvingar. Ein av
dei deltok i Nibberittet, den andre i Nibbeløpet.
Vi vil ha namna. Send
svaret ditt innan måndag klokka 23.59 til:
E-post: atlehole@online.no
Tekstmelding: 917 43 761
Brunstadekspressen i rekordfart rundt Sognsvann
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jun 2013
12. juni sette Sverre
Gunnar Brunstad ny aldersrekord for 46 åringar. Ikkje på èin runde, men på
fire. Denne distansen utgjer 12,9 kilometer, noko «ekspressen» la bak seg på
48.18. Sterkt!!
- Målet er å presse denne tida yttarlegare
ned, skriv Brunstad og ynskjer God Sommar til alle kjende.
Odd Lennart trufast marsjdeltakar
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jun 2013
Som vanleg var Odd Lennart
Lien på plass under den store idrettshelga i Geiranger. For sjuande gong.
Nibbemarsjen har distansar frå fem til 21 kilometer. Kortversjonen går frå
Djupvasshytta til toppen av Dalsnibba. Den lengste går frå Geiranger sentrum
til toppen av Dalsnibba.
Odd Lennart tok som vanleg
det lengste alternativet. Og som vanleg heldt han høg fart. Den private
tidtakinga synte at han brukte to timar og 47 minutt på turen, noko som er
raskare enn fleire av løpsdeltakarane.
Sundag om ei veke reknar
vi med at Odd Lennart – og mange med han – stiller i «Opp på Bruna» i
Straumgjerde
Stor framgang for Alf Petter
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jun 2013
I Volda vert det arrangert
løpskarusell der løparane med jamne mellomrom spring rundt Rotevatnet. Alf
Petter Bøe har brukt desse arrangementa til å piffe opp forma før St.
Olavsloppet som vert arrangert 26.-29.juni frå Østersund til Trondheim (34 mil).
For tre veker sidan brukte
Alf Petter 24.58 rundt Rotevatnet. Laurdag 15. juni pressa han tida ned til
24.16, noko som heldt til andreplass i løpet. Framgang på 42 sekund i løpet av
tre veker er sterkt levert.
Alf Petter reknar med at
han vert i aksjon for 2.laget til Rindal IL i dagane 28. og 29. juni.
Vi ynskjer lukke til!
Stor idrettsdag i Geiranger
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jun 2013
Debutanten Glenn Harald
Tafjord imponerte med 2.00.42 i løpet, noko som heldt til flott sjetteplass i
klasse 40-44 år. Kjell Magnar Berli, med kjenning av ein skade etter
Birkebeinerløpet vart nummer 11 av 71 i klasse 23-39 år med tida 2.10.44
Av dei lokale syklistane
var Per Steinar Linga sterkast med
1.18.59, på ein dag der det vart sett rekordar både for kvinner og menn
under syklinga.
NYT RESULTATA:
Beste herretid løp:
Thorbjørn Ludvigsen, BFG Bergen, 1.30.42
Lokale aktørar:
Glenn Harald Tafjord
2.00.42
Kjell Magnar Berli 2.01.44
Knut Orre 2.25.23
Olaf Øien 2.53.44 (nyleg
passert 70 år – gjorde sitt 20. Nibbeløp av 20 mulege)
Beste kvinnetid sykkel:
Borghild Løvset, Orkla CK, 1.11.52
Lokale resultat:
Marita Bjørkelid Andreassen
2.07.10
Grethe Lekven 2.18.52
Anne Karin Watters 2.24.24
Annebell Dahl 2.45.59
Beste herretid sykkel:
Åsmund Romstad Løvik, TVK, 1.00.59
Lokale resultat:
Per Steinar Linga 1.18.59
Eldar Kurseth 1.23.08
Espen Utgård Sæther
1.23.44
Per Inge Bjørnestad
1.25.23
Jan Erik Bårdsgjære
1.27.44
Jan Kåre Fure 1.28.48
Stig Jonny Urke 1.31.28
Arild Mjeltevik 1.32.18
Jan Bøe Øvstedal 1.56.06
Bjørn Inge Gjersdal
1.58.55
Oddbjørn Settemsdal
2.28.49
Her kjem bruda !
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2013
Katinka Havnegjerde er den
utkåra som gifter seg med Jo Andrè laurdag 15.juni. Under Konradløpet hamna
Katinka i spurtduell med gartnaren og den lokale vêrmannen Per-Gunnar Holmberg.
Han er rekna som Velledalen sin raskaste mann over 50 år. Difor var det sterkt
av Katinka og berre bli sekundet bak. 23.30 på Per-Gunnar, 23.31 på Katinka
står det i resultatlista for 2013.06.14
På lista over beste dametider
gjennom alle tider står Katinka på 98.plass. Og vi kjenner oss ganske sikre på
at ho saman med ektemann Jo kan smykke seg med tittelen beste «Konradbrudepar»
i 2013.06.14
I går gratulerte vi
brudgomen på VIL-Nett.
I dag gratulerer vi bruda!
Gnallhard kniving i Regndalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jun 2013
Stoda ved Regndalen
trimpost vart sjekka 13. juni klokka 18.30. Kring tre og ein halv månad før
trimgruppa gjer bokbytet sitt. Rett nok har forholda vore vanskelege store
delar av sesongen, men at tre turar held til topplass så lang er høgst
overraskande.
Desse fire personane ligg
i tet med tre turar kvar:
Thomas Alnes
Sindre Aurdal Alnes
Magnus Eliassen
Erika Weiberg-Aurdal
Like bak, i fin
angrepsposisjon, ligg ein heil flokk personar med to/ ein tur. Det er i alle
fall ope denne sesongen, på posten Geir Helge Grebstad har dominert i lang tid.
Olympisk akademi 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jun 2013
Norges idrettsforbund inviterer unge idrettsledere og andre i alderen 18 – 29 år til Olympisk akademi
.
Tema for akademiet er «Olympisme – dilemma og verdivalg». Akademiet er ved Nansenskolen på Lillehammer i tiden 8. – 11. august.
Nancy beste sykkylving i Jentebølgen
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2013
Det er med Jentebølgen som med Konradløpet; tida
er ikkje det viktigaste. Men det er så rart med det når ein har fått
startnummeret på brystet. I alle fall, i lett regnvêr la imponerande 1850
deltakarar deltakarar i veg i den lokale stormønstringa. Arrangøren, Valder IL,
har sett opp ei liste over dei 20 beste, som ein kan finne på sida til Kondis.
Denne vert toppa av orienteringsløparen Ida Marie Ness Bjørgul med tida 18.40.
Nancy på 18. plass står oppført med 23.00. Men det klart mest imponerande er
deltakartalet – her hadde det bikka 2000 i godvêr!
Skogsvegen Dravlaus – kamp om andreplassen?
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jun 2013
Det er rydda i området og kassa er no plassert
på lett synleg stad. Ein typisk joggeskotur som trimgruppa betalar med to
poeng. Annlaug Lervåg var klart i tet då VIL-Nett sitt team besøkte posten
laurdag 8. juni klokka 11.00. Men kampen om andreplassen var beinhard og
vidopen.
Her er stoda:
53 turar: Annlaug Lervåg
15 turar: Kurt Lade og
Pernille Ibsen Lervåg
14 turar: Linn Tove
Akselvoll Lade
Nytt steg mot trippelen for Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jun 2013
31. august kan Kjell
Magnar bli historisk i Velledalen IL. Greier han merkekravet under
Birkebeinerrittet på sykkel denne dagen, vert han den fyrste i Velledalen IL
som kan bere tittelen SUPERBIRKEBEINER – som vil seie at ein har greidd
merkekravet i rennet, løpet og rittet i same kalenderår. No er rennet og løpet
i hamn.
Med tida 1.27.46 vart
Kjell Magnar nummer 31 i klasse 25-29 år. Merkekravet var 1.42.34, ei tid også
Jens Christian Hole gjekk under med god margin, etter eit solid løp på 1.38.33.
(Nummer 161 i klassa). Fire minutt under merkekravet er solid, og dei med god
hugs minnest at «Hol-hynen» løyvde kring 20 sekund i 2012. Med andre ord; fin
framgang!
Flott debut også av
Karstein Magne Jensen. Etter ei optimistisk opning såg det lenge ut til at han
skulle greie målet om ei sluttid under to timar. Men det vart tungt på slutten,
slik at det som lenge såg ut til å ende på kring 1.55 til slutt vart 2.05.33.
Heilt sikkert ei nyttig erfaring på vegen vidare for Karstein.
Eldar Kurseth og Rolf
Haxthow var påmelde, men ikkje mellom dei startande denne gongen.
Vi merkar oss og flott
debut av Oda Alette Kjellsbøl Hole i yngste jenteklasse. Tida 2.11.07 var drygt
fire minutt bak merkekravet. Gjer som onkel Jens, så har du kravet inne i
2014!!
Velkomen til Birkebeinerlaurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jun 2013
Årets
arrangement er det 16. i rekkja. Løpet er 21 kilometer og går i skogsterreng.
Start er frå Birkebeineren Skistadion, målgang ved Håkons Hall. Alle som er 16
år pr 31.12.13 kan delta.
Vi har fått
melding om at ein av veteranane våre, Rolf Haxthow, ikkje stiller grunna skade.
Vi er i gang - passeringstider:
FINNSVEEN:
Cato Ryste 15.04
Magne Helland 17.15
Torstein Hole 18.01
Kjell Magnar Berli - manglar på denne posten
Jens Christian Hole 19.27
Karstein Magne Jensen
21.47
Sølvi Sjøholt Lund 22.07
Britt Sjøholt 23.02
Oda Alette K. Hole 23.40
Sjøseterveien:
Cato Ryste 32.32
Kjell Magnar Berli 36.16
Magne Helland 37.03
Arild Bjørdal 38.23
Torstein Hole 38.53
Jens Christian Hole. 40.39
Sølvi Sjøholt Lund 47.14
Karstein Magne Jensen
47.30
Britt Sjøholt 48.19
Oda Alette K. Hole 52.43
MESNASAGA:
Cato Ryste 40.51
Kjell Magnar Berli 45.20
Magne Helland 46.30
Torstein Hole 48.40
Jens Christian Hole 50.40
Sølvi Sjøholt Lund 59.09
Karstein Magne Jensen
59.58
Britt Sjøholt 1. 00.18
Oda Alette K. Hole 1.06.44
KANALEN:
Cato Ryste 59.46
Kjell Magnar Berli 1.05.19
Magne Helland 1.07.47
Torstein Hole 1.10.39
Arild Bjørdal 1.11.30
Jens Christian Hole.
1.12.37
Sølvi Sjøholt Lund 1.25.23
Britt Sjøholt 1.26.23
Karstein Jensen 1.30.22
Oda Alette K. Hole 1.37.40
MÅL:
Cato Ryste. 1.21.00 - under merkekravet
Kjell Magnar Berli 1.27.46
– under merkekravet
Magne Helland 1.31.27 - under merkekravet
Torstein Hole 1.35 18 - under merkekravet
Jens Christian Hole 1.38.
33 – under merkekravet
Arild Bjørdal 1.38.42 – under
merkekravet
Sølvi Sjøholt Lund 1.54.58
– under merkekravet
Britt Sjøholt 1. 56.58 - under merkekravet
Karstein Magne Jensen
2.05.33
Oda Alette K. Hole 2.11.07
Medlemspremiering 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jun 2013
Velledalen IL
hadde nedgang i medlemstal i 2012, då kring 150 personar betalte kontingent.
- Korleis
er stoda no, har vi spurt kasserar Asgeir Rausand
- Vi er
heldigvis på rett veg. Ved siste oppteljing var talet 158, så vi har passert
fjoråret
- Er
det sett i verk spesielle tiltak?
- Vi
har fått opp informasjon ved dei fleste trimkassene og vi bestemte tre
trekningar mellom alle som hadde betalt kontingenten. Vi har nyleg trekt for
april og mai, med Sondre Skylstad som vinnar i april og Rolf Haxthow som vinnar
i mai
- Når
er neste trekning?
- Det
er 30. juni
- Kven
er med der?
- Alle
som har betalt 2013-kontingenten før denne datoen, minus dei to som alt har
vunne. Verdien av månadspremien er kring 500 kroner, så her er det berre og slengje seg med, oppfordrar kasserar Asgeir
Kring 10 000 spring Birkebeinerløpet laurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2013
Her er nokre
utplukka startnummer:
74: Cato Ryste
- M elite - start 10.00
115: Kjell
Magnar Berli – M elite - start 10.00
165: Magne
Helland – M elite - start 10.00
2105: Torstein
Hole – M 55-59 år – start 10.20
5113: Jens
Christian Hole – M 25-29 år – start 10.50
9116: Sølvi
Sjøholt Lund – K 45-49 år – start 11.25
9229: Karstein
Magne Jensen – M 50-54 år – start 11.25
12076: Oda
Alette Kjellsbøl Hole – K 16-17 år – start 11.40
13220: Arild
Bjørdal – M 55-59 år – start 11.45
14241: Britt
Sjøholt – K 45-49 år – start 11.50
18057: Eldar
Kurseth – M 40-44 år – start 12.10
20081: Rolf
Haxthow – M 55-59 år – start 12.20
Fire av
personane på lista er debutantar. Det gjeld vår eigen Karstein Magne Jensen i
tillegg til dei tre kvinnelege innslaga. Det er verdt å merke seg at Sølvi
Sjøholt Lund og Britt Sjøholt møtest til systreduell i klasse 45-49 år
(men ikkje same starttid) i årets
Birkebeinerløp. Begge sprang Holmenkollstafett for Velledalen IL sitt kvinnelag
på 1980-talet.
Arild Bjørdal
har flest løpsmerke av personane på lista med ti merke på elleve startar.
Torstein Hole har full pott med seks merke på seks startar. Begge desse er
1957-modellar.
Vi ynskjer
samtlege lukke til laurdag 8.juni.
Tips oss (
atlehole@online.no
– 917 43 761) om nokon veit om andre
personar av lokal interesse som deltek.
Tøffe Karstein klar til helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jun 2013
Det fulle
namnet er Karstein Magne Jensen. Han er 1960-modell og vart hekta på trening
etter han passerte 50 år. Ein viss del av æra for det skal Kjell Magnar Berli
ha, stesonen som fekk smaken på idrettslivet nokre år tidlegare.
I vinter var
Karstein til Lillehammer to helgar på rappen. Han gjekk både Halvbirken og
Birkebeinerrennet. Fullførte begge i fin stil og har slik sett alt no sikra seg
betre startposisjon neste år. Under Det Store Folkerennet gjekk han på ski rundt
Nysætervatnet på under 50 minutt. Er ein over 50 år, og nyleg har starta
treningsarbeidet, er det meir enn sprekt gjort.
Karstein har
no trena kring eitt år. Det starta før Konradløpet i 2012. Då kom Karstein inn
på 25.05. Året etter, i 2013, vart tida
21.47. Eit klare prov på at Treninga hadde betalt seg kunne nordlendingen
knappast få.
Konradløpet er
ein ting, Birkebeinerløpet noko heilt anna. Distansen er halvmaraton, det vil
seie kring 21 kilometer. Han vil møte bakkar både oppover og nedover, og
springing i terreng som kan vere både blautt og gjørmete i regnvêr.
- Eg
har sett meg som mål ei sluttid på to timar. Greier eg under det er eg nøgd.
Merkekravet i klasse 50-54 år plar vere ca 1.47, men det er ikkje målet denne
gongen, seier debutanten.
- Har
treninga elles sett sine spor?
- Å ja,
eg merkar det godt på kroppen at forma er betre. Dessutan eg er nesten ti kilo
lettare. Det merkast i motbakkane.
Om det går bra
på Lillehammer er ikkje Karstein Jensen heilt framand for å prøve ei endå
tøffare kraftprøve helga etter – NIBBELØPET!
21 kilometer med 1500 høgdemeter stigning i Geiranger. Stort nærare ei
manndomsprøve kan ikkje eit gjennomsnittsmenneske kome.
VIL-Nett
ynskjer Karstein lukke til på laurdag!
Status Bruna trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jun 2013
Trimposten i Straumgjerde
er den klart best besøkte av trimgruppa sine postar. Slik har det vore siste
åra, og slik er det i 2013. Vår mann var innom posten 1.juni klokka 11.45, som
betyr at det er temmeleg nøyaktig 4 månader att av sesongen.
Stoda vart rapportert og
vere som fylgjer:
1.
Vigdis Fure 374 turar
2.
Inger Riksheim 308
3.
Solveig Olsen 245
4.
Kjell Olsen 162
5.
Reidar Fure 124
6.
Anne-Lise Hjelle 95
Er du på ein av postane vi
ikkje har rapportert frå i løpet av helga, så meld gjerne inn stoda til: atlehole@online.no
Nye påmelde frå VIL til Birkebeinerløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jun 2013
Sidan vi skreiv om saka sist
har to nye VIL-namn kome på lista. Det er Kjell Magnar Berli som stiller i
eliteklassa (start klokka 10.00) og Karstein Magne Jensen som stiller i klasse
50-54 år
Følg med på
Birkebeinerlaurdag på VIL-Nett om ei veke!
Desse er påmelde frå vårt
lag frå yngst til eldst:
Kjell Magnar Berli
Jens Christian Hole
Eldar Kurseth
Karstein Magne Jensen
Rolf Haxthow
I tillegg vil vi fylgje
med på andre lokale løparar, som eksempelvis Torstein Hole, som spring for sitt
sjuande merke på like mange startar
Trekløver passerer 190 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mai 2013
Det heng saman
såleis:
Terje Aurdal
vart 60 år 27.mai, noko som tidlegare er omtala.
Olaf Øien vert
70 år 31. mai.
Jan Egil Årnes
vert 60 år 4.juni.
Alle tre kjem
under kategorien «seige, uthaldande karar». I dag skal vi skrive litt om Olaf
Øien, som til liks med Terje representerer Velledalen IL. Olaf er løpar. Ein
typisk langløpar, som hevdar seg anten det er flatt eller bratt. Siste åra har
det stadig blitt brattare løp, no som dei såkalla motbakkeløpa står i kø.
Få har sprunge
lenger enn Olaf Øien. Han har mellom anna 19 fullførte løp av 19 mulege i
Nibbeløpet i Geiranger. 8.juni vert han ein av mindre enn ein handfull løparar
som har 20 av 20. Ein framifrå prestasjon som VIL-Nett vil kome tilbake til.
Og plasseringane i Geiranger, frå han
starta opp i klasse 50-54 år til årets løp i klasse 70-74 år, har vore gode.
Stort sett berre fyrste-, andre- og tredjeplassar.
Tidlegare var
Sykkylven Halvmaraton ein kvalitetsmålar for dei som likte lange løp. Olaf Øien
deltok her samtlege år i tidsrommet 1987 til 1999. Bestetida hans var 1.20.42 i
1990. Same året gjorde Jan Egil Årnes sitt beste løp av sine totalt 18.
Svartebekk-ekspressen noterte 1.20.54 Berre tolv sekund skilde dei to. Men enno
jamnare var det i 1992. Då brukte Jan Egil 1.24.16, Olaf 1.24 15. Og vi berre
nemner det; ein halvmaraton er 21 097,5 meter.
VIL-Nett
gratulerer Olaf, ein imponerande sprek 70-åring, med dagen den 31. mai! Vi
minner om at Konrad Brunstad fyrst byrja trene i ein alder av 75, så du ligg
utruleg godt an i løypa.
Sjå på Olaf - mannen som gir slagordet «helse i kvar meter» eit andlet.
Det går mot ei «Hild» på Vellesætra
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mai 2013
Kring fire
månader før trimbokbytet er det lite som tyder på at andre vil blande seg inn i
toppkampen. Torhild Skogvold og Arnhild Linga har nemleg god klaring ned til
Kjell Magnar på tredjeplass.
Ein tur til
Vellesætra gir sju poeng, brukbar fangst også for dei som vil kjempe seg inn på
samanlagtlista. Slik var stoda på Vellesætra torsdag 30. mai klokka 18.10:
1.
Torhild
Skogvold 83 turar
2.
Arnhild
Linga 70 turar
3.
Kjell
Magnar Berli 26
4.
Solveig
Brunstad 17
5.
Marit
Overå Hovland og Solfrid Brunstad 10
Bak desse kom
Alf Petter Bøe med ni turar, Karstein Jensen med åtte og Liv Skogvold med sju.
NY REKORD I DAG
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mai 2013
Velledalen IL kan i dag feire ny rekord for
nettsida, då den gamle frå april 2013 vert passer i løpet av dagen.
April-rekorden var på 4319 treff, ein rekord som alt er passert. Venteleg vil
maitala ligge godt over 4600 treff. Ei medverkande årsak er sjølvsagt
Konradløpa. Til samanlikning nemner vi at VIL-Nett i mai 2012 hadde 3218 treff.
Smånytt frå stor idrettshelg
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mai 2013
Alf Petter Bøe
tok turen til Volda og det drygt seks kilometer lange Rotevatnet Rundt. Løpet
samla totalt 13 deltakarar. Av desse vart Alf Petter nummer fire med tida
24.58. Truleg deltek Alf Petter også i neste løp rundt Rotevatnet (om tre
veker) som oppkøyring til St. Olavs loppet.
Varden Opp
vart arrangert laurdag med start i Langevåg. Glenn Harald Tafjord imponerte med
klassesiger i 40-44 år med tida 53.20. Best tid av samtlege 83 deltakarar hadde
langrennsløparen Runar Korsnes frå Emblem IL, som noterte sterke 46.47.
Eldar Kurseth
vart beste lokale syklist i det 95 kilometer lange Sykkylvsrittet. Han kom inn
med hovudfeltet til tida 2.26.14. Vinnar av fellesstarten vart Karl Erik
Kravik, Ålesund og omegn sykkelklubb, med tida 2.24.46
Gratulerer Terje!
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mai 2013
Velledalen IL
har mange medlemar utanom Velledalen. Ein av dei med klart lengst fartstid er
Terje Aurdal, ein kar som har markert seg på ymse positive måtar i laget vårt.
Kanskje i større grad enn dei fleste veit.
Terje har i
alle år sysla med idrett. Hovudsakleg langrenn og springing. Terje Aurdal var
den store pådrivaren då Velledalen IL i fem år hadde herrelag – og damelag i
tre eller to - i Holmenkollstafetten i Oslo. Dette var i fyrste halvdel av
1980-åra, og det var ikkje så reint lite organisering som skulle gjerast for at
alt skulle klaffe. Terje tok dei tyngste børene i så måte, og alle kom
heilskinna heim med gode minne kvar gong. Og bestetida til herrelaget var høgst
respektable 54.42.
Størstedelen
av tida som aktiv representerte Terje Sykkylven IL. Men midt på 1980-talet
hoppa han over til Velledalen IL. Det gav klubben KM-tittel over 3x10 km
stafett i Ørsta i 1985, 33 år etter Jon C. Brunstad, Ole L, Paul og Olav P.
Hole hadde gjort like eins i same kommune (1952). I 1986, hans siste sesong som
seriøstsatsande, vann Terje KM-tittel over 15 km i seniorklassa på Vatne. Berre
ein mann før han i Velledalen IL si 107-årige soge har vunne eit senior-KM i
individuelt langrenn i herreklassa, nemleg Olav P. Hole i 1951. Eit fall ned ei
kjellartrapp gjorde at han ikkje fekk stille då klubben skulle gjere det heilt
store i stafetten om fylkesmeisterskapet, men det må seiast at reserven Bård
Erstad var ein god erstattar.
Terje Aurdal
kjempa hardt som friidrettsleiar i SIL for og behalde friidretten på Sykkylven
stadion. Denne kampen tapte han. Sidan den gongen har Terje vore vår mann, og
mange i gruppa hans og miljøet rundt han fylgde i same spora. Tradisjonsrike
Sykkylven Halvmaraton enda óg sine dagar i etterkant av denne hendinga.
Terje har mang
ein gong tromma saman lag til «Stafetten for alle» i Lom-traktene. Her lokalt
har han hatt godhug for prosjektet «Sykkylven Rundt». Det vart eit prøveår i
2009, før ein satsar med nytt konsept og ny giv den 7. september i 2013
Terje har
elles vore bygda Sykkylven sin føregangsmann på langløp i utlandet. Han var den
fyrste som gjekk Vasaloppet, og han har vore pioner i ei rekkje andre land, no
sist vinter i Finland.
Terje Sigbjørn
Aurdal har Konradmedaljen i gull!
PS. Terje har
førebels ikkje levert idrettsminne til Velledalen IL (enno ikkje for seint). Vi
tek med eit anna idrettsminne som skildrar litt av livet kring ei deltaking i
Holmenkollstafetten på 1980-talet.
GRATULERER med
jubileumet, Terje!
På vegne av
idrettsvener i Velledalen IL
Atle Hole
Idrettsminne finn du her
Ny Bengt-scoring i snuoperasjon
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mai 2013
I 70 minutt
såg Stranda ut som eit 4. divisjonslag. AK leia 3-1 og det stod 4-0 til Stranda
i dommaren sin protokoll over gule kort.
Men så; i det
77 minutt hjørnespark til Stranda, lagt av Anders Astad Sve, som for øvrig har
løyperekorden rundt Fetvatnet. Hjørnesparket kom lavt inn i feltet og Bengt var
på plass og «flikka» ballen i mål til 2-3. I det 88. minutt vart det 3-3.
Rullgardina gjekk heilt ned for gjestane og det kom to nye strandamål på
tampen. Dermed tre viktige poeng for Bengt – angripar før pause og midtstoppar
i 2. omgang - og Thomas Fure (høgreback).
Også i
kortprotokollen auka Stranda mot slutten slik at det enda 5-0 til heimelaget i
gule kort. Fleire av dei på rein og skjær tullferde. Men det aller viktigaste
var at 1-3 i målprotokollen var snudd til 5-3 i løpet av 15 minutt.
Følg med på Henrik-bloggen
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mai 2013
Morten har
reist til USA. Han er der med andre ord, når sonen Henrik Johan mulegens
sprengjer 7000-poengs grensa i tikamp. Då skal mykje klaffe, men vi har fått
melding om at ein ny barriere er knekt. Henrik sprang 100 meter på 10.98.
Men som sagt;
fylg Henrik-bloggen og VIL-Nett – der kjem siste nytt frå studentfriidretten i
USA.
Sykkylven Rundt 7. september
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mai 2013
Arrangøren,
Velledalen IL friidrett og Sykkylven Sykkelklubb, kjem snart ut med siste
utkastet i dette konseptet, som hadde eit prøvearrangemnet i 2009. Den gongen
eit omfattande opplegg med rulleski, hesteskokasting, fotballskyting, sykling
og springing.
Opplegget som
i nær framtid kan presenterast er langt enklare. I alt vert det seks etappar,
tre springing og tre på sykkel. Prestasjonsjaget er tona ned, målet er å få med
ei rad ulike grupperingar som idrettslag, bedrifter, skuleklasser og ulike
vennegjengar.
Under siste
møtet vart planane spikra til vakre tonar frå Velledalskoret i Velledalen
grendahus og fylgjande spørsmål vart reist: - Hadde eksempelvis Velledalskoret
kome seg «Rundt Ramstaddalen», eller «Tandstadkarane», vil dei stille lag.
Holekarane stiller, ei gruppering av alle som bur/har budd/overnatta på
«skyvjing» innanfor Hole sine grenser.
Vi kjem
tilbake til det, men på fyrste etappe frå Dalemyra til Lafabrikken (om Brunstad
og Hole), kan ein bruke så mange utøvarar ein vil. Fyrste etappe er med andre
ord ein stafett i stafetten. Ein må med andre ord vere seks personar for å
danne lag. Men ein kan også nytte 20 personar, men då må 15 av desse nyttast på
1. etappe.
Bli
ikkje forvirra, vi kjem med meir informasjon seinare.
Skogsvegen Hjorthol: Dei trufaste i tet
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mai 2013
Tala er henta
frå 22.mai klokka 10.45 – ein gråvêrsdag med skodde og lett regn. Ein tur til denne posten gir to poeng. Sidan
det stort sett er motbakke, skal ein gå sakte om ikkje hjartemuskelen gir
kroppen positiv respons. Turen kan gjerast i joggesko – uansett vêr – sidan den
går på skogsveg av bra kvalitet.
Med drygt fire
månader att av sesongen er det alt som tyder på at kampen om trimpostpremien
står mellom Anita Hjorthol og Ingrid Brudevoll. To «naboar» til posten, og to
av dei trufaste i alle år. Slik VIL-Nett vurderer situasjonen, ligg dei andre
så langt bak at draumar om topplassen synest heilt fåfengt.
Mannfolka ligg «litt» etter, for å nytte
ei varsam formulering. Her er det rom for framgang. Kven som vert beste mann på
posten ved sesongslutt er langt frå avgjort.
Dei beste
Hjorthol skogsveg, 22.mai klokka 10.45.
1.
Anita
Hjorthol 99 turar
2.
Ingrid
Brudevoll 91
3.
Hanne
Ulset 47
4.
Eldrid
Myhre 22
5.
Jan
Lade og Svein Hjorthol 12
Nye namn i Birkebeinerløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mai 2013
Eldar Kurseth hadde stor suksess i 2012 då han løyvde eitt sekund til merkekravet. Kurseth, som i fylgje arrangøren har eitt merke på tre startar, stiller til sin fjerde start 8. juni n- klassa er 40-44 år.
Vi tek óg med at Oda Alette Kjellsbøl Hole, som representerer Gjelleråsen IF og har sterke band til Velledalen på farssida, er debutant i klasse K16-17.
Ein annan kar med sterke band til Velledalen på farssida er Torstein Hole. Han representerer Emblem IL, og spring i klasse 55-59 år. Hans «ranking» er seks merke på seks startar, og han er mangårig Superbirkebeiner, slik Kjell Magnar (Berli) har som mål å bli dette året.
Vidare har det tikka inn melding om at Mathilde Sofie Kjellsbøl Hole og Oskar Johan Hole, begge stiller i Ungdomsbirken. Mathilde i klasse UK 15, Oskar i UM 12. Begge desse representerer Gjelleråsen IF.
Kjenner nokon til fleire lokale utøvarar i løpet 8. juni så meld gjerne frå til: atlehole@online.no
Stikk innom ein trimpost i pinsa
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Mai 2013
Dette er ein typisk «lettterrengpost» anten ein startar frå Hole elle La. Sjølv om distansen er bra – i alle fall om du går frå Hole – må du nøye deg med to poeng for turen. Med andre ord; det er andre stadar «støtet» bør setjast inn om målet er høg samanlagtplassering.
Besøket hittil i sesongen har vore godt på posten. Her er tala, 19.mai klokka 08.30:
1.
Ann-Helen Hole 142 turar
2.
Elling Hole 132
3.
Nils Terje Skylstad 66
4.
Susann Osnes 48
5.
Ellen Marie Hole 46
Eller vi kan la oss imponere av to superveteranar. Kjellaug Ulset (85) har 29 turar. Oddmund Skylstad (90 i november) har tolv. Framifrå flott!!
Er du innom ein post så meld gjerne inn resultat til:
atlehole@online.no
Høgsesong for trimpostane
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mai 2013
Fyrste sjekkpunkt var Brunstadsætra, på sjølvaste 17.mai. Tilsynelatande avgjort om topplassen, der Inger Anne Brunstad er sterk, men gnall
hard kamp om plassane bak. Kvinnedominans i toppen, einast Arnt Brunstad inne på topp-5 av hannkjønn.
Slik var stoda 17.mai klokka 20.00:
1.
Inger Anne Brunstad 113 turar
2.
Marianne Urke 51 turar
3.
Torhild Skogvold 42 turar
4.
Arnhild Linga 41 turar
5.
Arnt Brunstad 30 turar
Trimgruppa gir deg fire poeng i «banken» for kvar tur til Brunstadsætra
7500 påmelde hittil i Birkebeinerløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mai 2013
8.juni er
datoen for Birkebeinerløpet i år. Tidlegare har løpet vore arrangert på
hausten, men er no flytta fram, slik at det vert kring tre månader mellom kvar
kraftprøve for dei som vil prøve seg på trippelen (ski, springing, sykling).
Pr. 16.mai
klokka 09.00 står to personar frå VIL på startlistene. Det er:
25-29 år: Jens
Christian Hole
55-59 år: Rolf
Haxthow
Begge desse har
50 prosent «utbytte» når det gjeld merke. Jens eitt merke på to startar, Rolf
to merke på fire startar.
Men venteleg
vert det langt fleire som vil representere Velledalen IL i løpet. Vi veit at
Kjell Magnar Berli stiller. For hans del vil løpet vere del to på vegen mot
tittelen Superbirkebeiner, dei som
greier merkekravet i alle tre disiplinar i same kalenderårkan titulere seg
slik. Truleg vert også Karstein Jensen med. Ein skal heller ikkje sjå vekk frå
at Olaf Øien stiller i klasse 70-74 år. Eldar Kurseth hadde suksess i 2012, der
han løyvde eitt sekund på merkekravet. Om han stiller helga før kraftprøva i
Geiranger (der han er påmeld i Nibbedobbelen) er førebels uvisst. Og det kan
bli enno fleire….
VIL-Nett kjem
tilbake med nærare oppdatering
Bengt vart poenglaus trass perlemål.
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mai 2013
Bengt hadde i denne kampen ei fri offensiv rolle. Han kobla ikkje inn turboen så fælt mange gonger, men dei gongane han gjorde det vart det suksess. Han skulle hatt straffespark i 1. omgang (og raudt kort til gjestane), han fekk straffespark i 2. omgang (som Ronnie Furset scora på), men høgdepunktet kom 57. minutt ut i kampen.
Då fekk Bengt ballen 15 meter inn på AaFK sin halvdel. Han forserte framover, rundlurte ein forsvarspelar, før han dundra ballen i vinkelen frå drygt 20 meter. Eit mål som sende Stranda opp i 2-1, og som trygt kunne vore vist på Kveldsnytt.
Etter kvart justerte AaFK 2 på laget. Sondre
kom inn og fekk vere med på siste del av kampen. 16-åringen gjorde ein fin figur for laget sitt. At han fekk det einaste gule kortet i kampen er nok til å leve med, då han ikkje er kjend som nokon kortsamlar.
Med denne sigeren passerte Sondre sitt lag, AaFK 2, Bengt på tabellen. No står AaFK 2 med ni poeng mot Stranda sine sju. Vi vil ha fleire slike mål som det Bengt scora i kveld, karar. Det varmar.
PS. Vi nemner at også Thomas Fure gjorde ein fin figur på eit ungt, men hardtkjempande strandalag i kampen mot AaFK 2. Aller best på Stranda var målmannen Raimondas Ceginskas. Han var nesten av Leiv Alnes-klasse, anno 1978.
Fine 3.plassar til Nancy og Olaf
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mai 2013
arkivfota av Nancy Eggen
Interessa for løp er veksande. 112 deltok i Ålesund Maraton laurdag 11. mai, av desse sprang 18 heilmaraton. 94 sprang halvmaraton, og gledeleg nok var heile 28 av desse kvinner.
Nancy Eggen sikra seg tredjeplassen i ei sterk 45-49 års klasse, med tida 1.46.54. Men det er verdt å merke seg at Nancy hadde den 7.beste kvinnetida totalt. Sterkt av rutinerte Nancy! Så alt lovar godt ein månad før styrkeprøva i Geiranger.
Olaf Øien sprang på 1. 50.51. Det heldt til 3.plass i klasse 70-74 år. Olaf var ikkje meir enn tre minutt bak klassevinnaren, noko som ikkje er avskrekkande på ein halvmaraton. Ni sekund raskare pr. km så hadde Olaf vunne.
Olaf er mellom dei få som det vil bli gjort ekstra stas på i Geiranger 15.juni. Han er nemleg ein av ganske få som då vil stå med 20 løp av 20 mulege.
Bengt vs Sondre ...?
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mai 2013
I 2012 var Bengt Hole Alnes og Sondre Brunstad Fet relativt viktige brikker på FK Sykkylven sitt lag i 4 divisjon. No har begge teke eit nytt steg på utviklingsstigen, eit heilt nødvendig steg om dei har ambisjonar innan fotball.
Laguttaket veit vi ingenting om. Bengt har hittil vore fast i Stranda sin start-11-ar når han har vore tilstades. AaFK 2 har mykje å ta av. Kanskje stiller dei med eit tilnærma juniorlag – noko som vil styrkje Sondre sine sjansar om speletid. Kanskje nyttar laget nokre av reservane som sat på benken i tippeligakampen mot Lillestrøm dagen før. Det kan med andre ord bli kjende namn på Mona tysdagskvelden, men ingen garanti.
Bengt sitt lag opna godt med sju poeng etter tre kampar, og scoring fort Bengt i debutkampen. Dei to siste har gitt 0 poeng og 1-6 i målprotokollen. AaFK 2 har poenget mindre enn Stranda, men vil nok på sikt kunne styre laget sitt inn til sikker ståplass i divisjonen. MÅ dei, kan dei slå alle i 3.divisjon avdeling 9.
Håpet er at både Bengt og Sondre vert å finne på bana – og helst samstundes og gjerne heile kampen. Kanskje møtest dei to til og med i interne duellar. Bengt har hittil blitt brukt i forsvaret til Stranda, Sondre er som kjent ein offensiv spelar. Stranda har hatt heller lite publikum på sine to heimekapar hittil. Denne gongen har vi tru på at det kjem nokre fleire enn normalt frå sykkylvssida av fjellet.
Korleis kom Abdulaziz til Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2013
Karar som er lette på foten som Abdulaziz Ibrahim frå Eritrea er langt frå kvardagskost i Velledalen. Mannen vart påmeldt av Karl Egil Brunstad, som no bur i Tingvoll kommune. Slik vi forstod det var Abdulaziz på eit asylmottak der oppe.
Kvalifikasjonane til mannen var ikkje nemnd i påmeldinga. Vi tok teknologien i bruk og prøvde «google» han. Men nei, ikkje noko der sa oss at vi fekk ein storløpar til Velledalen.
Det finst vel middelmådige løparar i Eritrea òg, tente vi.
Men der tok vi feil, og såleis kom det litt uventa på arrangørstaben at denne mannen kom til mål i rekordfart. Forholda var heller ikkje ideelle. Det var kaldt og småglatt (særleg på hovudvegen). Abdulaziz Ibrahim var suveren. Nær eitt og eit halvt minutt hadde han til gode på hardaste konkurrent. Sluttida vart 14.11, ei tid han heilt sikkert kunne pressa lenger ned om han måtte, var ny løyperekord med 37 sekund
Takk til Karl Egil Brunstad som tok kapasiteten med til Velledalen. Og han er sjølvsagt
velkomen tilbake om han blir på Nordmøre.
Til slutt tek vi med ei helsing som viser at også Jon C Brunstad rakk helse på den framifrå gode løparen frå Eritrea før livet tok slutt. Eit augeblink som truleg tok minna til Jon tilbake til eigen ungdom og tida som stafettløpar for Velledalen IL.
Tusen takk for kondolansen og dei gode minneorda. Eg kan forsikre at det er til lindring og trøyst.
Far min fekk helse på vinner og løyperekordholder av Konradløpet 1. mai - Abdulaziz. Det likte han.
Hels Velledalen IL fra oss.
Beste helsing Karl Egil
Påmelde sykkylvingar i Nibbeløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mai 2013
Olaf Øien i frå fjordårets løp.
Olaf Øien og Nancy Eggen er begge påmelde til kraftprøva i Geiranger 15. juni. For Olaf vert løpet spesielt. Han er nemleg ein av svært få som har delteke i samtlege løp – 20 i talet. Olaf skal for fyrste gong springe i 70-74 år, i skrivande stund med to deltakarar i klassa.
Nancy har gjort mange sterke løp i Geiranger. Klassa hennar er 45-49 år, og det er ingen sensasjon om ho er inne på topp-3 i klassa.
Det kan fort gjort bli fleire frå VIL i Geiranger. Vi veit at Kjell Magnar Berli tel på knappane. Han har Birkebeinerløpet helga før som fyrsteprioritet, men oppløftande treningsresultat opp fjellet (Strandafjellet) siste tida gjer at han også vurderer deltaking i Geiranger. Og kanskje….vi presiserer kanskje, vert Karstein Jensen med – i så fall ein særs spanande debut av mannen som senka persen i Konradløpet med langt over tre minutt frå i fjor.
I skrivande stund har Nibbeløpet desse deltakarane frå Sykkylven:
K 23-39 år: Cecilie Schmidt Overøye, Mulitconsult BIL
K 45-49 år: Nancy Eggen, Velledalen IL
M 40-44 år: Glenn Harald Tafjord, Sykkylven IL
M 40-44 år: Per Inge Bjørnestad, Sykkylven SK
M 40-44 år: Knut Orre, Sykkylven Kommune
M 40-44 år: Eldar Kurseth, Sykkylven SK/Velledalen IL
M 70-74 år: Olaf Øien, Velledalen IL
Vi kjem tilbake med ei liknande oppdatering frå Nibberittet om ikkje lenge. Både Per Inge Bjørnestad og Eldar Kurseth er påmelde i Nibbedobbelen, to turar til toppen av Dalsnibba etter kvarandre. Fyrst sykling, så springing – berre for dei aller tøffaste av dei tøffe!!
Jon C Brunstad til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mai 2013
Dei fem brødrene i Brua på Brunstad - Ole, Kåre, Jon, Arne og Kjell – har alle sett farge på idrettslivet i Velledalen i ulik valør. Kåre mest i skyttarmiljøet, Arne mest som tilskodar og kommentator. Dei øvrige tre var allsidige så vel sportslege som administrativt. Både Ole og Jon har vore leiar (formann heitte det på deira tid) i Velledalen IL.
Jon C Brunstad gjekk i sitt 90. leveår, då han som den siste av Brua-gutane, døydde på Åse sjukehus 6.mai.
I 1920-åra aula det fram idrettsflinke gutar i Velledalen. Fyrst etter freden i 1945 fekk desse springe ut i fri utfalding. Jon var aktiv både i fotball, på ski og som stafettløpar då han som ung mann i 1949 vart leiar i Velledalen IL. Jon ville helst drive aktiv idrett, slik at leiarvervet varte berre eitt år i denne omgang. Opparbeidinga av grusbana i Tregardane var den store saka dette året, eit anlegg som vart opna med fotballturnering i pinsa 1950 (med Jon som spelar). Og bana ligg der den dag i dag, rett nok ikkje som idrettanlegg.
Eit av dei sportsleg høgdepunkta for Jon fann stad i 1952. Då gjekk han på Velledalen IL sitt lag som vart KM-vinnar i stafett 4x10 kilometer i Hovdebygda, saman med Ole L. Hole og brødrene Olav P. og Paul Hole. Berre ein gong seinare (1985) har Velledalen IL kopiert den prestasjonen.
I 1961 tok Jon fatt på sin andre periode som VIL-leiar. Denne gongen sat han i tre år. Høgdepunktet desse åra fann nok stad i 1962 då verdsmeisteren i kombinert, Arne Larsen, gjesta Brunstadbakken, i det fyrste av to store hopprenn arrangert av VIL i denne bakken.
Elles hadde Jon fleire andre verv i Hovudstyret, han sat i friidrettstyret og i fotballstyret.
Jon var brennande engasjert i idrett heile livet. Og aller mest fotball. Han var ein trufast gjest på Dalemyra så lenge han hadde helse til det, anten det gjekk godt eller dårleg med laget i hjartet hans, VRF. Engasjementet hans for fotball, og kunnskapen om laget han brann for, kjem tydeleg fram i Idrettsminnet han leverte, kalla «Fotballmimring», i samband med Velledalen IL sitt 100 års jubileum (sjå under)
.
Jon hadde betalt sin kontingent til Velledalen IL også i sitt siste leveår. Han var av dei som tok kontakt og lånte ut foto han meinte laget burde ha i arkivet, og han heldt vederlagsfritt med parkeringsplass
på sin eigedom (mark) under Konradløpa.
Ein sann idrettsven er borte – minna om han vil leve!
For Velledalen IL
Atle Hole
leiar
Les idrettsminne til Jon C. Brunstad her
MIDLER TIL IDRETT OG FOLKEHELSE
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2013
Målsettingen for NIFs folkehelsearbeid er å bidra til en
samfunnsutvikling som fremmer folkehelse og utjevner sosiale forskjeller i helse.
Møre og Romsdal idrettskrets har siden høsten 2009 søkt om og mottatt
folkehelsemidler. En stor del av midlene har vært øremerket ” Aktiv på Dagtid” og
idrettslag som bidrar med aktivitet inn i de ulike tiltakene.
Vi gir tilskudd direkte
til idrettslagene som står for aktiviteten.
”Aktiv på Dagtid” er et tilbud om trening/ fysisk aktivitet for de mellom 18 og 67 år
som befinner seg i trygdesituasjon. Tiltaket er et lavterskel tilbud, det vil si at det skal
være lett tilgjengelig og at en ikke trenger spesielle forutsetninger eller forkunnskaper
for å kunne delta. Egenandelen er holdt på laveste nivå.
I Møre og Romsdal startet ”Aktiv på Dagtid” opp som et prosjekt i 2006. Prosjektet
var et samarbeid mellom Molde kommune og Møre og Romsdal idrettskrets, der
Molde kommune tok over ansvaret etter prosjektslutt. Etter hvert har flere
kommuner startet opp, og her i Møre og Romsdal er det kommunene som drifter og
står ansvarlig for ”Aktiv på Dagtid” og aktiviteten som tilbys. Det siste året har flere
idrettslag hatt mulighet for å kunne tilby aktivitet inn i noen av tiltakene, ved hjelp av
folkehelsemidlene. Eksempler på aktivitet er trening i gymsal, styrketrening, golf,
turaktivitet, hestestell, ridning m.m. Aktiviteter i ”Aktiv på Dagtid” foregår for det
meste på dagtid, men noen har prøvd ut aktiviteter på ettermiddag og vi er også åpne
for en løsning om lavterskeltilbud på ettermiddag i regi av idrettslag, der deltakere fra
«Aktiv på Dagtid» kan være med.
Følgende kommuner har tilbud om ”Aktiv på Dagtid” og følgende idrettslag har pr.
april 2013 mottatt folkehelsemidler fra oss, etter søknad.
Kristiansund kommune
- Atlanten Turnforening og Kristiansund Golfklubb
- Atlanten Turnforening og Kristiansund Golfklubb
Nesset kommune
– Vistdal IL og Eidsøra IL
– Vistdal IL og Eidsøra IL
Molde kommune
– Molde Turnforening, Molde Golfklubb og Molde
Hestesportsklubb
– Molde Turnforening, Molde Golfklubb og Molde
Hestesportsklubb
Fræna kommune –
Fræna Rideklubb
Fræna Rideklubb
Haram kommune –
Brattvåg IL
Midsund kommune –
Midsund IL
Midsund IL
Giske kommune –
IL Valder og Godøy IL
IL Valder og Godøy IL
Volda kommune –
Rauma kommune –
Aukra kommune –
Gjemnes kommune –
Stordal kommune-
Stordal IL
Stordal IL
Eide kommune
-
Møre og Romsdal idrettskrets har mottatt nye midler for 2013, og vi ønsker at
midlene skal gå til idrettslag som bidrar med aktivitet i ”Aktiv på Dagtid”.
Idrettslagene som allerede har fått midler, inviteres herved til å søke om nye midler,
samtidig ønsker vi nye kommuner og idrettslag velkommen til å søke.
-
Møre og Romsdal idrettskrets har mottatt nye midler for 2013, og vi ønsker at
midlene skal gå til idrettslag som bidrar med aktivitet i ”Aktiv på Dagtid”.
Idrettslagene som allerede har fått midler, inviteres herved til å søke om nye midler,
samtidig ønsker vi nye kommuner og idrettslag velkommen til å søke.
Midlene vil
gå direkte til idrettslaget.
Søknaden må inneholde en kort beskrivelse av hvilken/hvilke
aktiviteter
idrettslaget kan bidra med og søknadssum.
tilsagnsbrevet.
Søknadsfrist er
1. juni 2013
, søknaden sendes til:
e- post:
Ellen.Hammer@idrettsforbundet.no
eller
post
: MRIK, Idrettsveien 2, 6413 Molde.
Ved spørsmål, ta kontakt med undertegnede.
Med vennlig hilsen
Møre og Romsdal idrettskrets
v/Ellen Hammer
Koordinator for folkehelse og fysisk aktivitet
tlf. 408 777 81
ellen.hammer@idrettsforbundet.no
aktiviteter
idrettslaget kan bidra med og søknadssum.
tilsagnsbrevet.
Søknadsfrist er
1. juni 2013
, søknaden sendes til:
e- post:
Ellen.Hammer@idrettsforbundet.no
eller
post
: MRIK, Idrettsveien 2, 6413 Molde.
Ved spørsmål, ta kontakt med undertegnede.
Med vennlig hilsen
Møre og Romsdal idrettskrets
v/Ellen Hammer
Koordinator for folkehelse og fysisk aktivitet
tlf. 408 777 81
ellen.hammer@idrettsforbundet.no
Det er også nødvendig at dere
oppgir
postadresse og kontonummer
beløpet skal overføres til.
NB! Det er viktig at folkehelsekoordinator i kommunen, evt. ansvarlig for ”Aktiv på
Dagtid” i kommunen, er orientert og konsultert ved en eventuell søknad og
aktiviteten må være godkjent av begge parter.
Rapportering:
Det er krav til en enkel form for rapportering. Rapportskjema legges ved
Brattvåg IL
Midsund kommune –
Midsund IL
Midsund IL
Giske kommune –
IL Valder og Godøy IL
IL Valder og Godøy IL
Volda kommune –
Rauma kommune –
Aukra kommune –
Gjemnes kommune –
Stordal kommune-
Stordal IL
Stordal IL
Eide kommune
-
Møre og Romsdal idrettskrets har mottatt nye midler for 2013, og vi ønsker at
midlene skal gå til idrettslag som bidrar med aktivitet i ”Aktiv på Dagtid”.
Idrettslagene som allerede har fått midler, inviteres herved til å søke om nye midler,
samtidig ønsker vi nye kommuner og idrettslag velkommen til å søke.
-
Møre og Romsdal idrettskrets har mottatt nye midler for 2013, og vi ønsker at
midlene skal gå til idrettslag som bidrar med aktivitet i ”Aktiv på Dagtid”.
Idrettslagene som allerede har fått midler, inviteres herved til å søke om nye midler,
samtidig ønsker vi nye kommuner og idrettslag velkommen til å søke.
Midlene vil
gå direkte til idrettslaget.
Søknaden må inneholde en kort beskrivelse av hvilken/hvilke
aktiviteter
idrettslaget kan bidra med og søknadssum.
tilsagnsbrevet.
Søknadsfrist er
1. juni 2013
, søknaden sendes til:
e- post:
Ellen.Hammer@idrettsforbundet.no
eller
post
: MRIK, Idrettsveien 2, 6413 Molde.
Ved spørsmål, ta kontakt med undertegnede.
Med vennlig hilsen
Møre og Romsdal idrettskrets
v/Ellen Hammer
Koordinator for folkehelse og fysisk aktivitet
tlf. 408 777 81
ellen.hammer@idrettsforbundet.no
aktiviteter
idrettslaget kan bidra med og søknadssum.
tilsagnsbrevet.
Søknadsfrist er
1. juni 2013
, søknaden sendes til:
e- post:
Ellen.Hammer@idrettsforbundet.no
eller
post
: MRIK, Idrettsveien 2, 6413 Molde.
Ved spørsmål, ta kontakt med undertegnede.
Med vennlig hilsen
Møre og Romsdal idrettskrets
v/Ellen Hammer
Koordinator for folkehelse og fysisk aktivitet
tlf. 408 777 81
ellen.hammer@idrettsforbundet.no
Det er også nødvendig at dere
oppgir
postadresse og kontonummer
beløpet skal overføres til.
NB! Det er viktig at folkehelsekoordinator i kommunen, evt. ansvarlig for ”Aktiv på
Dagtid” i kommunen, er orientert og konsultert ved en eventuell søknad og
aktiviteten må være godkjent av begge parter.
Rapportering:
Det er krav til en enkel form for rapportering. Rapportskjema legges ved
Sigve på nivå med Kenneth
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2013
I sitt fyrste år i ungdomsskulen leverte Sigve Flaten Lødemel tida 20.09 i 2012. Mindre enn ein handfull dagar før eigen konfirmasjon var Sigve nok ein gong på plass på Brunstad før klokka 05.00. Med lufttemperatur 0 grader og lett isa underlag la han optimistisk i veg.
Vi trur Sigve hadde ei positiv oppleving rundt Brunstadgarden denne morgonen. Sekretæriatleiar Ove Skylstad sin stab klokka nemleg Sigve inn til tida 18.15. Ny personleg bestetid med nær to minutt.
Vi har sett det før at det kan vere positivt «og gå for presten». Thomas Strøm Grebstad og Adrian Hatlestad gjorde løp på 16-talet før dei fekk prestehanda på seg for nokre år sidan. Adrian heilt ned på 16.10, som i alle fall er bygdarekord (for Sykkylven).
Statistikken er sjekka og den viser at Sigve er på nivå med Kenneth Fet på same alder. Kenneth hadde 18.13 konfirmasjonsåret, og nådde den fine tida 15.50 før han gjekk ut av tenåra. Noko som burde vere ei kjelde til inspirasjon for Sigve.
Vi har før sett på trykk at Simen Brunstad, som imponerte i yngste klasse i Minikonrad, er «dala-kryssar» (kryssing mellom velledaling og ramstaddaling). Også Sigve er «dala-kryssar» god som nokon (Alvdal/Velledalen), og rykta seier mora har gode idrettsgener under panseret.
I 2014 skal Sigve ha Konradmedaljen i sølv for sitt tredje løp. Vi er fleire som er spente på tida. Keep up the good work, Sigve!
Debut med smell i
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2013
Ikkje mindre enn tre av dei fem beste i årets Konradløp var over 40 år. At Håkon Melseth, frå Bardufoss, var ein dyktig løpar det visste vi. Han debuterte i Konradløpet med sterk tredjeplass på tida 15.38. Per Inge Bjørnestad var vi klar over. Han leverte 16.04 og fjerdeplass i sitt femte Konradløp. Bjørnestad hadde ei sterkare tid på gang, men drog på seg ein skade som hemma han siste 1500 meter av løpet, og gjekk dermed glipp av 15-talet denne gongen.
Mannen på femteplass var også debutant i Konradløpet. 1971-modellen, Glenn Harald Tafjord, leverte i høgste grad ein debut med smell i. For mange konradløp-kjennarar var hans 16.17 den største overraskinga på lista over topp-10.
Vi gratulerer Glenn Harald med løpet
- som vi med dette kårar til «Årets Positive Overrasking».
Her kjem ei litt spesiell liste frå Konradløpet 2013:
15.37: Beste tenåring: Simon Indrbø Halvorsen
16.25: Bestemann i 20-åra: Martin Hauge-Nilsen
14.11: Bestemann i 30-åra: Abdulaziz Ibrahim
15.38: Bestemann i 40-åra: Håkon Melseth
17.24: Bestemann i 50-åra: Nils Terje Skylstad
19.52: Bestemann i 60-åra: Inge Asbjørn Haugen (60 i år)
21.48: Bestemann i 70-åra: Olaf Einar Øien (70 i år)
32 + litt: Bestemann i 80-åra: Harald Relling (86 i år)
Kanskje du skal prøve Råskinnet..?
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2013
Har ein sans for gjørme og springing i kaldt vatn bør ein delta i Råskinnet. To av døtrene til Jorid og Roger Hole gjorde dette 4.mai.
Mathilde tok ein fin femteplass i si klasse. Oda Alette står hos arrangøren som DNS (ikkje starta). Men dette skuldast ein startnummerfeil/arrangørtabbe. Oda fullførde nemleg i fin stil, har vi fått vite frå sikre kjelder.
Det vert meldt frå Austlandet at løpet gjekk i surt og kaldt vêr. Døtrene kunne denne gongen ikkje utfordre faren, Roger. Han er nemleg i lett opptrening etter langvarig skade. Når vi ser bileta frå løpet trur vi faktisk det passa han ganske så
bra – i alle fall akkurat denne dagen.
Honnør for sporty innstilling og fin innsats til Mathilde og Oda!
Konradløpet vinn nytt land
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2013
Pe-Tomasz gjorde unna tre Konradløp før han flytta tilbake til Polen. Så vidt vi veit har han enno den polske rekorden, på 19.50, sett i 2010. Bak Noreg, var Polen nasjonen med flest deltakarar i årets Konradløp. Truleg er dette i stor grad Pe-Tomasz sitt verk. Takk, Tomasz!!
Vi kan gle Tomasz med at rekorden hans overlevde årets løp. Nærast av polakkane var Olgierd Arski, som kom inn til 41. plass på tida 20.35. Han var einaste polakk inne på lista over dei 110 beste.
Same dag som Konradløpet gjekk av stabelen, sprang Tomasz halvmaraton i Chelmza i Polen. Han kom inn godt under to timar, til tida 1.54.48. På det eine fotoet spring han saman med sønene sine Karol og Antoni. Om eit par år kan han kanskje ta dei med til Konradløpet…?
Velledalen IL er sjølvsagt glade for at Pe-Tomasz promoterer løpet vårt i Polen. Kven veit, kanskje vil talet på polakkar auke alt til 2014-utgåva.
15.juni spring Pe-Tomasz Nibbeløpet i Geiranger.
Eikenosen opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2013
Idag vart det deltakelse på Eikenosen opp igjen. Været har vore ustabilt siste tida, men idag slo det verkeleg til med godværet, vi fekk endatil solskin. Utan å vite eksakt tal, vil eg tru det var ny deltakerrekord idag, og mange av "kanonene" var med. Fjorårsvinnaren Jan Ketil Vinnes var ute med skade, og Kristian Nedregård kunne gjere som han så ofte ellers gjer, slå alle. Vinnartida hans var til og med ny løyperekord, ca. 19.40 minutt brukte han på dei 4,5 kilometrane frå Eikenosvågen og opp til demninga. På kvinnesida var det Tonje Brande som stakk av med sigaren, også for ho begynner det å bli ein vane å vinne løpa ho deltek i. Utanom meg sjølv var Katinka med som fotograf, og ellers så traff vi Glenn Harald Tafjord i målområdet. Sykkylvingen som starta å springe for alvor ifjor, og som gjorde eit særdeles godt Konradløp for 3 dagar sidan, kom i mål på ei tid like i overkant av 24 minutt. Meget sterk tid, på ein dag der vi siste fjerdedelen av løpet "sleit" med nysnøv. For min eigen del vart tida 25.40.
Les skriv frå Annlaug Grebstad
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2013
Til styret i Velledalen Idrettslag
Eg las på nettsida til V.I.L
1.mai at leiaren for idrettslaget skriv at vi som har hoppa av som V.I.L sine grasrotspelarar må ha det
låkt no når laget har framgong på alle frontar . Leiaren sei
også at laget smiler av det.
Eg er ein av dei som har hoppa av som grasrotspelar for V.I.L
og eg vil svare for meg.
Eg har tre barnebarn som spelar i Velledalen skulekorps og eg har ingen aktive barnebarn i V.I.L
no .
Etter fleire
år med støtte til V.I.L tenkte eg at eg kunne støtte skulekorpset ein periode framover no, då dei har veldig få medlemmar, V.I.L har mange fleire.
Eg vart veldig skuffa då eg las kva leiaren skriv på nettsida til laget om dette. Etter mange år som kakebakar, kioskarbeidar, kasserar og revisor for laget vart eg såra når eg las det.
Eg handla i god tru om at eg kunne stltte det laget eg ville, utan at eg skulle verte « uthengt» på nettsida til V.I.L.
Helsing
Annlaug Hole Grebstad
Konradløpet 2013: Slik enda kjønnskampen
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2013
I alt 315 melde seg på i årets Konradløp. Litt fleire enn normalt uteblei. I fylgje statistikkførar, Lars Inge Sæther, betalte 290 deltakarar startkontingent. Oppteljinga viser at 155 av desse var hankjønn, 135 var hokjønn (då er Konrad Krokodille rekna som hokjønn). I fjor var tala 169-169.
Mannfolka er med andre ord inne i ein positiv trend. Som regel har damene vore i fleirtal i dette løpet.
Minikonrad samla 71 deltakarar. 56 utan tidtaking, 15 med. Her er dei tørre tala:
Med tidtaking: 11 jenter, 4 gutar
Utan Tidtaking: 27 jenter, 29 gutar
Totalt: 38 jenter og 33 gutar
Summerer ein Minikonrad og Hovudløpet enda kjønnskampen for 2013 slik:
Hankjønn: 188
Hokjønn: 173
Totalt løyste 361 startkontingent under Konradløpa 2013, 104 mindre enn totalrekorden som lyder på 464.
Solveig & Andrea
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2013
Foto frå Kondis
Solveig Beate Brunstad (1996) og Andrea Berge Kastellet (1998) er namna. Vi må ha lov å kalle dei heller ferske som idrettsutøvar, sjølv om tidene 18.41 og 18.57 ikkje avslører dei i så måte.
Desse to jentene hadde ein gong ein draum. Ein draum om å treffe idola Marit Bjørgen og Therese Johaug. Difor melde dei to seg på Sommarskiskule på Aure på Nordmøre, som skulle avviklast 23.-26.juni sommaren 2012. For og vere sikra plass var dei tidleg ute med påmeldinga – alt i januar.
Plass fekk dei. Dei var mellom 110 jente og gutar som kosa seg med trening og sosiale aktivitetar på Nordmøre. Men idola…, dei dukka diverre ikkje opp den sommaren.
Etter det har jentene halde treninga ved like. Allsidig trening. Vinteren var snøfattig, så det vart mindre skigåing enn planlagt, men kanskje av det gode med tanke på løp. Men opphaldet gav treningsstimulans og meirsmak.
Med «våren» har Konradløpet kome dei siste tolv åra. Solveig debuterte i langløypa i 2012 og vart beste jente i Minikonrad det året. Andrea kom i år frå Stavanger, der ho trenar i storklubben Skjalg, for og gjere sin debut.
1.mai 2013 vart ein stor dag for duoen. Frå 20.19 i fjor, pressa Solveig seg ned på 18.41 i år. Fem sekund under Hilde Riksheim Tandstad sin gjeldande løyperekord. Andrea brukte imponerande 18.57 i sitt debutløp, og vart nest beste jente. Av heile feltet kom dei inn som høvesvis nummer 25 og 29.
Kikar ein i Konradløpstatistikken gjennom alle tider for kvinner, finn ein Solveig Beate på øverste trinn. Nykonfirmanten Andrea er femte best. Prima prestasjonar, jenter!!
Er det rart Velledalen IL er stolt av dei to jentebloggarane sine…?
Nibbedobbelen
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2013
Du finn meir om dette på Kondis.
Link her
Dei yngste berga Minikonrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2013
Dåleg vêr store deler av dagen 30.april må bere sin del av skulda. Men då Bjørn Asle Lade, mannen med flest KM-titlar gjennom alle tider for Velledalen IL, fyrte av sitt fyrste startskot presis klokka 18.30, var all nedbør som fordufta. Dermed vart Minikonrad ei bra oppleving for desse deltakarane
2003:
Erle Nymo Melseth, Andreas Nakken, Sivert Nakken, Simen Brunstad, Julie Brunstad, Sondre Bliksvær Slinde (desse får springe på tid i 2014).
2004:
Henrik Bjørnestad, Mical Johnsen, Martin Flatabø Fet, Markus Olai Jensen, Emily Larsen, Katharina Pfeifhofer.
2005:
Alexandra Sørensen, Mary Ann Drabløs, Marcus Mandal Bueide, Martin Aanning, David Dalene, Lill-Anita Ludviksen
2006:
Jonas Drabløs, August Bjørnestad, Ingrid Bjørneseth, Julia Hole, Sophia Holmberg, Joakim Brunstad, Anders Leirmo, Tim Ronny Larsen
2007:
Maria Velle, Sanna Tafjord, Luca Hjellegjerde Skog, Sesilie S. Lundgren
2008:
Pernille Linga, Oda Drabløs, Olve Bjørneseth, Hedda Mandal Bueide, Vilde Fet Rasdal, Tiril Welle, Julie A. Aure Strømme, Hedda Straumsheim, Troy Bakke Payling, Mia Hjellegjerde Skog.
2009: Magnus Velle, Leanna Hole, Sandra L. Welle, Nikolai Brunstad, Selma Bakke, Anders Hjortdal, Storm Tafjord.
2010:
Taylor Brunvær, Ida Nilsen, Eirik Fet Rasdal, Tim Bakke Payling
2011:
Petter Elias Velle, Jakob Hole, Veronika Navelsaker
Alder ikkje oppgitt: Troy Hamett og Helena Hamett
Raskast i feltet var ein «dalakryssar», nemleg Simen Brunstad, faren er ingen ringare enn Ådne Alf – om nokon måtte vere i tvil
Paul Halstein Hole æresmedlem i Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2013
Utmerkinga var i all hovudsak tufta på sportsleg aktivitet. Les om Paul Halstein Hole sitt idrettsliv i dette idrettsminnet.
les her
Resultat Minikonrad 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2013
1. Vetle Fet Sortevik (2001), Åse Barnesk,
4.32
2. Sigrid Ulset Lade (2000), Velled. Montes. 4.33
3. Julianne Urke Bøe (1999), Sykkylven U.sk 4.55
4. Oda Brunstad (2001), Velled. Monte
4.58
5. Lene K. Hole (1999), Sykk. U.skule
5.13
6. Emily Melendes, (2000), Velledalen
Mon 5.15
7. Oskar J. Bakken, (2002) Velled. Monte
5.24
8. Snorre Drabløs (1999), Sykk. U-skule
5.27
9. Jeanett Melum (2001), Velledalen M.
5.45
10. Sandra Brunstad (2001), Velled. Mont
5.49
11. Mishely
Salasar (2001) Ringstad skule
5.50
12. Tove Havnen Hansen (2001) Ringstad
6.09
13. Frida Johansen (2002) Velledalen
6.14
14. Sofie Berge Sæbø (2001) Ringstad
6.17
15. Nikolai Nilsen (2002) Velledalen
fullført
Beste tremannslag med representasjon av begge kjønn:
Velledalen Montesorriskule: Samla tid 14.55
Ringstad skule har skulerekorden med 13.07
Takk til Konradløpet sine sponsorar!
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2013
Her er namna:
Konrads
Bjørgs
Holmbergs gartneri
Hole Maskiner A/S
Velledalen Helselag
Bunnpris
Salong 6220
Straumen Kro
Centrum Hårpleie
Kjødes Frisørsalong
Din Stil
Silhuett
Strømme Klede og Sko A/S
Smått og Stort A/S
Jernia – B.S. Aure
Sport 1
Intersport – B.S. Aure
Sykkylven Bok og Papir
Sykkylven Drogeri
Det Lille Hus
P.P. Lyshol
Uri & Son A/S
Loland
Maxbo
Amatec
Coop Mega
Naprapat Vidar Hafsås
P. Blindheim
Nøstekroken
Welle Blomster
Fryd og Gammen
Apotek 1
Expert
Sykkylven Energi
Sparebanken Møre
Nordea
Gjensidige
Keeperhansker.no
Hardhaus
Verkstaden Bistro
Bring
Stjernemadrassen
Velledalen Møbler Sykkylven Rør
Hydro/Texaco
Statoil
Brunstad Møbler
Sandella
Møre Trafo
Insoft
Klatreveggen
IMG
Rajo (Furnia)
Formfin
Stamina
Susande flotte VIL-tal i april
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2013
Vi kan ikkje anna enn drage på smilebandet til dei som etter beste emne prøver drage Velledalen IL ned i gjørma er i dalen. Samstundes med suksess i Konradløpet har nok ein grasrotspelar funne seg nytt beite siste døgnet. Talet er no oppe i fire på kort tid.
For desse som siste månaden har hoppa av VIL som garsrotspelar, må det vere låkt at idrettslaget har framgang på alle fronter. Fyrste periode gjekk ut 30.april med 8594 grasrotkroner til VIL, mot 8002 same periode i fjor. I april månad kom det inn 2110 kroner.
Takk for støtta til alle!
I mars sette VIL ny nettsiderekord med 3928 treff. April vart avslutta med 4319. Til samanlikning hadde same månad i 2012 2833 treff. Med andre ord ein formidabel vekst.
Dette varmar i ei tid der personar i skriftleg form stadig vekk skuldar Velledalen IL for å drive ryktespreiing. Grove skuldingar som laget ikkje lenger finn seg i. På sist styremøte i laget vart det slege fast at det ikkje finst eit einaste styrevedtak der laget spreier rykte, eller sverter nokon som helst.
«Grums» kan det kome or munnen på alle menneske. Det er ingen grunn til å tru at medlemar av vårt lag korkje er betre eller verre enn andre på dette område. Det som er sikkert er at vi lever i eit demokrati. I slike er det mellom anna heilt legitimt å kunne stille spørsmål - om kva som helst - utan å bli «avskilta».
Atle Hole
Leiar VIL
Konradløpet 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2013
Dagens vinner Abdulaziz Ibrahim på tida 14.11
Resultatliste Konradløpet 2013
Den finn du her
Resultat Konradløpet 1. mai 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2013
1
Abdulaziz Ibrahim,
Eritrea
14.11
løyperekord
2
Simon Indrebø Halvorsen, SIL
15.37
3
Håkon Melseth
15.38
Nordnorsk rekord
4
Per Inge Bjørnestad
16.04
Stabil rundt 16.00
5
Glenn Harald Tafjord
16.17
6
Martin Hauge-Nilsen, Kondis
16.25
Sprek bladfyk
7
Kjetil Fallingen
16.35
8
Kjell Magnar Berli, Velledalen
16.47
Best frå VIL
9
Benjamin Melseth, Oslo
16.49
10
Bjørn Arve Brune, Stranda
16.49
Beste strandar
11
Martin Aure
17.11
12
Sondre Overvoll Hole, Stranda
17.14
13
Robin Jørgensen
17.21
14
Nils-Terje Skylstad
17.24
Nest best frå arrklubben
15
Jo André Tandstad, Velled. IL
17.28
16
Jens Kristian Tandstad
17.28
17
Mats Christer Brune, Stranda
17.47
18.
Ronny Ødegård, Stranda
17.51
Beste fotballtrenar
19
Markus Joakim Lid, Sykkylven
17.54
Best i russekle
20
Knut Orre
17.55
21.
Sigve Flaten Lødemel
18.15
14 år
22
Niek Schreijer
18.21
Beste dyrlege
23
Geir Arve Raaheim, Ålesund
18.23
Beste fastlege
24
Svein Arne Nakken, VIL
18.35
25
Solveig Beate Brunstad
18.41
Beste kvinne, løyperek
26
Egil Glomset, Stranda
18.49
27
Jørgen Grebstad
18.50
28
Alf-Petter Bøe, Rindals/Troll
18.54
Meir kjem
72 sprang Minikonrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2013
Yngste klasse (2003-2013), som samla 57 utøvarar, sprang med stor iver men utan tidtaking. Eldste feltet (1997-2002) var langt mindre. 15 utøvarar er reint for dårleg sjølv om vêret var skrøpeleg tidlegare på dag, men upåklageleg under sjølve løpet.
Skulepremien vart det ingen kamp om. Den var for elevane i 5.-7. klasse, der dei tre beste frå kvar skule skulle utgjere eit lag. Begge kjønn skulle vere representert. Utruleg nok var Velledalen Montesorriskule åleine om å stille lag. Trioen som utgjorde vinnarlaget var Sigrid Ulset Lade (4.33), Oda Brunstad (4.58) og Oskar Johan Bakken (5.24)
Nemnde Sigrid Ulset Lade hadde beste jentetid, Vetle Fet Sortevik, Åse Barneskole, beste gutetid med 4.32. Julianne Urke Bøe var best frå Sykkylven Ungdomsskule med tida 4.55
Støttemedlem i VIL smadra krinsrekord
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2013
Den nye rekorden, sett i USA, lyder på fine 6823 poeng. Den gamle, som fekk ei levetid på 24 år, lydde på 6383. Pussig nok vart den sett 23. september 1989. Pussig fordi akkurat denne dagen vart Ragnhild og Morten foreldre til guten som sletta rekorden, Henrik Johan.
VIL-Nett gratulerer!
Stram flagglina, John!
To flaggdagar på rappen er sjeldan kost, sjølv for mannen som er rangert som dalen sin desidert fremste flaggar.
VIL-Nett vil kome tilbake med meir om prestasjonen etter konradløpet. Følg elles med på Henrik sin blogg. Linken finn du i venstremargen under «Jentebloggen»
To nye over 80 og nasjon nummer 8
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2013
Nye spreke personar over 80 år har meldt seg. Dei to siste er velledalingar, og to av dei trufaste, nemleg Kjellaug Ulset og Paul Halstein Hole. Frå før har vi Karstein Sørland og Harald Relling.
Elles har Ladja Harokova frå Tsjekkia meldt seg på. Dermed er vi oppe i åtte nasjonar. Tsjekkia har noko å forsvare i Konradløpet, det er nemleg ein kar derifrå som har løpet sin utlendingsrekord, såpass kvass som heilt ned på 16-talet.
200 påmelde er no passert og damene er i ferd med å ta igjen mannfolka. Ny status kjem i kveld
Indre Sunnmøre gjeterhundlag
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2013
På 1.mai vil Indre Sunnmøre gjeterhundlag arrangereOlaprøva. Den er arrangert før første gang i år og vi satser på at den blir et fast innslag i åra so kjem. Den er dedikert til Ola Tynes for alt han har gjort for gjererhundmiljøet og alt friillig arbeid han har lagt ned gjennom åra i dyr og folk! Vi syns han fortjener å bli satt pris på
J
Prøva skal gå på marka til Else Bjørdal Velle og Hermod Velle og starta kl 11 1.mai. Alle er velkommen til å se på, parkering har vi fått låne med Hole maskin.
Mer info ligger på www.mrgl.no
Velkommen!
Hilsen fra Susann
Etterlyste prest, fekk prestefrue
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2013
For ei lita
veke sidan hadde vi ei oppramsing av alle ulike yrkestitlar som var
representert under årets løp. Då hadde vi lege og dyrlege, no har også tannlege
kome til.
Vi ymta frampå
om at prest snart var det einaste vi mangla. No er ikkje det så farleg lenger,
då vi har fått ei prestefrue mellom dei påmelde.
29. april
passerer vi 200 påmelde i Hovudløpet, nokså likt delt mellom kvinner og menn.
Tradisjonelt veit vi at svært mange melder seg dei siste 48 timane.
Konradløpet: Mange støttespelarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2013
I fjor fekk
Velledalen Naturbanehage og Stjernemadrassen i Straumgjerde pris for ekstra god
deltaking under Konradløpet 2012.
Det vert meldt
frå same barnehage at dei i 2013 stiller med 50 prosent av den totale styrken,
og at dei har utfordra andre barnehagar i bygda om å gjere det same.
Frå
premiekomitéen – Odd Kåre Fet og Marit Hole – vert det meldt om positiv respons
på spørsmål om gåvepremiar. Ei liste over alle bidragsytarane vil kome på trykk
på VIL-Nett etter løpet.
Har nokon preimiar dei vil gje til
føremålet, er altså Odd-Kåre Fet og Marit Hole rette personane. Kring 25
prosent av deltakarane vert premiert med gåvepremiar, totalt uavhengig av fart.
Hallo i nedslagsfeltet!
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Apr 2013
No har eg endeleg fått dratt fram sykkelen etter ein lang vinter, og om ikkje lenge skal det spelast fotball på gras igjen.
Dette er også tida for flotte toppturar, noko eg sjølvsagt har nytta meg av siste tida. Då eg var heime i påska vart det tur både til Skårasalen og Brunstadhornet saman med venar frå folkehøgskulen. På Skårasalen måtte vi dessverre snu grunna dårleg sikt, medan turen til Brunstadhornet ga oss strålande sol, nydelege snøforhold og sjølvsagt fantastisk utsikt. Få stader i verda kan måle seg med Velledalsfjella på slike finevêrsdagar som denne!
les meir her
Polakkane har styrka posisjonen
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Apr 2013
To nye påmeldingar, frå Olgierd Tomasz Arski og Sylwia Pikosz, gjer at polakkane har fått luke til dei andre nasjonane. Tre døgn før løpet var stoda slik:
Polen 5 deltakarar
Tyskland 2
Russland 1
Kirgisistan 1
Nederland 1 Eritrea 1
Eritrea 1
Noreg 136
Medan talet på nasjonar er sju, er talet på deltakande kommunar kome opp i 17. Desse er:
Sykkylven, Stranda, Ålesund Aukra, Volda, Stavanger, Ulstein, Herøy, Bardufoss, Stryn, Bergen, Vik i Sogn, Trondheim, Hornindal, Oslo, Sula og Tingvoll
Konradløpet: 24 kan få tiårspremie 1.mai
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Apr 2013
Premieringa i Konradløpet som går på deltaking er slik:
Diplom etter 1. gong
Konradmedaljen i sølv 3. gong
Konradmedaljen i gull 6. gong
Vase etter 10. gong
Pr. i dag har vi 24 utøvarar som har delteke ni gonger. Desse vil få tiårspremien etter løpet om dei stiller til start. Gledeleg nok har ti av dei 24 alt meldt seg på. Dei ti som vi på førehand kan gratulerer så sant dei kjem seg opp 1.mai er:
Per Helge Frøysa
Eldar Høidal
Bjarne Hole
Øyvind Hunnes
Knut Kalvatn
Anette Akselvoll Lade
Bjørnar Akselvoll Lade
Per Vidar Lien
Ove Inge Skylstad
Sofie Skylstad Hole
Dei øvrige som kan greie deltaking nummer ti er:
Martha Bakken
Hege Urke Brunstad
Jon Runar Drotninghaug
Lars Urke Hjorthol
John Holmberg
Reidun Holmberg
Espen Ulset Lade
Lidvar Nilsen
Silje Sæther Nilsen
Robert Sve – einaste utanom Sykkylven mellom årets kandidatar (rett nok inngift)
Ole-Martin Sæther Tandstad
Hanne Oline Ulset
Birte Urke
Ingebjørg Hole
Valderøyløpet: Nancy klassevinnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2013
arkivfoto
Nancy brukte 42.55 på den 8,7 kilometer lange løypa. Det heldt til klar klassesiger i klasse 45-49 år. Næraste – og einaste – konkurrent i klassa var over 20 minutt bak.
Vi beklagar at denne saka ikkje er meldt før, då Nancy har betalt kontingenten sin i Velledalen IL for lenge sidan. Men i alle fall; betre seint enn aldri.
Og vi ynskjer Nancy lukke til i Konradløpet onsdag 1.mai.
Konradløpet: Då har vi sju nasjonar til start
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2013
Det betyr at ingen fleire treng sende melding om dette. Carola Herrmann og Mike John er begge av tysk opphav, Abdulaziz Ibrahim kjem frå Eritrea. Dermed ser utanlandsstatistikken slik ut pr. fredag 26. april:
126 frå Noreg
3 deltakarar med opphav frå Polen
2 deltakarar med opphav frå Tyskland
1 deltakarar med opphav
frå Nederland, Eritrea, Kirgisistan og Russland
Konrad påmeld i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2013
Det dreier seg om Konrad Brunstad, som er son til Karl Egil Brunstad og soneson til Oline og Jon C. Brunstad. Dei som hugsar godt veit at Jon C. Brunstad både har vore leiar i VIL og aktiv idrettsmann. Både fotballspelar og skiløpar. Han gjekk mellom anna på Velledalen IL sitt lag som vann KM-stafetten over 4x10 kilometer i 1952.
Denne Konrad Brunstad
frå Tingvoll med opphav frå Brunstad i Velledalen har som de skjønar nøyaktig same namn som opphavsmannen til løpet. Hittil er Konrad Brunstad den fyrste påmelde med Konrad som førenamn. Då reknar vi ikkje den nye maskotten til VIL som skal kaste glas over Minikonrad. Han heiter forresten Konrad Krokodille.
Konrad Brunstad deltek for fjerde gong 1.mai i 2013. Bestetida hans er 20.08, berre 13 sekund bak «Konradrekorden» til Konrad Lillebø frå Hessa i Ålesund.
Hjelp oss med nasjon
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2013
Vi er oppe i deltakarar frå fem nasjonar og 20 kommunar før vi ber om hjelp. Kjem dei tre namna vi treng hjelp til frå tre ulike nasjonar, kan vi fort gjort vere oppe i åtte.
Her er namna:
Carola Herrmann
Maik John
Abdulaziz Ibrahim
Har du kunnskap på området, send svaret ditt til:
e-post:
atlehole@online.no
tekstmelding: 917 43 761
Konradløpet: Stabile herrar
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2013
Mest ekstrem i så måte er Knut Kalvatn. Han har no postadresse Austefjord, men Konradløpet vil han likevel ha med seg. Og han er ikkje snauare enn at han held fram i sin tidlegare funksjon som diplomskrivar og medaljeutdelar.
Knut Kalvatn har gjort det kunststykket og springe tre ulike år med berre eitt sekund avvik i tid.
2005: 25.02
2007: 25.03
2008: 25.02
I Straumgjerde bur Odd Lennart Lien, ein trufast deltakar som alt har sikra seg 10 års premien i Konradløpet. Han ser ut til å ha spesialisert seg på tider på 19.50-talet. Sjå berre her:
2004: 19.53
2007: 19.57
2008: 19.56
2012: 19.51
Det høyrer med til soga at Odd Lennart hadde ein formtopp i 2009 og 2010, då han leverte høvesvis 19.01 og 18.58.
Meir stabile karar skal det godt gjerast å finne!
Minikonrad:Får sykkylvingane revansje?
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2013
I fjor stakk
strandarane av med skulepremien i Minikonrad då Ringstad skule hadde beste
tremannslag.
Elevane som
kjempar om skulepremien er frå 5.-7. klasse. Det er dei tre beste tidene til
kvar skule frå desse trinna som vert plukka ut og lagt saman. Men både gutar og
jenter må vere representert. Det kan vere to gutar og éi jente, eller to jenter
og éin gut.
Ein slepp
melde på lag. Elevane melder seg på enkeltvis, og det er arrangøren som plukkar
ut dei tre beste frå kvar skule ut frå den tidtakinga som vert gjort. I 2012
gjekk premien til Ringstad skule på Stranda, med Ullavika skule som ein god
nummer to.
I tillegg til
premie til beste skule, vert raskaste gut og raskaste jente rundt den 1050
meter lange løypa premiert. Deltakarpremie vert det til absolutt alle
startande, uansett tempo.
Minikonrad er
for årsklassene 0-16 år og har påmelding løpsdagen, helst i god tid før
startskotet smell.
Atle Hole
Bli med å gi klubben din et løft
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2013
Mange klubber har gjennomført en klubbutviklingsprosess og har vist til gode resultater. Det å sikre at våre medlemsklubber driver klubbutvikling er et viktig virkemiddel for å drive organisasjonsutvikling i Norsk Friidrett - dersom vi blir bedre i alle ledd vil vi kunne tilby bedre friidrett på alle nivå.
Som et effektivt virkemiddel gjennom prosjektet Necon–klubben har vi hver måned lest om suksesshistorier på friidrett.no om klubber som har tatt et tak og gitt klubben sin et skikkelig løft. IL Tyrving ble i januar 2013 kåret Årets Necon-Klubb 2012 for det arbeidet klubben la ned for å videreutvikle seg som klubb, organisatorisk og sportslig.
Norges Friidrettsforbund søker nå etter 10 klubber som er motiverte og ønsker å være med på å løfte klubben sin slik som IL Tyrving og de øvrige Necon-Klubbene i 2012 gjorde.
Meld klubbens interesse
HER
Les mer om prosessen
HER
Ta kontakt med Tonje Langehaug Svenneby på for å få mer informasjon om hvordan akkurat din klubb kan være med på dette.
Gå ikke glipp av denne muligheten, ta kontakt nå på tonje.l.svenneby@friidrett.no eller tlf.: 419 33 860.
Styrenytt: 10 000 til Dalaråsa
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2013
For tida er to
store folkehelseprosjekt under emning i Velledalen IL sitt nedslagsfelt.
Lysløype på fjellet og «Dalaråsa» som i hovudsak skal gi eit sikkert turvegtilbod
frå Fjellsæterskiftet til Straumgjerde. Vegen frå Fet til Straumgjerde ligg der
allereie og er mykje brukt.
Velledalen IL
løyvde i denne omgang til 10 000
kroner, men vedtaket seier ingenting om at dette er laget sitt totalbidrag i
prosjektet, så det kan bli meir med tida.
VIL-Nett
oppfordrar andre lag og privatpersonar til å støtte prosjektet. For meir
informasjon kontakt eksempelvis Håkon Fedt.
Konradløpet: Herlege Harald inn på lista
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Apr 2013
Harald Relling har start nr. 136
Vi snakkar om Harald Relling. Fødd i 1927. Mannen, som kjem frå Sula kommune, er den hittil eldste påmelde. Berre to personar som vi kjenner til har gjort noko liknande i same alder. Også Oddmund Skylstad deltok i sitt 86. leveår – og sjølvsagt Tomas Tandstad, unik på fleire felt, han gjekk i sitt 91. år.
Tider er som mange gonger før sagt, ikkje så viktig i Konradløpet. Men Harald Relling er den einaste over 80 år som har sett 20-talet. Han gjorde fantastiske 28.35 i 2010 – i sitt 83. leveår. Supersprekt, rett og slett!
I 2013 deltek Harald for sjette gong i Konradløpet. Det betyr Konradmedaljen i gull. Den seansen vert «løfta» opp på scena i samband med premieutdelinga. Då er det lov og applaudere i ståande stilling.
Hei alle sammen !!!
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Apr 2013
Som dere vet jeg avsluttet mitt liv i Norge og reiste tilbake til Polen, til min familie.Jeg har startet mitt liv „på nytt” og alt er bra hos meg. Jeg har startet å jobbe i Polen i min byen Toruń og har seg veldig bra med familien min.
Beklager at jeg kan ikke starte i årets Konradløpet. Det vært fantastisk å delta i denne løp i 3 forrige år. Det blir 3 mine venner som skal starte i Konradløpet 2013 og representere Polen. Håper at en av de 3, vinne som beste polakk !!!
Akkurat 1 mai 2013 jeg skal starte i noen halvmaraton i Polen som betyr at uansett jeg skal løpe den dagen men ikke i deres fantastisk løp.
Helsinga til alle.
”PE-Tomas”
Konradløpet. Mannen med flest maratonløp kjem
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Apr 2013
Inge Asbjørn Haugen representerer Hornindal IL. 1. april i år sprang han sitt maratonløp nummer 444. Det er mest i Noreg. Dette gjorde han under Påskemaraton i Drammen. Denne dagen må Inge Asbjørn ha passa klokka ekstra godt. I alle fall greidde han det kunststykket og krysse mållina på 4.44.44
Inge Asbjørn Haugen har delteke i Konradløpet éin gong tidlegare. At han kjem att nettopp i år er vi ekstra glade for. Maratonkongen fyller nemleg 60 år berre fire dagar før – nemleg 27. april. Ein fin gest til arrangøren av Konradløpet at han opp i alt dette prioriterer vårt løp.
For den som ikkje måtte vite det; eit maratonløp er 42 195 meter
Idrettskulen, siste tur i vår.
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2013
Vi avslutter fiskinga, og aktivitetane på idrettsskulen med å reise på Vellingsneset i Hundeivika onsdag 24.april. Oppmøte ca 17.00, ved starten av traktor veien. Vi går ilag innover. Ta med pølse og det dere vil grille, vi tenner bål. Husk redningsvest, blir fisking fra berga. Håper vær gudane er på vår side !
Blir skikkelig avslutningstur innen skuleåret er omme.
Julie
Støttemedlem i VIL sprengjer grenser
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2013
I alle fall
kunne og burde han gjort det. For denne helga hadde han verkeleg grunn til det.
Når soneson, Henrik Johan, hoppar 7,30 meter i lengde - og «persar» med
halvmeteren – då byrjar det bli «swung» over tikjemparen som til dagleg held
til i USA.
For kort tid
sidan var ei anna grense brota, då han sprang 400 meter under magiske 50
sekund. Tida vart 49.76.
2 meter grensa i høgdehopp er for lenge
sidan eit tilbakelagt stadium. Framgangen til Henrik Johan har vore sterk og
vedvarande siste tida. No gjeld det å halde seg skadefri.
Vi kan ikkje
seie anna enn at: LES BLOGGEN HANS!
Link på
frontsida til VIL-Nett
Og til slutt
slår vi fast:
Henrik Johan
er støttemedlem i Velledalen IL!
Vi er
imponerte og stolte – og venter i spaning på neste sportslege.
Gratulerer
Henrik Johan, og også til små og store støttespelarar bak prestasjonane!
Slikt kjem
ikkje av seg sjølv!
Atle Hole
P r e s s e m e l d i n g
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2013
Henrik Johan Holmberg (Vik IL) sette ny
personleg rekord på 7,30 meter under friidrettsstemnet Bryan Clay Invitational
i Los Angeles, California i natt. Resultatet er i landstoppen og berre 3 menn
hoppa lengre utandørs i heile fjorårssesongen i Noreg. Han hadde frå før hoppa
6,80 meter.
Konkurransen byrja med eit hopp på 7,13m,
så fylgde han opp med 7,05m, så eit daudt hopp og til slutt klinka han til med
eit hopp på 7,30m. Med det resultatet var han berre 1cm frå å vinne
lengdekonkurransen der 40 utøvarar konkurrerte. Holmberg er med dette
kvalifisert til Nationals (USA) i lengde. Målet for denne sesongen var å bryte
7-metersgrensa, noko han har gjort med god margin. Mest truleg ligg han no og
på klubbstatistikken til Vik Idrettslag.
Bryan Clay er USA sin gullvinnar i
mangekamp frå OL i Beijing. I ein samtale mellom Clay og Holmberg etter
konkurransen spurte Clay nordmannen kor langt han hoppa og då Henrik svara
7,30m svara Clay at det var ikkje gale. ”Nei, ikkje med tanke på at eg er
mangekjempar” og då braut Clay ut: ”Really? Then that`s REALLY GOOD!” Det er
god inspirasjon for vikjen/vikingen som konkurrerer for Augustana Vikings og
Vik Idrettslag.
Henrik har no fullført innandørssesongen
der han var mellom dei 8 som vart kåra til All-American i innandørs 7-kamp i
USA og har no so vidt byrja på utandørssesongen som han innleia med å persa seg
på 400 meter, der han sprang på 49,76 under eit stemne i Sioux Falls
(Sør-Dakota). Sist helg var det Kansas
(med temperaturar so vidt over 0 grader) og fyrstkomande helg er det mangekamp
i Iowa.
Sjå bilete og meir informasjon på bloggen:
henrikholmberg.blogg.no
Vervarsel for 1. mai og Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Apr 2013
Det ser ut som det er frykteleg vanskeleg å melde dette veret i denne perioden. April har som kjent 4 årstider, eller 4 andlet m.o.t veret, om ein vil.
Spådommen går ut på at i dei tider får vi ei veromlegging frå regn og grått til sol og finever. Varselet vert då som følgjer: 30.april vert det litt grått, med innslag av regn, medan vi i alle fall på ettermiddagen 1. mai får opplett, og at vi får sjå sola.
Per-Gunnar
Konradløpet 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Apr 2013
Minikonradløpet 2013 her
Konradløpet 2013 her
Konradløpet: Manglar prest
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2013
I går kom påmelding frå begge dyrlegane våre, Niek og Marit. Niek er frå Nederland, dermed er vi oppe i fem ulike nasjonar. Det vert ganske sikkert fleire. Dyrlegar er uvisst om vi har hatt til start tidlegare. I alle fall ikkje to samstundes
Tidlegare år har vi hatt folk både frå lensmannskontoret og prest (Per Inge Haugen). Hittil manglar desse yrkesgruppene i år, men det er enno tid. Elles har vi det meste, som revisorar, skulelærarar, historikarar, maskinkøyrarar, mekanikarar, småbrukarar, pensjonistar og skuleelevar.
Men så langt ser det altså ut som dyrlegane vert sprekaste yrkesgruppe i 2013.
Velkomen til NRK, Møre og Romsdal !!
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2013
Ho lova det ikkje, men fortalde at det vart jobba for å få i stand eit innslag frå Konradløpet i «Norge Rundt».
Det gir i så fall ein ekstra «drive» over arrangementet, den 12.utgåva. Dette håper vi sjølvsagt går i orden, og det gir oss litt ekstra spenning fram mot 1.mai.
Konradløpet: Damene bit seg fast
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2013
Faktisk har vi truleg fått ein ny rekord på eit felt vi ikkje har notert rekordar. Det gjeld lange namn. Gerd Rigmor Pauline Kopperstad kling bra. Dama kjem frå Nerlandsøy, og dermed er Herøy inne på lista over deltakarar.
Idrettskulen på tur.
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2013
Ei lita oppdatering fra idrettsskulen,onsdag 17.april.
Vi har vært 2 ganger inni søvikdalen på kaia og fiska.Ei veldig lita gruppe som er med.
Idag tente vi bål i fjæra og prøvde vi dei nye vaffeljerna. Etter en del forsøk ( blei både svidd og noen satt fast) så blei det noen bra resultat til slutt. Men vi er slett ingen kresen gjeng som er på tur, så vaflene gikk ned. Det har ikke vært noe fisk å få, men vi har om ikke anna fått testa fiske utstyret. Mange likte seg godt i fjøresteinane, fann krabbeklør og skjell og andre ting en ikke finn i velledalen. Neste onsdag blir det siste gang med idrettsskule for i år. Vi skal da være på Vellingsneset i Hundeivik. Sender ut info på mail og velledalen.net.
Julie
KONRADLØPET: NYE NAMN KVAR DAG
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2013
Kvar dag kjem nye namn på påmeldingslista til Konradløpet. Vi nemner at frå Straumgjerde er syskjena Lien påmelde. Samla står dei med 24 deltakingar før årets løp og vil altså passere 25 i år – eit aldri så lite personleg jubileum. Talet utlendingar står framleis på fem og antal representerte nasjonar er framleis fire. I år vert det sett ny rekord i nordleg deltaking – heilt frå Bardufoss kjem Håkon Melseth og Erle Nymo Melseth. Rykta seier at duoen frå nord også skal vere ganske spreke.
Pensjonert gutehoppar 60 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2013
Hoppsporten er det lenge sidan Kallen vart pensjonert frå. Den døydde ut av seg sjølv, er det vel rettast og seie. Elles var den noverande talknusaren frå Brøvoll i unge år kjend som ein habil kar på stortromme, ein dyktig fiskar etter blankfisk og ein høveleg bra hesjar - med høygaffel.
Fiske var han nesten forplikta å drive, busett i Brøvoll Tjuvfiskarlag sitt nedslagsfelt som han var. Men det var på øvre Brøvoll dei kvassaste tjuvfiskarane budde. Mange heldt Kallen for og vere rein, eit rykte han fekk mellom anna fordi han inn i mellom drog blankfisk på lovleg vis, eksempelvis i Tregardane.
På sine eldre dagar har Kalle skifta ut somme av ungdomshobbyane. Han hesjar ikkje lenger med gaffel, men er i staden mellom dei fremste i fylket på flattørking av høy. Øvingstimar på stortromma er skifta ut med hytteliv på Myrdalen, hoppsporten med sykkelsport. Blankfisken har som hoppsporten pensjonert seg frå øvre Velledalen, slik at no må blankfisken kjøpast og er allereie erstatta av hjortekjøt og jakt, om vi dreier temaet inn på sjølvberging.
Men noko held stand i Kallen sitt liv. Sauer og sauesanking held revisoren og småbrukaren høgt. Han har siste tiåra eksprimentert litt med sjølvsankande sauer, men lærdomen på dette feltet er ikkje lett å hauste. Ingen veit kvar haren hoppar og ingen veit kvar sauen stoppar – nokon kvar har opplevd akkurat det same.
Kallen er ikkje framand for å gå nye vegar. Med det som bakgrunn har gode eks-kollegar i Brøvoll Tjuvfiskarlag meldt han på i årets Konradløp - som 60-års presang.
Løpet, frukosten og filmen blir som «A piece of cake», for Kallen. Konrad var trass alt 75 år før han tok laust, så det vert i tidlegaste laget for Kallen og byrje opprusinga av «motoren» alt no. Gåvegjevarane har sendt fylgjande påminning med gåva:
-
Uansett kor lommekjend du er Kallen, hugs at i Konradløpet skal all elvekryssing skje over bruer!
GRATULERER MED DAGEN, KALLEN !!
Atle Jomar Hole
Pensjonert langrennsløpar, tjuvfiskar og sauebonde.
Friidrettsforbundet Skattlegger alle løp med 20 %
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2013
Les meir på Kondis her
Hallo i nedslagsfeltet!
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2013
For ei lita stund sidan var det jo påskeferie, og då var eg i Velledalen, verdas finaste plass! Veret var heilt supert, så vi fekk tatt oss nokre fine skiturar, både på fjellturar og på bortover-ski.
les meir her
Velledalsseminaret 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2013
Det fjerde Velledalsseminaret vert arrangert fredag 19. april klokka 18.30, med temaet «frå akk til takk».
Paul Otto Brunstad, som voks opp i Velledalen, lanserte idéen om ein kulturkveld med djupare innhald mot slutten av året 2009. Han fekk med seg sin gode ven frå grannebygda Stranda, pater Arnfinn Haram, på prosjektet.
Dei to meinte Velledalen grendahus var ein høveleg arrangørstad, sidan dette samlingshuset hadde kort veg til begge kommunesentera. I 2010 vart fyrste Velledalsseminaret arrangert med godt frammøte. Også i 2011 gjekk alt som planlagt. Oppglødd av suksessen fyrste året vart seminaret utvida slik at det andre gjekk over to dagar.
2012 vart eit vanskeleg år. Få dagar før seminaret hadde Paul Otto Brunstad eit fall under ein fjelltur som gjorde at han hamna på sjukehus i staden for i Velledalen. Men Arnfinn Haram var på plass og losa seminaret trygt i hamn. Ikkje lenge etter fall Haram død om under ein sykkeltur.
Difor vert seminaret i 2013 det fyrste utan Arnfinn Haram. Dermed fell dei tyngste taka på sjøkrigsskuleprest, forskar og forfattar Paul Otto Brunstad. Han står no åleine att som ansvarleg for det faglege innhaldet. Han held denne gongen føredrag om det underlege i at livet sine motbakkar kan verte livet sine oppoverbakkar.
Med seg til Velledalen har han i år Ingvard Wilhelmsen. Han er spesialist i indremedisin, fordøyelsesjukdomar og psykiatri. Spesialfeltet hans er hypokondri. Wilhelmsen vil snakke om ansvar og frigjering.
Det vert som tidlegare kulturelle innslag. Matserveringa er inkludert i prisen (kr. 200,-).
Staden er altså Velledalen grendahus, fredag 19.april klokka 18.30
For seminaret sine hjelparar
Atle Jomar Hole
Fin seriedebut i 3. div av Bengt
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2013
Bengt seriedebuterte for Stranda i denne kampen. Som midtstoppar. Han leverte ein solid kamp, der han til og med opna scoringane. Han var med opp i angrep i det 36.minutt då Stranda fekk frispark frå fin posisjon. Michal Bernat slo inn i feltet, og kven andre enn Bengt Hole Alnes var på plass og gjorde 1-0.
Det stod 1-1 ved halvtid. Etter dei blåraude gjorde 2-1 sju minutt ut i andre omgang var det aldri tvil om kven som ville vinne. Det stoppa på 4-1 til heimelaget.
Mot slutten av kampen måtte Bengt tole eit gult kort etter å ha stoppa ein surnadaling kring 20 meter frå målet til Raimondas Ceginskas. No fylgjer to bortekampar for Stranda før neste heimekamp. Då bør fleire velledalingar vere på plass for å fylgje Bengt.
Kampen vart for VIL-Nett sett av Bøe og Hole. Etter kampen har dei sett 1000 kroner på at Surnadal rykkjer ned etter årets sesong. Hittil har ingen sett pengar i mot
Svein Ole Sørensen friidrettsleiar
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2013
Somme trur dommer Sørensen vil bli meir rørslesterk på fotballbana no som han har blitt friidrettsleiar i V.I.L.
Etter fleire år utan leiar i friidrettsgruppa kom ein endeleg til ei løysing sist veke. Svein Ole Sørensen tok på seg leiarvervet. Med seg i gruppa har han desse drivande karane
Odd Kåre Fet
Rolf Haxthow
Terje Aurdal
Alf Petter Bøe
Kjell Magnar Berli
Alle som likar korte motbakkeløp bør plotte inn 29.mai på kalenderen. Denne datoen vart det bestemt at Koldabakken Grand Prix (på Hole) skal arrangerast med mindre det kolliderer med andre viktige tilskipingar.
Koldabakken Grand Prix kan mest reknast som eit sprintløp i motbakke. Distansen er neppe meir enn 300 meter, men krev i høgste grad sin mann/kvinne. Hittil er det Per Steinar Linga, Widar Fure og Eivind Fet som har beste herretidene, Hilde Riksheim Tandstad og Solveig Beate Brunstad har vore raskast mellom damene.
Konradløpet: Trygt med ein lege på startstreken
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2013
Geir Råheim t.h og Martin Hauge-Nilsen (midten) er begge påmeldt. Ellers ser vi speke damar Ingunn Hunnes og Eldrid Myhre.
Alle moglege yrkesgrupper deltek i Konradløpet, og det likar arrangøren. I Konradfilmen er mellom anna legekontoret omtala, utan at det har freista sykkylvslegane til å stille i særleg stor grad.
Men legar spring likevel Konradløpet. Geir Arve Råheim frå Ålesund er eit lysande eksempel. Fastlegen er fødd i 1957 og debuterte i Konradløpet i 2011 (tid: 18.47). Han kom tilbake i 2012, då med sluttida 18.20. Han høyrer med andre ord til mellom dei som vert sprekare med stigande alder.
Legen «vår» kjem att også i 2013. Då kan han reise heim med Konradmedaljen i sølv etter 3. gongs deltaking – uansett tid.
Til denne tid har vi gått klar helsemessige uhell i Konradløpet. Men ein veit aldri, og før eller seinare vil noko skje. Trass alt har kring 4 000 vore på startstrek når løp nummer tolv er avvikla 1.mai i år. Trygt å vite at på denne streken finst i det minste éin kyndig – Geir Arve Råheim, fastlege frå Ålesund.
Velkomen og lukke til i ditt tredje løp!
Rekk Konrad Lillebø årets løp?
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Apr 2013
Konrad Lillebø frå Hessa i Ålesund er mannen med namnet Konrad som har best tid i Konradløpet. Tida er fine 19.55
Dette året skal Konrad Lillebø ha Konradmedaljen i gull om han stiller(6.gong). Det er det ikkje sikkert han gjer. Og han har god grunn. Det er nemleg berre kring ei veke sidan han kasta gipsen etter eit beinbrot. Såleis skjønar vi mannen ikkje har meir tid enn han treng.
«Konradrekorden» kan dermed ryke for Konrad Lillebø sin del. Eksempelvis til unge Konrad Brunstad (Nordmøre), som i 2012 sprang på 20.08. Vegen ned til rekorden er kort, men førebels er heller ikkje barnebarnet til Jon og Oline Brunstad påmeld.
Einaste deltakar med gratis deltaking så langt - på grunn av namnet - er råspreke Jarle Konrad Fausa.
Konradløpet: Kondis-Martin påmeld
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2013
Martin
Hauge-Nilsen, som representerer bladet Kondis, er busett på Haddal i Ulstein
kommune. Årets løp vert hans fjerde opptreden i Velledalen med start i gryotta.
Dei to siste åra har han levert tider under 16 minutt. I debutåret var han
lettare indisponert, nyleg tilbake etter blindtarmoperasjon.
Martin
Hauge-Nilsen leverte 15.39 i 2012, ei tid som held til 11. plass på adelskalendaren
gjennom alle tider. Berre vår eigen superveteran, Nils Terje Skylstad (55) har
betre tid mellom dei førebels påmelde (15.29 som er 6.beste tid gjennom
historia).
Kondis-Martin
er ein skikkeleg hardhaus. I 2012 fullførte han Nibbedobbelen i Geiranger utan
problem. Der syklar ein fyrst til toppen av Dalsnibba, så syklar ein ned igjen
til fjorden, før ein (etter kort pause) spring til fots til toppen (1500 meter
over havet). Det må ha gitt meirsmak, for Martin er påmeldt same «galskapen» i
2013. Det same er for øvrig Eldar Kurseth, noko vi skal kome tilbake til.
Robert er polsk
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2013
Ja, slik er det. Vi kjenner ikkje naboane våre lenger. Jo André Tandstad kan fortelje at Robert Rakoczy, Remigiusz Janiak og Anna Janiak alle er polske. Og dei bur i gamlehuset i Pe-garden på Hjorthol.
Ikkje nok med det, men alle tre har delteke ein gong tidlegare. Det visste vi, då det stod i Lars Inge Sæther sin glimrande statistikk. Men der står det ingenting om nasjonalitet.
Men no veit vi: Det er polakkane som toppar deltakinga mellom våre nye landsmenn – førebels.
Vi kan óg nemne at «Pe-Thomasz» som i fjor flytta tilbake til Polen, står på lista over påmelde til Nibbeløpet i Geiranger den 15. juni. Så det må ha gitt meirsmak. «Pe-Thomasz» har delteke der to gonger tidlegare.
Konradløpet: Rekordhaldar stiller ikkje
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2013
Hilde Riksheim Tandstad har to gonger kryssa mållina på 18.46 under Konradløpet. Denne rekorden sette ho i 2007, og tangerte den i 2010. Hilde skal ha eksamen dagen etter Konradløpet og er difor uaktuell dette året. Om rekorden hennar overlever står att og sjå.
Men Hilde vert heime komande helg og vil kaste glans over Konradtreninga komande laurdag, der ho vil assistere Olav Strømme. Hilde var den som leia Konradtreningane i 2012, ein populær aktivitet som samla 15 ungar i snitt.
Konradløpet: Mannfolka har fått luke
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2013
Litt
påmeldingsnytt frå Konradløpet. Stoda er 29-23 i mannfolka sin favør. Då er det
snakk om ei lita luke på friidrettsspråket. Men vi trur ikkje kvinnfolka
slepper så tidleg. Dei har trass alt «vunne» dei fleste åra, medan det enda
169-169 i 2012.
Så langt har
vi deltakarar frå seks kommunar og fire nasjonar (Noreg, Russland, Kirgisistan
og Polen). Lengst reiseveg av dei påmelde hittil har Andrea Berge Kastellet,
ein av jentebloggarane våre, som bur i Stavanger.
I 2012 samla
hovudløpet 338 personar
Endeleg får VIL gruppeleiar i friidrett
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Apr 2013
Fram mot Konradløpet er det nok og styre med. Laurdag vert det starta opp med Konradløptrening for alle interesserte i skulealder og eldre. Med Olav Strømme som trenar er kompetansen høg. Det er vanskeleg å vite kva tidspunkt som høver best, men vi prøver klokka 16.00 med frammøte Joker i Velledalen.
Målet er at det skal vere to treningar kvar veke, ei i helga og ei midt i veka (dag førebels ikkje bestemt). Og ein skal ikkje sjå vekk frå at eine treninga vert i Straumgjerde.
Elles kan det nemnast at premiane til Minikonrad kom i dag. Påmelding til Minikonrad skjer løpsdagen (30.april). Til Hovudløpet kan ein melde seg på når som helst (frontsida til VIL-Nett)
Er du polsk, Robert?
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Apr 2013
Gledeleg nok er det stor oppslutning frå mange ulike nasjonar om Konradløpet. Hittil har vi fått påmelding av fylgjande personar utanom eige land:
Oxana Trofimchuk, Russland
Aigul Saktanbekova, Kirgisistan
Robert Rakoczy
Remigiusz Janiak
Anna Janiak
Vi hadde sett pris på om nokon kunne stadfesta nasjonaliteten til dei tre siste. Stalltipset går i retning Polen, men vi veit ikkje. Nasjonalitetsstadfesting kan sendast til:
atlehole@online.no
Farta er ikkje viktig i Konradløpet. Men sidan vi er inne på andre nasjonar nemner vi at «Utlendingsrekorden» er det Michael Uhlar frå Tsjekkia som har -
på sterke 16.34. Nest raskaste utlending er Daryl Matthews frå Australia på 18.12.
Jaudå, det kling bra, sant!!??
Konradløpet 2013: Ivar Ulvedal hovudgjest
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Apr 2013
For dei som måtte vere i tvil; kombinertløparen Mikko Kokslien kjem ikkje, og Marit Bjørgen som vi skreiv om 1. april var aprilsnarr. Men vi er stolte av «erstattaren» og ser verkeleg fram til eit besøk av Ivar Ulvedal.
Han er medlem av IL Veten, eit lite idrettslag i Stryn kommune. Han trenar allsidig, både fotballtrening saman med utviklingshemma, spinning og styrketrening på treningsstudio, i tillegg til masse skitrening.
Ivar voks opp på gard, som nummer fire i ein syskjenflokk på fem. Han er onkel til åtte. Ivar bur i eigen bustad, 18 kilometer frå foreldra. Elles arbeider han ved Stryn arbeidssenter.
Ivar har ein kromosomfeil, Fragil X. Han kan ikkje lese og skrive, men fylgjer likevel godt med på det som skjer lokalt og i verda elles. Han trivst godt i samver med andre og er ein sosial person, men trivst også godt i eige selskap. Han likar musikk, spesielt danseband og viser.
I 2009 deltok Ivar i Special Olympics World Winter Games i Idaho i USA. Greina hans er langrenn, og han kunne stolt vende heim med gull på 5 km og stafett og sølvmedalje på 10 km.
Vinteren 2013 gjekk turen til Pyeong Chang i Sør-Korea. Ny suksess for Ivar som denne gongen kom heim med gull både på 5 og 10 km, ved sida av ein stafettbronse. Samla medaljefangst: fire gull pluss sølv- og bronsemedalje.
Arrangørstaben i Velledalen IL gler seg til Ivar kjem på vitjing. Han skal heilt sikkert dele ut premiar under Minikonrad den 30. april. Ein skal heller ikkje sjå vekk frå at hardhausen frå Veten vert å finne på startstreken under hovudløpet, 1.mai klokka 05.00
Nærmar seg nettsidejubileum
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2013
Den gode trenden på VIL sine nettsider held seg i april. Det betyr at laget om kort tid vil passere ein ny milepæl, nemleg 111 111 treff. Det vil truleg skje 16. april eller der omkring.
Men då vert det lenge til neste jubileum. Det er nemleg lang veg til 222 222 treff.
Konradløpet: Voldingar påmelde
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2013
Hittil har vi
påmeldingar frå fem ulike kommunar og tre nasjonar til Konradløpet 1.mai. I
helga kom påmeldinga frå Volda kommune gjennom trioen Karen Sofie Hammer Brænde, Ole Martin Hammer Brænde og
Stine Inger Hammer. Stine er utflytta velledaling om nokon måtte vere i tvil.
Desse tre
nemnde er mellom godt over 100, som skal ha Konradmedaljen i sølv etter årets
løp. Denne får dei etter løpet i grendahuset, noko dei sjølve må passe på.
Andre som er
kvalifisert til treårsmedalje etter årets løp, og som alt er påmelde er:
Cecilie Welle
Bay
Kjell Magnar
Berli
Torje
Bjørneseth
Katinka
Havnegjerde
Elisabeth
Overvoll Hole
Sondre
Overvoll Hole
Kine J. Hole
Oppdatert historikk om Konradløpet og årets løp
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Apr 2013
Han deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 80 år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor starta løpet klokka 05.00. Ei av dei faste treningsløypene han var ”runden” frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet går. Andre faste treningsturar var på fjellet Koppen eller gjerne ein kjapp tur på Vellesæta
OM LØPET
Konradløpet vart fyrste gong arrangert i 2002. Det har start og mål på Brunstad, like ved Jokerbutikken. Løypa er 4,5 km lang etter asfalt, og stort sett ganske flatt (mest stigning i fyrste halvdel). Det er drikkestasjon i Holeøyane (etter halve løpet). Starten for hovudløpet går presis klokka 05.00.
Deltakarrekorden i hovudløpet er 372 frå 2006.
DELTAKING
2002: 196 deltakarar
2003: 243
2004: 248
2005: 264
2006: 372
2007: 422 (medrekna Minikonrad)
2008: 398 ( medrekna Minikonrad)
2009: 464 (medrekna Minikonrad)
2010: 395 ( medrekna Minikonrad)
2011: 386 ( medrekna Minikonrad)
2012: 450 (medrekna Minikonrad)
GRATIS FRUKOST
I samband med VIL sitt 100 års jubileum i 2006 vart det spandert gratis frukost på alle deltakarane i Konradløpet. Dette vart så populært at det sidan har vore ein fast tradisjon. Frukosten vert servert i Velledalen grendahus, der det også er garderober, premieutdeling .m.m.
KONRADFILMEN
Odd Kvammen – slektning av Konrad Brunstad – forstod at Konrad var noko utanom det vanlege. Han laga film om Konrad frå dei åra han dreiv som hardast, og der han sjølv fortel om sin fysiske kvardag, om helse og motivasjonen for å drive på. Ein knakande god film, og utan denne filmen hadde det kanskje aldri blitt noko Konradløp. Filmen vart vist i gravferda til Konrad. Ole Petter Berge var sendebod til idrettslaget og den som fyrst ymta frampå om at ”Konrad eigentleg skulle hatt sitt eige løp”.
Det fekk han, og Odd Kvammen har gitt ein film i gåve til VIL, slik at Konrad sine tankar kring mosjon, helse og livsfilosofi elles, kan bli friska opp att i samband med Konradløpet.
MEST KVINNER
Konradløpet – der farta ikkje er viktig, heiter det. Og mesteparten av deltakarane stressar ikkje i løypa. Rett nok er det tidtaking i Konradløpet, men berre av dei hundre fyrste som går over mål. Tidene til 2/3 av deltakarane vert aldri gjort offentlege. Litt spesielt er det òg, at løpet dei fleste åra har samla fleire kvinner enn menn. Ikkje stor skilnad, men om lag 55-45 i kvinnene sin favør. Eit klart prov på at dette er eit ”landevegsløp” utanom det vanlege. I 2012 hadde mannfolka mobilisert. Då enda "kjønnsduellen" 169-169 i Hovudløpet. Løpet i 2013 vil vise om kvinnfolka er på vikande front eller om det berre var eit skippertak frå mannfolka i 2012.
MINIKONRAD
Vart fyrste gong arrangert i 2007. Den gongen var løpet for aldersgruppa 0-13 år, og samla 64 deltakarar. Tilbakemeldingane var positive. Seinare vart løpet utvida til å gjelde aldersgruppa 0-16 år (ut Ungdomsskulen). Løpet vert alltid arrangert kvelden før hovudløpet - altså 30. april - med to startfelt.
Fyrst dei yngste utan tidtaking - start klokka 1830
Like etter 11 år og eldre med tidtaking - start klokka 1900.
Minikonradløypa er 1050 meter lang, 40 prosent på grus, 60 prosent på asfalt.
NB!: Påmelding løpsdagen - i god tid før start.
Her vart samtlege premiert, startkontingent kr 60,- I tillegg vert det delt ut skulepremie til beste trio etter tid for elevar i femte, sjette og sjuandeklasse. Begge kjønn må vere representert, anten to gutar+ éi jente, eller to jenter+éin gut. Denne vart i 2012 vunnen av Ringstad skule (Stranda).I tillegg får beste jente og beste gut tidsmessig ekstrapremie utover deltakarpremien.
Tidlegare har skiskyttar og motbakkeløpar Hans Martin Gjedrem (med fleire NM-gull som senior) kasta glans over premieutdelinga og like eins skihopparen Tommy Lianes (217 meter). Kven som kjem i 2013 er i skrivande stund ikkje klart.
Start og mål same stad som for hovudløpet; Brunstad i Velledalen (ved Jokerbutikken).
Deltakarrekorden i Minikonrad er 112 frå 2012
GRATIS DELTAKING
Det har i alle år vore gratis deltaking for personar med Konrad som føre- eller mellomnamn, og for alle personar over 90 år. Deltaking av personar over 90 år fekk vi tidleg (Tomas Tandstad) men vi måtte utruleg nok vente heilt til 2007 før vi fekk ein person med Konrad-namnet på startstreken. Men då kom det til alt overmål tre på ein gong.
PREMIERING
Minikonrad: Alle premiert – lik premiering. I tillegg skulepremiar (sjå tidlegare i tekseten)
Hovudløpet: Diplom ved fyrste gong deltaking, Konradmedaljen i sølv 3.gong og Konradmedaljen i gull 6.gong. 10 års premie. Vidare vert det trekt premiar på startnummer, der om lag 20 prosent av deltakarane vert premiert – i all hovudsak med gåvepremiar.
Dei tre beste damene og tre beste herrane vert premiert. Ny løyperekord gir 1000 kroner i premiepengar både i dame- og herreklassa.
Harde Fakta
* Deltakarrekord: 464 (Minikonrad inkludert) (2009)
*Løyperekord damer: Hilde Riksheim Tandstad, Velledalen IL, 18.46 (2007 og 2010)
*Løyperekord herrar: Knut Anders Hatlen, Stranda IL, 14.43 (2012)
*Eldste deltakar: Tomas Tandstad deltok i sitt 92.leveår (2004)
*Deltakarnummer 1000: Ilyas Degirmenci (2006)
*Deltaking frå tolv ulike nasjonar
*Utlendingsrekord: Michael Uhlar,Tjekkia, 16.34 (2010)
*Beste Konrad: Konrad Lillebø 19.55 (2007)
*Beste søskenpar (gut/jente): Sondre og Elisabeth Overvoll Hole 35.24
PÅMELDING
Atle Hole tlf 70 25 07 49 – 917 43 761 e-post: atlehole@online.no
eller www.velledalen.net - link til Velledalen idrettslag
Minikonrad: påmelding ved start løpsdagen. Hovudløpet helst innan 30.april
STARTKONTINGENT
Minikonrad: kr 60,- pr.pers
Hovudløpet: Born kr 50,- Vaksne kr 100,- Familie 250 (frukost er inkludert)
Dette gjeld påmelding innan 30. april klokka 1800
Seinare påmelding er mogleg mot tillegg i prisen.
Konradløpet: Sørland fyrst av superveterane
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2013
Arkivfoto frå Konrad extrem 2010
Karstein var fyrst ute med påmeldinga av dei over 80 år i 2012, og vart fyrst også i 2013. Karstein kjem frå Ålesund, og representerer Emblem IL. Han er fødd i 1929, med andre ord ein god veteran. Framleis aktiv i fleire lokale løp, mellom anna i Geiranger der han kvart år er på plass under Geiranger Halvmaraton med målgang på Dalsnibba.
Før jul fekk Karstein ein kneskade etter eit trakk i ei hole med påfylgjande fall. Men no er han stort sett restituert, og vert å finne på startstreken på Brunstad 1, mai klokka 05.00.
Velledalen IL ynskjer Karstein og alle andre superveteranar hjarteleg velkomne!
Sondre Brunstad Fet til AaFK
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2013
VIL-Nett snakka med faren, Steinar Fet, i mars. Då kunne han fortelje at det stod temmeleg likt mellom Hødd og AaFK med tanke på overgang.
-
Kanskje størst utviklingsutsikter i Hødd, men lettare kommunikasjonsmessig i Ålesund, sa Steinar den gongen.
No fall altså valet på AaFK. Ein klubb VRF-spelarane Robert Sogge og Ole André Fet har vore innom før den nådde tippeligaen. Begge opphalda vart relativt kortvarige.
Anten valet hadde falle på Hødd eller AaFK, er det grunn til å tru det hadde vorte mest juniorfotball på Sondre denne sesongen, truleg supplert med kampar for toar-laga. Der finn ein både Hødd 2 og AaFK 2 på same nivå, i 3. divisjon (AaFK 2 rykte ned i fjor haust).
Det betyr at dei to lagkameratane frå 2012, Bengt Hole Alnes og Sondre Brunstad Fet, kan stå på kvar sin banehalvdel når Stranda og AaFK 2 møtest til dyst om poenga på Stranda stadion denne sesongen. Akkurat det vil i så fall drage nokre tilskodarar ekstra frå sykkylvssida av fjellet.
Sterk vårdilt av Solveig Beate
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Apr 2013
Solveig Beate Brunstad tok turen til Ålesund og deltok i det 4,3 kilometer lange Vårdilten torsdag 4. april. Forholda var gode med 6-7 varmegrader og snøfrie vegar melder Kondis.
Løpet samla i alt 29 deltakarar, 18 menn og 11 kvinner. Totalt vart Kristian Nedregård suveren vinnar på den sterke tida 13.51. Nærast kom broren, Svein Oskar Nedregård, med tida 15.28.
Mellom kvinnene vart Kari-Anne Tryggestad Ryste vinnar med tida 18.17. Nærast kom Matea Lervåg på 18.48, og på flott tredjeplass Solveig Beate med tida 19.41. Vi nemner at ho knekte sju av 18 mannfolk i løpet !
Det betyr at Solveig fort gjort kan sprengje 20 minutt grensa under årets Konradløp. Vårdilten er kring 100 meter kortare enn Konradløpet, så tidsmessig burde det vere ganske likt.
Klubbmeteorologen spår:
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Apr 2013
-
No har eg
fått meg ny almanakk. Kjærkome, sidan eg har vore utan ei lang tid. Det betyr
at eg igjen kan spå vêret.
-
Og kva
melder du, når kjem vårvarmen?
-
Eg kan love
betydeleg varmare vêr frå ca. 10. april. Særleg desse lave nattetemperaturane
vert det slutt på, lovar gartnaren i Velledalen – og klubbmeteorologen i VIL - Per Gunnar Holmberg til VIL-Nett.
Noko nedbør skulle det også bli, men ikkje
striregn.
Greitt å vite, i alle fall.
FISKING PÅ KAIA I SØVIKDALEN !
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Apr 2013
Ta med redningsvest,fiskestang og kroker,kansje varm drikke om det er kaldt, godt humør og fiskelykke !
Det blir fra kl 1700- 1800/1830.
Vil du være med ? send påmeldinga til
idrettsskulen@hotmail.com .
For spm ringe Julie 93285881.
Mannfolka i tet
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Apr 2013
Det er lite som skil, men mannfolka har gått
hardast ut når det gjeld påmelding til årets Konradløp.
Dei fleste åra har Konradløpet hatt svakt
kvinnefleirtal på deltakarsida. I 2012 vart det for fyrste gong uavgjort,
169-169. Påmeldinga for årets løp er no godt i gang. Like før midnatt 3. april
hadde 43 utøvarar meldt seg, og mannfolka har gått hardast ut. 24-19 var stoda
då, men dette kan raskt endre seg.
Elles er alt godt i rute til årets løp.
Marit Hole og Odd Kåre Fet utgjer premiekomité og dei set sikkert pris på om
nokon kontaktar dei, startnummera til hovudløpet (500 stk) er venta til
Velledalen når som helst og alle kjøpepremiar er tinga. Dette gjeld mellom anna
premiar til Minikonrad, premie til beste skule (klassene 5.- 6.- og 7.) og til
raskaste gut og jente under Minikonrad. Vi minner om at skulepremien i fjor
gjekk til Stranda, då Ringstad skule vann
Konradløpet: Sterkt søskenpar påmeldt
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Apr 2013
Reknar vi søskenpar med samansetninga gut/jente har rekordhaldarane meldt seg på. Dei kjem nemleg frå Stranda, og vi snakkar om Elisabeth og Sondre Overvoll Hole. Elisabeth sprang på 18.54 i 2011, ei tid berre Hilde Riksheim Tandstad har stiva. Sondre sprang i fjor, som 13-åring, på ramsterke 16.41. Det er 39. beste herretida totalt. Samla tid for Elisabeth og Sondre vert 35.35
Av andre sterke søskenpar i kombinasjonen gut/jente nemner vi Ann Kristin og Lars Anders Hoel, skiløparsøsken frå Valldal. Men dei som ligg nærast Elisabeth og Sondre på statistikken er Ragnfrid og Torfinn Aamodt. Ragnfrid har kryssa mållina på 19.30, broren nøyaktig tre minutt raskare, altså på 16.30. Samla tid for Aamodt-søskena vert dermed 36.00 på ein god andreplass. Hoel-søskena frå Valldal på tredjeplass har 36.07.
Dei tre beste i søsken-kombinasjon gut/jente:
35.35: Elisabeth og Sondre Overvoll Hole, Stranda
36.00: Ragnfrid og Torfinn Aamodt, Sykkylven
36.07: Ann Kristin og Lars Anders Hoel, Valldal
Faktisk trur vi rekordtida i denne «greina» kjem til å ryke under løpet 1.mai 2013.
Sterk grasrotmånad i mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2013
Ein månad før utbetaling har kasserar Asgeir 6484 kroner på konto hos Norsk Tipping. Dette er summen at grasrotkronene frå januar (kr.1998,-), februar (kr.2100,-) og mars (kr 2386,-).
På grunn av at påska ofte kjem i mars, er månaden høgst usikker. Men 2386 kroner er det beste marsresultatet nokon gong. Litt overraskande ettersom så godt som heile påska kom på denne månaden i år.
Vi har i løpet av månaden mist tre spelarar til Velledalen skulekorps, slik at talet i skrivande stund er 78. Men dei gode spelarane har vi tydelegvis intakt. Tusen takk til alle saman!
Marit Bjørgen kjem til Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2013
Ein av finevêrsdagane i påska sende vi bilde av velledalsfjella og spørsmål til Mikko korleis det gjekk med tanke på 1.mai 2013. Her er svaret han sende:
«Oioi! Så flott.. Koser meg i Jotunheimen. Ang. løp har jeg dessverre ikkje mulighet. Jeg er på ferie. Den eneste tiden jeg har mulighet i år, så jeg velger å prioritere det. Men nok en gang er det ergelig. Ønsker å bli med et år.
«Men jeg har snakket med Fred Børre. Den tidligere kombinertløperen som er samboer med Marit Bjørgen. De kan komme. Gi meg et vink om dere er interessert, men det koster selvsagt litt mer gryn».
Etter litt fram og tilbake er det no klart at Fred Børre Lundberg og Marit Bjørgen kjem. Ein sponsor betalar halve kostnaden, resten betalar VIL. Programmet for 30. april og 1.mai vert
rimeleg hektisk og om lag slik.
30.april:
17.00: Møte med borna i Idrettsskulen
18.30: Minikonrad på Brunstad
19.30: Marit Bjørgen deler ut premiar i grendahuset.
20.30: Lundberg og Bjørgen leiar herretrimmen – utandørs.
1.mai:
05.00: Begge deltek i Konradløpet.
06.00: Frukost, premieutdeling og Konradfilm.
07.00: Avreise
Dei som kan tenkje seg å bli med på herretrimmen med Marit Bjørgen må straks melde seg til Åge Vanebo. Ho vil nemleg ikkje ha meir enn maks 15 menn i alderen 25-55 år. Prisen pr. deltakar er sett til 1000 kroner.
-
Ikkje noko problem i det heile. Eg veit om fleire som vil betale minst 5000 kroner for å bli med. Det vert heilt sikkert rift om plassane, seier herretrimgeneral Åge Vanebo til VIL-Nett. Sjølv har han «frikort».
Kanonmånad for VIL-Nett i mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2013
Mars 2013 vart rett og slett ein kanonmånad for VIL-Nett med 3928 treff, ei smadring av den gamle månadsrekorden som lydde på 3291 frå oktober i 2012. Beste dagen var birkebeinerlaurdagen med 210 treff, der VIL-Nett hadde oppdatering gjennom dagen på dei lokale løparane.
Slik ser marstala for VIL-Nett ut sidan starten:
2008: 365 treff
2009: 868 treff
2010: 1720
2011: 2377
2012: 2699
2013: 3928
Oversikt over dei beste månadane:
1.
mars 2013: 3928 treff
2.
okt. 2012: 3291
3.
mai 2012: 3218
4.
jan. 2013: 3208
5.
nov. 2012: 3120
6.
sept.2012: 3046
Grunnen til den store framgangen…?
I hovudsak at Velledalen IL frå og med mars månad har oppdatert facebook-sida si dagleg.
Takk til Ellen Marie Hole for den jobben!
Hallgeir Even 50 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mar 2013
I dag gratulerer Velledalen IL Hallgeir Even Lade som i dag, 31.mars, fyller 50 år. Hallgeir var yngst av dei tre «Brua-brødrene», tre karar som alle var skiløparar i barndomen.
Hallgeir leverte mange fine prestasjonar i løyper rundt om på Sunnmøre som utøvar for Velledalen IL.
Dette var på 1970-talet. Ha la opp i konfirmasjonalderen eller like etter, og
gjekk seinare over til golf.
Øye-Paul eldst i Det Store Folkerennet
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mar 2013
Dei yngste som tok seg rundt Sætrevatnet for eiga «maskin» var neppe meir enn tre-fire år. Den eldste som tok seg rundt Nysætervatnet og lang løype veit vi alderen på. Paul Halstein Hole er nemleg fødd 18. desember 1929, og går såleis i sitt 84. år.
Truleg var han den einaste over 80 år i
dette rennet. Vi reknar med at Paul får fleire frå same aldersgruppe som selskap i Konradløpet som nærmar seg. Idrettsmerkeprøvene har han óg planar om å gjennomføre i 2013. I så fall for 50. gong.
Livet på matstasjonane
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mar 2013
Kort løype har matstasjon på Gamlestølen. Her vart det servert saft, frukt og sjokolade. Men det er stasjonen på Orreneset som har det store utvalet, med både råmjølkspudding med raud saus, sjokoladekake, kaffi, frukt og sjokolade.
I tillegg var det drikkestasjon ved mål og premieutdeling. Dei fleste ungane fekk medalje, men då det vart tomt her måtte ein over på reserveløysingar.
Kjell Magnar raskast rundt Nysætervatnet
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mar 2013
Konkurranseløparane hadde tidleg start, alt klokka 11.00 la dei i veg. Tanken bak tidleg start for desse er at dei då blir ferdige til dei store massene kjem seg ut i sporet.
Her er tidene til alle som gjekk på tid, sett opp i påmeld rekkefylgje.
37.17: Jonas Sagli
45.21: Tobias Sagli
56.15: Ellen Marie Hole
35.55: Kjell Magnar Berli
51.20: Sigrid Ulset Lade
1.05.08: Ole Peder Holmberg
49.09: Karstein Jensen
38.34: Berth Wilhelmsen
40.59: Eirik Kaland
42.26: Per Steinar Linga
Nokre timar seinare på dag gjekk Svein Arne Nakken på 35.15
162 gjekk Det Store Folkerennet
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mar 2013
Ramma kunne ikkje vore betre, med sol frå skyfri himmel, perfekte løyper og godt skiføre teke årstida i betraktning. 90 deltakarar gjekk kort løype, medan det var 61 betalande i lang løype og elleve som gjekk på tid.
Det vart delt ut tre kostymepremiar, medan «heldiggrispremien» gjekk til Nikolai Flatabø Fet. Den var i år på 600 kroner.
Gratulerer Nikolai!
Ny veteransamling 13. april
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mar 2013
Sett av datoen. Altså 13.april 2013. Opplegget vert ikkje ulikt slik det var sist, med hovudvekt på middag og mimring. Nærare klokkeslett vil kome seinare, og på grunn av maten vert det påmelding.
Alle som har avslutta karriera er velkomne, anten det er snakk om spelarar, dommarar eller tunge tillitsvalde i klubben
.
Løype over «Nøkkane»
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mar 2013
Håkon Fedt har i fleire år rydda vegetasjon for å få til ei skiløype over «Nøkkane».
-
No er det muleg å gå løypa for den som vil. Rett nok er det litt lite snø somme stader, men likevel fullt brukbart. Løypetraséen held ikkje trakkemaskinbreidde overalt, men det er heller ikkje naudsynt, seier Håkon til VIL-Nett sine lesarar.
-
Alle er hjarteleg velkomne til ein prøvetur, sluttar Håkon, som óg har meldt seg til teneste som funksjonær under Det Store Folkerennet komande fredag.
VIL-medlemskap i Valldal og Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mar 2013
Skirenn i Valldal
Her kjem medlemssatsane frå Valldal, med Velledalen IL sine tal for same type medlemskap i parentes.
Vaksne over 16 år: kr 400,- (200,-).
Born 16 år og yngre: kr 300,- (100,-)
Honnør 67 år og eldre: kr 300,- (ingen eigen sats for desse i Velledalen IL).
Familie inntil to vaksne og born under 16 år: Kr 700,- (400,-)
Støttemedlem: Valfri sum (gjeld det same for begge lag).
Vidare heiter det i Valldal IL, sitat:
«Alle små og store, som deltek i lagidrettar og individuell idrett for Valldal IL i 2013, SKAL vere medlem i laget. Andre som brukarlaget sine anlegg eller tilbod om aktivitet bør vere medlem. Vi er også takksame for alle som teiknar medlemskap som støttemedlem».
Kanskje ein tankevekkar..? Siste året har mange teke lettvint på å betale kontingent til Velledalen IL, men framleis nytta seg av laget sine tilbod innan trim og idrettskule. Etter påske vil ikkje dette lenger vere mogleg.
Konradløpet: Fire ulike kommunar
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mar 2013
At det har kome påmeldingar frå sunnmørskommunene Sykkylven, Stranda og Ålesund kan knappast kallast overraskande. Men at kommune nummer fire er Aukra (Romsdal), er ikkje heilt i tråd med normalen.
Men enno er vi heilt i startfasen, slik at dei tre utøvarane frå Aukra vil nok frå selskap frå fleire andre i løpet av kort tid.
Naturleg nok kjem dei fleste deltakarane frå Sykkylven.
Berre 29 av dei 60 ivrigaste er medlemar
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mar 2013
Sjølvsagt er det skuffande at berre 29 av dei 60 ivrigaste brukarane av Velledalen IL sine trimpostar siste året var medlemar i laget. For trimpostane gjer seg ikkje sjølv. Og slett ikkje summeringa av poeng, oppsetting av topp-5 på kvar post og samanlagtlister basert på poeng. Bøkene skal samlast inn, nye skal leggjast ut og resultata skal ut til det breie lag av folket gjennom årsmelding og VIL-Nett. Av og til må det gjerast vedlikehald og postar sikrast for vêr og vind.
Dei fleste tenkjer kanskje ikkje over det - men der står nokon bak dette tilsynelatande knirkefrie opplegget. Nokon som samla kanskje brukar noko slikt som 200 timar med gratisarbeid årleg, for at opplegget skal eksistere og fungere.
Kasserar Asgeir har laga ein oversikt for dei ulike postane for året 2012, som går på antal medlemskap ut frå topp-5 resultata frå kvar post. Den ser slik ut:
KOPPEN: 4 på topp-5 lista medlemar i VIL
SKOGSVEG FET: 4 av topp-5
MYRDALSFJELLET: 3 av topp-5 hadde medlemskap
HOLETINDANE: 3 av topp-5
HOLEMARKA: 3 av topp-5
SKOGSVEG HJORTHOL: 3 av topp-5
VELLESÆTRA: 2 av topp-5
REGNDALEN: 2 av topp-5
RIKSHEIMDALEN: 2 av topp-5
BRUNSTADSÆTRA: 1 av topp-5
BRUNE STRAUMGJERDE: 1 av topp-5
HØGSÆTRA FET: 1 av topp-5
Tenk over dette når sesongen no tek laust for alvor. I alle fall mellom dei ivrigaste brukarane ventar vi eit oppsving i 2013. Målet for sesongen er at 40 av personane på topp-5 listene skal vere medlemar ved utgangen av året
Kontingenten for 2013 er 100/200/400 for born/vaksen/familie. Eller det kan betalast støttemedlemskap med valfri sum. Kontonummeret er: 4045.10.23537
I samband med ein medlemskapsaksjon som går fram til 1.juli, vert det trekt tre premiar mellom alle som har betalt, med kunngjering av vinnar fylgjande datoar:
30. april
30. mai
30. juni
Kva skjer 31. august 2013..?
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mar 2013
I går skreiv vi at 31. august 2013 kunne bli ein historisk dag i Velledalen IL si 107 årige soge. Men kva er det som skjer denne dagen, utfordra vi lesarane..?
Den einaste som leverte svar var vår eminente nordmøring, Alf Petter Bøe. Han skreiv:
-
Hei, kanskje då Kjell Magnar tek trippelen?
Ja, Alf Petter, du har så rett så rett. Det er denne datoen vi faktisk ventar at Kjell Magnar kjem til å bli den fyrste frå Velledalen IL som vert SUPER BIRKEBEINER, det vil seie som greier merkekrava i rennet, løpet og rittet i same kalenderår.
Vi kontakta Kjell Magnar i dag, og han la ikkje skjul på at hadde dette som sitt klare mål.
-
Faktisk rekna eg sjansane for å greie merkekravet på ski som minst. Birkebeinerløpet burde eg greie utan spesialtrening. Syklinga vert tøffare, men utan uhell og med god trening framover reknar eg sjansane som absolutt bra, seier Kjell Magnar til VIL-Nett dagen etter han vart BM-vinnar i langrenn i seniuorklassa.
Her er fakta:
16.mars: Kjell Magnar greidde Birkebeinermerket på ski på andre forsøk.
8.juni: Kjell Magnar stiller i Birkebeinerløpet for andre gong. Greidde merket i debuten.
31. august: Kjell Magnar stiller som debutant i Birkebeinerrittet, og vert historisk….?
Og Alf Petter..? Han har vist seg som ein av dei mest oppegåande i Velledalen på sportsfronten, og hankar inn ei velfortent t-skjorte i premie.
-Må vel hjelpe dokke i år me….?
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mar 2013
arkivfoto
Ja, takk Bjarne Hole, du skal meir enn gjerne få hjelpe oss denne gongen også. No til dags er det heller sjeldan at folk melder seg frivilleg, men det har altså Bjarne Hole gjort. Og som parkeringsvakt har han ei viktig oppgåve: Få flest mogleg til å parkere på marka ved startområdet slik at det ikkje hopar seg opp med bilar på Hjorthol-sida, noko det har hatt ein tendens til å gjere.
Men Bjarne Hole vert ikkje berre parkeringsvakt under løpet i 2013. Nei, mannen frå idrettsfamilien i Øyane har ein annan god grunn til deltaking. Han er nemleg jubilant! 1. mai 2013 kan Bjarne Hole ta med seg tiårspremien heim etter frukosten i Velledalen grendahus. Det i seg sjølv ein god grunn til å delta.
Simon Halvorsen raskast i BM
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Mar 2013
arkivfoto
I alt deltok 28 utøvarar. Dei klart fleste under kategorien unge og lovande. Seniorklassa samla fire utøvarar, med høgst ulik alder. Her er resultata:
Junior M 18 år- 10 km:
1.
Simon Halvorsen, SIL,
30.44
Senior 10 km:
1.
Kjell Magnar Berli, VIL,
33.12 (25-29 år)
2.
Berth Wilhelmsen, SIL,
36.05 (65-69 år)
3.
Oddvar Rønneberg, SIL, 49.11 (75-79 år)
4.
Ivar Hopen, SIL,
52.14 (60-64 år)
5.
G 12 år – 3 km:
1.
Robin Myrseth Heimstad, HIL, 15.22
2.
Jonas Gulla, VIL,
20.37
G 10 år – 1,5 km:
1.
Mathias Myrseth Heimstad, HIL, 7.03
2.
Tobias Øvrevoll Kalstad, SIL,
7.09
3.
Sivert Mosby Nakken, VIL,
8.10
4. Andreas Moseby Nakken , VIL 9.24
J 10 år – 1,5 km:
1.
Annika Lyngvær, VIL,
10.38
2.
Karina Gulla, VIL,
18.40
J 9 år og yngre:
Marthe Myrseth Heimstad, HIL
Gina Rotevatn, SIL
Julie Angelica Aure Strømme, SIL
Pernille Linga, VIL
Kaisa Berge, SIL
G 9 år og yngre:
Pedro Johan G. Aure, SIL
Isak Nydal, HIL
Kristian Sperre Ulvestad, SIL,
Leonard Jan Grebstad, SIL
Markus Jensen, VIL
Torstein Rotevatn, SIL, (yngstemann- 3 år)
Kristian Stadsnes Skaga, SIL
Espen Ødegård, SIL
Sigurd Berge, SIL og Stian L. Hemmingsen, SIL
31. august 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Mar 2013
No er sikkert dei fleste like vise. Kva er det med 31. august 2013 som kan gjere dette til ein historisk dag for VIL..? Svaret får du ikkje før i morgon.
Vi vil ikkje påstå at dette er enkelt, og vi tvilar på om nokon greier det, men vi lovar ei t-skjorte til den som har løysinga.
Svar til: atlehole@online.no
– 917 43 761
Birkebeinerhelsing frå løypa
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mar 2013
Njål Tyssing valgte ei aggressiv linje frå Sjusjøen ned mot Lillehammer. Dessverre kom ei snøfonn i ein innersving litt brått på den tidligare rundingsbøya på VRF. Skia satt fast i fonna, mens Tyssing fortsatte rett fram. Dette resulterte i at dei nye Madshus-skia vart knekt i to. Til tross for dette lovar han å gjenta turen neste år, med merke som sitt store mål.
Ellers etterlyser Per Olav Sætre sluttida si på VIL-nett. Kan også melde om at tidligere langrennsløper Steinar Sætre kom i prat med sjølvaste Bjørn Dæhlie undervegs i rennet.
Andre sykkylvingar som var med i årets Birken frå gjengen her var Frode Støylen og Alexander Løseth.
Birken-helsing frå
Bastian Skogvold
Velkomen til Birkebeinerlaurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mar 2013
Velkomen til Birkebeinerlaurdag på VIL-Nett. Vi held eit ope auge på passeringspunkta på Skramstad, Kvarstad og Sjusjøen – og sjølvsagt målgangen ved Lillehammer. Før vi startar opp gratulerer vi Svein Arne Nakken med birkebeinerstart nummer 20. Ein start som truleg vil ende opp i merke nummer 15
Passeringstider SKRAMSTAD:
35.25: Knut Anders Hatlen, Stranda IL
37.07: Pål Bjørn Øvrebust, Stordal IL
40.37: Harald Starheim, Valldal IL
40.51: Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL
42.04: Svein Arne Nakken, Velledalen IL – i god rute til merkekravet
43.28: Martine Lorgen Øvrebust, Stordal IL (16 år)
43.28: Liv –Janne Øvrebust, ex Stordal
43.58: Kjell Magnar Berli, Velledalen IL (nær sju minutt betre enn i fjor – særs lovande)
44.53: Torstein Hole, Emblem IL
45.05: Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL
46.36: Njål Torillson Tyssing, Ikornnes IL
45.49: Jan Egil Årnes, Sykkylven IL
48.42: Berth Wilhelmsen, Sykkylven IL, (65-69 år)
50.01: Per Olav Sætre, Ikornnes
50.16: Ole Magnar Øvrebust, Stordal IL (70-74 år)
51.21: Andreas Tømmervik, Velledalen IL
54.35: Steinar Sætre, Ikornnes IL
55.13. Marit Josefsen, ex Ikornnes IL
1.02.31: Karstein Magne Jensen, Velledalen IL
1.17.08: Anne Fredriksen
KVARSTAD:
1.41.16: Knut Anders Hatlen, Stranda IL
1.44.49: Pål Bjørn Øvrebust
1.55.18: Harald Starheim
1.55.29: Anniken Hjellbakk Hole
1.56.12: Svein Arne Nakken, VIL
2.01.23: Martine Lorgen Øvrebust
2.01.24: Liv-Janne Øvrebust
2.03.38: Torstein Hole
2.05.26: Kjell Magnar Berli – 13 og eit halvt minutt betre enn i fjor
2.06.08: Fridtjof Fredriksen
2.21.19: Andreas Tømmervik
3.06.15: Karstein Jensen
2.08.16: Njål Torillson Tyssing
2.09.40: Jan Egil Årnes
2.15.07: Berth Wilhelmsen
2.16.46: Per Olav Sætre
SJUSJØEN:
2.27.26: Knut Anders Hatlen, Stranda
2.35.20: Pål Bjørn Øvrebust
2.48.56: Anniken Hjellbakk Hole
2.50.09: Harald Starheim
2.51.04: Svein Arne Nakken
2.57.42: Martine Lorgen Øvrebust
3.05.18: Torstein Hole
3.06. 44: Kjell Magnar Berli (Kjell Magnar vil kome langt under fire timar – bra!)
3.05.19: Liv-Janne Øvrebust
3.09.10: Njål Torillson Tyssing
3.11.52: Fridtjof Fredriksen
3.28.56: Andreas Tømmervik
3.49.13: Marit Josefsen
4.40.50: Karstein Jensen
MÅL:
2.42.38: Anders Aukland – rennvinnar
3.03.26: Knut Anders Hatlen, Stranda
3.08.45: Iver Matias Linge Glomnes, Valldal IL – nr 5 i klasse 16-17 år
3.13.16: Pål Bjørn Øvrebust, Stordal (nr 15. i 45-49 år)
3.21.32: Knut Lium – Konradløpdeltakar frå Torpa
3.28.34: Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL (nr 14 i kvinner elite)
3.30.26: Harald Starheim, Valldal
3.30.51: Svein Arne Nakken, VIL, (nr 134 i klasse 45-49 år – merke nr 15)
3.32.19: Tim-Sture Wilhelmsen
3.38.28: Martine Lorgen Øvrebust – klassevinnar J 16-17
3.44.39: Ingvald Knivsflå, Geiranger IL
3.48.13: Torstein Hole, Emblem IL – ex Velledalen
3.50.31: Liv-Janne Øvrebust
3.52.52: Kjell Magnar Berli (nr 317 i klasse 25-29 år – merkekrav 3.59.19)
3.57.19: Fridtjof Fredriksen
4.03.39: Ole Magnar Øvrebust
3.58.56: Jan Egil Årnes (nr 65 i klasse 60-64)
4.02.18: Tore Loe, Stranda
4.08.41: Per Olav Sætre, Ikornnes IL
4.08.48: Per Ingebrikt Karbø, Sunnylven IL
4.09.41: Berth David Wilhelmsen (nr. 40 i klasse 65-69 år)
4.18.08: Andreas Tømmervik
4.18.27: Elisabeth Overvoll Hole, Stranda IL
4.24.30: Sølvi Sjøholt Lund, Nordea –ex Ikornnes IL
4.39.47: Marit Josefsen
4.49.05: Steinar Sætre
5.45.55: Karstein Magne Jensen – sikkert din tøffaste skitur, Karstein!
Ikkje fullført: Njål Torillson Tyssing – låg an til slutttid ca 3.50-4.00 timar
Hadde ganske sikkert greidd merkekravet.
Av dei påmelde frå VIL starta ikkje Rolf Haxthow og Eldar Kurseth
Målet er merkekravet !
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mar 2013
Presis klokka 09.00 startar Kjell Magnar Berli frå Rena laurdag 16. mars. Skal han greie merkekravet må han vere på Lillehammer i god tid før klokka 13.00. Truleg må han ned på ei sluttid på om lag tre timar og 40 minutt – kanskje endå raskare.
I fjor var Kjell Magnar debutant. Berre nokre månader etter ein omfattande operasjon med uvisst utfall. Den gongen var målet fem timar. Det gjekk svært så bra - lenge. Trass ein «sprekk» mot slutten kom han inn på 4.29.12. Passeringstidene hans på dei ulike meldestasjonane var som fylgjer:
50.30 på Skramstad
2.18.51 på Kvarstad
3.29.27 på Sjusjøen
4. 29.12 i mål.
Sidan debuten har han trena godt. Eit utal timar på rulleski har betalt seg.
-
Eg merkar stor skilnad. Særleg på staking har eg blitt mykje sterkare, seier Kjell Magnar, som har vore flittig observert på rulleski siste året.
-
Har du nokon som hjelper deg med skipreparering?
-
Nei, det gjer eg sjølv. Eg gjekk Halvbirken sist helg med sjølvpreparerte ski og hadde like god glid som konkurrentane.
Vi seier berre: Hald deg oppdatert på VIL-Nett laurdag. Greier Kjell Magnar målet sitt vil det vere ein sensasjon – ein særdeles gledeleg sensasjon!
VIL-Nett tips: Sluttid Kjell Magnar 3. 39.57 – sluttid Karstein Jensen: 5.36.19
Vil nokon tippe sluttida på Kjell Magnar, Karstein Jensen eller nokon andre av VIL sine løparar, send tipset ditt til:
atlehole@online.no
– 917 43 761
Birkebeinerlaurdag på VIL-nett
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mar 2013
103 – Knut Anders Hatlen – Stranda IL – klasse menn elite – start 08.00 – 13. gong
7405 – Kjell Magnar Berli – VIL – klasse M 25 – start 09.00 – 2. gong
10190 – Andreas Tømmervik – VIL – klasse M 25 – start 09.20 – 2. gong
5843 – Njål Torillson Tyssing – IIL – klasse M 30 – start 08.50 – 4. gong
11582 – Steinar Sætre – Ikornnes IL – klasse M 30 – start 09.35 – 3. gong
10843 – Per Olav Sætre – WTF Oslo – klasse M 35 – start 09.25 – 2. gong
5568 - Eldar Kurseth – VIL – klasse M 40 – start 08.50 – 4. gong
1866 – Svein Arne Nakken – VIL – klasse M45 – start 08.10 – 20.gong
3278 – Fridtjof Fredriksen – SIL – klasse M 45 – start 08.25 – 16. gong
14572 – Karstein Magne Jensen – VIL – klasse M 50 – start 09.55 – Debutant
3343 – Torstein Hole – Emblem IL – klasse M55 – start 08.25 – 7. gong
4146 – Jan Egil Årnes – SIL – klasse M 60 – start 08.30 – 17. gong
4133 – Berth Wilhelmsen – SIL – klasse M 65 – start 08.30 – 33. gong
14052 – Anne Fredriksen – Pulsen – klasse K 45 – start 09.55 – 6. gong
8433 – Marit Ellen Josefsen – Noteam – klasse K 55 – start 09.10 – 8.gong
Rolf Haxthow var påmeldt for Velledalen IL i klasse M 55, men må stå over grunna skade.
Tips oss om du veit om fleire lokale løparar som bør fylgjast tett på vegen over fjella frå Rena til Lillehammer:
atlehole@onlie.no
– 917 43 761
TRIMGRUPPA
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mar 2013
14.april
Skileik/skitur
Heggane
Veke 26
Hovdeåsen
( kveldstur, der dato blir fatstett etter verforholda )
13.juli
Grillkveld Brunstadsetra
31. august
Kølshelg – hytta på Brunstadkølen(Storevatnet)
6.oktober
Naturstu/Trimbingo skogsvegen Fet
26.desember
Romjulsmarsj
Konradmedaljen i sølv
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mar 2013
Konradmedaljen i sølv får ein etter tredje gongs deltaking (diplom fyrste gong). Før årets løp står 153 personar på lista over personar som har delteke to gonger. Det er på ingen måte realistisk at alle kjem, men kanskje halvparten.
Medaljane er gratis og det er viktig at dei som er kvalifiserte hentar desse etter løpet.
Den øvrige deltakarpremieringa er gullmedalje etter seks år og Konradvase etter ti år.
Årets løp er det tolvte i rekkja.
Hallo i nedslagsfeltet!
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mar 2013
Har denne veka vitja systera mi som tek lærarutdanning her. Vêret har vore strålande, men ganske så kaldt (betydeleg kaldare enn i Bergen i allefall). Sidan ho bur nesten midt i sentrum har det vore vanskeleg å gjennomført nokre ordentlege kondisjonsøkter – eg er heller ikkje så godt kjend her i byen. Men heldigvis ligg leilegheita hennar i 6.etasje, og det er perfekt forhold til spensttrening. Sundag hadde eg ei spenstøkt 08.00, så vonar eg ikkje vekte heile blokka. l
es meir her
Kjell Magnar i Birken-form
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mar 2013
Halvbirken er 28 kilometer langt med start på Sjusjøen og mål på Birkebeineren Skistadion. Kjell Magnar vart nummer 166 i klasse 16-39 år med tida 1.27.53. Totalvinnar vart Simen Østensen på 1.03.14. I fjor debuterte Kjell Magnar på 4 timar og 29 minutt i det ordinære Birkebeinerrennet. Og her kjem det gledelege:
I år Kjell Magnar kan du utan sprekk sprengje 4 timars grensa lett. Fordi Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, gjekk Halvbirken på 1.24.03 (vart nummer 3 i klasse 16-39 år). Knappe fire minutt betre enn Kjell Magnar. Og Anniken plar gå laaangt under 4 timar i Birkebeinerrennet, så dette lovar godt.
Karstein Magne Jensen kom inn til flott 371. plass i klasse 40+ med tida 2.08.50. Komande laurdag legg han optimistisk i veg på 54 kilometer over fjellet frå Rena til Lillehammer. Hovudstyret i Velledalen IL er stolte av styremedlem Karstein.
Oda Alette Kjellsbøl Hole tok ein framifrå 47.plass i klasse K 16-39 år med tida 1.48.22. Ho har sine aner på farssida frå Velledalen, men representerer Gjelleråsen IF.
Katinka best pers av påmelde kvinner hittil
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mar 2013
Vi skreiv for nokre dagar sidan at Per Inge Bjørnestad hadde best personleg rekord av dei påmelde hittil, med Kjell Magnar Berli som ein god nummer to.
Mellom kvinnene er Katinka Havnegjerde hittil den beste. Ho har gjort høgst respektable 20.57, noko som er den 34. beste kvinnetida gjennom dei elleve åra løpet har blitt arrangert.
Vi nemner at beste kvinne i 2012 var Ragnfrid Aamot med tida 19.36. Løyperekorden for kvinner er til samanlikning 18.46. Den er det Hilde Riksheim Tandstad som har. Ei tid ho faktisk har gjort to gonger.
Konradløpet – Fyrste Konraden er påmeld
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mar 2013
Rekorden hittil (etter 11 år) er tre deltakarar i same løp med Konrad som føre- eller mellomnamn. Jarle Konrad Fausa, med bustad i Fausadalen, vart raskast med påmeldinga av «Konradane» dette året. Jarle Konrad er særs sprek etter alderen (f. 1940). Til Vil-Nett fortel han fylgjande:
-
Eg har konkurrert litt med Ståle Eikrem. Vi har vore nokså jamne, men i år vert han visst nok fråverande. Eg håper å greie ei tid ned på 23-talet.
Vi kan ikkje anna seie; spreke tankar av ein 73-åringen, som sportsleg er best kjend som skyttar – med eit utal Landsskyttarstemne som god ballast.
Snart halvgått trimboksesong
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2013
Når mars månad er over er trimboksesongen halvegs til ende. Akkurat no er det skare, dekt med nokre centimeter nysnø. Med andre ord bra forhold anten ein vil gå på ski eller føtene.
Vi har sjekka posten ved sætreelva i Holemarka, ein post med lett tilkomst som gir to trimpoeng pr. tur. Slik var stoda på kvinnedagen (8.mars) klokka 14.00
105 turar: Elling Hole
100 turar: Ann-Helen Hole
47 turar: Susan R. Osnes
39 turar: Nils Terje Skylstad
29 turar: Ellen Marie Hole
Kjekt og sjå at Elling Hole hadde gjort come back etter eit lengre avbrot. Rykta seier han har vore til Trondheim og gjort nokre småjusteringar.
Heidersmann fyller 70
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2013
Vi har tidlegare lese på VIL-Nett at kryssing av mannfolk frå Sykkylven og kvinnfolk frå «Honndalen» har gitt ein god sportsleg miks. «Pe-Hans» visste kva han gjorde, og Bård Per Erstad kan stå som eit lysande døme i så måte.
Tenk deg tilbake til året 1963.
Dei færraste hadde fjernsyn. Internasjonal fotball var heilt fråverande. Kampar med det norske landslaget lytta folk til på radio. Ja, vi fekk kjensla av at «Kniksen» var god, men vi såg han ikkje. Internasjonalt var Brasil sin Pele den mest magiske, men kva han utretta…ja, det fekk vi stort sett inn gjennom øyrene. Men Bård Erstad, Einar Fet, Svein Lien og Per Svarstad var inga dårleg erstatning. Dei såg vi i alle fall. Med blod på knea, grønske på drakta og eit smil om munnen – menga dei seg med publikum og tusla ned frå Slettegjerde etter kampslutt.
Oftast vann dei.
VRF hadde vunne seg eit godt ry som fotballag. Særleg på heimebane selde dei gulsvarte seg dyrt, støtta av eit entusiastisk publikum. Beste perioden i VRF-soga var nok åra 1970-1972. Då var også
Bård på topp. I sin beste alder då mellom anna Ole Gunnar Solskjær sin grasrotklubb, Clausenengen, vart nedsabla 6-1 på Dalemyra. I ein elektrisk kamp i regnvêr på såpeglatt bane, der dei to leikne kantspelarane, Svein Welle og Kjell Hellevik, blomstra samstundes.
I alt vart det om lag 700 kampar på Bård i VRF-drakta. Kring halvparten obligatoriske (serie- og cupkampar). I tillegg fekk han med seg mange krinslagskampar og han vart ved fleire høve nominert som ein av spelarane når Sunnmørsposten kåra «Årets Lag», basert på antal noteringar på «Ukens-11».
Lova trappe ned.
Frå tid til anna kunne Bård finne på å gle kona si, Grete, litt ekstra. Som då han midt i 30-åra lova han skulle legge fotballskorne på hylla. Den lovnaden rauk – i rettferda sitt namn etter sterkt press frå klubben – fleire gonger. Bård vart over 40 år før han vart kurert.
Andre freistingar.
Bård var idrettstalent og det var så mykje som lokka. I tidleg ungdom hadde han vist talent i langrennsporet. Om lag samstundes med den fyrste lovnaden om nedtrapping av fotballen, vart han meir og meir sugen på langrenn. Og brått var han ein av Sunnmøre Skikrins sine beste veteranløparar. Vi er då tidleg på 1980-talet, og det må nemnast at Bård var fyrste utøvarane frå Velledalen IL som gjekk «Birken». Sjølvsagt på ei tid langt under det mykje omsnakka merkekravet.
Hesteskokasting og stafett.
Bergteken, er det noko som heiter i eventyra. Kanskje var Bård det i denne perioden. Han kasta seg stadig på nye idrettar, mellom anna hesteskokasting. Der tok han ein sensasjonell siger i ei av fyrste utgåvene av Øye-cupen (i Norangsdalen). I parkasting i spann med ingen ringare enn Egil Skåre.
Vidare var Bård fast inventar på Velledalen IL sitt stafettlag, anten i senior- eller veteranklassa. Og slik hadde det seg at Bård hamna på Bondeheimen i Oslo.
Meiningslaust god matlyst.
Det var neppe sunt slik vi dreiv på. Eit år spela vi seriekamp mot Valder ute på Vigra ein fredagskveld. Etter kampslutt var Bård mellom dei som sette seg i ein bil og køyrde direkte til Oslo for å delta i Holmenkollstafetten. Vi kom fram om lag timen før frukostserveringa opna på Bondeheimen i Rosenkransgate denne laurdagen. Hadde betjeninga visst kva dei hadde i vente hadde dei truleg aldri opna. Skrubbsvoltne stafettløparar frå Sykkylven ovåt. Vi kjenner ikkje tapstala til Bondeheimen denne laurdagen, men dei var garantert betydelege – og Bård åt mest av alle.
Trimpostar og løypesjef.
Bård har vore ein seig hardhaus i alle åra. Det vart ofte seine kveldar og nattarbeid i den perioden han sat som løypesjef for Fjellsæterrunden. Dette var då løype gjekk ned i Fasteindalen og langt opp i Røvsdalen. Trakkemaskina køyrde seg fast eller slangar rauk. Det høyrde mest unntaka til at alt gjekk knirkefritt. Og etter ei natt med lite søvn gjekk han rennet.
I 2005 og 2006 var Bård mannen som kapra mest poeng på trimgruppa sine postar. Ein prestasjon som ikkje gjer seg sjølv. Noko alle som har prøvt seg i bransjen veit.
Dalsnibba og sykkel.
På sine eldre dagar fann Bård det rett å prøve enno ei ny grein. Denne gongen som syklist. Han deltok både i lokale ritt som Sykkylvsrittet, Fetvatnet Rundt og Ekornesrittet, men òg det meir krevjande Nibberittet. Som 65-åring sykla han frå sjøkanten i Geiranger til toppen av Dalsnibba på 108 (1time og 48 minutt) minutt. Berre få månader seinare sette tette blodårar og anna sjukdom ein stoppar for det meste.
Vi presiserer at det som her er skrive ikkje er Bård sitt komplette sportslege rulleblad. Han har fleire år som trenar og lagleiar (oppmann) for ulike lag, og det vert hevda at han var ein slepen skeiselaupar.
På vegne av Velledalen IL,
og mange andre, gratulerer vi heidersmannen Bård i dag med 70 års dagen ! Tusen takk til Grete og alle andre i familien for langvarig lån!
Minna er mange og uendeleg gode.
Atle Hole
Konradrapport 7. mars – godt sig av påmelde
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2013
Vi har før meldt at Hans Olof Holmberg var raskast på labben med påmelding for 2013. Hans Olof reknar vi som mosjonist. I alle fall førebels.
I andre enden av skalaen – i kategorien sprekingar – var Per Inge Bjørnestad raskast. Han har passert 40 år, men er av dei som vert betre til eldre han blir. Tidene tre siste åra talar for seg sjølv:
2010: 16.05
2011: 16.00
2012: 15.57
Under 16 minutt i ein alder av over 40 er sprekt – då held han Nils Skylstad-nivå, for å bruke ein lokal, velkjend målestokk.
Vi ser at mannfolka har gått hardast ut. I skrivande stund er stoda 9-7 i mannfolka sin favør. Men dette kan endre seg raskt. Og hugs; påmelding innan 10.mars gir deltaking når vi trekkjer lilla hettegenser med Konradløpet sin logo, mellom dei påmelde fram til då.
Komande helg blir det godvêr, så pøs gjerne på med litt trening, med atterhald om at blodverdiane er innanfor dei rette strekane.
Lokal sensasjon i Birken
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2013
Det nærmar seg, årets birkebeinerrenn. Datoen er laurdag 16. mars. Då smell startskota frå tidleg morgon på Rena, med målgang nokre timar seinare på Lillehammer. «Nokre timar» var kanskje ikkje heilt rett. Mange brukar heile dagen, og det er dei vel unt.
Frå Velledalen IL er fylgjande personar påmelde:
M 25: Kjell Magnar Berli og Andreas Tømmervik
M 40: Eldar Kurseth
M 45: Svein Arne Nakken
M 50: Karstein Magne Jensen
M 55: Rolf Haxthow
Vi veit at Rolf ikkje stiller på grunn av skade. Svein Nakken går for sitt merke nummer 15, medan Karstein Magne Jensen er den desidert største sensasjonen. VIL-Nett kjem tilbake med meir stoff om rennet seinare – mellom anna omfattande dekning renndagen. Vi ynskjer alle våre hell og lukke med dei siste førebuingane.
Vi nemner at Berth Wilhelmsen, Jan Egil Årnes og Fridtjof Fredriksen er påmelde frå Sykkylven IL, pluss nokre slengjarar frå bedrifter og andre lag, slik at det truleg vert kring 15 sykkylvingar i årets renn. Veit nokon om andre så tips oss gjerne: atlehole@online.no
Misnøgd med teksten i protokollen
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2013
IngunnTandstad var inntil nyleg leiar for Lag på Lag og vil kome med fylgjande presisering:
-
Det står i protokollen at Petter Velle har trekt seg frå styret i Lag på Lag. Det er for så vidt rett, men langt fleire har gjort det same. Det gjeld:
Ingunn Tandstad, VRF
Kristin Grebstad, Velledalen grendahus
Petter Velle
Jan Ove Skogvold, Velledalen skulekorps
Linn Tove Akselvoll Lade, Velledalen IL
Frå Fet vert det meldt at Turid Bøkestad Fet ikkje lenger er Velledalen helselag sin representant.
-Laga skulle melde inn nye representantar til meg innan utgangen av februar, men dette er det berre Velledalen IL som har gjort. Slik det ser ut akkurat no er lagnaden til Lag på Lag heller uviss, seier Tandstad til VIL-Nett.
Konradløpet: Påmeldingane sig inn
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2013
Det gjekk ikkje mange minutta frå linken vart lagt ut til dei fyrste hadde meldt seg på. Raskast ute var Hans Olof Holmberg med påmelding av seg sjølv og døtrene Emma og Sophia. Ingen av dei kan kallast ferskingar i løpet. Samla har dei tre 21 startar med slik fordeling: Hans Olof (10), Emma (7) og Sophia (4).
Vi minner igjen om at alle påmelde innan 10.mars (ved midnatt) er med i trekninga av hettegenser med Konradløpet sin logo
Vasaloppet, alle i mål
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2013
Vi fylgjer Knut Anders Hatlen, Fridtjof Fredriksen og Svein Arne Nakken sin kamp mot klokka i Vasaloppet.
Oppdatering frå ulike passeringspostar med plassering. Vi minner om at rennet har 15 800 påmelde
Passering Smågan:
Knut Anders Hatlen 31.54 – 87. plass
Fridtjof Fredriksen
40.26 – 887. plass
Svein A Nakken
41.48 – 1076. plass
Passering Mångsbodarna:
Knut Anders 1.04.37 – 77. plass
Fridtjof
1.20.34 – 939. plass
Svein Arne
1.21.22 – 1006. plass
Passering Risberg:
Knut Anders 1.33.12 – 76. plass
Svein Arne
1.55.06 – 928. plass
Fridtjof
1.55.51 – 982. plass
Passering Evertsberg:
Knut Anders
2.09.52 – 80. plass
Svein Arne
2.38.36 – 846.plass
Fridtjof
2.41.56 – 1011. plass
Passering Oxberg:
Knut Anders 2.47.33 – 74.plass
Svein Arne 3.23.12 – 791. plass
Fidtjof
3.29.47 – 1043.plass
Passering Høkberg
Knut Anders 3.14.51 – 67. plass
Svein Arne
3.56.26 – 767. plass
Fridtjof
4.06.54 – 1122. plass
Passering Eldris:
Knut Anders 3.44.23 – 68. plass
Svein Arne
4.31.04 – 746. plass
Fridtjof
4.45.55 – 1176. plass
Mål:
Jørgen Aukland 3.50.49 – 1.plass
Knut Anders Hatlen 4.11.27 – 67. plass
Svein Arne Nakken
5.02.34 – 745. plass
Fridtjof Fredriksen 5.23.09 – 1304. plass
Oppdatering frå Vasaloppet, beste i mål
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2013
arkiv
Oppdatering frå ulike passeringspostar med plassering. Vi minner om at rennet har 15 800 påmelde
Passering Smågan:
Knut Anders Hatlen 31.54 – 87. plass
Fridtjof Fredriksen
40.26 – 887. plass
Svein A Nakken
41.48 – 1076. plass
Passering Mångsbodarna:
Knut Anders 1.04.37 – 77. plass
Fridtjof
1.20.34 – 939. plass
Svein Arne
1.21.22 – 1006. plass
Passering Risberg:
Knut Anders 1.33.12 – 76. plass
Svein Arne
1.55.06 – 928. plass
Fridtjof
1.55.51 – 982. plass
Passering Evertsberg:
Knut Anders
2.09.52 – 80. plass
Svein Arne
2.38.36 – 846.plass
Fridtjof
2.41.56 – 1011. plass
Passering Oxberg:
Knut Anders 2.47.33 – 74.plass
Svein Arne 3.23.12 – 791. plass
Fidtjof
3.29.47 – 1043.plass
Passering Høkberg
Knut Anders 3.14.51 – 67. plass
Svein Arne
3.56.26 – 767. plass
Fridtjof
4.06.54 – 1122. plass
Passering Eldris:
Knut Anders 3.44.23 – 68. plass
Svein Arne
Fridtjof
Mål:
Jørgen Aukland 3.50.49 – 1.plass
Knut Anders Hatlen 4.11.27 – 67. plass
Svein Arne
Fridtjof
Sterk grasrotmånad i februar
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2013
Velledalen IL fekk 2100 grasrotkroner i februar 2013. Avgjort eit bra tal i ein månad med berre 28 dagar. Til samanlikning gav januar (med 31 dagar) 1998 kroner. No er vi inne i påskemånaden, som vanlegvis er mellom dei svakaste i året.
Vi miste to grasrotspelarar i februar, slik at talet ved utgangen av månaden er 80 grasrotspelarar. Dermed er vi tilbake til november 2012-nivå, då vi for fyrste gong passerte 80. Vi registrerer at ein av dei to tapte melde overgang til Velledalen Skulekorps, som no har 23. For Velledalskoret (10), VRF (50) og Fjellhug (3) er det inga endring i februar.
Svein og kronprins Frederik
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Feb 2013
Sundag 3. mars stiller 15 800 løparar til start i det 90 kilometer lange Vasaloppet frå Sälen til Mora i Sverige. Mellom desse vert kronprins Frederik av Danmark og Svein Arne Nakken av Gylet i Straumgjerde meldt og vere. I den duellen held vi ein knapp på vår mann, Svein. Han har gjort dette mange gonger tidlegare og rutine er viktig i slike renn.
Elles stiller Knut Anders Hatlen, Stranda IL, og Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, for og nemne nokre av dei 15 800. Følg med på nettsida i helga – resultata kjem der!
LITT FRA IDRETTSSKULEN I VELLEDALEN IDRETTSLAG !
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2013
Vi starta i haust med dans. Det var Anne Britt Hjortdal,fra frilynde som var instruktør. Dei fikk lære mellom anna lurveleik og linedans. Før jul hadde vi avslutning med oppvisning til foreldre/besteforeldre, med servering av gløgg.
Etter jule ferien, starta vi med svømming på velledalen symjehall,
Jørgen Grebstad gjor en flott innsats med å være instruktør. Dette er noe av det populære vi har på idrettsskulen, 25 ungar var med. Vi hadde svømming fram til vinterferien.
No har vi akkurat starta med slalom/langrenn på fjellsætra. Og i år som ifjor , har vi med oss unge lovende Syver Aure Torsvik som instruktør. Vi prøver i år å få flest mulig med oss på slalom. Svein Ole Sørensen er instruktør for den gruppa som er ferskast på ski. Heile 26 stk er med. Og er du på fjellsætra en tirsdagskveld, ser du elevane våre iført gule vestar med idrettsskule logoen på. Vi skal fortsette slalom fram til påske ferien, så vi får håpe snøen blir liggande .
Julie Brochmann, leiar for Velledalen idrettsskule.
Premiering trimpostar – medlemskap kan lønne seg.
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2013
Elling Hole har "partiboka" i orden.
Eigentleg starta det med at Anita Kjersheim ytra seg på nettsida, og meinte det var naturleg at dei som var storbrukarar av trimgruppa sine postar, betalte kontingent i laget. Under årsmøtet vart temaet så vidt lufta, men var ikkje oppe som sak. Seinare har Asgeir Rausand (kasserar) meldt at han vil ha opp saka til diskusjon og votering.
Praksisen hittil har vore at personen med mest turar på kvar post har blitt premiert. Ordlyden i eit eventuelt nytt vedtak er ikkje klar, men truleg blir det slik at personen med flest turar vert premiert – om vedkomande er medlem. Ein kan tenkje seg at i framtida vert beste VIL-medlem på kvar post premiert. Samanlagtvinnaren, og premieringa av den, må sjølvsagt vurderast i same vedtak. Samanlagtvinnaren sin lagnad var vore lite omsnakka til «disse».
Konsekvensen av eit slikt vedtak i 2012 ville vore at nøyaktig halvparten av dei tolv bestemannspremiane ville skifta eigar.
Trimgruppa har no 14 postar, som skal opp til premiering for 2013, med sesongslutt når trimgruppa finn det rett (kring 1.oktober).
Bygdameisterskap langrenn 19.mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2013
Siste åra har bygdameisterskapen i langrenn gått på omgang mellom Sykkylven IL og Velledalen IL. Sykkylven IL har arrangert i fristil, VIL i klassisk. Dette året er det Velledalen IL sin tur.
Langrennsgruppa har i møte bestemt at datoen for årets renn vert 19. mars. Rennet går som kveldsrenn med start klokka 17.30 – sjølvsagt ope for alle klasser og med premiering til alle. Startkontingent born: kr. 50,-
Startkontingent vaksne: kr.100,-
Det Store Folkerennet vert arrangert sundag 24.mars (Palmesundag) med langfredag 29.mars som reservedato.
Terje Aurdal nummer 871 i Finland
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Feb 2013
Terje kom på delt 871. plass. Ein plass han delte med Magne Hoel frå Valldal IL. Best i Terje sitt tolvmanns store reisefylgje vart ikkje overraskande Ingvald Knivsflå frå Geiranger. Han gjekk sine 50 kilometer i klassisk stil på 2.55.55, ei tid som heldt til ein sterk 177.plass. Geir Verpeide frå Stranda IL vart nummer 332 på tida 3.10.06.
Beste sunnmøring vart voldingen Cato Ryste som gjekk på sterke 2.41.59. Den tida heldt til 63.plass. Rennvinnar vart finnen Kari Varis på 2.20.53.
Vi gratulerer Terje Aurdal med prestasjonen, der han på finsk jord
la kring 75 prosent av deltakarane bak seg. Bra gjort av ein mann som nærmar seg 60 med stormsteg.
Diverre ingen Fjellsæterrunde 24. februar
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Feb 2013
Det kunne blitt ein flott Fjellsæterrunde i dag om arrangøren hadde hatt snø nok. Vêret er særs lageleg, føret ville vore skarpt. Men slik er det. Ytre omstende kan ein lite rokke ved.
Dagen før det som skulle vore renndagen fann vi eit knippe sykkylvingar som trena i Hevsdalen. Der er forholda fullt akseptable, vert det meldt. Vi skaut eit skot med fotoapparatet og fanga inn to skiløparar på smale ski midt i Alperittsirkuset. Det seiest at dei to lyder namna Svein Arne Nakken (han med god skjeggvekst) og Stan Mork.
Utvalde tider frå Alperittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Feb 2013
Her kjem utvalde tider frå Alperittet:
2.35: Torstein Lianes, Stordal IL, beste tid uansett klasse
2.42: Einar Vegsundvåg, Stordal IL, nest beste tid uansett klasse.
2.43: Eivind Fet, VRF, evigunge Eivind vinnar av klasse 40-49 år, tredje best totalt
2.43: Ole-Kristian Aarseth, Stranda Alpin, vinnar G 15-16
2.52: Petter Andre Aursnes, Sykkylven Alpin, nr. 5 klasse 17-29 år alpint
3.00: John-Ove Sinnes, Sirdal Skilag, og Terje Stokke, ETK, best tid telemark
3.07: Lene Løseth og Linnea Gjendem, beste dametider
3.17: Thomas Aure, UBFC,
3.46: Sindre Kleive, Stampen Ølteam, bestetid på brett
3.48: KK Brunvær, KOF, nest best på brett
3.52: Christina Holmberg, Velledalen IL, 3.plass damer 17-29 alpint
3.58: Birgitte Bjørdal, Eitrefjell Telemarkklubb, beste kvinne i telemarkklassa
4.07: Åsne Rongstad, Team Jentesport, beste kvinne på brett.
10.39: Per Egil Claussen, eldste deltakar med sine 74 år.
KORT LØYPE:
1.30: Erlend Skarbø, Stabæk Alpin
1.39: Anders Hordheim, Rival, nest beste guttid
1.45: Emma Olin Holmberg, Velledalen IL, beste jente kort løype
KK på pallen
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2013
KK Brunvær t.v.
KK (Karl Kristian?) Brunvær hadde ein god dag på brettet i Hevsdalen i dag. Snøbrettklassa i herrar senior talde heile 18 løparar. Vinnar vart Sindre Kleive, Stampen Ølteam, med tida 3.46. Berre to sekund bak kom KK Brunvær, KOF (kva no det måtte stå for..?), som delte andreplassen med Asbjørn Berge, Uvyrslåmi Snobrettlag.
Vi gratulerer KK med framifrå køyring. Under 20 års jubileumet neste år går sekunda i din favør skal du sjå.
Hipp hurra for søstrene Holmberg!
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2013
Emma var ikkje snauare enn at ho vann klasse J 12-14 år. Dei køyrde kort løype. Emma kom inn til tida 1.45. Ei tid som ville halde til fjerdeplass av åtte i tilsvarande guteklasse. Lovande køyring Emma!
Christina er «gamal» alpinist. 20-åringen som er heime på vinterferie køyrde lang løype i klasse 17-29 år. Her vann ingen ringare enn Lene Løseth frå Spjelkavik IL med tida 3.07. Christina brukte 3.52, ei tid som heldt til siste pallplassen i klassa.
-I dag måtte eg neste «safe» litt. Komande veke har eg vinterferie og etter det skal vi på skuletur til Himalaya, fortalde Christina etter målgang.
Turen til Himalaya får vi heilt sikkert høyre meir om på Jentebloggen når den tida kjem.
Smånytt
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Feb 2013
Alperittet vert arrangert i Hevsdalen laurdag 23. februar i ei redusert løype. På grunn av snøforholda er det ikkje muleg med målgang i sentrum. Vi reknar med å finne lokale heltar mellom dei startande, og vil kome med resultat derifrå i løpet av helga.
Bengt Hole Alnes er ferdig med ein lengre skadeperiode, men teikna seg likevel på scoringslista då hans nye klubb, Stranda, tapte 2-5 mot Norborg frå 4.divisjon. Friskt gjort av Bengt som vi trur vil greie seg utmerka godt i 3.divisjon, anten han spelar i angrep eller forsvar. Resultatmessig bør ikkje treningskampar på denne tida av året vektleggast særleg tungt.
Dei lokale turlangrenna har hatt ein krisesesong. Isfjorden Rundt vart arrangert sist helg med 28 deltakarar. Svartløken Rundt vart ikkje arrangert på grunn av skogsdrift i løypetraséen. Fjellsæterrunden vart avlyst for andre gong sidan den spede starten med eit prøverenn i 1978. Årsak lite snø og mykje vatn. Dei to seedingsrenna i rimeleg nærleik, Skardilten i Molde og Tverrfjelldilten i Markane, samla høvesvis 115 og 109 deltakarar. Sykkylven kommune har kring ti løparar som skal gå Birken i mars, men anten du trur det eller ikkje; Isfjorden Rundt, Skardilten og Tverrfjellrunden gjekk alle utan ein einaste sykkylving mellom deltakarane.
Kring 1.mars opnar påmeldinga til årets Konradløp. Då er det berre å hive seg frampå. Vi minner om at alle med Konrad som føre- eller mellomnamn har gratis deltaking. Det same har alle over 90 år. I 2012 deltok 169 kvinner/jenter og 169 menn/gutar i hovudløpet. Minikonrad samla 112 deltakarar. Totalt 450
Vi beklagar at «vår mann» i ski-VM, kombinertløparen Mikko Kokslien, er sjuk. Difor deltok han ikkje i dag. Om han rekk storbakkerennet eller lagkonkurransen står att og sjå. Mikko som har tre pallplassar i verdscupen hittil i sesongen, er invitert til Velledalen som premieutdelar under Minikonrad 30.april. I 2011 camperte han saman med ein kamerat på Vellesæterhytta, eit opphald som gav fleire flotte skiturar i snøkledde velledalsfjell.
Sprekaste namnet er Paul
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Feb 2013
For to år sidan lova VIL ut ein tusenlapp til dei tre fyrste som tok gutenamnet Konrad i Sykkylven. Då perioden frå 1.mai 2011 til 1.mai 2012 var over, hadde vi ikkje blitt kvitt ei einaste krone.
Dermed bestemte VIL-styret at heile summen (3000 kroner) skulle gå til fyrstemann i Sykkylven som tok namnet Konrad i perioden 1.mai 2012 til 1.mai 2013. No er det litt over 60 dagar att av perioden, og framleis ingen Konrad.
På neste styremøte må VIL diskutere om området skal endrast frå Sykkylven til Sunnmøre for perioden 1. mai 2013 til 1.mai 2014. Og om dei framleis ynskjer bruke pengane til fremje av namnet KONRAD, vel å merke
Om nokon skulle vere i tvil. Vil du gi guten din eit «sprekt» namn, så sats på Paul. Konradløpet plar kvar år ha fem-seks personar over 80 år på deltakarlista, dei fleste menn. To av dei heiter Paul. Paul Hole deltek trufast på det meste her i dalen, og har full pott hittil vedkomande deltaking. Paul Klock har vore med fem gonger viser statistikken. Slett ikkje verst av ein mann som vart 85 år 20. februar.
Gratulerer med overstått, Paul Klock!
Truleg er ingen i tvil lenger – sprekaste og seigaste gutenamnet i Sykkylven er Paul!
Terje til Finland
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Feb 2013
Terje Aurdal, som representerer Velledalen IL, er med i eit lokalt langløpslag på Indre Sunnmøre. Med på turen til Finland vert tolv aktive som skal gå rennet , pluss fire damer utan ski. Rennet, som startar laurdag morgon, går i klassisk stil, og er 50 kilometer langt.
Gruppa tel fire aktive frå Stranda IL, fire frå Geiranger IL, tre frå Valldal IL og Terje Aurdal som einsleg svale frå Velledalen IL. Karane har gjort det til ein vane å gå eitt renn i utlandet kvart år. Sidan starten i 2004 har dei vitja landa Italia, Sverige, Canada, USA, Austerrike, Tyskland, Estland, Tjekkia, Sveits.
Vi nemner at rådmannen i Sykkylven, Ole Johan Lillestøl, er mellom dei aktive i gruppa.
Vi ynskjer Terje lukke til, og kjem sjølvsagt tilbake med oppdatering om korleis det gjekk.
Årsmelding – Hovudstyret 2012
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Feb 2013
Laget har i siste arbeidsår berre hatt fire styremøte der heile hovudstyret har vore innkalla. Men det har vore mange møter i mindre grupperingar, eksempelvis med gruppeleiarane før aktivitetsdagen. Like eins har styret for Førjulsmessa hatt mange møter. Det ein kan kalle «store saker», har det vore lite av i siste arbeidsår. Frammøtet har vore brukbart, med tanke på at fleire jobbar skift. Elisabeth Urke har framleis fungert som ullmax-ansvarleg, siste året frå ein posisjon utanom styret.
MEDLEMSTAL:
Medlemstalet er diverre det lavaste vi har hatt siste tiårsbolken. Her må det gjerast grep. Saka vart drøfta på siste styremøte. Ein kom til at årsakene var fleire, men den største svikten ligg i svake purrerutiner.
Laget har seks æresmedlemar, fem menn og ei kvinne. Éin over 90 år, éin 80-90, éin 70-80, tre 50-60.
ØKONOMISK SOLID
Økonomien er, nær sagt som vanleg siste åra, god. Viser til reknskapstala, men nemner at største inntektskjelda siste året var Førjulsmessa med kring 70 000 kroner netto (delt på to). Grasrotmidlane kjem som ein god nummer to. Her kom inn 26 762 kroner i 2012
Oversikt over grasrotkroner - og grasrotspelarar ved utgangen av året (i parentes):
2009: 15 736 (55)
2010: 23 248 (73)
2011: 23 656 (76)
2012: 26 762 (81)
Lokale firma som Holmberg gartneri, Morten Holmberg, Hole Maskiner og har vore solide støttespelarar i 2010. I tillegg har ei lang rekkje firma og
organisasjonar bidrege med premiestøtte til arrangement som Konradløpa, Fjellsæterrunden, Førjulsmessa med fleire. Stor takk til premiekomitéen (Odd-Kåre, Marit og Linn Tove) for ein kjempejobb på dette feltet!
ULLMAX
Sal av ullmaxunderty vart starta andre halvår 2006, etter at Morten Holmberg hjelpte oss
gjennom nålauget. VIL sit att med om lag 30 prosent av salssummen. Elisabeth har gjort
ein kjempeinnsats på dette feltet også i 2012.
VIL hadde eigen stand under Førjulsmessa, drifta av Elisabeth, med godt sal. I tillegg til Elisabeth burde «teamet» vore styrka med minst éin person, helst frå styret. Potensialet er langt større enn vi tek ut.
ARRANGEMENT
VIL har hatt mange arrangement siste året, noko som er breiare skildra i gruppene sine
årsmeldingar. Av arrangement som etter kvart har vorte meir eller mindre faste nemner vi:
GRILLKVELD BRUNSTADSÆTRA
FJELLSÆTERRUNDEN
MINIKONRAD
KONRADLØPET
KOLDABAKKEN GRAND PRIX
DET STORE FOLKERENNET – vart ikkje arrangert
FETVATNET RUNDT – vart ikkje arrangert
AKTIVITETSDAG
RAMSTADDALSLØPET
FØRJULSMESSA
ROMJULSMARSJ
I tillegg kjem fleire mindre aktivitetar, renn og arrangement som vil varierer frå år til år
ANLEGG
I 2010 skreiv Velledalen IL og VRF under ein ny avtale vedkomande Dalemyra grasbane. Denne avtalen gjeld enno. Eit nytt fotballsamarbeid er under emning, det kan vere naturleg med ei justering av avtalen i det høvet.
REPRESENTASJON
Linn Tove Akselvoll Lade har vore VIL sin representant i styret for Lag på Lag. Samskipnaden har hatt ei rekkje arrangement for å skaffe pengar til Velledalen grendahus. 148 000 vart samla inn i 2012.
Odd Kåre Fet representerer Velledalen IL i styret i Sykkylven Idrettsråd.
STORT & SMÅTT
Har ikkje kome ut siste året. Arbeidet med heimesida har hatt høgare prioritet.
HEIMESIDA
VIL fekk eiga heimeside i desember 2007. Den ligg som link under www.velledalen.net.
Sida har heile tida hatt god utvikling, med ein auke i antal treff kvart år. I 2012 vart det lagt ut 510 ulike saker, ein solid auke frå 376 året før. Nettsida er drifta av Liv og Atle Hole. Utviklinga år for år ser slik ut:
2008:
4 169 treff
2009: 13 815 treff
2010: 19 164 treff – 294 saker
2011: 27 659 treff – 376 saker
2012: 33 804 treff – 510 saker
Gruppene/idrettsskulen må bli enno flinkare til å bruke sida. Alle resultat og nyhende bør
meldast. Kjem alt med, er sida ei god hjelpekjelde når gruppene skal skrive årsmeldingane sine.
OPPSUMMERING
Velledalen IL har hatt eit jamt bra år i 2012. Vi har etter kvart vorte eit idrettslag for heile bygda. Rett nok bur dei fleste av medlemane i Velledalen. Men ser vi på toppverva (gruppeleiarar, idrettsskuleleiar og leiar hovudstyret)i laget, finn ein at 2 bur i Velledalen 2 utanfor. Av dei 12 vaksne som har representert VIL utanfor kommuna i 2012 bur to i Velledalen, ti utanfor. Av laget sine ni KM-titlar dei siste 20 åra er to tekne av utøvarar busette i Velledalen, sju av utøvarar utanom dalen.
Idrettsskulen held stand og er inne i sin 21. sesong under leiing av Julie Brochmann. Eit av måla bør
vere å få ein meir aktiv barneidrett i laget. Det er å vone at den nye lysløypa kan blåse nytt liv i skirekrutteringa og at friidrettsgruppa kan kome i gang med eit opplegg for yngre. Her hadde ein positive treningar før Konradløpa i 2012
Vi er framleis sterke på arrangementsida med mange gode tilskipingar under trim&trivsel-fana .
Her kjem småborn, foreldre og besteforeldre side om side. Dette er styrken vår og vi har hausta mykje ros for dette.
Sjølv om medlemstalet har stupt, har laget ein høg posisjon mellom folket. At VIL i skrivande stund har nøyaktig like mange grasrotspelarar som VRF, Velledalskoret og Velledalen skulekorps tilsaman (82),
ville vore heilt utenkjeleg for berre 10-15 år sidan. Dette har med omdømebygging å gjere. Her har vi sterke kort i Romjulsmarsjen, Ramstaddalsløpet, Konradløpa, Fetvatnet Rundt, Grillkveld på Brunstadsætra og Det Store Folkerennet – berre for å nemne nokre.
IDRETTSGALLA
3.jaunar 2013 vart det halde idrettsgalla med utdeling av prisar for året 2012. Desse prisane vart delte ut:
«Årets Utøvar 2012»: Nils Terje Skylstad
«Folket sin idrettspris 2012»: Svein Arne Nakken
«Årets trimpostvinnar 2012»: Vigdis Fure
«Årets Overrasking»: Solveig Beate Brunstad
«Årets Utflyttar»: Sverre Gunnar Brunstad
«Årets Hardhaus»: Andreas Nakken
«Timing-prisen»: Eldar Kurseth
«Jubilantprisen»: Odd-Kåre Fet
«Årets stunt»: Christina Holmberg og Kjell Magnar Berli
«Jentebloggprisen»: Hilde Tandstad, Christina Holmberg og Ellen Hole
I tillegg vart det delt ut premie til dei ulike trimpostvinnarane, og til dei tre beste samanlaget. Og det vart vist film frå idrettsåret 2012, i ei sosial ramme med kaffi, brus, kake og god prat.
Hovudstyret takkar dei mange som har gjort store og små innsatsar for VIL i året 2012.
Takka vere alle gode hjelparane kan vi nok eit år slå fast at vi har vore bidragsytarar til den vara vi held som viktigast; TRIM og TRIVSEL til alle lag av folket
For Hovudstyret
Atle Jomar Hole
leiar
Hallo i nedslagsfeltet!
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Feb 2013
I tillegg er det ganske deprimerande når neste heile resten av landet startar vinterferien sin no. Men eg har i alle fall hatt ei kjempefin veke!
På sundag reiste vi opp til Sirdal, kor vi budde hjå nokre vener som hadde leigd ei stor og fin leilegheit. Vêret var fint dei to fyrste dagane, og siste dagen var det heilt supert; blå himmel og vindstille. Det var kaldt, ned mot -20. Kanskje litt i kaldaste laget for meg i alle fall. Vi fekk oss i alle fall nokre fiiine skiturar! les meir her
Solid innsats av Svein Arne Nakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Feb 2013
Furusjøen Rundt er eit 45 kilometer langt distanserenn. Om lag ti minusgrader ved start og litt småtrått føre, melder Velledalen IL sin mann.
Rennet vart vunne av Erling Christiansen, Koll/Milslukeren, på 2.08.04, føre Knut Anders Hatlen, Stranda IL, på 2.11.49. Hatlen har nyleg lagt bak seg ein sjukdomsperiode og er neppe i det ein kallar praktslag.
Klassa M 45 vart vunnen av Jan Olav Breimyren på 2.12.48. I denne klassa tok Svein Arne Nakken ein sterk 5.plass med tida 2.29.12. Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, vart nummer 11 på tida 2.44.09
I klasse M 50 vart Geir Verpeide, Stranda IL, nummer 11 på tida 2.46.52. I same klasse brukte Knut Helge Opsvik, Stranda IL, 4.01.47. Totalvinnar i dameklassa vart Kari Øyre Slind, Oppdal IL, på 2.30.16.
ÅRSMELDING frå Trimgruppa
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2013
Medlemmane i trimgruppa
for 2012:
Gudrun Wangsmo
Turid Bøkestad Fet
Marit Hole
Arnt Brunstad
Bjørg Frøystad Hole
Nils Terje Skylstad
Hans-Olof Holmberg
Varamedlemmar : Bengt Alnes og Robin Urke Brunstad
Resten av årsmeldinga kan du lese her
Årsmelding frå (hopp-) og langrennsgruppa
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Feb 2013
sesongen 2011 - 2012
Langrennsgruppa har hatt denne samansetninga:
Svein Arne Nakken (leiar), Bård Erstad, Pål Rune Fet, Magne Nilsen, Asbjørn Tandstad og
Ole Johnny Myrseth.
Atle Hole har også vore med som støttespelar der det har vore aktuelt.
Langrennsgruppa er i år, som i fjor, godt nøgd med aktiviteten til seniorløparane som har representert Velledalen IL i sesongen 2011-2012. Vi har ein del seniorar som deltek aktivt, men mellom dei aldersbestemte er aktiviteten dessverre på eit definitivt lavmål.
Langrennsgruppa har hatt fem gruppemøte i løpet av arbeidsåret. Tema på desse møta har vore konstituering av gruppa, planleggjing i forkant av arrangement og evaluering i etterkant. I tillegg har det vore ein del telefonering når det har vore behov for det. Velledalen IL har i 2012 vore med å arrangere Fjellsæterrunden saman med dei andre idrettslaga i kommunen. Åleine hadde vi planar om å arrangere Det Store Folkerennet, men grunna dårlege verforhold dei aktuelle helgane vi hadde blinka ut, måtte vi avlyse arrangementet.
Ramstaddalsløpet:
Langrennsgruppa, i nært samarbeid med leiar Atle Hole, tok også på seg å planleggje og gjennomføre Ramstaddalsløpet. Dette løpet er ein medlemsstafett for medlemmer og sympatisørar i Velledalen IL. Løpet vart gjennomført laurdag 29. september med start frå Joker-Velledalen kl. 09.30. Løpet samla 42 løparar fordelt på 46 etappar. Traséen gjekk frå butikken, via Fjellsæterområdet til Fausaskiftet. Vidare Fasteindalen og Ramstaddalen til Aure. Over Sykkylvsbrua til Straumgjerde, Straumsheim, Fet og gamlevegen framatt til butikken.
Løpet vart gjennomført på 4.01.49 timar (mot 3.43.45 timar i 2011). Yngste deltakar var Sevrin Skotheim Horthol på tre år. Olaf Øien var den eldste.
Anita og Svein Nakken var fylgjebil og heldt kontroll på etappetidene og fotografering av deltakarane. I tillegg deltok dei også sjølve i stafetten.
Etter målkomst møttest deltakarane til marsipankakefest i lokala til Velledalen Naturbarnehage.
På kaka stod det mellom anna ''88.888'' som skulle symbolisere at nettsida til Velledalen IL har passert 88.888 ''treff''
Litt meir om arrangementa som laget
har vore med å arrangere i løpet av året:
Den 35. utgåva av
Fjellsæterrunden
gjekk av stabelen sundag 26. februar med desse harde fakta: Barnas Fjellsæterrunde 124 deltakarar, Trimregistrerte 53 stk., Konkurranseklassene (15 år og eldre) 59 fullførande, herav seks kvinner (i 2011 var deltakartalet 41). Dette utgjer totalt 236 deltakarar fordelt på 22 klubbar og fire bedriftsløparar frå fire ulike verksemder. Frå Velledalen IL stilte trioen Stian Mork, Ole Johnny Myrseth og Svein Arne Nakken. Alf Petter Bøe deltok i bedriftsklassa for Ekornes BIL. Emblem IL stakk av med premien for beste tremannslag.
Velledalen IL hadde som vanleg ansvaret med løypene og å stille med habile løypevakter. I år som dei føregåande åra samla vi alle løypevaktene på torsdagen før løpet for at dei skulle få utveksle viktige erfaringar og legge planar i forkant av rennet.
Som vanleg var det Pål Rune Fet (løypesjef) og Svein Arne Nakken (ansvarleg for sporlegginga) som tok seg av løypene. Magne Nilsen og Pål Rune hadde samtidig ansvaret for tilretteleggjing og merking av stadionområdet. Vidare har Lars Inge Sæther vore tungt inne når det gjeld nettregistrering og brikketidtaking som var nytt av året.
Fjellsæterrunden gjekk av stabelen under flotte forhold, og rennvinnar vart som ofte før,
Knut Anders Hatlen frå Stranda IL med tida 1.16.15 timar. Rennet gjekk i år som i fjor i originaltraséen rundt Nysætervatnet.
Langrennsgruppa vil med dette få takke maskinførarane ved Skisenteret for god hjelp med å preparere traséen, og elles for svært gode løyper i Fjellsæterområdet gjennom heile vinteren.
Nytt frå lysløypekomiteen for lysløypa på Fjellsætra:
Lysløypa, som det har blitt arbeidd med i mange år, vart ferdig-planert hausten 2012. Dessverre viste det seg at løypa nokre stader låg utanfor disponibelt område. Lysløypekomitéen med Steinar Myrseth i spissen arbeider no med å få i stand ein avtale med grunneigarane på Dravlaus slik at arbeidet med lyløypa kan halde fram når snøen er borte. Der traséen ligg feil, må løypa leggjast om og til disponibelt område. Planen er å få på plass lysa til skisesongen 2013-2014. Sykkylven Skisenter med Tore Utgård i spissen står stå som formelle utbyggjarar av anlegget. Dei har også gitt ein bankgaranti for nødvendige summar slik at anleggsarbeidet kan gå sin gang. Vidare har mange verksemder gitt pengestøtte til den nye løypa.
Utover våren og sommaren vil det truleg bli behov for ein del dugnadsarbeid, og vi håper at bygdefolket frå heile kommunen vil stille velvillig opp.
Dei aktive skiløparane i Velledalen IL, sesongen 2011-2012:
Stian Mork, Ole Johnny Myrseth, Eldar Kurseth, Kjell Magnar Berli, Svein Arne Nakken, Rolf Haxthow og Terje Aurdal, i tillegg Jan Ringseth (hopp). Desse løparane har representert laget i inn- og utland og profilert idrettslaget på ein god måte. (For resultat og anna info, gå inn på www.velledalen.net/idrettslaget
og leit under arkiv.
Takk til alle som har stilt opp for laget og gruppa anten som deltakar, funksjonær eller anna i sesongen 2011-2012.
Straumgjerde 3. februar 2013
For Velledalen IL, langrennsgruppa
Svein Arne Nakken, gruppeleiar
Skiaktivieter i barnehagen
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Feb 2013
Velledalen Naturbarnehage SA vil
sende ein stor takk til Velledalen IL med Håkon Fedt og Terje Aurdal for utlån av
snøscooter og løypekøyring.
Store og små har kosa seg på ski og er i fullgang med å legge treningsgrunnlaget til VM.
Mvh Torild Hole
Dagleg leiar Velledalen Naturbarnehage SA
Årsmelding 2012
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Feb 2013
Medlemar i gruppa:
Rolf Haxthow
Terje Aurdal
Odd Kåre Fet
Alf Petter Bøe
Hilde R. Tandstad
Ellen Marie Hole
Christina Linnea Holmberg
Arbeidet i gruppa ber framleis preg av ei leiarlaus gruppe. Gruppa skulle sjølv velje leiar, men på det eine møtet som er avvikla lukkast ikkje dette. Som ei fylgje av dette har ikkje gruppa fungert tilfredsstillande. Medlemane i gruppa har likevel delteke i ei rekkje arrangement og ved fleire høve gjort ein god jobb for laget. Men planlegginga og strategien bak arrangementa er i stor grad gjort av andre. Dei tre jentene i gruppa flytta alle ut for vidare skulegang/studiar i august 2012
ARRANGEMENT DER GRUPPA HAR DELTEKE:
Koldabakken Grand Prix
Minikonrad
Konradløpet
Fetvatnet Rundt ikkje arrangert i 2012
Aktivitetsdag
Ramstaddalsløpet
Sjølv om deltakinga varierte sterkt, stort sett suksessfulle arrangement.
Koldabakken Grand Prix samla 15 deltakarar, éin meir enn i 2011. Kjell Magnar Berli fekk bestetid (1.45), ti sekund bak løyperekorden. Hilde Riksheim Tandstad gjorde sterke 2.01 i kvinneklassa, seks sekund føre årets komet, Solveig Beate Brunstad.
Minikonrad samla 112 deltakarar, som er ny rekord. Sterkaste tidene i Minikonrad hadde Solveig Beate Brunstad (4.13) mellom jentene, og Sondre Overvoll Hole frå Stranda med 3.40 mellom gutane. Ringstad skule vann skulepremien med samanlagt tida 13.07 føre Ullavik Skule med 13.33. Ingen gut frå Ungdomsskulen deltok, så bestemannspremien der brann vi inne med. Solveig Beate Brunstad vart beste (og einaste) jente frå skulen.
Konradløpet (det 11. i rekkja) samla nokså nøyaktig 338 deltakarar under gode forhold. Langrennsløpararen
Knut Anders Hatlen frå Stranda
vann, etter hard kamp mot Aleksander Nyheim frå Tomrefjord. Hatlen drog lengste strået med tida 14.48, og sletta dermed Knut Lium sin løyperekord. Mellom jentene var Ragnfrid Aamodt frå Sykkylven raskast med tida 19.36 Elles var det vanleg opplegg med frukost, premieutdeling og film i grendahuset. Fem deltakarar over 80 år deltok.
Det mest spesielle med årets løp var fordelinga mellom kjønna i hovudløpet. Den «kampen» enda utruleg nok 169-169.
Fetvatnet Rundt fekk kvile i 2012 då vi sleit med å finne ein godt eigna dato for arrangementet
Aktivitetsdagen er eit positivt arrangement der unge og eldre møtest til felles kappestrid. Øvingsutvalet varierer litt frå år til år. Denne gongen mellom anna spydkast, idrettsmerkeprøver (spenst, løp og kast), Null-løp, hesteskokasting, plommesteinspytting. Mange gjer unna tyngda av idrettsmerkeprøvene denne dagen. Per-Gunnar Holmberg vart klubbmeister i Null-løp med 0 i avvik, Kenneth Brunstad fekk høgast poengsum i hesteskokasting og ingen slo Torje i plommesteinspytting – som vanleg.
Sykkylven Rundt skulle arrangerast i samarbeid med Brøvøllsfestivalen. Terje Aurdal og Rolf Haxthow la med mykje og godt arbeid på førehand. Oppmåling av etappar, løypeskildring, innkjøp av premiar og innbyding
- kort sagt alt som høyrer med. Diverre fekk karane ikkje betalt for innsatsen, då antal påmelde lag var så lavt at arrangørstaben ikkje såg seg syn
med heile arrangementet. Drahjelpa frå festivalstyret var heller ikkje all verda, slik at no er heile konseptet lagt vekk i ei skuffe.
Ramstaddalsløpet
samla 42 personar då det vart avvikla den 29. september. Som vanleg ei fin blanding av gamle og unge. Sluttida vart i år 4.01.49., Etter løpet var det sosial samling i Velledalen Naturbarnehage med kaffi , marsipankake og brus.
Ynskje for seinare år er at løparane er litt raskare med påmeldinga.
Trening: Noko av det mest positive i gruppa i arbeidsåret er at det kom i stand Konradløptrening frå mars og fram til løpet. Hovudsakleg var det Hilde som styrte dette, med litt hjelp av andre dei få gongane det ikkje passa. Frammøtesnittet låg på kring 15 gutar/jenter
Mange har delteke i sportsleg aktivitet som sorterer under friidrettsgruppa siste året.
Hilde Riksheim Tandstad: KM-vinnar 400 meter junior kvinner – 67 sekund. Nr. 3 i kvinneklassa i Jordbærdilten
Kjell Magnar Berli: Deltok berre lokalt i 2012. Vinnar av Koldabakken Grand Prix, solid i Konradløpet og Opp på Bruna.
Nils Terje Skylstad:
Klassevinnar i klasse 55-59 år i Eggjenipa Opp, Nr 3 i Saudehornet Opp berre 47 sekund bak klassevinnaren, sterk i Fanaråken Opp og Konradløpet
Olaf Øien: Ein heller roleg sesong til han å vere. Vart nummer fire i klasse 65-69 år i Nibbeløpet, der han deltek for 20 gong av 20 moglege om han stiller i 2013.
Jo André Tandstad: Deltok i dei lokale løpa med solid innsats. Elles: Nr 4 i klasse 23-39 år i Blåfelden Opp, nr.11 i same klasse i Varden Opp og nr 60 i klassa i Skåla Opp.
Jens Christian Hole: Har representert VIL på to løp. Greidde merkekravet i Birkebeinerløpet med knapp margin, og fekk bra plassering i Fornebuløpet
Rolf Haxthow: Tek med Rolf Haxthow under friidrett sidan vi ikkje har sykkel. Rolf sykla Birkebeinerrittet på 3.56.31, kring tre minutt bak merkekravet
Svein Arne Nakken: Er skiløpar, men spring og som del av treninga. Delteke lokalt, pluss i Hornindal og i andre deler av landet.
Sivert og Andreas Nakken: Delteke lokalt, pluss i Hornindal der Andreas sprang «dobbel» løype, og i Lyngdal under «Tiendedelsmaraton», der Sivert vart nummer 6 og Andreas nummer 7.
Eldar Kurseth: Vart nr 326 i klasse 40-44 i Birkebeinerløpet på 1.44.04. Merkekravet var 1.44.05.
Stian Mork: Nr. 7 i klasse 20-34 år i Ålesund Halvmaraton på tida 1.35.23, og nummer 19 i klassa i Saudehornet Opp.
Nemner til slutt nokre andre kjende karar. Alf Petter Bøe som i 2012 representerte
Rindals-Troll,
Sverre Gunnar Brunstad
(Lørenskog FIL), Roger Malvin Hole (Gjelleråsen IF) og Nancy Eggen (Noteam).
Alle desse fire har levert sportslege resultat av god kvalitet siste året. Særleg dei to B-ane, Bøe og Brunstad.
Som ein ser er aktiviteten upåklageleg
mellom dei eldre. Det er sjølvsagt enno fleire som har delteke lokalt, men dei som er nemnde i årsmeldinga er slike som har delteke
utanom bygda éin eller fleire gonger. Målet i framtida må vere å få litt meir fart på ungane. Skal det lukkast må gruppa sjølv ta tak.
På vegne av friidrettsgruppa og hovudlaget takkar vi dei mange som har bidrege til å få dei ulike arrangementa vel i hamn
For friidrettsgruppa
Atle Hole
Stabilt i langrennsgruppa
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Feb 2013
Bård Erstad, Asbjørn Tandstad og Svein Nakken stod ikkje på val. Alle tok ein ny periode, og det er venta at Svein Arne Nakken held fram som leiar. Pål Rune Fet og Magne Nilsen tok begge ein ny periode. Ole Johnny Myrseth har flytta frå bygda og vert erstatta av Svein Helge Hjorthol.
Som ein ser er det lite kvinner å melde om i denne gruppa. Ta kontakt med Svein Arne Nakken om du er kvinne og interessert i langrenn. Truleg vert du motteken med opne armar.
Langrennsgruppa skal 24. februar arrangere Fjellsæterrunden. VIL-Nett reknar med ein rapport frå gruppa om denne tilskipinga ein av næraste dagane.
Temadag om vinteraktiviteter
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2013
Møre og Romsdal idrettskrets, i samarbeid med Møre og Romsdal Skikrets og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til en temadag om vinteraktiviteter på ski – SKILEIK - for instruktører i idrettskoler/barneidrettsgrupper i idrettslag/skigrupper og for ansatte i barnehager, barneskoler og SFO i fylket.
undefined
undefined
undefined
undefined
Instruktør: Bjørn Inge Drabløs, Møre og Romsdal Skikrets
undefined
undefined
undefined
undefined
Innhold: Hvordan lære barn skiferdigheter
undefined
undefined
undefined
undefined
Ta med: Skiutstyr (ski med binding med løs hel – langrennsski, turski, telemarkski) og
undefined
undefined
Liten snøspade om du har, gode og varme klær, mat og drikke.
undefined
undefined
undefined
undefined
Hvem kan delta: Instruktører /trenere og foreldre i idrettskoler eller barneidrettsgrupper i idrettslag/skigrupper.
undefined
undefined
Barnehagepersonell, ansatte i SFO og barneskolen.
undefined
undefined
undefined
undefined
Kursavgift: kr 200,- pr. person. Det blir tilsendt faktura i etterkant av kurset.
undefined
undefined
undefined
undefined
undefined
undefined
KURS 2:
undefined
undefined
Tid: Lørdag 2. mars 2013 kl 11- 16
Sted: Fjellsetra i Sykkylven kommune
undefined
undefined
undefined
undefined
Påmelding: innen fredag 15. februar 2013 til
grete.opheim@idrettsforbundet.no eller på telefon 41 46 55 42. Oppgi navn, adresse, telefon, e-post, navn på idrettslag/ barnehage/skole
undefined
undefined
undefined
undefined
undefined
undefined
undefined
undefined
Med vennlig hilsen
undefined
undefined
undefined
undefined
Grete Opheim
undefined
undefined
Idrettsfaglig konsulent
undefined
undefined
Mob: +47 41 46 55 42
undefined
undefined
undefined
undefined
Norges Idrettsforbund
undefined
undefined
Møre og Romsdal idrettskrets
undefined
undefined
www.idrett.no/moreogromsdal
undefined
undefined
Julie hjelper idrettsskulen
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Feb 2013
Idrettsskuleleiar er ikkje lettaste vervet å fylle. Men heldigvis har Julie lova hjelp i ein overgangsperiode. Det same har Mette Ulvestad gjort, slik at det vert inga krise denne våren. Spørsmålet vert om nytt mannskap er på plass til oppstart komande haust…?
Idrettsskulestyret ser inntil vidare slik ut:
Julie Brochman
Mette Ulvestad
Veronika Ulriksen
Ruth Marianne Bliksvær (ny)
Her ser ein at kjønnsfordelinga ikkje er i tråd med ny vedteken lovnorm.
Hallo i nedslagsfeltet!
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Feb 2013
Kvar dag gjeng eigentleg ut på det same; lesing og trening, sett bort i frå laurdagar der eg prøvar å gi meg sjølv litt fri. Som den sportsentusiasten eg er ser eg sjølvsagt på alt eg kan av ski-VM også - så eg unner med litt fri.
Elles så har eg kome i gong med sesongoppkøyringa, og januar/februar har vore ein tung treningsperiode! meir her
Ingen lokale gjekk Skardilten
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Feb 2013
Skardilten vert arrangert på Skaret i Molde. Rennet er kring 40 km, og gjekk i år over tre rundar i ei løype på drygt 13 kilometer. Løpet er seedingsrenn til Birkebeinerrennet, noko som betyr at ein kan betre startposisjonen i Birken ved å delta i Skardilten.
Men det var det altså ingen frå Sykkylven eller Stranda som ville. I 2012 samla rennet godt over 200 deltakarar, betydeleg færre gjekk i går. Årsaka kan ligge i at Markane IL (Stryn) kjem med nytt seedingsrenn neste helg, som sikkert fleire har tenkt gå.
Mange sunnmøringa var likevel på Skaret. Ole Magnar Øvrebust, Stordal IL, og Harald Starheim, Valldal IL, vart eksempelvis begge klassevinnar. Og Runar Korsnes, Emblem IL, hadde neste beste tid totalt, berre slegen av ein løpar frå Skjåk.
Lir Fjellsæterrunden same lagnad som Skardilten (nær halvering av deltakarane i høve til 2012), betyr det kring 30 løparar i konkurranseklassa. Det er i alle fall lov og håpe på fleire.
Knut Nesbø er død
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2013
Den profilerte NRK-programleiaren Knut Nesbø er død, 51 år gamal. Han hadde ansvaret for mange av NRK sine viktigaste fotballsendingar, mellom anna «Bakrommet» på NRK 2. Knut Nesbø var elles kjend frå gruppa Di Derre, der han var gitarist. Og bror av vokalist og forfattar Jo Nesbø. I yngre år budde han i Molde, der han var ein talentfull fotballspelar. Han har bidrege på høgt nivå i nasjonal fotball for klubbane Molde, Lyn og Stabæk. I 1981 spela han på Molde FK sitt lag som gjesta Dalemyra i 1.runde i NM-cupen. Der var han ikkje snauare enn at han scora eitt av Molde sine to mål i kampen romsdalingane vann 2-0 over VRF.
Det var kreftsjukdom som senka Knut Nesbø i altfor ung alder.
Vi lyser fred over hans gode minne!
Idrettsskulen
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2013
Etter vinterferien skal vi ha slalom på fjellsætra. Blir då delt i to grupper ved behov. Ene gruppa i stortrekket med instruktør Syver Aure Torsvik. Den andre gruppa,er for dei som vil renne i lilletrekket på slalom/langrennski. Litt usikker på instruktør enda. Men vi jobber fortsatt med å få tak i. Så har du tips kan du ringe Julie på 93285881. Sender ut info, med påmeldings frist, på Montesorri skulen i Velledalen og på Tandstad skulen i neste veke.
Julie
Stabilitet pregar mannskapet i trimgruppa
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2013
Trimgruppa i Velledalen IL gjer ein stor jobb for folkehelsa gjennom arrangement som Grillkveld på Brunstadsætra, Romjulsmarsj og drifting av 14 trimpostar. Alt tyder på at staben har det triveleg. I alle fall er det stabilitet som pregar mannskapet. Gruppa tel sju personar. Gudrun Wangsmo og Turid Bøkestad Fet var ikkje på val. Dei fem på val tok alle attval. Gruppa i 2013 ser slik ut:
Nils Terje Skylstad
Gudrun Wangsmo
Turid Bøkestad Fet
Marit Hole
Bjørg Frøystad Hole
Hans Olof Holmberg
Arnt Gunnar Brunstad
Gruppa skal i utgangspunktet konstituere seg sjølv, men vi reknar med at Nils Terje Skylstad held fram som glitrande gruppeleiar. Vi merkar oss óg at gruppa held seg klart innanfor krava i den nyvedtekne lovnorma når det gjeld kjønnskvotering.
Løype rundt Nysætervatnet med meir
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2013
Leiar i langrennsgruppa i VIL, Svein Arne Nakken, ser fram til helga. Han har snakka med løypekøyrarane som garanterer prima forhold på fjellet i helga.
-
Både rundt Nysætervatnet og Sætrevatnet vert det spor. Også den opparbeidde lysløypetreaséen er sporsett. Rett nok må løypa endast på nokre punkt, men testar ein dei oppkøyrde spora vil ein få god peiling på korleis den vert. Tek ein med distansen som vil verte inne på sjølve «skistadion» vil lysløypa bli nokså nøyaktig fire kilometer, melder Nakken, drygt to veker før Fjellsæterrunden.
Vi nemner at det er meldt kaldt, fint vêr. Dermed ikkje særleg vanskeleg på smurningssida.
God tur til alle!
Gratulerer med overstått, Ingebjørg!
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Feb 2013
Det betyr at vi kan få ein ny person av edel årgang på scena under Konradløpet 1.mai. Siste åra har det vore tradisjon at alle deltakarane over 80 kjem fram. Rekorden hittil er seks personar. Og Ingebjørg bør absolutt møte. Statistikken viser at ho i 2013 har jubileum om ho stiller. Tiårspremien ventar på deg Ingebjørg og gratulerer så mykje med overstått dag!
Håkon Brunstad einaste nykomar
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Feb 2013
Desse personane sit i hovudstyret i 2013:
Atle Hole
Asgeir Rausand
Ove Skylstad
Marit Hole
Karstein Jensen
Sandra Hubo
Irene Johansen
Håkon Brunstad 1. vara som vert kalla inn på alle styremøter
Liv Nordli Hole 2.vara
Hallo i nedslagsfeltet!
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Feb 2013
På programmet sto seks dagar med skikøyring, før vi skulle reise vidare til Praha der planen var shopping og kultur i tre dagar til endes.
Etter ein lang busstur på over 30 timar kom vi fram til Schladming, alpelandsbyen der det skal vere VM i alpint 4.-17.februar. Med andre ord var det allereie mykje liv og røre både i bakken og gatene. Under opphaldet budde vi på ein koseleg bibelskule som låg rett ved sidan av skiheisa, noko som passa ypparleg. les heile her
Sesongdebuten unnagjort for Svein Arne
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Feb 2013
Tettpakka snø, minus seks grader og litt trått, var føreforholda då Svein Arne Nakken sesongdebuterte i Steinfjellrunden ved Hammar laurdag 2. februar.
-
Det var ikkje full klaff. Eg miste ei ski, som resulterte i at eg måtte sleppe køa forbi, gå tilbake og hente skia. Eit merkbart tidstap, seier Svein Arne om rennet som samla kring 1000 deltakarar totalt.
Rennvinnar vart Thomas Gifstad på tida 2.06.59. Klassevinnar i 45-49 år vart Per Atle Nustad på 2.08.28. Her fekk Svein 2.33.54, som altså heldt til 27.plass av 118 deltakarar. Ein absolutt godkjend start på mannen som vann «Folket sin Idrettspris» i Velledalen IL i 2012.
Veteranane held koken
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Feb 2013
Idrettsmerkeprøver- sprint
-
Antalet som greidde merkekrava i 2012 er vesentleg lavare enn i 2011, skriv trimgruppa i årsmeldinga. Og ja, med tanke på alder er dette eigentleg litt dyster lesnad, men på den andre sida eit nytt eksempel på at vi kan vere stolte av veteranane våre. Her er lista:
49.gong: Paul Hole
47.gong: Grethe Fet
44.gong: Odd-Kåre Fet
41.gong:Ragnhild A. Fet
28.gong: Arild Lade
23.gong: Kari Solaas
19.gong: Svein Arne Nakken (47 år)
8.gong: Per-Gunnar Holmberg
Her ligg det med andre ord
jubileum i kjømda i 2013. Paul Hole tek etter alle solemerker sitt merke nummer 50, Svein Arne Nakken nummer 20. Noko vi sjølvsagt vil kome tilbake til om det vert realitet.
God nettsidestart på 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Feb 2013
VIL-Nett noterte 3208 treff i januar 2013. Det er ny januarrekord og den tredje beste månaden gjennom alle tider.
Her fylgjer ein oversikt over januar månad tilbake i tid:
2008: 224 treff
2009: 1108 treff
2010: 1237 treff
2011: 2251 treff
2012: 2876 treff
2013: 3208 treff
Som ein ser positiv utvikling heile vegen
Takk for 1998 grasrotkroner i januar.
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Feb 2013
Januar er vanlegvis ein heller svak månad. Hos mange må kanskje litt sparing til denne månaden etter eit vel stort forbruk i julemånaden. Nok om det, VIL er godt nøgde med 1998 kroner, som er det beste vi har hatt denne månaden.
Januar 2011: 1836 kroner – 73 spelarar
Januar 2012: 1845 kroner – 76 spelarar
Januar 2013: 1998 kroner – 82 spelarar
Vi har fått éin grasrotspelar i tilgang i januar, slik at talet no er 82. Også det er rekord
VRF januarvinnar
Av ti utvalde lag er det VRF sine grasrotspelarar som i snitt har satsa hardast i januar. Sjå lista
3 spelarar: Fjellhug – 39,75 kroner i januar
6 spelarar: UL Samhald – 86,75 kroner
10 spelarar: Velledalskoret – 113,50 kroner
22 spelarar: Velledalen skulekorps – 286,75 kroner
27 spelarar: Sykkylven Janitsjar – 1069,82 kroner
38 spelarar: Straumshorn Juniorkorps – 889,30 kroner
50 spelarar: VRF – 2792,78 kroner
82 spelarar: Velledalen IL – 1998,10 kroner
140 spelarar: FK Sykkylven – 4766,94 kroner
259 spelarar: Sykkylven IL – 11824,97 kroner
I løpet av januar er det svært små endringar i spelargrunnlaget hos desse ti laga. Einaste endringane er éin i avgang hos FK Sykkylven og éin i tilgang hos Velledalen IL. I snitt ser ein at VRF sine spelarar satsar meir enn gjennomsnittspelaren i Sykkylven IL, som ligg nærast. Ein innsats på vel 1100 tippekroner er snittet til VRF sine spelarar i løpet av januar månad. Til samanlikning har Velledalskoret ein snitt tippeinnsats på litt over 200 kroner i januar.
Idrettsminne – Æresmedlem Kaspar Fet (1927-2013)
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2013
Alt som niåring kom han inn i Fet Gutelag, eit lag som vart skipa 30.mai 1937. Eit lag for gutar, styrt av gutar. Fyrste styret såg slik ut:
Formann: Arne Fet
Nestformenn: Olav og Magnar Fet
Kasserar: Arne Fet
Skrivar: Jostein Fet
Tilsynsmenn: Erling, Kaspar og Sigurd Fet
Einaste som ikkje fekk styreplass ved skipinga var Helge (Fedt), men så var han også yngst, berre sju år gamal. Treningsdagar var laurdag og sundag, medan renn vart halde etter nærare avgjersle, står det å lese i møteboka deira. Dei hadde faste løyper med namn som «Åttetalet» og «Storerunden». Alt vart skrive ned – tidtaking var viktig anten det var springing eller ski på programmet. Her fekk med andre ord Kaspar brynt seg. Truleg brynt seg hardt, sidan han var mellom dei yngste, alt i tidleg barndom.
Så kom krigen, med pause i den organiserte idretten. Frigjeringsdagen i 1945 var Kaspar blitt ein ung mann på 17 og eit halvt år. No fekk han vere med på ei rik tid med idrettsoppblomstring over alt. Hopp og langrenn (og dermed kombinert) vart Kaspar sine greiner, og det vert sagt at han var sterkast i bakken. Konkurransen var ganske hard, sjølv lokalt. Velledalen hadde eit stort knippe idrettsspreke karar som var fødde i 1920-åra. Fleire av desse hadde storheitstida nettopp i desse fyrste etterkrigsåra.
Godt inn på 1950-talet traff Kaspar Ida frå Hornindal. Ein heldig «date» som enda i ekteskap og fire gilde born. Etter kvart vart Kaspar si rolle endra frå aktiv til passiv, før han gjekk over i det vi kan kalle støtteapparatet og brukte tida til å fylgje opp borna. Karsten «skeia ut» og vart alpinist, medan Pål Rune og Steinar vart meir allsidige. Begge mellom anna i langrenn, og kva var vel meir naturleg enn at Kaspar fann sin plass i langrennsgruppa. Der treivst han, og aller mest på skirenn.
Kaspar Fet var ein dyktig skismørjar. Men han hadde óg ei anna side.
Han kunne på truskuldig vis bløffe konkurrentane når dei snoka rundt og lurte på kva som var «dagens smurning». Men den seriøse Kaspar, han kunne faget sitt!
Difor var grove smørjebom sjeldan vare der i garden. At konkurrentar som blindt fylgde råda hans kunne oppleve problem, Ja, det skal ikkje stikkast under stolen.
Kaspar var ein lun person. Vi har tidlegare skildra Karl B. Lade si siste helsing til velledalsløparane når han gav dei klapset på ryggen og ynskte lukke til like før start:
«Her er det berre å gå det remmer og tøy kan halde», var hans ord.
Kaspar si helsing var annleis. Eg ville gjerne, men greidde aldri heilt fylgje den. Ikkje til punkt og prikke. Den lydde slik:
«Du skal opne for fullt, og etter det er det berre å auke på». Opninga var lett å fylgje opp, det som kom etterpå langt verre.
Det var god stemning der Kaspar ferdast i VIL-miljøet. Han kunne vere slagferdig i replikken. Svein Arne Nakken har skildra dette godt i sitt idrettsminne (som er å finne annan stad på VIL-Nett):
Under eit skirenn på Emblem kom ein av dei arrangementsansvarlege frå Emblem IL og spurde etter Leiv Drotninghaug. Mannen han spurde var Kaspar Fet, som svara slik:
«Nei, ej heite ikkje det, men viss du ser ei skinnhue som røykje pipe, då he du trøffe rette vedkomande.
I 2001 vart Kaspar Fet æresmedlem i Velledalen IL. Hovudsakleg for lang administrativ teneste. Same heider vart Magnar Fet, Karl B. Lade og Fridtjof Drabløs til del på same dag. Fire verdige vinnarar.
Så lenge helsa heldt var Kaspar ein del av miljøet, og alltid på plass under lokale langrenn. Eksempelvis Fjellsæterrunden. Han fekk oppleve at Kenneth og Sondre, som han var bestefar til, begge vart KM-vinnarar i langrenn, på same måten som sonen Pål Rune vart det tre gonger. Barnebarn av Kaspar og Ida har utmerka seg i fleire andre idrettar, som symjing, fotball, friidrett og hestesport. Andre har hatt musikken som sin arena og gjort det godt der. Med god grunn var Kaspar ein stolt bestefar og vel nøgd med livet, så lenge helsa heldt. Store ord og sjølvskryt var ikkje hans stil. Stillferdig la han ned ferdastaven 29. januar 2013, 85 år gamal.
På vegne av idrettsvener i Velledalen IL ynskjer vi fred over Kaspar Fet sitt gode minne!
Atle Hole
IDRETTSREGISTRERINGA FERDIG
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jan 2013
Idrettsregistreringa har ein siste frist 31. januar. Då skal laga ha rapportert til Norges Idrettsforbund (NIF). Dei skal ha namn og fødselsdato på sentrale leiarar, som styreleiar, sekretær, web-ansvarleg og ansvarleg for politiattest. Vidare skal dei ha namnet på alle gruppeleiarar, idrettskuleeiar, kontonummer, heimesideadresse og mykje meir. Eksempelvis medlemstal. Dei skal ha det totale medlemstalet for 2012, og dei skal ha talet på antal aktive medlemar i kvar gruppe – og i idrettsskulen. Det er denne rapporteringa som dannar grunnlaget for summen laget får i aktivitetsmidlar for gruppa 6-19 år.
Rapporteringa til NIF er no over for Velledalen IL sin del. Så slapp av gruppeleiarar (som i løpet av siste månad har fått stadige påminningar om denne rapporteringa)!
Det høyrer med til soga at lag som ikkje rapporterer vert strokne som medlemslag – men ikkje før etter null respons på fleire purringar.
Hallo i nedslagsfeltet!
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2013
Eg går på skule ''over fjellet'' på Vestborg og går første året på studiespesialiserande retning. Trass i skuledagar til over halv fire og at eg ikkje er heime før ein time seinare, trives eg veldig godt med nye vener. Fritida mi går til trening og kvar dag er eg i aktivitet.
les meir her
I 1966 var det snø i januar
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2013
Toril deltok i Velledalen i 1966, medan Per Helge truleg baska seg trøytt i Sunnylven IL sine løyper
Dette sonerennet vart avvikla den 9. januar. Og løparane møtte ikkje ubudde. 1. januar (Nyttårsdag) vart det nemleg arrangert treningsrenn (berre langrenn) for 25 gutar og ei jente (Lindis Lade) same stad. Aldersspennet hjå deltakarane låg frå årgang 1951-1960. Med Arnfinn Brunstad som den eldste og trioen Geir Ove Brandshaug, Ove og Kai Skylstad som dei yngste.
Men over til sonerennet den 9.januar 1966 igjen. Her fylgjer namna på deltakarane som representerte IL Ringen eller Velledalen IL.
Langrenn:
Åge Lade, Svein Hjorthol, Arnfinn Brunstad, Kjell Olsen, Karl Eilert Nakkeberg, Svein Liaskar, Kjetil Hole, Otto Brunstad, Asle Myhre, Jan Ove Skogvold, Odd Hole, Hans Hole, Geir Brunstad, Atle Hole, Jan Egil Fossum, Odd Harald Hovde, Kjell Nilsen, Bjørn Lade, Lars Olav Lade, Jan Steinar Bolstad, Per-Gunnar Holmberg, Oddbjørn Lade, Trond Fossum, Oddny Riksheim, Torill Hole, Klara Solvang og Hildegunn Hole.
Hopp:
Per Henning Hole, Kjell Olsen, Helge Drabløs, Eldar Tandstad, Jarle Lade, Ola Bolstad, Andreas Lade, Karl Johan Brudevoll, Jan Egil Fossum, Odd Harald Hovde, Jan Steinar Bolstad
Seinare i sesongen, den 13. februar, arrangerte Velledalen IL krinsrenn i langrenn – i lavlandet. Tydelegvis ein litt annleis vinter enn i 2013.
Skjaldvor Karlsen til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2013
Skjaldvor Margrete Karlsen har ikkje sprunge halvmaraton eller jakta trimpoeng
på fjelltoppar. Ho har heller ikkje gått skirenn eller hatt styreverv i Velledalen IL, det vi veit. Likevel har ho vore ei viktig brikke i Velledalen IL sitt totale engasjement.
Førjulsmessa i Velledalen grendahus har 20 års fartstid. Og det er her Skjaldvor kjem inn i biletet. Ikkje som utstillar. Det har ho nemleg aldri vore. Men som fagarbeidar innan handarbeid, nærare bestemt brodering.
Kvart år er det i samband med messa loddsal. Basarbøker vert frakta rundt, med ein brodert juleduk som gjævaste vinst. Fagmessig, perfekt brodert av Skjaldvor Karlsen, dei fleste åra messa har eksistert.
Og det var aldri «siste liten arbeid» som kom frå Skjaldvor sine hender. Tvert om, juleduken hennar var alltid fyrste «brikka» som kom på plass. Som regel ferdig ved påsketider, lenge før komitéen starta førebuinga til messehelga i november.
Personar som Skjaldvor byrjar etter kvart bli sjeldan vare. For betaling…? Nei, det skulle ho då ikkje ha. Dette gjorde ho med glede, og det var berre å kome med nytt tilfang så snart messa var over.
Slik hadde vi altså ein viktig person i mange år, som aldri stod på noka liste over tillitsvalde, men som av eigen fri vilje gav av seg sjølv til beste for andre.
Vi lyser fred over Skjaldvor sitt gode minne!
Atle Hole
TALET ER 82
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2013
Denne veka steig talet til 82 i VIL-stallen over grasrotspelarar. Det høgaste som er registrert sidan ordninga kom i gong i 2009. Vi kan elles nemne at januar 2013 ser ut til å bli ein heller laber månad. Faktisk i tråd med tidlegare år. I 2012 var januar den nest dårlegaste månaden med 1845 kroner (med 76 spelarar). Talet i 2011 var 1836 (med 73 spelarar). Kanskje normalt med ein svak januar fordi somme er i sparemodus etter litt ødsling i desember…? I skrivande stund står litt over 1600 kroner på konto, så det kan fort gjort ende opp på 1800-talet dette året også, sjølv om talet på spelarar har auka til 82.
Vi ynskjer spelar nummer 82 hjarteleg velkomen!
Fjellsæterrunden – fire veker att komande helg
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jan 2013
-Komande sundag er det møte i komitéen, fortel leiar i VIL-langrenn, Svein Arne Nakken.
Med berre fire veker att, er det på høg tid at planlegginga startar. Vi kjem sjølvsagt tilbake til opplegget, men reknar med det vert som før, med:
Barnas Fjellsæterrunde ca 3 km
Trimklasse rundt Nysætervatnet ca 10 km
Bedriftsklasse ca 15 km
Hovudrennet ca 28 km
Med rekordlite snø hittil, er det neppe grunn til stor optimisme med tanke på deltakaratal. Truleg vert ansvardelinga mellom laga som før. Det vil seie løypeansvar for Velledalen IL. Men utan snø – ingen løyper, den saka er klinkande klar.
-Hjertelig takk! Skal sjekke rundt 30.april.
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jan 2013
I 1962 hadde vi ein verdsmeister i kombinert i Velledalen, då Arne Larsen vann hopprennet i Brunstadbakken. I 2011 la ein kar ved namn Mikko Kokslien, landslagsløpar i kombinert, igjen «spor» på Vellesæterhytta.
Desse spora gjorde vi oss nytte av. Mikko vart i 2012 invitert til Velledalen som premieutdelar under Minikonrad. Det ville i så fall vore 50 år etter Arne Larsen, men den gongen passa det ikkje. Men velledalsfjella hadde han ikkje gløymt, så han kom gjerne ein annan gong, skreiv han.
No er Mikko invitert til årets Konradløp som premieutdelar under Minikonrad 2013, og det er til den invitasjonen han svarer: «Skal sjekke rundt 30. april». Før den tid er det verdsmeisterskap i kombinert for Mikko, som har norsk far og finsk mor, og bur i OL-byen Lillehammer – når han ikkje er på reise.
Dei som fylgjer med i kombinertsporten har kanskje registrert at Mikko har tre pallplassar hittil i sesongen. Èin gong på kvart trinn. Mikko hoppar solid, men er klart sterkast i løypa, der han plar plukke løpar etter løpar.
Treff han i hoppbakken kan det bli ein verdsmeister som kjem på vitjing i slutten av april – om han får det til å passe inn i opplegget.
Temadager om vinteraktiviteter Fjellsetra 2. mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jan 2013
Møre og Romsdal idrettskrets, i samarbeid med Møre og Romsdal Skikrets og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til en temadag om vinteraktiviteter på ski – SKILEIK - for instruktører i idrettskoler/barneidrettsgrupper i idrettslag/skigrupper og for ansatte i barnehager, barneskoler og SFO i fylket.
undefined
undefined
undefined
undefined
Instruktør: Bjørn Inge Drabløs, Møre og Romsdal Skikrets
undefined
undefined
undefined
undefined
Innhold: Hvordan lære barn skiferdigheter
undefined
undefined
undefined
undefined
Ta med: Skiutstyr (ski med binding med løs hel – langrennsski, turski, telemarkski) og
undefined
undefined
Liten snøspade om du har, gode og varme klær, mat og drikke.
undefined
undefined
undefined
undefined
Hvem kan delta: Instruktører /trenere og foreldre i idrettskoler eller barneidrettsgrupper i idrettslag/skigrupper.
undefined
undefined
Barnehagepersonell, ansatte i SFO og barneskolen.
undefined
undefined
undefined
undefined
Kursavgift: kr 200,- pr. person. Det blir tilsendt faktura i etterkant av kurset.
undefined
undefined
undefined
undefined
KURS 1:
undefined
undefined
Tid: Lørdag 9. februar 2013 kl 11- 16
Sted: Skaret Skisenter ved Molde
undefined
undefined
undefined
undefined
Påmelding: innen fredag 1. februar 2012 til
grete.opheim@idrettsforbundet.no eller på telefon 41 46 55 42. Oppgi navn, adresse, telefon, e-post, navn på idrettslag/ barnehage/skole
undefined
undefined
KURS 2:
undefined
undefined
Tid: Lørdag 2. mars 2013 kl 11- 16
Sted: Fjellsetra i Sykkylven kommune
undefined
undefined
undefined
undefined
Påmelding: innen fredag 15. februar 2013 til
grete.opheim@idrettsforbundet.no eller på telefon 41 46 55 42. Oppgi navn, adresse, telefon, e-post, navn på idrettslag/ barnehage/skole
undefined
undefined
undefined
undefined
undefined
undefined
undefined
undefined
Med vennlig hilsen
undefined
undefined
undefined
undefined
Grete Opheim
undefined
undefined
Idrettsfaglig konsulent
undefined
undefined
Mob: +47 41 46 55 42
undefined
undefined
undefined
undefined
Norges Idrettsforbund
undefined
undefined
Møre og Romsdal idrettskrets
undefined
undefined
www.idrett.no/moreogromsdal
undefined
undefined
Kretsting i Norsk Friidrett Møre og Romsdal
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jan 2013
Det blir med dette innkalt til ordinært Kretsting i
Norsk Friidrett Møre og Romsdal på
Rica Seilet Hotel i Molde 2-3.mars.
Vi møtes til lunch lørdag kl 13:00 – kretstinget blir åpnet kl 14:00
Kretstinget planlegges avsluttet ca. kl 13 søndag
Kretsstyret vil oppfordre klubbene til å sende også ungdommer til tinget som klubben sine representanter
Sakliste sammen med sakspapirene blir sendt klubbene pr e-post, og lagt ut på nett senest 8 -åtte- dager før tinget.
Det blir avsatt tid til foredrag/diskusjon om følgende temaer:
Antidoping Norge
Klubbadmin
-
idrettens nye løsning for medlemsadministrasjon
Online betaling
-
Online betaling er laget for at idrettslag og idrettsorganisasjoner kan ta betalt for påmeldinger til arrangement og kurs. I tillegg kan utøverlisenser og påmeldinger til arrangement betales av den enkelte utøver rett fra Min idrett.
Utfordring;
-
Hvordan stoppe frafallet av utøvere fra 15-års alder?
-
Hvordan få utøverne til å stille i konkurranser – og ikke bare delta på klubbtreninger?
Med hilsen
Bente Krakeli
Olav Hansen
Daglig Leder
Kretsleder
Norsk Friidrett Møre og Romsdal
SAKER TIL ÅRSMØTET
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jan 2013
Velledalen IL held årsmøte 5. februar. Dersom nokon har saker ein vil ha handsama på dette møtet, så er siste frist for levering sett til 26. januar. Mottakar er sekretær Ove Inge Skylstad.
Ei sak som skal opp på møtet er ny lovnorm for idrettslag. Dette etter krav frå NIF. Den lovnorma Velledalen IL har levd etter fram til i dag er drygt ti år gamal.
Storleiken på medlemskontingenten er vanleg årsmøtesak. Her går VIL-styret for uendra satsar. Naturleg nok ettersom krav alt er sendt ut. Uendra betyr 400 for familie, 200 for vaksne og 100 for born. Støttemedlemskap har fri pris under vanleg takst.
Gratulerer Kjellaug – 85 år 18. januar !
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jan 2013
Hol-Kjellaug «står seg godt», som det heiter. Det kan vi alle vere samde om. Grunnen til at ho står seg godt er relativt innlysande for vi som kjenner ho. Ho pleier nemleg den fysiske forma på beste måte, anten med sykkel- eller turar til fots.
Kjellaug er mellom dei trufaste ved trimgruppa sin post ved sætreelva i Holemarka. Seinast 16. januar 2013 hadde tre generasjonar frå familien notert seg i boka. Og ho trør lett til Jokerbutikken for naudsynte innkjøp, eller ned i Tregardane for å vitje dottera, Hanne.
Elles er ho ein racer innan handarbeid, med brodering som spesialfelt. Siste åra er det Kjellaug Ulset som har brodert duken til VRF og Velledalen IL, som har gått på loddbok under Førjulsmessa.
At Kjellaug både er morgonfugl og ein skikkeleg tøffing, kan du finne på VIL-Nett. Går du inn på statistikken for Konradløpet, søkjer på namnet Kjellaug Ulset, så får du dette resultatet:
Delteke 11 gonger. Det vil seie full pott så langt for 85-åringen – tvillaust noko og tenkje på for dei som kurar under dyna og snur ryggen til når svigersonen til Kjellaug, Brua-Bjørn, fyrer av startsskotet klokka 05.00 - om morgonen den 1.mai.
Då er Kjellaug på plass – så lenge helsa held! Slike jenter det vil gamle Norge ha!
Atle Hole
Trimgruppa utvidar stadig tilbodet
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2013
Arnt Brunstad har no sett opp ny kasse ved hytta på Køln. Ein tur dit gir 20 gilde poeng, vert det meldt av gruppa som no administrerer no 14 postar.
Stor takk til Arnt og trimgruppa!
KM Innendørs for 11-19 år, senior
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2013
Les meir her og her
Norsk Friidrett Møre og Romsdal
v/Daglig leder Bente Krakeli
Krakelivegen 152
6490 Eide
mob: 909 26 225
Medlemskontingent for 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2013
Får ein ikkje giro i postkassa kan ein nytte kontonummeret ein finn på toppen av nettsida. Satsane er uendra. 400,- for familie, 200,- for vaksen og 100,- born. Støttemedlem blir ein om ein betalar inn mindre enn den ordinære kontingenten, til dømes dersom ein vaksen betalar 150 kroner.
Elles håper vi mange vil fylgje oppfordringa Anita Kjersheim hadde i gjesteboka nyleg.
Aktiviteten har vore høg i 2012. Men aldri før har så mange som nettopp i 2012 lurt seg unna kontingenten. Dette gjeld både idrettskule, badminton, herretrim og ulike styre og stell. I 2013 vil ikkje dette verte mogleg.
Her er Anita Kjersheim sine visdomsord:
-Det er kjempe flott at folk trimmar og held seg i god form. Velledalen Idrettslag er eit idrettslag som har jobba i årrekkje med ulike trivsel og trimtiltak både i dalen og i nærområdet.
Det vert gjennom året langt ned ein stor innsats av mange eldsjeler for å oppretthalde dei ulike aktivitetane til laget. Dei som trimmar på postane vert premierte, for sin flotte innsats gjennom året. Eg synes derfor at alle som aktivt deltek på dei ulike trimpostane kan gi litt til bake til VIL og melde seg inn som medlem i laget frå 2013.
Ein annleis mosjonist
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jan 2013
Somme held seg til ski, andre går til fots (gjerne til trimpostar), atter andre syklar eller rir.
Svein Ole Sørensen frå Brunstad Øvre, gjer noko heilt anna.
Han er fotballdommar. I fylgje Sunnmøre Fotballkrins sine lister ein aktiv dommar. I 2012 står unge herr Sørensen bokført med 43 kampar – seriekampar vel å merkje. Anten som dommar, assistentdommar (linjemann heitte det før) eller som «dommarveileder» som det heiter på fint. Ved sistnemnde oppdrag er rolla til Svein Ole rettleiing av heller ferske dommarar, slik at dei ikkje misser livsgnisten i møte med illsinte trenarar eller overivrige foreldre.
I tillegg vert det nokre treningskampar og litt lett trening for å vere skikka til oppgåva.
Det fysiske er ein ting, men det fotballfaglege må óg vere på plass. Det kan gjerast gjennom dommarkurs i regi av fotballkrinsen.
Del gjerne måten
akkurat du trimmar på, med lesarane av VIL-Nett. Skriv kortfatta til:
atlehole@online.no
13.januar 2013: Dagens jubilant
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2013
13. januar 1958 vart Asbjørg og Karl B. Lade foreldre for fyrste gong. Sonen dei fekk denne datoen fekk namnet Bjørn Asle. Ein kar som skulle kome til å markere seg. Mest som langrennsløpar, men også særs habil i terrengløp og baneløp. I sistnemnde grein var han særleg kvass på 600 meter, som var ein vanleg distanse då, mindre vanleg no.
Bjørn vann langrenns-KM for dei som var fødde i 1958, kvart einaste år frå han var åtte til og med 15 år. Den gongen delte dei ut KM-titlar til åtte-, ni-, og tiåringar, noko dei ikkje gjer i dag. Bjørn tok sin fyrste tittel på heimebane, med start og mål like utanfor stovedøra til Helge Lødøen. Dette var det i glanstida til VIL, om nokon skulle vere i tvil. I tillegg har han to stafett-KM i langrenn og sterke plasseringar frå det som før heitte Områdemeisterskap og frå Hovudlandsrennet (uoffisielt NM).
Bjørn har alltid vore ein likandes kar. I barndommen gjekk han på orreleik oppe på Lia, før skuletid, han åt rå trastaegg og han tok alle trinna i Brøvoll Tjuvfiskarlag sitt oppslagsverk om sjølvberging innan fiskeri. Lenge før han var konfirmert. I spann med Knut-Ole viste han i ung alder gode anlegg for pyromani på graslagt mark. Brua-hynen har elles brei røynsle innan kalkundrift, faktisk var han pioner i denne bransjen. At han kan handtere alle typer slakt, hjort inkludert, er vide kjent for dei fleste.
55 år, Bjørn – ingen alder for ein veidemann. I vår gode barndom var det alltid fødselsdagselskap nede i Brua den 13. januar – så sant det ikkje var sundag og skirenn. Då fekk det vente til eit meir høveleg tidspunkt. Barndomsminne vert ikkje gløymt.
GRATULERER !
Atle Hole
Nærmar seg VIL-årsmøte
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jan 2013
Anita einaste kvinne i valkomiteen
5.februar held Velledalen IL årsmøte. Vi minner gruppeleiarane om gruppene sine årsmeldingar som skal leverast til Ove Skylstad. Idrettsskuleleiar Julie Brochmann har alt levert.
Valkomitéen kan ofte ha ei vanskeleg oppgåve. Viljen til å ta på seg verv er høgst variabel frå år til år. Truleg vert det utskiftingar i alle grupper. Har nokon hug på eit verv i Velledalen IL så brenn ikkje inne med det, men kontakt ein av desse personane:
Geir Helge Grebstad (leiar)
Anita Hjorthol
Harald Bakken
Tor Olav Tandstad
Øyvind Hunnes.
Saker ein vil ha handsama under årsmøtet må vere meldt Ove Skylstad eller Atle Hole seinast 25. januar.
Nytt år – nye mål
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jan 2013
Under dei årlege «Miniidrettsgalla-arrangementa» prisar Velledalen IL personar som har blitt lagt merke til. Det kan vere over lang tid, eller det kan vere ein meir stuntprega prestasjon. Mange av dei aktive i laget vårt har klare mål for det komande året. Mål som gjerne få personar veit om. Mål som krev trening, konsentrasjon, god helse og ofte mot til å utfordre sin eigen kropp og alder. Her kjem nokre eksempel på akkurat dette.
Svein Arne Nakken (47), langrennsløpar:
I mars månad 2013 skal Svein Arne Nakken gå for sitt 15. merke i Birkebeinerrennet. 54 kilometer frå Rena til Lillehammer med lett pakning. Ikkje kvar gong har merkekravet lukkast, men Svein er no så rutinert og veltrena at berre uhell - eller særs vanskeleg vêr - kan hindre han. Bak ein slik prestasjon ligg eit utal timar trening, ein uthaldande vilje og ein forståelsesfull familie. Vi kjenner oss sikre på at Svein kan hente premien for å ha gått 15 gonger under merkekravet birkebeinerlaurdagen i mars 2013.
Olaf Einar Øien (70 år i 2013), langdistanseløpar.
Olaf Einar Øien kom til Velledalen IL det året Sykkylven IL stengde friidretten ute frå Sykkylven stadion. Og har sidan det vore ein positiv tilvekst. I juni skal Olaf opp til eksamen. Arena er strekninga Geiranger sentrum – toppen av Dalsnibba. Vi snakkar om Nibbeløpet. 21 kilometer med stigning på 1500 høgdemeter. Komande sommar går løpet for 20. gong. Olaf er ein av svært få som har delteke kvar gong. Vi snakkar med andre ord om start nummer 20 av 20 moglege. Modig og sprekt av ein mann som fyller 70 år i 2013.
Paul Hole (84 år i 2013), mosjonsidrettsutøvar.
Vi gir Paul tittelen mosjonsidrettsutøvar, vel vitande om at han i yngre år både var langrennsløpar, friidrettsutøvar og fotballspelar. Vi nemner óg at han i meir moden alder har full pott som deltakar i Konradløpet, han har over 30 startar i trimklassa i Fjellsæterrunden og han tek idrettsmerke kvart år. Greier Paul Hole idrettsmerkekrava i 2013, er det 50. gong mannen som vart KM- vinnar på 1500 for junior i 1949, greier dette. Paul Hole var - i fylgje dei kjeldene Velledalen IL sit på - laget sin fyrste KM-vinnar nokon sinne, og han kan bli den fyrste som greier idrettsmerkekrava i 50 ulike kalenderår. Her ligg det an til kake!
Dette er tre døme på utøvarar som heilt klart kan lukkast. Og det finst andre, både med større og mindre mål. Somme veit vi kanskje ikkje om ein gong.
VIL-Nett har akkurat passert 100 000 treff. Vi er enno unge inn i dei neste 100 000. Del gjerne draumane dine – unge eller gamle - med lesarane våre, så kan vi vandre saman mot måla.
Atle Hole
Miniidrettsgalla – To stuntprisar
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2013
Christina Linnea Holmberg kjempa ein relativt jamn mot Svein Arne Nakken om «Folket sin Idrettspris». Det vart fire stemmer for lite for Christina denne gongen, men ho skulle likevel bli prisvinnar. Ho gjorde nemleg eit «stunt» berre Kenneth Fet har gjort før henne. Men Kenneth gjekk i august då han i 2010 gjorde same turen som Christina gjorde i oktober Vegvalet var rett nok ikkje heilt likt, men begge var på alle postar. Riksheimdalen og Myrdalsfjellet som ytterpunkt. Målet var å ta alle trimpostane i eit jafs i løpet av eitt døgn då ho la i veg 3. oktober, men det vart eitt døgn, tre timar og 21 minutt – etter ein nokså strabasiøs tur. Mellom anna på blankis over Nibbebreen på veg til Holetindane som den truleg nifsaste opplevinga.
Kjell Magnar Berli hadde ein relativt roleg konkurransesesong i 2012, men gjorde eit storstunt då han deltok (som debutant) i Birkebeinerrennet berre få månader etter ein alvorleg mageoperasjon. Så sjuk var han at han ikkje kunne fraktast til Oslo, men måtte opererast i Ålesund under kontinuerleg kontakt med ekspertisen i hovudstaden.
Med minimal skitrening, og utan seeding, måtte han starte i siste pulje. Lenge gjekk det framifrå bra. Mot slutten vart det slutt både på spor i løypa og krefter. Sluttida vart likevel høgst respektabel med Kjell Magnar sitt utgangspunkt – 4.29.12.
Når Kjell Magnar stiller i sitt andre Birkebeinerrenn i mars 2013, trur vi han kan smyge seg under fire timar. Får han skikk på skigåinga kan han fort gjort bli VIL sin fyrste Superbirkebeiner. Merkekravet til løpet har han alt inne og syklinga greier han óg utan uhell.
VIL-Nett gratulerer Himalaya-Christina (heiter så fordi ho skal dit om kort tid) og Kjell Magnar med prisane og ynskjer lukke til med eventuelt nye stunt!
Lederkurs for ungdom 8.-10. februar
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jan 2013
Vi har lyst ut kurset «Lederkurs for ungdom» for aldersgruppen 15-19 år. Søknadsfristen for deltakere er 13. januar.
Dette er et godt kurs som både den som deltar og idrettslaget vil ha stor glede av i etterkant. Det er viktig å gi ungdom muligheten og ikke minst dra nytte av ungdommens ressurser. Informere om kurset til aktuelle ungdommer i ditt idrettslag eller minn dem om søknadsfristen.
Du finner all informasjon om kurset her
http://www.idrett.no/krets/moreogromsdal/nyhetsarkiv/Sider/Lederkursforungdom2013.aspx
eller kontakt undertegnede.
Med vennlig hilsen
Grete Opheim
Idrettsfaglig konsulent
Mob: +47 41 46 55 42
Norges Idrettsforbund
Møre og Romsdal idrettskrets
www.idrett.no/moreogromsdal
STERK START I 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2013
Brunstadekspressen vart soleklar vinnar av halvmaraton i Ålesund i romjula på sterk tid i strid vind. Sist helg deltok han i 5. løpet i vinterkarusellen på Romerike (Bjørkelangen). Løypa var åtte kilometer lang med høgdeskilnad på 70 meter. Sverre Gunnar vann klasse 45-49 år med tida 29.04, eitt minutt og 50 sekund føre sin hardaste konkurrent i klassa som talde elleve deltakarar. Totalt vart Brunstadekspressen nummer tre, berre slegen av to «ungkylpertar» i klasse 23-34 år, Eirik Rustad og Simen Ellingsen. Dette lovar godt for komande sesong for mannen som under Miniidrettsgallaen vart kåra til «Årets U
tflyttar»
Peder Brunstad til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2013
Tannlegelaget med Peder Brunstad som målmann.
Vi saksar frå Velledalen IL si møtebok:
«Fotballsesongen 1950 var den beste i laget si historie. Og dessutan var det eit merkjeår då laget i år fekk taka i bruk si eiga bane. Interessa hev auka og frammøtet på treningane hev vore jamt over bra. Det me først og fremst vantar er ein habil trenar. I år hadde me Sverre Myklebust frå Rollon ei vekes tid. Det var sjølvsagt altfor kort tid til at ein kunne vente synlege resultat».
I fylgje møteboka hadde Velledalen IL ein svak vårsesong dette året. Sitat:
«I serien tapte me begge vårkampane mot Spjelkavik (1-3) og Aksla (0-6). Dette vitnar om dårleg vårform og bør takast ad notam. Vårkampane er like viktige som haustkampane. Derfor må ein leggje meir vekt på treninga frå sesongstarten».
Men det gjekk betre etter kvart denne sesongen. I opningsturneringa i pinsa i 1950 vann Velledalen IL heile 10-2 mot Valderøy og 5-0 mot IL Ringen i finalen. Seriekampane var to om våren og tre om hausten. Men laget spela i alt åtte treningskampar utanom opningsturneringa av grusbana på Dalemyra. I tillegg deltok laget i jubileumsturneringa til IL Ringen etter sesongslutt. Her var det jamne kampar med desse resultata:
Ringen-Sykkylven 3-2
Velledalen-Sykkylven 2-0
Ringen – Velledalen 2-2
Møteboka viser elles at Peder Brunstad ikkje var mellom stengene dei to vårkampane som gav tap. Men hausten var han på plass, med desse resultata:
6. august: Velledalen IL- Langevåg 2-1
13. august: Stranda – Velledalen IL 0-4
19. august: Velledalen IL – Sykkylven IL 7-1
Laget mot Langevåg: Peder Brunstad, Per Hole Drabløs, Alf Brunstad, Paul Hole, Magnar Fet, Kjell Brunstad, Karl Lade, Olav Fet, Ole Fausa, Jon C. Brunstad, Oddmund Skylstad.
På vegne av Velledalen IL og nolevande fotballvener i bygda lyser vi fred over Peder Brunstad sitt minne.
MINIIDRETTSGALLA – Årets Overrasking
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jan 2013
Årets Miniidrettsgalla hadde ein pris som heitte «Årets Overrasking 2012». Denne prisen kunne romme så mangt, men prisen gjekk denne gongen til ei ungidrettsjente. Ei jente som fyrst og fremst markerte seg under Minikonrad og Konradløpet.
Velledalen IL hadde sett opp eigne premiar til beste gut og beste jente frå Sykkylven Ungdomsskule under Minikonrad. I håp om auka deltaking. Men svært få undomsskuleelevar såg seg syn med å springe 1050 meter på Brunstad den 30. april 2012. Men éi lokal jente viste seg fram. Solveig Beate Brunstad sprang inn til den flotte tida 4.13. Berre eit fåtal gutar sprang betre.
Mindre enn tolv timar seinare imponerte ho med tida 20.19 under hovudløpet. Dette var meir enn nok til prisen «Årets Overrasking», til ein jente fleirtalet i nærmiljøet ikkje eingong visste var aktiv.
Flott prestasjon Solveig, og gratulerer med fortent pris!
Farmen-Marianne vann Nattcup på Stranda
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2013
Laget til Marianne Otterlei, Team Taskedyr, vann kvinnefinalen 2-0 over Podémos, som er laget til velledalsjentene Christina Holmberg og Ellen Marie Hole. På tredjeplass i dameklassa kom laget «Ompalompa», med Erika Weiberg-Aurdal i sine rekkjer.
I herreklassa vann laget «Hoggorm» 2-1 over Vestnes Futsal i finalen. Sykkylvslaget «Mjølk» vann bronsefinalen 3-2 etter utvida speletid. Her scora Bengt Hole Alnes to framifrå flotte mål som snudde kampen frå 0-2 til 2-2 for sykkylvslaget. Damian Cruz scora målet som berga siste premieplassen. Strandarane var nøgde med det dei såg av den nye spelaren sin. I bronsefinalen viste Bengt at dei offensive kvalitetane er velutvikla.
MINIIDRETTSGALLA – «TIMINGPRISEN»
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2013
Hadde vi spurt Eldar Kurseth før Birkebeinerløpet om skilnaden på ei sluttid på 1.44.04 og 1.44.06 hadde han truleg svart:
-
Det blir mest det same.
No ville lagnaden at merkekravet i klasse 40-44 år vart 1.44.05. Med ei sluttid på 1.44.04, løyvde Eldar eitt sekund på merkekravet. Somme vil kalle dette flaks, andre GOD «TIMING».
Og det er slike dagar det skil berre to sekund mellom kjensla av suksess og det motsette etter ei konkurransetid på over 104 minutt.
Vi nemner at Eldar også greidde merkekravet på sykkel. Her vart han nummer 69 av 2492. Birkebeinerrennet gjekk han på 3.41.35. Fem minutt for sein til å kunne titulere seg som SUPERBIRKEBEINER i 2012, men likevel det næraste nokon utøvar frå VIL nokon gong har vore.
*Superbirkebeiner = tittel på personar som greier merkeravet i Birkebeinerrennet, Birkebeinerrittet og Birkebeinerløpet i same kalenderår.
MINIIDRETTSGALLA – «ÅRETS UTFLYTTAR»
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2013
I 2011 fekk Alf Petter Bøe prisen som «Årets Innflyttar». Denne veka vart Sverre Gunnar Brunstad heidra med pris som berre dei som har flytta frå nedslagsfeltet kunne vinne. Ein pris gjeldane for året 2012.
Sverre Gunnar – eller Brunstadekspressen som vi òg likar kalle han – har utvikla seg til å bli ein særs habil langdistanseløpar. Han trivst best om distansen er 10 km eller lenger.
Vi nemner at han i 2012 hadde sjette beste maratontida i landet i klasse 45-49 år, med 2.46.54. Ei tid han gjorde i eit løp i Milano. I større samanhengar representerer han Lørenskog FIK, men Brunstadekspressen er stolt av opphavet sitt.
Han har gjort Konradløpet på 15.17 – i ein alder av 42 år – om nokon lurer på kvar han står der. Dette er femte beste tida totalt gjennom alle tider, men også altfor kort etter prisvinnaren sin smak.
Andreas Nakken fekk pris som "Årets hardhaus 2012"
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2013
9-åringen Andreas Nakken fekk prisen som «Årets Hardhaus» under VIL sin Miniidrettsgalla. Sist sommar skulle Andreas springe Miniton (4,2 km) i Hornindal saman med tvillingbroren Sivert og faren Svein. Men han kom aldri til mål. Det varte og rakk,
leiting vart iverksett. Han vart funnen etter ei tid, nesten ferdig med 10 kilometeren. Han hadde teke feil løype der dei delte seg. Bryte var ikkje tema, så Andreas fullførte ti kilometern med stil denne sommardagen i Hornindal. Tøft gjort av ein niåring. Ein rett så ung hardhaus!
«Årets sportsslankar 2012»
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jan 2013
Tre kriterier måtte oppfyllast skulle ein vere aktuell for denne prisen:
1.
Ein måtte vere medlem av Velledalen IL.
2.
Ein måtte drive ei eller anna form for sportsleg aktivitet.
3.
Ein måtte ha slanka seg i det aktuelle kalenderåret.
Jo André Tandstad har lang karriere som bordtennisspelar bak seg. I seinare år har han fatta interesse for springing. Fram mot Konradløpet har han pint seg ned i vekt. 16.30 i 2011 og 16.33 i 2012 er sterke tider, og vitnar om eit suksessfullt opplegg. Når Jo fyrst har vore lett og fin i kroppen har han teke ein del motbakkeløp i same slengen. I 2012-sesongen kom han på beste halvdel av resultatlista både under Blåfelden Opp (Syvde), Varden Opp (Langevåg) og Skåla Opp (Stryn).
Utover hausten plar Jo ofte sleppe seg litt ned i form og opp i vekt. Men etter nyttår, då startar kroppen hans førebuinga til neste Konradløp. Han – og alle vi andre – veit at sjølv eit lett spekklag må bort om 16-talet skal kome på blokka når han sprintar under målseglet på Brunstad 1.mai – helst før klokka 05.17.
Gjevaste prisane til Nils Skylstad og Svein Nakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jan 2013
Svein Arne Nakken vann «Folket sin idrettspris», stemt fram av alle som kjende seg kalla til å røyste. I alt kom det inn 54 røyster, spreidd på åtte ulike kandidatar. Svein Arne Nakken hadde fire stemmer meir enn Christina Holmberg, jenta som markerte seg med eit «trimpost-stunt»3. og 4. oktober sist år. Då starta ho frå heimen i Tregardane og tok alle trimgruppa sine tolv postar i løpet av 27 timar og 21 minutt. Frå Riksheimdalen i eine enden til Myrdalsfjellet i den andre.
Svein Nakken hadde ein god skisesong med sitt 14. merke i Birken (3.07.10) og ny VIL-rekord i Vasaloppet med 692. plass av 15 000 med tida 4.38.40 som sine sterkaste prestasjonar i ein særs aktiv sesong. Han vart òg klassevinnar i Fjellsæterrunden, der VIL sitt tremannslag vart nummer to samanlagt.
Prisen «Årets Utøvar 2012» gjekk til motbakkeløparen Nils Terje Skylstad. Han var som vanleg sterk i Konradløpet, han vann klassa (55-59 år) i Eggjenipa Opp i Breim, han vart nummer tre i Saudehornet Opp i Ørsta og nummer fem i Fanaråken.
Nils vart kåra av ein jury med Pål Rune Fet, Kenneth Fet og Bente Brunstad som medlemar. I tillegg til det sportslege, meiner juryen at det ikkje talar i Nils sin disfavør at han har eit langt, plettfritt rulleblad som trimgruppeleiar. Med ein kolossal innsats over eit langt tidsperspektiv til beste for folkehelsa gjennom gruppa sine trimpostar.
To verdige vinnarar.
Kven vert «Årets sportsslankar 2012»..?
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2013
Det er tid for slanking. Tunge matorgiar og drikkegilde gjennom store deler av desember er ikkje lenger gode minne. Det har vorte omdanna til slagg og juleflesk - som fløymer utover «all mark» på kroppen. No skal det pinast bort, koste kva det vil. Somme lukkast, andre feilar, medan den store hopen nok hamnar ein stad midt i mellom – jaudå, litt ned, men ikkje så mykje som tanken eigentleg ville.
For alle desse menneska, må det vere reint som ei Guds velsigning, at Velledalen IL ser seg syn med å sette opp pris til «Årets Sportsslankar». Her må då vere eit hav av kandidatar…, er fyrste tanken som ramlar ned i hovudet. Heilt så enkelt er det likevel ikkje. For å vinne prisen må tre kriterier vere på plass:
1.
Ein må vere medlem av Velledalen IL.
2.
Ein må ha representert Velledalen IL i sportslege syslar i 2012.
3.
Ein må ha slanka seg.
Der fall nok mange frå. Ta deg ein ekstra sjokoladebit du i dag – til trøyst, det er berre 2.januar, og slankinga kan vente til i morgon. Konradløpet er ikkje før 1.mai. Etter det står motbakkeløpa formeleg i kø. Du kan i alle fall vere kandidat i 2013 og starte med å betale kontingenten, tenkjer du kanskje i det du innser at tittelen «Årets Sportsslankar 2012» heng betydeleg høgare enn du trudde då lesinga starta.
Prisvinnaren vert kåra under Miniidrettsgallaen i Velledalen Naturbarnehage 3. januar klokka 19.00
510 saker på VIL-Nett i 2012
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2013
Talet saker på VIL-Nett har auka frå 376 i 2011 til 510 i 2012. Stort sett dagleg finn ein nyhende på sida. Om brukarane av Velledalen IL sin nettstad er nøgde veit vi lite om, men dei vert i alle fall stadig fleire. Nedanfor presenterer vi antal treff på sida pr.år:
2008:
4 169
2009: 13 815
2010: 19 164
2011: 27 659
2012: 33 804
Treff i 2012 – månad for månad:
2876 i januar
2707 i februar
2699 i mars
2833 i april
3218 i mai
2434 i juni
2189 i juli
2467 i august
3046 i september
3291 i oktober
3120 i november
2924 i desember
VIL-Nett vert for tida drifta av Liv og Atle Hole. Fleire personar bidreg med stoff gjennom året, mellom anna frå dei ulike gruppene i laget. Alle er hjarteleg velkomne til å levere stoff/foto til sida. Slikt kan sendast til:
atlehole@online.no
Takk for 26 762,48 grasrotkroner i 2012 !!
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2013
Dette er det klart beste resultatet for VIL sidan laget kom inn i ordninga i 2009. Nedanfor kan du lese årsstatus for kvart år. I parantes står antal grasrotspelarar ved kvart årsskifte:
2009: 15 736 kroner (55)
2010: 23 758 kroner (73)
2011: 23 656 kroner (76)
2012: 26 762 kroner (81)
Norsk Tipping deler året inn i tre bolkar, med utbetaling etter kvar fjerde månad. Siste året har VIL hatt stigning gjennom året såleis:
8 002,11 kroner for januar, februar, mars og april – 76 spelarar ved utgangen av april
8 882,49 kroner for mai, juni, juli og august – 76 spelarar ved utgangen av august
9 877,88 kroner for sept., okt, nov. og desember – 81 spelarar ved utgangen av desember
Velledalen IL takkar sine trufaste støttespelarar over heile bygda. Pengane vert brukt til fremje av fysisk aktivitet for liten og stor, ved sida av trivseltiltak for alle lag av folket. Eksempelvis idrettsskule, Nissemarsj, Konradløpa, Fjellsæterrunden, Det Store Folkerennet, Fetvatnet Rundt, Grillkveld, Aktivitetsdag, Førjulsmesse, Romjulsmarsj, Miniidrettsgalla, trimpostar, idrettsmerkeprøver, nettside, herretrim, badminton og andre arrangement. Laget ynskjer eit retteleg godt nytt år for absolutt alle som har støtta VIL gjennom denne ordninga.
Nye grasrotspelarar er hjarteleg velkomne i teamet vårt.